Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapitler: 61, 400–491 Inntektskapitler: 3400–3490

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

2 Nærmare om budsjettforslaget

Programområde 06 Justissektoren

Programkategori 06.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 06.10 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–25

Driftsutgifter

512 884

512 027

518 040

1,2

50–59

Overføringer til andre statsregnskaper

42 551

56 193

55 469

-1,3

70–89

Overføringer til private

26 298

27 204

28 016

3,0

Sum kategori 06.10

581 733

595 424

601 525

1,0

Utgifter under programkategori 06.10 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

400

Justis- og beredskapsdepartementet

581 733

595 424

601 525

1,0

Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politi- og påtalemakta, redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap, utlendingsforvaltninga m.m. Justis- og beredskapsdepartementet er samordningsdepartement for norsk politikk i polarområda og for svalbardbudsjettet. Justis- og beredskapsdepartementet har eit særleg ansvar for å medverke til eit oversiktleg lovverk med samanheng og god lovstruktur. Alle lovforslag utanom dei som gjeld skattelover, skal leggjast fram for Justis- og beredskapsdepartementet for lovteknisk gjennomgang. Justis- og beredskapsdepartementet gir òg råd til andre departement om lovarbeid.

Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

479 933

477 434

479 519

23

Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres

32 951

34 593

38 521

50

Norges forskningsråd

42 551

56 193

55 469

70

Overføringer til private

11 506

12 315

12 651

71

Tilskudd til internasjonale organisasjoner

14 792

14 889

15 365

Sum kap. 0400

581 733

595 424

601 525

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker lønn og godtgjersle til tilsette i departementet og lønns- og driftsutgifter til råd og utval. Løyvinga skal òg dekke driftsutgifter i tillegg til investeringar og utviklingstiltak. Unntaksvis kan løyvinga på posten brukast til enkelte driftsutgifter i domstolane og ytre etat.

Talet på årsverk som er lønte på kap. 400, post 01, per 31. desember 2019, var 301,1 (ekskl. tilsette i permisjon utan lønn).

I tillegg til årsverka som er lønte på kap. 400, er om lag 26 årsverk i departementet lønte på andre budsjettkapittel under Justis- og beredskapsdepartementet. I 2020 er om lag seks personar beordra til arbeid i departementet, eller dei hospiterer i departementet.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01, mot meirinntekter på kap. 3400, post 01, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 479,5 mill. kroner.

Post 23 Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres

Sektorprinsippet i norsk forskingspolitikk inneber at departementet har eit overordna ansvar for forsking i sin sektor og på sine ansvarsområde. Departementet har både eit ansvar for langsiktig forsking for sektoren – det breie sektoransvaret – og eit ansvar for forsking som skal dekke behovet departementet sjølv har for kunnskap som kan danne grunnlag for politikkutvikling og forvaltning.

Løyvinga på post 23 skal bli brukt til forsking, til oppfølging av stortingsmeldingar eller offentlege utgreiingar og til evalueringar og anna innhenting av kunnskap på justis-, innvandrings- og beredskapsfeltet. Justis- og beredskapsdepartementet prioriterer forsking som styrkjer arbeidet med å nå langsiktige og overordna mål for sektoren.

I 2020 vart det gitt ei løyving på om lag 34,6 mill. kroner på posten. Ei stor del handlar om digital tryggleik, inkludert ei årleg tildeling til Center for Cyber and Information Security ved NTNU og ei årleg tildeling til Simula@UiB. I tillegg vart det mellom anna gitt tildeling til prosjekt innan brannforsking, vald i nære relasjonar, førebygging av vald og overgrep mot barn, områdegjennomgang av styring av politi- og lensmannsetaten, samd utgreiing av ny straffeprosesslov.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner til forsking og utvikling innan tiltak mot hatkriminalitet. Jf. og omtale av tiltak mot hatkriminalitet under kap. 440, post 01.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 38,5 mill. kroner.

Post 50 Norges forskningsråd

Noregs forskingsråd (Forskingsrådet) er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Regjeringa har fastsett fem mål for Noregs forskingsråd. Desse er

  • auka vitskapeleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit styringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet. Justis- og beredskapsdepartementet styrer midlane til Forskingsrådet i tråd med dette. Det samla resultatet av verksemda til Forskingsrådet i 2019 er omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2021.

Løyvingane frå Justis- og beredskapsdepartementet til Forskingsrådet skal i all hovudsak ta vare på det breie sektoransvaret for forsking og bidra til langsiktig kompetanse- og kunnskapsoppbygging innanfor sektorområda til departementet, der Forskingsrådet er programstyrar.

Tabell 2.1 Tildelingar til Noregs forskingsråd i 2019

Prosjekt

Beløp (mill. kr) 2019-tal

SAMRISK II

21

VAM 2 (velferd, arbeid og migrasjon)

7

IKTPLUSS

13

EUROPA

1,551

Sum

42,5

Forskinga i programma som er nemnde i tabellen over, har gitt ny og viktig kunnskap om spørsmål knytte til digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap, migrasjon og norsk europapolitikk. Innanfor området samfunnstryggleik er det no blitt bygt større kapasitet og samanheng i forskinga ved at større og langsiktige forskingsprosjekt har fått finansiering. Programma i Forskingsrådet bidrar vidare til god arbeidsdeling mellom nasjonale, nordiske og europeiske konkurransearenaer gjennom at innsatsområde og utlysingar blir koordinerte. Dette gir gode samspelseffektar og bidrar til at norske miljø hevdar seg godt i konkurransen om internasjonale forskingsmidlar.

I 2020 vart det gitt ei samla tildeling på om lag 56 mill. kroner til prosjekta som er oppførte i tabellen over.

I samband med at Noreg skal delta i ny periode for EU-programmet Horisont Europa, blir det foreslått å redusere løyvinga med 2,2 mill. kroner mot ei tilsvarande auke på Kunnskapsdepartementets budsjett.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 55,5 mill. kroner.

Post 70 Overføringer til private

Løyvinga skal dekke tilskot til Norsk senter for informasjonstryggleik (NorSiS), som del av arbeidet som departementet gjer for å førebu IKT-trygging i sivil sektor.

Vidare skal løyvinga dekke tilskot til Human Rights Service (HRS) på 1,8 mill. kroner. Tilskotet skal medverke til å gi betre kunnskap om innvandring og integrering i befolkninga, inkludert kunnskap om moglegheiter og utfordringar i denne samanhengen. Tilskotet vidareførast som følgje av ei avtale i Stortinget om tilskot til ideelle organisasjonar.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 12,7 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd til internasjonale organisasjoner

Løyvinga skal dekke Noregs tilskot/kontingentar til internasjonale organisasjonar og samarbeid på saksområda til Justis- og beredskapsdepartementet, i hovudsak desse:

  • Den internasjonale domstolen i Haag

  • Haagkonferansen for internasjonal privatrett

  • World Intellectual Property Organization (WIPO)

  • Det internasjonale instituttet i Roma for einsarta privatrett (UNIDROIT)

  • The Group of States Against Corruption (GRECO)

  • tilskot til Rådssekretariatet og Fellesorganet i samband med Schengen-samarbeidet

  • Interoperability Solutions for European Public Administration (ISA)

  • Austersjøområdet

  • Sikrare internett pluss

  • Nordisk samarbeidsråd for kriminologi

  • finansielt bidrag til kommisjonen for deltaking i Schengen-komiteane

  • The European Network and Information Security Agent (ENISA)

Regjeringa foreslår ei løyving posten på 15,4 mill. kroner.

Kap. 3400 Justis- og beredskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

4 699

5 631

5 782

02

Refusjon av ODA-godkjente utgifter

1 000

1 000

1 027

Sum kap. 3400

5 699

6 631

6 809

Post 01 Diverse inntekter

Post 01 blir brukt til å føre inntekter frå kantina som departementet driv i Nydalen, refusjonar knytte til rolla departementet har som programpartnar i EØS-midlane, og ymse inntekter. Desse inntektene varierer årleg. Refusjonar frå Utanriksdepartementet for den ODA-godkjende delen på 3 prosent av bidraget til World Intellectual Property utgjer om lag 100 000 kroner av inntektene.

Regjeringa foreslår at meirinntektene på kap. 3400, post 01, kan brukast til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01, tilsvarande, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 5,8 mill. kroner.

Post 02 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Visse utgifter knytte til reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 400, post 23.

Programkategori 06.20 Rettsvesen

Utgifter under programkategori 06.20 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–25

Driftsutgifter

3 077 775

3 089 627

3 257 753

5,4

Sum kategori 06.20

3 077 775

3 089 627

3 257 753

5,4

Utgifter under programkategori 06.20 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

61

Høyesterett

115 834

116 138

121 027

4,2

410

Domstolene

2 689 062

2 705 005

2 850 090

5,4

414

Forliksråd og andre domsutgifter

272 879

268 484

286 636

6,8

Sum kategori 06.20

3 077 775

3 089 627

3 257 753

5,4

1 Innleiing

Programkategori 06.20 omfattar Høgsterett, lagmannsrettane, tingrettane, Oslo byfutembete, jordskifterettane, forliksråda, Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark og Domstoladministrasjonen.

Målet for programkategori 06.20 Rettsvesen er rettstryggleik.

Domstolane er den tredje statsmakta, og dei har ei sentral rolle i ein rettsstat med å sikre rettar og vere konfliktløysar. Tilgjengelege og effektive domstolar som tek avgjerder med høg kvalitet innan rimelig tid, er avgjerande for rettstryggleiken til den enkelte. Domstolane skal vere uavhengige og upartiske, og arbeidet skal vere prega av openheit og integritet.

Forliksråda er det lågaste leddet i domstolstrukturen, og dei er eit rimeleg alternativ for å sikre rettstryggleiken til den enkelte.

Saksavviklinga i domstolane er i 2020 prega av smittevern tiltaka som følgje av virusutbrotet. Verksemda til domstolane er normalt prega av fysisk oppmøte for alle aktørar. Regjeringa har satt i verk ein rekke tiltak for å avhjelpe konsekvensane av virusutbrotet. Domstolane vart i 2020 styrkt i samband med revidert nasjonalbudsjett og økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet. Domstolane fekk midlar til teknisk utstyr (35 mill. kroner) for at fleire rettsmøte skal kunne gjennomførast ved hjelp av fjernmøteteknologi. Domstolane fekk også tilleggsløyving til midlertidige dommarstillingar og leige av lokale for å redusere restansar og auke takten i saksavviklinga (39 mill. kroner). Midlertidige tilpassingar i prosessregelverket har òg vore viktig for å oppretthalde forsvarleg og rettstrygg verksemd i domstolane. I 2021 blir ei sentral oppgåve for domstolane å oppretthalde normal saksavvikling og byggje ned restansane som blei opparbeida våren 2020. Regjeringa foreslår ei heilskapleg satsing på domstolane i form av ny domstolstruktur, auka digitalisering og ressursar til bemanning. Satsinga vil kunne sette domstolane i stand til å møte utfordringane i 2021 og framover.

1.1 Straffesakskjeda

Domstolane får saker frå påtalemakta. Dei alminnelege domstolane har ansvar for å vareta rettstryggleiken ved å avseie dommar og treffe avgjerder i straffesaker innan rimeleg tid og med høg kvalitet. Dette stiller krav til effektivitet og god saksflyt i domstolane. Domstolane har ein sentral rolle for å få til ei meir effektiv straffesakskjede.

1.2 Sivile saker

Dei alminnelege domstolane behandlar òg sivile saker, slik som tvistesaker, gjeldsordningssaker, konkurssaker, skiftesaker, skjønnssaker, mellombels sikring m.m. Forliksråda er eit rimeleg og effektivt tvisteløysingsorgan som meklar mellom partar i sivile saker og kan avseie dom i enkelte saker. Ein stor del av sakene blir endeleg avgjorde i forliksrådet. Avgjerder frå forliksråd kan leggjast fram for tingretten. Jordskiftedomstolane er særdomstolar som behandlar ei rekkje spørsmål knytte til fast eigedom etter jordskiftelova. Jordskifteretten er første instans, og lagmannsretten er ankeinstans. Finnmarkskommisjonen skal greie ut bruks- og eigarrettar til den grunnen som Finnmarkseigedommen overtok då finnmarkslova tok til å gjelde 1. juli 2006. Utmarksdomstolen for Finnmark er ein særdomstol som behandlar tvistar som kan oppstå etter at Finnmarkskommisjonen har greidd ut rettsforholda i eit område.

2 Prioriteringar i budsjettet

Regjeringa foreslår desse prioriteringane i 2021-budsjettet:

  • 71 mill. kroner til heilårseffekt av midlertidige dommarstillingar, jf. økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet våren 2020. Løyvingsauka til stillingar er ei varig auke i budsjetta til domstolane for å bidra til å byggje ned restansar og korte ned saksbehandlingstida.

  • 42,6 mill. kroner til prosjektet Digitale domstolar II som er ei utviding av det pågåande prosjektet Digitale domstolar til å omfatte alle domstolar, samt ei satsing på å betre informasjonstryggleiken.

  • 34 mill. kroner til vidareføring av prosjektet Digitale domstolar, der alt av saksbehandlinga i utvalde tingrettar, alle lagmannsrettane og Høgsterett skal digitaliserast. Totalt vil det vere løyvt 175 mill. kroner i investeringsmidlar til prosjektet sidan 2017.

  • Gevinstar frå prosjektet Digitale domstolar er talfesta til om lag 39 mill. kroner i 2021. Det blir foreslått at domstolane beheld desse gevinstane. Gevinstane skal brukast til å styrke kapasiteten i domstolane ytterlegare og til å dekke høgare driftsutgifter (lagring, vedlikehald m.m.) i samband med realiseringa av prosjektet.

  • 7 mill. kroner til å byggje lokalar i Oslo tingrett for å handtere informasjon på graderingsnivå «STRENGT HEMMELIG» i samband med ny lov om Etterretningstenesta.

  • 4 mill. kroner til å behandle saker om tilbakekall av statsborgarskap, jf. omtale under programkategori 06.90.

  • redusere løyvinga med 5 mill. kroner som følgje av utviding av tingrettanes rettskrinsar.

3 Domstolkommisjonen

Regjeringa sette i 2017 ned eit utval (Domstolkommisjonen) for å greie ut korleis domstolane bør organiserast for å vere best mogleg rusta til å vareta forventningar om effektivitet og kvalitet saman med sjølvstende gjennom endra samfunnstilhøve. Kommisjonen skal identifisere kva for sentrale utfordringar domstolane står overfor i åra som kjem.

Utgreiinga skal ta sikte på ei organisering og oppgåveløysing som er fleksibel og sikrar openheit og tilgjengelegheit, og som set domstolane i stand til å møte framtidig endring i samfunnet. Domstolane må òg rekruttere godt, og dei må ha fagleg og organisatorisk utvikling. Kommisjonen skal undersøke korleis desse omsyna er varetekne i dag.

Kommisjonen leverte ei delutgreiing om domstolstruktur i oktober 2019, NOU 2019: 17 Domstolstruktur. Hovudtilrådinga til kommisjonen er å styrke rettstryggleiken, sikre framleis høg tillit til domstolane og betre ressursutnyttinga ved å utvide rettskrinsane til tingrettane og jordskifterettane. For å sikre at domstolane er tilgjengelege, tilrår kommisjonen at domstolar i område med spreidd befolkning og store avstandar har rettsstader fleire stader i rettskrinsen. Fleirtalet i kommisjonen foreslår ein struktur med 22 rettskrinsar og 30 rettsstader for tingrettane og 13 rettskrinsar og 20 rettsstader for jordskifterettane. Ein samla kommisjon foreslår å oppretthalde den overordna strukturen for lagmannsrettene, men med enkelte justeringar i rettskrinsen til Borgarting lagmannsrett. Utgreiinga har vore på høyring saman med eit alternativt forslag frå departementet om berre å endre rettskrinsane for tingrettane og halde ved lag alle rettsstadene av i dag.

Kommisjonen la fram den andre og siste utgreiinga i september 2020. Ho omhandlar funksjonen og rolla til domstolane, forvaltningen av uavhengige domstolar og forbetra arbeidsprosessar i domstolane. Utgreiinga er til oppfølging i departementet.

4 Regelutvikling

Regjeringa ønskjer gode reglar som bidrar til at saker blir avvikla effektivt og med høg kvalitet. Departementet har arbeidd med endringar i dei to sentrale prosessregelverka tvistelova og straffeprosesslova for blant anna i større grad å leggje til rette for meir effektiv domstolsbehandling.

4.1 Endringar i straffeprosesslova

Ein god straffeprosess skal bidra til kvalitet, effektivitet og rettstryggleik i rettsstellet, og skal opne for rasjonell bruk av moderne informasjonsteknologi. Prosessordninga må vere tilpassa mangfaldet av saker som den teknologiske utviklinga, den sosiale mobiliteten og samfunnsutviklinga elles gir opphav til.

Regjeringa sette i 2014 ned straffeprosessutvalet, som fekk i oppdrag å utarbeide ei ny straffeprosesslov. Utgreiinga NOU 2016: 24 Ny straffeprosesslov vart levert i november 2016. Utgreiinga har vore på høyring og er til oppfølging i departementet. Regjeringa følgjer opp fleire av endringsforslaga frå NOU 2016: 24 og andre viktige reformer innanfor straffeprosessen med endringar i den gjeldande straffeprosesslova. Måla for endringane er å leggje til rette for ein rettssikker og effektiv behandling av straffesaker. Departementet vurderer spesielt nye reglar om førebuing av straffesaker og om at dommaren aktivt skal styre sakene ved behandlinga.

Regjeringa har starta delar av oppfølginga. Frå 1. januar 2020 vart ankar i dei mest alvorlege straffesakene tekne med i dagens silingsordning og dei blir no behandla på same måten som straffesaker med lågare strafferamme, sjå Prop. 53 L (2018–2019). Regjeringa sendte 27. august 2020 på høyring forslag til endringar i straffeprosesslova og straffelova. Forslaga gjeld reglane om overprøving av saksstyrande avgjersler ved anke og krav til tilståing frå den sikta i visse saker etter straffeprosesslova § 248. Høyringsforslaget inneheld og eit forslag om at retten skal kunne fastsetje oppdraget til forsvarar og bistandsadvokatar til eit bestemt timetal. Høyringsfristen er 13. november 2020.

Regjeringa sende 31. august 2020 på høyring forslag til endringar i straffeprosesslova om å kunne avgrense etterforsking og påtale i store straffesaker. Forslaget skal leggje til rette for god bruk av ressursane til politiet og påtalemakta. Høyringsnotatet inneheld òg forslag om ein ny paragraf i straffelova om serieovergrep. Høyringsfristen er 1. desember 2020.

Regjeringa sende 21. juni 2018 på høyring forslag om å stramme inn fristen for framstilling av varetektsfengsla personar. Høyringsfristen var 1. oktober 2018, og saka er til behandling i departementet. Fleirtalet av høyringsinstansane var positive til endringsforslaget.

4.2 Endringar i tvistelova

Regjeringa sende i 2018 på høyring forslag til endringar i tvistelova. Bakgrunnen for forslaga var å fremme formålet med tvistelova: forsvarleg og effektiv saksbehandling. Dette inneber òg betre proporsjonalitet ved at saksbehandlinga og sakskostnadene skal stå i eit rimeleg forhold til kor viktig saka er, og verdien av tvistegjenstanden.

Delar av arbeidet er blitt forserte. Lov om endringer i tvisteloven (verdigrensene) tredde i kraft 1. juli 2020. Med dette vart verdigrensa i tvistelova for behandling etter småkravsprosess og etter ankeretten i saker med formuesverdiar heva frå 125 000 kroner til 250 000 kroner, medan verdigrensa for obligatorisk forliksrådsbehandling vart heva frå 125 000 til 200 000 koner. Fleire saker vil dermed bli behandla enklare og meir effektivt i domstolane, og sakskostnadene vil stå i eit rimelig forhold til storleiken på kravet som tvisten står om. Det vil bidra til å sikre reell tilgang til domstolane. Heving av ankesummen bidrar til at ankebehandlinga ikkje ender med sakskostnader som overstig verdien av sjølve tvisten. Det vil òg bidra til meir fornuftig fordeling av domstolanes ressursar og redusere saksbehandlingstida i lagmannsrettane.

Regjeringa har sendt ut eit nytt høyringsnotat som blant anna omhandlar lovforslag om at lagmannsrettane skal få noko større rett til å nekte anker fremma i sivile saker, og forslag til endringar i reglane om rettsmekling for å bidra til at fleire nyttar seg av slik mekling. Regjeringa tek sikte på å fremme ein proposisjon om endringar i tvistelova sommaren 2021.

4.3 Midlertidig lov om tilpasningar i prosessregelverket

Med heimel i den midlertidige koronalova fastsette regjeringa 27. mars 2020 ein midlertidig forskrift for å avhjelpe konsekvensar av virusutbrotet i justissektoren. Forskrifta opphøyra å gjelde då koronalova vart oppheva 27. mai 2020, men reglane i forskrifta har blitt vidareført i midlertidig lov 26. mai 2020 nr. 47 om tilpasninger i prosessregelverket som følge av utbruddet av covid-19 mv. Ved endringslov 19. juni 2020 var det vedtatt ytterligare tilpassingar for å avhjelpe konsekvensane av virusutbrotet, blant anna regler om nye former for forkynning. Formålet til loven er å leggje til rette for ein forsvarleg og rettssikker verksemd i domstolane, politiet og påtalemakta mv. ved å avhjelpe konsekvensar av virusutbrotet. Lova utvider blant anna adgangen til å bruke fjernmøteløysingar, opnar for å behandle visse saker skriftleg og opnar for å ta i bruk midlertidige løysningar for signering og avseie avgjørsler i domstolane. Lova gjelder til 31. oktober 2020. Regjeringa har hatt på høyring eit forslag om å forlenge lengda til lova frem til 1. juni 2021.

4.4 Ny arvelov

Lov om arv og dødsboskifte (arvelova) tek til å gjelde 1. januar 2021. Dette er ei ny lov på nærmare 200 føresegner som gir ei samla og modernisert regulering av arv og dødsbuskifte, jf. Prop. 107 L (2017–2018). Lova styrker blant anna stillinga til livsarvingane, gir meir fleksible reglar for den som vil testamentere større eigedelar, og har nye reglar for dødsbuskifte m.m. Lova er utarbeidd som ein del av Klarspråk-prosjektet og utvikla med tanke på korleis borgarane skal bruke lova.

4.5 Ny lov om Etterretningstjenesten

Stortinget har vedteke ny lov om Etterretningstjenesten, jf. Prop. 80 L (2019–2020). Lova tek til å gjelde frå 1. januar 2021. Lova legg opp til domstolskontroll av tilrettelagd innhenting av grenseoverskridande elektronisk kommunikasjon. Det er dermed behov for å byggje lokale i Oslo tingrett som kan handtere gradert informasjon på graderingsnivå «STRENGT HEMMELIG» etter tryggingslova. Regjeringa foreslår å løyve 7 mill. kroner til bygging av dette lokalet, jf. oppmodingsvedtak nr. 678 (2019–2020).

Kap. 61 Høyesterett

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 410, post 01

115 834

116 138

121 027

Sum kap. 0061

115 834

116 138

121 027

Hovudoppgåva til Høgsterett er å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett behandlar ankar over avgjerder som er tekne av lågare domstolar, både i sivile saker og i straffesaker, men tek ikkje stilling til skuldspørsmålet i straffesaker. I 2019 kom det inn 856 ankar over dom til Høgsterett, fordelte på like mange sivile saker som straffesaker. Høgsterett skal som hovudregel berre gi samtykke til ankebehandling når anken gjeld spørsmål som er viktige utanfor den saka som ligg føre. I 2019 vart i overkant av 12 prosent av ankane over dom fremma til behandling i Høgsterett.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker faste og variable lønnskostnader og andre driftsutgifter som følgjer av verksemda til Høgsterett. Bemanninga i Høgsterett utgjorde 21 høgsterettsdommarårsverk, 25 utgreiarar og 33 andre årsverk per 31. desember 2019.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 61, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3061, post 03, jf. forslag til vedtak.

Vidare blir det foreslått at kap. 61, post 01 får stikkordet kan nyttast under kap. 410, post 01 og at kap. 410, post 01 får stikkordet kan nyttast under kap. 61, post 01, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner til lønnsauke for dommarar i Høgsterett med verknad frå 1. oktober 2019, jf. omtale i Innst. 140 S (2019–2020)

Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner til heilårseffekt av auka utgreiarkapasitet i Høgsterett

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,75 mill. kroner til diverse utbetringar

Det blir foreslått ei løyving på posten på 121 mill. kroner.

Kap. 410 Domstolene

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter, kan nyttes under Kap. 61, post 01

2 600 503

2 618 217

2 760 973

21

Spesielle driftsutgifter

86 421

84 135

86 393

22

Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overføres

2 138

2 653

2 724

Sum kap. 0410

2 689 062

2 705 005

2 850 090

Domstolane er uavhengige. Verken Stortinget, regjeringa eller andre styresmakter kan instruere eller påverke domstolane i den dømmande verksemda. Domstoladministrasjonen har ansvaret for å vareta og støtte opp under domstolane og sjølvstendet til domstolane og dommarane. Domstolane skal avgjere dei sakene dei får til behandling, forsvarleg og til rett tid.

Domstoladministrasjonen er den sentrale administrasjonen av domstolane og jordskifterettane i Noreg. Domstoladministrasjonen har det overordna administrative ansvaret for domstolane og skal arbeide for at domstolane til kvar tid møter krava og forventningane samfunnet stiller til dei. Domstoladministrasjonen fordeler ressursane til domstolane.

Retningslinjer for Domstoladministrasjonen

Stortinget fastset rammer og mål for budsjett og lover for verksemda i domstolane.

Nedanfor følgjer Justis- og beredskapsdepartementets forslag til generelle retningslinjer for verksemda til Domstoladministrasjonen for 2021.

Domstoladministrasjonen skal

  • leggje til rette for brukarorientering og utvikling i domstolane som gir reell tilgang til domstolane og riktige avgjerder til rett tid

  • sørge for effektiv ressursutnytting gjennom felles praksis og større satsing på aktiv saksstyring og utnytte moglegheitene til effektiv saksavvikling som allereie ligg i lovverket

  • leggje til rette for systematisk kvalitetsutvikling

  • leggje til rette for at domstolane kan oppfylle Stortingets mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid

  • sørge for sikre og stabile IKT-løysingar i ein digital rettsprosess, der personopplysningar og annan informasjon blir behandla på ein trygg måte

  • sikre systematisk og målretta rekruttering og kompetanseutvikling for leiarar og medarbeidarar i domstolane og Domstoladministrasjonen

  • sikre at oppgåveløysinga i domstolane skjer i forsvarleg trygge ramme

  • sikre eit godt avgjerdsgrunnlag for regjeringa og Stortinget

Mål for saksbehandlingstid

Dei alminnelege domstolane

Måla for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i dei alminnelege domstolane, dvs. i tingrettane og lagmannsrettane, gjeld både for straffesaker og sivile saker (tvistesaker) og blir vedtekne årleg gjennom Stortingets behandling av Prop. 1 S. Måla gjeld samla for domstolane og for kvar enkelt domstol. Domstolane må dessutan oppfylle enkelte lovbestemte fristar.

Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for domstolane under eitt, og talet på domstolar som er utanfor eitt eller fleire av måla til Stortinget, har på eit overordna nivå vore relativt stabilt over fleire år. Når det gjeld talet på saker som er komne inn til tingrettane, steig det i perioden frå 2010 til 2016, men i dei to neste åra gjekk talet på innkomne saker ned. Det gjeld både straffesaker og sivile saker. I 2019 heldt det fram med å komme inn færre sivile saker, medan det kom inn fleire straffesaker. I første halvår i 2020 har det kome inn fleire straffesaker til tingrettane samanlikna med den same periode i fjor, men det har komne inn færre sivile tvistesaker.

Her følgjer ei oversikt over dei sakstypane der Stortinget har sett mål for saksbehandlingstid, i høvesvis tingrettane og lagmannsrettane:

Boks 2.1 Stortinget har sett mål for domstolane i desse sakstypane

Tingrettane

Sivile saker:

  • Tvistesaker: rettsleg (sivil) tvist som normalt blir behandla etter reglane i tvistelova.

Straffesaker:

  • Meddomsrettssaker: ordinære straffesaker der både skuld og straff skal avgjerast. Retten blir sett med éin fagdommar og to meddommarar.

  • Einedommarsaker: avgjerder i straffesaker (inkludert avgjerder som er tekne under etterforskinga) som blir avgjorde av éin dommar.

Lagmannsrettane

Sivile saker:

  • Anke over dom i tvistesak: ein sivil dom som blir anka.

Straffesaker:

  • Meddomsrettssaker – bevisanke1: straffesaker ved anke over skuldspørsmålet. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.

  • Meddomsrettssaker – avgrensa anke: straffesaker ved anke over straffutmålinga i saker med strafferamme på over seks år. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.

  • Fagdommarsaker: straffesaker ved anke over straffeutmålinga i saker med strafferamme på inntil seks år pluss straffesaker ved anke over lovbruk eller saksbehandling (uansett strafferamme). Retten blir sett med tre fagdommarar.

1 Tidlegare vart desse sakene med strafferamme på over seks år avgjorde av ein jury (lagrettesaker med tre fagdommarar og ti lagrettsmedlemmer), og sakene med strafferamme på inntil seks år avgjorde med ein meddomsrett med tre fagdommarer og fire meddommarar. Juryordninga vart avvikla 1. januar 2018. Med lovendringa blir alle straffesaker i lagmannsretten, med unntak av fagdommarsakene, avgjorde av ein meddomsrett med to fagdommarar og fem meddommarar. Saker som vart anka til lagmannsretten før 1. januar 2018, følgde den gamle ordninga. Saker som blir anka seinare, blir behandla i tråd med dei nye reglane. Etter 31. desember 2018 har alle ankesaker blitt behandla i tråd med dei nye reglane.

Jordskifterettane

Det vurderast å foreslå å fastsetje mål for saksbehandlingstid i jordskifterettane. At ei avgjerd vert avgjort i rimeleg tid etter saka er anlagt, er viktig både ut ifrå omsynet til partane og rettsvesenets renommé. Nyare brukarundersøkingar gjennomført i regi av Domstoladministrasjonen viser at lang saksbehandlingstid i jordskifteretten er opplevd som negativt for brukarane.

Analyser av saksbehandlingstida i saker avslutta i tidsrommet 2014 til 2019 viser at gjennomsnittleg saksbehandlingstid for rettsendrande saker var på 17,2 månader og på 15,4 månader for rettsfastsetjande saker.

Dei rettsfastsetjande sakene er grensegang og rettsutgreiing. Det er sakstypar der jordskifterettene ein viss grad har parallell kompetanse med dei alminnelege domstolane der Stortinget sitt saksbehandlingskrav er seks månader.

Rettsendrande saker gjeld omforming av eigedoms- og bruksrettsforhold. I dei rettsendrande sakene er det ofte mange partar i kvar sak, og avgjerd av saka vil ofte krevje fleire rettsmøter.

Departementet meiner at på sikt vil måltal for saksbehandlingstid gjere jordskifterettene meire effektive enn dei er i dag. Måltalet må difor setjast slik at dei har noko å strekkje seg etter.

Departementet vurderar eit mål på gjennomsnittleg saksbehandlingstid på ni månader i dei rettsfastsetjande sakene, og 15 månader i dei rettsendrande sakene. Begge forslaga til måltall er godt under dagens gjennomsnitt. For at jordskifterettane skal kunne oppnå desse måla, er det nødvendig å sjå nærare på dei særlege saksbehandlingsreglane i jordskifteloven og andre tiltak av teknisk og praktisk karakter som kan gi betre saksflyt og kortare saksbehandlingstid. I lys av situasjonen med virusutbrotet vil departementet vente med å foreslå at Stortinget fastsetjar mål for jordskifterettane.

Tabell 2.2 Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid

Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid

Mål i månader

Tingrettane

Lagmannsrettane

sivile saker (tvistesaker)

6

6

straffesaker (meddomsrettssaker)

3

3

straffesaker (einedommarsaker)

1

Riksrevisjonen har undersøkt saksbehandlingstid og effektivitet i tingrettane og lagmannsrettane, jf. Dokument 3:3 (2019–2020). I undersøkinga peikar Riksrevisjonen på fleire kritikkverdige forhold. Riksrevisjonen meiner blant anna at det er svært alvorleg at ikkje fleire domstolar når måla Stortingets har sett for saksbehandlingstid i straffesaker. Riksrevisjonen fann at det samla sett i 2018 var eit potensial i tingrettane for å behandle åtte prosent fleire saker, gitt ressursane som kvar enkelt tingrett har tilgjengeleg. Departementet arbeider i samråd med Domstoladministrasjonen for å auke effektiviteten og betre måloppnåinga, med tiltak knytta til struktur, digitalisering og regelverk. Sjå òg omtale av oppmodingsvedtak nr. 94 i del I.

Straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane

Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i meddomsrettssaker i tingrettane gjekk ned frå 3,2 månader i 2018 til 3 månader i 2019 (sjå figur 2.1). Av tingrettane var 20 domstolar utanfor målet om saksbehandlingstid på 3 månader. Det er éin færre enn i 2018. Tingrettane avvikla fleire saker enn dei fekk inn, og dette bidrog til at behaldninga av meddomsrettssaker hadde gått ned 12 prosent ved årsskiftet 2018/2019 samanlikna med året før. Smittevern tiltaka som følgje av virusutbrotet har ført til ein auke i restansar, spesielt for meddommarsaker i tingrettane. Ein ser at talet på gamle restansesaker aukar. Ved årsskiftet 2019/2020 låg det 825 saker til behandling med ein alder på over tre månader. Ved utgangen av juni 2020 hadde dette talet auka til 1 170. Saksbehandlingstida er tilnærma lik som tidligare, men det er venta at etter kvart som dei eldre sakene blir avvikla, vil den gjennomsnittlege saksbehandlingstida auke.

Alle tingrettane, så nær som éin, nådde Stortingets mål i einedommarsaker. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i einedommarsaker har vore stabil på om lag 0,4 månader over tid.

Ingen av lagmannsrettane nådde Stortingets mål for ankar over dom i straffesak. Det har vore krevjande å nå målet på tre månader. Det er sett i verk fleire tiltak som ser ut til å ha ein positiv effekt på saksbehandlingstida, blant anna utvida høve for domstolane til å nekte å ta ei sak til behandling (ankesiling) og utgreiarar i Borgarting lagmannsrett. Departementet vil sjå på effekten av tiltaka før det blir vurdert å endre målet. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i straffesaker i lagmannsrettane gjekk noko ned i 2019 (sjå figur 2.4). Våren 2020 har lagmannsrettane hatt lågare takt i saksavviklinga enn normalt. Lagmannsrettane har hatt vesentlig lågare saksinngang av straffesaker våren 2020 samanlikna med tilsvarande periodar i tidlegare år, og saksbehandlingstida er som ho var før smitteverntiltaka i samband med virusutbrotet tredde i kraft. Talet på gamle saker har auka markant. Det kan tyde på at ein våren 2020 i hovudsak har kunna avvikle dei minst komplekse sakene, med få møtande aktørar og partar, medan dei sakane som skal avviklast framover, gjennomgåande har ein auka kompleksitet.

Figur 2.1 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tingrettane 2015–2019

Figur 2.1 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tingrettane 2015–2019

Figur 2.2 Restansar for meddomsrettssaker i tingrettane

Figur 2.2 Restansar for meddomsrettssaker i tingrettane

Figur 2.3 Restansar for tvistesaker i tingrettane

Figur 2.3 Restansar for tvistesaker i tingrettane

Figurane 2.2 og 2.3 viser tal på saker som låg til behandling (i restanse) i tingrettane på fem tidspunkt: Årsskiftet 18/19, årsskiftet 19/20, 13. mars 2020, etter første halvår 2020 (30. juni) og per 1. september 2020. Dei delane av søylene som er farga viser kor mange saker som var innanfor eit visst aldersspenn på dei respektive tidspunkta. Hovudbiletet er at det var gjennomgåande reduksjon i restansar i dei siste månedane før virusutbrotet kom, medan restansane har auka etter 13. mars 2020. Samansetninga av dei ulike aldersdelane av søylene viser vidare at sakene som ligg til behandling gradvis vert eldre. Det er høgare tal på «gamle» saker på dei siste to målepunkta samanlikna med tilstanden 13. mars 2020. Dette vil i neste omgang verke på gjennomsnittleg saksbehandlingstid framover, når ein etter kvart kommer dit at sakene kan avviklas. Regjeringa har derfor satt i verk ein rekke tiltak for å handtere situasjonen.

Figur 2.4 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i lagmannsrettane 2015–2019

Figur 2.4 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i lagmannsrettane 2015–2019

I tillegg til at Stortinget har fastsett mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid, har straffeprosesslova § 275 fristar for saksbehandlinga i straffesaker. I saker der den sikta var under 18 år på handlingstidspunktet, eller er varetektsfengsla når saka blir fastsett i tid og stad, gjeld særskild frist for når hovudforhandlinga skal starte opp. I 2019 sette tingrettane i gang hovudforhandlinga for seint i 51 prosent av sakene der den sikta var i varetekt, mot i 46 prosent i 2018. I saker der den sikta var under 18 år, vart hovudforhandlinga sett i gang for seint i 62 prosent av sakene i 2019, mot i 58 prosent i 2018. I lagmannsrettane vart tidspunktet for hovudforhandlinga fastsett for seint i 56 prosent av straffeankane, mot i 50 prosent i 2018. I saker der den sikta sit i varetekt, vart ankeforhandlinga sett i gang for seint i 76 prosent av sakene i 2019, mot i 83 prosent av sakene i 2018.

Tvistesaker i tingrettane og lagmannsrettane

Tingrettane held seg samla sett innanfor målet Stortinget har sett for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tvistesaker (sjå figur 2.1). Den samla gjennomsnittlege saksbehandlingstida i tvistesaker var på 5,5 månader i 2019, tilnærma uendra frå 2018. Av tingrettane var 19 domstolar utanfor Stortingets mål for saksbehandlingstid i tvistesaker, det same talet som i fjor. I 2019 var det ein reduksjon i talet på innkomne tvistesaker på 8 prosent, og det er det tredje året med nedgang etter mange år med auke. Tingrettane behandla fleire saker enn det kom inn i 2019, og behaldninga av saker vart redusert med 9 prosent.

Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for anke over dom i sivile saker i lagmannsrettane auka frå 2018 til 2019, frå 6,3 månader til 7,0 månader (sjå figur 2.4). Det kom inn noko færre ankar over dom i sivile saker i 2019 samanlikna med året før. Lagmannsrettane har behandla fleire sivile saker enn det kom inn, og behaldninga av saker vart noko redusert. Ein stor del av sakene som blir behandla i lagmannsrettane, inneheld rettsmøte med mange møtande aktørar. Smitteverntiltaka som var innført i midten av mars 2020, påverka moglegheitene til å avvikle saker. Når det gjeld dei sivile sakane fekk lagmannsrettene inn 12 prosent færre ankar over dom i sivile saker i første halvår 2020 samanlikna med den same perioden i 2019. Avviklinga av saker vart redusert med 16 prosent. Den positive utviklinga i restansesida hausten 2019, er igjen snudd til restanseauke våren 2020. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for dei sakene som er avvikla første halvår 2020, er tilnærma lik som for den same perioden i 2019, men auka restansar vil føre til at den gjennomsnittlege saksbehandlingstida vil auke framover. Regjeringa har derfor satt i verk ein rekke tiltak for å handtere situasjonen, i form av løyvingsauke og regelverksendringar.

Tvistelova gir fristar for saksførebuinga i allmennprosessen, både for start av hovud- og ankeforhandling og for når avgjerder skal bli tekne.

Saksavvikling jordskiftedomstolane

Jordskifterettane fekk inn 1 253 saker i 2019. Det er ein auke på 7 prosent samanlikna med året før, men talet er lågare enn talet på saker i perioden 2015–2017. Det vart avgjorde 1 325 saker, omtrent like mange som året før. Relativt liten saksinngang og fleire avgjorde saker gjorde at saksrestansane vart reduserte med 5 prosent.

Saksavviklingstal frå 2019 viser at den gjennomsnittlige saksbehandlingstida for rettsendrande saker låg på i overkant av 17 månader, medan ho for rettsfastsetjande saker låg på 16 månader.

Det er store skilnader i den gjennomsnittlege saksbehandlingstida mellom dei enkelte jordskifterettane.

Domstolstruktur og organisering

Regjeringa ønskjer eit likare domstoltilbod i heile landet. Regjeringa vil gi domstolane betre vilkår for å vidareutvikle eigen kompetanse og kvalitet, og ho vil betre ressursutnyttinga i domstolane og gjere domstolane betre eigna til å tilpasse seg variasjonar i saksmengd og type. Domstolstrukturane av i dag hindrar domstolane i å utnytte ressursane effektivt. Mange av tingrettane i landet har lita saksmengd og få tilsette. Det er avgrensa høve til å fordele om ressursar til domstolar med lang saksbehandlingstid eller til nye viktige tiltak. Det er stor variasjon i saksinngangen, ikkje berre mellom domstolane, men også i éin og same domstol frå eitt år til eit anna. Det er krevjande å tilpasse kapasiteten til store endringar i saksmengda når domstolstrukturen er sårbar og lite fleksibel.

Domstolkommisjonen skildrar ei rekkje utfordringar ved dagens tingrettsstruktur og trekkjer blant anna fram at sakene har blitt meir tidkrevjande og komplekse enn tidlegare, og at det er sårbare fagmiljø, utstrekt bruk av dommarfullmektigar, skilnadsbehandling, ulik arbeidsbelastning og ulik saksbehandlingstid. Kommisjonen meiner dei same momenta langt på veg gjer seg gjeldande for jordskifterettane, som er organiserte i endå mindre einingar enn tingrettane. Kommisjonen peikar òg på at både Domstoladministrasjonen og innstillingsrådet for dommarar over tid har vore urolege for rekrutteringa til dommarstillingar. Innstillingsrådet for dommarar varsla i 2018 om at rekrutteringa til norske domstolar er ei utfordring fordi det ved fleire utlysingar er for få kvalifiserte søkarar. Dette gjeld særleg jordskifterettane, alminnelege dommarembete i mindre sentrale strøk og embete som domstolleiar. I fleire tilfelle har det ikkje vore mogleg å oppfylle krava i domstollova om å innstille tre kvalifiserte søkarar til eit embete.

Regjeringa vil i haust leggje frem ei eiga sak om endringar i domstolstrukturen som følgjer opp utgreiinga frå kommisjonen. Departementet vil foreslå å utvide rettskrinsane til tingrettane og jordskifterettane, men oppretthalde alle rettsstadene. Strukturendringane utgjer saman med satsingane på digitalisering og regelverksendringar ein einsarta og langsiktig løysing på utfordringane domstolane står overfor, som er omtalte i både Domstolkommisjonens utgreiing og Riksrevisjonens rapport. Større rettskrinsar vil gi større fagmiljø og høve for moderat spesialisering, noko som igjen kan betre rekrutteringsgrunnlaget. Forslaget følgjer opp ønsket til regjeringa om å samle barnesakene i nokre tingrettar for å styrke fagkompetansen, i tråd med anbefalinga til særdomstolsutvalget. Med forslaget til departementet vil alle tingrettane i utgangspunktet bli av ein slik storleik at dei kan spesialisere ein viss del av dommarane som kan behandle denne sakstypen. Sjå Prop. 1 S frå Barne- og familiedepartementet. Større rettskrinsar vil òg auke fleksibiliteten, i tråd med tilrådingane frå Riksrevisjonen.

Den viktigaste bakgrunnen for strukturendringane er auka kvalitet, betre og likare tenestetilbod, og betre ressursutnytting. Strukturendringane vil kunne ha budsjettmessige konsekvensar både på kort og lang sikt. Strukturendringane er av Domstoladministrasjonen anslått å gi ei årleg effektivisering på 44 dommarårsverk (tilsvarande 66 mill. kroner), som først og fremst vil bli nytta til å auke saksavviklinga slik at domstolane vil kunne overhalde fristane til Stortinget om saksbehandling og lovbestemte fristar. Fordi effektiviseringa bør bli nytta til å redusere saksbehandlingstida, og fordi dommarane er uavsetjelege, og det berre vil vere ein avgrensa del av strukturendringane som vil kunne bli sett i verk i 2021, vil løyvingane til domstolane berre i liten grad bli redusert. Det blir foreslått ein reduksjon over kap. 410 på 5 mill. kroner i 2021.

For å auke effektiviteten i domstolane er det naudsynt med endringar i strukturen. Ein auke i løyvinga, utan strukturendringane, gir ingen auke i kvalitet eller betre tenestetilbod. Auke i løyvinga vil heller ikkje følgje opp dei andre funna i Riksrevisjonens rapport. I tillegg vil det føre til at effektiviteten i tingrettane vil gå ytterlegare ned. Riksrevisjonen peikte på at domstolane i dag kunne ha behandla 8 prosent fleire saker med dei ressursane som per no er tilgjengelege, og meinte det var kritikkverdig at dette potensialet for effektivisering ikkje var utnytta betre. Ein ytterlegare tilførsel av ressursar innanfor den noverande strukturen vil såleis forsterke den strukturelle ineffektiviteten Riksrevisjonen peikte på. Strukturendringar er saman med løyvingsauka og satsinga på digitalisering ein heilskapleg satsing på domstolane.

Figur 2.5 Saksinngang meddomsrettssaker 2019 vs. 2018 (prosentvis endring)

Figur 2.5 Saksinngang meddomsrettssaker 2019 vs. 2018 (prosentvis endring)

Figur 2.6 Saksinngang tvistesaker 2019 vs. 2018 (prosentvis endring)

Figur 2.6 Saksinngang tvistesaker 2019 vs. 2018 (prosentvis endring)

Forslaget frå departementet om å oppretthalde alle dagens rettsstader bør likevel ikkje vere til hinder for frivillige samlokaliseringar, når forholda ligg til rette for det. Ut frå erfaringar frå tidlegere prosessar med lokale initiativ til frivillige samanslåingar, finn departementet grunn til å stille opp nokre kriterium for å presisere kva som oppfyller kravet til lokal semje om samlokalisering. Eit utgangspunkt bør i samband med dette vere at det ikkje er tilstrekkeleg at leiaren av domstolen ønskjer samlokalisering. Slik departementet ser det, bør ei samlokalisering òg ha brei støtte blant dei tilsette i domstolen. Andre aktørar som blir påverka, blant anna kommunane og advokatane i rettskrinsen, må òg bli høyrde i prosessane. I alminnelegheit må det vere brei lokal støtte til samlokalisering òg frå dei kommunane og aktørane som blir påverka av dette. Kravet om brei lokal tilslutning skal likevel ikkje bli forstått slik at alle må vere samde, men gode motførestillingar frå sentrale aktørar som blir påverka, må bli lagd vekt på. Prosessane må vere breie og opne, slik at det er mogleg å dokumentere at kravet om lokal semje var oppfylt. Dei same kriteria bør òg gjelde for eventuelle framtidige samanslåingar.

Lokalt initiativ førte til samanslåing av fire tingrettar til éin tingrett frå 1. januar 2019: Vestfold tingrett. Andre lokale initiativ våren 2019 førte til at Fredrikstad tingrett, Halden tingrett, Sarpsborg tingrett og Moss tingrett inngjekk avtale om å slå seg saman til éin tingrett. Det same gjorde Nedre Romerike tingrett og Øvre Romerike tingrett. Det er vedteke at tingrettane skal bli slått saman frå det tidspunktet departementet fastset. Prosessane i Østfold og på Romerike er sette på vent til Stortinget har behandla endringar i domstolstrukturen i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak nr. 635 (2019–2020), sjå del. I.

Det har blitt etablert fleire faste ordningar med felles leiing frå 2017. Felles leiing inneber at ein leiar av domstolen leier meir enn éin domstol. Erfaring viser at felles leiing blant anna gir redusert sårbarheit, potensial for betre ressursutnytting og meir effektiv saksavvikling, samstundes som kontorstadene kan haldast ved lag. Ved utgangen av 2019 var det etablert fast felles leiing for til saman 17 tingrettar med åtte sorenskrivarar og det var fem faste felles jordskifterettsleiarar for til saman ti jordskifterettar. I tillegg kjem to tingrettar med ein felles konstituert sorenskrivar og to jordskifterettar med ein felles konstituert jordskifterettsleiar. Når domstolleiarstillingar i tingrettar og jordskifterettar blir ledige, vurderer Domstoladministrasjonen i kvart enkelt tilfelle om vilkåra for felles leiing er til stades.

Domstoladministrasjonen har i 2019 arbeidd med å samle rekneskaps- og lønnsfunksjonane for domstolane i ei felles eining i Trondheim. Overføringa av oppgåvene frå domstolane til denne eininga starta våren 2020 og blir gjennomført i løpet av 2021. Formålet med å samle oppgåvene i ei fageining er å etablere ein meir effektiv tenesteproduksjon, standardisere arbeidsprosessane og generelt heve kvaliteten og kontrollen innanfor fagområdet. Samlinga legg òg til rette for betre, meir einsarta salærbehandling og -kontroll. Samstundes skal ho leggje til rette for at datagrunnlaget kan forbetrast (strukturerte data), og for at det kan utviklast verktøy for å samanlikne krav i liknande saker. Sjå omtale under programkategori 06.60.

Domstoladministrasjonen arbeider med eit forslag til ei ny myndigheits- og kompetansefordeling mellom eininga som er omtalt ovanfor og dommaren/domstolen, i samband med salærbehandling. Formålet er å vurdere om det er innanfor ei slik organisering er mogleg å overføre avgjerdskompetanse til fageininga og å setje ned ei ordning for å overprøve avgjerdene til eininga.

Hurtigbehandling av straffesaker i Oslo tingrett

I september 2016 starta eit toårig prosjekt med hurtigbehandling av straffesaker i Oslo, som er vidareført i 2019 og 2020. Ein rapport frå juni 2020 viser at hurtigbehandling av straffesaker i Oslo har vore vellukka. Det er per. i dag behandla nesten 700 saker i prosjektet. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida ligg på om lag 20 dagar. Statistikk viser at 83 prosent av dei som sit i varetekt, får avgjort saka si i første fengslingsperioden. Frå 2021 er hurtigbehandlinga av straffesaker i Oslo ein permanent ordning.

Hurtigbehandlinga gjeld straffesaker med et klart og oversiktelig bevisbilete der det er fare for unndraging, men også andre sakstypar kan bli behandla ved ledig kapasitet. Dette gjer at fleire straffesaker kan bli gjennomført utan utsetjing, og fleire straffbare handlingar kan bli straffeforfølgde. Dommane blir avsagde i Oslo tingrett kort tid etter pågriping, og det blir raskt avgjort om ein eventuell anke skal behandlast i Borgarting lagmannsrett. Straffa blir sona rett etter rettskraftig dom, med frådrag for tida i varetekt. Er det aktuelt med utvisingsvedtak med innreiseforbod, blir det raskt gjort vedtak om dette, og den dømde blir ført ut av landet. Dermed kjem utanlandske lovbrytarar raskare ut av landet, og ein hindrar nye brotsverk i Noreg.

Digitalisering av domstolane

Regjeringa moderniserer domstolane. Moderniseringa skjer gjennom utvikling av nye arbeidsmåtar i domstolane og digital kommunikasjon med publikum og andre aktørar i straffesakskjeda. Domstolane går gjennom eit digitalt skifte, blant anna synleggjort gjennom prosjekta Digitale domstolar og Digitale domstolar II. Dette vil føre til ei vesentleg effektivisering av domstolane og bidra til å redusere saksbehandlingstida. Arbeidet er viktig for å halde oppe den høge kvaliteten i saksbehandlinga til domstolane, noko som igjen er viktig for at befolkninga skal ha tillit til dei. Samfunnet forventar digitale arbeidsmåtar og tenester i møte med offentlege verksemder, og at tenestene tek hand om krav til tryggleik og til personvernet til den enkelte på ein god måte. God digital tryggleik (informasjonstryggleik) er ein særleg viktig føresetnad for å kunne halde oppe tilliten til domstolane. Satsinga regjeringa gjer på digitalisering av domstolane er sentral, i oppfølginga av Riksrevisjonens kritikk av saksbehandlingstida i domstolane, og handteringa av situasjonen med virusutbrotet.

Sentralt i arbeidet med digitalisering er prosjekta Digitale domstolar, Digitale domstolar II og Opptak i retten (lyd- og biletopptak i retten).

Prosjektet Digitale domstolar vart sett i gang i 2017. Prosjektet strekkjer seg over totalt seks år (frå 2017 til 2022). Prosjektet omfatta i første omgang dei tolv største tingrettane, lagmannsrettane og Høgsterett. I tillegg er domstolar der det er avgjort samanslåing eller å innføre permanent felles leiing, fasa inn i satsinga. Dette gjer at fleire domstolar enn det som opphaveleg var planen, deltek i prosjektet. Ved utgangen av 2020 er det 27 tingrettar som tek del i prosjektet, i tillegg til lagmannsrettane og Høgsterett. Digitale domstolar handlar om utstyr i rettssalar og produktutvikling for å sikre at domstolane er formålstenleg innretta. Prosjektet Digitale domstolar vil gi samfunnsøkonomiske gevinstar, både for domstolane og for andre aktørar.

Prosjektet Digitale domstolar II er ei utviding av det pågåande prosjektet Digitale domstolar til å omfatte alle domstolar, samt ei satsing på å betre informasjonstryggleiken. Prosjektet inneber ei betydeleg opptrapping, og vil ha som resultat at domstolane blir vesentleg meir digitalt modne. Prosjektperioden for utvidinga er planlagd til fire år (2021–2024). Prosjektet inneber at det investerast i teknisk utstyr og produktuvikling. Satsinga på å betre informasjonstryggleiken handlar om å betre den digitale grunnsikringa i samhøve med den nasjonal strategien for digital tryggleik, med mål om å styrke eige vern mot uønskte digitale hendingar og å sørge for at personopplysningar og annan informasjon som treng særleg vern, blir behandla på ein trygg måte.

Dei to siste åra er arbeidet med å utvikle nye digitale arbeidsformer som støttar ein heildigital rettsprosess, intensivert. På grunn av virusutbrotet er det arbeidd særleg med regelverk, løysingar, rutinar og rettleiarar som støttar ei digital arbeidsform, til dømes elektronisk signatur og forkynning og gjennomføring av rettsmøte ved omfattande bruk av fjernmøteteknologi. Det er òg investert mykje i utstyr for å støtte saksbehandlinga i domstolane og i rettssalane for å auke kapasiteten til å gjennomføre digitale rettsmøte. I 2020-budsjettet vart det gitt ei tilleggsløyving på 20 mill. kroner til digitalisering for å kunne styrke evna til å gjennomføre papirlause rettsmøte. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 vart det gitt ei tilleggsløyving på 35 mill. kroner til teknisk utstyr, slik at fleire rettsmøter kan gjennomførast ved hjelp av fjernmøteteknologi. På grunn av virusutbrotet og behovet for å kunne gjennomføre langt fleire rettsmøte som fjernmøte i ulike former, er innføringa av utstyr tilpassa dei særskilde behova og utfordringane som har oppstått.

Arbeidet med å utvikle og ta i bruk løysingar som sikrar god elektronisk samhandling mellom domstolane og andre sentrale aktørar, har vore eit prioritert satsingsområde. I 2020 har òg jordskifterettane teke i bruk Aktørportalen i dialogen med advokatar i pågåande saker. I tillegg er Aktørportalen vidareutvikla og tilpassa til å skulle brukast av meddommarar. I 2020 har enkelte tingrettar byrja å prøve ut dette. Utprøvinga er noko forseinka på grunn av virusutbrotet. I 2019 vart det gjennomført eit arbeid for å kunne gjere det mogleg å integrere løysingar i domstolane og advokatsystema. Ferdigstillinga av dette arbeidet og utprøving av løysinga saman med leverandørane av advokatsystem er førebels utsett, ettersom det ikkje har vore kapasitet i Domstoladministrasjonen og domstolane. Dette må bli sett i samanheng med den situasjonen domstolane er i som følgje av virusutbrotet.

Lyd- og biletopptak under hovudforhandlinga vil styrke høvet til å etterprøve rettsforhandlingane, og dermed styrke rettstryggleiken. Domstoladministrasjonen har sidan 2016 hatt eit prøveprosjekt med lyd- og biletopptak. Formålet er å finne fram til gode og rimelege tekniske løysingar og gode arbeidsprosessar, slik at ein kan vurdere å innføre lyd- og biletopptak ved alle domstolane i landet.

Prøveprosjektet har omfatta Nord-Troms tingrett og Hålogaland lagmannsrett. I 2019 vart prosjektet utvida til å omfatte Gulating lagmannsrett og Jæren tingrett. Utvidinga vil sikre betre erfaringsgrunnlag når det gjeld gjenbruk av forklaringar ved at opptak av forklaringar som vart gitte under hovudforhandlinga, kan bli spelte av, i staden for at ein har direkte forklaringar i ankeforhandlinga. Virusutbrotet har forseinka utprøvinga med om lag 4–5 månader. Særleg gjeld dette gjenbruk av opptak i behandlinga i lagmannsretten.

Prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) etablerte i løpet av 2018 ein effektiv, sikker og robust digital felleskomponent for utveksling av data (Justishub) innan straffesakskjeda. Det var i 2020 løyva 30 mill. kroner til særleg å kople fleire sentrale verksemder i straffesakskjeda på Justishub og utvikle nye løysingar som gjer det mogleg å utveksle strukturert informasjon mellom fagsystem for utvalde arbeidsprosessar.

Domstoladministrasjonen har sett ned ei arbeidsgruppe for å kartlegge kva for tekniske og regulatoriske justeringar, samt økonomiske rammer, som er nødvendig for å gjøre rettsavgjerder meir tilgjengelege. Jf. Innst. 6 S (2019–2020). Arbeidsgruppa skal levere ein rapport innan 1. desember 2020. Eit sentralt spørsmål i arbeidet er ivaretaking av omsynet til personvern gjennom krav om avidentifisering. Uavhengig av tilrådingar og val knytt til dette og andre spørsmål, er det nødvendig med tekniske tilpassingar i domstolanes fagsystem for å samle og strukturere informasjonen for å gjere den tilgjengelig. Det vart løyva 1,5 mill. kroner til formålet i 2020. I 2021 blir midlane ført vidare for å arbeide vidare med å gjøre rettsavgjerder meir tilgjengelege.

Skuldevne, samfunnsvern og rettspsykiatrisk sakkunne

Prop. 154 L (2016–2017) Endringer i straffeloven og straffeprosessloven mv. (skyldevne, samfunnsvern og sakkyndighet) følgjer opp utgreiinga frå tilreknelegutvalet og utgreiinga deira NOU 2014: 10 Skyldevne, sakkyndighet og samfunnsvern. Lovendringane skal gjere identifiseringa av lovbrytarar som ikkje bør straffast – dei utilreknelege som ikkje kan klandrast for handlingane sine –, meir treffsikker. Vidare skal lovendringane styrke samfunnsvernet og auke kvaliteten i rettspsykiatrisk sakkunnigarbeid. Lovforslaget vart vedteke av Stortinget i juni 2019 og trådde i kraft 1. oktober 2020. Ei ny forskrift om rettspsykiatriske undersøkingar og sakkunnige trådde i kraft samstundes med lovendringane. Forskrifta vil gjere regelverket lettare tilgjengeleg for brukarane, og sikre at det sakkunnige arbeidet i rettspsykiatrien i Noreg blir meir konsistent.

Rettsmekling

Rettsmekling bidrar til raskare, billigare og meir skånsam tvisteløysing. Partane får sjølv ansvar for å løyse konflikten gjennom mekling og forlik.

Regjeringa har sendt ut eit høyringsnotat som blant anna omhandlar endringar i reglane om rettsmekling for å bidra til at fleire nyttar seg av slik mekling, sjå punkt 4.2.

Både talet på rettsmeklingsmøte og talet på saker som er forlikte som resultat av rettsmekling, har auka noko dei siste fem åra. I 2019 enda 67 prosent av sakene som gjekk til rettsmekling med forlik. Det er stor variasjon mellom domstolane når det gjeld talet på rettsmeklingsmøte og forliksprosent. Blant anna har gode fagmiljø og engasjement for mekling i ein del større domstolar gitt gode resultat.

Når det gjeld tvistesakene som vart avgjorde i 2019, vart det halde rettsmeklingsmøte i 24 prosent av dei (1 936 saker) i første instans og i 12 prosent av dei (221 saker) i andre instans. Forliksprosenten i tingrettane var 67, medan han var på 71 prosent i lagmannsrettane.

I løpet av 2019 og 2020 har alle jordskifterettane gjennomført tiltak for å heve kompetansen innanfor rettsmekling. Målet er at ein større del av sakene skal kunne gå til rettsmekling. Satsinga på rettsmekling held fram i 2021.

Domstollokale

Domstoladministrasjonen forvaltar litt meir enn 100 leigeobjekt med om lag 450 rettssalar. Fleire domstolar har lokale som ikkje er formålstenlege. Dette påverkar både brukarar og tilsette og med det saksavviklinga i domstolane. I 2018 vart leigeforholda gjennomgått med sikte på å identifisere domstollokale med behov for oppgradering. Gjennomgangen viste at ved om lag 40 domstollokale var det behov for større eller mindre oppgraderingar ved det eksisterande leigeforholdet, eventuelt ved at det vart inngått eit nytt leigeforhold.

Rehabilitering av Bergen tinghus

Etter konseptvalutgreiing og ekstern kvalitetssikring (KS1) avgjorde regjeringa i juni 2017 at rehabilitering av Bergen tinghus skal bli lagd til grunn som konseptval for det vidare arbeidet med nytt tinghus i Bergen. I første halvdel av 2018 vart konseptet vidareutvikla, og det vart gjennomført ny ekstern kvalitetssikring (KS1 trinn 2). Rapporten frå den eksterne kvalitetssikraren vart overlevert til Justis- og beredskapsdepartementet i mars 2019. Det har vore to hovudalternativ for nytt tinghus i Bergen – rehabilitering av eksisterande verneverdige bygg eller nybygg. Regjeringa har vurdert at dagens bygg er eit viktig signalbygg som framleis burde vere ein domstolsbygning. Det skal difor planleggast for ei omfattande rehabilitering som vil gjere tinghuset betre, både for dei tilsette og dei besøkjande, slik at Bergen tinghus kan fungere som rettslokale for ein moderne tingrett også i framtida.

I 2020 vart det gjort ei utgreiing for å sjå nærmare på korleis tryggleiken i tinghuset kan forbetrast på kort sikt. Regjeringa foreslår å løyve 11 mill. kroner i 2021 til forprosjektering av nytt tinghus i Bergen. Sjå omtale i Prop. 1 S (2020–2021) til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Nytt tinghus i Drammen

Sidan 2019 har det pågått eit arbeid med forprosjekt for nytt tinghus i Drammen, som er venta ferdigstilt primo 2021. Prosjektet skal etter planen bli gjennomført som eit brukarfinansiert statleg byggjeprosjekt.

Tryggingstiltak i domstolane

Grunnsikring i domstolane har dei siste åra vore eit prioritert område. Grunnsikring omfattar blant anna å etablere ei indre sone der berre dommarar og andre tilsette i domstolen kan ferdast fritt, overfallsalarmar og innsyn i rettssalar. Dette vil møte nokre av utfordringane i samband med at det blir fleire rettssaker med alvorlege brotsverk og høgt konfliktnivå. Overfallsalarm og innsyn i rettssalane er langt på veg etablert i alle domstolar, men soneskilje manglar enno i nokre få lokale. Domstoladministrasjonen følgjer opp arbeidet med å etablere grunnsikring i domstolane.

I dag er det permanent tryggleiks- og tilgangskontroll i Høgsterett og i Oslo tinghus, og besøkande blir skanna via ein elektronisk bøyel. I Trondheim tinghus, Bergen tinghus, Stavanger tinghus og i Gulating lagmannsrett er det eige tryggleikspersonell. Tryggleiks- og tilgangskontroll vil sikre tilsette og brukarar mot at gjenstandar som kan skade andre, til dømes våpen eller eksplosiv, blir førte inn i rettslokala. Tiltaket skaper tryggleik for gjennomføringa av både straffesaker og sivile saker. Domstoladministrasjonen vurderer å etablere permanent tryggleiks- og tilgangskontroll i fleire store tinghus. Spørsmål knytte til tryggingstiltak i tinghusa i Bergen og Drammen blir vurderte gjennom utgreiingane som er omtalte ovanfor.

Informasjonstryggleik

Domstoladministrasjonen har det overordna ansvaret for informasjonstryggleik, under dette IKT-tryggleik i domstolane. I 2018 vart det utført ein internrevisjon av styringssystemet for informasjonstryggleik i domstolane og Domstoladministrasjonen. Revisjonen avdekte behov for å setje i verk fleire tiltak for å betre styringssystemet. Med utgangspunkt i strategien for domstolane og som ledd i oppfølging av revisjonen vil arbeidet med informasjonstryggleik få større vekt, og arbeidet vil vere basert på relevante nasjonale føringar, internasjonale standardar og kjende rammeverk. Ein ny internrevisjon vil bli sett i gang i løpet av 2021.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter i Domstoladministrasjonen, medrekna faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar i tingrettane, jordskifterettane og lagmannsrettane. Løyvinga skal vidare dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar knytte til dei enkelte domstolane. Løyvinga dekker òg utgifter til Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark, Tilsynsutvalet for dommarar og Innstillingsrådet for dommarar.

Bemanninga i Domstoladministrasjonen utgjorde 104,7 årsverk per 31. desember 2019. Bemanninga ved tingrettane utgjorde 367 dommarårsverk, 175 dommarfullmektigårsverk og 706 andre årsverk per 31. desember 2019. Bemanninga ved lagmannsrettane utgjorde 180 dommarårsverk og 116 andre årsverk per 31. desember 2019. Bemanninga ved jordskifterettane utgjorde 76 dommarårsverk og 142 andre årsverk per 31. desember 2019.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 71 mill. kroner til heilårseffekt av dei midlertidige dommarstillingane som blei løyva i samband med økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet. Regjeringen foreslår at løyvingsauka til stillinger er ei varig auke i budsjetta til domstolane for å bidra til å byggje ned restansar og korte ned saksbehandlingstida.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 42,6 mill. kroner til Digitale domstolar II.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 7 mill. kroner til å byggje lokalar i Oslo tingrett for å handtere informasjon på graderingsnivå «STRENGT HEMMELIG» i samband med ny lov om Etterretningstjenesten.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner som følgje av utviding av rettskrinsane til tingrettane. Løyvingsendringa byggjer på ei utviding av rettskrinsane til tingrettane.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 27,7 mill. kroner som følgje av lønnsauken for dommarar i tingrettane og lagmannsrettane med verknad frå 1. oktober 2019.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner til å behandle saker om tilbakekall av statsborgarskap, jf. omtale under kategori 06.90.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2,75 mill. kroner til utbeiringar i Høgsterett, jf. omtale under kap. 61, post 01.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02 og 03, jf. forslag til vedtak. Vidare blir det foreslått at kap. 410, post 01 får stikkordet kan nyttas under kap. 61, post 01 og at kap. 61, post 01 får stikkordet kan nyttas under kap. 410, post 01, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2 761 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret, jf. kap. 3410, til dømes kunngjeringsutgifter, nødvendige utgifter ved tvangsforretningar, registrering m.m. under offentleg bubehandling og forkynning som er nødvendig etter lova. I enkelte saker blir utgifter til meddommarar, vitne og rettsvitne m.m. dekte. Løyvinga dekker òg arbeidsgivaravgift av godtgjersle til meddommarar og tolkar i sivile saker der partane sjølve dekker godtgjersla.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 86,4 mill. kroner.

Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overføres

Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene skal førast i eigne saksrekneskapar.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,7 mill. kroner.

Kap. 3410 Domstolene

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Rettsgebyr

323 303

260 596

330 251

02

Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene

23 004

24 390

25 045

03

Diverse refusjoner

8 019

1 910

1 961

04

Vernesaker jordskiftedomstolene

2 172

2 452

2 440

Sum kap. 3410

356 498

289 348

359 697

Post 01 Rettsgebyr

Rettsgebyr (R) er eit grunngebyr som dannar utgangspunkt for utrekning av betaling for tenester i offentleg verksemd. Gebyret som blir betalt, er sett saman av grunngebyret R og ein multiplikator.

Det blir foreslått å auke rettsgebyret frå 1 172 kroner til 1 199 kroner med verknad frå 1. januar 2021. Dette er i tråd med berekna prisvekst for 2021.

Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med tvistesaker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 65 mill. kroner med utgangspunkt i rekneskapstal og forventa utvikling i inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane

Det blir foreslått ei løyving på posten på 330,3 mill. kroner.

Post 02 Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene

Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 25 mill. kroner.

Post 03 Diverse refusjoner

Posten dekker refusjonar som blir brutto inntektsførte ved domstolane i første instans og lagmannsrettane, blant anna refusjonar etter avrekning av energiutgifter m.m.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 03, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2 mill. kroner.

Post 04 Vernesaker jordskiftedomstolene

Løyvinga på posten samsvarer med tilsvarande utgifter over kap. 410, post 22.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2.4 mill. kroner.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

237 941

231 486

248 045

21

Spesielle driftsutgifter

34 938

36 998

38 591

Sum kap. 0414

272 879

268 484

286 636

Forliksråda er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og er ein meklingsinstitusjon med avgrensa myndigheit til å fastsetje dom. Hovudoppgåva til forliksrådet er å leggje til rette for at partane ved mekling eller dom får løyst saka enkelt, hurtig og rimeleg.

Saksbehandlinga i forliksråda skal bli meir digital, blant anna ved at det skal bli mogleg for publikum å fremme forliksklage og generelle førespurnader digitalt. Det er òg eit arbeid på gang med å etablere ein eigen portal for forliksråda for at medlemmene skal kunne lese saka, skrive avgjerda og signere rettsbøkene digitalt.

Forliksråda tok imot 92 345 saker i 2019 og behandla 89 394. Talet på forliksklagar auka med 14 prosent frå 81 125 saker i 2018 til 92 345 nye saker i 2019. Til samanlikning var auken frå 2017 til 2018 på 5 prosent. Forliksråda tok imot 39 914 saker i første halvår 2020 og behandla 34 459. Talet på forliksklagar sank med 16,8 prosent frå 47 960 saker i første halvår 2019 til 39 914 nye saker i den same perioden i 2020. Til samanlikning var auken frå første halvår 2019 til første halvår 2018 på 22,7 prosent. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for behandlinga av forliksklagar var 79 dagar i 2019.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for behandlinga av forliksklagar var 93 dagar i første halvår 2020. Saksbehandlingstida har auka ettersom forliksråda har hatt redusert møteverksemd grunna virusutbrotet. Etter rettsferien har det i all hovudsak vore ordinær møteverksemd med smittevernstiltak. Etter at det vart mogleg å krevje oppfrisking av fråværsdommar frå 1. januar 2019, er det registrert inn i alt 1 200 krav om oppfrisking. I løpet av første halvår 2020 har forliksråda registrert inn 746 krav om oppfrisking. Figur 2.7 viser utviklinga i saksbehandlinga frå 2015 til 2019.

Sjå òg omtale om sivil rettspleie på grunnplanet under programkategori 06.40.

Figur 2.7 Saksavvikling i forliksråda 2015–2019

Figur 2.7 Saksavvikling i forliksråda 2015–2019

Stortinget har vedteke Prop. 133 L (2018–2019), der verdigrensa for obligatorisk forliksrådsbehandling er endra frå 125 000 kroner til 200 000 kroner med verknad frå 1. juli 2020, jf. punkt. 4.2 om endringar i tvistelova. Dette vil føre til om lag 500 fleire saker for forliksråda.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgiftene deira. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile saker der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter hos eller på annan måte gir forklaring til Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, og utgifter til nødvendige blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 13,6 mill. kroner med utgangspunkt i rekneskapstall og forventa utvikling i sivile saker.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 248 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekker utgifter til godtgjersle og køyregodtgjersle til medlemmer av forliksråda og utgifter til nødvendige kompetansehevande tiltak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 38,6 mill. kroner.

Programkategori 06.30 Straffegjennomføring og konfliktråd

Utgifter under programkategori 06.30 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–25

Driftsutgifter

4 971 933

5 071 359

5 285 996

4,2

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

73 792

195 036

37 808

-80,6

60–69

Overføringer til kommuner

71 587

83 608

99 811

19,4

70–89

Overføringer til private

29 432

28 231

56 556

100,3

Sum kategori 06.30

5 146 744

5 378 234

5 480 171

1,9

Utgifter under programkategori 06.30 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

430

Kriminalomsorgen

4 892 091

5 186 962

5 126 660

-1,2

432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

254 653

191 272

179 195

-6,3

433

Konfliktråd

174 316

Sum kategori 06.30

5 146 744

5 378 234

5 480 171

1,9

1 Innleiing

Programkategori 06.30 omfattar løyvinga til Kriminalomsorgsdirektoratet (kap. 430), Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS) (kap. 432) og Sekretariatet for konfliktråda (kap. 433). Hovudtyngda av midlane under programkategorien blir løyvde under kap. 430 Kriminalomsorga.

Justissektoren har seks hovudmål, som nemnt i del I. For verksemdene under programkategori 06.30 er særleg måla om effektiv kamp mot kriminalitet, rettstryggleik og tryggleik i samfunnet sentrale.

Kriminalomsorga skal sjå til at dei som domstolane dømmer til straff, gjennomfører straffa, og dei skal stille varetektsplassar til disposisjon for politiet. Mengda med oppgåver som kjem til kriminalomsorga, er avhengig av aktivitetane og prioriteringane til politiet og påtalemakta (programkategori 06.40) og domstolane (programkategori 06.20). Fleire oppklarte saker hos politiet og raskare behandling hos påtalemakta og domstolane vil gi større behov for kapasitet hos kriminalomsorga. Godt rehabiliterings- og tilbakeføringsarbeid, effektiv førebyggjande innsats og meir bruk av administrative sanksjonar vil derimot bidra til å redusere behovet for kapasitet i kriminalomsorga.

Straff skal gjennomførast på ein måte som tek omsyn til formålet med straffa, motverkar nye straffbare handlingar og er tryggjande for samfunnet, og som innanfor desse rammene sikrar dei innsette og domfelte tilfredsstillande forhold. Ved varetektsfengsling skal kriminalomsorga leggje forholda til rette for å motverke dei negative følgjene av isolasjon. Vilkårslaus fengselsstraff blir i utgangspunktet gjennomført i fengsel. I bestemte tilfelle kan kriminalomsorga likevel avgjere at vilkårslaus fengselsstraff skal gjennomførast utanfor fengsel.

Konfliktråda bidrar til å førebyggje kriminalitet gjennom bruk av gjenopprettande prosessar, både i sivile saker og i straffesaker. Gjennom dialog kjem partane fram til løysingar som kan bidra til at dei kjem seg vidare i livet. Slike prosessar kan brukast i straffesakskjeda som ein eigen strafferettsleg reaksjon på påtalestadiet og domsstadiet, som deldom eller som ledd i ei straffegjennomføring. Konfliktråda er ansvarlege for gjennomføringa av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, som rettar seg mot ungdom mellom 15 og 18 år som har eit oppfølgingsbehov.

2 Budsjettprioriteringar

Ei god kriminalomsorg krev både rett samansett kapasitet og eit godt og rehabiliterande innhaldsarbeid. Regjeringa vil i 2021 prioritere å redusere bruken av isolasjon og utestenging i fengsla. Ei anna viktig prioritering er å byggje ned vedlikehaldsetterslepet i kriminalomsorga for å halde oppe viktig kapasitet på høgt tryggingsnivå.

Regjeringa foreslår desse prioriteringane i 2021-budsjettet:

  • 11,8 mill. kroner til reduksjon av isolasjon i fengsel, inkl. løyve under Helse- og omsorgsdepartementets budsjett

  • 46,3 mill. kroner ytterlegare til arbeid med forprosjekt av nytt Oslo fengsel, inkl. løyve under Statsbyggs budsjett

3 Straffegjennomføring sett i verk

Straffegjennomføring i Noreg skal skje på ein måte som er tryggjande for samfunnet. Det er eit mål at gjennomføringa skal motverke nye straffbare handlingar. Kriminalomsorga gjennomfører straff både i fengsel og i samfunnet.

Det er færre innsette i fengsla i dag enn i starten av regjeringsperioden. Ein reduksjon i talet på innsetjingar i varetekt og i talet på dommar til kriminalomsorga har bidratt til færre innsette. Samstundes blir det gjennomført lengre straffer, og domsinnsette sit lenger i fengsel enn tidlegare. Dette kjem både av at det totalt er færre som får kortare straffer, og av at dei som er dømde til kortare dommar, oftare får gjennomføre straffa si med elektronisk kontroll.

Bruken av elektronisk kontroll har auka. Ordninga gjer det mogleg for domfelte å behalde bustad og arbeid under straffegjennomføringa, og ho er òg eit viktig verkemiddel i utslusinga av domfelte til samfunnet.

Straffereaksjonane samfunnsstraff, bøteteneste, vilkårsbunden dom med narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og vilkårsbunden dom med program mot ruspåverka køyring blir gjennomførte av friomsorgskontora. Talet på samfunnsstraffer som er sette i verk årleg, har gått ned i regjeringsperioden. I den same perioden har talet på oppdrag med narkotikaprogram med domstolskontroll som er sette i verk, auka. Talet på oppdrag med bøteteneste som er sette i verk, har òg auka, noko som er ein konsekvens av at tenesta no er landsdekkande.

