Prop. 46 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

3 Programområde 03 Internasjonal bistand

Kap. 140 Utanriksdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Grunna covid-19-pandemien har Utanriksdepartementet hatt lågare utgifter til reiser og representasjon.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Grunna covid-19-pandemien har Utanriksdepartementet og Norad hatt lågare utgifter til mellom anna konferansar og arrangement som blei avlyste eller utsette.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 34,1 mill. kroner.

Kap. 144 Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec)

Post 70 Utvekslingsordningar, kan overførast

Norec ventar eit lågare forbruk på posten. Stengte landegrenser og restriksjonar for internasjonal reiseverksemd som følgje av covid-19 har ført til sterk reduksjon i utveksling av personell.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.

Kap. 150 Humanitær bistand

Post 70 Naudhjelp og humanitær bistand, kan overførast

Behov for assistanse og vern for menneske i naudsituasjonar er vedvarande høgt. Mange, store og langvarige kriser fører til at svært mange menneske er på flukt. I tillegg har den pågåande pandemien mange stader forverra ein allereie vanskeleg situasjon. Det blir difor foreslått å auke støtta. Aktuelle kanalar for finansiering vil vere Den Internasjonale Raude Kross-komiteen og FN.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner.

Kap. 151 Fred, tryggleik og globalt samarbeid

Post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m., kan overførast

To av dei pliktige bidraga til FN har fått auka ODA-andel, jf. omtale under kap. 116 Internasjonale organisasjonar, post 70 Pliktige bidrag. ODA-andelen for regulære bidrag til FN har auka frå 18 til 47 pst., og ODA-andelen for FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) har auka frå 51 til 83 pst. Det er òg nokre endringar for dei andre kontingentane som først og fremst skuldast valutasvingingar.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 47 mill. kroner.

Kap. 159 Regionløyvingar

Post 72 Afghanistan, kan overførast

Måltalet for norsk bistand til Afghanistan i perioden 2017–2020 er 700 mill. kroner per år. I 2020 har løyvingar til Afghanistan frå andre postar vore høgare enn antatt.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 75 Afrika, kan overførast

Covid-19-pandemien har endra rammevilkåra for den bilaterale bistanden. På den eine sida har det oppstått store behov både innanfor helsesektoren og for tiltak som skal dempe dei sosioøkonomiske konsekvensane av pandemien. På den andre sida har pandemien og innførte restriksjonar gjort det svært utfordrande å gjennomføre prosjekt innanfor andre områder som ikkje direkte har følgjer for covid-19 eller dei sosioøkonomiske effektane av pandemien, slik som nokre delar av institusjonssamarbeidet.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 35 mill. kroner. Auken skal nyttas til innsats i partnarlanda i Afrika sør for Sahara retta mot covid-19 og følgjene av pandemien med vekt på mattryggleik og sårbare grupper. Auken vil òg ivareta innsatsar i partnarlanda som blei omdisponerte som følgje av behov i første fase av krisa.

Kap. 160 Helse

Post 70 Helse, kan overførast

Covid-19-pandemien har skapt ein særs alvorleg situasjon. Tala er dystre. Meir enn 52 millionar menneske er så langt registrert smitta av covid-19. 1,2 millionar menneske har mista livet. Millionar av born står utan tilbod om utdanning fordi skulane i fleire månadar har vore stengde. For fyrste gongen sidan 1990 aukar talet på menneske som må leve i ekstrem fattigdom. Dette har store konsekvensar for samfunn, både sosialt, økonomisk, politisk og i siste instans for tryggleiken vår. Også i Noreg blir mange hardt ramma.

Pandemien er eit globalt problem. Det einaste overordna globale instrumentet verda har, er koalisjonen for å slå ned pandemien: Access to Covid-19 Tools Accelerator (ACT-A). Noreg leiar, saman med Sør-Afrika, eit råd som skal leggje til rette for arbeidet i denne koalisjonen. Gjennom ACT-A jobbar statar, organisasjonar, private aktørar og sivilt samfunn saman for å nå eit mål om global og rettvis tilgang til vaksinar, diagnostisk utstyr og behandling mot covid-19. I tillegg bidrar koalisjonen til å styrke helsesystema for å kunne levere innsatsen. I løpet av åtte månader har ACT-A levert gode resultat takka ein stor innsats på tvers av sektorar og gjennom offentleg og privat samarbeid. Det er rekna ut at for å få kontroll på pandemien treng ACT-A til saman USD 38 mrd. Finansieringsgapet per i dag er litt over USD 28 mrd. Av dette er det naudsynt å mobilisere USD 4,5 mrd. i år for å sikre fortsatt framdrift.

