10 Merknader til føresegnene
10.1 Til endringane i straffeprosessloven
Til § 444 tredje ledd
Det vert i nytt tredje ledd i føresegna innført ei beløpsgrense for dekning av økonomisk tap ved erstatning etter straffeforfølging. Beløpsgrensa blir sett til 160 gongar folketrygdas grunnbeløp, slik dette er fastsett i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 1-4 med forskrift. Det er grunnbeløpet på utbetalingstidspunktet som skal leggjast til grunn ved utrekning av beløpsgrensa. Ved krav som overstig 160 G kan det overskytande fremjast i eit søksmål etter alminnelege erstatningsreglar.
Beløpsgrensa gjeld i utgangspunktet dei som vert tilkjend erstatning etter straffeprosessloven §§ 444 første ledd, 445 og 448. Dette gjeld likevel ikkje personar som er frifunne etter å ha fått saka si gjenopna, etter reglane i straffeprosessloven kapittel 27. Beløpsgrensa gjeld heller ikkje domfelte som vert tilkjend erstatning for økonomisk tap som skuldast fullbyrda straff som overstig den straffa vedkomande vart dømd til etter gjenopning, jf. § 444 andre ledd.
Beløpsgrensa gjeld både for fysiske og juridiske personar, og knyt seg til det samla økonomiske tapet. Døme på relevante økonomiske tap kan vere tap av liden og framtidig arbeidsforteneste, tap av klientar eller kundar, tap av bonus og pensjon, tap som følgje av psykiske problem etter fengsling og ekstrautgifter grunna beslag eller inndraging av førarkort. Andre erstatningspostar som til dømes oppreising skal ikkje medreknast.
I samsvar med § 444 første ledd, skal eit eventuelt økonomisk tap først vurderast opp mot nedsetjingsgrunnane i § 446, før ein ser på om det samla økonomiske tapet utgjer meir enn beløpsgrensa. Departementet viser til dei alminnelege merknadane i punkt 5.4.
Til § 445 andre ledd
Den føreslåtte føresegna er ny og regulerer beløpsgrensa for erstatning for økonomisk tap. Det vert vist til merknaden til § 444 nytt tredje ledd.
Bakgrunnen for endringane går fram av dei alminnelege merknadane i punkt 5.4.
Til § 448 andre ledd
Den føreslåtte føresegna er ny og regulerer beløpsgrensa for erstatning for økonomisk tap. Det vert vist til merknaden til § 444 nytt tredje ledd.
Bakgrunnen for endringane går fram av dei alminnelege merknadane i punkt 5.4.
Til § 449 første ledd
I første punktum vert det gjort nokre mindre justeringar som følgje av at krav om erstatning etter strafforfølging heretter skal rettast til Statens sivilrettsforvaltning, som avgjer kravet.
Andre punktum presiserer at Statens sivilrettsforvaltning må innhente politidokumenta i saka, medan behovet for å be påtalemakta om å uttale seg, kan vurderast konkret. Behovet for ein uttale vil avhenge av forholda i saka og kva spørsmål erstatningskravet reiser. Endringane er ikkje til hinder for at påtalemakta om ønskeleg uttalar seg om kravet allereie ved oversendinga av dokumenta i saka. Departementet viser til dei alminnelege merknadane i punkt 7.
10.2 Til lovforslaget del II
Skjeringstidspunktet for kva tid dei nye lovendringane skal gjelde, knyt seg til tidspunktet for siktinga, jf. straffeprosessloven § 82 første ledd. Der påtalemakta har teke ut sikting før lova tok til å gjelde, får endringane ikkje verknad. Der det ikkje er teke ut sikting før lova er trådd i kraft, men vedkomande har vore mistenkt og utsett for skjulte etterforskingsskritt slik at ein kan ha krav på erstatning etter § 82 tredje ledd, vil det vere tidspunktet for når dei skulte etterforskingsskritta tok til, som er avgjerande for om beløpsgrensa skal gjelde. Heller ikkje tap som oppstår etter at lova har trådt i kraft, vil då omfattast. Departementet viser til dei alminnelege merknadane i punkt 8.4.
Reglane tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen fastset. Føresegna gir òg ein heimel til Kongen, for å fastsette nærare overgangsreglar ved behov.