3 Grunnlova og internasjonale plikter
Etter Grunnlova § 94 tredje ledd står dei som utan rett har arrestert nokon eller halde nokon ulovleg fengsla, til ansvar for vedkommande. Med ansvar meiner føresegna erstatningsansvar, jf. Dokument 16 (2011–2012) Rapport fra Menneskerettighetsutvalget om menneskerettigheter i Grunnloven, punkt 22.2, side 114. Medan krav om erstatning etter Grunnlova føreset ei ulovleg fridomskrenking, går retten til erstatning etter straffeprosessloven kapittel 31 lengre ved at reglane også gir rett til erstatning når ei sak om strafforfølging vert lagt bort eller vedkomande vert frifunnen, sjølv der fridomsinnskrenkingane har vore lovlege.
Grunnlova er ikkje til hinder for at det vert stilt krav om skuld hos den som er ansvarleg for den ulovlege fridomskrenkinga, så sant vilkåra for erstatning ikkje blir for strenge, jf. Andenæs og Fliflet, Statsforfatningen i Norge (2006), s. 406–407.
Føresegna i Grunnlova § 94 tredje ledd er ei vidareføring av ansvarsregelen som tidlegare stod i Grunnlova § 99 første ledd andre punktum. I motsetnad til første og andre ledd er ikkje tredje ledd utforma etter internasjonale førebilete, men har til felles med EMK og SP at ho etter ordlyden berre seier noko om ansvar overfor dei som er utsett for ulovleg fridomskrenking. Grunnlova § 94 inneheld ikkje noko uttømmande liste over kva føremål og situasjonar staten kan ta fridommen frå borgarane, slik EMK artikkel 5 nr. 1 til 4 gjer.
Føresegna i EMK artikkel 5 nr. 5 og SP artikkel 9 nr. 5 oppstiller ikkje krav om noko bestemt erstatningsbeløp, jf. dom 26. mai 2009 Damian-Burueana og Damian mot Romania (sak 6773/02) avsnitt 89, men beløpet må etter praksis frå EMD ikkje vere uvesentleg eller svært uforholdsmessig sett i forhold til alvoret av krenkinga, jf. dom 10. juli 2018 Vasilevskiy og Bogdanov mot Russland (sak 52241/14 og 74222/14) avsnitt 22 og 26.
Når det gjeld gjenopningssaker, gir EMK sjuande tilleggsprotokoll artikkel 3 (P7-3) og SP artikkel 14 nr. 6 rett til erstatning i samsvar med nasjonal rett når nye omstende gir grunnlag for gjenopning og desse på avgjerande måte viser at det har skjedd ei såkalla rettsfornekting («a miscarriage of justice»). Med «miscarriage of justice» meiner ein at det må føreligge «some serious failure in the judicial process involving grave prejudice to the convicted person», jf. punkt 23 i den forklarande rapporten til protokoll nr. 7. Føresegnene oppstiller inga spesifikk beløpsgrense eller faste satsar for kor mykje som skal utbetalast i erstatning i slike saker, men overlet i stor grad til kvar enkelt stat å fastsette utmålinga gjennom nasjonal lov eller praksis, jf. ordlyden: «compensation is payable ‘according to the law or the practice of the State concerned» i P7-3. Det går vidare fram av punkt 25 i den forklarande rapporten til protokoll nr. 7, at formuleringa «according to the law or the practice of the State concerned» inneber at medlemsstatane si lovgiving eller praksis må gi rett på erstatning i alle tilfella der P7-3 får verknad.