8 Overgangsreglar

8.1 Forbodet mot tilbakeverkande lover etter Grunnlova § 97

Det følgjer av Grunnlova § 97 at «[i]ngen lov må gjevast tilbakeverkande kraft». Føresegna vernar mot tilbakeverknad til skade for den enkelte. Forbodet mot tilbakeverknad er grunngitt i allmenne rettferds- og rettstryggleiksomsyn, og skal sikre borgarane føreseielege forhold og verne mot overgrep og vilkårleg behandling.

Kjerneområdet for føresegna er vern mot lovgiving som knyter nye byrder til handlingar eller hendingar som fann stad før lovendringa. Slik «eigentleg tilbakeverknad» er i utgangspunktet grunnlovsstridig med mindre det finst sterke samfunnsmessige omsyn som grunngir tilbakeverknaden. Inngrep i etablerte rettsposisjonar vil normalt berre vere grunnlovsstridig dersom tilbakeverknaden er særleg eller klart urimeleg eller urettferdig («ueigentleg tilbakeverknad»), jf. Rt-1996-1415.

8.2 Forslaget i høyringsnotatet

Departementet føreslo i høyringsnotatet 4. juli 2025 punkt 6.6 tre alternative overgangsreglar for ikraftsetjing av regelendringa om beløpsgrense, utan å konkludere på kva alternativ som var å føretrekke.

Dei tre ulike overgangsreglane vart lagt fram som alternativ a til c. Alternativ a og b knytte skjeringstidspunktet til tapet og la til grunn at beløpsgrensa ikkje skulle få verknad for tap som oppstod før lova trådde i kraft. Alternativ a la til grunn at beløpsgrensa i desse tilfella heller ikkje skulle gjelde framtidig inntektstap. Alternativ b la til grunn at framtidig inntektstap skulle dekkast med ein prosentdel tilsvarande kor mykje av den totale strafforfølgingsperioden som fann stad før lova trådde i kraft. Alternativ c la til grunn at beløpsgrensa ikkje skulle få verknad der ein fekk status som sikta før lova trådde i kraft.

Departementet drøfta tilhøvet til forbodet mot tilbakeverkande kraft i Grunnlova § 97, men meinte at ingen av alternativa ville vere i strid med føresegna. I høyringsnotatet la departementet vekt på at alternativ a og b ville medføre ein meir komplisert overgangsregel, men raskare ikraftsetjing, medan alternativ c ville vere den enklaste overgangsregelen.

8.3 Høyringsinstansane sitt syn

Det er berre Statens sivilrettsforvaltning som har uttala seg om forslaga til overgangsregel.

Statens sivilrettsforvaltning støttar alternativ c i høyringsnotatet. Dei meiner tidspunktet for siktinga bør vere avgjerande, då det er siktinga og strafforfølginga deretter som er den skadevaldande handlinga i saker om erstatning etter strafforfølging. Statens sivilrettsforvaltning peiker på at med alternativ c unngår ein unødig kompliserte vurderingar av når tap oppstår, samstundes som det varetek den skadelidne på ein god måte. Statens sivilrettforvaltning meiner at forslaga til overgangsregel i alternativ a og b vil vere tungvinte og by på vanskelege avgrensingsvurderingar.

8.4 Departementet si vurdering

Departementet føreslår ein overgangsregel som i all hovudsak er i tråd med alternativ c i høyringsnotatet, men at skjæringstidspunktet ikkje utelukkande vert knytt til tidspunktet for den formelle siktinga etter straffeprosessloven § 82 første ledd, men òg ved sikting etter § 82 tredje ledd. Føremålet med overgangsreglar er å sikre ein føreseieleg og god overgang frå gamalt til nytt regelverk, og er særleg aktuelt der ei lovendring verkar inn på etablerte rettar.

Ein mistenkt får stilling som sikta når påtalemakta har erklært at han er sikta eller har innleia strafforfølging mot han ved retten, eller det er bestemt pågriping, ransaking, beslag eller liknande retta mot han, jf. straffeprosessloven § 82 første ledd. Tidspunktet for når nokon vert sikta kan difor lett dokumenterast og vil sjeldan by på tvil.

I utgangspunktet er det først når ein person er formelt sikta at politiet eller påtalemakta har høve til å nytte tvangsmidlar, som igjen aukar sannsynet for at ein person kan påførast tap. Siktinga utløyser ei rekkje rettar for vedkomande, jf. straffeprosessloven kapittel 8. Ein overgangsregel knytt til tidspunktet for siktinga, vil såleis samsvare godt med lova sitt system elles.

Unntaksvis har politiet og påtalemakta høve til å nytte tvangsmidlar òg før vedkomande får status som sikta, jf. straffeprosessloven § 82 tredje ledd om skjulte etterforskingsmetodar retta mot ein mistenkt. I høve til reglane om erstatning etter strafforfølging får ein mistenkt likevel stilling som sikta, jf. straffeprosessloven § 82 tredje ledd siste punktum. Departementet føreslår ein overgangsregel som seier at beløpsgrensa ikkje skal gjelde for dei som vert sikta etter § 82 første ledd eller § 82 tredje ledd, før lova tek til å gjelde. Dette gjeld sjølv om tapet har oppstått etter lova trådde i kraft. Beløpsgrensa utgjer med dette ikkje noko inngrep i etablerte rettsposisjonar, og vil ikkje ha element av tilbakeverknad.

Departementet har vurdert behovet for ein overgangsregel knytt til endringa i saksbehandlingsreglane. I tråd med føringar i Ot.prp. nr. 77 (2001–2002) Om lov om endringer i straffeprosessloven mv. (erstatning etter strafforfølgning) punkt 17.4.5 side 99 har ein i praksis lagt til grunn at foreldingsfristen vert rekna som avbroten når kravet er sett fram for politidistriktet. Etter forslaget skal krav heretter rettast til Statens sivilrettsforvaltning og ikkje politiet som i dag. Dersom kravet ved ei feil framleis vert fremja til politidistriktet, og ikkje Statens sivilrettsforvaltning, og kravet i mellomtida vert forelda, må eventuelle spørsmål om fråfall av påstand om forelding vurderast opp mot føringane i rundskriv G 01/2017 punkt 5. Departementet meiner at det ikkje er behov for å gi ein eigen overgangsregel om dette, men at det i ein periode kan vere naturleg å vurdere å fråfalle forelding, til dømes fram til ein har fått på plass ei digital søknadsløysing.