Prop. 23 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Forslag til løyving på posten i Prop. 1 S (2014–2015) var fordelt mellom ansvarsområda til næringsministeren og fiskeriministeren. Nærings- og fiskeridepartementet har omdisponert 1 mill. kroner frå næringsministerens til fiskeriministerens ansvarsområde.

Noreg har forplikta seg til å innføre eit nasjonalt register for offentleg støtte innan 1. juli 2016. Kravet om registeret følgjer av EØS-avtalen. Formålet med registeret er å oppnå større openheit om offentleg støtte. Registeret skal være brukarvennleg, og Brønnøysundregistra vil derfor bli gitt oppdraget med å etablere registeret. Berekna totalkostnad er om lag 10 mill. kroner, medan årleg driftskostnad er berekna å bli om lag 2 mill. kroner. For å kunne starte arbeidet med å etablere det nye registeret fremmast det forslag om å auke bestillingsfullmakta under kap. 900 post 21 med 8,4 mill. kroner, frå 7,5 til 15,9 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om saken på egna måte, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016.

Det blir foreslått å utarbeide ein eigen nærings- og innovasjonsstrategi for Svalbard. Nærings- og fiskeridepartementet vil leie arbeidet med ein slik strategi. I arbeidet vil det være nødvendig med utgreiingar og bidrag frå blant andre Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg, som har lang erfaring med regional omstilling og slike strategiprosessar. Lokale interessentar vil involverast i arbeidet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 50,02 mill. kroner til 53,02 mill. kroner.

Post 30 Miljøtiltak Søve, kan overførast

Staten har påtatt seg å finansiere og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. Grunna utfordringar med å finne eit godkjent deponi for mottak av massane frå Søve, har tildeling av oppdraget med opprydding blitt utsett. Nærings- og fiskeridepartementet har satt i gang ytterlegare førebuingar med sikte på å avklare moglege deponi for massane, mellom anna eit oppdrag om gjennomføring av utlekkingstestar for massane. Også dette oppdraget har blitt forsinka, men sluttrapport skal etter planen føreligge før jul 2015. Oppryddinga må utsettast frem til deponi er avklart. Departementet tar sikte på at nødvendig kunnskapsgrunnlag skal vere på plass så snart som mogleg. Dette vil gje grunnlag for avklaringar knyta til valet av deponi. Det visast til nærare omtale i Prop. 1 S (2015–2016) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga frå 19,2 mill. kroner til 0 kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Noreg er medlem av ei rekkje internasjonale organisasjonar og kommisjonar som er viktige premissleverandørar for utforminga av norsk nærings- og fiskeripolitikk. Kontingentane til dei internasjonale organisasjonane betalast ofte i lokal valuta. Noreg har hatt innbetalingar til ein høgare valutakurs enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2015.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 39,4 til 41,4 mill. kroner.

Post 71 Miljøtiltak Raufoss

I saldert budsjett 2015 blei det løyvd 1,2 mill. kroner til refusjonar for miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til 7,8 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,6 mill. kroner, frå 1,2 til 7,8 mill. kroner.

Post 75 Tilskot til særskilde prosjekt, kan overførast

Forslag til løyving på posten i Prop. 1 S (2014–2015) var fordelt mellom ansvarsområda til næringsministeren og fiskeriministeren. Nærings- og fiskeridepartementet har omdisponert 1 mill. kroner frå fiskeriministerens til næringsministerens ansvarsområde.

Post 79 Tilskot til Mechatronics Innovation Lab

Gjennom Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett 2015 ble det løyvd 20 mill. kroner i støtte til Mechatronics Innovation Lab (MIL) over Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett. På grunn av prosessen rundt innmelding av støtta og gjennomgang av krava i statsstøtteregelverket blei tilskotsbrev først sendt Universitetet i Agder i midten av september 2015. I tilskotsbrevet er det stilt krav om m.a. dokumentasjon på næringslivet sine bidrag i prosjektet før utbetaling av den statlige stønaden kan finne stad. Løyvinga er i utgangspunktet ikkje overførbar. Dette bør gjerast for å sikre at prosjektet har nok tid til å oppfylle dei krava til progresjon og dokumentasjon som er stilt for utbetaling av det statlege tilskotet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten blir gjort overførbar ved å leggje til stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.

