Prop. 46 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Under programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å redusere løyvingane med 250,5 mill. kroner. Reduksjonen har m.a. samanheng med 73,5 mill. kroner i lågare utgifter til kontingentar for norsk medlemskap i internasjonale organisasjonar grunna endringar i ODA-andelen (kap. 116) og 160 mill. kroner i lågare utgifter under EØS-finansieringsordningane (kap. 117) i år. I tillegg er anslaget for inntekter under programområde 02 redusert med 120,4 mill. kroner m.a. fordi det er færre som søker om visum ved utanriksstasjonane som konsekvens av covid-19-pandemien.

Under programområde 03 Internasjonal bistand blir det gjort framlegg om å auke enkelte postar med til saman 1 317,2 mill. kroner og redusere andre postar med 717,2 mill. kroner. Budsjettforslaget aukar ramma med 600 mill. kroner til det internasjonale arbeidet for å slå ned pandemien og få i gang verdsøkonomien. Auken blir særleg foreslått til den globale koalisjonen ACT-A, jf. omtale under kap. 160 Helse, post 70 Helse. Nye overslag viser at ODA-godkjende flyktningutgifter i Noreg blir 95,9 mill. kroner lågare enn tidlegare budsjettert. Ledige midlar blir i denne proposisjonen i hovudsak foreslått omdisponerte til helsetiltak og sårbare grupper, for å arbeide mot dei sosio-økonomiske konsekvensane av pandemien.

Til forsida av dokumentet