Prop. 155 L (2016–2017)

Endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovframlegget

Til § 9 andre ledd

Føresegna i § 9 andre ledd vert endra slik at den øvre aldersgrensa for drosjeløyve vert heva frå 70 til 75 år. Bakgrunnen for framlegget er å leggje til rette for at løyvehavarar kan inneha drosjeløyvet sitt lenger.

Til § 20 andre ledd

Lovframlegget inneber at det ikkje trengs løyve når den som rår over ein personbil tek med seg folk som har eit samanfallande transportbehov som han sjølv og vederlaget for transporten ikkje overstig passasjerane sin forholdsmessige del av transportkostnadene.

Berre samkøyring med personbil vert omfatta av føresegna. Ein personbil er ei motorvogn som er registrert for inntil 9 personar inkludert sjåføren.

Vilkåret om at sjåføren og passasjerane må ha eit samanfallande transportbehov inneber at sjåføren etter føresegna berre kan ta med seg passasjerar på ein tur han uansett ville ha gjennomført. Det er altså eit krav at sjåføren skal anten til same stad eller i same retning som passasjerane. Sjåføren kan likevel til ein viss grad tilpasse transporten etter passasjerane sine behov. Det er ikkje eit krav at sjåføren og passasjerane har ein særskilt relasjon.

Føresegna oppstiller eit vilkår om at vederlaget ikkje kan overstige passasjerane sin forholdsmessige del av transportkostnadene. Transportkostnadene vert rekna ut frå den skattefrie satsen for kilometergodtgjersle i staten sitt reiseregulativ, med tillegg av eventuelle kostnader til bompengar og ferje. Kravet om at vederlaget ikkje skal overstige den forholdsmessige delen av transportkostnadene inneber at transportkostnadene skal delast på talet personar i bilen, inkludert sjåføren. Sjåføren skal sjølv dekkje si eiga forholdsmessige del av kostnadene. Dersom sjåføren har ein passasjer i bilen skal kostnadene delast på to slik at sjåføren må dekkje 50 pst. av dei totale kostnadene. Dersom sjåføren har tre passasjerar i bilen skal kostnadene delast på fire slik at sjåføren berre må dekkje 25 pst. av kostnadene. Lovframlegget regulerer ikkje korleis passasjerane fordel kostnadene seg imellom.

Føresegna oppstiller berre grensene mot løyvepliktig persontransport etter yrkestransportlova. Om transporten utløyser skatte- og avgiftsplikter vert regulert av anna regelverk. Departementet gjer merksam på at sjølv om det i framlegget er lagt opp til å bruke den skattefrie satsen for kilometergodtgjersle for bruk av eigen bil på tenestereise, inneber ikkje dette at samkøyringstransporten dermed vil vere skattefri for sjåfør eller bileigar. Den einskilde vil sjølv måtte forsikre seg om at reglane i skatte- og avgiftsregelverket vert overhaldt. Departementet peikar på at framlegget berre gjev ei maksimalgrense for kor mykje sjåføren kan ta i vederlag før transporten vert løyvepliktig. Sjåføren kan velje å ta eit vederlag som ligg under denne maksimalgrensa.

Føresegna departementet gjer framlegg om vil erstatte gjeldande § 20 første ledd i yrkestransportlova som slår fast at transport med personbil av grannar og arbeidskollegaer mellom bustad og arbeidsstad er friteken frå krav om løyve.

Til forsida