Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 19 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet 2011 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Integreringstilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid.

Vedteke budsjett er basert på at 7 000 personar utløyser førsteårs integreringstilskot i 2011. Talet er no venta å bli 7 406 personar. Dette er hovudårsaka til ein auke i utbetaling av integreringstilskot på om lag 9 mill. kroner.

Medrekna overført løyving frå 2010 vil behovet likevel vere lågare samanlikna med vedteke budsjett.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 16,17 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

3 926 034

Løyving 2011

4 248 347

Forslag til tilleggsløyving

-16 171

Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving

Kommunar som busett einslege, mindreårige asylsøkjarar, flyktningar og/eller einslige mindreårige personar med opphald på humanitært grunnlag, mottek tilskot som i 2011 er på 123 144 kroner per person per år. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.

Det er venta ein auke i utbetalingar for 2011 grunna ein auke i busetjing av einslege, mindreårige overføringsflyktningar og ein høgare del som utløyser tilskot i busetjingsåret.

BLD føreslår å auke løyvinga med 4,9 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Løyving 2011

298 344

Forslag til tilleggsløyving

4 901

Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 22 Norskprøver for vaksne innvandrarar

Løyvinga skal dekkje utgifter til gjennomføring av norskprøver for vaksne innvandrarar, og behovet er no venta å bli lågare enn føresett i 2011.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

13 021

Løyving 2011

14 898

Forslag til tilleggsløyving

-2 903

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Målet er at den enkelte lærer tilstrekkeleg norsk til å fungere i yrkes- og samfunnslivet i løpet av dei første fem åra i landet.

Vedteke budsjett er basert på at 9 827 personar er i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap og vil utløyse førsteårs tilskot i 2011. Talet på personar i målgruppa som vil utløyse førsteårs tilskot er no venta å bli 10 419 personar. Dette er hovudårsaka til at utgiftene er venta å auke i 2011.

BLD føreslår å auke løyvinga med 8,58 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

1 450 548

Løyving 2011

1 577 421

Forslag til tilleggsløyving

8 579

Kap. 840 Krisetiltak

Post 61Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

På grunn av nyetablering av incestsenter, lågare overskot i incestsentra sine rekneskap i 2010 enn året før, og at nokre senter har ein realauke i budsjettrammene sine i 2011, er det eit meirbehov for tilskotsmidlar på 3,2 mill. kroner.

BLD føreslår å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

61 427

Løyving 2011

63 549

Forslag til tilleggsløyving

3 200

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01

Departementet har gitt Alternativ til vold(ATV) tilskot til etablering av eit landsdekkjande behandlingstilbod til valdsutøvarar. Stortinget blei i Prop. 120 S (2010-2011) og i Prop 1 S (2011-2012) orientert om at etablering av nye ATV-kontor er forsinka.

Det har vist seg vanskeleg å få etablert nye kontor i samarbeid med kommunar. Som følgje av at det er oppretta færre ATV-kontor enn opphavleg lagt til grunn vil utgiftene i 2011 bli 5,5 mill. kroner lågare enn budsjettert.

Departementet har derfor bedt ATV gjere greie for status i dette arbeidet. På grunnlag av utgreiinga må det vurderast om det er realistisk at det blir oppretta fem nye kontor i 2012 slik det er lagt til grunn for i 2012- budsjettet.

Noko av mindreforbruket er nytta til tiltak 19 i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, driftstilskot til Norsk krisesenterforbund og tilskot til ein konferanse om valdtekt (jf. omtale i Prop. 120 S (2010-2011)).

Av mindreforbruket vil det òg bli gitt tilskot til haldningsprosjektet Sammen mot voldtekt i regi av Reform–ressurssenter for menn. Prosjektet skal utvikle eit undervisningsopplegg og drive eit haldningsskapande arbeid mot relasjonsvaldtekt.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

11 417

Løyving 2011

29 794

Forslag til tilleggsløyving

-3 000

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Utgiftene til eksterne meklarar (utanom familievernet) hittil i år tyder på eit mindrebehov på 0,95 mill. kroner.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 0,95 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

12 032

Løyving 2011

13 832

Forslag til tilleggsløyving

-950

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til kontantstøtte i 2011 er anslått til 1 340 mill. kroner, 15 mill. kroner lågare enn løyvinga.

Mindrebehovet kjem av at færre mottek kontantstøtte enn føresett i vedteke budsjett. Det vil seie at fleire nye eitt- og toåringar har plass i barnehage enn tidlegare lagt til grunn.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

1 401 455

Løyving 2011

1 355 000

Forslag til tilleggsløyving

-15 000

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til barnetrygd i 2011 er anslått til 14 870 mill. kroner, 50 mill. kroner lågare enn løyvinga i vedteke budsjett for 2011. Dette kjem av redusert anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

14 849 462

Løyving 2011

14 920 000

Forslag til tilleggsløyving

-50 000

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Meirbehovet under posten er knytt til Likestillingsutvalet. I tillegg føreslår BLD å flytte 0,25 mill. kroner frå kap. 846, post 79 knytt til utgiftene til nasjonal ekspert i Europarådet.

BLD føreslår til saman å auke løyvinga under kap. 846, post 21 med 1,03 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 846, post 79.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

19 177

Løyving 2011

25 967

Forslag til tilleggsløyving

1 030

Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

BLD føreslår å redusere løyvinga med 1,03 mill. kroner, jf. tilsvarande auke under kap. 846, post 21.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

4 746

Løyving 2011

7 965

Forslag til tilleggsløyving

-1 030

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak inkludert utgifter til bufellesskap for einslege, mindreårige asylsøkjarar som blir busette i kommunane.

Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette og kor stor del av alle einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som treng tiltak frå barnevernet.