Beløpa er store, men ikkje samanlikna med kva land tapar på pandemien og storleiken på tiltaka for å stimulere økonomien. Det internasjonale pengefondet, IMF, har rekna ut at verdsøkonomien samla i 2020 og 2021 vil tape USD 11 000 mrd., men fram til 2025 vil global inntening kunne auke med USD 9 000 mrd. om det blir investert i slike medisinske teknologiar. Det er til nå mobilisert totalt USD 12 000 mrd. i økonomiske tiltakspakkar i G20-landa. Det resterande behovet for finansiering av ACT-A representerer mindre enn 0,25 pst. av dette.

Koalisjonen for å slå ned pandemien, ACT-A, arbeider for å mobilisere ressursar både innanfor og utanfor dei eksisterande budsjetta for bistand, noko som er naudsynt for å kunne slå ned pandemien. Også Noreg må gjere sitt. Det er avgjerande å styrke innsatsen både for å slå ned pandemien og for å opne opp att økonomien i kvart enkelt land. Innsatsen blir derfor rekna som ein del av dei økonomiske stimuluspakkane for å få fart på verdsøkonomien, i tillegg til å bidra til berekraftsmåla.

Regjeringa gjer derfor framlegg om å auke Noreg sitt tilskot til det internasjonale arbeidet for å slå ned pandemien med ei ekstraordinær løyving på 1 141,8 mill. kroner under denne posten. Midlane vil mellom anna gå til å støtte det arbeidet som ACT-A mobiliserer ressursar til.

COVAX er vaksinepilaren av ACT-A. Noreg deltek i COVAX-samarbeidet for utvikling, produksjon og kjøp av vaksinar mot covid-19. Regjeringa foreslår at Noreg sitt bidrag til vaksinar i utviklingsland blir auka med 64,1 mill. kroner, gjennom COVAX sitt vindauge for utviklingsland (COVAX AMC). Desse midlane vil bli godkjende som offisiell utviklingsbistand (ODA). 60,7 mill. kroner blir brukt til kjøp av opsjonar på 1,9 millionar vaksinedosar som kan nyttast i Noreg. Dersom Noreg ikkje treng desse dosane, vil dei bli nytta til kjøp av vaksinar for bruk i utviklingsland.

I tillegg blir det gjort framlegg om å gje eit ekstra tilskot på 1 000 mill. kroner til covid-19-vaksinearbeidet gjennom Den internasjonale fasiliteten for vaksinefinansiering (IFFIm). Tilskotet vil bidra til rask utvikling av vaksinar, slik at dei òg kan bli fordelt til sårbare grupper i utviklingsland. Fasiliteten for vaksinefinansiering verkar slik at den kan mobilisere 1 000 mill. kroner med det same, men betale over ti år, dvs. perioden 2020-2029. Det blir derfor foreslått å løyve 100 mill. kroner i 2020. Det blir òg vist til framlegg om vedtak om tilsegnsfullmakt under romartal II.

Det globale fondet for kamp mot aids, tuberkulose og malaria (GFATM) gjer òg eit viktig arbeid for legemiddel mot covid-19. Det er oppretta eit eige fond for å svare på covid-19-pandemien innanfor det Det globale fondet. Dette covid-19-fondet skal bøte på verknadene covid-19 har på dei tre sjukdommane og styrke helsesystema i fattige land. Covid-19-fondet til Det globale fondet er viktig i arbeidet til koalisjonen for å slå ned covid-19, ACT-A. Regjeringa foreslår 95,2 mill. kroner til arbeidet. Noreg sin avtale med Det globale fondet om tilskot for åra 2020–2022 opnar for fleksibilitet i dei årlege innbetalingane. Regjeringa foreslår òg å auke innbetalinga i år med 41,8 mill. kroner.

Regjeringa foreslår i tillegg å løyve 780 mill. kroner til arbeidet til koalisjonen for å slå ned covid-19, ACT-A. Støtta vil gå til tilgang til vaksinar, diagnostisk utstyr og behandling mot covid-19 samt å styrke helsesystema for å bidra til global og rettferdig tilgang på medisinsk innsats mot pandemien.

Det blir gjort framlegg om å til saman auke løyvinga med 1 141,8 mill. kroner.

Kap. 161 Utdanning, forsking og fagleg samarbeid

Post 70 Utdanning, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å omdisponere 100 mill. kroner frå posten for å dekke inn auka utgifter til andre føremål relatert til covid-19.