Kap. 903 Norsk akkreditering

Post 01 Driftsutgifter

Norsk akkreditering sine utgifter vil bli høgare enn budsjettert på grunn av ein auke i søknader frå verksemder. I tillegg har etaten effektivisert sine saksbehandlingsrutinar slik at etaten kan handsame fleire oppdrag. Endringa i utgifter knytt til akkreditering av verksemder vil dekkast inn av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 3903, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 42,26 til 45,26 mill. kroner.

Kap. 904 Brønnøysundregistra

Post 01 Driftsutgifter

I samband med innføringa av nøytral meirverdiavgift i staten er det trekt ut 23,9 mill. kroner frå kap. 904, post 01. Nye berekningar viser at det er trekt ut 3,5 mill. kroner for mykje. Det fremjast derfor forslag om å auke løyvinga på posten med 3,5 mill. kroner.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har på vegne av offentlege verksemder inngått ein avtale om leveranse av sikker eID. Basert på Difi sine berekningar av transaksjonsvolum må det overføras 1,523 mill. kroner til Brønnøysundregistra, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 540 Direktoratet for forvaltning og IKT, post 22 Betaling av elektronisk ID og digital post til private leverandører.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med totalt 5,023 mill. kroner, frå 294,29 til 299,31 mill. kroner.

Post 22 Forvaltning av Altinn-løysinga, kan overførast

I samband med innføringa av nøytral meirverdiavgift i staten er det trekt ut 34,1 mill. kroner frå kap. 904, post 22. Nye berekningar viser at dette uttrekket er for høgt.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner frå 205,27 mill. kroner til 210,27 mill. kroner.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving

Tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk er ei regelstyrt ordning. Overslagsløyvinga er såleis basert på venta utbetalingar etter gjeldande regelverk i budsjettåret 2015 og omfattar rettar opptent i 6. termin 2014 og 1.-5. termin 2015.

Overslagsløyvinga for 2015 (1 802 mill. kroner) tok utgangspunkt i gjennomsnittleg 11 900 sjøfolk i ordninga totalt. Utviklinga i offshoremarknaden har ført til at talet på sjøfolk omfatta av tilskotsordninga blir lågare enn venta etter at fire av seks av budsjettårets terminar er handsama og utbetalt.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 52 mill. kroner frå 1 802 til 1 750 mill. kroner.

Kap. 911 Konkurransetilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Konkurransetilsynet får i 2015 inntekter frå m.a. refusjonar for kurs og konferansar. Det visast til nærare omtale av saka under kap. 3911, post 03 (ny).

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 200 000 kroner, frå 92,1 til 92,3 mill. kroner.

Post 23 Klagenemnda for offentlege innkjøp

Klagenemnda for offentlege innkjøp får i 2015 inntekter frå m.a. eksterne refusjonar for kurs og konferansar og dekking av sakskostnader. Det visast til nærare omtale av saka under kap. 3911, post 04 (ny).

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 350 000 kroner, frå 9,99 til 10,34 mill. kroner.

Kap. 915 Regelråd for næringslivet

Post 01 Driftsutgifter

Ein viser til omtale av bakgrunnen for og etableringa av Regelråd for næringslivet i Prop. 1 S (2015–2016) for Nærings- og fiskeridepartementet. Etableringa vil først finne stad mot slutten av året, og det vil derfor vere grunnlag for å redusere løyvinga for 2015.

Som følgje av utsetjinga gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 7 til 2 mill. kroner.

Kap. 917 Fiskeridirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Fiskeridirektoratet er i ei omstillingsprosess. Direktoratet har redusert bemanninga med om lag 25 årsverk i løpet av 2014 og 2015 og gjennomfører fleire prosjekt for å effektivisere si forvalting, m.a. IKT-prosjekt.

For å styrke dette arbeidet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner, frå 360,869 til 364,369 mill. kroner.

Kap. 919 Ymse fiskeriformål

Post 60 Tilskot til kommunar

I juni 2015 fekk alle etablerte lakse- og aureoppdrettarar tilbod om 5 pst. auka kapasitet på eksisterande oppdrettsløyve. Som vilkår for veksten er det stilt miljøkrav som vil gjelde for heile løyvet. Endeleg frist for å ta i bruk kapasitetsauken og betale vederlag er satt til 1. desember 2016. I saldert budsjett 2015 er det lagt til grunn at samla innbetalt vederlag i 2015 blir 360 mill. kroner, noko som gir utbetaling til kommunane på 180 mill. kroner. Dette anslaget var basert på ein føresetnad om at halvparten av innbetalingane ville kome i 2015. Ut i frå informasjon om innbetalte vederlag så langt, må dette anslaget endrast. Det bereknast no at 25 pst. av vederlaga blir innbetalt i 2015 og resten i 2016, jf. omtale under kap. 3917, post 13. Forskyving av innbetaling av vederlag fører til at utbetaling til kommunane må forskyvast tilsvarande.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 90 mill. kroner, frå 555 til 465 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til tryggleiksopplæring for fiskarar

Ut frå utbetalingar så langt i 2015 ventast det eit vesentleg mindreforbruk på posten.

