7 Posttenester
Kap. 4370 Posttenester
Post 70 Tilbakebetaling posttenester
Samferdselsdepartementet foreslår å budsjettere med 16 mill. kr i tilbakebetaling og renter frå Posten Bring AS (Posten) for statleg kjøp av posttenester i 2024.
I 2024 blei det sett av 1 490 mill. kr til kjøp av posttenester frå Posten. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med modellen viser eit faktisk behov i 2024 på 1 475 mill. kr til kjøp av posttenester, som er 15 mill. kr mindre enn det som blei sett av i 2024. Departementet legg opp til at Posten betaler tilbake kompensasjon for 2024 på 15 mill. kr. I tråd med praksis frå tidlegare år legg departementet opp til at Posten betaler rente på dette beløpet. Rentebeløpet er rekna til 1 mill. kr.