Post 71 Forsking, kan overførast

Som følgje av covid-19-pandemien blir forskingsinnsatsen redusert.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 72 Kunnskapsbanken og fagleg samarbeid, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å nytte ledige midlar frå posten til anna innsats som følgje av covid-19. Det har vorte færre møter og reiser knytta til programma under Kunnskapsbanken grunna pandemien. Nokre tiltak har vorte utsette. Det er særleg fagleg samarbeid innan programma Olje for utvikling og Fisk for utvikling som har vorte ramma av covid-19.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 112,4 mill. kroner.

Kap. 162 Næringsutvikling, landbruk og fornybar energi

Post 70 Næringsutvikling og handel, kan overførast

Som følgje av covid-19-pandemien har det vore forseinka framdrift i nokre prosjekt.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 22,7 mill. kroner.

Post 72 Fornybar energi

Covid-19-pandemien har hatt store konsekvensar for energisektoren og framdrifta i nokre prosjekt er forseinka. Det blir derfor foreslått å omdisponere midlar frå posten for å dekke inn auka utgifter til andre føremål relatert til covid-19. Satsinga på garantiar til investeringar i fornybar energi blir utsette som følgje av pandemien.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 130 mill. kroner.

Post 73 Det internasjonale finansieringsinstituttet (IFC), kan overførast

Det blir foreslått å auke løyvinga med 31 mill. kroner til Global Health Platform mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 172 Multilaterale finansinstitusjonar og gjeldslette, post 72 Strategisk samarbeid. Dette er ei satsing på 4 mrd. USD frå IFC, med formål å kome i gang med produksjon av covid-19-vaksinar, testutstyr, medisinar og munnbind, lokalt i privat sektor i samarbeidsland. Dette vil føre til jobbskaping, samt teknisk bistand for betre helseomsorg.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 31 mill. kroner.

Kap. 163 Klima, miljø og hav

Post 70 Miljø og klima, kan overførast

Det er innmeldt mindrebehov på grunn av forseinkingar i enkelte prosjekt i Asia grunna covid-19. Det blir foreslått å flytte midlar frå posten for å dekke inn auka utgifter til andre formål relatert til covid-19 under andre poster.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 22,5 mill. kroner.

Post 71 Berekraftige hav og tiltak mot marin forsøpling, kan overførast

Det er eit mindrebehov i 2020 på fleire av prosjekta på bistandsprogrammet for marin forsøpling fordi covid-19 har ført til forseinkingar. Det vert gjort framlegg om å omdisponere midlar frå posten for å dekke inn auka utgifter til andre formål relatert til covid-19.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 36,7 mill. kroner.

Kap. 164 Likestilling

Post 70 Likestilling, kan overførast

Covid-19-pandemien forsterkar allereie eksisterande diskriminering og marginalisering av kvinner og jenter. Utrekningar frå FN viser at pandemien kan bidra til 2 millionar fleire tilfelle av kjønnslemlesting og 13 millionar fleire barneekteskap enn anslaga fram mot 2030. Det blir derfor foreslått å auke støtta til arbeidet mot skadelege skikkar. Aktuelle kanalar for finansiering vil vere UNFPA og Unicefs globale fond mot barneekteskap, UNFPA og Unicefs globale fond mot kjønnslemlesting og UNFPAs program mot preferanse for søner. Auken vil òg bli nytta til UN Women sitt arbeid i Pakistan.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 30,1 mill. kroner.

Post 73 Sårbare grupper, kan overførast

Regjeringa legg opp til å auke satsinga på personar med nedsett funksjonsevne i utviklingssamarbeidet. Det blir derfor foreslått ein auke på 27 mill. kroner som skal bidra til partnarskapet mellom Noreg og Unicef for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Partnarskapet vil gjere det mogleg for Unicef å styrke ivaretakinga av omsynet til denne gruppa i heile organisasjonen sitt arbeid. Dette er særleg viktig innanfor dei tematiske områda sosiale sikkerheitsnett, vern av barn, vatn og sanitær, samt inkluderande utdanning. Jenter med nedsett funksjonsevne er ei viktig målgruppe. Å styrke innsatsen for dei mest sårbare barna er viktig for å møte utfordringane som skapt av den globale covid-19-pandemien og vil vere i tråd med prinsippet om at ingen skal utelatast.