På dette grunnlaget gjer Næring- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,2 mill. kroner, frå 7,2 til 3 mill. kroner.

Post 74 Erstatningar, kan overførast

Det er venta at utbetalingane i 2015 blir vesentleg høgare enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett 2015.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,4 mill. kroner, frå 2,1 til 8,5 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til anna valutakurs enn den som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2015. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015 blei det gitt ei tilleggsløyving på 9,7 mill. kroner for å kompensere for auka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for lågt, og gjeldande løyving må såleis aukast med ytterlegare 6,9 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,9 mill. kroner, frå 195,7 til 202,6 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og EASP-avtalen og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, Radarsat, til andre valutakursar enn dei som blir lagt til grunn i saldert budsjett 2015. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2015 blei det gitt ei tilleggsløyving på 20,2 mill. kroner for å kompensere for styrka kursar. Det har no vist seg at anslaga var for høge, og gjeldande løyving kan såleis reduserast med 5,5 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner, frå 369,8 til 364,3 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2015. Samstundes skal løyvinga justerast i samsvar med gjeldande EØS-prosedyre om det har vore endringar i oppkallinga frå EU.

Noreg har hatt innbetalingar til EU til annan valutakurs enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2015. Endringane utgjer ei auke på 33 mill. kroner. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga frå EU, som utgjer ei auke på 63,5 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 96,5 mill. kroner, frå 224,4 til 320,9 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma og til ein norsk nasjonal ekspert i EU-kommisjonens generaldirektorat for konkurranse.

Løyvinga på 47,45 mill. kroner i saldert budsjett 2015 blei fastsett på grunnlag av forventa eurokurs og budsjettanslag frå Europakommisjonen. Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen har vore høgare enn forventa, m.a. som følge av høgare eurokurs enn føresett og høgare kontingentinnbetalingar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 23,65 mill. kroner, frå 47,45 til 71,1 mill. kroner.

Kap. 926 Drift av forskingsfartøy

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer utgifter knytt til bygging av nytt isgåande forskingsfartøy.

Havforskingsinstituttet har ansvaret for å gjennomføre anskaffinga, og har inngått kontrakt med verftsgruppa Fincantieri om bygging av fartøyet. M.a. på grunn av tilleggsavtale mellom Havforskingsinstituttet og verftet om ytterlegare betaling og forskyving av framdriftsplanen, er det ikkje mogleg å gjennomføre kontraktsfesta utbetalingar i tråd med faktisk framdrift innanfor den løyvinga som er vedteken på posten for 2015.

På denne bakgrunn gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 109,8 mill. kroner, frå 351,3 mill. kroner til 461,1 mill. kroner. Dette påverkar ikkje den totale kostnadsramma for prosjektet.

Kap. 927 NIFES

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter knytt til oppdragsaktiviteten og motsvarast av tilsvarande inntekter under kap. 3927, post 01. Oppdragsaktiviteten har blitt mindre enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2015.

På denne bakgrunn gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 17,4 mill. kroner, frå 80,1 til 62,7 mill. kroner.

Kap. 928 Annan marin forsking og utvikling

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Det vil venteleg bli høgre utgifter på denne posten som følgje av høgare anslag på førstehandsverdien på omsetjing av fisk i 2015 enn det som blei lagt til grunn ved budsjetteringa av posten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 29 mill. kroner, frå 151 til 180 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Særskilde driftsutgifter

I saldert budsjett 2015 blei det løyvd 23,774 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er knytt ei overskridingsfullmakt til posten.

Dei samla utgiftene for 2015 er anslått til om lag 36 mill. kroner. Kjøp av tenester frå eksterne rådgjevarar i samband med eigarmessige vurderingar av statleg eigde selskap og vurderinga av situasjonen og utviklinga i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS står for hovuddelen av utgiftene.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 12,2 mill. kroner, frå 23,774 til 35,974 mill. kroner.

