Prop. 155 L (2016–2017)

Endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)

Til innhaldsliste

4 Heving av øvre aldersgrense for drosjeløyve

4.1 Gjeldande rett

Eit drosjeløyve fell bort når innehavaren av løyvet fyller 70 år, jf. yrkestransportlova § 9 andre ledd. Aldersgrensa for drosjeløyve er sett til 70 år ut frå ei avveging av omsynet til at løyvehavarane då har rett til alderspensjon og omsynet til å sikre god rekruttering av sjåførar i drosjenæringa, jf. Ot.prp. nr. 5 (1975–76) s. 27. Forventninga om framtidig tildeling av løyve etter ei viss tid som sjåfør bidreg til å oppretthalde ei slik rekruttering. God rekruttering av tilsette sjåførar er viktig for å sikre publikum tilgang på drosjetenester.

Etter dispensasjonssystemet kan løyvestyresmaktene gjere unnatak frå aldersgrensa på 70 år dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til ledige løyve, og løyvestyresmaktene meiner slik dispensasjon er påkravd for å oppretthalde ei nødvendig drosjeteneste, jf. yrkestransportforskrifta § 52 andre ledd.

Fram til 2009 var aldersgrensa for både sjåførar og løyvehavarar 70 år. I 2009 vart yrkestransportlova si aldersgrense for kjøresetel endra frå 70 til 75 år. Regelendringa vart grunngjeve med ei generell betring av helsetilstanden i aldersgruppa opp til 75 år. I høyringsrunden reiste somme aktørar spørsmål ved om aldersgrensa for drosjeløyve burde verte heva tilsvarande aldersgrensa for kjøresetel. Departementet konkluderte den gang med at aldersgrensa for løyve framleis skulle vere 70 år, og framheva i si grunngjeving at drosjeløyve er behovsprøvde og at det dermed er andre omsyn som gjeld for dei, samanlikna med dei omsyn som ligg til grunn for utferding av kjøresetlar, jf. Ot.prp. nr. 60 (2008–2009) punkt 4.4.

4.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om ei endring av yrkestransportlova § 9 slik at løyve for drosjekøyring gjeven til fysisk person først fell bort når innehavaren fyller 75 år.

Departementet viste i høyringsnotatet til at aldersgrensa på 70 år er fastsett for å sikre sirkulasjon av drosjeløyva og på den måten betre rekrutteringa til sjåføryrket. Departementet la vekt på at det er viktig å sikre slik sirkulasjon ettersom løyva er behovsprøvde og difor eit knappheitsgode. På den andre sida viste departementet til at aldersgrensa på 70 år er eit inngrep i løyvehavarane sitt høve til å drive næringsverksemd. Departementet peika på at det må gjerast ei avveging av omsynet til den einskilde løyvehavaren si rett til å drive næringsverksemd og det generelle behovet for god rekruttering til sjåføryrket.

Departementet peika i høyringsnotatet på at rekruttering til sjåføryrket vil avhenge av ein rekkje faktorar, der aldersgrensa for løyvehavarane berre er ein av desse. Det vart vist til at løyvestyresmaktene si regulering av talet på løyvehavarar over tid vil ha verknad for ventetida. Rekruttering av sjåførar til drosjenæringa er òg påverka av lønns- og arbeidsvilkåra i næringa og konjunkturane i samfunnet til ei kvar tid.

Departementet peika vidare på at der ein person har både drosjeløyve og kjøresetel kan det virke urimeleg at løyvet fell bort før retten til å køyre drosje.

Ut frå ei samla vurdering, der det òg må takast omsyn til at ein i samfunnet elles i dag legg til rette for at eldre som ønskjer det skal få høve til å stå lenger i arbeid, meinte departementet at aldersgrensa for å inneha drosjeløyve burde verte heva frå 70 til 75 år.

4.3 Høyringsfråsegnene

Totalt 25 av dei som har gjeve høyringsfråsegn har hatt merknader til framlegget om å heve den øvre aldersgrensa for drosjeløyve frå 70 til 75 år.

Dei som uttalar at dei er positive til framlegget er Politidirektoratet, Aust-Agder fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Hedmark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Nordland fylkeskommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Troms fylkeskommune, Vest-Agder fylkeskommune, Vestfold fylkeskommune, Østfold fylkeskommune, Norges Taxi, NHO Transport, Norges Taxiforbund og Yrkestrafikkforbundet. Finnmark fylkeskommune har ingen innvendingar mot framlegget, men uttalar at ei harmonisering av føresegner om kjøresetel og drosjeløyve verkar å vere rimeleg. Akershus fylkeskommune er positive, men meiner det bør vere eit unnatak for bestyrarordningar.

Dei som uttalar at dei er negative til framlegget er Hordaland fylkeskommune, Oslo kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Abelia og LO.

