Prop. 155 L (2016–2017)

Endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

5.1 Unnatak frå krav om løyve for samkøyring

Dei økonomiske og administrative konsekvensane ved framlegget vil vere avhengige av kor mange som i framtida vil nytte seg av samkøyring.

Auka samkøyring vil kunne bidra til betre utnytta setekapasitet i privatbilar og dermed reduksjon i talet på bilar på vegane. Dette vil kunne bidra til samfunnsgevinstar i form av reduserte køar og reduserte utslepp frå vegtrafikken. Slike samfunnsgevinstar vil kunne bidra til mindre vegslitasje og på sikt mindre behov for nyinvesteringar og vedlikehald av vegnettet. Det er likevel ikkje mogleg å seie noko sikkert om korleis utviklinga av bruken av samkøyring vil verte, då det er fleire faktorar som speler inn.

Framlegget er ikkje venta å ha administrative konsekvensar. Departementet legg til grunn at auka samkøyring ikkje vil føre til behov for ytterlegare kontroll frå politiet. Ved at framlegget inneheld ei klar grense for kva ein kan ta i vederlag for samkøyring vert det òg lettare å føre kontroll med dei som tilbyr samkøyring via dei ulike samkøyringsplattformane. Dersom transaksjonen av vederlaget òg skjer via samkøyringsplattformane, vil dei elektroniske spora kunne føre til ein enklare kontroll med at transporten skjer innanfor yrkestransportlova sine grenser.

Framlegget kan få konsekvensar for private og offentlege aktørar som i dag tilbyr persontransport mot vederlag då det kan tenkjast at auka samkøyring vil ha ei konkurranseflate mot drosje og annan kollektivtransport. Personar som elles hadde valt å nytte drosje eller kollektivtransport kan tenkjast å heller ville samkøyre. Slik departementet ser det vil likevel ikkje konkurranseflata vere særleg stor. Ei klar avgrensing ut frå transportbehovet til sjåføren og passasjerane vil bidra til å kunne avgrense konkurransen mot dei rutegåande transportmidla og drosjetransporten.

5.2 Heving av øvre aldersgrense for drosjeløyve

Framlegget om å heve aldersgrensa for å ha løyve til 75 år er ikkje venta å innebere vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet gjer likevel merksam på at ei heving av aldersgrensa vil kunne medføre ei auke i talet på bestyrarordningar for drosjeløyve etter yrkestransportforskrifta § 51 andre ledd. Slike ordningar inneber administrasjonskostnader for det offentlege både når det gjeld godkjenning av og tilsyn med ordninga. Som vist til under punkt 4.4 tar likevel departementet sikte på å utarbeide eit framlegg til endring av føresegna om bestyrarordning i yrkestransportforskrifta slik at høvet til å ha bestyrarordning etter fylte 70 år vert innskrenka.

Ei heving av aldersgrensa vil kunne føre til at det blir færre søknader om unnatak frå aldersgrensa, og dermed mindre administrasjon. Ei slik konsekvens vil vere størst i distriktsområda der ein kan gjere unnatak frå aldersgrensa for eksisterande løyvehavar for å oppretthalde drosjetenesta i området dersom det ikkje kjem inn søknader til eit ledig løyve.

Til forsida