For å bidra til kampen for å kvitte seg med moderne slaveri blir det foreslått ein auke på 2 mill. kroner til eit prosjekt i Malawi som skal betre tilhøva for arbeidarar i tobakkssektoren. Gjeldsslaveri og barnearbeid er utbreidd i landet, og det er eit stort behov for å gjere tilhøva betre. I kjølvatnet av covid-19 vil risikoen for barnearbeid truleg auke, m.a. som følge av skulestenging.

Det blir samla gjort framlegg om å auke løyvinga med 29 mill. kroner.

Kap. 171 FNs utviklingsarbeid

Post 72 Andre tilskot (FN), kan overførast

Det er ikkje behov for bidrag til Teknologibanken i år. Det er òg redusert behov for støtte til deltaking frå utviklingsland i sentrale prosesser, konferansar og arenaer. Det blir derfor samla gjort framlegg om å redusere løyvinga med 22,5 mill. kroner.

Kap. 172 Multilaterale finansinstitusjonar og gjeldslette

Post 70 Verdsbanken, kan overførast

Alle forpliktingar til kjernebidrag til Verdsbanken/ IDA er dekt, og det blir foreslått å omdisponere resterande midlar frå posten for å dekke inn auka utgifter til andre formål, relatert til covid-19.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 4,3 mill. kroner.

Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast

Resultatet av forhandlingane om kapitalauke i Afrikabanken (AfDB) førte til lågare bidrag enn budsjettert. Innbetaling av kapital i Det inter-amerikanske investeringsselskapet (IIC/IDB) vart òg noko lågare enn venta. Alle forpliktingar for 2020 er no utbetalte og det blir foreslått å omdisponera midlar frå posten for å dekke inn auka utgifter til andre formål relatert til covid-19.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.

Post 72 Strategisk samarbeid, kan overførast

Det er avsett midlar på posten til prosjekt som ikkje vil bli utbetalte i 2020 grunna covid-19-pandemien. Det blir derfor gjort framlegg om å redusere løyvinga med 31 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 162 Næringsutvikling, landbruk og fornybar energi, post 73 Det internasjonale finansieringsinstituttet (IFC), til Global Health Platform i Verdsbankgruppa.

Kap. 179 Flyktningtiltak i Noreg

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Nye utrekningar frå Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Kunnskapsdepartementet (KD) og Barne- og familiedepartementet (BFD) tilseier lågare ODA-godkjende flyktningutgifter enn tidlegare budsjettert for 2020. Det blir i denne samanhengen vist til nærmare omtale i respektive departement sine budsjettproposisjonar.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 95,9 mill. kroner.

Andre saker

Handtering av ESAs bot til Telenor for brot på EØS-konkurransereglane

EFTA sitt overvakingsorgan ESA kontrollerer at EØS-landa gjennomfører og følgjer EØS-avtalen som gir tilgang til EUs indre marknad. ESA har i perioden 2012–2020 granska Telenor Norge AS og morselskapet Telenor ASA (Telenor) for brot på EØS-konkurransereglane, og konkludert med at Telenor har misbrukt si dominerande stilling og dermed brote EØS-avtalen artikkel 54. ESAs etterforsking visar at Telenor i perioden 2008–2012 hindra konkurrentar i å tilby mobile breibandstenester til forbrukarar i Noreg og at under ein kritisk vekstfase for mobildata i Noreg var Telenor sine grossistprisar høgare enn utsalsprisane Telenor kunne tilby sine eigne sluttkundar. ESA ga derfor Telenor ei bot i juni 2020 på til saman 112 mill. euro, tilsvarande om lag 1,2 mrd. kroner. Telenor har betalt bota, men har anka saka inn til EFTA-domstolen. Tidspunktet for endeleg dom i saka er ikkje kjent.

Grunna den økonomiske situasjonen i Europa, og særleg problemstillinga med negative renter og andre risikofaktorar, kan ikkje ESA ha innbetalinga ståande på eigen konto mens ankesaka blir behandla. ESA har derfor bedt om at bota blir betalt til Noreg, og at dersom bota fell frå, vil Noreg betale det same beløpet til ESA. Noregs del av bota er rekna til 99,5 mill. euro, og beløpet på om lag 1,086 mrd. kroner blei betalt til Utanriksdepartementet 30. september 2020. Dersom Telenor vinn anken, må Noreg betale tilbake heile, eller deler av, beløpet, avhengig av om Telenor får fullt eller delvis medhald. Dette inneber ein valutarisiko då bøter frå ESA er i euro.

I påvente av behandlinga av ankesaka og endeleg avklaring av bota, foreslår regjeringa ei fullmakt til postering mot mellomverande med statskassa, jf. framlegg om vedtak under romartal III.

Til forsida av dokumentet