Post 96 (ny) Aksjar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Ved handsaminga av Innst. 343 S og Prop. 118 S (2014–2015) Endringer i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og fiskeridepartementet (Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – eiendommer og gruvedrift) samtykka Stortinget i at Nærings- og fiskeridepartementet i 2015 kunne utgiftsføre kjøp av aksjar utan løyving slik at statens eigardel i selskapet auka til 100 pst. Nærings- og fiskeridepartementet innløyste hausten 2015 minoritetsaksjonærane sine aksjar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS for om lag 0,4 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 385 000 kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 72 Forskings- og utviklingskontraktar, kan overførast

Vanlegvis tar det to til tre år frå eit prosjekt under ordninga med forskings- og utviklingskontraktar får tilsegn om støtte til det er fullført. Det tar normalt noko tid å organisere prosjekta etter at Innovasjon Noreg har gitt tilsegn før ein kan underskrive kontrakt eller før prosjekta er klare til å starte opp. Det kan òg ta tid før endeleg revisorbekrefta rekneskap ligg føre etter at prosjekta er avslutta, slik at sluttutbetaling trekker ut i tid. Det at kvart prosjekt tar lang tid, inneber at mykje av midla ikkje kan utbetalast same år som tilsegn er gitt, og ein vesentleg del av løyvinga må overførast til etterfølgjande år. Av den grunn blei til saman 423,9 mill. kroner av løyvingane for 2013 og 2014 overført til 2015. I løyvingsreglementet går det fram at ein ikkje skal gjere framlegg om større løyving for eit år enn det ein forventar vil kome til utbetaling same året. For å redusere overføringa av ikkje utbetalt løyving ved slutten av 2015 utan at tilsegnsramma til Innovasjon Noreg blir redusert, kan løyvinga reduserast samstundes som tilsegnsfullmakta for ordninga blir auka med same beløp.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 200 mill. kroner, frå 336,1 til 136,1 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med same beløp, frå 100 til 300 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III. Departementet tar sikte på å kome attende i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016 og gjere framlegg om ei permanent løysing for å redusere likviditetsreserven for ordninga.

Post 76 Miljøteknologi, kan overførast

Vanlegvis tar det fleire år frå eit prosjekt under miljøteknologiordninga får tilsegn om støtte til det er fullført. På same måten som for forskings- og utviklingskontraktar tar det normalt noko tid å organisere prosjekta etter at Innovasjon Noreg har gitt tilsegn før ein kan underskrive kontrakt eller før prosjekta er klare til å starte opp. Prosjekta strekk seg normalt over fleire år, og det kan òg ta tid før endeleg revisorbekrefta rekneskap ligg føre etter at prosjekta er avslutta, slik at sluttutbetaling trekker ut i tid. Det at kvart prosjekt tar lang tid, inneber at mykje av midla ikkje kan utbetalast same år som tilsegn er gitt, og ein vesentleg del av løyvinga må overførast til etterfølgjande år. Av den grunn blei 433,7 mill. kroner, dvs. summen av løyvingane for 2013 og 2014, overført til 2015. I løyvingsreglementet går det fram at ein ikkje skal gjere framlegg om større løyving for eit år enn det ein forventar vil kome til utbetaling same året. For å redusere overføringa av ikkje utbetalt løyving ved utgongen av 2015 utan at tilsegnsramma til Innovasjon Noreg blir redusert, kan løyvinga reduserast samstundes som ein innfører ei tilsegnsfullmakt for ordninga med same beløp.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 300 mill. kroner, frå 350 til 50 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å innføre ein tilsegnsfullmakt med same beløp som løyvinga blir redusert med, dvs. 300 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III. Departementet tar sikte på å kome attende i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016 og gjere framlegg om ei permanent løysing for å redusere likviditetsreserven for ordninga.

Post 80 (ny) Næringstiltak på Svalbard, kan overførast

Lokalsamfunnet på Svalbard står overfor omstillingsutfordringar. Innovasjon Noreg har erfaring frå liknande omstillingsprosessar, og det blir foreslått ei løyving på 20 mill. kroner for at Innovasjon Noreg skal styrkje arbeidet sitt på Svalbard. Midlane kan nyttast både til auka nærvær og mobilisering for å få fram gode prosjekt og til å støtte innovative prosjekt på Svalbard. Innovasjon Noreg skal koordinere og nytte kompetansen til det andre verkemiddelapparatet i arbeidet. Det foreslås at midlene skal nyttast utover 2015.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg ei løyving på 20 mill. kroner til post 80 (ny).

