Prop. 23 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

3 Orienteringssak

Kulturdepartementet legg fram forslag for Stortinget om tilsegn om statleg tilskot til gjennomføring av prosjektet Noreg som hovudland på bokmessa i Frankfurt i 2019. Den statlege støtta er avgrensa til 25 mill. kroner for 2018 og 2019 og skal finansierast innanfor ordinær budsjettramme, med like delar på 8,3 mill. kroner frå Utanriksdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kulturdepartementet. For Nærings- og fiskeridepartementet betyr dette tilsegn om løyving på inntil 8,3 mill. kroner innanfor ordinær budsjettramme i 2018 og 2019. For nærare informasjon om saka vises det til omtale i Kulturdepartementet sin endringsproposisjon.

Til forsida av dokumentet