Ot.prp. nr. 7 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 16. juli 1999 nr. 69 om ­offentlige anskaffelser

Til innhaldsliste

6 Høyringsinstansanes syn

6.1 Innføring av klausul og fastsetjing av gjengs lønn

LO, Hamar kommune, NIMA, NITO og Oppland fylkeskommune støttar forslaget om innføring av klausul. KS og Oslo kommune er ikkje imot bruk av arbeidsklausular, men er kritiske til statleg pålegg. KS kan ikkje sjå at det er behov for statleg pålegg, då dei kommunar som har valt å ikkje ha slike arbeidsklausular eller berre nyttar det på enkelte konkurransar, har oppgitt at dei ligg i eit geografisk område der problemet med sosial dumping ikkje er til stades. Vidare blir det påpeikt at problemet med sosial dumping er avgrensa til særskilde bransjar og geografiske område, og at eit generelt pålegg derfor vil vere eit uproporsjonalt verkemiddel som vil innebere auka administrasjon utan å føre til at problemet blir løyst i større grad enn i dag. I følgje KS er allmenngjeringa i byggjebransjen eit meir målretta tiltak, og dei meiner det er unødvendig med to parallelle lovheimlar med omtrent same innhald. Oslo kommune har gjennomført krava konvensjonen set, men meiner at eit lovpålegg er eit inngrep i det kommunale sjølvstyret, som berre bør finne stad der det er påkravd.

Oslo kommune, Bergen kommune og Advokatforeningen meiner ein skal vere varsam med å bruke kontraktsklausular for å regulere andre forhold enn det som varetek formålet med lov om offentlige anskaffelser. Næringslivets Hovedorganisasjon påpeiker at å påleggje oppdragsgivar roller utover det som er direkte knytt til anskaffinga og oppfølginga av denne, medverkar til å flytte fokuset vekk frå overordna mål med anskaffingsregelverket. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon viser til at formålet med regelverket er å skape ein velfungerande marknad der offentlege oppdragsgivarar er forventa å opptre profesjonelt og forretningsmessig forsvarleg med fokus på sjølve anskaffinga. Vidare peiker organisasjonen på at forslaget vil bidra til å etablere ein ubalanse mellom partar som etter intensjonen skal stå likt i ein anskaffingsprosess, då oppdragsgivar etter forslaget vil få ein helt annan posisjon enn for eksempel private oppdragsgivarar i same marknad.

Justisdepartementet, KS og Spekter (tidlegare NAVO) reiser spørsmål ved om lovforslaget vil få nokon effekt i byggjebransjen, då det allereie er vedteke allmenngjering av tariffavtale i denne sektoren og det blir påpeikt at ulike tiltak må sjåast i samanheng.

Justisdepartementet meiner at ordninga kan vere i strid med EØS-avtalen. Grunngivinga er blant anna at eit krav om gjengs lønn går lenger enn det som er nødvendig for å hindre sosial dumping, då det generelle lønnsnivået i Noreg ligg godt over det minimum som er nødvendig for å sikre at arbeidstakarar ikkje blir utnytta. Dette kan vere problematisk i forhold til proporsjonalitetsprinsippet. Justisdepartementet går ut frå at eit krav om likeverdig lønn er meir problematisk enn ei «høg» minstelønn, fordi det ikkje er det offentlege som fastset terskelen ut frå ei vurdering av kva som er ei akseptabel lønn, men at det berre er ei tilvising til den alminnelege lønnsdanninga i samfunnet. Det blir òg peikt på at i ei proporsjonalitetsvurdering vil den samla effekten av den offentlegrettslege reguleringa vere av betydning. Dersom det allmenne omsynet er tilstrekkeleg vareteke på anna vis, vil ei ytterlegare regulering ikkje stå seg i proporsjonalitetsvurderinga. Departementet viser i den samanheng til allmenngjeringsordninga, som gjer at det kan stillast spørsmål ved behovet for eit krav om gjengs lønn i loven om offentlige anskaffelser.