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til å finansiere låneordningane sine til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolumet. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2015 er basert på realiserte innlån og avdrag så langt i år og prognosar på innlån og avdrag for resten av året. Innlåna har auka noko ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2015. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,5 mrd. kroner, frå 41,1 til 44,6 mrd. kroner.

Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Tilskot

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2015 blei det løyvd 106,895 mill. kroner i tilskot til Eksportkreditt Noreg AS. Tilskotet dekkjer alle utgifter knytt til administrasjon av selskapet og forvaltinga av utlånsverksemda. Ein ny gjennomgang av økonomien i Eksportkreditt Noreg AS viser at det er rom for å redusere tilskotet med 6,895 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 6,895 mill. kroner, frå 106,895 til 100 mill. kroner.

Kap. 3903 Norsk akkreditering

Post 01 Gebyrinntekter og andre inntekter

Norsk akkreditering sine inntekter vil bli høgare enn budsjettert, jf. framlegg under kap. 903, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 33,667 til 36,667 mill. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2015. Dette gjeld særleg Lausøyreregistret, der tinglysing av salspant har vist stor auke.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 35 mill. kroner, frå 540 til 575 mill. kroner.

Kap. 3911 Konkurransetilsynet

Post 01 Klagegebyr

KOFA kan gje pålegg om klagegebyr ved klage på vedtak om offentlege innkjøp. Prognosane for 2015 tilseier inntekter på om lag 1 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere inntektskravet med 998 000 kroner, frå 1,998 til 1 mill. kroner.

Post 02 Lovbrotsgebyr

Konkurransetilsynet kan gje pålegg om gebyr m.a. ved brot på konkurranselova sitt forbod mot konkurranseavgrensande samarbeid, forbod mot å nytte dominerande stilling og påbod om ordinær melding av føretakssamanslutningar. Tilsynet kan òg gje pålegg om tvangsmulkt for å tvinge fram etterleving av eit enkeltvedtak etter konkurranselova. For 2015 er det berekna at Konkurransetilsynet vil få inn 6,99 mill. kroner i lovbrotsgebyr.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,89 mill. kroner, frå 100 000 kroner til 6,99 mill. kroner.

Post 03 (ny) Refusjonar og andre inntekter, Konkurransetilsynet

Konkurransetilsynet får i 2015 inntekter frå m.a. eksterne refusjonar for kurs og konferansar.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 03 på 200 000 kroner.

Post 04 (ny) Refusjonar og andre inntekter, Klagenemnda for offentlege innkjøp

Klagenemnda for offentlege innkjøp får i 2015 inntekter frå m.a. eksterne refusjonar for kurs og konferansar og dekking av sakskostnadar.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 04 på 350 000 kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 05 Sakshandsamingsgebyr

Posten blir m.a. nytta til å inntektsføre innbetalingar av sakshandsamingsgebyr i samband med havbruk og ervervssøknader og innmeldingsgebyr i Merkeregisteret. Det er ikkje sannsynleg at inntektskravet vil bli nådd i 2015 som følgje av færre søknader enn anslått då løyvinga opphaveleg blei fastsett.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 17,683 til 14,683 mill. kroner.

Post 06 Forvaltingssanksjonar

Inntektene på posten gjeld tvangsmulkt og overtredingsgebyr for havbruk ved sanksjonar etter havressurslova. Det vil bli større inntekter på posten enn det som blei anslått då løyvinga opphaveleg blei fastsett.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 1 til 3 mill. kroner.

Post 13 Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar

Det visast til omtale under kap. 919, post 60 om endring av anslaget om kor mykje vederlag som blir innbetalt i 2015.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 180 mill. kroner, frå 660 til 480 mill. kroner.

Kap. 3927 NIFES

Post 01 Oppdragsinntekter

Det visast til omtale under kap. 927, post 21. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 17,4 mill. kroner, frå 84 til 66,6 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

I saldert budsjett 2015 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Tilbakekjøpsavtalar

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med føremål å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetting av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital tilbakeførast til aksjonærane.

Nærings- og fiskeridepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalene er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsettinga. Avtalane er offentlege og regulerer òg utrekning av vederlaget som staten skal ta imot. Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2014 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.

