4 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn
I 2025 er det løyvd 2 426,9 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kr.
Lønnsutgiftene blir lågare fordi tilsettingar har tatt lengre tid enn venta. Vidare er digitaliserings- og utviklingstiltak gjennomførte med lågare kostnader enn opphavleg rekna med, m.a. fordi Statens vegvesen har nytta ein større del eigne tilsette i staden for konsulentar. Det foreslåtte kuttet i 2025 vil ikkje råke tenestene på trafikant- og køyretøyområdet eller endre behovet for løyvingar i 2026.
Post 30 Riksveginvesteringar
I 2025 er det løyvd 10 817,7 mill. kr på posten. Departementet foreslår å auke løyvinga med 46,5 mill. kr for å dekke delar av utgifter i 2025 etter kvikkleireskredet 30. august 2025 ved Nesvatnet i Levanger i Trøndelag.
Skredet førte til at E6 og Nordlandsbanen sklei ut i Nesvatnet. Utgiftene gjeld planlegging og bygging av mellombels veg forbi skredet. Den mellombelse vegen opna for trafikk 8. november 2025. Utgiftene til denne vegen skal betalast i 2025 og er rekna til 75–100 mill. kr.
Ulike fylkesvegar er dei nærmaste og kortaste omkøyringsvegane etter stenginga av E6. Desse er ikkje dimensjonerte for same trafikkmengd som E6. For å ivareta trafikktryggleik og framkome har Statens vegvesen og Trøndelag fylkeskommune medverka til å gjennomføre dei mest påkravde tiltaka på omkøyringsvegane. Statens vegvesen har anslått at desse utgiftene vil bli på om lag 15 mill. kr i 2025, og dei blir dekte innanfor løyvinga på kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar.
Rv. 555 Damsgård- og Nygårdstunnelane i Vestland – auka kostnadsramme
Stortinget blei sist orientert om prosjektet i Prop. 1 S (2025–2026) for Samferdselsdepartementet. Kostnadsramma til prosjektet blei i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet, jf. Innst. 81 S (2021–2022), auka til 781 mill. 2021-kr. Omrekna til 2025-kr er dette 1 022 mill. kr. Etter at ny kostnadsramme var vedatt, blei det lagt til grunn at prosjektet skulle lysast ut som to entreprisar.
Arbeida i Damsgårdtunnelen blei ferdige hausten 2025, og Statens vegvesen førebur utlysing av kontrakten for bygging av Nygårdstunnelen. Basert på m.a. erfaringsprisar frå Damsgårdtunnelen, overstig no prognosen for sluttkostnad fastsett kostnadsramme. Kostnadsauken blir òg denne gongen knytt til at kostnadene med trafikkavvikling i anleggsperioden er undervurderte.
Statens vegvesen har rekna den nye kostnadsramma til 1 222 mill. 2024-kr. Omrekna til 2025-kr utgjer det 1 277 mill. kr som er om lag 170 mill. kr over gjeldande kostnadsramme. Kostnadsrammer for vegprosjekt blir prisjusterte med Statistisk sentralbyrås byggekostnadsindeks for veganlegg. Endeleg indeks for 2025 blir publisert i 2026, og prisnivået i 2024 er derfor utgangspunkt for prisjustering av kostnadsramma. Departementet foreslår derfor ei kostnadsramme på 1 277 mill. 2025-kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 64 Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport
I 2025 er det løyvd 1,5 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga til 0 kr, fordi utgifter til tiltak som no er ferdige, blei lågare enn rekna med. Ubrukte løyvingar på 12,5 mill. kr frå 2024 dekker alle utgiftene i 2025.
Post 72 Tilskot til riksvegferjedrifta
Rekneskapsføring av utgifter og inntekter i riksvegferjedrifta
Statens vegvesen inngår kontraktar om drift av riksvegferjesamband med ferjeselskapa. Dei fleste kontraktane er bruttokontraktar der staten tar den økonomiske risikoen for billettinntektene. Det er òg inngått hybridkontraktar der staten har delvis inntektsrisiko, og nettokontraktar der inntektsrisikoen ligg hos ferjeselskapa.
I Prop. 1 S (2025–2026) for Samferdselsdepartementet blir det gjort greie for Statens vegvesens praksis for rekneskapsføring av utgifter og inntekter i riksvegferjedrifta, og at dette ikkje følger faktiske inn- og utbetalingar og slik sett ikkje er i samsvar med kontantprinsippet. Departementet har i Prop. 1 S (2025–2026) foreslått at Statens vegvesen i 2026 får fullmakt til å fråvike kontantprinsippet ved føring av inntekter og utgifter i riksvegferjedrifta. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026). Samferdselsdepartementet foreslår same fullmakt for 2025, jf. forslag til romartalsvedtak.