Prop. 82 L (2016–2017)

Endringar i veglova og vegtrafikkloven (bompengar i byane)

Til innhaldsliste

5 Forholdet til EØS-retten

EØS-avtala avgrensar i hovuddelen del II og III høvet til å hindre den frie flyten av varar, tenester, personar og kapital (dei fire fridomar) mellom medlemsstatane. Restriksjonar kan berre aksepterast dersom dei er grunngitt med allmenne omsyn, er proporsjonale og ikkje diskriminerer ut frå opphavsland innanfor EØS-landa.

Lovforslaget opnar for at det kan bli teke i bruk ulike former for takstar i byområda i Noreg. Som tidlegare omtalt, opnar lova allereie, gjennom regelverket om køprising, for dei moglege tiltaka som blir foreslått teke inn i veglova § 27.

Som omtalt i kapittel 3.1 er det fastsett forskrift 20.3.2015 nr. 230 om innkreving av bompenger frå tunge godskjøretøy med tillatt totalvekt over 3500 kg. Forskrifta gjennomfører EU-direktiv 1999/62/EF og direktiv 2006/38/EF (Eurovignette-direktivet). Forskrifta gjeld ikkje innkrevjing av bompengar i byområda, sjå nærare vurderinga frå Kommisjonen i brev til departementet av 31. juli 2000. Departementet viser elles til EØS-komiteen si avgjerd nr. 129/2012 av 13. juni 2012 om å innlemme endringsdirektivet i EØS-avtalen vedlegg XIII nr. 18a.

Direktiv 1999/62/EF og 2006/38/EF er endra gjennom direktiv 2011/76/EU. Endringane i direktivet går mellom anna ut på at bompengar som har i seg miljøkomponentar skal bli utforma ut ifrå ei berekning som er nærare fastsett i direktivet. Det er frivillig for medlemslanda om ein ønskjer å ta i bruk miljøkomponentar. Eurovignette-direktivet sitt verkeområde utanfor byane er heller ikkje endra gjennom direktiv 2011/76/EU. Dette betyr at føresegnene som gjeld ved ei eventuell framtidig utforming av bompengar i Noreg med miljøkomponentar, slik Eurovignette-direktivet gjeld no, berre har konsekvensar for bompengeinnkrevjing utanfor byane. Endringsdirektivet er teke inn i EØS-avtalen, og dei obligatoriske delane av det er gjennomført i norsk rett, jf. forskrifta om innkreving av bompengar frå tunge godskjøretøy.

Når det ligg føre eit EU-direktiv som har i seg berekning av bompengar ut frå miljøkostnader, taler dette etter departementet si vurdering for at EØS-retten ikkje er til hinder for å ta i bruk dei formene for bompengar som forslaget legg opp til. Til dette kjem at det i EØS-retten òg er teke inn eit direktiv frå EU som regulerer luftkvaliteten i Europa, med nærare krav om innhaldet av partiklar (PM10 og PM2,5), nitrogendioksid (NO2), svoveldioksid (SO2), nitrogendioksid (NO), bly, benzen, karbonmonoksid (CO) og bakkenær ozon, sjå nærare direktiv 2008/50/EF om luftkvalitet og reinare luft for Europa. Direktiv 2008/50/EF slår saman rammedirektivet for luftkvalitet, direktiv 96/62/EF, dotterdirektiva 1999/30/EF og 2000/69/EF og rådsavgjerd 97/101/EF og er gjennomført i norsk rett gjennom forurensningsforskriften kapittel 7 om lokal luftkvalitet. Forslaget til endringar i veglova § 27 er eit forslag som legg til rette for at byane har moglegheit til å nytte bompengesystemet til å avgrense den lokale luftforureininga i byane, slik at krava etter direktiva òg kan bli etterlevd på dette området.

Etter departementet si vurdering er forslaget ikkje i strid med EØS-retten, så lenge takstane som blir teke i bruk i medhald av lovforslaget blir praktisert på ein ikkje-diskriminerande måte. Departementet har tidlegare motteke signal om at Kommisjonen vurderer ei mogleg utviding av Eurovignette-direktivet til å omfatte byane. Dersom ein står ovanfor ei slik utviding, vil det kunne bli ei problemstilling om ordninga med lågutsleppssoner og miljødifferensierte bompengar kan nyttast i same område, ettersom Euorvignette-direktivet er til hinder for å krevje inn vegavgifter og bruksavgifter samtidig for å køyre på ein og same vegstrekning, jf. artikkel 7 nr. 3. Dette er noko som må bli vurdert dersom Eurovignette-direktivet blir utvida til å gjelde i byane.

Til forsida