Yara International ASA

Generalforsamlinga i Yara International ASA ga i mai 2014 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 5 pst. av selskapet sin aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til desember 2014 kjøpte selskapet 730 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 414 406 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2015. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 127,4 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 102,4 mill. kroner, frå 25 til 127,4 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 53 Tilbakeføring av tapsfondsmidlar garantiordning fiskesalslag

Stortinget vedtok i 2009 ei mellombels garantiordning for førstehandsomsetning av fisk som blei handsama av Innovasjon Noreg. Det blei avsett om lag 98,7 mill. kroner i tapsfond for ordninga som blei plassert på fondskonto i Noregs Bank. Ordninga blei vidareført til og med 2014. I perioden 2009–2015 er det konstatert netto tap på om lag 12,67 mill. kroner på garantiordninga. Ordninga er no avslutta, og resterande tapsfondsavsetjing på om lag 86 mill. kroner er tilbakeført. I saldert budsjett 2015 er det vedteke ei løyving på 70 mill. kroner på denne posten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 16 mill. kroner, frå 70 til 86 mill. kroner.

Post 54 (ny) Tilbakeføring av tapsfond for likviditetslån til fiskeindustrien

Stortinget vedtok i 2009 ei mellombels likviditetslåneordning for fiskeindustrien som blei handsama av Innovasjon Noreg. Det blei utbetalt seks lån på til saman 28,7 mill. kroner og avsett 8,833 mill. kroner i tapsfond for låna som vart plassert på fondskonto i Noregs Bank. Alle låna er no betalt attende utan konstaterte tap.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 8,833 mill. kroner til tilbakeføring av tapsfondsmidla.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i saldert budsjett 2015, er det behov for å auke løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,3 mrd. kroner, frå 40,9 til 45,2 mrd. kroner.

Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Gebyr m.m.

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2015 blei det løyvd 60 mill. kroner til inntekter på gebyr under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 45 mill. kroner, og årsaka til reduksjonen er i hovudsak lågare gebyrgenererande aktivitet enn forventa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 15 mill. kroner, frå 60 til 45 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2015 blei det løyvd 11,9 mrd. kroner i avdrag under eksportkredittordninga som Eksportkreditt Noreg AS forvaltar. Nye anslag på innbetalingar på avdrag er 9,2 mrd. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,7 mrd. kroner, frå 11,9 til 9,2 mrd. kroner.

Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet

Post 72 Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur

Det er nå anslått å vere grunnlag for å fakturere avgifter for i overkant av 27 mill. kroner i 2015.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 30,665 til 27,665 mill. kroner.

Post 73 Årsavgift Merkeregisteret

Det er nå anslått å vere grunnlag for å inntektsføre avgifter for om lag 8,5 mill. kroner i 2015.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 9,55 til 8,55 mill. kroner.

Post 74 Fiskeriforskingsavgift

Det vil venteleg bli høgare inntekter på denne posten som følgje av høgare anslag på førstehandsverdien på omsetjing av fisk i 2015 enn det som blei lagt til grunn ved budsjetteringa av posten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 29 mill. kroner, frå 151 til 180 mill. kroner.

Kap. 5613 Renter frå Siva SF

Post 80 Renter

Siva SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følgje av rentestrukturen på statspapira til dei nye låna som Siva har tatt opp i 2015, er det grunnlag for å redusere renteinntektsløyvinga med 4,2 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,2 mill. kroner, frå 27,5 til 23,3 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga på grunn av lågare rentesatsar enn tidlegare lagt til grunn.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 38 mill. kroner, frå 190 til 152 mill. kroner.

Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga

Post 80 Renter

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2015 blei det løyvd 1 640 mill. kroner til renteinntekter frå utlånsverksemda. Nye anslag viser at renteinntektene blir 1 515 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 125 mill. kroner, frå 1 640 til 1 515 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting

Post 85 Utbyte

I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei auka til 17 478,5 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2015, er innbetalt utbyte frå selskapa 17,1 mill. kroner høgare. Dette skuldast at det blei lagt til grunn eit utbyte frå Mesta AS og Flytoget AS på høvesvis 130 og 113,4 mill. kroner. Faktisk utdelt utbyte frå selskapa utgjorde 150 og 128,7 mill. kroner. På den andre sida er innbetalt utbyte frå Aker Kværner Holding AS 18,2 mill. kroner lågare enn opphaveleg lagt til grunn.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 17,1 mill. kroner, frå 17 478,5 til 17 495,6 mill. kroner.

Til forsida av dokumentet