Prop. 65 L (2021–2022)

Endringar i gravplassloven (teieplikt og arkiv m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne- og familiedepartementet legg med dette fram eit framlegg om å endre gravplasslova slik at enkelte offentlegrettslege reglar framleis skal gjelde for dei kyrkjelege fellesråda i rolla som gravplasstyresmakt. For det første gjer departementet framlegg om at arkivlova skal gjelde for gravplasstyresmakta, slik ho gjorde medan dei kyrkjelege fellesråda blei regulerte av den no oppheva kyrkjelova. For det andre gjer departementet framlegg om at dei tilsette som løyser oppgåver etter gravplasslova, skal ha lovfesta teieplikt, slik dei hadde då forvaltningslova gjaldt direkte for dei kyrkjelege fellesråda. Den føreslegne lovendringa presiserer dessutan kva for opplysningar gravplasstyresmakta kan gi om plasseringa av anonyme graver. For det tredje gjer departementet framlegg om at ei føresegn om unntak frå kravet i den no oppheva kyrkjelova om medlemskap i Den norske kyrkja for tilsette som arbeider med gravplassar, takast ut av lova. Det er ikkje lenger behov for ei slik føresegn.

Det fjerde framlegget i proposisjonen er ein heimel til å gi løyve til forsøk med krev avvik frå lova. Dette vil typisk gjelde nye gravferdsformer ved hjelp av ny teknologi. Framlegget har samanheng med at talet på dødsfall er forventa å auke dei neste tiåra. Saman med ein stigande kremasjonsprosent gir dette behov for å investere i krematoriekapasitet framover. Ute i verda tek ein i bruk ny teknologi for å bryte ned leivningar, og departementet meiner at det er behov for ein heimel til å prøve ut ny teknologi i Noreg på dette området.