7 Posttenester
Kap. 4370 (Nytt) Posttenester
Post 70 (Ny) Tilbakebetaling posttenester
Samferdselsdepartementet foreslår å budsjettere med 221,9 mill. kr i inntekter for tilbakebetaling og renter frå Posten Bring AS for statleg kjøp av posttenester i 2025.
I 2025 blei det utbetalt 1 633,8 mill. kr for kjøp av posttenester frå Posten Bring. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med modellen viser eit faktisk behov på 1 426,0 mill. kr til kjøp av posttenester, noko som er 207,8 mill. kr mindre enn det som blei utbetalt i 2025.
Det lågare kompensasjonsbehovet i 2025 kjem i hovudsak av kostnadsreduserande effektiviseringstiltak som Posten Bring gjennomførte på kommersielt grunnlag. Tiltaka omfatta m.a. reduksjon i talet på årsverk innanfor stab- og støttefunksjonar. Dette førte til lågare nettokostnader enn lagt til grunn for løyvinga.
Departementet legg opp til at Posten Bring betaler tilbake kompensasjon for 2025 på 207,8 mill. kr. I tråd med praksis frå tidlegare år legg departementet òg til grunn at Posten Bring betaler rente. Rentebeløpet er rekna til 14,1 mill. kr. Dette inneber at Posten Bring skal betale tilbake i alt 221,9 mill. kr.