Straffegjennomføring i institusjon (straffegjennomføringsloven § 12) frigjer bruk av kapasitet i fengsla. Dei siste åra har det vore ein nedgang i bruken av straffegjennomføring i institusjon. Viktige årsaker er reduksjonen i talet på mottekne dommar og ein auke i talet på vilkårsbundne dommar med narkotikaprogram med domstolskontroll. Eit anna forhold som har hatt innverknad på resultatet, er den dreiinga som har gått føre seg i rusbehandlinga, frå døgnbehandling til meir bruk av poliklinisk behandling.

Konfliktråda har ansvaret for straffereaksjonane ungdomsoppfølging, ungdomsstraff og oppfølging i konfliktråd.

Konfliktråda har sidan reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging vart sette i verk i 2014, kvart år teke imot fleire saker. I 2019 auka talet på saker med ungdomsstraff, medan talet på saker med ungdomsoppfølging har gått ned. Delen ungdom som fullfører straffereaksjonane, har auka frå 56 prosent i 2015 til 71 prosent i 2019.

Oppfølging i konfliktråd er meint nytta der det kan være behov for oppfølging utover ordinære meklingsmøte, dvs. mekling i konfliktråd som alternativ straffesak. Konfliktråda tek jamt over imot eit lågt tal saker til oppfølging i konfliktråd.

Kap. 430 Kriminalomsorgen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

4 620 636

4 788 033

4 872 334

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430 post 01

96 644

92 054

96 384

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

73 792

195 036

37 808

60

Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres

71 587

83 608

86 200

70

Tilskudd

29 432

28 231

33 934

Sum kap. 0430

4 892 091

5 186 962

5 126 660

Kriminalomsorga er organisert med eit sentralt direktorat, Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), som står for den faglege og administrative leiinga av kriminalomsorga.

Sjå omtale av Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS) under kap. 432.

4 Rett samansett kapasitet

Ein rett samansett kapasitet og ei god utnytting av denne kapasiteten sikrar ei effektiv kriminalomsorg. Det er eit mål at domfelte startar straffegjennomføringa så raskt som mogleg etter domsavgjerda, at sikta som er varetektsfengsla blir overførte frå politiarrest til fengsel innan fastsett frist og at soningskøen er på eit stabilt lågt nivå.

Justis- og beredskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid med ei stortingsmelding om kriminalomsorga. Meldinga vil blant anna beskrive dei sentrale utviklingstrekka dei siste åra og peike på utfordringar i tida framover. Regjeringa vil komme tilbake til saka på ein eigna måte.

Regjeringa ønskjer å endre måten kriminalomsorga er organisert på i dag, frå tre til to forvaltningsnivå. Etter planen skal det etablerast tolv straffegjennomføringseiningar med ansvar for straffegjennomføring både i fengsel og i samfunnet og to einingar for å vareta fellestenester. Hovuddelen av ressursane blir flytt frå dagens regionaladministrasjonar til dei lokale einingane. Omorganiseringa vil styrke det lokale nivået i kriminalomsorga og gjere det lettare å sjå heile straffegjennomføringa i samanheng. Den nye organiseringa skal bidra til ei betre straffegjennomføring og gjere det lettare å nå målet om tilbakeføring til eit liv utan kriminalitet. Ho vil òg styrke Kriminalomsorgsdirektoratets føresetnader for å utvikle kriminalomsorga på ein heilskapleg måte. Regjeringa har som følgje av dette lagt fram Prop. 143 L (2019–2020).

4.1 Konsekvensar i kriminalomsorga av virusutbrotet

Innsette i fengsel har ofte dårlegare helse enn i resten av befolkninga. Som ein konsekvens av virusutbrotet sette kriminalomsorga i mars 2020 i verk tiltak for smittevern. Strategien ein følgde for å redusere smittefaren i fengsla og forseinke og motverke smittespreiinga til innsette og tilsette, var blant anna å redusere talet på innsette og sikre at ingen innsette måtte dele rom. All innkalling til soning i fengsel på lågare tryggingsnivå vart i ein periode stansa, og det same vart bruken av fleirsengsrom.

Tiltaka som vart sette i verk, førte til at det kom lite smitte inn i norske fengsel.

Samstundes førte tiltaka til at soningskøen auka raskt. I juli var soningskøen på om lag 1 400 dommar. Medio september 2020 var soningskøen på i overkant av 1 000 dommar, jf. figuren under.

Figur 2.8 Utvikling i soningskøen for vilkårslause dommar, 2013–2020

Figur 2.8 Utvikling i soningskøen for vilkårslause dommar, 2013–2020

For å stabilisere soningskøen har kriminalomsorga arbeidd for å auke bruken av elektronisk kontroll, sidan dei aller fleste i soningskøen ventar på å sone ved fengsel med lågare tryggingsnivå. I mai 2020 opna kriminalomsorga for igjen å kalle inn til soning på lågare tryggingsnivå, og frå juni 2020 vart det igjen opna for å ta i bruk fleirsengsrom, i tråd med dei gjeldande smitteverntiltaka. Tiltaka som er sette i verk, har bidratt til at soningskøen igjen er på veg ned. Kriminalomsorga forventar ein vidare nedgang i soningskøen i tida framover. Sjå òg omtale i del I, oppmodingsvedtak nr. 593 (19. mai 2020).

4.2 Tilpassa kapasitet i kriminalomsorga

Kapasiteten i kriminalomsorga må tilpassast endringar i kriminalitetsbiletet, jf. omtale under del I. Kriminalomsorga tilrår ei kapasitetsutnytting på 90 prosent, blant anna av omsyn til at ein skal kunne stille varetektsplassar til disposisjon for politiet når det trengst. Kapasitetsutnyttinga i fengsla var høg i perioden 2013–2016. Dette var nødvendig for å redusere den dåverande soningskøen.

I samband med koronapandemien gjekk kapasitetsutnyttinga i fengsla ned som ei følgje av at ingen innsette skulle dele rom.

Tabell 2.3 Kapasitetsutnytting i fengsel, 2013–20201

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Kapasitetsutnytting i fengsel (totalt)

97 %

98 %

96 %

95 %

92 %

88 %

89 %

90 %

Høgt tryggingsnivå

97 %

99 %

98 %

96 %

92 %

89 %

88 %

90 %

Lågare tryggingsnivå

95 %

96 %

95 %

94 %

90 %

86 %

91 %

87 %

1 Tala for 2018–2019 omfattar dubleringskapasitet. Tala for 2020 gjeld per 16. september.

Kriminalomsorga har fortløpande vurdert korleis kapasiteten kan utnyttast, sett i samanheng med smittevernsituasjonen. I juni vart igjen fengsla drifta som i ein normalsituasjon, med dei nødvendige forholdsreglane om smittevern, og kapasitetsutnyttinga har igjen auka.

I lov om endringer i straffegjennomføringsloven mv. (gjennomføringstiden for straffegjennomføring med elektronisk kontroll mv.) av 20. desember 2019 vart gjennomføringstida for elektronisk kontroll auka frå fire til seks månader. Lovendringa tredde i kraft 1. juli 2020. Endringslova gir òg lovheimel for bruk av sporingsteknologi. Dette skal brukast for å kontrollere at dei som gjennomfører straffa, ikkje bryt vilkåra om blant anna opphaldsstad. Denne endringa tredde i kraft 1. september 2020. Endringane vil gjere målgruppa større og dessutan sikre ein meir effektiv og mindre tid- og ressurskrevjande kontroll av at vilkåra for elektronisk kontroll blir følgde.

Regjeringa arbeider for å sikre trygge og likeverdige forhold for kvinner som sonar straff, og kriminalomsorga har som mål at kvinner ikkje skal sone saman med menn. Kriminalomsorga har to fengsel som berre har plassar for kvinnelege innsette, og eigne, separate kvinneavdelingar ved ytterlegare tre fengsel. I 2020 er i tillegg ei avdeling ved Bergen fengsel blitt gjord om til ei avdeling med lågare tryggingsnivå for kvinner. I 2019 utgjorde kvinnelege innsette om lag ti prosent av alle innsetjingar. Om lag seks prosent av dei som ventar på soning i fengsel, er kvinner.

Regjeringa arbeider for at barn ikkje skal sitje i fengsel saman med vaksne. Kriminalomsorga har derfor to landsdekkande ungdomseiningar med til saman åtte plassar for innsette mellom 15 og 18 år som har gjort seg skuldige i alvorleg kriminalitet. Det gjennomsnittlege talet på innsette under 18 år i 2018 og 2019 var høvesvis 5,9 og 7,2. I seinare tid har det vore ein auke i talet på innsette under 18 år, og det har tidvis vore fleire mindreårige innsette enn det er plass til i ungdomseiningane. For å sikre eit tilrettelagt opplegg for innsette under 18 år i ordinære fengsel vart Indre Østfold fengsel, Eidsberg avdeling, tildelt ekstra midlar i 2020. Det er foreslått å vidareføre løyvinga i 2021.

Regjeringa har prioritert arbeidet med å overføre utanlandske domfelte til heimlandet så dei kan halde fram soninga der. 44 personar vart overførte til soning i heimlandet i 2019. Dette er ein nedgang frå tidlegare år. Årsaka til nedgangen er at det er komme inn færre sakar. Dommane som vart overførte til soning i heimlandet i 2019, hadde eit omfang som svarer til drift av om lag 71 fengselsplassar med fullt belegg i eitt år. Regjeringa arbeider med avtalar med fleire land. Regjeringa meiner det på sikt bør vere eit mål å knyte seg til EUs rammeavgjerd om soningsoverføring for å gjere arbeidet med soningsoverføringar endå meir effektivt, og for å minske behovet for bilaterale avtalar på dette feltet.

4.3 Vidare utvikling av kapasitet

For at ein skal kunne utnytte ressursane på ein mest mogleg effektiv måte, har det vore nødvendig å leggje ned fengselsplassar det ikkje er bruk for. I 2019 og 2020 vart det derfor lagt ned om lag 290 fengselsplassar på lågare tryggingsnivå, jf. Innst. 6 S (2018–2019) og Innst. 6 S (2019–2020). Om lag 250 av plassane vart lagde ned på grunn av overskot i kapasiteten på lågare tryggingsnivå, medan dei resterande plassane er lagde ned i samband med etableringa av det nye fengselet i Agder, jf. Prop. 129 S (2016–2017) og Innst. 401 S (2016–2017).

I 2020 opna nye Agder fengsel, Mandal avdeling og Froland avdeling. Fengselet har høvesvis 100 og 200 plassar på høgare tryggingsnivå. Plassar med høgt tryggingsnivå ved Arendal fengsel, Parkveien, og Kristiansand fengsel vart lagde ned i samband med opninga av Agder, sommaren 2020. Det nye fengselet er bygt med nye digitale løysingar. Tryggleiksskannarar og tilrettelegging for innføring av eit pust- og rørslesystem vil gi ein meir effektiv kontroll av innsette og besøkande. Dei innsette vil få tilgang på digitale tenester som dei, i motsetnad til resten av befolkninga, ikkje har tilgang på i dag.

Fleire fengsel treng vedlikehald. Statsbygg forvaltar dei fleste fengselsbygga og har ansvaret for vedlikehaldet. Løyvinga til vedlikehald og bygging av nye fengsel skjer over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Sjå programkategori 13.30, kap. 2445 Statsbygg, i Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I perioden 2013–2019 vart fengsla haldne ved like for totalt om lag 1,34 mrd. kroner. Løyvinga til Statsbygg vart i 2020 mellombels styrkt med 65 mill. kroner for å framskynde vedlikehald av fengsel, jf. Prop. 127 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020).

Det er likevel behov for ekstraordinært vedlikehald. I 2021 vil regjeringa vidareføre vedlikehalds- og rehabiliteringsprosjekt som er sette i gang. Regjeringa vil særskilt prioritere å halde oppe viktig kapasitet for forvaring og varetekt.

Det er kritisk vedlikehaldsetterslep ved Ila fengsel og forvaringsanstalt, som har størstedelen av forvaringsplassane i Noreg. I 2020 løyvde derfor regjeringa midlar til å byrje arbeidet med å rehabilitere fengselet. Arbeidet held fram i 2021.

Oslo fengsel er eit av fengsla i austlandsområdet med størst behov for vedlikehald. Fengselet er viktig av omsyn til varetektskapasiteten for politiet i Oslo og det sentrale austlandsområdet. Eit forprosjekt av nytt fengsel i Oslo er planlagt sett i gang hausten 2020. Arbeidet med forprosjekt til ny løysing for Oslo fengsel held fram i 2021.

Konseptvalutgreiinga for straffegjennomførings- og varetektskapasiteten på Vestlandet vart ferdigstilt i april 2019 og ferdig kvalitetssikra (KS1) i februar 2020. Utgreiinga gir eit betre grunnlag for å avgjere kva tiltak som eventuelt bør prioriterast i denne delen av landet. Regjeringa vil komme tilbake til saka på ein eigna måte.

5 Innhaldsarbeid i kriminalomsorga

Det er eit overordna mål for kriminalomsorga å redusere omfanget av tilbakefall til ny kriminalitet og å få fleire domfelte i utdanning og arbeid etter at dei har sona straffa si. For å hindre tilbakefall vil regjeringa arbeide for ei meir rehabiliterande straffegjennomføring med større vekt på innhaldet i straffegjennomføringa.

Kriminalomsorga skal leggje til rette for aktivitetar tilpassa behova til dei innsette, for å unngå isolasjon og uheldige verknader. Det er utdanningsstyresmaktene som har ansvaret for å gi alle innsette som har rett til det, utdanning og opplæring. Innsette har rett til nødvendige og gratis helsetenester i kommunen der fengselet ligg. Ansvaret for dette ligg hos helsestyresmaktene.

Samla har det vore ein stabil del av dei innsette som er aktiviserte i form av arbeid, skule, programverksemd og fritidsaktivitetar, jf. tabellen under. Som ein konsekvens av smitteverntiltaka i fengsla har denne delen gått ned i 2020. Blant anna vart alle gruppeaktivitetar innstilte. Tenester frå andre aktørar, til dømes undervisning, vart òg stansa i ein periode. Kriminalomsorga forventar at aktiviteten vil gå opp igjen etter kvart som tiltak mot smittevern blir oppheva.

Tabell 2.4 Del av fengselsdøgn med aktivitet, 2013–20201

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Fengselsdøgn med aktivitet

77 %

78 %

80 %

80 %

81 %

82 %

82 %

76 %

1 Talet for 2020 gjeld første halvår.

5.1 Isolasjon og utestenging frå fellesskap

Dei siste åra har det blitt peika på utfordringar med utestenging frå fellesskap og isolasjon av innsette. I 2019 la Sivilombodsmannen fram ei særskilt melding til Stortinget om isolasjon i norske fengsel.

Kriminalomsorga arbeider kontinuerleg med å redusere bruken av utestenging og isolasjon i fengsel, både i regelverk og i praksis. Det er, blant anna, sett i verk tiltak for å auke kompetansen om korleis skadeverknader av isolasjon kan hindrast, og det er innført nasjonale planverk for aktivisering og oppfølging av isolerte.

Virusutbrotet har hatt konsekvensar for arbeidet mot isolasjon i fengsla. For at ein skulle unngå smitte til fengsla, måtte nye innsette i ein periode i karantene. Tilbodet om aktivitetar måtte reduserast, og i ein periode var det nødvendig å stanse besøk til dei innsette. Regjeringa løyvde i revidert nasjonalbudsjett 2020 midlar til innkjøp av nettbrett, som eit tiltak slik at dei innsette skulle kunne nytte videosamtalar. Sjølv om dei fleste restriksjonane no er oppheva, finst det framleis aktivitetar som ikkje kan nyttast av omsyn til smittevern.

Justis- og beredskapsdepartementet gjennomgår for tida regelverket for utestenging og tvangsmiddel i kriminalomsorga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag om lovendringar som kan bidra til å redusere bruken av isolasjon.

I 2020 vart det løyvd midlar til eit aktiviseringsteam i Bergen fengsel. Teamet skal bidra til å redusere bruken av utestenging og isolasjon i fengslet, og set i gang tiltak innanfor livsmeistring, butrening og fritidsaktivitetar. Det er foreslått å vidareføre løyvinga i 2021. Samstundes foreslår regjeringa ytterlegare midlar til aktiviseringsteam i kriminalomsorga.

Utfordringane med isolasjon gjeld fengsel med høgt tryggingsnivå. Fleire av desse fengsla er gamle, og manglar areal for aktivitet og fellesskap mellom innsette. Regjeringa held fram med å prioritere å byggje ut og vedlikehalde kapasiteten i kriminalomsorga, jf. omtale under punkt 4.3. Ny kapasitet med meir moderne fengselsbygg vil gi fleire innsette tilbod om fellesskap.

5.2 Endringar i gruppa av innsette

I dei seinare åra har det vore endringar i gruppa av innsette i norske fengsel. Fleire innsette har samansette utfordringar og treng psykiatrisk hjelp. Dette er faktorar som verkar inn på miljøet i fengsla, og som tidvis òg gjer det nødvendig å bruke utestenging og tvangsmiddel for å hindre alvorlege hendingar i fengsla. Regjeringa vil styrke behandlingstilbodet innanfor psykisk helsevern i kriminalomsorga og redusere bruken av isolasjon og utestenging i fengsla.

I 2020 vart ei eiga nasjonal fellesskapsavdeling for denne gruppa etablert ved Ila fengsel og forvaringsanstalt. Avdelinga skal bidra til å førebyggje og hindre langvarig isolasjon for mannlege innsette med alvorlege psykiske lidingar. Eit tilsvarande tilbod er så langt ikkje tilgjengeleg for kvinnelege innsette. Regjeringa foreslår derfor å sette av midlar til etablering av eit nasjonalt ressursteam for kvinner ved Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt.

Helseregionane skal i 2021 etablere ein områdefunksjon for spesialisthelsetenesta innanfor psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling for innsette. Funksjonen sikrar faste stadlege tenester i alle fengsel. Sjå kap. 732 i Prop. 1 S (2020–2021) for Helse og omsorgsdepartementet.

Mange innsette har òg eit rusproblem, og behovet for tilbod om avrusing ved innsetjing i fengsel er stort. Regjeringa sette derfor i gang eit pilotprosjekt med avrusingseining ved Bjørgvin fengsel i 2019 for å prøve ut ein ny modell for avrusing der helsepersonell gjennomfører avrusing inne i fengselet. Målet er å få til ei forsvarleg avrusing og stabilisering før den innsette kan flyttast over i ei ordinær avdeling.

Det er gjennomført ei utgreiing for å vurdere det samla straffereaksjons- og behandlingstilbodet under straffegjennomføring for personar med rusproblem eller avhengnad, og for å sjå på om innretninga av dette bør endrast. Sjå omtale i del I, oppmodingsvedtak nr. 103 (2. desember 2016).

5.3 Velferdsobligasjonar

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet har på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet sett i gang eit pilotprosjekt med velferdsobligasjonar, ein modell for utvikling og finansiering av nye tiltak for å førebyggje tilbakefall til kriminalitet. Velferdsobligasjonar er resultatbaserte avtalar mellom fleire partar, som oftast offentlege styresmakter, investorar/stiftingar og private eller ideelle tenesteleverandørar, og har som formål å løyse sosiale problem på ein ny måte.

Eit utval kommunar vart våren 2018 inviterte til å søke om midlar til utvikling av lokale prosjekt. Det vart innvilga tilskot til to lokale prosjekt – eitt i Kristiansand kommune og eit felles initiativ frå fem kommunar i Vestfold: Horten, Holmestrand, Tønsberg, Sandefjord og Larvik. Våren 2019 vart desse kommunane inviterte til å søke om tilsegn om tilskotsmidlar for å dekke delar av sluttoppgjeret til kommunen dersom dei lokale prosjekta når måla som er sette.

Kommunane Larvik, Sandefjord, Tønsberg og Færder har i 2020 etablert eit interkommunalt prosjekt med sikte på oppstart hausten 2020. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2020 løyvd midlar til dette prosjektet, sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Oxford Research er gitt i oppdrag å gjennomføre ei evaluering av pilotprosjektet. Hausten 2020 skal dei etter planen levere ein første delrapport, som skal gi ein kunnskapsstatus for arbeidet. Sjå òg omtale under forslag til romartalsvedtak.

6 Tryggleik i kriminalomsorga

Kriminalomsorga skal sikre ei gjennomføring av straff som varetek tryggleiken for både innsette og tilsette. Det er eit mål for kriminalomsorga å hindre at innsette radikaliserer andre innsette. Eit forsvarleg tryggingsnivå bidrar til å hindre at fangar rømmer frå fengsel, og at innsette kan planleggje ny kriminalitet medan dei gjennomfører straff. Det blir stilt strenge krav til kommunikasjonskontroll, besøkskontroll og vurdering av kven som kan sone saman.

I 2019 og 2020 fekk fleire fengsel med høgare tryggingsnivå gjennomlysingsmaskiner. Desse reduserer risikoen for at det blir smugla blant anna rusmiddel, kommunikasjonsutstyr og farlege gjenstandar inn i fengsel. I den same perioden fekk fleire av dei sikraste fengsla i landet tryggleiksskannarar til undersøking av personar. Skannarane styrker åtgangskontrollen i fengsla, og dei vil òg bidra til å redusere talet på kroppsvisitasjonar.

Kriminalomsorga prioriterer høgt å styrke førebygginga av vald og truslar mot tilsette og mellom innsette. I 2019 auka talet på registrerte hendingar med vald eller truslar mot tilsette og mellom innsette, etter at det hadde vore ein nedgang i åra før.

Tabell 2.5 Talet på registrerte situasjonar med vald eller truslar mot tilsette og mellom innsette, 2014–2019

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Situasjonar med vald eller truslar mot tilsette

508

801

1 366

1 306

953

1 014

Situasjonar med vald eller truslar mellom innsette

386

298

418

376

292

477

Auken kan knytast til ei utvikling med fleire utagerande og psykisk sjuke innsette. Ein annan faktor som har bidratt til eit tøffare miljø i fengsla, er at innsettepopulasjonen over tid har endra seg. Det er i dag fleire innsette enn tidlegare som er sikta eller domfelte for alvorleg kriminalitet som til dømes vald. Domfelte som har gjort seg skuldige i mindre alvorleg kriminalitet, sonar stadig oftare straffa si med elektronisk kontroll.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke ordinære driftsutgifter (lønn, varer og tenester) i kriminalomsorga. Bemanninga i kriminalomsorga per 1. mars 2020 utgjorde 4 433,6 fast tilsette årsverk. Posten dekker vidare utgifter til maskiner og utstyr, kontorutgifter, personalavhengige utgifter, husleige, programverksemd, aktiviseringstiltak og godtgjersler og kosthald for dei innsette.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 10 mill. kroner til førebygging av isolasjon i fengsel, under dette

    • 5 mill. kroner til oppretting av eit nasjonalt ressursteam for kvinner ved Bredtveit fengsel

    • 5 mill. kroner til aktiviseringsteam i kriminalomsorga

  • 183 mill. kroner til drift og husleige, Agder fengsel

    • Dei samla utgiftene under forvaltningssamarbeidspartnarar i samband med nytt fengsel i Agder og ei nedlegging av overkapasitet av fengselsplassar på lågare tryggingsnivå er berekna til 27,1 mill. kroner. Vi viser til omtalen under budsjettforslaga til Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet.

  • 5 mill. kroner i tilknyting til prosjektgjennomføring av rehabilitering av Ila fengsel og forvaringsanstalt

    • Kostnads- og styringsramma for prosjektet, utan påkomne kostnader for skisse- og forprosjekt, er høvesvis 353 og 302 mill. kroner, ekskludert inventar og brukarutstyr. Styringsramma for brukarutstyrsprosjektet er på 33 mill. kroner. Kostnadsramma for brukarutstyr er på 40 mill. kroner. Sjå òg omtale under forslag til romartalsvedtak.

  • 2,5 mill. kroner til arbeid med forprosjekt nytt Oslo fengsel

Det blir foreslått å flytte:

  • 2,3 mill. kroner frå Politidirektoratets budsjett (kap. 440, post 01) til kap. 430, post 01, i samband med arbeidet i kriminalomsorga med omvend valdsalarm

  • 0,5 mill. kroner frå kap. 430, post 01, til Helsedepartementets budsjett (kap. 732, post 72) i tilknyting til kostnader for forvaltningssamarbeid for innsette under 18 år ved Indre Østfold fengsel, Eidsberg avdeling

  • 1,5 mill. kroner frå kap. 430, post 01, i tilknyting til drift av Arendal fengsel, Evje avdeling til:

    • Helsedepartementet (kap. 762, post 61)

    • Kunnskapsdepartementet (kap. 225, post 68)

    • Kulturdepartementet (kap. 326, post 80)

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 50,3 mill. kroner i tilknyting til nedlegginga av fengselsplassar i samband med opning av nytt fengsel i Agder

  • 41,2 mill. kroner i tilknyting til sluttfasekostnader og gjennomføringskostnader ved nytt fengsel i Agder

  • 31,3 mill. kroner i tilknyting til avvikling av 100 midlertidige dubleringsplassar

    • Dei samla reduserte utgiftene under forvaltningssamarbeidspartnarar i tilknyting til nedlegging av dubleringsplassane er berekna til 6,4 mill. kroner. Vi viser til omtalen under budsjettforslaga til Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03 og 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4 872,3 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430, post 01

Posten omfattar utgifter knytte til arbeidsdrifta, av dei utgifter til materialar, rutinemessig utskifting av mindre maskiner og utstyr, kurs for tilsette som rettar seg spesifikt mot hjelpemiddel som blir brukte i arbeidsdrifta, og vedlikehald og drift av maskinparken. I posten inngår òg arbeidspengar til dei innsette.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 96,4 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten omfattar større utstyrskjøp og vedlikehald. Posten omfattar òg midlar til IKT-løysingar, maskiner og teknisk utstyr til arbeidsdrifta, anna utstyr til fengsla og innkjøp av køyretøy.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 11 mill. kroner til prosjektgjennomføring av rehabilitering av Ila fengsel og forvaringsanstalt

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 149,9 mill. kroner i tilknyting til eingongsutgifter til utstyr og inventar og digitalisering i tilknyting til nytt fengsel i Agder

  • 19,9 mill. kroner i tilknyting til ei eingongsløyving til sikringsutstyr og vedlikehaldsprosjekt mv. i kriminalomsorga

Det blir foreslått ei løyving på posten på 37,8 mill. kroner.

Post 60 Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres

Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring og varetektssurrogat. Ved prøvelauslating av forvaringsdømde kan retten setje vilkår om at den domfelte tek opphald i institusjon eller kommunal bustad lenger enn eittårsfristen i straffelova § 37 bokstav h. Denne retten er grunngitt i straffelova § 45 første ledd bokstav c. I samband med etableringa av refusjonsordninga var det eit mål at dei forvaringsdømde som har spesielle behov, skal kunne få opphald i institusjon eller i omsorgsbustad ved prøvelauslating. Denne retten er grunngitt i straffelova § 45 første ledd bokstav c.

Det krevst særlege grunnar for å setje vilkår om prøvelauslating til kommunal omsorgsbustad eller institusjon. Særlege grunnar gjeld når den domfelte elles ikkje vil kunne bli lauslaten på prøve, og ei prøvelauslating på slike vilkår er vurdert å vere betre for den domfelte enn framleis opphald i anstalt under kriminalomsorga. Dette er særleg aktuelt når den forvaringsdømde er psykisk utviklingshemma eller har psykiske problem og/eller rusproblem. Det er eit vilkår for slik frigiving at institusjonen eller kommunen har samtykt i opphaldet, og at tiltaka er statleg finansierte. Domstolane tek avgjerd om prøvelauslating.

I 2019 vart det utbetalt refusjon etter ordninga på 71,6 mill. kroner. Avgjerder om prøvelauslating frå forvaring med vilkår om at den domfelte tek opphald i institusjon eller kommunal bueining utover eittårsfristen, ligg til domstolane. Det gjer løyvingsbehovet på posten usikkert. Det er vanskeleg å føreseie utviklinga i talet på saker, dvs. både kva for saker som vil falle bort, tilførsel av nye saker og kva for krav som vil følgje av avgjerdene til domstolane. Dermed er det òg vanskeleg å føreseie kor kostbare tiltaka knytte til kommunal refusjon vil vere.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 86,2 mill. kroner.

Post 70 Tilskudd

Post 70 er ei tilskotsordning for frivillig verksemd under verkeområda til kriminalomsorga, dvs. domfelte under straffegjennomføring. Posten dekker tilskot til frivillige organisasjonar som får hovuddelen av aktivitetane sine finansiert med andre kjelder. Det er ein føresetnad at verksemda til mottakaren støttar opp om dei generelle måla til kriminalomsorga, og då med særleg vekt på at dei domfelte skal førast tilbake til samfunnet etter at dei har sona straffa si.

Kriminalomsorga skal støtte opp om verksemda til frivillige organisasjonar ved å gi økonomiske tilskot og ved å invitere dei til samarbeid. Organisasjonane gir informasjon og tilbod om samtalar, besøk, opplæring og aktivitetar, inkludert arbeidsretta aktivitetar. Dei skaper viktige møteplassar og nye sosiale nettverk for domfelte som ønskjer seg bort frå kriminelle miljø.

I 2019 vart det fordelt om lag 29,2 mill. kroner til 33 frivillige organisasjonar. Av beløpet vart 24 044 000 kroner øyremerkte, jf. Innst. 6 S (2018–2019). Dei resterande midlane vart fordelte av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) etter søknad frå organisasjonane. Ei oversikt over fordelinga av midlane er lagd ut på regjeringen.no.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 4,8 mill. kroner frå Politidirektoratets budsjett (kap. 440, post 70), i samband med tidlegare øyremerkte tilskot til tilbodet Steg for steg og til samarbeidsprosjekt mellom Bredtveit fengsel og Oslo krisesenter

Heile posten blir i 2021 fordelt av Kriminalomsorgsdirektoratet etter søknad frå organisasjonane. Det blir føresett at midlane blir fordelte ut frå tydelege kriterium, medrekna at dei legg vekt på omsynet til kontinuitet for organisasjonane over tid.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 33,9 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorgen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Arbeidsdriftens inntekter

100 481

92 653

96 268

03

Andre inntekter

28 045

25 665

21 713

04

Tilskudd

13 185

2 454

2 520

Sum kap. 3430

141 711

120 772

120 501

Post 02 Inntekter fra arbeidsdriften

Posten omfattar inntekter frå sal av produksjonen frå arbeidsdrifta, i tillegg til inntekter frå drifts- og vedlikehaldsoppgåver som blir utførte på bestilling frå Statsbygg.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 96,3 mill. kroner.

Post 03 Andre inntekter

Posten omfattar blant anna leigeinntekter for teneste- og leigebustader, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadene og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 21,7 mill. kroner.

Post 04 Tilskudd

Posten omfattar tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS-finansieringsmekanismane. Posten omfattar òg inntekter frå prosjekt der kriminalomsorga får tilskot til å gjennomføre prosjekt i samarbeid med internasjonale organisasjonar eller andre land.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,5 mill. kroner.

Kap. 432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter (KRUS)

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

254 653

191 272

179 195

Sum kap. 0432

254 653

191 272

179 195

Å ha fengselsbetjentar med høg og riktig kompetanse er ein føresetnad for god kvalitet i straffegjennomføringa.

I 2020 byrja 180 aspirantar utdanninga ved KRUS. Departementet føreset at KRUS ved kvart opptak tek opp fleire aspirantar enn kva måltalet for ferdigeksaminerte aspirantar krev. Bakgrunnen for dette er at det som regel sluttar nokre studentar undervegs i utdanningsløpet. Tabellen under viser talet på uteksaminerte fengselsbetjentar i perioden 2013–2019.

Tabell 2.6 Talet på uteksaminerte fengselsbetjentar, 2013–2019

År

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Uteksaminerte fengselsbetjentar

146

164

167

169

168

162

260

Endringar i behovet for fengselsplassar gir endringar i behovet for etatsutdanna fengselsbetjentar. I samband med etableringa av 300 plassar i nytt fengsel i Agder vart klasseopptaket ved KRUS utvida i 2017. Utdanningsløpet ved KRUS varer i to år. Talet på uteksaminerte auka derfor i 2019. På grunn av avgjerda om å leggje ned fengselsplassar vart talet på klassar mellombels redusert med éin i budsjettet for 2019. Frå 2021 vil talet på klassar ved KRUS gå tilbake til ordinær kapasitet.

For å betre søkargrunnlaget til utdanninga og for at opptaket ved KRUS skal følgje opptaket ved andre høgskular, skal klasseopptaket framover i hovudsak skje i august. Prosessen med å endre det årlege klasseopptaket frå januar til august starta i 2020 og vil gå føre seg over to år.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønns- og personalutgifter til tilsette og aspirantar ved KRUS, drift- og leigeutgifter til lokale, reiser (medrekna kursdeltakarar og aspirantar), fagmateriell, inventar og utstyr, lisensar, uniformseffektar m.m. Bemanninga ved KRUS var 67,9 fast tilsette årsverk per 1. mars 2020. Posten omfattar òg løyving til forsking og utvikling, etter- og vidareutdanning, verksbetjentutdanning og støttefunksjonar.

Det blir foreslått å auke løyvinga med:

  • 11,5 mill. kroner som følgje av at det er slutt på den mellombelse reduksjonen av klasseopptak ved KRUS på grunn av nedlegging av fengselsplassar

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 23,4 mill. kroner som følgje av forskyvd klasseopptak ved KRUS

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 179,2 mill. kroner.

Kap. 3432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

03

Andre inntekter

3 091

1 087

1 117

Sum kap. 3432

3 091

1 087

1 117

Post 03 Andre inntekter

Posten omfattar blant anna inntekter frå eigendelen som aspirantane betaler for skulebøker.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på om lag 1,1 mill. kroner.

Kap. 433 Konfliktråd

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

138 083

60

Tilskudd til kommuner, kan overføres

13 611

70

Tilskudd

22 622

Sum kap. 0433

174 316

Sekretariatet for konfliktråda (Sfk) står for den faglege og administrative leiinga av konfliktråda.

Saksbehandlinga i konfliktråda er ein arbeidsintensiv prosess som blir utført lokalt i form av manuelle prosessar og registreringar. For at ein i framtida skal kunne løyse utfordringane, nå brukarane på ein betre måte og utvikle organisasjonen og tenestene, er det sett i verk eit digitaliseringsprosjekt i konfliktråda. Prosjektet vil bli fullført i 2021. Saksbehandlinga og samhandlinga internt og med samarbeidspartnarar vil bli digitalisert, og dette vil gjere konfliktråda betre rusta til å møte fleire og meir komplekse saker.

7 Meir alvorlege saker

Konfliktråda tok imot 7 385 saker i 2019. Dette er ein nedgang på 6 prosent frå 2018.

Figur 2.9 Talet på saker i konfliktråda 2014–2019

Figur 2.9 Talet på saker i konfliktråda 2014–2019

Av sakene til konfliktråda i 2019 var 3 202 straffesaker og 2 207 sivile saker. I tillegg fekk konfliktråda 1 423 bortlagde straffesaker. Sjå punkt 3 for meir informasjon om straffereaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd.

Første halvår 2020 vart påverka av koronasituasjonen, og samanlikna med første halvår 2019 viste den samla saksutviklinga ein nedgang på totalt ni prosent.

Det er store variasjonar i kor mange saker som blir viste til dei ulike konfliktråda. Kunnskapen om tenestene som konfliktråda tilbyr, er varierande blant samarbeidspartnarane til konfliktråda. Samstundes er sakene som kjem til konfliktråda, stadig meir alvorlege og arbeidskrevjande.

I 2019 vart konfliktråda styrkt som ein del av ei særskild satsing mot ungdomskriminalitet og kriminelle miljø. Midlane har bidratt til å styrke bemanninga ved fleire konfliktråd til arbeidet med oppfølging av ungdom. Midlane har òg bidratt til ei raskare igangsetjing av straffereaksjonane. I 2018 gjekk det 65 dagar frå konfliktrådet fekk ei sak, til straffegjennomføringa starta. I 2019 hadde saksbehandlingstida gått ned til 59 dagar.

8 Vidareutvikling av konfliktråda

Ved innføringa av ungdomsstraff og ungdomsoppfølging tok Justis- og beredskapsdepartementet initiativ til ei følgjeevaluering. Nordlandsforskning gjennomførte evalueringa, som vart ferdigstilt i 2019. Evalueringa viser at mange unge får hjelp til eit liv utan kriminalitet, men at straffereaksjonane òg har eit forbetringspotensial. Blant anna tek det for lang tid frå ungdommen gjer eit lovbrot, til straffegjennomføringa startar. I tillegg er det utfordringar med samtykke, og det manglar tiltak for å hjelpe ungdommane.

På bakgrunn av følgjeevalueringa og innspel frå andre aktørar i straffesakskjeda vurderer departementet endringar i konfliktrådslova, straffelova, straffeprosesslova mv. I tillegg til forbetringar av reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, vurderer departementet òg utvida tilgang til bruk av enkelte tvangsmidlar overfor ungdom. Regjeringa vil komme tilbake til saka på ein eigna måte.

Målet med endringane er å innføre effektive verkemiddel for å førebyggje ny kriminalitet, redusere tida mellom lovbrot og reaksjon, samt sikre god rehabilitering av den enkelte. Det er òg eit mål å leggje til rette for at ein betre skal kunne ta vare på fornærma i saker der lovbrytaren gjennomfører ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging.

Konfliktrådet har ikkje eigne tiltak. Ei god straffegjennomføring krev eit godt tverrfagleg samarbeid og tilgang på kommunale og statlege tiltak. Då tiltaka mot koronaviruset vart sette i verk, vart det meir krevjande å gi ungdommane tilstrekkeleg hjelp. Dette førte òg til at det vart restansar i saker med ungdomsstraff og ungdomsoppfølging i konfliktråda. For å redusere dei uheldige konsekvensane av at tenestetilbodet til ungdommane vart sterkt redusert, og for å styrke kapasiteten til konfliktråda, vart løyvinga mellombels styrkt i 2020.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal gå til drift av 12 konfliktråd fordelte på 22 kontor og til drift av Sekretariatet for konfliktråda (Sfk). Samla utgjorde bemanninga i konfliktråda 141,7 årsverk per 31. desember 2019.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med:

  • 1,5 mill. kroner i samband med redusert behov for løyving til digitaliseringsprosjektet i 2021

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 433, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3433, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 138,1 mill. kroner.

Post 60 Tilskudd til kommuner, kan overføres

Løyvinga skal gå til tilskotsordninga for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, som Sfk forvaltar.