Av dei som er positive er det særleg omsynet til at eldre skal kunne stå lenger i arbeid som vert vektlagt. Dei høyringsinstansane som uttalar at dei støttar departementet sitt framlegg på bakgrunn av dette omsynet er Politidirektoratet, Aust-Agder fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Hedmark fylkeskommune og NHO Transport. Aust-Agder fylkeskommune og Telemark fylkeskommune uttalar òg at framlegget er riktig og i tråd med utviklinga på andre områder i samfunnet.

Somme høyringsinstansar uttalar at dei er positive til framlegget ettersom det inneber at aldersgrensa for løyve og kjøresetel vert samanfallande. Dette omfattar Politidirektoratet, Oslo Politidistrikt, Aust-Agder fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune, Nord-Trøndelag, NHO Transport og Norges Taxiforbund.

Av dei som er negative til å heve den øvre aldersgrensa er det særleg omsynet til sirkulasjon av løyva og rekruttering til drosjeyrket som er vektlagt:

Hordaland fylkeskommune er negativ til framlegget og peikar på følgjande:

«Dersom løyvehavar skal halda fram til fylte 75 år, går sirkulasjonen ned. Dette kan føra til forgubbing der færre unge ser karriereveg i drosjenæringa, slik at rekrutteringa går ned»

Fylkeskommunen peikar vidare på at aldersgrensa står i samanheng med behovsprøvinga og er ei intendert etableringshindring, og at i denne samanhengen er det ikkje rett å samanlikne drift av drosjeløyve med drift av næringsverksemd generelt.

Oslo kommune meiner omsynet til sirkulasjon av drosjeløyve tilseier at aldersgrensa ikkje bør verte heva. Dei legg vekt på at dei over 70 år uansett kan stå i arbeid som drosjesjåfør til fylte 75 år.

Abelia meiner framlegget om å heve aldersgrensa ytterlegare vil forsterke etableringsbarrieren ettersom løyvehavarane då vil ha einerett på løyvet enda lenger.

LO kan ikkje sjå at aldersgrensa for å ha løyve for drosjetransport skal vere høgare enn den generelle alderen for arbeidstakarar i arbeidsmiljølova, det vil seie 72 år. I tillegg meiner dei at ei heving av aldersgrensa vil hindre rekruttering til bransjen gjennom at det vert færre løyve tilgjengeleg for yngre utøvarar av yrket.

NHO Transport understrekar at ei heving av aldersgrensa kan medføre mindre sirkulasjon av løyve, noko som kan gjere det mindre attraktivt for yngre sjåførar å starte eller halde fram med drosjeyrket.

Oslo Taxi støttar framlegget, men peikar på somme utfordringar, herunder forseinking av rekrutteringa og lågare sirkulasjon av ledige løyve og lengre ventetid for sjåførar som ønskjer å verte løyvehavarar.

To høyringsinstansar peikar på at omsynet til sirkulasjon og rekruttering ikkje bør vege veldig tungt. Hedmark fylkeskommune meiner ei heving av aldersgrensa frå 70 til 75 år ikkje vil vere til hinder for rekrutteringa til yrket. Dei fleste løyvehavarar, særleg dei som køyrer mykje sjølve, seier opp løyvet sitt før dei fyller 70 år. Buskerud fylkeskommune ser berre positive konsekvensar av å heve den øvre aldersgrensa for drosjeløyve. Fylkeskommunen peikar på at omsynet til sirkulasjon av løyva, og dermed rekruttering til sjåføryrket, ikkje er veldig tungtvegande ettersom fleire andre forhold påverkar denne sirkulasjonen. Dei viser vidare til at dei fleste løyva som vert tildelt ikkje vert ledige på grunn av nådd aldersgrense.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er negative til framlegget og meiner dagens system med dispensasjon frå aldersgrensa ved behov er ei føremålstenleg løysing.

To høyringsinstansar meiner det ikkje bør vere høve til å bortbestyre drosjeløyve etter fylte 70 år.

Oslo kommune viser til at eldre løyvehavarar søkjer om bestyrarordning når vedkommande nærmar seg slutten av yrkeskarrieren. Dette inneber at løyvehavarar kan heve pensjon, få vederlag for bortleige av løyve og samstundes sleppe å arbeide. Oslo kommune forventar ei auke i talet søknadar om bestyrarordning dersom aldersgrensa vert heva slik det er gjort framlegg om. Dersom departementet likevel vil gjere framlegg om heving av aldersgrensa føreslår Oslo kommune at dette vert kombinert med ei endring av yrkestransportforskrifta for å fastsetje at løyvehavarar over 70 år ikkje kan få innvilga bestyrarkontrakt, alternativt endre yrkestransportforskrifta slik at løyvehavarar over 70 år berre får innvilga bestyrarordning i maksimalt eitt år.

