9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Med utgangspunkt i talet og storleiken på erstatningssaker som er komne inn til Statens sivilrettsforvaltning dei siste åra, er det venta at erstatningsutgiftene vil auke i 2026 som følgje av at det er fleire saker med høge utbetalingar til behandling.
Å innføre ei øvre beløpsgrense for inntektstap kan i framtida gi innsparingar for staten i enkelte saker. Dei moglege innsparingane som følgje av forslaget er svært usikre og avheng av mange ulike moment. Regjeringa har vedteke ein offensiv politikk mot økonomisk kriminalitet som er følgd opp med vesentlege løyvingar til Økokrim og politiet. Departementet legg til grunn at dei auka løyvingane vil gi seg utslag i fleire straffeforfølgingar. Auken vil potensielt òg medføre fleire erstatningssaker, der enkelte vil nå beløpsgrensa. Storleiken på innsparingane som følgje av beløpsgrensa, vil avhenge av kor store inntektstapa er i dei enkelte sakene.
Det kan ta lang tid frå strafforfølginga til eit eventuelt erstatningskrav er ferdigbehandla og utbetalt. Beløpsgrensa vil gjelde for siktingar som blir tatt ut etter at lova har trådd i kraft. Fordi etterforsking av økonomisk kriminalitet ofte kan trekke ut, vil den fulle effekten av regelendringa kunne ta tid.