Det blir foreslått ei løyving på 13,6 mill. kroner.

Post 70 Tilskudd

Løyvinga skal gå til tilskot til arbeid mot vald i nære relasjonar og til tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak

Det blir foreslått ei løyving på 22,6 mill. kroner.

Kap. 3433 Konfliktråd

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Refusjoner

746

Sum kap. 3433

746

Post 02 Refusjoner

Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene konfliktråda har i samband med kurs og konferansar. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 433, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3433, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 0,7 mill. kroner.

Programkategori 06.40 Politi og påtale

Utgifter under programkategori 06.40 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–25

Driftsutgifter

20 663 843

20 821 056

21 624 531

3,9

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

1 345 615

1 042 130

263 443

-74,7

70–89

Overføringer til private

151 797

308 778

389 100

26,0

Sum kategori 06.40

22 161 255

22 171 964

22 277 074

0,5

Utgifter under programkategori 06.40 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

440

Politiet

20 311 244

20 262 802

20 361 304

0,5

442

Politihøgskolen

658 843

633 984

631 994

-0,3

444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

905 926

982 580

967 936

-1,5

445

Den høyere påtalemyndighet

270 427

277 795

300 999

8,4

446

Den militære påtalemyndighet

8 928

9 058

9 079

0,2

448

Grensekommissæren

5 887

5 745

5 762

0,3

Sum kategori 06.40

22 161 255

22 171 964

22 277 074

0,5

Innleiing

Programkategori 06.40 omfattar løyvinga til politiet, Politiets tryggingsteneste (PST), Politihøgskolen, Den høgare påtalemakta, Den militære påtalemakta og Grensekommissæren. Den største delen av programkategorien blir løyvd under kap. 440 Politiet.

Innanfor justissektoren er det særleg måla om effektiv kamp mot kriminalitet, rettstryggleik og tryggleik i samfunnet som er sentrale for verksemdene i programkategorien. Politiet har også oppgåver tilknytta målet om kontrollert og berekraftig innvandring. Verksemdene i programkategorien er ansvarlege for grunnleggjande funksjonar i samfunnet. Befolkninga skal kunne ha høg tillit til at desse oppgåvene blir tatt hand om på ein god måte. Oppgåveløysinga skjer i eit samvirke med andre statlege og private aktørar, kommunale etatar og det sivile samfunnet, og med internasjonale samarbeidsstyresmakter.

Prioriteringar for 2021

Regjeringa vil i 2021 leggje til rette for eit tilgjengeleg politi som i enda sterkare grad er til stades der folk treng dei. Når kriminaliteten tek nye formar er det naudsynt at politiet, i tillegg til å være tilgjengeleg gjennom fysiske møte, og må vere på nett og i sosiale medier. Dei må kunne nytte digitale løysingar når dei skal løyse arbeidsoppgåvene. Innbyggjarane forventar at dei kan kommunisere med politiet på andre måtar enn før.

Samstundes må politiet òg kunne handle raskt når folk treng hjelp til dømes ved vinningskriminalitet i heimen, ulykker og naturhendingar. Det har vore naudsynt å bygge opp sterke faglege einingar, mellom anna funksjonelle driftseiningar i politidistrikta, for å kunne handtere den alvorlege og ofte nettbaserte kriminaliteten. Dette har medført at styrkinga av dei funksjonelle driftseiningane har vært sterkare enn oppbygginga av dei geografiske driftseiningane med ansvar for vakt og beredskap, slik regjeringa også har beskreve det i Meld. St. 29 (2019–2020) Politimeldingen – et politi for fremtiden.

Regjeringa følger opp og foreslår å auke budsjettet til politiet med 477,8 mill. kroner. Løyvinga skal i hovudsak gå til å styrke dei geografiske driftseiningane, og tilsvarar ei vidareføring av dei mellombelse 400 politistillingane som blei oppretta i samband med Prop. 67 S (2019–2020).

Gjennom å omgjere 400 midlertidige politistillingar til permanente politistillingar, førar regjeringa vidare ei politidekning på to per tusen og den styrka grunnberedskapen i heile landet. Grunnberedskapen er viktig for folks tryggleik. Politiets nasjonale beredskapssenter som opnar i år er vesentleg for å ytlegare styrke dei nasjonale beredskapsressursane i politiet Opninga av beredskapssenter innebar at regjeringa er i mål med alle oppfølgingspunkta frå Gjørv-kommisjonen. Regjeringa vil leggje enda betre til rette for at alle politidistrikta kan forbetre den lokale beredskapen. Regjeringa legg difor fram forslag om å auke løyvinga med 26 mill. kroner slik at anslagsvis 500 innsatspersonell i politidistrikta årleg får auka muligheit til å trene ved politiets nasjonale beredskapssenter.

Det er eit viktig mål å sikre ei effektiv behandling av straffesaker med høg kvalitet. De seinare åra har talet på dei mest arbeidskrevjande sakene auka monnaleg. Desse er samstundes ofte dei høgast prioriterte sakene. Kapasitetsundersøkinga som politiet har gjennomført på etterforskingsområdet viser at ein bruker om lag ein tredel av straffesaksressursane på under tre prosent av den samla saksmengda. Dette er prioriterte saker som særleg er knytte til alvorlege valdshendingar, drap, mishandling i nære relasjonar, seksuelle overgrep og alvorleg organisert kriminalitet.

Forbetringsarbeidet på straffesaksområdet skal halde fram. I samband med Prop. 127 S (2019–2020) vart det løyva midlar for å handtere store restansar i domstolane, påtalemakta i politiet og Den høgare påtalemakta. Regjeringa vil auke løyvinga med 39 mill. kroner til påtalejurister i politiet og 20 mill. kroner til Den høgare påtalemakta som heilårseffekt av auka løyving i 2020, for å byggje ned restansar i straffesaksbehandlinga. Løyvinga er foreslått som ei varig auke, både hos politiet og Den høgare påtalemakta. I 2021 er målet å bygge ned restansane i domstolane samstundes som påtalemakta ikkje bygger opp nye restansar.

Politiet er ei stor verksemd med mange oppgåver. Etter at regjeringa tiltredde i 2013, har driftsbudsjettet til politiet auka med 3,3 mrd. kroner. Dette har blant anna lagt grunnlaget for ei kraftig oppbemanning i politiet og for gjennomføringa av politireforma. I tillegg er det gitt løyving til større investeringar i perioden, som beredskapssenteret, politihelikopter og objektsikring. For 2021 foreslår regjeringa ei ytterlegare betydeleg auke i driftsbudsjettet til politiet, slik at den totale økningen på driftsbudsjettet i regjeringsperioden vil være 4 mrd. kroner.

Regjeringa legg vekt på effektivisering, og reforma for avbyråkratisering og effektivisering i staten videreførast. Departementet vil i tida som kjem også stille krav om at det trekkast ut gevinster frå politireformen, og at politiet utviklar og sett i verk tiltak som kan gje meir og betre polititenester for kvar løyva krone.

Regjeringa vil styrke forbygging av hatkriminalitet, og foreslår å løyve 7 mill. kroner til å opprette eit nasjonalt kompetansemiljø som skal være til støtte for alle politidistrikt. Regjeringa foreslår også å løyve 3 mill. kroner til forsking på feltet.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 183 mill. kroner til internasjonalt samarbeid om grensekontroll som ei oppfølging av den nye forordninga om Den europeiske grense- og kystvakta, inkludert Frontex. Dette gjeld både innbetaling av kontingent og at Noreg bidrar med fleire tenestepersonar til felles operasjonar.

Kap. 440 Politiet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

18 588 750

18 642 616

19 535 578

21

Spesielle driftsutgifter

107 365

137 495

22

Søk etter omkomne på havet, i innsjøer og vassdrag, kan overføres

10 151

9 436

9 689

23

Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål

32 253

26 819

33 239

25

Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning

75 313

95 528

130 255

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

1 345 615

950 030

214 549

48

Tildeling fra EUs indre sikkerhetsfond (ISF), kan overføres

92 100

48 894

70

Tilskudd

62 938

65 946

66 156

71

Tilskudd Norsk rettsmuseum

5 256

6 197

7 215

73

Tilskudd til EUs grense- og visumfond

83 603

236 635

315 729

Sum kap. 0440

20 311 244

20 262 802

20 361 304

Omtale av verksemda

Politiet skal gjennom førebyggjande, handhevande og hjelpande verksemd vere eit ledd i den samla innsatsen i samfunnet for å fremme og sikre tryggleiken, rettstryggleiken og den alminnelege velferda elles for borgarane, jf. politilova § 1.

Politidirektoratet leier politiet, og har ansvaret for fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling i heile etaten, med dei avgrensingane som følgjer av at Riksadvokaten har det faglege overordna ansvaret for all straffesaksbehandling (nærmare omtale under kap. 445 Den høgare påtalemakta).

Direktoratet har til saman 21 underliggjande einingar:

  • tolv politidistrikt

  • fem særorgan med nasjonale oppgåver (Kripos, Økokrim, Politiets utlendingseining, Utrykkingspolitiet og Politihøgskolen).

  • fire andre underliggjande einingar (Politiets fellestenester, Politiets IKT-tenester, Nasjonalt ID-senter og Grensekommissariatet)

Sjå omtale av Politihøgskolen under kap. 442.

Sjå omtale av Politiets tryggingsteneste under kap. 444.

Den totale bemanninga i politiet er om lag 17 500 årsverk, og av desse er rundt 13 950 i politidistrikta. Frå desember 2013 til mars 2020 har politiet fått rundt 2 800 fleire årsverk, og meir enn 1 650 av desse er politiårsverk. 90 prosent av auken i politiårsverk har komme i politidistrikta, noe som tilsvarer 1508 årsverk. Det inneber at det har vore en auke på 19 prosent i politiårsverk i distrikta i denne perioden

Virusutbrotet

Virusutbrotet har allereie sett politiet og samfunnet elles i ein ny situasjon som påverkar behovet for polititenester og kapasiteten i politiet til drift og utvikling på kort sikt. Samstundes er den vidare utviklinga av virusutbrotet usikker, og med det dei langsiktige konsekvensane. Det er venta at virusutbrotet vil verke inn på kriminalitetsutviklinga på fleire område, og at saksomfanget i sivil rettspleie vil kunne auke.

Politiet er ein viktig bidragsyter i arbeidet med å hindre smittespreiing.

I samband med tiltak mot virusutbrotet har politiet gjennomført ein mellombels personkontroll på den indre Schengen-grensa, blant anna for å håndheva heimlar for bortvising og gje informasjon om smitteverntiltak, under dette karantene der det er plikt til det. Politiet må òg vere budd på at indre grensekontroll kan bli vidareført over lengre tid, sjølv om tiltaka blir tilpassa etter kvart som styresmaktene justerer smitteverntiltaka. Verknadene av pandemien vil vere merkbare i fleire år framover.

Sjå omtale i del I.

Brot på smittevernloven er alvorleg, og dei er ei prioritert oppgåve for politiet. Riksadvokaten har i den siste tida utarbeidd nasjonale retningslinjer for strafferettsleg handtering av brota. Dei følgjer blant anna opp og førebygger potensielt misbruk av dei ulike statlege støtteordningane under virusutbrotet.

Politiet pålegg ingen karantene, men dei følgjer opp brot på karanteneplikta. Dei kontrollerer heller ikkje at folk held fysisk avstand. Politiet legg vekt på førebygging og har fleire heimlar i blant anna politilova til å oppretthalde ro og orden. Politiet nytter desse heimlane når dei blant anna løyser opp i fester nattestid med mange folk tett samla.

Eit politi for framtida

Politiet skal førebyggje og handtere kriminalitet, tryggje befolkninga i naturkatastrofar, handtere ulukker og pandemiar. Folk skal ha høge forventninger til politiet. Dei skal ha høg tillit til politiet, og dei skal kjenne seg trygge. Slik er det i dag.

Skal dette fortsette, må politiet kunne endre seg i takt med utviklinga i kriminaliteten og i samfunnet. Regjeringa vil ha kontinuerlig utvikling i politiet, og legg vekt på dette framfor nye store reformar. I åra som kjem skal gevinstane av politireformen hentast ut, og mykje har allereide blitt betre. Mellom anna har kvaliteten i straffesaksbehandlinga vorte betra, og politiet har lykkast med betre etterforsking i startfasen.

Politiet skal i løpet av 2020 nå målet om ei nasjonal politidekning på to polititenestepersonar per 1000 innbyggjarar. Dette bidreg til ein styrkt grunnberedskap i heile landet. Løyvinga på 400 varige politistillinger frå 2021 skal overførast til politidistrikta når det ekstraordinære bemanningsbehovet som følgjer av virusutbrotet har falt bort, og stillingane skal i hovudsak nyttast til å styrke dei geografiske driftseiningane der. Løyvingsaukinga til stillingane blir foreslått som ei varig auking, og bidreg til å oppretthalde den historisk høge politidekninga. Målet er eit politi som er tilgjengelege og til stades når det trengst.

Kriminalitetsutviklinga driv opp behovet for meir spesialisert kompetanse, teknologi-investeringar og spesialisert samarbeid. Måltallet om to per 1000 har vore eit viktig mål for norsk politi. Den stramme styringa av kva slags kompetanse ein kunne rekruttere har bunde opp ressursane til politiet og redusert handlingsrommet for lokale politileiarar. Det har blitt mindre rom til å rekruttere spesialistar med til dømes økonomi- eller ikt-kompetanse som det er bruk for i samband med etterforsking av komplekse saker.

Når om lag åtti prosent av budsjettet i distrikta er lønn, og det meste av dette er lønn til politiutdanna tenestepersonar, blir det heller ikkje mykje att til investeringar i utstyr eller ny teknologi.

På sikt er målet at politiet skal få auka handlingsrommet sitt, slik at verksemda kan utviklast for å møte kriminalitetsutviklinga med rett kompetanse og kapasitet.

Evalueringa av politireforma som vart utført av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) peikar på at «politiet [er] en av de store publikumsrettede etatene som kanskje er kommet kortest i digitaliseringen». Trass i auka innsats når det gjeld digitalt politiarbeid, er politiet framleis ein etat der digitaliseringa ikkje har komme langt.

Befolkninga kommuniserer i aukande grad digitalt, og forventar at offentlege etatar legg til rette for digital kommunikasjon. Denne utviklinga har blitt tydelegare i samband med virusutbrotet, som har gitt vekst i bruken av digital samhandling i det norske samfunnet, særleg som følgje av smittereduserande tiltak som til dømes reiserestriksjonar. Etterspurnaden etter digitale kommunikasjonsløysingar med politiet auka raskt frå medio mars 2020.

Det er fremdeles et betydelig potensial for fornying, forbedring og for forenkling, men politiet har de siste årene fått noen nye datasystemer og flere digitale verktøy og tjenester. I løpet av nokre veker våren 2020 vart det mogleg å melde langt fleire typar lovbrot på nettet, og digital signatur har lagt til rette for eit betre samarbeid mellom politiet og domstolane. Digitalt forenkla førelegg er innført for hendingar på vegen. Det har òg vorte innført ei digital løysing for oversendelse av dokument til involverte i straffesaker. Om kort tid kan politiet ta avhøyr av involverte og ta bilde og video frå åstad som automatisk blir overført til straffesaksløysingane for vidare behandling hos etterforskarar og påtalemakta.

Det er eit mål at digitalisering av fleire publikumstenester skal gjere politiet lettare tilgjengeleg for befolkninga, samstundes som det blir frigjort kapasitet til anna politiarbeid.

Politiet har gode resultat når det gjeld svartid på nødnummer 112. Resultatene i 2019 er dessuten noko betre enn i 2018, på tross av ei auke i antall henvendelser. For førespurnader som ikkje dreier seg om fare for liv og helse, er publikum ifølgje Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) si innbyggjarundersøking frå 2019 mindre nøgde med tilgjengelegheit og nærvære i 2019 enn i 2017. Politidirektoratet vil vurdere korleis tilgjengelegheita for «vanlege» førespurnader blant anna for svartenesta 02800 kan gjerast betre og meir effektiv.

Politiet samarbeider òg med skatteetaten om digitalisering av namsmannen (DINA). Denne digitale løysinga vil bidra til effektivisering og betre tilgang for publikum. Sjølvbeteningsløysingar for publikum og overgang til digital postkasse for forlik og utlegg skal vere ferdige innan utgangen av 2020.

Budsjettet til politiet vil venteleg ikkje auke så raskt frametter som det har gjort dei siste sju åra. Både samfunnsutviklinga, utviklinga i kriminaliteten og behovet for å effektivisere politiets eiga verksemd gjer at departementet vil leggje stor vekt på at politiet arbeider meir digitalt.

Trygge innbyggjarar i eit trygt samfunn

I politiets innbyggjarundersøking for 2019, svarte 94 prosent at dei kjenner seg trygge der dei bur og ferdast. Dette var noko høgare enn i 2018. Innbyggjarundersøkinga viser òg at tilliten til politiet har auka med to prosentpoeng frå 77 prosent i 2018 til 79 prosent i 2019.

Den same undersøkjinga viser òg at innbyggjarar som ikkje oppfattar at politiet er regelmessig synlege i deira lokalområde, eller at politiet regelmessig er i kontakt med lokalområdet, kjenner seg mindre trygge enn fleirtalet. Dette er ei utfordring som politimeldinga (Meld. St. 29 (2019–2020)) tek opp, og som skal møtast med ei anna fordeling av ressursar. Løyvinga på 477,8 mill. kroner skal i hovudsak gå til å styrke dei geografiske driftseiningane, og vil gi ein betre grunnberedskap i heile landet.

Samla sett innfridde ikkje politiet krava til responstid i 2019, men avvika var små og det var marginalt betre samanlikna med 2018. Resultatene var noko dårligare i 1. tertial 2020. Regjeringen opprettholder kravene til responstid for alvorlige hendelser, differensiert etter befolkningstettheit.

Både terrortrusselen og trusselen frå framande statar vil påverke nasjonal tryggleik i tida som kjem. Dei tryggingspolitiske omgivnadene blir meir uføreseielege og komplekse. Dei mest utfordrande utviklingstrekka gjeld etterretningstenester i andre land som viser at dei har evne og vilje til å bruke ulike verkemiddel mot andre statar for å fremme sine eigne interesser. Det er grunn til å vente ein kraftig auke i digitale truslar og digital sårbarheit.

Beredskapsressursane til politiet skal vidareutviklast og tilpassast utviklinga i terrortrusselen. Dette er ein viktig del av arbeidet regjeringa gjer med å førebyggje og kjempe mot terrorisme. Arbeidet vil bli sett i samanheng med utviklinga av ein ny, tverrsektoriell, nasjonal kontraterrorstrategi, og med oppfølginga av evalueringsrapporten etter Bærumangrepet i august 2019. Regjeringa auker løyvinga med 10 mill. kroner knytt til innsats mot hatkriminalitet. Løyvinga går til å utvikle eit nasjonalt kompetansemiljø og forskning på feltet. Regjeringa etablerer òg ei tilskotsordning for tryggingstiltak ved tros- og livssynssamfunn på 5 mill. kroner.

I november 2020 vil Politiets nasjonale beredskapssenter bli opna. Dette inneber eit stort løft for den nasjonale beredskapen ved at dei nasjonale beredskapsressursane blir samla på ein stad med gode fasilitetar for øving og samordning. Samlokalisering av beredskapsressursane vil styrke politiets evne til å handtere ekstraordinære hendingar og kriser. Dei nasjonale beredskapsressursane vil gjennomføre trening på beredskapssenteret og bruke senteret som ein samla base. Dette vil gi auka tilgjengelegheit og betre responstid. Regjeringa legg også fram forslag om å auke løyvinga med 26 mill. kroner slik at anslagsvis 500 innsatspersonell i politidistrikta årleg får auka muligheit til å trene ved politiets nasjonale beredskapssenter.

For å sikre at beredskapen for politiet er vareteken i Nord-Noreg, har politiet inngått ein avtale med eit privat selskap som sikrar politiet tilgang på helikopter som står på ein times beredskap gjennom heile året. Avtalen tredde i kraft 1. mai 2020.

Politipersonell på Oslo lufthamn Gardermoen har vore fast væpna sidan 20. september 2018. Frå 12. juni 2020 har politipersonell på Bergen lufthamn Flesland også vore væpna.

Det er etablert eit program for å følgje opp Riksrevisjonens merknader knytte til IKT-tryggleiken i politiet. Programmet har eit overordna mål om å sikre akseptabel sårbarheit og risiko. Politiet har komme langt, men vil måtte arbeide vidare med dette også i 2021 og framover. Riksrevisjonens merknader knytt til objektsikring blir òg følgde opp. Arbeidet med å sikre skjermingsverdige objekt i politiet og operasjonssentralane har blitt noko forseinka på grunn av virusutbrotet, men er framleis i rute til å nå målsettinga om at dei skjermingsverdige objekta i politiet er sikra i samsvar med forskrift innan utgangen av 2020.

Norsk politi og kriminalomsorg har i over 30 år delteke i operasjonar og misjonar internasjonalt for å bidra til auka tryggleik ute, som òg gir auka tryggleik hjemme. Bidraga vert finansiert over Utanriksdepartementet sitt budsjett, men politibidraga følgjes opp fagleg av både Justis- og beredskapsdepartementet og Politidirektoratet. Per september 2020 bidrar Noreg med slike stillingar i Sør-Sudan, Mali, Colombia og Jemen.

Effektiv behandling av straffesaker

Dei allmenne måla for behandling av straffesaker er høg kvalitet, høg oppklaringsprosent, kort behandlingstid og adekvat reaksjon. Målretta innsats på etterforskingsfeltet og innføring av elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) gir betre kvalitet og høgare effektivitet i behandlinga av straffesaker. Dette bidrar til auka rettstryggleik og til redusert kriminalitet gjennom individual- og allmennpreventive verknader. Høgare måloppnåing i politidistrikta føreset at leiarar i politidistrikta kontinuerleg følgjer opp straffesaksbehandlinga.

Riksadvokatembetet og statsadvokatembeta gjennomførte i 2020 den andre nasjonale kvalitetsundersøkinga av politiets etterforsking og påtalehandtering av prioriterte valdtektsaker. Over 600 straffesaker vart vurdert opp mot over 100 kvalitetsindikatorar. Resultata frå undersøkinga viser at kvaliteten i politiets behandling av valdtektsaker har blitt betre sidan 2016.

Likevel er det utfordringar knytte til resultata, også på nokre av dei høgast prioriterte områda. Blant anna er oppklaringsprosenten for vald- og seksuallovbrot framleis for låg, sjølv om han har blitt noko betre. Behandlingstida er òg for lang, sjølv om den også har blitt betre.

Forbetringsarbeidet på straffesaksområdet skal halde fram. Det blir foreslått å auke løyvinga med 39 mill. kroner til påtalejurister i politiet og 20 mill. kroner til Den høgare påtalemakta som heilårseffekt av auka løyving i 2020, for å bygge ned restansane i domstolane samstundes som påtalemakta ikkje byggjer opp nye restansar. Løyvinga er foreslått som ei varig auke, både hos politiet og Den høgare påtalemakta. Straffesaksutviklinga i politiet viser at det var noko reduksjon i ikkje påtaleavgjorte saker eldre enn tre månader før virusutbrotet. Virusutbrotet hadde negativ effekt på avviklinga av saker i domstolane. Saman med færre meldingar bidrog dette til at politiet heldt fram med å byggja ned restansar i starten av virusutbrotet.

Figur 2.10 Ikkje påtaleavgjorte saker

Figur 2.10 Ikkje påtaleavgjorte saker

Kjelde: Politidirektoratet

Påtalejuristane har viktige funksjonar i straffesaksarbeidet. Blant anna leier dei etterforskinga, treff påtalevedtak og aktorerer saker for retten. I NOU 2017: 5 En påtalemyndighet for fremtiden – Påtaleanalysen er det blant anna foreslått styrkt kompetansebygging for påtalejuristar. På oppdrag frå Politidirektoratet har Politihøgskolen satt ned ei arbeidsgruppe som har utarbeidd forslag til ein ny, obligatorisk grunnutdanningsmodell for nytilsette påtalejuristar i politiet. Departementet meiner det er viktig med eit godt kompetansetilbod på tvers av politidistrikta som kan danne grunnlaget for høg kvalitet i arbeidet som påtalejurist, og vil sjå til at arbeidet blir følgt opp.

Under virusutbrotet har smitteverntiltak ført til at mange politijuristar har arbeidd frå heimekontor. Dette hadde ikkje vore mogleg utan ei betydeleg utviding av løysinga med digital signatur i straffesaker. I heile sektoren blir det no utvikla løysingar for å støtte oppunder ein meir effektiv og sikker arbeidsprosess frå eit lovbrot blir meldt til politiet, gjennom behandling i domstolane og fram til straffa skal sonas.

Forvaltningsoppgåver og sivil rettspleie

Forvaltningsoppgåvene til politiet skal sikre publikum effektive tenester med god kvalitet. Forvaltningsoppgåvene bidrar òg til å førebyggje kriminalitet og uønskte hendingar. Førebygging gjennom forvaltning gjer at politiet kan hindre at løyve blir gitt, og at dei kan kalle tilbake løyve frå personar som ikkje lenger fyller vilkåra for å ha slike løyve (våpen, førarkort, vaktverksemd, pass, brukthandel osv.). Førebygging gjennom forvaltning handlar om å bruke informasjon politiet allereie har, i samhandling med andre fagområde i politiet.

I 2019 og 2020 har det vore ei negativ utvikling i tida namsmannen bruker på saksbehandlinga for utlegg og gjeldsordning. Spesielt vil lang saksbehandlingstid i gjeldsordningssaker gå utover rettstryggleiken for dei involverte, som ofte er i ein vanskeleg livssituasjon. Digitale løysingar for oppgåveløysinga til namsmannen vart innførte i 2020 for å effektivisere arbeidet og gi betre tilgjengelegheit for publikum. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 løyvde Stortinget 17,5 mill. kroner til midlertidige stillingar hos namsmannen for å handtere store restansar i utleggsforretningar og auka saksinngang som følgje av virusutbrotet. Tiltaket blir ført vidare i 2021.

Gebyret for utlegg er prisa for høgt. Ein vesentleg del av disse sakene gjeld i tillegg personar med dårleg evne til å betale. Regjeringa foreslår derfor å redusere gebyret for utlegg til 1 498 kroner (1,25 rettsgebyr) i 2021. Dette vil gi eit samla provenytap på om lag 279 mill. kroner påkomne og 234 mill. kroner bokført i 2021, fordelt med 242 mill. kroner påkomne og 197 mill. kroner bokført under Justis- og beredskapsdepartementet, og 37 mill. kroner bokført og påkomne under Skatteetaten. Sjå òg omtale av saken i Prop. 1 S (2020–2021) for Finansdepartementet.

Nye pass og nasjonale ID-kort for norske borgarar skal innførast hausten 2020. Dette vil bidra til å førebyggje kriminalitet og betre tryggleiken i samfunnet. Dei fleste manglane som Riksrevisjonen har peika på dette området, vil vere handterte når nye pass og nasjonale ID-kort blir lanserte.

Politidirektoratet arbeider også med ei mobil løysing for å betre tilgangen i område med lang reiseveg til nærmaste pass- og ID-kontor. Dette vil gjere det mogleg å bestille time når enheten er i nærheten.

Ny våpenlov med forskrifter skal etter planen tre i kraft i 2021 og vil gjere regelverket meir føreseieleg og enklare tilgjengeleg.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å sikre ei heilskapleg og samordna tilnærming til migrasjon og retur. Politiets utlendingsenhet sitt arbeid med asylsaksregistrering blir flytta innan utgangen av 2020 frå Tøyen til Nasjonalt ankomstsenter, Råde. Formålet med relokaliseringen er meir effektiv asylsaksbehandling i tettare samspill med Utlendingsdirektoratet, jf. omtale under programkategori 06.90.

Vidare er det eit mål å sikre effektiv retur av personar utan lovleg opphald i Noreg, jf. omtale under programkategori 06.90. Tvangsretur og assistert retur må sjåast i samanheng, og arbeidet til politiet med å returnere personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg er viktig for ein effektiv returpolitikk. Gjennomføring av returar har dei seinare åra blitt vesentleg meir krevjande, både fordi målgruppa for retur de siste årene har blitt vanskelegare å jobbe med, og fordi returføresetnadaneheld fram med å vere krevjande. Ein konsekvens av dette er at mange i målgruppa har vore lenge i Noreg ulovleg, noko som gjer returarbeidet meir komplisert. I praksis har det sidan virusutbrotet i mars 2020 berre vore mogleg å transportere ut nokre få personar.

Grensekontroll

God grense- og territorialkontroll vil bidra til at dei som kjem til og oppheld seg i landet, har rett til å opphalde seg i landet og avklart identitet. I samband med tiltak mot spreiing av koronaviruset vart den allereie gjeninnførte mellombelse grensekontrollen på den indre Schengen-grensa utvida og styrkt, for å kunne handheva bortvisningsregelverket og gje informasjon om smitterverntiltak. Dette inneber ei risikobasert innreisekontroll på landegrensa mot Sverige og Finland, og på luft- og sjøfartøy som kjem inn frå andre Schengen-land. Samstundes vart det etablert nye heimlar for bortvising på grensa med bakgrunn i smittevernlova.

Sjølv om grensekontrollen på den indre Schengen grensa er risikobasert og dermed ikkje blir gjennomført på alle grenseovergangar inn til Noreg, vil eit politi som er til stades på dei store og mellomstore grenseovergangane gjere det vanskelegare å reise inn til landet utan avklara identitet og lovleg opphald. Samstundes har virusutbrotet resultert i ein drastisk nedgang i talet på folk som reiser over grensa.

Schengen-landa skal dei kommande åra utvikle og ta i bruk nye IT-system for å styrke handsaminga av den felles yttergrensa og tryggleiken på Schengen-området. Systema er komplekse, og utviklinga er krevande. Ansvaret for at systema vert utvikla og tatt i bruk ligg i justissektoren, men gjennomføringa har påverknad òg på andre sektorar. Justis- og beredskapsdepartementet ynskjer difor å styrke samhandlinga mellom dei relevante aktørane i og utanfor justissektoren.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i Politidirektoratet, politidistrikta, dei lokale einingane til Politiets tryggingsteneste (PST) i politidistrikta og politiet sine særorgan, med unntak av Politihøgskolen, jf. kap. 442, og PST, jf. kap. 444. Lønn til tilsette, våpen, køyretøy, verneutstyr, uniformer, IKT m.m. Dette er driftsrelaterte innsatsfaktorar som er budsjetterte under posten. Justis- og beredskapsdepartementet held tilbake ein mindre del av løyvinga sentralt. Det blir foreslått å auke løyvinga med 892,5 mill. kroner.

Til grunn for auken ligg blant anna 477,8 mill. kroner, som i hovedsak skal gå til å styrke dei geografiske einingane i politidistrikta etter at den ekstraordinære situasjonen som følgje av virusutbrotet er ferdig. Løyvinga svarar til ei vidareføring av dei mellombelse 400 politistillingane som vart oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 som følgje av virusutbrotet. I tillegg er det foreslått å auke løyvinga på posten med 40 mill. kroner for å gje frå seg personell som delteke i den nye forordninga om den europeiske grense- og kystvakta. Det er og foreslått å auke løyvinga med 26 mill. kroner slik at innsatspersonell i politidistrikta får auka muligheit til å trene ved politiets nasjonale beredskapssenter.

Det blir foreslått å vidareføre tiltak frå revidert nasjonalbudsjett for 2020 og økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet. Av desse er 39 mill. kroner til auka kapasitet i påtalemakta i politiet (stillingane er foreslått som ei varig auke) og 42,2 mill. kroner til midlertidige stillingar hos namsmannen til å handtere auka saksinngang i utleggsforretningar. Utleggsforretningar er gebyrlagde. Sjå omtale under kap. 3440, post 07.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 36 mill. kroner for å styrke førstelinja i politiet for å kunne håndtere fleire statsborgarskapssaker, sjå og omtale under kap. 490, post 01.

Det er òg krav om at det blir teke ut gevinstar av politireforma i 2021.

Det er foreslått å auke innsatsen til forbygging av hatkriminalitet med 7 mill. kroner.

Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje omtalast nærmare.

Samla blir det foreslått ei løyving på 19 535,6 mill. kroner i 2021.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får ei bestillingsfullmakt under kap. 440, post 01, på 150 mill. kroner i 2021, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, postane 02, 03 og 04, jf. forslag til vedtak.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker sideutgifter for politi- og lensmannsetaten i samband med asylsaker, som utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker. Utgifter til uttransporteringar er budsjettert både på post 01, 21 og 25. Det blir foreslått å samle utgiftene på post 01 og 25 og å avvikle post 21 frå 2021.

Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøer og i vassdrag, kan overføres

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til søk etter omkomne på havet, i innsjøar og i vassdrag. Posten dekker òg nokre personellutgifter og eventuelle utgifter til å betre søkemetodane.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 9,7 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål

Løyvinga på posten skal dekke sideutgifter i samband med sivile gjeremål. Dette gjeld i hovudsak sideutgifter i samband med tvangsforretningar og utgifter i samband med gjeldsordningssaker.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 33,2 mill. kroner.

Post 25 Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning

På posten fører ein dei variable utgiftene til retur av personar med avslag på søknad om asyl, bort- og utviste personar, og personar som skal forlate Noreg i tråd med Dublin-regelverket. Dette regelverket slår fast kva land som har ansvaret for å handsame søknad om asyl. Når anna land har ansvar for å handsame søknad frå person som er i Noreg, kan personen returnerast til dette landet. Slike returar er underlagde særskilte fristar. Om fristane ikkje blir etterlevde, må saka takast til behandling i Noreg. På bakgrunn av regnskapstal og endra prognoser for talet på uttransporteringar foreslås det å redusere løyvinga med 44,5 mill. kroner. Den foreslåtte avviklinga av post 21 Spesielle driftsutgifter vil føre til ei auke i løyvinga på post 25 med 77,3 mill. kroner grunna overføring av midlar.

Løyvinga på posten blir ikkje styrt av regelverk. Departementet foreslår derfor å fjerne stikkordet «overslagsbevilgning» frå posten.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 130,3 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Posten omfattar utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 735,5 mill. kroner. Det kjem i hovudsak av at tidlegare satsingar går over i driftsfase (beredskapssenter for politiet og datasenter i justissektoren).

Det blir foreslått ei løyving på posten på 214,5 mill. kroner.

Post 48 Tildeling fra EUs indre sikkerhetsfond, kan overføres

Noreg tek del i EUs grense- og visumordning under det indre tryggleiksfondet (ISF) som eit Schengen-tilknytt land. På bakgrunn av dette tek Noreg imot støtte frå EU for å gjennomføre prosjekt innanfor grense- og visumsamarbeidet som er retta mot måla til ordninga. EUs tildelingar baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskoterte over statsbudsjettet. Dei samla refusjonane under kap. 3440, post 08, skal om lag svare til dei samla tildelingane over heile fondsperioden.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 48,9 mill. kroner.

Post 70 Tilskudd

Posten inneheld ulike tilskot innanfor generell førebygging av kriminalitet, tryggingstiltak ved tros- og livssynssamfunn, tiltak som kan hjelpe menneske ut av prostitusjon, tiltak for å støtte offer for menneskehandel og midlar til øyremerkte tilskot.

Tabell 2.7 Tilskot som lyses ut

(Beløp i 1 000 kroner)

Tilskot

Forslag 2021

Tiltak for å hjelpe menneske ut av prostitusjon og for å støtte offer for menneskehandel

35 446

Sikkerhetstiltak ved tros- og livssynssamfunn

5 000

Sum

40 446

Tabell 2.8 Øyremerkte tilskot til særskild mottakar

(Beløp i 1 000 kroner)

Tilskot

Forslag 2021

Politidirektoratet (Politiidrett, Politihistorisk selskap og Politiets pensjonistforbund mv.)

4 600

Krisesentersekretariatet (Rosa-prosjektet)

3 300

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) – drift

3 400

NKVTS forsking

5 000

Årleg konferanse om politi og barnevernsvakter

300

Overgrep mot barn (internett)

4 500

Ecpat

3 000

Hjelpetelefon til offer for menneskehandel

1 600

Sum

25 700

Det blir foreslått ei løyving på posten på 66,2 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd til Justismuseet

Løyvinga på posten dekker driftstilskot til Justismuseet – nasjonalt museum for politi, rettsvesen og kriminalomsorg. Justismuseet er ei stifting som er lokalisert i Trondheim.

Det blir foreslått ei løyving på 7,2 mill. kroner.

Post 73 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv.

Løyvinga under posten dekker utgifter knytte til internasjonale forpliktingar, medrekna blant anna utbetalingar til EUs grense- og visumordning, Det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system på området for fridom, tryggleik og rettferd (eu-LISA) og Det europeiske grense- og kystvaktbyrået (Frontex). Noreg er gjennom vårt Schengen-medlemskap forplikta til å vere med på å finansiere aktivitet i dei relevante EU-byråa.

Det blir blant anna foreslått å auke løyvinga med 143,5 mill. kroner til internasjonalt samarbeid om grensekontroll som ei oppfølging av den nye forordninga om den europeiske grense- og kystvakta. Dette gjeld innbetaling av Noregs kontingent, medan 40 mill. kroner til å gje frå seg personell er budsjettert på 01 Driftsutgifter.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 315,7 mill. kroner.

Kap. 3440 Politiet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Gebyr – pass og våpen

315 860

450 693

630 950

02

Refusjoner mv.

210 145

269 583

278 210

03

Salgsinntekter

51 224

77 756

79 301

04

Gebyr – vaktselskap

1 801

4 376

4 354

06

Gebyr – utlendingssaker

254 307

296 273

285 178

07

Gebyr – sivile gjøremål

1 042 898

1 121 054

1 076 406

08

Refusjoner fra EUs grense- og visumfond

28 022

30 998

65 000

Sum kap. 3440

1 904 257

2 250 733

2 419 399

Kapittelet består i hovudsak av inntekter frå gebyr for tvangssaker, forliksrådssaker, passutferding og våpenløyve.

Post 01 Gebyr – pass og våpen

Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyve.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 182,5 mill. kroner i samband med at gebyr for pass blir auka og nasjonale ID-kort blir lanserte.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 631,0 mill. kroner.

Post 02 Refusjoner mv.

Politi- og lensmannsetaten får refundert utgifter for politioppdrag som er utførte for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar i samsvar med særskild heimel. Omfanget av slike oppdrag varierer frå år til år, og inntektsestimatet er derfor svært usikkert. Utgifter til politiet har for si deltaking i internasjonale operasjonar blir løyvde på Utanriksdepartementets budsjettkapittel 151 Fred, sikkerhet og globalt samarbeid, og politiet får refundert desse utgiftene frå Utanriksdepartementet.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 278,2 mill. kroner.

