Prop. 65 L (2021–2022)

Endringar i gravplassloven (teieplikt og arkiv m.m.)

Til innhaldsliste

8 Merknader til lovframlegget

Til § 22

Lovendringa inneber at gjeldande § 22 om unntak frå kravet om medlemskap i Den norske kyrkja blir erstatta av nye føresegner om teieplikt.

Det inneber inga realitetsendring å oppheve unntaket frå kravet om medlemskap i Den norske kyrkja, sidan kyrkjelova og føresegna som § 22 gjorde unntak frå no er oppheva, sjå punkt 5 ovanfor. Det er no likestillings- og diskrimineringslova § 30 som regulerer i kva grad ein arbeidsgivar innanfor Den norske kyrkja kan hente inn opplysningar om samlivsform, religion eller livssyn frå dei som søker om tilsetjing.

Den nye føresegna om teieplikt vidarefører i første punktum det som gjaldt under kyrkjelova, sjå punkt 4 ovanfor. Føresegna gjer dei generelle reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeldande for tilsette, ombod osb. som har oppgåver etter gravplasslova. Ordlyden svarar til forvaltningslova og skal forståast på same måte. Andre punktum fastset at teieplikta òg gjeld opplysningar om den nærare plasseringa av ei anonym grav. Tredje punktum gjer det klart at det ikkje bryt med teieplikta å opplyse om gravplassen og gravfeltet den anonyme grava ligg på. Dette gjeld òg etter at grava er sletta.

Til § 23

Det nye § 23 sjette ledd seier at arkivlova gjeld for gravplasstyresmakta og krematoria. Dette vidarefører det som gjaldt under kyrkjelova, sjå punkt 3 ovanfor. Gravplasstyresmakta og krematoria skal etter dette følgje reglane i arkivlova og tilhøyrande forskrifter om offentlege arkiv.

Arkivlova med forskrifter har reglar om løpande dokumentasjonsforvaltning og om bevaring av materiale for ettertida.

Til § 26 a

Føresegna i den nye § 26 a første punktum gir departementet heimel til å gi forskrift om løyve til tidsavgrensa forsøk som inneber avvik frå lova eller gravplassforskrifta, sjå punkt 6 ovanfor. Departementet kan berre gi løyve til forsøk etter søknad frå ei lokal gravplasstyremakt. Terskelen for å gi løyve til forsøk vil vere høg.

Etter andre punktum set to føresegner grenser for kva for forsøk departementet kan gi løyve til. Forsøket kan for det første ikkje vere i strid med gravplasslova § 1 første ledd, der det heiter at «Gravlegging skal skje med respekt for avdødes religion eller livssyn». Vidare kan ikkje forsøket vere i strid med omsynet til «gravplassenes orden og verdighet». Dette byggjer på gravplassforskrifta § 1, der det heiter at «Gravplassen skal holdes i hevd og forvaltes med den orden og verdighet som dens egenart tilsier.»

Sentrale spørsmål som ein søknad må seie noko om og som departementet vil vurdere nærare i si sakshandsaming, er miljøkonsekvensar som energibruk og forureining, tryggleiken for dei tilsette, stabil drift og etiske og verdige tilhøve, som at leivningane blir brotne ned og haldne fråskilde. Departementet vil elles kunne stille vilkår om evaluering av slike forsøk.

Til iverksetjingsføresegna

Etter framlegget skal lova gjelde frå den tida Kongen fastset. Dei enkelte føresegnene kan setjast i verk til ulik tid.