Prop. 152 L (2011–2012)

Lov om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

EØS-komiteen vedtok 30. mars 2012 (vedtak nr. 52/2012) å endre EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 om fri rørsle for arbeidstakarar til EØS-avtalen slik at europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar i medlemslanda vert innlemma i EØS-avtalen. Forordninga erstattar tidlegare forordning (EØF) nr. 1612/68 om rett til fri rørsle av arbeidskraft innan EU.

Prop. 135 S (2011-2012) tilrår at Stortinget samtykker i godkjenning av EØS-komiteens vedtak om å innlemme forordning (EU) nr. 492/2011 i EØS-avtalen.

Arbeidsdepartementet legg no fram ein proposisjon til Stortinget med dei naudsynte lovendringane i form av forslag til ei ny EØS-arbeidstakarlov. Det er ei føresetnad for vedtak i samsvar med tilrådinga i denne proposisjonen at Stortinget samtykker i godkjenning av EØS-komiteens vedtak 30. mars 2012 om å innlemme forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle for arbeidstakarar i medlemslanda i EØS-avtalen slik Prop. 135 S (2011-2012) foreslår. Forordning (EU) nr. 492/2011 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.