1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag til endring i reglane om erstatning etter strafforfølging i lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker (Straffeprosessloven). Endringa inneber å innføre ei øvre beløpsgrense for dekning av økonomisk tap, slik det blei føreslått i høyringsnotat 4. juli 2025. I motsetnad til forslaget i høyringsnotatet skal beløpsgrensa gjelde både for fysiske og juridiske personar.

Medan alminneleg erstatningsrett normalt krev skuld for å ileggje erstatningsansvar, er erstatning etter strafforfølging ei særordning der staten tek på seg eit objektivt ansvar, utan at det føreligg skuld. Det objektive ansvaret gjeld difor sjølv om strafforfølginga har vore rettmessig og det ikkje heftar feil ved forfølginga. Erstatning etter strafforfølging er mellom anna grunngitt ut frå ein rettferdstanke om at samfunnet bør bere risikoen for tap som følgjer av ei strafforfølging som ikkje fører fram, og at utgiftene bør sjåast som ein driftskostnad som fellesskapet bør bere. Ved at det ikkje må påvisast feil eller skuld, legg ordninga til rette for ei enkel og effektiv behandling av erstatningskrava.

Dei seinare åra er det fremja krav frå nokre få enkeltpersonar som gjeld svært høge inntektstap. Føremålet med forslaget er å motverke at hovudtyngda av dei totale utbetalingane etter ordninga skal gå til å dekke slike krav. Krav over beløpsgrensa må med forslaget behandlast etter dei alminnelege erstatningsrettslege reglane.

Beløpsgrensa vert føreslått sett til 160 gongar grunnbeløpet i folketrygda (20 825 600 kroner per 1. mai 2025), og er meint å gjelde samla økonomisk tap, irekna framtidig inntektstap. Beløpsgrensa vert føreslått regulert i straffeprosessloven § 444 nytt tredje ledd, § 445 nytt andre ledd og § 448 nytt andre ledd. Beløpsgrensa skal ikkje gjelde der den domfelte blir frifunnen etter gjenopning eller får erstatning etter § 444 andre ledd. Departementet føreslår heller inga øvre grense for kor stort beløp som kan tilkjennast i oppreising.

I tråd med høyringsnotatet føreslår departementet elles at straffeprosessloven § 449 første ledd blir endra slik at det går fram av lova at det er Statens sivilrettsforvaltning som behandlar krav om erstatning etter strafforfølging. Krav skal etter forslaget fremjast direkte til Statens sivilrettsforvaltning, og ikkje til det enkelte politidistriktet slik det blir gjort i dag.

I høyringsnotatet føreslo departementet også endringar i satsane for varetektsfengsling fastsett i forskrift 12. desember 2003 nr. 1472 om standardsatser for oppreisning etter uberettiget strafforfølgning, samt innføre ei årleg justering av satsane. Departementet tek sikte på å følgje opp desse forskriftsendringane på eit seinare tidspunkt.