LO meiner at uttrykket gjengs lønn er vagt, og viser til at kravet i konvensjonen er tarifflønn eller allmenngjeringslønn. Lovteksten bør derfor vere klårare på dette punktet. Arbeids- og inkluderingsdepartementet meiner omgrepet gjengs er upresist og munnleg. Bergen kommune meiner at det må vere departementet eller anna sentral myndigheit som fastset kva som er gjengs lønn, blant anna av omsyn til rettstryggleiken for leverandørane. Hamar kommune meiner det er prinsipielt problematisk å overlate til kvar enkelt oppdragsgivar å vurdere kva som er gjengs lønn. NITO meiner at utgangspunktet for å fastsetje gjengs lønnsvilkår må vere allereie etablerte vilkår i gjeldande tariffavtaler, og at fastsetjing av normer i område utan tariffavtale bør gjerast av eit kompetent organ nedsett av styresmaktene og der partane deltek. NITO meiner òg det må fastsetjast kva som er gjengs lønn før kontrakt blir inngått. Advokatforeningen påpeiker vidare at det kan vere vanskeleg å fastsetje kva lønnsforhold som er normale, særleg innanfor tenesteanskaffingar. Dersom den offentlege oppdragsgivaren må fastsetje dette ut frå eit skjønn i samband med kontrollfunksjonen, kan det gi opphav til tvistar mellom kontraktspartane. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon meiner at omgrepet gjengs opnar for skjønnsmessige vurderingar som vil resultere i ulik og til dels tilfeldig og uføreseieleg praksis og uheldig forskjellsbehandling både mellom bransjar og innanfor same bransje. HSH foreslår i staden innføring av ei offentleg fastsett minstelønn. Regjeringsadvokaten viser til at det kan oppstå rettsuvisse både hos oppdragsgivar og leverandørar dersom det ikkje blir gitt ei nærmare regulering av «kva som er normalt for vedkommande stad og yrke». Det blir òg peikt på at spørsmålet om kva som er gjengs lønn kan komme inn både på stadiet for tildeling av kontrakt og på stadiet for gjennomføring av kontrakten.

6.2 Kontroll og tilsyn

KS påpeiker at oppdragsgivarar manglar dei verkemiddel som Arbeidstilsynet har i si kontrollverksemd. Eit pålegg om kontroll utan nødvendige verkemiddel kan innebere at det kan sjå ut som om problemet blir løyst, mens det i realiteten berre blir betre skjult. Oslo kommune meiner at ein generelt ikkje bør påleggje oppdragsgivarar tilsynsplikter, og spesielt ikkje slike som blir varetekne av andre tilsynsorgan. Kommunen meiner òg at det er ei intern sak korleis ein som oppdragsgivar vel å følgje opp kontrakten. LO foreslår at Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet får tilsvarande kontrollmyndigheit som for allmenngjeringsvedtak, pluss ressursar til å utføre kontroll. Bergen kommune meiner at det bør vurderast sentral oppfølging av kontroll og tilsyn, og påpeiker at retningslinjene for dette må gjerast praktisk handterlege og minst mogleg byrdefulle for oppdragsgivarane. NIMA, Spekter (tidlegare NAVO), Oppland fylkeskommune og Hamar kommune peiker på Arbeidstilsynet som mogleg kontroll og tilsynsorgan, og uttrykkjer blant anna at ansvar for tilsyn og kontroll må liggje til organ som har kompetanse og personell til å kunne gjennomføre dette. NITO påpeiker at det er viktig med gode kontroll- og tilsynsordningar for at ordninga skal fungere etter formålet, og foreslår at tilsyns- og kontrollfunksjonen blir delt mellom verksemdene sjølve og det eksisterande offentlege tilsynsapparatet. Advokatforeningen meiner at det bør vurderast om kontrollfunksjonen kan liggje hos andre enn den offentlege oppdragsgivaren, som for eksempel Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet. Justisdepartementet er skeptisk til at offentlege styresmakter i eigenskap av oppdragsgivarar blir pålagde ei tilsynsplikt som skal supplere aktiviteten til offentlege tilsynsmyndigheiter. Næringslivets Hovedorganisasjon påpeiker at oppdragsgivaren er ein kontraktspart, og at det derfor ikkje bør vere mogleg for han å grave i andre verksemders interne saker. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon stiller seg avvisande til at det blir etablert eit system i tillegg til det allereie eksisterande kontrollsystemet som gjeld for arbeidsforhold i den enkelte verksemda. Organisasjonen er på prinsipielt grunnlag sterkt imot at offentlege oppdragsgivarar får tilsyns- og sanksjonsmyndigheit på linje med offentlege tilsynsorgan, og viser til at intensjonen i relasjon til offentlege anskaffingar er at oppdragsgivar skal opptre profesjonelt og forretningsmessig.

6.3 Sanksjonar

Bergen kommune støttar forslaget om ei kontraktsføresegn som gir rett til å halde tilbake så mykje pengar at det ikkje lønner seg for leverandørane å drive sosial dumping. Kommunen viser òg til at dette kan kombinerast med ein rett til å heve kontrakten under visse forhold. Hamar kommune meiner at fastsetjing av sanksjon må skje hos den instansen som har kontrollansvaret, som etter deira oppfatning bør vere Arbeidstilsynet. Spekter (tidlegare NAVO) meiner føresegna i konvensjonen om sanksjon er uklar og ikkje gir avtalepartane tilstrekkeleg tryggleik for kva som kan skje i framtida. NITO meiner at dagens ordning i statleg sektor, der oppdragsgivaren kan halde tilbake heile eller delar av kontraktsvederlaget, kan vere tilstrekkeleg.