Grunna ein auke i talet på busette einslege, mindreårige asylsøkjarar og høgare refusjonar per barn, er behovet på posten høgare enn tidlegare føresett. Basert på venta utbetalingar i 2011, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 242,6 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

484 874

Løyving 2011

457 400

Forslag til tilleggsløyving

242 600

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 22 kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Kapittel 855, postane 01, 22 og 60 må sjåast i samanheng. Løyvinga blei redusert med 52 mill. kroner i RNB 2011 for å dekkje venta mindreinntekter på kap. 3855, post 60.

Ein føresetnad for å oppnå budsjettbalanse i 2011 var mellom anna at bruken av institusjonsplasseringar måtte reduserast samstundes med at utgiftsnivået i institusjonane måtte haldast nede. Ein har ikkje klart å oppfylle desse føresetnadene.

Samla løyving på postane er 5 141 mill. kroner og prognosane tilseier utgifter på 5 251 mill. kroner. Meirbehovet utgjer dermed 110 mill. kroner.

Departementet føreslår derfor å auke kap. 855, post 22 med 110 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

1 545 944

Løyving 2011

1 564 330

Forslag til tilleggsløyving

110 000

Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Barne-, ungdoms og familiedirektoratet har redusert nivået på investeringar for å redusere meirutgiftene på kap. 855.

BLD føreslår å redusere posten med 35 mill. kroner for å dekkje inn delar av meirutgiftane på kap. 855.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

26 408

Løyving 2011

66 427

Forslag til tilleggsløyving

-35 000

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

Kap. 858, post 22 skal dekkje utbetalingar til pensjonskasser der tilsette i Bufetat var medlemmer før staten overtok det fylkeskommunale barne- og familievernet. Reguleringspremien blir berekna årleg ut frå endringane i lønns- og trygdeoppgjøret og førre års avkastningar frå premiefond. Reguleringspremien varierer følgjeleg kvart år.

BLD føreslår å auke kap. 858, post 22 med 15 mill. kroner som følgje av meirutgifter til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

32 450

Løyving 2011

30 102

Forslag til tilleggsløyving

15 000

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2011 er anslått til 14 900 mill. kroner, 510 mill. kroner høgare enn løyvinga i vedteke budsjett for 2011.

Meirbehovet kjem mellom anna av oppjusterte anslag på utgifter knytt til auka fedrekvote til ti veker frå 1.7.2010, og høgare gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag. Det er òg venta at delen mødrer med foreldrepengar vil vere høgare enn føresett.

BLD føreslår å auke løyvinga med 510 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

13 919 957

Løyving 2011

14 390 000

Forslag til tilleggsløyving

510 000

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Det er venta ein høgare del mødrer med foreldrepengar enn lagt til grunn i vedteke budsjett for 2011, jf. post 70. Dette fører til færre utbetalingar av eingongsstønad.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

403 387

Løyving 2011

405 000

Forslag til tilleggsløyving

-45 000

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Ved utgangen av august var det utbetalt om lag 397 mill. kroner. Vanlegvis vil det meste av feriepengane vere utbetalte per juni månad.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 13 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

384 840

Løyving 2011

397 000

Forslag til tilleggsløyving

-13 000

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Talet på adopsjonar ved utgangen av august månad tyder på ein nedgang på om lag 10 prosent frå 2010.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

105 742

Løyving 2011

105 000

Forslag til tilleggsløyving

-5 000

Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Det er lagt til grunn at 100 prosent av overføringsflyktningane kjem frå ODA-godkjende land, og at 50 prosent av utgiftene som blir dekt av førsteårs integreringstilskot er ODA-godkjende.

Integreringstilskotet har ulik sats for det første året for barn og vaksne. Samansetjinga av barn og vaksne verkar dermed inn på storleiken av ODA-godkjende utgifter. Endring i samansetjinga av barn og vaksne er årsaka til at godkjende utgifter er venta å bli redusert.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 14 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

77 670

Løyving 2011

99 986

Forslag til tilleggsløyving

-13 976

Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp.

Nye tal syner at dei som blir busette frå mottak i gjennomsnitt har vore i Noreg i om lag 8,5 månader på busetjingstidspunktet. Sidan det berre kan rapporterast ODA-godkjende utgifter for det første året dei er i Noreg, kan ein på denne posten derfor berre rapportere for dei første 3,5 månadane etter busetjing. Denne føresetnaden var ikkje lagt til grunn for vedteke budsjett, og godkjende utgifter er derfor venta å bli lågare enn føresett i vedteke budsjett for 2011.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 18,58 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Løyving 2011

25 659

Forslag til tilleggsløyving

-18 580

Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Det er lagt til grunn at 95 prosent av utgiftene til norskopplæring i mottak blir rekna som ODA-godkjende utgifter. Ein reduksjon i talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak fører til ein reduksjon i ODA-godkjende utgifter.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 12,94 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

82 872

Løyving 2011

113 575

Forslag til tilleggsløyving

-12 941

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 01 Diverse inntekter

Posten omfattar i all hovudsak refusjonar for utlegg for kommunane i samband med institusjonsplasseringar. Ei framskriving av venta inntekter ligg 8 mill. kroner lågare enn løyvinga.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

19 967

Løyving 2011

26 670

Forslag til tilleggsløyving

-8 000

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp med heimel i statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre).

Ifølgje dei seinaste prognosane vil det i gjennomsnitt vere 130 barn i omsorgssentra i 2011. Dette er 20 færre enn ein venta ved revidert nasjonalbudsjett i år. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 27,97 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

270 866

Løyving 2011

206 860

Forslag til tilleggsløyving

-27 972

Til toppen
Til forsida av dokumentet