Post 03 Salgsinntekter

Inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m. blir rekneskapsførte på posten. I tillegg blir inntekter frå sal av spesialutstyr til politidistrikta, kriminalomsorga, tolletaten m.m. førte på posten.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 03, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 79,3 mill. kroner.

Post 04 Gebyr – vaktselskap

Løyvinga på posten omfattar eingongsgebyr til å dekke utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykker ut.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 04, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,4 mill. kroner.

Post 06 Gebyr – utlendingssaker

Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknad om statsborgarskap, familieinnvandring og arbeids-, permanent opphalds- og utdanningsløyve. Løyvingsforslaget tek utgangspunkt i talet på utlendingssaker til politiet.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 17,1 mill. kroner knytt til auke i antal søknadar i samband med opninga for dobbelt statsborgarskap.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 285,2 mill. kroner.

Post 07 Gebyr – sivile gjøremål

Løyvinga på posten skal dekke gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, det vil seie gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling. Som følgje av fleire mellombelse stillingar hos namsmannen for å handtere større saksinngang i utleggsforretningar er det foreslått å auke løyvinga med 132,0 mill. kroner. Samstundes er det foreslått at gebyret for utlegg skal vere meir til sjølvkost, og det foreslås derfor å redusere løyvinga på posten med 197,4 mill. kroner.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 076,4 mill. kroner.

Post 08 Refusjoner fra EUs grense- og visumordning

Posten dekker refusjonar frå EUs grense- og visumordning. Refusjonsutbetalingane vil variere frå år til år, og baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskoterte over statsbudsjettet, jf. omtale under kap. 440, post 48.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 65,0 mill. kroner.

Kap. 442 Politihøgskolen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

658 843

633 984

631 994

Sum kap. 0442

658 843

633 984

631 994

Omtale av verksemda

Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten i Noreg og har som hovudoppgåve å drive utdanning, forsking og formidling. Skulen skal vere ein profesjonsretta utdanningsinstitusjon som held eit høgt nivå, og som utviklar og formidlar dei kunnskapane, ferdigheitene og haldningane som politiet må ha for å bidra til å sikre tryggleik, lovlydnad og orden.

Bemanninga per 31. mars 2020 utgjorde 418 årsverk.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskolen.

Det blir foreslått å redusere løyvinga som følgje av heilårsverknaden av at opptaket til bachelorprogrammet ved Politihøgskolen vart redusert i 2018 og 2020.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 632,0 mill. kroner.

Kap. 3442 Politihøgskolen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Diverse inntekter

31 881

17 090

17 549

03

Inntekter fra Justissektorens kurs- og øvingssenter

20 104

19 003

19 513

Sum kap. 3442

51 985

36 093

37 062

Post 02 Diverse inntekter

Inntektene til Politihøgskolen kjem frå kursverksemd, utleige, kantinesal og boksal, i tillegg til moglege inntekter frå oppdragsverksemd.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 17,5 mill. kroner.

Post 03 Inntekter fra Justissektorens kurs- og øvingssenter

Inntekter frå drifta av Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern blir førte på posten.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 03, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 19,5 mill. kroner.

Kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

905 926

982 580

967 936

Sum kap. 0444

905 926

982 580

967 936

Omtale av verksemda

Det primære ansvaret til Politiets tryggingsteneste (PST) er å førebyggje, avdekke, etterforske, føre for retten og handtere dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket og grunnleggjande nasjonale interesser. PST er både ei etterretningsteneste, ei tryggingsteneste og ei polititeneste.

Sentralt i arbeidet til PST står innsamling av informasjon om personar og grupper som kan utgjere ein trussel, og utarbeiding av ulike analysar og trusselvurderingar til stønad for avgjerdene til styresmakter og andre aktørar. I tillegg har PST ei viktig rolle som rådgivar. PST samarbeider i stor grad både nasjonalt og internasjonalt under gjennomføringa av samfunnsoppdraget.

Sjefen for PST leier den sentrale eininga (DSE) lokalisert i Oslo, og har det faglege ansvaret for de lokale PST enhetene i politidistrikta. Bemanninga per 31. mars 2020 utgjorde 565 årsverk.

Justis- og beredskapsdepartementet har vidareutvikla samarbeidet med særleg Forsvarsdepartementet for å tydeleggjere korleis trussel- og risikovurderingane frå Etterretningstenesta, PST og NSM utfyller kvarandre. Ein planlagd felles formidling mellom dei tre tenestene om trussel- og risikovurderingar for året vart i 2020 kansellert på grunn av virusutbrotet, men planen er no at ho skal gjennomførast i 2021.

For å møte trusselen frå framande etterretningstenester og terroristar er det behov for tett samarbeid med ei rekkje aktørar som er påverka av denne trusselen, i og utanfor Noreg. Samarbeidet mellom politi- etterretnings- og tryggingstenestene er eit eksempel på tiltak som styrker evna vår til å møte utfordringane. Samarbeidet byggjer blant anna på Felles cyberkoordineringssenter (FCKS) og Felles kontraterrorsenter (FKTS).

For å møte trusselaktørane som opererer i og gjennom det digitale rommet, er det behov for relevante verktøy og relevant kompetanse, men og for eit godt heimelsgrunnlag og ei god regulering av personopplysningar. Med tanke på utviklinga i trusselbiletet, og sett opp mot den raske utviklinga innafor teknologi, er det å sikre eit regelverk som støttar oppunder oppgåveløysinga samstundes som det varetek rettstryggleik og personvernomsyn, eit kontinuerleg arbeid som regjeringa vil følgje opp framover. PST vidareutviklar det gode samarbeidet med Etterretningstenesta. Det blir arbeidd med tilrettelegging av regelverket for dette samarbeidet for å sikre at krava i den nye etterretningsteneste-lova blir oppfylt.

I årsmeldinga til Stortinget frå Stortingets overvåkningsorgan for etterretnings- overvakings- og tryggingstenestene (EOS-utvalet) kritiserte utvalet PST i samband med einskilde saker. Stortinget uttrykte støtte til utvalet. Departementet vil ta omsyn til kritikken frå Stortinget i det videre arbeidet med å utvikle PSTs oppgåveløysing og heimelsgrunnlag.

Ulovleg etterretningsverksemd

Statar viser evne og vilje til å oppnå eigne mål på eit vis som i aukande grad utfordrar nasjonal tryggleik. Framande etterretningstenester bruker metodar som omfattar både operasjonar i det digitale rommet og meir konvensjonelle tiltak. Økonomiske tiltak, oppkjøp, falske nyheiter og ulike former for påverknadsoperasjonar er metodar som er særleg krevjande å møte. Under virusutbrotet har slike tiltak blitt brukte i fleire land. Samansett verkemiddelbruk utfordrar òg evna styresmaktene har til å fange opp trusselaktørar. Det er viktig at dei nasjonale tryggingsstyresmaktene har tilstrekkeleg heimelsgrunnlag, kompetanse og ressursar til å avdekke, motverke og handtere den breie verkemiddelbruken som framande statar rettar mot Noreg.

Terror og annan politisk motivert vald

Samfunnsoppdraget til PST omfattar terroråtak og truslar knytta til radikalisering og valdeleg ekstremisme. PST vurderer det no som like sannsynleg at ei terrorhandling vil bli utført av høgreekstremistar, som at ho blir utført av ekstreme islamistar. Ein kan aldri garantere at terroråtak ikkje vil hende. Vi må derfor kontinuerleg arbeide med førebygging og med tryggingstiltak hos utsette aktørar.

For å bidra til å auke kunnskapen om truslar og moglege tiltak for å møte dei hos dei trusselutsette vil det også framover vere sentralt for PST å bidra til formidling av trusselvurderingar og kunnskap. Kunnskap om trusselaktørar og metodane deira er sentralt for at dei ulike utsatte aktørane sjølv skal kunne identifisere truslar og setje i verk førebyggjande tiltak. Det er utfordrande å nå ut til alle som treng det med god nok informasjon, men PST har vidareutvikla og målretta informasjonsarbeidet sitt dei seinare åra, ikkje minst etter terroråtaket mot en moske i Bærum i august 2019.

Truslar mot styresmaktspersonar

PST bidrar til tryggleik for styresmaktspersonar, inkludert livvakttenesta for sentrale styresmaktspersonar, utarbeiding av trusselvurderingar, rådgiving og førebyggjande tiltak.

Inn mot stortingsvalet i 2021 vil truleg ei rekkje norske styresmaktspersonar bli utsette for hatefulle, sjikanerande og truande handlingar. Det er ei svært sentral oppgåve for PST å sikre at alle som tek på seg tillitsverv i politikken, kan vere trygge på at dei ikkje blir utsette for sjikane eller valdelege åtak på seg sjølv eller på familien sin. Dette er ei viktig del av PSTs samfunnsoppdrag med å sikre demokratiet.

PST vil i 2021 ha særleg merksemd retta mot truslar mot styresmaktspersonar inn mot Stortingsvalet.

Eksportkontrollarbeid og arbeidet mot ulovlig spreiing av masseøydeleggingsvåpen

Det er ei viktig oppgåve for PST å drive rådgiving, førebyggjande tiltak og etterforsking av saker med brot på reglane for eksportkontroll med forsvarsmateriell og fleirbruksvarer, og for å hindre ulovleg spreiing av masseøydeleggingsvåpen (MØV). Dette arbeidet går føre seg i samarbeid med Utanriksdepartementet, Tolletaten, Etterretningstenesta og politiet elles.

Etterretningsverksemd retta mot forskings- og utdanningssektoren eller aktørar innanfor teknologitung næring er særleg urovekkande. Statar som driv etterretningsoperasjonar mot norsk forsking og utvikling, har dei seinare åra vist evne og vilje til å bruke både militærmakt og masseøydeleggingsvåpen mot andre statar og innbyggjarane deira. Nokre statar som i dag har eller blir mistenkt for å ha MØV-program, har òg nære bindingar til ulike terrororganisasjonar som slik kan få tilgang til kunnskap, teknologi og utstyr som ein treng for å utvikle slike program.

Arbeidet med å førebyggje og motverke truslar knytte til eksportkontroll av forsvarsmateriell og fleirbruksvarer og ulovleg spreiing av masseøydeleggingssvåpen blir stadig meir komplekst. Derfor blir samarbeidet mellom dei norske aktørane med ansvar innafor feltet no styrkt.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for den sentrale eininga (DSE) i PST i tillegg til enkelte utgifter knytte til drift av dei lokale PST-einingane i politidistrikta.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 14,6 mill. kroner. Det kjem i hovudsak av at tidlegare satsingar går over i driftsfase. Det gjeld til dømes informasjonsinnhenting i det digitale rom. Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartmentet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3444, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 968,0 mill. kroner.

Kap. 3444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Refusjoner

14 756

17 640

18 204

Sum kap. 3444

14 756

17 640

18 204

Post 02 Refusjoner

På posten blir det rekneskapsført inntekter som PST får refundert for enkeltoppdrag og særskild bistand til Utanriksdepartementet.

Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3444, post 02, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 18,2 mill. kroner.

Kap. 445 Den høyere påtalemyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

270 427

277 795

300 999

Sum kap. 0445

270 427

277 795

300 999

Omtale av verksemda

Riksadvokaten leier Den høgare påtalemakta både fagleg og administrativt, og har den overordna faglege leiinga av heile straffesaksbehandlinga i eigen etat og i politiet.

Den høgare påtalemakta er ei fellesnemning for dei ti regionale statsadvokatembeta i Noreg, Det nasjonale statsadvokatembetet, Økokrim og Riksadvokatembetet. Økokrim er både eit statsadvokatembete og ei sentral politieining. Riksadvokaten har det faglege ansvaret for behandlinga av straffesaker ved Økokrim. Politidirektoratet har det overordna ansvaret for anna verksemd ved Økokrim og for administrative saker. Statsadvokatembeta i regionane har den overordna faglege leiinga av straffesaksbehandlinga i politidistrikta i sine regionar. Det nasjonale statsadvokatembetet har påtaleansvaret på statsadvokatnivå for saker som Kripos tek sjølv, og har òg den overordna faglege leiinga av straffesaksbehandlinga ved Kripos. Det nasjonale statsadvokatembetet har òg påtaleansvaret på statsadvokatnivå for straffesaksbehandlinga ved Politiets tryggingsteneste.

Prinsippet om at ingen kan instruere påtalemakta i enkeltsaker, vart ved lovvedtak 1. november 2019 lovfesta i straffeprosesslova § 55.

Bemanninga per 31. mars 2020 utgjorde 175 årsverk.

Fagleiing

Den høgare påtalemakta har eit særleg ansvar for å stille krav til og sørge for at kvaliteten på straffesaksbehandlinga held eit høgt nivå. Den høgare påtalemakta har dei siste åra gjennom styrkt fagleg styring av påtalemakta i politiet medverka til auka kvalitet og effektivitet i straffesaksbehandlinga til politiet. Dette arbeidet er vesentleg for å få til høgare måloppnåing i politidistrikta. Arbeidet med å utvikle ei aktiv fagleiing skal vidareførast i 2021.

Fagleiinga og arbeidsmetodikken som blir nytta, er blitt meir profesjonalisert, og utføringa er blitt likare på tvers av statsadvokatembeta. Utvikling av nasjonale kvalitetsindikatorar er viktige bidrag i arbeidet med kvalitetsforbetring av straffesaksbehandlinga. Indikatorane står sentralt i dei landsomfattande kvalitetsundersøkingane statsadvokatane gjennomfører.

Avgrensing av etterforskings- og påtaleplikta i enkelte saker

Det har dei siste åra blitt fleire store komplekse saker som er krevjande å etterforske på ein effektiv og kvalitativ god måte. Dette gjeld til dømes saker med seksuelle overgrep, medrekna nettovergrepssaker med mange fornærma. I slike saker er det stort behov for aktiv rettleiing frå Den høgare påtalemakta til påtalemakta i politiet, slik at det blir sett i verk adekvate etterforskingsskritt for å sikre oppklaring, men likevel slik at store sakskompleks blir avgrensa på ein fagleg forsvarleg måte.

Utover rettleiing frå Den høgare påtalemakta kan det vere behov for lovendringar for å presisere grensene for etterforskings- og påtaleplikta til politiet og påtalemakta. Riksadvokaten har initiert lovendringar i straffelova og straffeprosesslova. Departementet har sendt på høyring forslag til enkelte endringar i straffelova og straffeprosesslova for å leggje betre til rette for ei hensiktsmessig utnytting av ressursane til politiet og påtalemakta.

Den høgare påtalemakta sitt arbeid med Nav-sakene

Påtalemakta sitt arbeid med Nav-sakene har sidan hausten 2019 vore leia av ein oppnemnd setjeriksadvokat. Påtalemakta har vore styrkt med to statsadvokatar for å sikre ein sentralisert og einskapleg behandling av sakene.

Setjeriksadvokaten har så langt vurdert å gjenopne i overkant 80 saker med rettskraftig dom. Per 20. august var 55 av disse sakene vurderte til å fylle vilkåra for gjenopning. 18 av disse dommane er så langt gjenopna, og av dei er ei til ny behandling i Høgsterett. I denne saka har Høgsterett, som ledd i saksførebuinga si bedt om rådgivande fråsegn frå EFTA-domstolen om forståinga av EØS regelverket både før og etter 1. juni 2012. Setjeriksadvokaten har derfor gitt direktiv om at alle relevante saker må leggjast til side inntil det ligg føre ei avklarande avgjerd i Høgsterett, med unntak av saker der vilkåra for gjenopning uansett ikkje er å sjå som oppfylte.

Det er ikkje rettsleg avklart om det òg er feil i rettsbruken i saker som gjeld mottak av andre trygdeytingar, til dømes dagpengar. Disse sakene er foreløpig lagde til side hos politiet og påtalemakta i påvente av ei nærmare rettsleg avklaring. Ei sak om dagpengar er no til behandling ved Borgarting lagmannsrett, og det vil òg i denne saka bli bede om rådgivande fråsegn frå EFTA-domstolen om dei EØS-rettslege spørsmåla som saka reiser.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker i hovudsak driftsutgifter for Den høgare påtalemakta. Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,5 mill. kroner til arbeidet med Nav-sakene.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 20 mill. kroner, som er heilårsverknad av midlar Stortinget løyvde i samband med Prop. 127 S (2019–2020). Det blir foreslått at løyvinga er ein varig auke. Sjå òg omtale under programkategori 06.20.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 301,0 mill. kroner.

Kap. 3445 Den høyere påtalemyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Refusjoner

3 000

3 096

2 142

Sum kap. 3445

3 000

3 096

2 142

Post 02 Refusjoner

Løyvinga på posten dekker refusjonar frå den tidlegare utleigaren i samband med flytting til nye lokale. Det blir foreslått ei løyving på posten på 2,1 mill. kroner.

Kap. 446 Den militære påtalemyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

8 928

9 058

9 079

Sum kap. 0446

8 928

9 058

9 079

Omtale av verksemda

Generaladvokaten leier den militære påtalemakta og er overordna krigsadvokatane. Generaladvokaten er underlagd Riksadvokaten i påtalemessige spørsmål, men er administrativt underlagd Justis- og beredskapsdepartementet. Generaladvokaten og krigsadvokatane høyrer til påtalemakta, og har ansvar for militære straffesaker. Dei har i tillegg som oppgåve å støtte militære sjefar i kontroll med disiplinærutøvinga ved lovlegheitskontroll av alle refsingar og å uttale seg i ei rekkje disiplinærsaker før refs blir gitt, og å uttale seg i alle klagesaker. I tillegg til dei løpande oppgåvene har generaladvokaten ansvaret for å førebu verksemda til den militære påtalemakta i krigstid. Embetet har og oppgåver av folkerettsleg art innanfor fagområde sitt.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker alle driftsutgifter for generaladvokatembetet, under dette krigsadvokatane for Sør- og Nord-Noreg. Bemanninga per 31. mars 2020 utgjorde 7,8 årsverk. Det blir foreslått ei løyving på posten på 9,1 mill. kroner.

Kap. 448 Grensekommissæren

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

5 887

5 745

5 762

Sum kap. 0448

5 887

5 745

5 762

Post 01 Driftsutgifter

Bemanninga ved Grensekommissariatet per 31. mars 2020 utgjorde 5 årsverk. Løyvinga på posten dekker utgifter til lønn og andre driftsutgifter. Posten skal dessutan dekke utgifter til grensemerking mellom Noreg og Russland og utgifter i samband med møte med finske og russiske grensestyresmakter. Det blir foreslått ei løyving på posten på 5,8 mill. kroner.

Programkategori 06.50 Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

Utgifter under programkategori 06.50 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–25

Driftsutgifter

2 737 115

2 663 342

2 691 504

1,1

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

1 771 467

2 494 629

2 118 266

-15,1

70–89

Overføringer til private

278 045

292 410

311 439

6,5

Sum kategori 06.50

4 786 627

5 450 381

5 121 209

-6,0

Utgifter under programkategori 06.50 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

814 455

1 573 440

1 570 000

-0,2

452

Sentral krisehåndtering

25 454

26 849

26 927

0,3

453

Sivil klareringsmyndighet

33 349

32 527

47 123

44,9

454

Redningshelikoptertjenesten

2 335 788

3 015 384

2 659 395

-11,8

455

Redningstjenesten

431 057

431 875

453 996

5,1

456

Nød- og beredskapskommunikasjon

749 840

457

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

396 684

370 306

363 768

-1,8

Sum kategori 06.50

4 786 627

5 450 381

5 121 209

-6,0

1 Innleiing

Programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap omfattar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Sivil klareringsmyndigheit (SKM), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), redningshelikoptertenesta, redningstenesta og sentral krisehandtering.

Arbeidet med stats- og samfunnstryggleik er kjenneteikna av mange aktørar som varetek ulike delar av arbeidet. Ansvarsprinsippet ligg til grunn for arbeidet, som inneber at den organisasjonen som har ansvaret for eit fagområde i ein normalsituasjon, også har ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og for å handtere ekstraordinære hendingar på området. Ansvaret for arbeidet er i tråd med dette fordelt mellom ei rekkje departement og verksemder. Aktørane har eit samla ansvar for å ha tilstrekkeleg kunnskap om og oversikt over risiko og sårbarheit, drive effektiv og målretta førebygging, ha tilstrekkeleg beredskap og krisehandtering, kunne tilbakeføre funksjonar ved øydeleggingar og lære av erfaringar frå øvingar og hendingar.

Verksemdene i programkategori 06.50 er sentrale i arbeidet med stats- og samfunnstryggleik. Verksemdene skal saman med departementet hjelpe til med å sikre tryggleiken til innbyggjarane ved at samfunnet best mogleg blir i stand til å førebygge, motverke og unngå uønskte hendingar. Politiet og Politiets tryggingsteneste (PST) hjelper med kapasitet og kompetanse for å redusere sårbarheit i samfunnet, jf. òg omtalen under programkategori 06.40.

2 Mål og budsjettprioriteringar

Programkategori 06.50 har dette målet:

  • Tryggleik i samfunnet

Tryggleik i samfunnet inneber at Noregs nasjonale tryggingsinteresser er sikra. Samfunnet er verna mot hendingar som set liv og helse i fare, og som truar grunnleggjande verdiar og viktige samfunnsfunksjonar. Det er trygt å bu og ferdast i Noreg.

Regjeringa foreslår desse prioriteringane i 2021-budsjettet:

  • 14,6 mill. kroner til SKM for å gje betre saksbehandlingskapasitet

  • 37,2 mill. kroner til DSB i samband med ev. deltaking i EUs ordning for sivil beredskap (UCPM) i 2021–2027

  • 2,7 mill. kroner i auka løyving til DSB i samband med vidareføring av pilotperioden for Emergency Medical Team (NOR EMT)

  • 25 mill. kroner til DSB som ei vidareføring av løyvinga til tryggleik i Nødnett

  • 20 mill. kroner til NSM som ei vidareføring av løyvinga frå 2020 til digitalisering av saksbehandling innanfor persontryggleik

  • 139,1 mill. kroner, som blir fordelt mellom DSB og Statsbygg, til å arbeide vidare med etableringa av ein offentleg toårig fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell

  • 15 mill. kroner i auka tilskot til Redningsselskapet til drift av redningskøyte i Vardø

  • 2,6 mrd. kroner for å sikre anskaffinga av 16 nye redningshelikopter til erstatning for Sea King og midlar til drift av dagens redningshelikopter

  • fortsette å vidareutvikle totalforsvaret gjennom bl.a. auka involvering av det lokale og det regionale leddet, og ei styrking av privat-offentleg samarbeide

  • planleggje, gjennomføre og evaluere tverrsektorielle øvingar på nasjonalt nivå som gir høve for brei deltaking på departements- og direktoratsnivå.

3 Tverrsektorielt arbeid på samfunnstryggleiksområdet

3.1 Nasjonal tryggleik

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019 og skal blant anna bidra til å tryggje Noregs suverenitet, territoriale integritet og demokratiske styreform og andre nasjonale tryggingsinteresser. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for lova og det overordna ansvaret for det førebyggjande tryggleiksarbeidet i sivil sektor. Forsvarsdepartementet har det overordna ansvaret for det førebyggjande tryggleiksarbeidet i forsvarssektoren. Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) varetek det utøvande ansvaret for førebyggjande tryggleik på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet.

3.2 Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet

Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet er fastsett i Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen). Instruksen tydeleggjer og konkretiserer oppgåvene til departementa og fastset nærmare krav til dei hovudansvarlege departementa. Justis- og beredskapsdepartementet har i tillegg eit overordna ansvar for det førebyggjande tryggleiksarbeidet på sivil side, jf. kgl.res. av 20. desember 2018. Forsvarsdepartementet har tilsvarande ansvar i forsvarssektoren. Pådrivar- og samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet inneber blant anna å initiere og koordinere prosessar på tvers av departement, å rettleie departementa i arbeidet deira på området, å sørge for at problemstillingar på tvers av sektorar blir handterte, og å leggje fram usemjesaker for regjeringa eller ved behov, for Kongen i statsråd.

Ansvaret for samfunnstryggleiken er fordelt på alle sektorar, og så vel statlege som kommunale og private verksemder speler viktige roller. Samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet er under kontinuerleg utvikling, og målet er ei målretta og systematisk styrking av samfunnstryggleiken på tvers av sektorgrensene.

I handteringa av virusutbrotet har både Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet vore leiardepartement. Krisestøtteeininga har støtta begge departement i handteringa deira med ressursar, infrastruktur, rapportering og rådgiving. Virusutbrotet har fått konsekvensar for heile samfunnet utover helse- og omsorgssektoren. Kriserådet fastsette 13. mars 2020, etter forslag frå Helse- og omsorgsdepartementet, at Justis- og beredskapsdepartementet skulle være leiardepartement med ansvar for å koordinere handteringa av virusutbrotet. Sentrale oppgåver for Justis- og beredskapsdepartementet som leiardepartement har vore å koordinere avgjerdsgrunnlag frå departementa, innhente situasjonsrapportar, og syte for koordinert informasjon til media og befolkning. Kriserådet har vore eit viktig samordningsorgan i handteringa.

Den vidare handteringa av virusutbrotet vil være ei sentral oppgåve for Justis- og beredskapsdepartementet også i 2021.

3.3 Tryggleiksomgrepa

Regjeringa har det øvste ansvaret for å vareta samfunnstryggleik, statstryggleik og nasjonal tryggleik.

Samfunnstryggleik handlar om evna samfunnet har til å verne seg mot og handtere hendingar som truar grunnleggjande verdiar og funksjonar og set liv og helse i fare, gjennom heile krisespekteret. Slike hendingar kan vere utløyste av naturen, dei kan vere eit utslag av tekniske eller menneskelege feil, eller dei kan vere bevisste handlingar.

Formålet med statstryggleiken er å vareta eksistensen, suvereniteten, den territoriale integriteteten og den politiske handlefridommen til staten. Norsk tryggings- og forsvarspolitikk skal sikre statstryggleiken.

Samfunnstryggleiken og statstryggleiken er avhengige av kvarandre. Enkelte sivile varer og tenester som forsyning av drivstoff og tilgang til transportinfrastruktur kan vere heilt nødvendige for varetakinga av samfunnstryggleiken, men òg avgjerande for Forsvaret i varetakinga av statstryggleiken. Samstundes kan sivile aktørar vere avhengige av hjelp frå Forsvaret i kritiske situasjonar, til dømes i samband med at dei treng transport ved handteringa av ei hending.

Framveksten av nye tryggleiksutfordringar, medrekna åtak frå ikkje-statlege aktørar, kan utfordre både samfunnstryggleiken og statstryggleiken. Samansette truslar, der ulike verkemiddel blir brukte for å støtte oppunder og forsterke kvarandre, kan gjere det vanskelegare å identifisere tryggleikstruande verksemd og å forstå det samla trusselbiletet og kva for aktørar som står bak. Skiljet mellom samfunnstryggleiken og statstryggleiken blir meir utydeleg, og det kan bli meir utfordrande å sjå kven som eigentleg blir råka av ein bestemt trussel.

Omgrepet nasjonal tryggleik er knytt til tryggingslova og handlar om å tryggje nasjonale tryggingssinteresser som i lova blir definert som suvereniteten og den territoriale integriteten til landet, den demokratiske styreforma i landet og andre nasjonale tryggingsinteresser knytte til:

  • a) verksemda, tryggleiken og handlefridommen til dei øvste statsorgana

  • b) forsvar, tryggleik og beredskap

  • c) forholdet til andre statar og internasjonale organisasjonar

  • d) økonomisk stabilitet og handlefridom

  • e) den grunnleggjande funksjonaliteten i samfunnet og den grunnleggjande tryggleiken til befolkninga.

Verkeområdet til tryggingslova er statstryggleiksområdet og den delen av samfunnstryggleiksområdet som er viktig for evna staten har til å vareta nasjonale tryggleiksinteresser.

3.4 Felles planleggingsgrunnlag

Samordning kan vere utfordrande, og ein viktig føresetnad for å lukkast er at aktørane har ei felles situasjons- og risikoforståing og eit felles bilete av kva som er særleg viktig å prioritere. På grunnlag av kunnskap om truslar og risikoar må det vurderast kva for tiltak som er mest kostnadseffektive, og kva for ein effekt dei vil kunne ha for å redusere risiko og sårbarheiter i samfunnet. Når eit tiltak er gjennomført, må det vurderast om risikoen er redusert til eit akseptabelt nivå, eller om ytterlegare tiltak må til.

Oversyn over kva for funksjonar som er kritiske i eit samfunnsperspektiv, og avhengnadene mellom desse, er ein føresetnad for godt samfunnstryggleiksarbeid. Oppdaterte og gode planleggingsgrunnlag er viktig for dette arbeidet.

Trussel- og sårbarheitsvurderingane som blir utarbeidde av blant anna PST og NSM, og DSBs krisescenario, gir eit viktig felles grunnlag for arbeidet med nasjonal- og samfunnstryggleik. Departementet legg til grunn at trussel- og risikovurderingane og scenarioa skal vere ein del av grunnlaget for arbeidet med å styrke tryggleiken og beredskapen i alle departement og etatar.

Sikring av kritiske samfunnsfunksjonar er ein sentral del av samfunnstryggleiksarbeidet. Justis- og beredskapsdepartementet har som del av det overordna samordningsansvaret for samfunnstryggleik, ei oppgåve i å utvikle og vedlikehalde oversikt over kva for funksjonar som i eit tverrsektorielt perspektiv er kritiske for samfunnstryggleiken. Rapporten Samfunnets kritiske funksjoner. Hvilken funksjonsevne må samfunnet opprettholde til enhver tid?, utarbeidd av DSB i 2016, gir ei utdjupande beskriving av kva for funksjonar som i eit tverrsektorielt perspektiv er kritiske for funksjonsevna og samfunnstryggleiken.

Regjeringa har fremma to stortingsmeldingar om samfunnstryggleik. Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn, jf. Innst. 326 S (2016–2017) er regjeringa sin strategi for samfunnstryggleik i eit fireårsperspektiv. I Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet. Et felles ansvar, jf. Innst. 187 S (2017–2018), gir regjeringa eit oversyn over statusen for oppfølginga av tilrådingane i rapporten frå det digitale sårbarheitsutvalet, NOU 2015: 13 Digital sårbarhet – sikkert samfunn, og prioriteringane til regjeringa på IKT-tryggleiksområdet.

Regjeringa har vidare etablert eit system der departement er peika ut som hovudansvarlege for 14 kritiske samfunnsfunksjonar. Departementa har blant anna ansvaret for å utarbeide status- og tilstandsvurderingar for dei 14 funksjonane, jf. samfunnstryggleiksinstruksen og tabell 1.2 i del I. Det skal rapporterast for alle funksjonane i løpet av fire år. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er hovudansvarleg departement for samfunnsfunksjonen satellittbasert navigasjon og kommunikasjon, og presenterer status- og tilstandsvurderinga si i årets budsjettproposisjon. Med dette er status- og tilstandsvurderingane for alle funksjonane utførte.

I samband med virusutbrotet er det viktig å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Med utgangspunkt i dei 14 kritiske samfunnsfunksjonane tok Justis- og beredskapsdepartementet initiativ til å utarbeide ei liste som skal bidra til å klargjere kva for typar verksemder og personellgrupper som er sentrale for å halde oppe drifta av kritiske samfunnsfunksjonar og som kunne få tilbod om i barnehage- og barneskuleplass. Lista vart utarbeidd i nært samarbeid med departementa. Lista inkluderer òg kritiske verksemdsfunksjonar innanfor andre samfunnsfunksjonar som blir vurderte som viktige i samband med handteringa av virusutbrotet.

DSB har sidan 2011 utarbeidd risikoanalysar av alvorlege hendingar som kan råke det norske samfunnet. Analysane omfattar naturhendingar, store ulukker og tilsikta handlingar. Risikoanalysane går på tvers av sektorar og forvaltningsnivå for å få fram kunnskap og skape medvit om det breie spekteret av moglege følgjehendingar og konsekvensar. I medhald av samfunnstryggleiksinstruksen er krisescenarioa ein del av det overordna nasjonale planleggingsgrunnlaget innanfor samfunnstryggleiksfeltet. I 2019 vart desse samla i ein ny, oppdatert samlerapport: Analysar av krisescenario 2019. Totalt 25 scenario er omtalte i rapporten. I tillegg er det utarbeidd eit gradert scenario om hybrid åtak på Noreg.

I 2019 utarbeidde DSB ei evaluering av krisescenarioa. Formålet med evalueringa var å få oppdatert kunnskap om korleis viktige målgrupper bruker scenarioa, og om korleis ulike faktorar påverkar nytteverdien. Evalueringa dannar grunnlaget for ei eventuell vidareutvikling av metode og prosess. Det blir arbeidd med oppfølginga av evalueringa i Justis- og beredskapsdepartementet.

Justis- og beredskapsdepartementet publiserte i 2019 ein ny rettleiar til samfunnstryggleiksinstruksen. Rettleiaren er eit hjelpemiddel for departementa og gir råd og tilrådingar om korleis departementa kan følgje opp krava i instruksen.

Regjeringa har styrkt arbeidet med samansette truslar. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet i nært samarbeid med Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet.

Regjeringa tok sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om samfunnstryggleik våren 2020. I medhald av samfunnstryggleiksinstruksen utgjer meldingane ein del av det overordna planleggingsgrunnlaget på samfunnstryggleiksfeltet. Arbeidet med meldinga vart stoppa på grunn av virusutbrotet. Meldinga vil bli lagd fram hausten 2020.

3.5 Tilsyn med departementa

Tilsyn med korleis departementa arbeider med samfunnstryggleik, er eit sentralt verkemiddel for samordningsrolla til Justis- og beredskapsdepartementet, og har bidratt til å styrke samfunnstryggleiksarbeidet over tid. Tilsyn med samfunnstryggleiksarbeidet til departementa er nærmare regulert i samfunnstryggleiksinstruksen fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 1. september 2017. Tilsyna tener to formål: å fremme god kvalitet i samfunnstryggleiksarbeidet i det enkelte departementet og å bidra til eit samordna og heilskapleg arbeid med samfunnstryggleik på tvers av departements- og sektoransvar.

Tilsyna skal i større grad enn tidlegare vere baserte på vesentlegheit og risiko. Det kan føre til at tilsyn blir retta mot særskilde tema og krav i instruksen. Det skal leggjast meir vekt på tverrsektorielle utfordringar.

Tilsyna blir gjennomførte av DSB på vegne av Justis- og beredskapsdepartementet. Tilsyn med Olje- og energidepartementet starta opp i 2019. Tilsyn med Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet startar opp hausten 2020. Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for å føre tilsyn med Justis- og beredskapsdepartementet og delegerer dette normalt til Statens helsetilsyn. DSB kan støtte Helse- og omsorgsdepartementet ved dette tilsynet, men vil då vere underlagt dei.

Regjeringa er orientert om resultat frå og oppfølging av kvart enkelt tilsyn. Alle tilsynsrapportar er som hovudregel offentlege ved innsyn, og tilsyna blir avslutta når alle brot på krav og vesentlege forbetringspunkt er retta opp.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) fører i tillegg tilsyn med departementa innanfor verkeområdet til tryggingslova. NSM og DSB koordinerer tilsynsaktiviteten sin mot departementa.

3.6 Forsking og kunnskapsutvikling

I tråd med Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn, jf. Innst. 326 S (2016–2017) skal samfunnstryggleiksområdet vareta læring og oppfølging etter hendingar. Det er stort behov for meir kunnskap på feltet, og samfunnstryggleiksinstruksen stiller no større krav til korleis departementa arbeider med kunnskapsbasert samfunnstryggleiksarbeid. Departementa skal blant anna evaluere øvingar og hendingar og sørge for at funn og læringspunkt blir følgde opp i organisasjonen og i leiinga.

Forsking er eit viktig verkemiddel for Justis- og beredskapsdepartementet i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Departementet arbeider for betre bruk av forsking og evaluering som grunnlag for læring, kunnskapsbaserte løysingar og generell politikkutforming i departementet og sektoren. Dei sentrale kunnskapsbehova innanfor samfunnstryggleik er betre forståing av faktorar som styrker motstandskrafta i samfunnet, kva som gjer komplekse og kritiske samfunnsfunksjonar sårbare, effektiv styring og leiing av arbeidet med samfunnstryggleik, betre erkjenning av risiko, operativ samhandling og førebygging av terrorisme.

Vidare er det eit stort behov for meir kunnskap om effekten av offentlege verkemiddel på området, slik som reguleringar, tilsyn, øvingar, rettleiing m.m. Som følgje av måten ansvar og roller er fordelte på innanfor samfunnstryggleiken, er kunnskapsgrunnlaget òg delt opp på mange. Ein nærmare omtale av forskingsinnsatsen innanfor samfunnsstryggleik er å finne i programkategori 06.10.

Justis- og beredskapsdepartementet tek del i finansieringa av program i Forskingsrådet knytte til samfunnstryggleik (SAMRISK) og digital tryggleik (IKT Pluss). Forskinga har gitt ny kunnskap til samfunnet og til forvaltninga. Til dømes er det prosjekt om kommunikasjon og felles situasjonsforståing blant krisehandteringsaktørar, om koordinering ved komplekse redningsaksjonar i nordområda og om korleis falske nyheiter kan oppstå og spreie seg gjennom internett. Gjennom ei hasteutlysing våren 2020 lyste Forskingsrådet ut midlar til forsking på spørsmål som er relevante for å handtere virusutbrotet. Forskinga skal bidra til å evaluere behandling og gi systematisk kunnskap om spreiinga og effektane av viruset. Tre av prosjekta som vart godkjende ved denne utlysinga vil bli finansierte ved at dei får allokert inntil 15 mill. kroner frå SAMRISK.

Justis- og beredskapsdepartementet har òg samarbeid med forskingsinstitusjonar innanfor sivilt-militært samarbeid og totalforsvar (Forsvarets forskingsinstitutt (FFI)), innanfor digital tryggleik og fysisk sikring/bygningssikring (Simula og NTNU). Prosjekt innanfor totalforsvar og vern av samfunnets kritiske funksjonar i serien Beskyttelse av samfunnet (BAS) har blitt utførte ved FFI sidan 1994. BAS9 starta i 2019 med hovudtema om utfordringar og moglegheiter for samfunnstryggleik i framtida, relevansen av og utviklinga av totalforsvaret, samordning av arbeidet med kritiske samfunnsfunksjonar/grunnleggjande nasjonale funksjonar og betre læring etter øvingar. Departementet inngjekk ein samarbeidsavtale med FFI i 2018 om forsking på samfunnstryggleiksområdet. Under denne arbeider FFI og Justis- og beredskapsdepartementet saman om blant anna eit prosjekt om krigsetterleiver, heilskapleg vurdering av øvingar og kjemikalieberedskap.

