Prop. 72 L (2025–2026)
Endringar i straffeprosessloven (beløpsgrense for dekning av økonomisk tap ved erstatning etter strafforfølging)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Tilråding frå Justis- og beredskapsdepartementet 27. mars 2026, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Justis- og beredskapsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag til endring i reglane om erstatning etter strafforfølging i lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker (Straffeprosessloven). Endringa inneber å innføre ei øvre beløpsgrense for dekning av økonomisk tap. Beløpsgrensa vert føreslått sett til 160 gongar grunnbeløpet i folketrygda, og er meint å gjelde samla økonomisk tap, irekna framtidig inntektstap. Beløpsgrensa skal ikkje gjelde der den domfelte blir frifunnen etter gjenopning eller får erstatning etter § 444 andre ledd. Departementet føreslår elles at straffeprosessloven § 449 første ledd blir endra slik at det går fram av lova at det er Statens sivilrettsforvaltning som behandlar krav om erstatning etter strafforfølging.