Akershus fylkeskommune vurderer framlegget som positivt under føresetnad av at løyvehavaren sjølv driv løyvet. Dei meiner framlegget kan medføre at eldre løyvehavarar vil søkje og ha rett til å bortbestyre drosjeløyvet. Dette vil ikkje vere i tråd med lovgjevar sin intensjon. Dei viser vidare til at bortbestyring genererer inntekter til løyvehavaren, utan at han sjølv er aktiv i yrket. Framlegget vil òg gje ein unødvendig forseinking for yngre søkjarar som ønsker å tiltre eit yrke der løyve er eit avgrensa gode. Fylkeskommunen anbefaler difor at framlegget vert avgrensa slik at løyvehavarar som sjølv ønsker å stå i yrket til fylte 75 år verte godkjent, men at bortbestyring etter fylte 70 år ikkje vert tillaten.

4.4 Departementet sine vurderingar

Departementet har merka seg at svært mange høyringsinstansar støttar framlegget om å heve den øvre aldersgrensa for drosjeløyve frå 70 til 75 år. Departementet er, likeins som mange av desse høyringsinstansane, oppteken av omsynet til at eldre skal kunne stå lenger i arbeid og at slik tilrettelegging er i tråd med utviklinga på andre områder i samfunnet. Departementet har òg registrert at fleire av høringsinstansane er samd i departementet si vurdering av at aldersgrensa for drosjeløyve og kjøresetel bør vere samanfallande. Omsynet til at desse aldersgrensene bør vere samanfallande talar etter departementet si vurdering mot å setje aldersgrensa for drosjeløyve til 72 år slik LO gjer framlegg om.

Departementet har merka seg at fleire høyringsinstansar er opptekne av å sikre sirkulasjon av drosjeløyva og på den måten oppretthalde rekrutteringa til drosjeyrket. Departementet er samd i at dette er eit viktig omsyn, særleg innanfor ei behovsprøvd drosjeregulering. Som framheva i høyringsnotatet vil likevel rekrutteringa til sjåføryrket avhenge av ein rekkje faktorar, der aldersgrensa for løyvehavarane berre er ein av desse. Departementet har merka seg at Buskerud fylkeskommune og Hedmark fylkeskommune peikar på det same.

Departementet har merka seg at Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det ikkje er nødvendig å heve aldersgrensa for drosjeløyve ettersom fylkeskommunane har høve til å gje dispensasjon frå aldersgrensa ved behov etter yrkestransportforskrifta § 52 andre ledd. Departementet er ikkje samd i denne vurderinga og viser til at føresegna i § 52 er ein snever unntaksregel som berre gjev høve til å gjere unntak frå aldersgrensa i dei tilfella der det ikkje er kvalifiserte søkjarar til ledige løyve og det er påkravd for å oppretthalde ei nødvendig drosjeteneste.

Oslo kommune legg vekt på at dei over 70 år uansett kan stå i arbeid som drosjesjåfør til fylte 75 år, og at det dermed ikkje er behov for å heve aldersgrensa. Departementet peikar i denne samanheng på at for den einskilde kan det vere stor forskjell på å drive ei drosjeverksemd som sjølvstendig næringsdrivande og det å vere tilsett sjåfør. Departementet registrerer at Norges Taxiforbund peikar på at med dagens aldersgrense vil ein løyvehavar ved fylte 70 år ofte verte pensjonist i staden for å halde fram i yrket som tilsett sjåfør. Departementet legg stor vekt på omsynet til at dei som driv som sjølvstendig næringsdrivande og ønskjer å fortsette som næringsdrivande etter fylte 70 år skal få høve til dette.

Departementet peika i høyringsnotatet på at ei heving av aldersgrensa for drosjeløyve vil kunne føre til ei auke i talet bestyrarordningar. Retten til å få bestyrarordning følgjer av yrkestransportforskrifta § 51 andre ledd. Her følgjer det at dersom den som innehar løyve midlertidig vert ute av stand til sjølv å lede og drive verksemda, kan løyvestyresmakta etter søknad samtykke i at verksemda i inntil tre år heilt eller delvis vert overlate til drosjesentral. Departementet har merka seg at Akershus fylkeskommune og Oslo kommune meiner at det ikkje bør vere høve til å bortbestyre drosjeløyve etter fylte 70 år. Som vist til ovanfor gjev ei heving av aldersgrensa i utgangspunktet ein reduksjon i sirkulasjonen av drosjeløyve. Departementet meiner likevel at omsynet til at eldre skal kunne stå lenger i arbeid og halde fram med næringsverksemda, veg opp for dette. Dersom dei eldre på den andre sida ikkje har høve til å arbeide og dermed leiger bort løyvet sitt, vil dette omsynet ikkje vege like tungt. Departementet meiner difor at omsynet til sirkulasjon av løyve kan tale i mot at dei over 70 år skal kunne ha bestyrarordning. På denne bakgrunn tar departementet sikte på å utarbeide eit framlegg til forskriftsendring om at det berre skal vere høve til å få godkjent bestyrarordning inntil fylte 70 år. Framlegget vil verte sendt på høyring på vanleg måte.

Departementet viser elles til grunngjevinga i høyringsnotatet og held fast ved framlegget om å heve den øvre aldersgrensa for drosjeløyve i yrkestransportlova § 9 andre ledd frå 70 til 75 år.

Til forsida