Justis- og beredskapsdepartementet deltek aktivt i EUs rammeprogram for forsking på tryggleiksfeltet (katastrofeberedskap, sikring av infrastruktur, førebygging av terrorisme, grensekontroll og digital tryggleik). Over halvvegs i programmet er det delt ut meir enn 300 mill. norske kroner til prosjekt innanfor samfunnstryggleik med norsk deltaking. I samband med utviklinga av eit nytt rammeprogram for Horizon Europe frå 2021 bidrar Justis- og beredskapsdepartementet til dette på samfunnstryggleiksfeltet, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og andre relevante aktørar.

3.7 Samarbeid innanfor NATO, EU og Norden

Endra tryggingspolitiske og klimatiske omgivnader krev tiltak for å styrke og forbetre motstandskrafta vår mot eit breitt spekter av truslar og risikoar. Noreg bidrar derfor aktivt til NATOs arbeid og har ein nær dialog og eit nært samarbeid med dei nordiske landa. I tillegg følgjer vi arbeidet i EU og tek del i EUs ordning for sivil beredskap.

Det endra tryggingspolitiske biletet har ført til at NATO i større grad enn tidlegare har sett sivilt beredskapsarbeid og sivilt-militært samarbeid på dagsordenen. Årsaka er at sivil beredskap, krisehandtering og robuste kritiske samfunnsfunksjonar er ein føresetnad for samla beredskap og forsvar i kvart enkelt land, og dermed for alliansen som heilskap. NATO vedtok i denne samanhengen i 2016 sju grunnleggjande forventningar til kva evne medlemslanda skal ha til motstand i funksjonar som er kritiske for samfunnet. Desse sju grunnleggjande forventningane har gjennomgått ein førebels revisjon, der tiltak med bakgrunn i dei førebelse lærdommane frå virusutbrotet inngår som element i aktuelle kritiske samfunnsfunksjonar. Som ein del av forsvarsplanlegginga si gjennomfører NATO kvart anna år ei kartlegging (NATO Defence Planning Capability Survey (NDPCS) i alle medlemslanda. Dei sju grunnleggjande forventningane inngår i NATOs kartlegging av nasjonale planar og policyar, nasjonale styrkebidrag og kapasitetar og relevante sivile ressursar og ordningar som kan inngå i allierte operasjonar. Den siste kartlegginga vart gjennomført i 2019. Departementa som er involverte i arbeidet med totalforsvarsprogrammet, bidrar i denne undersøkinga. I undersøkinga i 2017 var hovudkonklusjonen frå NATO-staben at Noreg har ei robust tilnærming til sivil beredskap. På grunn av implikasjonar av virusutbrotet vil ikkje rapporten etter undersøkinga «State of Civil Preparedness» bli presentert innan hausten 2020.

Noreg deltek i EUs ordning for sivil beredskap. Formålet med ordninga er å leggje til rette for eit breitt samarbeid i Europa innanfor samfunnstryggleik og beredskap. For Noreg representerer ordninga eit viktig tryggleiksnett. I tilfelle det skjer ei hending i Noreg som ikkje kan handterast tilstrekkeleg nasjonalt, kan norske styresmakter be om hjelp frå EU. Noreg vurderte blant anna å be om hjelp i samband med skogbrannane sommaren 2018, og har nytt godt av ordninga samband med handteringa av virusutbrotet. Ordninga har særleg vore verdifull i samband med heimhenting av norske borgarar, men og som politisk inngang til ei rekkje møtearenaer, til dømes uformelle møter på ministernivå, men og på ambassadørnivå og teknisk nivå. I samband med virusutbrotet går det og føre seg vaksinesamarbeid og anskaffing av lagerhold av legemiddel. Gjennom samarbeidet kan Noreg og bidra med hjelp til andre land, og Noreg stiller blant anna det norske Emergency Medical Team (NOR EMT) til disposisjon. NOR EMT har vore med på nasjonal innsats i to rundar, under meslingutbrotet i Samoa i desember 2019, og deretter i Bergamo i Italia i april 2020, som vart hardt råka av virusutbrotet. I september reiste teamet til Moria-leiren på Lesvos for å bistå etter brannen. For nærmare beskriving av NOR EMT, visast det til tekst i Prop.1 S (2020 – 2021) for Helse- og omsorgsdepartementet. Det tas atterhald om at endeleg avgjerd om norsk deltaking i EU sine program i perioden 2021–2027 tas etter at EUs langtidsbudsjett er vedteke. Det vises og til omtale av deltaking i EUs programmer 2021–2027 i Utanriksdepartementets fagproposisjon.

Det nordiske samarbeidet innanfor samfunnstryggleik er prega av tett dialog om spørsmål knytte til nordisk tryggleik, Nordens nærområde og europeiske og globale problemstillingar. Omfanget av og kompleksiteten i utfordringane i vår tid har gjort verdi- og interessefellesskapa mellom dei nordiske landa synlege. Landa deler ofte vurderingar av desse utfordringane og korleis dei bør handterast. Noreg hadde formannskapen i 2019 i det såkalla Haga-samarbeidet. I møtet i oktober 2019 i Oslo mellom dei fem nordiske ministrane med ansvar for samfunnstryggleik og beredskap vart ministrane samde om Oslo-konklusjonane 2019, med framleis utvikling innanfor nordisk skogbrann-/naturbrannsamarbeid, nordisk samarbeid om kjemiske, biologiske, radioaktive og kjernefysiske stoff og ladningar (CBRN) og nordisk samarbeid om nødkommunikasjon. Vidare ønskte ministrane å fokusere på sivilt-militært samarbeid og hybride aktivitetar og på betydinga av nordområda generelt i Haga-samarbeidet. Dei nordiske landa har eit felles ønske om å bidra til NATO, EU, FN og nærområda våre. Gjennom det såkalla Haga-samarbeidet legg ein til rette for at dei nordiske landa i størst mogleg grad har koordinerte posisjonar for å påverke desse organisasjonane. Danmark overtok formannskapen for Haga-samarbeidet for 2020. Eit stadig tettare og meir omfattande arbeid innanfor EUs ordning for sivil beredskap legg til rette for å styrke det nordiske samarbeidet ved å trekkje vekslar på EUs støtte- og finansieringsordningar.

3.8 Førebyggjande nasjonal tryggleik

Målet med arbeidet med nasjonal tryggleik er å styrke motstandskrafta og uthaldet i nasjonen, og å gjere oss mindre sårbare mot truslar. Formålet med det førebyggjande tryggleiksarbeidet er å verne nasjonale tryggingsinteresser mot tilsikta handlingar som direkte eller indirekte kan skade desse. Arbeidet føreset evne til å forstå korleis trusselaktørane kan utnytte sårbarheitar. Regjeringa arbeider breitt for å styrke evna til å verne verdiar på sivil side.

Vi står overfor eit komplekst trusselbilete, blant anna på grunn av aukande geopolitisk spenning. Det nasjonale risikobiletet vårt blir endra når truslane blir endra, men òg når verdiane endrar seg, til dømes som følgje av teknologisk utvikling. Samordna tryggleik og beredskap vil setje oss betre i stand til å handtere kompleksiteten.

Det er fleire utviklingstrekk som tilseier at det er viktig å arbeide saman for å handtere sårbarheiter. Større avhengnader på tvers av samfunnssektorar gjer eit tett samarbeid mellom sivile og militære styresmakter stadig viktigare. Det er viktig at det blir arbeidd kontinuerleg med å styrke evna til å etablere ei nasjonal situasjonsforståing, slik at vi blir betre til sjå hendingar i ulike sektorar i samanheng. Likeins er det viktig å ha evne til å analysere og forstå situasjonsbiletet. På sivil side er det viktig at Justis- og beredskapsdepartementet held fram med å vere ein pådrivar for å etablera, halde ved like og analysere eit tverrsektorielt situasjonsbilete på strategisk nivå.

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med nasjonal tryggleik. Tryggingslova tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Ei tverrsektoriell tryggingslov og ei nasjonal tryggleiksstyresmakt med eit tverrsektorielt ansvar gjer at vi som stat har eit fortrinn samanlikna med andre statar. Dette gjer oss betre rusta til å vareta den nasjonale tryggleiken vår. Føremålet med lova er å tryggje dei nasjonale tryggleiksinteressene våre og å førebyggje, avdekke og motverke tryggleikstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggleiksinteressene blir støtta ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, at verksemder av avgjerande betyding for GNF vert underlagde tryggleikslova, og nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova, vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betyding, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggleiksnivå, kan òg bli endra. I 2019 og 2020 er det gjort eit vesentleg arbeid i alle sektorar for å identifisere GNF-ar. Arbeidet har vist seg noko meir tidkrevjande enn pårekna. Sjølv om mykje er på plass, står det framleis noko arbeid att. Identifiseringa av GNF-ar dannar grunnlaget for å peike ut og klassifisere skjermingsverdige informasjonssystem og objekt og skjermingsverdig infrastruktur, og for å etablere eit forsvarleg tryggingsnivå for desse og dessutan få oversikt over dei gjensidige avhengnadene mellom dei. Arbeidet med implementering av ny tryggingslov kan medføra endringar i kva som blir klassifisert som skjermingsverdige objekt og infrastruktur.

Justis- og beredskapsdepartementet har identifisert følgjande grunnleggjande nasjonale funksjonar i eigen sektor

  • JD GNF 1: «Justis- og beredskapsdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit» som omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggjande verksemder.

  • JD GNF 2: «Nasjonale sikkerheitstenester» som omfattar funksjonane hos dei nasjonale sikkerhetstenestene, under JD, som er nødvendige for å kunne førebyggje, avdekke og motverke tryggleikstrugande verksemd retta mot dei nasjonale tryggleiksinteressene våre.

  • JD GNF 3: «Lov og orden» som omfattar dei funksjonane i justis- og beredskapssektoren som er nødvendige for å kunne vareta lov og orden som er av betydning for nasjonale tryggingsinteresser.

Verksemdene som så langt er identifiserte å ha avgjerande eller vesentleg tyding for GNF-ane i eigen sektor er statlege etatar og organ, og dei er såleis allereie omfatta av tryggingslova. Ein ser ikkje bort frå at arbeidet med å identifisera skjermingsverdige verdiar i sektoren kan identifisera private verksemder som har ei slik tyding for GNF at dei må omfattas av lova.

Det er også i 2020 gjort betydelege investeringar og arbeid for å sikra skjermingsverdige objekt i justissektoren i samsvar med det ønskte sikringsnivået. Det aktuelle objektet med dispensasjon frå sikringskrav etter tidlegare forskrift om objektsikkerheit § 4-1 andre ledd, som Stortinget vart orientert om i Prop. 1 S (2019–2020) for Justis- og beredskapsdepartementet, har vorte relokalisert til nye høgt sikra lokale i 2020 etter betydelege investeringar. Ytterlegare objekt får ønskt sikringsnivå når det nye beredskapssenteret til politiet er ferdigstilt, og det er investert betydelige midlar for å betre sikkerheten i Nødnett. Samtidig må det seiast at det fortsatt går føre eit arbeid i justissektoren for å sikre skjermingsverdige objekt som ikkje er sikra i samsvar med det ønskte sikringsnivået, og at dette arbeidet vil måtte ta fleire år.

Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet, med støtte frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), har eit pågåande arbeid med å koordinera og nivellera dei innmelde GNF-ane på tvers av departementsområda. Som ein del av denne prosessen vil venteleg formuleringa av departementas identifiserte GNF kunne bli noko justerte, etter nærare dialog med det departementet som det gjeld. Dei GNF-ane som er identifiserte og innmelde til Nasjonalt tryggingsorgan så langt kjem fram av tabellen nedanfor:

Tabell 2.9 Grunnleggande nasjonale funksjonar

Hovudansvarleg departement

Grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF)

Andre departement med ansvar

Arbeids- og sosialdepartementet (ASD)

ASD GNF 1: Arbeids- og sosialdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

ASD

ASD GNF 2: Kritiske offentlege ytingar til befolkninga

Barne- og familiedepartementet (BFD)

BFD GNF 1: Barne- og familiedepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Finansdepartementet (FIN)

FIN GNF 1: Evne til å finansiere offentleg verksemd

FIN

FIN GNF 2: Sikre samfunnets evne til å formidle finansielle tenester

FIN

FIN GNF 3: Finansdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Forsvarsdepartementet (FD)

FD GNF 1: Situasjonsforståing

FD

FD GNF 2: Innsats

FD

FD GNF 3: Kommando og kontroll

FD

FD GNF 4: Vern

FD

FD GNF 5: Forsvarsdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)

HOD GNF 1: Helseberedskap

HOD

HOD GNF 2: Trygg vannforsyning

HOD

HOD GNF 3: Helse- og omsorgsdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Justis- og beredskapsdepartementet (JD)

JD GNF 1: Justis- og beredskapsdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

JD

JD GNF 2: Nasjonale tryggingstenester

JD

JD GNF 3: Lov og orden

Klima- og miljødepartementet (KLD)

KLD GNF 1: Klima- og miljødepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD)

KMD GNF 1: Kommunal- og moderniseringsdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

KMD

KMD GNF 2: Gjennomføring av frie, direkte og hemmelege val til Stortinget, kommunestyrer, fylkesting og Sametinget

KMD

KMD GNF 3: Evne til å vareta talekommunikasjonstenester basert på norsk nummerplan

KMD

KMD GNF 4: Evne til å vareta tekstbaserte meldingstenester basert på norsk nummerplan

KMD

KMD GNF 5: Evne til å vareta grunnleggjande internettilgang

Kunnskapsdepartementet (KD)

KD GNF 1: Kunnskapsdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Kulturdepartementet (KUD)

KUD GNF 1: Kulturdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

KUD

KUD GNF 2: Krisekommunikasjon til befolkninga

Landbruks- og matdepartementet (LMD)

LMD GNF 1: Landbruks- og matdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD)

NFD GNF 1: Nærings- og fiskeridepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

NFD

NFD GNF 2: Sikre at forsvaret og på førehand utpeikte kritiske brukarar får tilgang til tilstrekkeleg drivstoff

NFD

NFD GNF 3: Matvareforsyning

LMD, HOD

Olje- og energidepartementet (OED)

OED GNF 1: Nasjonal kraftforsyning

OED

OED GNF 2: Olje- og energidepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

OED

OED GNF 3: Evne til vern av petroleumsverksemd mot tryggleikstrugande verksemd

ASD, FD, JD

Samferdselsdpartementet (SD)

SD GNF 1: Transport

SD

SD GNF 2: Samferdselsdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Statsministerens kontor (SMK)

SMK GNF 1: Statsministerens kontors verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Utanriksdepartementet (UD)

UD GNF 1: Norsk utanriksteneste

UD

UD GNF 2: Utanriksdepartementets verksemd, handlefridom og beslutningsdyktigheit

Det blir lagt opp til at Nasjonalt tryggingsorgan etter kvart skal publisera ei samla oversikt over innmelde GNF-ar på nettsidene sine og halde oversikta løpande oppdatert.

Erfaringane frå GNF-arbeidet så langt, viser at det har vore meir komplisert enn opphavleg anteke. Justis- og beredskapsdepartementet har derfor rådd departementa til at hovudfokus ut 2020 bør vera å komma igjennom den første runden med identifisering av GNF i eigen sektor, identifisera verksemder med avgjerande og vesentleg tyding for desse GNF-ane og legge dei med avgjerande tyding for GNF under tryggingslova.

NSM har utarbeidd rettleiingsmateriale for alle fasane i GNF-prosessen, også for risikovurdering og sikring av objekt og infrastruktur. Til støtte for arbeidet departementa gjer med avhengnader er NSM i gang med utvikling av verktøy for arbeidet for verksemdene med avhengnader. Dette arbeidet er eit døme på erfaringsbaserte behov, som er komne fram under GNF-arbeidet. NSM vil revidera det gjeldande rettleiingsmateriale og utvikla nytt ved behov. Det blir føresett at departementa legg utarbeidd rettleiingsmateriale til grunn for arbeidet sitt med implementering av tryggingslova, og at dei ved behov ber NSM om støtte.

Ei heilskapeleg implementering av tryggingslova vil bli omtalt i den kommande tryggleiksmeldinga. I meldinga vil regjeringa og omtale prioriterte område av betydning for førebyggjande nasjonal tryggleik. Eit sentralt område er arbeidet mot uønskte investeringar i norske verksemder. Ei anna problemstilling er innsidetrusselen, ettersom ein viktig ressurs for etterretningstenestene til framande statar er personar med tilgang til dei skjermingsverdige verdiane våre. Meldinga vil og ta opp implementering av ny teknologi som mogelegheit og utfordring. Ein del av arbeidet med å tryggje digitale verdiar er kompetanse på 5G-teknologi. Regjeringa har sørgt for at Nkom og NSM stadig utviklar tryggingskompetanse på 5G. Dette arbeidet skal framleis bli prioritert i 2021.

Meldinga beskriv også det førebyggjande arbeidet mot bruk av samansette verkemiddel. Auka bruk av dette, saman med blant anna rask teknologiutvikling og kortare varslingstid, gjer at førebyggjande tryggleiksarbeid blir viktigare. Regjeringa vil vidareutvikle den nasjonale evna til å avdekke og motverke hendingar slik at vi som nasjon blir mindre sårbare overfor slik verkemiddelbruk. Ein stor del av slik verkemiddelbruk går føre seg i det digitale rommet. NSM er nasjonal responsfunksjon og fagmiljø for digital tryggleik og skal blant anna, som det kjem fram av Prop. 62 S (2019–2020) – Vilje til beredskap – evne til forsvar Langtidsplan for forsvarssektoren, etablera eit forbetra situasjonsbilete i det digitale rommet. NSM må saman med andre relevante aktørar, blant anna vurdere på kva måte dei etablerte samhandlingsarenaene i Nasjonalt cybertryggleikssenter og Felles cyberkoordineringssenter kan bidra til dette. Dette inkluderer samarbeidet mellom styresmaktene og privat næringsliv.

NSM, Sivil klareringsmyndigheit (SKM) og Politiets tryggingsteneste (PST) er dei sentrale verksemdene departementet har i arbeidet med nasjonal tryggleik, gjennom at dei varetek utøvande funksjonar innanfor fagområdet. Sjå kapittel 444, 453 og 457 for nærmare omtale av verksemdene.

3.8.1 Digital tryggleik

Omfattande digitalisering pregar samfunnsutviklinga og er ein viktig premiss for verdiskaping, økonomisk vekst og effektivisering av samfunnet. Digitale system er sentrale for alle samfunnsfunksjonar. Feil i digitale system vil kunne få store konsekvensar på alle nivå i samfunnet. Etterretningstenesta og PST beskriv i sine opne trusselvurderingar eit trusselbilete i endring, der stadig meir aktivitet går føre seg i det digitale rommet. Dette biletet støttes og av vurderingane frå Økokrim og Kripos, herunder kriminalitetsbiletet i det digitale rom. Virusutbrotet gjer oss meir avhengige av det digitale rommet, noko som aukar sårbarheita for digitale truslar. Digital tryggleik er derfor heilt avgjerande for å vareta velferdssamfunnet, viktige samfunnsfunksjonar, nasjonale tryggingsinteresser og interessene til den enkelte innbyggar og sivilsamfunnet i det heile.

Styresmaktene held fram med å fremme internasjonalt samarbeid om digital tryggleik, forsvar mot (og handtering av) digitale truslar, semje om statleg åtferd i det digitale rommet og samarbeid om kamp mot IKT-kriminalitet, på internasjonale arenaer som blant anna FN, NATO, EU, OECD og OSSE. I tillegg skal det vidareutviklast dialog med andre statar bilateralt og regionalt, inkludert nordisk samarbeid.

Utvalet om organisering og regulering av nasjonal IKT-tryggleik (IKT-tryggleiksutvalet) la fram utgreiinga si 3. desember 2018. Mandatet deira var å greie ut behovet for rettslege og organisatoriske endringar på IKT-tryggleiksområdet. Utvalet kom med fem hovudanbefalingar:

  • 1. tydelegare styring og betre koordinering av nasjonal IKT-tryggleik

  • 2. ny lov om IKT-tryggleik for samfunnsviktige verksemder og offentleg forvaltning

  • 3. krav om IKT-tryggleik ved anskaffingar

  • 4. nasjonalt IKT-tryggingssenter

  • 5. tydeleg regulering og ansvar for tilkopla produkt og tenester.

Utgreiinga frå utvalet var på høyring våren 2019. Regjeringa vil følgje opp hovudtilrådingane frå utvalet i den kommande tryggleiksmeldinga.

Som nasjonalt fagmiljø for digital tryggleik skal NSM vedlikehalde eit særskilt risikobilete for digital tryggleik som omfattar statstryggleik, samfunnstryggleik og tryggleik for individet. NSM skal òg foreslå tiltak, gi anbefalingar og fremme forslag til krav innan digital tryggleik i samfunnet, og dessutan følgje opp med råd og rettleiing.

Nasjonalt cybertryggingssenter (NCSC) vart etablert som del av NSM hausten 2019. Med etableringa av NCSC blei eit nytt steg sett i gang i det offentleg-private samarbeidet som bidrar til betre situasjonsforståing, betre avgjerdsgrunnlag og betre utnytting av ressursar. NCSC samarbeider med det nasjonale cyberkrimsenteret (NC3) ved Kripos. NC3 står sentralt i arbeidet som politiet gjer mot digital kriminalitet og for å sikre tryggleik i det digitale rommet.

3.9 Totalforsvarsprogrammet

Totalforsvarskonseptet omfattar gjensidig støtte og samarbeid mellom sivil og militær side for å førebyggje, planleggje for og handtere kriser, væpna konflikt og krig. Sidan den kalde krigen tok slutt, har merksemda vore retta mot Forsvarets moglegheit til å hjelpe det sivile samfunnet ved kriser. På grunn av tryggingspolitiske endringar og fordi det i lang tid ikkje var høgt prioritert, innsåg ein for nokre år sidan at det var behov for å fornye og styrke støtta til Forsvaret frå sivile styresmakter og det sivile samfunnet. Endringar i trussel- og sårbarheitsbiletet dei siste åra har utfordra den sivile og militære beredskapen og krisehandteringsevna og tydeleggjort at det er behov for å jobbe meir med sivil støtte til Forsvaret. Totalforsvarskonseptet har mykje å seie for Forsvarets evne, som i aukande grad har blitt avhengig av sivil vare- og tenesteproduksjon.

På bakgrunn av dette, har det dei siste åra vore lagt ned mykje arbeid i å styrke arbeidet med totalforsvaret på sivil side. Eit viktig tiltak frå regjeringa var etableringa i 2016 av eit program for å vidareutvikle totalforsvaret og styrke motstandskrafta i kritiske samfunnsfunksjonar (Totalforsvarsprogrammet).

Mål for programmet er:

  • å vidareutvikle totalforsvaret slik at det er tilpassa nye utfordringar, rammevilkår og føresetnader

  • å styrke motstandskraft innanfor dei kritiske samfunnsfunksjonane

Programmet har inkludert alle departementa som har ei rolle i totalforsvaret, og det har vore etablert prosjekt innanfor dei to programmåla. Programmet vil vare ut 2020.

Sjølv om arbeidet med totalforsvaret på sivil side er kome langt, inneber både samfunnsutviklinga og eit trusselbilete i stadig endring at innretninga av totalforsvarsarbeidet kontinuerleg må utviklast. NATO-øvinga Trident Juncture i 2018 var ein god målestokk for å teste kor langt ein har kome i arbeidet med sivil støtte til Forsvaret. Gevinstane frå satsinga har auka bevisstheita i departementa og sektorane om kva for ansvarsoppgåver som ligg til kven. Gjennom prosjekta er det og identifisert punkt som krev særskilt oppfølging utover programperioden. Desse oppfølgingsbehova vil bli beskrivne nærmare i den komande stortingsmeldinga om samfunnstryggleik.

3.10 Nye redningshelikopter

Justis- og beredskapsdepartementet har fag- og budsjettansvar for den offentlege redningshelikoptertenesta. Det er inngått kontrakt for kjøp av 16 nye redningshelikopter til erstatning for dagens Sea King-redningshelikopter under leiing av Justis- og beredskapsdepartementet og i samarbeid med Forsvarsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, jf. omtale under kap. 454.

3.11 Leiingsmerksemd og samordning på alle nivå i forvaltninga

3.11.1 Øvingar, planverk og samhandlingsforum

Regjeringa er bevisst på kor viktig det er å vere systematisk i samfunnstryggleiksarbeidet, og prioriterer dette høgt. Regjeringa har jamlege beredskapskonferansar. Utfordringar i samfunnstryggleiksarbeidet blir sikra nødvendig merksemd på alle nivå i forvaltninga gjennom aktiv bruk av ulike samhandlingsarenaer.

Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen), som vart fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 1. september 2017, har eit høgt ambisjonsnivå. Det blir arbeidd kontinuerleg for å sikre god leiing på alle nivå i forvaltninga. For departementa blir det arrangert tilpassa kurs og kompetansehevingstiltak. Øvingar er òg eit verkemiddel som blir brukt aktivt.

Det administrative apparatet for sentral krisehandtering er basert på tre hovudelement: Kriserådet, leiardepartementet og Krisestøtteeininga (KSE). Kriserådet har seks faste medlemmer: Statsministerens kontor, Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Rådet kan om nødvendig utvidast med alle dei andre departementa. I 2020 har alle departement delteke på møter i Kriserådet som har omhandla handteringa av virusutbrotet.

Hovudfunksjonen til Kriserådet er å bidra til sentral krisehandtering gjennom blant anna å sikre koordinering av tiltak som blir sette i gang av ulike sektorar, og sjå til at spørsmål som krev politisk avklaring, raskt blir lagde fram for den politiske leiinga i departementa eller for regjeringa.

Kriserådet er eit viktig samordningsorgan som skal bidra til god og koordinert saksframstilling for regjeringa og sikre at aktuelle beredskapssaker får nødvendig merksemd og blir handterte. I handteringa av virusutbrotet har Kriserådet møtst hyppig gjennom 2020.

Justis- og beredskapsdepartementet er fast leiardepartement ved sivile nasjonale kriser med mindre noko anna blir bestemt. Leiardepartementet har ansvaret for å koordinere handteringa av kriser på departementsnivå og leier møta i Kriserådet. Utpeiking av eit leiardepartement medfører ikkje endringar i konstitusjonelle ansvarsforhold.

I tillegg til å vere leiardepartement under virusutbrotet, jf. omtale under pkt. 3.2, har Justis- og beredskapsdepartementet og ei generell samordningsrolle på samfunnstryggleiksområdet og ei rolle som sektordepartement og hovudansvarleg departement.

Justis- og beredskapsdepartementet leier og deltek i fleire forum der øvingar og styrkt samvirke er hovudtema. Øvingsforum for justissektoren og Øvingsforum for departementa blir leidde av Justis- og beredskapsdepartementet. Nasjonalt øvings- og evalueringsforum (NØEF) blir leidd av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), og departementa blir inviterte etter behov. NØEF har nyleg revidert sitt eige mandat og tydeleggjort dei tre hovudoppgåvene sine til at dei skal vere eit fagforum, at dei skal ha ansvaret for å følgje opp tverrsektorielle læringspunkt etter øvingar og hendingar, og at dei skal koordinere øvingsaktivitet.

Beredskapssystem og planverk må vere oppdaterte og godt kjende i organisasjonane som skal bruke dei. Sivilt beredskapssystem (SBS) og Beredskapssystem for forsvarssektoren (BFF) utgjer til saman Nasjonalt beredskapssystem (NBS). NBS er bygd opp etter den same strukturen som NATOs krisehandteringssystem, av omsyn til samordna oppdatering og bruk.

NBS blir revidert i takt med endringar i NATOs system, og ved behov. Behov kan vere endringar i ansvarstilhøve, kva for ordningar som finst for å handtere ulike utfordringar og kva for utfordringar det er aktuelt å førebu for. Tiltak for å heve kompetansen blir gjennomførte for å sikre effektiv bruk under hendingar.

Det er ein føresetnad i beredskapssystemet at etatar og verksemder skal utarbeide underliggjande planar som skildrar kva den enkelte etaten og verksemda skal gjere, baserte på intensjonen i tiltaka til beredskapssystemet.

Det enkelte departementet har ansvar for at underliggjande planverk blir utarbeidde i deira eigen sektor. Den siste revisjonen av beredskapssystemet vart ferdigstilt hausten 2019.Samordna revisjon av SBS og BFF har toårige syklusar av omsyn til at det skal følgast opp i underliggjande planverk, og den neste skal vere ferdig seinhausten 2021. Revisjonen av det underliggjande planverket basert på utgåva frå 2019 er sett i gang.

3.11.2 Samfunnstryggleik på kommunalt og regionalt nivå

Fylkesmannen skal samordne samfunnstryggleiksarbeidet i fylket, vareta rolla som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og dessutan skjøtte ansvaret sitt for krisehandtering ved hendingar. Fylkesmannen fører òg tilsyn med at kommunane etterlever den kommunale beredskapsplikta.

Kommuneundersøkinga til DSB for 2020 viser at den positive utviklinga i samfunnstryggleiksarbeidet til kommunane held fram. Undersøkinga viser at mange av kommunane tilfredsstiller krav i lov og forskrift, og det er ei positiv utvikling i det systematiske arbeidet med kommunal beredskapsplikt. Det er samstundes for mange kommunar som ikkje har oppdaterte risikoanalysar og planar for krisehandtering og beredskap. DSB og fylkesmannen skal halde fram med arbeidet med å følgje opp arbeidet med samfunnsstryggleik i kommunane.

Det er viktig at det regionale og det lokale nivået blir involverte i arbeidet med å vidareutvikle totalforsvaret og styrke motstandskrafta i samfunnet. Forventningane til handtering i regionar og kommunar ved ei hending som medfører behov for totalforsvaret, vil vere komplekse og krevjande. Derfor har fylkesmannen og kommunane sentrale roller som samordningsetatar i dette arbeidet. Arbeidet må halde fram også i 2021 blant anna gjennom oppfølging av erfaringane etter NATO-øvinga Trident Juncture.

For ein meir detaljert omtale av styringssignal til fylkesmannen, sjå programkategori 13.25 i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

787 568

908 219

924 603

21

Spesielle driftsutgifter

20 407

7 606

23 810

22

Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overføres

477 543

500 137

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

173 194

114 552

70

Overføringer til private

6 480

6 878

6 898

Sum kap. 0451

814 455

1 573 440

1 570 000

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) støttar Justis- og beredskapsdepartementet i samordningsrolla og er på vegne av departementet fag- og tilsynsorgan når det gjeld sivil samfunnstryggleik, jf. kgl.res. 24. juni 2005. Sivilforsvaret, Nasjonalt utdanningssenter for samfunnstryggleik og beredskap (NUSB) og Noregs brannskule er underlagde DSB. DSB er i tillegg ansvarleg for nød- og beredskapskommunikasjon og staten sin eigarskap til Nødnett og er nasjonal brann- og el tryggleiksstyresmakt.

DSB støtter også Justis- og beredskapsdepartementet i samordninga av krisehandteringa knytt til virusutbrotet. DSB sin innsats har vore knytt til rapportering, gjennomføring og tilrettelegging av samvirkekonferansar for fagstyresmaktene på direktoratsnivå, beredskapskonferansar med fylkesmannsembeta og andre samordningsarenaer. DSB har òg mottatt og koordinert bistandsbehov og oppmodingar om støtte frå Forsvaret, og var kontaktpunkt for spørsmål knytt til dei kritiske samfunnsfunksjonane. Vidare har DSB ytt bistand til arbeidet med samordning og koordinering av kriseinformasjon til befolkninga. DSB er nasjonalt kontaktpunkt for EU si ordning for sivil beredskap, og har støtta Utanriksdepartementet med heimtransport av norske borgarar. Direktoratet bidrog òg i utsendinga av NOR-EMT til Nord-Italia.

Sivilforsvaret

Sivilforsvaret er ein del av totalforsvaret og har som primæroppgåve å verne sivilbefolkninga i krig. Sivilforsvaret er verna etter Genèvekonvensjonane. Sivilforsvaret er òg statens forsterkningsressurs og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Sivilforsvaret driv landsomfattande varslingsteneste, inngår i atomulukkeberedskapen og hjelper til ved katastrofar internasjonalt. Sivilforsvaret er organisert med tjue distrikt og eitt kompetansesenter. Samvirke er eit av grunnprinsippa i norsk samfunnstryggleiksarbeid. Sivilforsvaret har blitt bygd opp til ein styrke på 8 000 tenestepliktige menn og kvinner.

Stortinget fastset kor lang tenestetida for tenestepliktige i Sivilforsvaret skal vere. Tenestetida skal kvart år stadfestast i Prop. 1 S. Justis- og beredskapsdepartementet vidarefører dagens nivå i 2021. Dette inneber årleg utdanning på inntil fem veker, med maksimalt tre veker samanhengande tenestetid. Den årlege øvingstida er på maksimalt fem dagar. Den samla tenestetida for ein tenestepliktig kan utgjere totalt 19 månader.

I samband med virusutbrotet har innsatsane til Sivilforsvaret i hovudsak vore bistand til sjukehus og legevakter i samband med prøvetaking, bistand til renseplassar for blant anna ambulansetenesta, politiet og redningshelikoptera. Sivilforsvaret har òg hjelpt til med informasjon til innbyggarane, vakthald og sikring, og materiellbistand.

Sivile vernetiltak vil bli nærmare omtalt i den kommande meldinga om samfunnstryggleik.

Figur 2.11 Innsatsane til Sivilforsvaret fordelte etter hendingar per august 2020

Figur 2.11 Innsatsane til Sivilforsvaret fordelte etter hendingar per august 2020

Kjelde: DSB

Branntryggleik og samlokalisering

Regjeringa vil styrke brannutdanninga gjennom å etablere ein ny fagskule for brann- og redningspersonell ved Noregs brannskule i Tjeldsund kommune. Det er behov for ny infrastruktur ved Noregs brannskule før fagskulen kan starte opp. Statsbygg fullførte ein prosjektavklaringsfase i 2019 og eit forprosjektet i 2020. Regjeringa foreslår å løyve 124,6 mill. kroner til å setje i gang byggjeprosjektet i 2021, jf. Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Regjeringa foreslår å løyve 14,5 mill. kroner på kap. 451, post 01 til vidare etablering av fagskulen.

Samlokalisering av nødmeldings- og operasjonssentralane til politiet og brann- og redningsvesenet er ein del av politireforma og er viktig for effektiv samhandling og rask hjelp. Sentralane skal samlokaliserast vegg-i-vegg, og den akuttmedisinske tenesta i helsevesenet kan samlokaliserast på eit seinare tidspunkt. Samlokalisering av operasjonssentralane til politiet og 110-sentralane til brann- og redningsvesenet er gjennomført i politidistrikta Innlandet, Møre og Romsdal, Aust og Sør-Aust. Samlokalisering av operasjonssentralen til politiet, 110-sentralen til brann- og redningsvesenet og AMK-sentralen er gjennomført i Nordland politidistrikt. Erfaringane frå dei samlokaliserte sentralane er positive. Nødetatane drar nytte av å vere nær kvarandre og av å kunne dele kunnskap og informasjon ved både små og store hendingar.

Det blir arbeid med å gjennomføre samlokalisering i Finnmark politidistrikt og med å leggje til rette for samlokalisering i Troms. I mange av dei resterande distrikta er det planlagt nye politihus som gjer at det ikkje er hensiktsmessig å samlokalisere dei eksisterande sentralane no.

Oppdragshandteringsverktøy i dei kommunale 110-sentralane må skiftast ut. DSB hjelper kommunane ved innkjøp av oppdragshandteringsverktøy for å ivareta effektivt samvirke og god nok tryggleik.

Skogbrannhelikopterberedskap

Handtering av skogbrann er eit kommunalt ansvar. Viktige statlege ressursar for å forsterke dette arbeidet er Sivilforsvaret og skogbrannhelikopter. Statens skogbrannhelikopter er i fast beredskap frå 15. april til 15. august kvart år. DSB har det administrative ansvaret for ordninga, medan Hovudredningssentralen koordinerer sjølve bruken av skogbrannhelikoptera. DSB har ansvaret for å sikre at det er beredskap med skogbrannhelikopter, at beredskapen er mest mogleg tilpassa den eksisterande faresituasjonen, og at ein har løpande oversikt over bruken av denne ressursen.

Skogbrannhelikopteret er normalt plassert på Torp i beredskapsperioden. Dersom skogbrannfaren er høg i andre delar av landet, kan helikopteret vere stasjonert på andre basar. I periodar med stor fare for skogbrann og i periodar med stor skogbrannaktivitet set DSB fleire helikopter i beredskap om det er behov for dette, og så framt det er tilgjengelege helikopter. Kva basar som er aktuelle, blir då bestemt på grunnlag av lokale og regionale behov.

DSB har avtale med selskapet Helitrans AS om beredskap med helikopter til skogbrannsløkking. Kontrakten gjer det mogleg å setje inn fleire helikopter i beredskap og innsats når skogbrannfaren er stor. Selskapet stiller gjennom kontrakten alle ressursane sine til rådvelde om det er behov for det, og i tillegg kan dei leige inn helikopter frå andre selskap. DSB har i tillegg inngått ein avtale om leiarstøtte for handtering av skogbrannar. Leiarstøtten følgjer skogbrannhelikopteret. Personell frå fleire brann- og redningsvesen inngår i vaktordninga og er støtte og rådgivarar for den lokale brannsjefen, piloten i skogbrannhelikopteret og DSB. Det blir foreslått å auke løyvinga til skogbrannhelikopterberedskapen med 16 mill. kroner da erfaringane frå dei siste åra viser at løyvinga burde aukast for å være realistisk budsjettert.

Nødnett

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er ansvarleg for nød- og beredskaps-kommunikasjon og for statens eigarskap til Nødnett.

Nødnett er det landsdekkande nettet for nød- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Nettet gir nød- og beredskapsetatar tilgang til avlyttingssikra og effektiv kommunikasjon i grupper og er ein av berebjelkane i Noregs beredskap. Dei som bruker Nødnett, reddar liv, vernar verdiar og gjer samfunnet tryggare. Dei er avhengige av at Nødnett verkar i det daglege og ved kriser. Det er DSBs oppgåve å levere nødnettenesta til brukarane og sørge for at dei har eit godt system til kommunikasjon. Dette inneber at DSB må følgje opp at leverandøren driftar og vedlikeheld infrastrukturen i tråd med kontrakten. Statens kontrakt med leverandøren varer til 2026.

Tabell 2.10 Sentral drifts- og bruksinformasjon om Nødnett

Nøkkeltal

Juni 2015

Juni 2016

Juni 2017

Juni 2018

Juni 2019

Juni 2020

Talet på basestasjonar i drift1

1933

2192

2205

2214

2214

2215

Talet på radioar som er aktiverte for bruk

45 574

51 263

53 660

56 396

62 199

64 518

Nødnett tilgjengeleg (i pst.)

99,99

99,86

99,92

99,90

99,94

99,84

Talet på samtalar i Nødnett

1 316 785

1 498 000

1 491 621

1 382 843

1 601 520

1 660 028

Talet på brukar-organisasjonar

548

829

939

965

994

1 0142

1 Det kan være fleire basestasjonar på kvar installasjon. DSB.

2 Talet vil truleg bli redusera ila. 2020 som følgje av kommunesamanslåingar. DSB.

Kjelde: DSB

Nødnett har ein berekna dekningsgrad på 86 prosent av landarealet og nær 100 prosent av befolkninga. Dette er i tråd med forventninga frå Stortinget, jf. Innst. 371 S (2010–2011). Det følgjer av Prop. 100 S (2010–2011), jf. Innst. 371 S (2010–2011), at brukarane skal betale for drift av infrastruktur gjennom ei abonnementsordning og for utgifter knytt til brukarutstyr. Nødnett fungerte som normalt under handteringa av virusutbrotet våren 2020 sjølv om helsesektoren opplevde auka press på sine tenester som følge av virusutbrotet. DSB bidrar bl.a. med klargjering av fleire radioterminalar, meir linjekapasitet, tilrettelegging for enkelte nye operatørplassar og kan ved behov utplassere transportable basestasjoner.

Staten ved DSB eig og forvaltar infrastrukturen i Nødnett. Nødetatane og frivillige organisasjonar har fått dekt førstegongsinvestering i brukarutstyr (kommunikasjonssentralløysingar og radioterminalar) gjennom nødnettprosjektet. Finansiering av og reinvestering i brukarutstyret er det brukarane som har ansvaret for. I samband med utbygginga av Nødnett vart det òg løyvd statlege midlar til, og kjøpt inn, eit nytt felles verktøy for oppdragshandtering til den kommunale brann- og redningstenesta over heile landet (110-sentralane) sjølv om kommunane prinsipielt sett er ansvarlege for å ruste ut nødmeldingssentralane og sine eigne fagsystem. DSB er fagansvarleg for brannområdet og leverandør av nødnettenesta og må involverast når etatane og kommunane treng nye fagsystem som skal verke saman med Nødnett og støtte opp under samvirket mellom nødetatane.

Det er om lag 64 000 radioterminalar aktiverte for bruk i Nødnett i heile landet. Brei bruk av Nødnett gir høgare samfunnstryggleik og beredskap i heile landet gjennom styrkt samvirke.

Noreg, Sverige og Finland er dei første landa i verda som har laga bru mellom dei nasjonale nødnetta. Samankoplingane gjer det mogleg for nødetatane i dei ulike landa å kommunisere når dei hjelper kvarandre i handteringa av ulukker og hendingar.

Gjennom samarbeid med fleire el-selskap har utvalde Nødnett-basestasjonar fått meir nødstraum. Samarbeidet kjem alle brukarane til gode ved at Nødnett blir meir robust.

DSB vil vidareutvikle gevinstane som er oppnådde gjennom innføringa av Nødnett. Rett bruk vil sørge for at kapasiteten i Nødnett blir utnytta best mogleg, og at samhandlinga mellom brukarane blir effektiv. DSB samarbeider derfor tett med brukarane om opplæring, øvingar og bruk av Nødnett.

Dekninga i Nødnett er god. Erfaringar viser likevel at dekninga blir opplevd som mangelfull i enkelte område. Behovet for dekning vil òg endre seg i takt med endra føresetnader for brukarane og i samfunnet generelt.

DSB eig, driftar og forvaltar brukarutstyret til det kommunale brann- og redningsvesenet som er knytt til Nødnett. Oppgåva blir finansiert av dei kommunale brukarane. Det er nødvendig med ei oppgradering av kontrollromsutstyr i brann- og redningsvesenet for å sikre både god nok tryggleik og eit tidsriktig system.

Det er behov for fleire midlar til tryggingstiltak og logisk sikring i nødnettsystemet og til styrkt evne til å førebyggje, oppdage og handtere tryggleikshendingar. Regjeringa vidarefører difor dette arbeidet i 2021. Regjeringa vidarefører også arbeidet med forsterka sikring av skjermingsverdige objekt i Nødnett i 2021.

TETRA-teknologien Nødnett byggjer på, vil i åra framover vere det primære verktøyet for kritisk talekommunikasjon, både i Noreg og i mange andre land i Europa. Datakapasiteten i Nødnett er avgrensa. Derfor er det viktig med samspel mellom Nødnett og kommersielle nett for å dekke behovet aktørane har for meir datakapasitet.

I framtida vil nødnettenesta vere basert på breibandsteknologi og infrastrukturen i dei kommersielle mobilnetta. Dei særlege behova nød- og beredskapsetatane har for løysingar med høg grad av tryggleik og motstandskraft, vil krevje involvering, ressursar, investeringar og kompetanse frå statleg side. Staten har kontrakt om drift av dagens Nødnett til og med 2026, med ein garanti for at nettet kan driftast vidare i ytterlegare fem år. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og DSB har gjennomført ei konseptvalutgreiing for å vurdere korleis ei framtidig løysing i kommersielle mobilnett kan og bør realiserast, og for å sjå på overgangen frå dagens Nødnett. Utgreiinga er sendt til ekstern kvalitetssikring.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna, Nødnett, Sivilforsvaret, skular og regionkontor. Bemanninga utgjorde 568 årsverk per 31. desember 2019. Talet på årsverk omfattar ikkje dei tenestepliktige styrkane til Sivilforsvaret.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 37,2 mill. kroner i samband med kontingent for deltaking i EUs ordning for sivilberedskap (UCPM) for perioden 2021–2027.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 14,5 mill. kroner til etableringa av ny fagskule for brann- og redningspersonell ved Noregs brannskule i Tjeldsund kommune.

I samband med videreføring av pilotperioden for Emergency Medical Team (NOR EMT) blir det foreslått å auke løyvinga til DSB med 2,7 mill. kroner.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 3,9 mill. kroner til dekning av utgifter for spesialutsending for samfunnssikkerhetssaker ved ambassaden i Washington D.C., USA, mot en tilsvarande auke under Utenriksdepartementets kap. 100 post 01.

I samband med avslutta aktiviteter i SAMLOK og utredning av mobilbasert befolkningsvarsling blir det foreslått å redusere løyvinga med 22,3 mill. kroner.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 13,3 mill. kroner til utstyrsanskaffelser i Sivilforsvaret mot ein tilsvarande auke under post 45.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 02, post 03 og post 06, jf. forslag til vedtak. Det blir vidare foreslått at posten kan overskridast med inntil 75 pst. av inntektene under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei samla løyving på posten på 924,6 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

DSB administrerer skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg. Løyvinga på posten dekker utgiftene til flytimar og ekstra beredskap. Faste utgifter i denne beredskapen inngår som ein del av løyvinga under kap. 451, post 01. Vidare dekker posten forskingsaktivitetar som er avtalte mellom DSB og RISE Fire Research AS.

Det blir foreslått å auke løyvinga til skogbrannhelikopterberedskapen med 16 mill. kroner.

Stortinget samtykker i at Justis- og beredskapsdepartementet kan overskride løyvinga under kap. 451 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, post 21 Spesielle driftsutgifter med inntil 34 mill. kroner dersom det oppstår ein situasjon med ekstraordinær stor skogbrannfare og/eller mange skogbrannar som gjer det nødvendig med innsats for sløkking og beredskap utover det ein må rekne med i eit normalår. Fullmakta gjeld utan opphald og før Kongen kan gi slikt samtykke, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 23,8 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overføres

Løyvinga på posten dekker utgifter til drift og vedlikehald, og mindre utgifter til utvikling og investering i Nødnett og tilhørande tenester. Abonnementsavgifta blir fakturert kundane i Nødnett, og inntektene blir førte på kap. 3451, post 05 Abonnementsinntekter.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 7,8 mill. kroner til arbeidet med tryggleik i nødnettet. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 05, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 500,1 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga dekker utgiftene knytt til større investeringar i Nødnett, og til tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet på vegne av brukarane. Utgifter på vegne av brukarane blir dekte inn av refusjonar på kap. 3451 post 04.

Vidare dekker løyvinga utgifter til større utstyrsanskaffelser til Sivilforsvaret.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 13,3 mill. kroner til utstyrsanskaffelser i Sivilforsvaret mot ein tilsvarande reduksjon under post 01.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 13,7 mill. kroner ned til 22,7 mill. kr til arbeidet med tryggleik i nødnettet.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 114,6 mill. kroner.

Post 70 Overføringer til private

Løyvinga på posten skal dekke overføringar til Norsk Elektroteknisk Komite som behandlar standardiseringsarbeidet på el-området i Noreg. Vidare dekker posten overføring til Norsk brannvernforenings førebyggjande arbeid retta mot bustadbrannar.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner som følgje av at Noregs sivilforsvarsforbund er avvikla.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 6,9 mill. kroner.

Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Gebyr

149 933

154 511

127 658

02

Refusjoner driftsutgifter Nødnett

33 183

34 074

03

Diverse inntekter

31 954

27 468

28 206

04

Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett

73 155

75 118

05

Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett

455 876

470 012

06

Refusjoner

25 808

6 808

7 026

40

Salg av eiendom

4 573

Sum kap. 3451

212 268

751 001

742 094

Post 01 Gebyr

DSB krev inn avgift til å dekke utgifter knytta til forvaltningsoppgaver etter brann- og eksplosjonsvernloven og el-tilsynsloven. Avgiftene skal blant anna dekke utgifter knytta til regelverks-, informasjons- og rettleiingsarbeid, og tilsyn med at krava som er gitt i eller i medhald av lovane, er følgde.

Det blir kravd inn avgift for førsteleddsomsetning av petroleumsprodukter, for ilandføring av olje og gass i rørleidning frå sjøområde, samt for førsteleddsomsetning av sprengstoff. Avgiftsinntektene er avhengig av omsetnings- og/eller produksjonsnivået frå føregåande år, slik at DSB ikkje har nokon innverknad på kor store inntektene er.

DSB krev vidare inn avgift for å dekke utgifter knytta til forvaltninga av el-tilsynslova. Avgifta blir kravd inn og utfakturert etter gjennomførte tilsyn med landbaserte elektriske anlegg, maritime elektriske anlegg, bruk av elektromedisinsk utstyr i somatiske sjukehus o.l.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 127,7 mill. kroner.

Post 02 Refusjoner driftsutgifter Nødnett

Løyvinga dekker refusjonar til DSB for enkelte driftskostnader til direktoratet, som skal finansierast av ei brukarbetalingsordning.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 02, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 34,1 mill. kroner.

Post 03 Diverse inntekter

Løyvinga på posten består av inntekter i samband med kursverksemd ved Noregs brannskule, NUSB og Sivilforsvarets utdannings- og kompetansesenter. Vidare består posten av utleige av Sivilforsvarets anlegg, og sal av læremateriell m.m. ved skulane.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 03, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 28,2 mill. kroner.

Post 04 Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett

Løyvinga omfattar refusjonar frå brukarar av Nødnett for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet som er bestilt av DSB gjennom avtalene deira. Utgiftene blir førte på kap. 451, post 45, og DSB fakturerer kundane for dette.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 75,1 mill. kroner.

Post 05 Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett

Løyvinga omfattar DSBs inntekter frå abonnementsordninga i Nødnett. Vidare dekker løyvinga refusjonar for tenester og produkt som kundar av Nødnett har skaffa seg utover abonnementsordninga i Nødnett.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 05, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 470 mill. kroner.

Post 06 Refusjoner

Løyvinga på posten består av variable inntekter og refusjonar frå andre verksemder, under dette refusjonar for administrative tenester frå Valgdirektoratet. Vidare består posten av variable overføringar og tilskot fra EU og EØS.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 06, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 7 mill. kroner.

Post 40 Salg av eiendom

DSB har gjennomført eit omfattande arbeid med å avhende sivilforsvarsanlegg. Erfaringane viser at det i det vesentlege omfattar tilbakeføring av eigedommar til kommunar og grunneigarar, og at det er eit fåtal anlegg som blir selde til takst i den opne marknaden. Tilbakeføringa krev semje mellom grunneigar og staten om salssummen, noko det kan væra utfordrande å einast om. Det blir derfor foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overdra sivilforsvarsanlegg til ein verdi av inntil 500 000 kroner vederlagsfritt, eller til underpris når det er særlege grunnar til det, jf. forslag til vedtak.

I samband med avhending og stenging av sivilforsvarsanlegg blir det vidare foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01 med inntil 75 pst. av inntektene under denne posten, jf. forslag til vedtak. Ved ev. sal i 2021 ønskjer departementet å nettobudsjettere salsutgiftene på post 40 ved sal av faste eigedommar. Det kan vere tilfelle der utgifter til rydding og sikring er større enn salsinntektene og det slik vil vere ein nettoutgift å avhende anlegget.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til nettoføring ved å trekkje salsutgifter ved sal av faste eigedommar frå salsinntektene, under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.

Kap. 452 Sentral krisehåndtering

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

25 454

26 849

26 927

Sum kap. 0452

25 454

26 849

26 927

Den høgast prioriterte oppgåva for Krisestøtteeininga (KSE) er å støtte ved handtering av hendingar og kriser. KSE skal støtte leiardepartementet og Kriserådet i koordineringsfunksjonane deira og er permanent sekretariat for Kriserådet. KSE er forankra organisatorisk i Justis- og beredskapsdepartementet og støttar òg oppunder Justis- og beredskapsdepartementets samordningsrolle på samfunnstryggleiksområdet.

KSE skal stå til teneste med kompetanse i form av rådgiving og fagleg stønad til arbeidet leiardepartementet gjer med samordning og heilskapleg sentral krisehandtering. Dette omfattar stønad til analysar, utarbeiding og formidling av overordna situasjonsrapportar og etablering av felles situasjonsforståing som grunnlag for strategiske avgjerder. I det daglege arbeidet skal KSE vidareutvikle og halde ved like dei ressursane som under kriser kan stillast til disposisjon for leiardepartementet, og støtte departementa i arbeidet med å forbetre krisehandteringsevna deira.

KSE er fast kontaktpunkt for informasjon til og frå Justis- og beredskapsdepartementet ved ekstraordinære hendingar og kriser. KSE har ansvaret for det sivile situasjonssenteret til departementet, som er døgnbemanna som del av satsinga på samfunnstryggleik som regjeringa gjennomfører. Situasjonssenteret bidrar til at tidskritisk varsling og rapportering blir utført til kvar tid.

Handteringa av virusutbrotet hendinga har utfordra KSE sine ressursar og infrastruktur til det ytste i 2020. Tidleg i handteringa av hendinga blei Helse- og omsorgsdepartementet valde av Kriserådet til leiardepartement til å koordinere handteringa av virusutbrotet. KSE stilte ressursar og infrastruktur til disposisjon og støtta dei med rådgiving i handteringa av hendinga. Blant anna blei beredskapsgruppa til KSE sett til disposisjon for Helse- og omsorgsdepartementet. Beredskapsgruppa består av tilsette frå andre departement med kompetanse innan hovudsakleg beredskap, tryggleik og kommunikasjon.

Når Justis- og beredskapsdepartementet overtok som leiardepartement blei dei samla ressursane i eininga konsentrerte om å støtte Justis- og beredskapsdepartementet i den vidare koordineringa av hendinga. KSE har til dømes støtta leiardepartementet gjennom å utarbeide situasjonsrapportar kvar veke, situasjonsoppdateringar, rapportering på samfunnskritiske funksjonar, gjensidig informasjonsdeling med internasjonale samarbeidspartnarar og gjennomføring av ei rekkje møter i Kriserådet.

Justis- og beredskapsdepartementet og Krisetøtteeininga har sett i verk arbeid med å legge til rette for ei førebels evaluering av handteringa av hendinga.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke lønns- og driftsutgifter ved KSE, medrekna husleige, vidareutvikling av og vedlikehaldskostnader for teknisk infrastruktur på både ugraderte og graderte plattformer. Løyvinga på posten skal i tillegg dekke utgiftene eininga har i samband med sentral krisehandtering, medrekna døgnkontinuerleg situasjons- og medieovervaking. Løyvinga skal òg dekke utgiftene KSE har som sekretariat for Kriserådet. Løyvinga skal dekke drifta av det sivile situasjonssenteret og drifta av avgjerds- og loggføringsverktøyet KSE-CIM på ugradert og gradert plattform.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 26,9 mill. kroner.

Kap. 453 Sivil klareringsmyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

33 349

32 527

47 123

Sum kap. 0453

33 349

32 527

47 123

Sivil klareringsmyndigheit (SKM) er den sentrale styresmakta for tryggingsklarering på sivil side, og har som primæroppgåve å vurdere saker om tryggingsklarering. Bemanninga utgjorde 27,1 årsverk ved utgangen av 2019.

SKM er ferdig med handteringa av saker som dei overtok frå klareringsstyresmakter som er blitt avvikla. SKM har i 2019 og 2020 hatt ei gjennomsnittleg god saksbehandlingstid i samsvar med oppdraget og føringane frå Justis- og beredskapsdepartementet. SKM har fått ein auke i oppdragsmengda som følgje av den nye tryggingslova, og regjeringa har derfor foreslått ei auke i løyvinga på 14,6 mill. kroner. Auken skal betre behandlingskapasiteten i SKM. SKM bidrar til å gjere dei nasjonale tryggingsinteressene våre mindre sårbare gjennom førebyggjande personelltryggingstiltak. Tenesta fungerer på tvers av alle sektorar på sivil side.

SKM skal levere riktige klareringsavgjerder basert på høg fagleg kompetanse og med effektiv saksbehandlingstid. Klareringsavgjerdene skal bidra til å beskytte informasjon som er viktig for nasjonale tryggingsinteresser, gjennom å redusere risikoen for at verksemder som er omfatta av tryggingslova, har innsidarar. Ein innsidar er ein person som har legitim tilgang til verksemda og til system, informasjon og prosessar, og som utnyttar denne tilgangen til tryggleikstruande verksemd. Innsidarar vil kunne ha eit breitt spekter av åtaksmål. Til dømes kan målet vere å komme i særleg posisjon til å påverke avgjerder, innhente sensitiv informasjon, gi feilaktig informasjon eller valde skade og øydelegging som kan tene måla til den opphavlege oppdragsgivaren. Etterretnings- og tryggingstenestene har i fleire år peika på innsidetrusselen som ei utfordring. Innsidetrusselen er høgst reell, også i Noreg. Eksternt retta og ofte kostbare tryggingstiltak har liten effekt på ein innsidar. Ein innsidar kan dermed valde store skadar. Særleg store konsekvensar vil kunne oppstå om ein trusselaktør lukkast med å plassere infiltratørar eller verve personell som alt er på plass i verksemda.

God personelltryggleik er i mange tilfelle ein føresetnad for at andre sikringstiltak skal fungere etter intensjonen.

Erfaringane med SKM seier at strukturendringane var nødvendige og bidrar til betre likebehandling og betre evne til å vurdere komplekse saker. SKM opplever at kjennskapen til personelltryggleiksfaget er låg blant verksemdene, og at det derfor er behov for meir rettleiing av og kommunikasjon med verksemdene, blant anna betre opplæring av autorisasjonsansvarlege i spørjande verksemder.

SKM har eit aktivt samarbeid med andre klareringsstyresmakter og NSM som fagstyringsmakt på området.

Klareringsprosessen er prega av manuelle og papirbaserte løysningar. I 2020 er det sett i gang eit digitaliseringsarbeid for å betre kvaliteten og effektiviteten i klareringsprosessen. Se kap. 457 for nærmare omtale.

Virusutbrotet i 2020 utløyste eit behov hos fleire verksemder som er kritiske for samfunnet for å klarera ekstra personell og for innleiingsvis å nødautorisere personell. Dette viste at fleire verksemder raskt hamna under press i krisehandteringa og tydeleggjorde viktigheita av at tryggleiks- og beredskapselementa i spesielt kritiske samfunnsfunksjonar er tilstrekkeleg dimensjonert med klarert personell, sidan dimensjoneringen blir sette under ekstra press i samband med krisehandtering. SKM har i denne situasjonen hjelpt verksemder med blant anna å klarere ekstra personell og ved å prioritere hastesaker. For å dekke behovet for SKM sine tenester i virusutbrotet vart løyvinga auka med 7 mill. kroner i 2020.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den nye sivile klareringsstyresmakta, medrekna blant anna lønnskostnader og andre personalkostnader i tillegg til kostnader til leige av lokale i Moss og til drift av IKT-løysingar.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på posten med 14,6 mill. kroner for å betre behandlingskapasiteten i SKM.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 47,1 mill. kroner.

Kap. 454 Redningshelikoptertjenesten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

720 238

700 023

681 925

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

1 615 550

2 315 361

1 977 470

Sum kap. 0454

2 335 788

3 015 384

2 659 395

Regjeringa signerte i desember 2013 kontrakt med AgustaWestland (no Leonardo SPA) om levering av 16 nye redningshelikopter med opsjon på ytterlegare seks helikopter av typen AW101. Avtalen omfattar tilhøyrande reservedelar og utstyr og dessutan opplæring og hjelpemiddel til trening. Forsvarsdepartementet ved forsvarssektoren utdannar, trener og bemannar redningshelikoptera og sørger for vedlikehald på Sea King-maskinene og er i dag totalleverandør av tenesta. Med dei nye helikoptera vil leverandøren vere ansvarleg for at helikopter er tilgjengelege på basane. Forsvaret skal i tillegg til å vere operatør utføre lett vedlikehald på helikoptera.

I samband med Stortinget sin behandling av Prop. 101 S (2014–2015) Endringer i statsbudsjettet 2015 under Justis- og beredskapsdepartementet (redusert kostnadsramme for anskaffelse av nye redningshelikoptre mv.), jf. Innst. 267 S (2014–2015), blei kostnadsramma for kjøp av nye redningshelikopter mv. satt til 14,045 mrd. kroner inkl. mva. Forebelse berekningar tilseier at denne ramma kan bli overskriden, noko som er knytt til blant anna samla framdrift og auka valutautgifter, jf. Prop. 24 S (2019–2020) Endringar i statsbudsjettet 2019 under Justis- og beredskapsdepartementet. I Prop. 101 S (2014–2015) står det at det, på lik linje med det som er vanleg i denne typen kjøp, i kostnadsramma ikkje er teke høgde for uvisse kring valutakursar og at vesentlige endringar i valutakursane kan medføre høgare eller lågare utbetalingar til leverandøren enn det som ligger til grunn for kostnadsramma. Justis- og beredskapsdepartementet planlegger å fremme forslag om ny kostnadsramme og vil komme tilbake til saka på eigna måte.

Dei nye helikoptera vil ha langt betre rekkjevidd, større fart og betre evne til å operere i dårleg vêr enn dagens Sea King-helikopter. Dei nye redningshelikoptera vil gi meir tryggleik for folk på sjøen, langs kysten og i avsides område over heile landet. Fleire av helikoptera har komme til Noreg. Det har vore utfordringar i arbeidet med å utvikle og sertifisere dei nye redningshelikoptera frå leverandøren si side. Dette har hatt konsekvensar for programmet for innføring i Forsvaret og har gjort at arbeidet har blitt forseinka. I tillegg er handteringa av situasjonen med virusutbrotet krevjande, blant anna som følgje av at leverandøren er lokalisert i Nord-Italia og Storbritannia. Programmet for innføring i Forsvaret er òg påverka av at mannskapa har vore mindre utnytta som følgje av smitteverntiltak. Dei første helikoptera blei sette i drift 1. september 2020. Alle dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift i løpet av 2022. Det vidare løpet for innfasing er blant anna avhengig av kor lenge tiltak som er sette i verk mot virusutbrotet, kjem til å vare.

Nye redningshelikopter gjer det nødvendig å tilpasse bygningane på redningshelikopterbasane og å utbetre landingsplassane ved sjukehusa som dagens redningshelikopter bruker. Dei nye helikoptera skal kunne lande ved dei aktuelle sjukehusa, eventuelt andre stader etter avtale med helseføretaka, i tråd med planen for innfasinga av helikoptera. Dei nye og moderne basane på flystasjonane på Ørland, Banak, Rygge og Sola er allereie oppførte og tekne i bruk. Arbeidet på basen i Florø vil bli satt i gang i andre halvår 2020. Tilpassingar for Bodø-basen er framleis til vurdering.

Leverandøren av dei nye redningshelikoptera var i 2010 sett i samband med ei mogleg korrupsjonssak knytt til leveranse av helikopter til indiske styresmakter. Saka har vore behandla i fleire instansar i det italienske rettssystemet, og dei to tidlegare leiarane er i den siste og endelege domstolsbehandlinga frikjende for korrupsjon. Indiske styresmakter følgjer framleis opp saka i India, og det er ikkje klart når ho vil bli avslutta, eller kva utfallet vil bli. Departementet følgjer opp arbeidet til leverandøren knytt til intern kontroll og tek dette opp i møte som blir haldne med leverandøren.

Justis- og beredskapsdepartementet har kjøpt inn mellombels sivil redningshelikopterkapasitet på Florø-basen, som starta opp i 2017. Dette vart gjort for at Forsvaret skal kunne frigjere ressursar til å handtere programmet for innføring av nye helikopter.

Sea King utgjer framleis ein god redningshelikopterberedskap, og det blir lagt opp til at denne skal utgjere hovudkapasiteten fram til dei nye redningshelikoptera er på plass.

Forsvaret har svært god kompetanse på å operere Sea King-helikopter. Denne erfaringa har dei bygd opp gjennom meir enn 45 år. Da den første basen starta opp med dei nye redningshelikoptera blei operasjonsevna betre enn med Sea King-helikopter, blant anna på grunn av langt betre rekkjevidd, større fart og betre evne til å operere i dårleg vêr. Samstundes blir det forventa at operasjonsevna vil auke etter kvart som Forsvaret får meir erfaring med maskina.

For å sikre at beredskapen for politiet er vareteken i Nord-Noreg, har politiet inngått ein avtale med eit privat selskap som sikrar politiet ein tilgang på helikopter som står på ein times beredskap gjennom heile året. Avtalen tredde i kraft 1. mai 2020.

For å styrke redningsberedskapen i Nord-Noreg tek ein sikte på å opprette ein ny redningshelikopterbase i Tromsø basert på sivil innleige. Justis- og beredskapsdepartementet har henta inn anbod. Saken er til vurdering. Det blir foreslått at denne basen òg blir lagd til rette for å dekke det spesielle behovet til politiet, og at dette inkluderer dagens beredskap på éin time. Det blir teke sikte på at den nye redningshelikopterbasen blir sett i drift i løpet av 2022.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter, i tillegg til ressursar til oppfølging av prosjektet. Det blir teke sikte på å setje i drift ein redningshelikopterbase i Tromsø i løpet av 2022. Løyvinga på posten dekker kostnader i samband med dette arbeidet.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 60,1 mill. kroner i tråd med planlagt vedlikehald av dagens Sea King-helikopterflåte. Det blir samtidig foreslått å auke løyvinga med 12,9 mill. kroner i samband med at talet på faste besetningar for redningshelikoptertenesta skal aukast med to til 25 i samband med innføringa av dei nye redningshelikoptera. To besetningar har tidlegare blitt finansiert som ein del av den midlertidige tiltaksplanen for Sea King-redningshelikopterflåte, jf. forslaget om å redusere løyvinga med 60,1 mill. kroner. Den reelle reduksjonen er såleis 47,2 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 21,7 mill. kroner i samband med at det vil bli meir aktivitet i prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 681,9 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten dekker investeringar i samband med kjøp av nye redningshelikopter.

I forslaget frå regjeringa til budsjett for 2021 er det sett av 1 977,5 mill. kroner til utbetalingar knytte til investeringar ved kjøp av nye redningshelikopter og nødvendige tiltak for tilrettelegging av infrastruktur.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 977,5 mill. kroner.

Kap. 3454 Redningshelikoptertjenesten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Refusjoner

26 627

27 479

28 358

Sum kap. 3454

26 627

27 479

28 358

Post 01 Refusjoner

Løyvinga på posten dekker refusjonar frå Helse- og omsorgsdepartementet, som kjøper ambulansetimar i redningshelikoptertenesta frå Justis- og beredskapsdepartementet. Refusjonen blir ført på kap. 3454, post 01 Refusjonar. Det blir foreslått å gi fullmakt i 2021 til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 28,4 mill. kroner.

Kap. 455 Redningstjenesten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

119 984

111 310

113 475

21

Spesielle driftsutgifter

34 898

28 959

29 736

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

4 610

6 074

6 244

71

Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten

55 285

56 819

58 637

72

Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester

112 668

122 320

121 106

73

Tilskudd til Redningsselskapet

103 612

106 393

124 798

Sum kap. 0455

431 057

431 875

453 996

Justis- og beredskapsdepartementet har koordineringsansvar for redningstenesta, som omfattar land-, sjø- og luftredningsteneste. Hovudredningssentralen (HRS) leier og koordinerer alle typar redningsaksjonar, anten direkte frå avdelinga i Nord-Noreg eller avdelinga i Sør-Noreg eller ved oppdrag til underliggjande lokale redningssentralar. Leiing og samordning av landredningsaksjonar blir som regel delegert frå HRS til den lokale redningssentralen (LRS). LRS-ar er lokaliserte ved alle politidistrikt og hos Sysselmannen på Svalbard.

Norsk redningsteneste er ein nasjonal dugnad. Den offentleg koordinerte redningstenesta er omfatta av alle ressursar i landet vårt som er eigna til akutt innsats for å redde liv. Redningstenesta er derfor organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar, og det er dette samvirket som er grunnlaget for og berebjelken i redningstenesta vår. Alle offentlege verksemder som har kapasitet, informasjon eller kompetanse som er eigna for redningsformål, pliktar å bidra i redningstenesta med tilgjengeleg mannskap og utstyr, kompetanse og fullmakter.

Samvirkeprinsippet inneber at alle aktørar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre best mogleg samvirke både i det førebyggjande arbeidet og ved redningsaksjonar. Regjeringa har fastsett organisering, roller og ansvar for redningstenesta i Noreg i Organisasjonsplan for redningstjenesten av 6. desember 2019. Justis- og beredskapsdepartementet gir nærmare instruksar, mandat og retningslinjer for utøvinga av redningstenesta. Den justerte organisasjonsplanen regulerer mellom anna organiseringa av dei to redningssentralane, som frå 1. februar 2020 er slått saman til éin Hovudredningssentral. Det er no éi administrativ leiing av Hovudredningssentralen og ansvaret for verksemda ligg til ein direktør. Stillinga er plassert i Bodø. Politimesteren i Sør-Vest politidistrikt og Nordland politidistrikt er operativt ansvarleg for HRS, avdeling Sør-Norge og HRS, avdeling Nord-Norge, og skal lede redningsledelsen. Luft- og sjøredningsaksjonar er det i hovudsak HRS som organiserer, leier og koordinerer. HRS delegerer som oftast leiinga og koordineringa av landredningsaksjonar til dei lokale redningssentralane (LRS).

Dei frivillige organisasjonane er ein viktig del av redningstenesta i Noreg. Medverknaden frå desse i denne samfunnsviktige tenesta er viktig. Dei frivillige er ein ressurs som redningstenesta nyttar seg av stadig oftare, og dei legg ned ein stor innsats.

På grunn av mangelfull dekning med redningsskøyter langs kysten i Øst-Finnmark, foreslår regjeringa å auke tilskotet til Redningsselskapet med 15 mill. kroner i 2021 til drift av ei ny redningsskøyte i Vardø. Ei ekstra redningsskøyte vil styrke både slepebåtberedskapen og sjøredningstenesta rundt Varangerhalvøya, og gje auka tryggleik for fiskarar og befolkninga i heile Finnmark.

Den frivillige innsatsen er viktig for å nå målet regjeringa har sett seg om å sørge for ein trygg og påliteleg beredskap for kvar og ein i samfunnet. Staten legg til rette for innsatsen til dei frivillige organisasjonane gjennom årlege økonomiske tilskot og gjennom å dekke faktiske utgifter ved søke- eller redningsaksjonar. HRS og LRS-ane gir uttrykk for at samarbeidet med dei frivillige er godt, og at oppdrag blir løyste på ein profesjonell og tilfredsstillande måte. Dei frivillige bidrar til å skape den tryggleiken samfunnet vårt byggjer på.

Figur 2.12 Månadleg fordeling av og utvikling i talet på registrerte hendingar ved HRS i perioden 2012 til juli 2020

Figur 2.12 Månadleg fordeling av og utvikling i talet på registrerte hendingar ved HRS i perioden 2012 til juli 2020

Kjelde: HRS

Det er krevjande å utføre effektiv nødkommunikasjon i nordområda i dag. Det er aukande aktivitet i havområda i nord, og klimaendringar gjer desse områda meir tilgjengelege. Noreg har ansvar for redningsberedskap i nordlege havområde opp til Nordpolen. Dette viser at vi treng velfungerande kommunikasjonsløysingar i desse områda.

Initiativet frå regjeringa og vedtaket frå Stortinget om å etablere høgfrekvensdekning (HF-dekning) i dei nordlegaste havområda blir følgt opp, og det er forventa at slik dekning vil vere etablert mot slutten av 2020. Tiltaket vil redusere risikoen for alvorlege konsekvensar av hendingar. Hendingar vil kunne handterast og koordinerast betre og meir effektivt med utvida HF-dekning. Effektiv kommunikasjon, både når det gjeld dialog med personar i nød, og når det gjeld deling av avgjerande informasjon mellom redningsressursane, er viktig for rask og riktig hjelp.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker kostnader ved sentrale element ved redningstenesta, medrekna Hovudredningssentralen (HRS). Bemanninga ved HRS utgjorde 52 årsverk per 31. desember 2019.

Løyvinga på posten omfattar utgifter i samband med det internasjonale satellittbaserte nødpeilesystemet COSPAS-SARSAT og utgifter til Justis- og beredskapsdepartementets nasjonale og internasjonale forplikting og engasjement innanfor redningstenesta.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner i samband med opprettinga av stillinga som direktør mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 400, post 01.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 113,5 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i konkrete redningstilfelle, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, sidan utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 29,7 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten dekker diverse investeringar til kjøp og vedlikehald av utstyr til Hovudredningssentralen.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 6,2 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten

Løyvinga på posten dekker tilskot til Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF) og til frivillige organisasjonar i redningstenesta som er representerte av paraplyorganisasjonen FORF. Løyvinga kan òg dekke tilskot til andre særs relevante frivillige organisasjonar innanfor redningstenesta. Midlane blir gitt til hovudorganisasjonar som er viktige for redningstenesta, og desse vil ha ansvaret for å fordele midlane til lokale lag og foreiningar i eigen organisasjon. Posten omfattar òg premie til forsikringsordning for frivillige i redningstenesta og midlar til varetaking av sekretariatsfunksjonen til Nasjonalt redningsfagleg råd. Sekretariatsfunksjonen blir vareteke av FORF.

Løyvinga omfattar òg tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta tilsvarande abonnementsordninga for alle brukarar av Nødnett.

Vidare dekker løyvinga på posten utgifter til dykkaropplæring av frivillige som deltek i redningsdykkarberedskap og må ha redningsdykkarsertifisering.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 58,6 mill. kroner.

Post 72 Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester

Løyvinga på posten skal blant anna dekke tilskot til Telenor for den samfunnspålagde tenesta dei utfører i samband med nød- og tryggingstenesta til kystradioen, for bidraget til å halde ved lag 24-timars tårnteneste ved Svalbard lufthamn, og til andre tilskot innanfor rednings- og beredskapsfeltet.

For å vareta Noregs ansvar for redningsberedskap i dei nordlege havområda på ein betre måte, vart det løyvd 6 mill. kroner til å etablere ein forbetra HF-dekning ved å opprette ein basestasjon på Svalbard og ein basestasjon på fastlandet i Nord-Noreg. Arbeidet med etableringa er i gang, og det er forventa at det vil vere ferdig i løpet av 2020.

Investeringskostnaden vart i 2020 dekka av Justis- og beredskapsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Regjeringa foreslår derfor at løyvinga på posten blir redusert med 5 mill. kroner ved at 4 mill. kroner blir overførde til dei øvrige departementa og 1 mill. kroner til kap. 400, post 01 til utvalsarbeidet med cruisetrafikk.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 121,1 mill. kroner.

Post 73 Tilskudd til Redningsselskapet

Tilskotet skal bidra til å halde oppe Redningsselskapets innsats i redningstenesta og i arbeidet med å førebygge ulykker. Det dekker ein del av driftsutgiftene selskapet har til søk- og redningsberedskap.

Redningsselskapet er ein landsdekkande og frivillig humanitær organisasjon. Det primære formålet er å redde liv og berge verdiar på sjøen. Organisasjonen er ein viktig beredskapsressurs og utfører søke-, rednings- og hjelpeteneste langs kysten av Noreg og i tilstøytande havområde. Redningsselskapet driv i tillegg arbeid med førebygging av ulykker og vern av kystmiljøet. Organisasjonen har i dag ein flåte på omlag 50 redningsskøyter. 29 er fast bemanna og har 24 timars beredskap heile året. Dei andre redningsskøytene er bemanna med om lag 1 300 frivillige. I tillegg har Redningsselskapet fire ambulansebåtar som dei opererer på vegner av helseføretak i Nordland.

Det blir foreslått å auke tilskotet til Redningsselskapet med 15 mill. kroner til drift av redningskøyte i Vardø.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 124,8 mill. kroner.

Kap. 3455 Redningstjenesten

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Refusjoner

6 841

Sum kap. 3455

6 841

Post 01 Refusjoner

Løyvinga dekker refusjonar gjennom ulike aktivitetar i redningstenesta. Det blir ikkje budsjettert med noko beløp.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.

Kap. 457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

396 684

370 306

343 768

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

20 000

Sum kap. 0457

396 684

370 306

363 768

NSM er eit direktorat som er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Forsvarsdepartementet har instruksjonsmyndigheit overfor NSM i saker på ansvarsområdet deira og direktoratet er såleis også underlagt Forsvarsdepartementet og ein del av forsvarssektoren.

NSM har det sektorovergripande ansvaret for at førebyggjande tryggleiksarbeid blir utført i samsvar med Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova). Dette inneber blant anna at NSM skal utvikle rettleiingar og opplæringstiltak. NSM har eit overordna ansvar for at tryggingstilstanden i alle sektorar blir kontrollert, og skal sjå til at verksemdene oppfyller pliktene dei har etter lova. NSM er vidare nasjonalt tryggingsorgan i kontakten med andre land og internasjonale organisasjonar. NSM er peika ut som ansvarleg styresmakt etter tryggingslova til å drive ein nasjonal responsfunksjon for alvorlege digitale åtak og eit nasjonalt varslingssystem for digital infrastruktur (VDI). NSM er i tillegg nasjonalt fagmiljø for digital tryggleik. Som nasjonalt fagmiljø skal NSM støtte Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet innanfor områda departementa har ansvar for. NSM skal identifisere og foreslå nasjonale tiltak og krav og i tillegg gi råd og rettleiing.

NSM skal blant anna leggje til rette for at verksemder som lova gjeld for, får tilgang til informasjon om trussel- og risikovurderingar og andre opplysningar som er viktige for det førebyggjande tryggleiksarbeidet i verksemdene. NSM skal bidra til å vidareutvikle samarbeidet med dei andre nasjonale etterretnings- og tryggingstenestene.

Nasjonalt cybertryggingssenter (NCSC) vart oppretta som del av NSM hausten 2019. Formålet er å styrke kapasiteten samfunnet har til motstand og beredskap i det digitale rommet. Senteret har ein rekkje partnerar frå offentlege og private verksemder som deltar aktivt i senteret. NSM er nøgd med verksemda og ser at det er behov for tenestene og funksjonane som senteret leverer. Det er etablert eit nært samarbeid med politiets nasjonale cyberkrimsenter (NC3). Slik vil ressursane samfunnet rår over på området, bli utnytta best mogleg.

Stortinget auka løyvinga til NSM i 2020 med 20 mill. kroner, og i hovudsak gjekk dette til å starte eit arbeid for å digitalisere saksbehandlinga av tryggingsklarering av personar. Arbeidet vil vere omfattande og involvere mange verksemder. Det er likevel venta effektar av arbeidet i løpet av perioden 2020–2021. Dei to største klareringsstyresmaktene, Forsvarets tryggingsavdeling og Sivil klareringsstyresmakt, er involvert i arbeidet.

Innføringa av den nye tryggingslova vil framleis vere ei prioritert oppgåve i 2021.

NSM følgjer virusutbrotet i Noreg og utlandet tett for å ha eit oppdatert bilete av tryggingstilstanden. NSM har kvar veke under virusutbrotet gitt risikovurderingar og fremma konkrete og detaljerte anbefalingar og råd innanfor blant anna digital tryggleik, personaltryggleik, tryggleiksgraderte innkjøp og kryptohandtering. Disse er formidla gjennom brev, varsel, publikasjonar på nettsider og i media, gjennom podkastar og gjennom rådgiving retta mot enkelte verksemder. Nasjonalt cybersikkerhetssenter har kontinuerleg følgt situasjonen knytta til digitale hendingar og teke vare på samarbeidet med mange aktørar.

Som følgje av virusutbrotet vart det våren 2020 behov for å utvide varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI) ved å kjøpe inn fleire VDI-sensorar til samfunnsviktige sektorar og verksemder, jf. Innst. 216 S (2019–2020) og Prop. 67 S (2019–2020). Det vart løyvd 5 mill. kroner til tiltaket, og sensorane vart skaffa i løpet av mai månad og deretter utplassert.

Ny langtidsplan for Forsvaret og Stortingets behandling av denne vil også ha betyding for den vidare utviklinga av NSM og kva område som skal prioriterast framover.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for NSM. Bemanninga ved NSM utgjorde 276 årsverk ved utgangen av 2019.

NSM har inngått avtale med Forsvarsdepartementet sin internrevisjon om leveranse av internrevisjonsfunksjon til NSM. Godtgjersle for funksjonen utgjer 1,2 mill. kroner i 2021. Som følgje av avtalen blir det foreslått å rammeoverføre 1,2 mill. kroner frå NSMs budsjettkapittel 457, post 01, til Forsvarsdepartementets budsjettkapittel 1700, post 01.

NSM har inngått avtale om å kjøpe tenester frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Ifølgje avtalen skal godtgjersle for tenestene bli rammeoverført. Løyvinga på NSMs kap. 457, post 01, blir redusert med 1,14 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i Finansdepartementets kap. 1605, post 01.

Ei løyving som blir vidareført i 2021, er løyvinga på 20 mill. kroner til digitalisering av klareringsprosessen og etablering av samhandlingstenester for behandling av ansvaret som departement og organ har etter tryggingslova. Det blir foreslått at denne løyvinga blir overført til den nyoppretta post 45 under kap. 457, sjå omtale under post 45.

Regjeringa foreslår å redusere utgiftene på posten med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3457, post 01, sjå omtale under kap. 3457, post 01.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 457, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3457, post 01, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 343,8 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten skal dekke utgiftene i prosjektet for digitalisering av klareringprosessen og andre oppgåver som følgjer av tryggingslova. Prosjektet er planlagt å gå over fleire år med årlege løyvingar. For å bidra til fleksibilitet i bruken av midlane vart det for 2020 etablert ein ny post 45 med den tilknytte teksten «kan overførast» under kap. 457, jf. Prop. 117 S (2019–2020). Det blir foreslått at posten blir vidareført frå og med 2021.

Det blir foreslått at løyvinga på 20 mill. kroner blir overført frå kap. 457, post 01, sjå omtale under post 01.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 20 mill. kroner.

Kap. 3457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Inntekter

99 791

33 815

29 723

Sum kap. 3457

99 791

33 815

29 723

Post 01 Inntekter

Inntektene til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) består i hovudsak av medlemsavgifter frå næringslivet til varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI), kurs- og konferanseavgifter og brukarbetaling ved tryggleiksgodkjenning av informasjonssystem.

Det er forventa reduserte inntekter i 2021 som følgje av virusutbrotet. Dette heng saman med usikkerheit knytta til restriksjonar på reiser og ansamlingar av folk. Regjeringa foreslår å redusere utgiftene på posten med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 457, post 01.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 457, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3457, post 01, jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 29,7 mill. kroner.

Programkategori 06.60 Andre virksomheter

Utgifter under programkategori 06.60 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–25

Driftsutgifter

1 614 407

1 539 989

1 676 110

8,8

Sum kategori 06.60

1 614 407

1 539 989

1 676 110

8,8

Utgifter under programkategori 06.60 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

460

Spesialenheten for politisaker

49 169

48 316

54 297

12,4

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m.

1 169 991

1 068 646

1 224 855

14,6

467

Norsk Lovtidend

4 979

4 404

4 492

2,0

468

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

17 867

20 230

17 500

-13,5

469

Vergemålsordningen

372 401

398 393

374 966

-5,9

Sum kategori 06.60

1 614 407

1 539 989

1 676 110

8,8

Innleiing

Programkategori 06.60 omfattar Spesialeininga for politisaker, særskilde straffesaksutgifter m.m. (medrekna blant anna utgifter til advokat, tolk og sakkunnig i straffesaker), den rettsmedisinske kommisjonen, Norsk Lovtidend, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker og verjemålsordninga.

Målet for programkategori 06.60 Andre verksemder er rettstryggleik.

Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar fleire ordningar til individ og grupper. Spesialeininga for politisaker skal sikre lik og rettferdig behandling av saker som gjeld spørsmålet om tilsette i politiet eller påtalemakta har gjort straffbare handlingar i tenesta. Eininga skal sikre rettstryggleik for den som melder, og for tilsette som blir melde. Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker skal ta stilling til om ein domfelt med rettskraftig straffedom skal få ny behandling av saka si i retten. Verjemålsordninga skal sikre at den enkelte som har behov for verje til å vareta interessene sine, får rettstryggleik og like rettar.

Prioriteringar i budsjettet

Regjeringa foreslår å styrke Spesialeininga for politisaker med 6 mill. kroner.

Kap. 460 Spesialenheten for politisaker

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

49 169

48 316

54 297

Sum kap. 0460

49 169

48 316

54 297

Spesialeininga for politisaker etterforskar, avgjer påtale i og fører for retten saker der tilsette i politiet eller påtalemakta er melde for å ha gjort ei straffbar handling i tenesta. Spesialeininga for politisaker set òg i verk etterforsking dersom nokon døyr eller blir alvorleg skadde som følgje av tenestutøvinga til politiet eller påtalemakta, sjølv om det ikkje er mistanke om ei straffbar handling. Ved å behandle alle tiltalar mot politiet med det same alvoret og like grundig som andre tiltalar bidrar Spesialeininga for politisaker til rettstryggleik.

Figur 2.13 Mottekne og påtaleavgjorde meldingar og gjennomsnittleg saksbehandlingstid, Spesialeininga for politisaker (2015–2019)

Figur 2.13 Mottekne og påtaleavgjorde meldingar og gjennomsnittleg saksbehandlingstid, Spesialeininga for politisaker (2015–2019)

Frå utgangen av 2016 til utgangen av 2019 var det ein auke på 23,5 prosent i talet på saker under behandling hos Spesialeninga for politisaker. Saksbehandlingstida har vore høg i fleire år. I 2019 var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for avgjorde saker 187 dagar, mot 190 dagar i 2018. Spesialeininga avgjorde påtale i 1 218 saker. I 57 (ca. 5 prosent) av dei 1 218 behandla meldingane vart det reagert med førelegg, påtaleunnlating eller tiltale. Dette gjaldt 42 personar og eitt føretak. I dei 15 åra Spesialeininga har vore verksam, er dette det høgaste talet personar som har fått førelegg eller påtaleunnlating, eller som har blitt tiltalte. Dei seinare åra har eininga hatt fleire saker under etterforsking som har kravd mykje ressursar. Éi sak har eininga ført for retten tre gonger, og denne saka har vore svært ressurskrevjande.

I revidert nasjonalbudsjett for 2020 vart det gitt ei ekstra løyving på 6 mill. kroner for at Spesialeininga for politisaker skal kunne halde oppe høg kvalitet og effektivitet i saksbehandlinga, og for at dei tilsette skal få nødvendig kompetanseutvikling. Eininga har i fleire år hatt ein krevjande ressurssituasjon som følgje av at eininga til kvar tid har alvorlege straffesaker til behandling. For at eininga skal etterforske desse sakene og samstundes kunne gjennomføre nødvendig utvikling av eininga, blir det foreslått å løyve 6 mill. kroner i 2021. Departementet vil vurdere behovet framover. Løyvinga skal leggje til rette for at Spesialeininga for politisaker kan halde oppe høg effektivitet og kvalitet, og samstundes vidareutvikle eininga.

Spesialeininga fekk ny leiar i august 2020.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke driftsutgifter til Spesialeininga for politisaker som lønn, godtgjersler til advokatar på verv, husleige og andre administrative utgifter. Spesialeininga for politisaker hadde 34 årsverk per 31. desember 2019.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 6 mill. kroner for å styrke Spesialeininga for politisaker

Det blir foreslått ei løyving på posten på 54,3 mill. kroner.

Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

1 169 991

1 068 646

1 224 855

Sum kap. 0466

1 169 991

1 068 646

1 224 855

Juridisk hjelp i straffesaker bidrar til god rettstryggleik for den enkelte ved å sikre at alle partar får den hjelpa dei treng, anten dei er sikta, tiltalte, fornærma eller pårørande. På denne måten kan ei rettssak gå rettferdig for seg.

Salær til offentleg oppnemnde forsvararar, bistandsadvokatar, sakkunnige og tolkar er regulert gjennom forskrift om salær fra det offentlige til advokater mv. (salærforskrifta) og forskrift om salær fra det offentlige til advokater m.fl. etter faste satser (stykkprissatser) ved fri rettshjelp og i straffesaker (stykkprisforskrifta). Det er ein langvarig trend at utgiftene staten har til advokathjelp er veksande. Det er foreslått å auke salærsatsen frå 1 060 til 1 085 kroner i timen i 2021.

Den rettsmedisinske kommisjonen

Hovudoppgåva til den rettsmedisinske kommisjonen (DRK) er å kvalitetssikre rettsmedisinske erklæringar og utsegner som sakkunnige gir i straffesaker, noko som er viktig for å sikre rettstryggleiken til den enkelte.

DRK får stadig tilsendt fleire erklæringar for kvalitetssikring. I 2019 tok kommisjonen for første gong imot meir enn 10 000 erklæringar. Restansane heldt seg på tilnærma same nivå som i 2018. 50 prosent av dei innkomne erklæringane er innanfor fagområdet rettspatologi og klinisk rettsmedisin. Dei andre fagområda er toksikologi, genetikk og psykiatri. Desse står for høvesvis 25, 17 og 9 prosent av saksinngangen, jf. figur under.

Figur 2.14 Innkomme og behandla erklæringar og restansar (2015–2019)

Figur 2.14 Innkomme og behandla erklæringar og restansar (2015–2019)

Det høge talet på erklæringar legg press på den tradisjonelle arbeidsforma til kommisjonen. I samband med oppnemninga av den nye kommisjonen i 2019 vart talet på medlemmer utvida frå 42 til 52. Ifølgje årsrapporten til DRK er det uro knytt til rekrutteringa til rettspatologi. Kommisjonen har i samband med dette delteke med to representantar i ei arbeidsgruppe nedsett av Helsedirektoratet som skal greie ut om utfordringane.

Salær- og stykkprisforskrift

Eit eksternt firma har på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet evaluert endringane i reglane om godtgjersle ved reisefråvær for advokatar, sakkunnige og tolkar. Rapporten er ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 276, 16. desember 2016 om å evaluere endringane i reglane om godtgjersle ved reisefråvær i løpet av tre år. Departementet fekk evalueringa våren 2020. Evalueringa har ikkje avdekt at endringa om godtgjersle ved reisefråvær har hatt andre konkrete konsekvensar for rettsstryggleiken, men konkluderer med at endringa har hatt negative effektar. Ho peikar særskilt på at tilgangen til domstolane har til sakkunnige, har blitt noko meir utfordrande. Barne- og familiedepartementet vil vurdere tilgangen til barnefaglige sakkunnige, blant anna i arbeidet med å vidareutvikle utdanningsprogram og registeret for barnefaglige sakkunnige. Evalueringa er til vurdering i Justis- og beredskapsdepartementet.

Godtgjersla til det arbeidet advokatar gjer med ankeskriving, vart auka frå 1. januar 2020 i samband med at òg ankar i dei mest alvorlege straffesakene vart tekne med i dagens silingsordning, jf. Prop. 53 L (2018–2019). Når det blir innført ankesiling i seksårssaker, må fleire saker bli grunngitte, slik at ankeskrivinga krev meir arbeid frå forsvararane enn tidlegare. Dette gir auka kostnader på posten. Samstundes gir lovendringa knytte til ankesiling innsparingar, slik at dei totale kostnadene på posten er uendra.

Domstoladministrasjonen samlar rekneskaps- og lønnsfunksjonane i domstolane. Første kontroll av salæroppgåver blir overført frå domstolane og til denne eininga. Den nye organiseringa inneber auka kompetanse, standardisering, likebehandling og meir effektiv behandling av salær. Det er venta at dette vil føre til auka kontroll av salær i domstolane. Departementet reknar med at den auka kontrollen vil medføre innsparingar for staten. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.20.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker i hovudsak utgifter til juridisk hjelp i straffesaker til personar som har rett til advokathjelp i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9 a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalte, som fornærma eller som pårørande til eller etterlatne etter fornærma i ei straffesak. Løyvinga dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjersle til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnde av retten eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.

Løyvinga dekker vidare tapt arbeidsforteneste til tolkar utan salærrett og sakkunnige i straffesaker, enkelte utgifter til den rettsmedisinske kommisjonen, som honorar og/eller godtgjersle og reise- og kursutgifter, og dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker. Løyvinga dekker òg utgiftene til Justis- og beredskapsdepartementet i samband med omsetjing av rettsoppmodingar, utleveringssaker, barnebortføringssaker etter Haag-konvensjonen av 1980 og Europakonvensjonen av 1980.

Dei totale utgiftene på posten er i hovudsak avhengige av mengda straffesaker og omfanget av dei, talet på oppnemnde forsvararar eller bistandsadvokatar, bruken av tolkar og sakkunnige og nivået på den offentlege salærsatsen.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 165,4 mill. kroner med utgangspunkt i rekneskapstal og forventa utvikling i straffesaksutgifter.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 32,3 mill. kroner som følgje av auka kontroll av salær i domstolane, sjå nærmare omtale under programkategori 06.20.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 224,9 mill. kroner

Kap. 467 Norsk Lovtidend

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

4 979

4 404

4 492

Sum kap. 0467

4 979

4 404

4 492

Norsk Lovtidend sørger for at lover og reglar er tilgjengelege for allmenta, og at regelverksendringar kan bli kunngjorde raskt, noko som er eit viktig prinsipp for rettstryggleiken. Norsk Lovtidend blir publisert av stiftinga Lovdata på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til tilarbeiding av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,5 mill. kroner.

Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

17 867

20 230

17 500

Sum kap. 0468

17 867

20 230

17 500

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker er eit uavhengig forvaltningsorgan som skal behandle krav om gjenopptaking av straffesaker som er rettskraftig avgjorde i domstolane. Kommisjonen skal rettleie, greie ut og avgjere sakene. Gjennom å opne for at domfelte kan få saka si prøvd på nytt i rettssystemet, bidrar Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker til at rettstryggleiken til individet er i fokus.

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker tok imot og avslutta færre saker i 2019 enn i 2018. Av dei realitetsvurderte sakene vart 9 prosent opna att, mot 21 prosent året før. I elleve av dei sakene som vart opna att i 2019, vart fem opna som følgje av strafferettsleg mangel på skuldevne (45 prosent). Ein stor del av sakene som vart opna att, handlar om manglande skuldevne i gjerningsaugneblinken, noko som er illustrerande for dei gjenopna sakene gjennom fleire år, jf. figuren under. I revidert nasjonalbudsjett 2020 fekk kommisjonen 1,8 mill. kroner til behandlinga av Nav-sakene. Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker har per 20. august 2020 motteke 24 Nav-saker frå Riksadvokaten og sju kravsmål direkte frå domfelte/advokat. Hittil er 18 saker gjenopna og ferdigbehandla i kommisjonen. I ei av sakene som er opna att, har Høgsterett vedteke at rettstilstanden både før og etter 1. juni 2012 skal leggjast fram for EFTA-domstolen for rådgivande fråsegn. Kommisjonen ventar med vidare arbeid med Nav-sakene inntil rettstilstanden er nærmare avklart.

I lys av NOU 2020: 9 Blindsonen — Gransking av feilpraktiseringen av folketrygdlovens oppholdskrav ved reiser i EØS-området kan talet på Nav-saker til behandling hos Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker auke. Departementet vil då komme tilbake til Stortinget om saken. Sjå omtale i del I.

Figur 2.15 Saksbehandling, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

Figur 2.15 Saksbehandling, Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til medlemmene av kommisjonen, lønn til tilsette i sekretariatet og andre driftsutgifter knytte til kommisjonen og sekretariatet. Sekretariatet hadde 10,3 årsverk per 31. desember 2019.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med

  • 2,8 mill. kroner som følgje av ferdigstilling av digitaliseringsprosjektet til kommisjonen

Det blir foreslått ei løyving på posten på 17,5 mill. kroner.

Kap. 469 Vergemålsordningen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

265 629

259 847

259 861

21

Spesielle driftsutgifter

106 772

138 546

115 105

Sum kap. 0469

372 401

398 393

374 966

Verjemålsforvaltninga sørger for rettstryggleiken til personar som treng hjelp til å vareta sine eigne interesser. Fyrstelinja i verjemålsforvaltninga er fylkesmannen. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er klage- og tilsynsorgan. Det var registert om lag 64 000 verjesaker per 20. august 2020, medan 260 personar var fråtekne rettsleg handleevne. Verjemåla var fordelte på om lag 43 600 verjer, og av desse var om lag 37 700 verje for berre éin person, i hovudsak nærståande. Nærståande får som hovudregel ikkje godtgjering. Ved avslutninga av 2019 forvalta fylkesmannen om lag 21,2 mrd. kroner på vegner av personar med verje.

Ordinære verjemål er eit frivillig velferdsgode, som byggjer på sjølvråderett. Dersom ein person motset seg det, kan Fylkesmannen ikkje opprette verjemål, uavhengig av om personen har samtykkekompetanse eller ikkje. I 2018 vart det avdekt at enkelte personar hadde ordinært verjemål mot si vilje. Som følgje av dette vart det i 2019 sett i verk ein omfattande gjennomgang som resulterte i at 255 verjemål vart oppheva. Til skilnåd frå frivillige verjemål kan fråtaking av rettsleg handleevne skje mot personens vilje. Ei slik avgjerd krev domstolsbehandling og strenge vilkår må vere oppfylte.

Det er viktig at kvart enkelt verjemål er tilpassa ønska og viljen til personen, og at verjemålet ikkje er meir omfattande enn nødvendig. Arbeidet med sjølvråderett og individtilpassa verjemål har derfor òg stått sentralt i 2019 og 2020. Delen verjemålssaker der saksbehandlaren har gjennomført samtale med personen det er aktuelt å opprette verjemål for, auka frå 41 prosent i 2018 til 48 prosent i 2019. Det er viktig å halde fram utviklingsarbeidet for å heve kvaliteten på verjemålsordninga ytterlegare.

Når verjemålet skal tilpassast behova til den enkelte, stiller det krav til prosessen ved oppstart av verjemålet. Det er sett i verk fleire tiltak for å styrke dette arbeidet. Det er òg foreslått endringar i verjemålsforskrifta for å leggje til rette for meir effektive arbeidsprosessar, administrative forenklingar og digitalisering. Departementet foreslår òg å gjere endringar i ordbruken i verjemålsforskrifta for å gjere det tydeleg at ordinært verjemål er frivillig.

Det er stadig aukande medvit knytt til menneskerettane, og då særleg FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) betyr for utforminga og praktiseringa av verjemålsordninga. Våren 2019 vart Noreg høyrd i FN-komiteen for CRPD i Genève i samband med at Noreg la fram sin første rapport for komiteen. Hausten 2019 fekk Noreg i tillegg FNs spesialrapportør for CRPD på tilsynsbesøk. CRPD-komiteen og spesialrapportøren kritiserer Noreg på fleire punkt, og fleire av tiltaka som er nemnde ovanfor er ledd i arbeidet med å svare på kritikken.

Det har over fleire år blitt arbeidd for å auke bruken av framtidsfullmakter. Framtidsfullmakter er eit privatrettsleg alternativ til verjemål, der ein peikar ut kven som skal vareta økonomien og personlege interesser, dersom ein sjølv blir ute av stand til det. Det er ønskjeleg at bruken av framtidsfullmakter aukar, både for å sikre at fleire tek kontroll over si eiga framtid, og for å redusere belastninga på verjemålsforvaltninga. I rapporten Kartlegging og utredning av ordningen med fremtidsfullmakter er det fleire forslag til tiltak for å auke bruken, som å lage rettleiarar og eksempel på fullmakter, synleggjere fleire område som kan regulerast i fullmakta og leggje til rette for digitalisering. SRF har allereie utarbeidd ein rettleiar for fylkesmannen og det vil bli lagt ut eksempel på fullmakter på nettsidene vergemal.no. Andre tiltak blir òg vurderte.

Verjemålsforvaltninga har mål om å levere betre og meir effektive tenester til brukarane gjennom auka bruk av digitalisering. Arbeidet med å sikre automatisert kontroll av forvaltninga som verja utøver, er i gang. Det er òg sett i verk eit eige prosjekt med fullmaktsregister der oppdatert informasjon om kven som er verje, og kva oppdraget omfattar, vil gjerast tilgjengeleg. Digitale verjefullmaktar inneber at verja kan utføre oppgåver for ein person med verje ved bruk av elektronisk ID. Elektroniske fullmakter kan effektivt bli avgrensa, utvida og oppheva, noko som vil gi auka rettstryggleik for personar med verje.

I 2019 lanserte SRF ein ny verjemålsportal for verjene. Portalen vil effektivisere arbeidet til verjene ved at dei kan levere søknader og rekneskap digitalt.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til fylkesmannsembeta og SRF, som lønn og andre administrative utgifter. I tillegg skal løyvinga dekke investeringar, nødvendig konsulenthjelp, utstyr og prosjektkostnader.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 259,9 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgiftsdekking til verjer, jf. verjemålslova § 30. Posten dekker òg godtgjersle og utgiftsdekking til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 26,3 mill. kroner, blant anna som følgje av at fylkesmennene dei siste åra har fasa ut bruken av timebetaling etter offentleg salærsats som ikkje krev juridisk kompetanse

Det blir foreslått ei løyving på posten på 115,1 mill. kroner.

Kap. 3469 Vergemålsordningen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Vergemåls-/representantordning, ODA-godkjente utgifter

4 183

4 295

4 411

Sum kap. 3469

4 183

4 295

4 411

Post 01 Vergemåls-/representantordningen, ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar kan etter OECD DACs statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp det første året asylsøkarar og flyktningar er i mottakarlandet. Tiltaka må følgje internasjonale retningslinjer for offisiell utviklingsbistand (ODA) om dei skal kunne reknast som bistand.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,4 mill. kroner.

Programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger, m.m

Utgifter under programkategori 06.70 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–25

Driftsutgifter

906 708

991 678

845 340

-14,8

60–69

Overføringer til kommuner

19 808

13 202

-100,0

70–89

Overføringer til private

509 310

642 552

590 266

-8,1

Sum kategori 06.70

1 435 826

1 647 432

1 435 606

-12,9

Utgifter under programkategori 06.70 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

470

Fri rettshjelp

630 524

677 293

668 312

-1,3

471

Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

170 189

203 076

205 894

1,4

473

Statens sivilrettsforvaltning

345 328

436 621

403 512

-7,6

474

Konfliktråd

171 987

174 618

-100,0

475

Bobehandling

117 798

155 824

157 888

1,3

Sum kategori 06.70

1 435 826

1 647 432

1 435 606

-12,9

Innleiing

Programkategori 06.70 omfattar utgifter knytte til fri rettshjelp, tilskotsordninga for spesielle rettshjelpstiltak, statens erstatningsansvar, erstatning i samband med strafforfølging, Stortingets rettferdsvederlagsordning, Statens sivilrettsforvaltning, valdsoffererstatningsordninga og garantiordninga for bubehandling.

Målet for programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, fri rettshjelp, erstatningsordningar m.m er rettstryggleik.

Felles for dei ulike ordningane i denne programkategorien er at dei tek vare på rettstryggleiken til den enkelte. Det blir blant anna gitt fri rettshjelp til dei med særskilte behov gjennom ordninga med fri rettshjelp. Tilskotsordninga til spesielle rettshjelpstiltak skal styrke rettstryggleiken til menneske med ulike behov. Dei som er utsette for valds- og seksuallovbrot, skal få erstatning gjennom valdsoffererstatningsordninga.

Kap. 470 Fri rettshjelp

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

575 315

619 338

608 502

72

Tilskudd til spesielle rettshjelptiltak

55 209

57 955

59 810

Sum kap. 0470

630 524

677 293

668 312

Rettshjelpslova med forskrifter gir reglar om offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp. Etter lova kan stønaden bli gitt i form av fritt rettsråd, fri sakførsel eller fritak for rettsgebyr. Fritt rettsråd og fri sakførsel inneber at den som har behov for rettshjelp, får hjelp frå ein advokat eller frå andre rettshjelparar. Tenesta blir heilt eller delvis betalt av det offentlege på grunnlag av den offentlege salærsatsen. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er klageinstans for vedtak gjorde av fylkesmennene, av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og av kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. SRF etatsstyrer fylkesmennene på rettshjelpsområdet, og skal bidra til styrkt kompetanse blant fylkesmannsembeta og sikre einsarta praksis.

For nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt eller formue. Det offentlege dekker alle kostnadene i desse sakene. For andre typar saker er det berre søkarar med inntekt og formue opp til eit visst nivå som kan få stønad til rettshjelp. I tilfelle med økonomisk behovsprøving skal det normalt betalast eigendel for rettshjelpa. Inntektsgrensene er 246 000 kroner for einslege og 369 000 kroner for ektefellar og andre som lever saman og har felles økonomi. Formuesgrensa er 100 000 kroner. Dersom ein søkar oppfyller vilkåra knytte til inntekt og formue, og saka objektivt sett gjeld vedkommande i særleg sterk grad, kan det i nokre tilfelle bli gitt fri rettshjelp òg om saka ikkje høyrer inn under sakene som er nemnde over. Unntaksvis kan det bli gitt fri rettshjelp til ei sak som ikkje er oppført i lova, utan at søkaren oppfyller vilkåra knytte til inntekt og formue.

Justis- og beredskapsdepartementet har med heimel i rettshjelpslova § 7 tredje ledd etablert eit særleg rettshjelpstiltak utan økonomisk behovsprøving for personar som er omfatta av den feilaktige praktiseringa av trygderegelverket til Nav. SRF vil dermed få auka sakstilfang på rettshjelpsområdet i 2021. Ordninga omfattar personar som feilaktig har fått vedtak om stans i, avslag på og/eller tilbakebetaling av sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar fordi dei etter juni 2012 har opphalde seg mellombels i eit anna EØS-land. Ordninga gjeld saker der det nye vedtaket ikkje endar med full omgjering til gunst for den det gjeld.

Utgiftene over kap. 470, post 01 var i 2019 reduserte med 5 prosent frå året før.

Figur 2.16 Utgifter til fri rettshjelp (2015–2019)

Figur 2.16 Utgifter til fri rettshjelp (2015–2019)

Regjeringa sette i oktober 2018 ned eit offentleg utval som skulle gjennomgå rettshjelpsordninga, jf. oppmodingsvedtak nr. 98, 4. desember 2018.

Utvalet la fram utgreiinga si 30. april 2020. Utvalet foreslår ei ny lov om støtte til rettshjelp i staden for dagens ordning med fri rettshjelp. Dette inneber at fleire personar vil bli omfatta av ordninga, men med betydeleg bruk av eigendelar tilpassa betalingsevna til mottakaren. Dei økonomiske vilkåra for å få støtte til rettshjelp skal bli knytte opp mot grunnbeløpet i folketrygda (G). Utvalet foreslår reglar som skal bidra til at saker blir løyste på eit tidleg stadium ved å auke rammene for den rettshjelpa ein kan ta imot utanfor domstolane, og stramme inn tidsbruken i domstolane. Utvalet foreslår vidare at reglane om rettsleg bistand i saker der alle har krav på det, utan behovsprøving, blir tekne ut av rettshjelpslova og blir overført til den respektive særlovgivinga. I tillegg foreslår utvalet reglar som skal gjere behandlinga av barnevernsaker i fylkesnemndene og domstolane meir effektiv. Utvalet foreslår òg å opprette ei samla rettshjelpsforvaltning som varetek dei fleste oppgåvene som er knytte til rettshjelpsordninga.

Utgreiinga vart sendt på høyring med høyringsfrist 23. november 2020. Utgreiinga er til oppfølging i departementet.

Justis- og beredskapsdepartementet gir tilskot til spesielle rettshjelpstiltak. Ordninga blir forvalta av SRF og er ein viktig del av det totale tilbodet innanfor rettshjelp. Tilskotsmottakarane skal rapportere om oppnådde mål, erfaringar med tiltaka og bruken av ressursane.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat, sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel etter reglane i rettshjelpslova. Fri sakførsel blir gitt i saker for domstolane og for særskilde forvaltningsorgan som fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, kontrollkommisjonen (for psykisk helsevern), smittevernnemnda m.m. I tillegg dekker løyvinga utgifter til advokat og rettshjelp i saker der det heilt eller delvis er løyvd fritt rettsråd etter reglane i rettshjelpslova. Fritt rettsråd er juridisk rådgiving i saker som ikkje er til behandling i domstolane eller eit anna organ der det kan bli gitt fri sakførsel.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med

  • 8,2 mill. kroner i samband med auka kontroll av salær i domstolane, jf. omtale under programkategori 06.20

  • 14,3 mill. kroner på bakgrunn av rekneskapstal for dei siste åra og forventa utvikling i utgifter til fri rettshjelp

Det blir foreslått ei løyving på posten på 608,5 mill. kroner.

Post 72 Tilskudd til spesielle rettshjelpstiltak

Løyvinga på posten dekker primært tilskot for å sikre rettstryggleiksarbeid, rettshjelpsverksemd og rettspolitisk arbeid. Formålet med tilskotsordninga er å gi kostnadseffektive rettshjelpstilbod til utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte det som at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg. Heile posten blir fordelt av Statens sivilrettsforvaltning etter søknad frå dei ulike tilskottsmottakkarane.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 59,8 mill. kroner.

Kap. 3470 Fri rettshjelp

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Tilkjente saksomkostninger m.m.

2 417

4 192

4 326

02

Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter

5 118

5 255

5 396

Sum kap. 3470

7 535

9 447

9 722

Post 01 Tilkjente sakskostnader m.m.

Sakskostnader som blir tilkjende staten i saker der éin eller begge partar får fri sakførsel (benefiserte saker), blir førte over denne posten.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,3 mill. kroner.

Post 02 Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter

Utgifter til fri rettshjelp til asylsøkarar som har fått avslag på søknad om vern, kan godkjennast som utviklingshjelp (ODA). Dette er i tråd med OECD/DACs presiseringar til ODA-regelverket. Sjå utdjupande omtale under kap. 3490 og i Utanriksdepartementets Prop. 1 S (2020–2021).

Det blir foreslått ei løyving på posten på 5,4 mill. kroner.

Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

71

Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning

101 351

113 141

116 762

72

Erstatning i anledning av straffeforfølging, overslagsbevilgning

47 113

63 399

65 428

73

Stortingets rettferdsvederlagsordning

21 725

26 536

23 704

Sum kap. 0471

170 189

203 076

205 894

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning

Kap. 471, post 71 blir belasta når staten blir dømd til, eller har inngått forlik om, å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovfesta eller lovfesta erstatningsrettslege reglar. Posten blir òg belasta når staten betaler ut erstatning utan at det har oppstått usemje om erstatningsansvaret i desse sakene. Posten blir vidare brukt til å dekke sakskostnadene til ein motpart og til å dekke forseinkingsrenter som er tilkomne fram til éin månad etter at ein dom vart rettskraftig. Utbetaling av erstatning i kontraktsforhold kan ikkje bli belasta posten. Finst det andre budsjettpostar som dekker dei aktuelle utgiftene, skal ikkje erstatningsutbetalingane bli belasta kap. 471, post 71. Sjå elles rundskriv G-01/2017. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 116,8 mill. kroner.

Post 72 Erstatning i samband med strafforfølging, overslagsbevilgning

Ein person som har vore sikta, tiltalt eller dømd for ei straffbar handling, kan ha rett til erstatning for økonomisk tap og oppreising dersom vedkommande blir frifunnen, forfølginga mot vedkommande blir innstilt eller vedkommande har vore arrestert eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Erstatninga følgjer faste satsar for krenking eller annan skade av ikkje-økonomisk art. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) behandlar og avgjer krav om erstatning etter strafforfølging.

Dei fem siste åra har saksinngangen halde seg nokså stabil på mellom 850 og 1 000 saker i året. I 2019 var saksinngangen på 947 saker. I perioden har saksbehandlingstida auka hos politiet frå fire til fem månader og hos SRF frå to til tre månader.

Utgiftene knytte til erstatning i samband med strafforfølging varierer frå år til år. Utbetalingane er først og fremst avhengige av kva type saker som er til behandling. Mengda saker som blir behandla, har mindre å seie for det totale utbetalingsnivået.

Løyvinga på kap. 471, post 72 blir belasta ved dekking av erstatning i samband med strafforfølging etter straffeprosesslova kapittel 31 og ved dekking av sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438. SRF avgjer krav om erstatning i samband med strafforfølging og betaler ut erstatning, jf. straffeprosesslova kapittel 32. Når staten blir dømd til å betale sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438, blir utbetalinga belasta post 72. Det er politidistriktet eller påtalemakta som utøver partsstillinga på vegner av staten, som betaler ut, ikkje domstolen. Forseinkingsrenter av sakskostnadene som er tilkomne fram til éin månad etter at ein dom vart rettskraftig, kan bli belasta kap. 471, post 72. Forseinkingsrenter som er komne til etter dette tidspunktet, skal bli belasta driftsbudsjettet til verksemda. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 65,4 mill. kroner.

Post 73 Stortingets rettferdsvederlagsordning

Posten dekker utbetalingar av rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsordninga er Stortingets eiga ordning der enkeltpersonar som har komme særleg uheldig ut i møte med det offentlege jamført med andre på same tid, kan søke om kompensasjon etter skjønn. SRF er sekretariat for Stortingets utval for rettferdsvederlag.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med

  • 3,6 mill. kroner på bakgrunn av rekneskapstal for dei siste åra og forventa utvikling i utbetaling av rettferdsvederlag

Det blir foreslått ei løyving på posten på 23,7 mill. kroner.

Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

75 558

77 021

78 950

70

Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning

269 770

359 600

324 562

Sum kap. 0473

345 328

436 621

403 512

Statens sivilrettsforvaltning (SRF) har kompetanse til å fatte vedtak innanfor blant anna verjemålsområdet, fri rettshjelp, erstatning i samband med strafforfølging og saker etter valdsoffererstatningslova. SRF etatsstyrer fylkesmennene på områda verjemål og rettshjelp. SRF har i tillegg som oppgåve å etatsstyre Kontoret for valdsoffererstatning. SRF utøver også sekretariatsfunksjon for erstatningsnemnda for valdsoffer, den rettsmedisinske kommisjonen, barnesakkunnig kommisjon, barnevernets tvisteløysingsnemnd, konkursrådet og kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll.

Valdsoffererstatning – Kontoret for valdsoffererstatning

Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) behandlar søknader om valdsoffererstatning frå personar som er påførte personskade som følgje av ei straffbar valdshandling. KFV behandlar òg saker om regress mot skadevaldaren. Erstatningsnemnda for valdsoffer (ENV) behandlar klagar på vedtak om valdsoffererstatning som er gjorde i første instans. SRF er sekretariat for ENV, og har delegert fullmakt til å gjere vedtak i nokre klagesaker.

Talet på nye søknader har halde seg tilnærma likt frå 2018 til 2019. Kontoret vart styrkt i 2019 for å kunne handtere den auka behaldninga av ubehandla saker. I 2019 behandla KFV om lag 28 prosent fleire søknader om valdsoffererstatning samanlikna med året før. Framleis har KFV høg inngang av nye søknader, slik at behaldninga av ubehandla saker er betydeleg. Saksbehandlingstida ved kontoret auka i 2019 (jf. figuren under), og kontoret arbeider for å redusere saksbehaldningstida.

Figur 2.17 Nye søknader, saksbehandlingstid og behaldning av ubehandla saker (restanse) (2015–2019)

Figur 2.17 Nye søknader, saksbehandlingstid og behaldning av ubehandla saker (restanse) (2015–2019)

Det vart utbetalt om lag 270 mill. kroner i valdsoffererstatning i 2019, jf. figur 2.18. Det er ein reduksjon på 3 prosent frå året før, noko som kjem av at andelen innvilga saker var lågare i 2019. Det igjen kjem av at KFV i 2019 behandla saker frå heile behaldninga av ubehandla saker, under dette fleire saker påtaleeininga hadde lagt bort, medan dei i 2018 prioriterte saker der det var dom om erstatning mot skadevaldar.

KFV har i 2019 prioritert å følgje opp statens regresskrav. Kontoret behandla i 2019 meir enn 3 000 vedtak om regress frå skadevaldar, mot om lag 1 500 vedtak om regress i 2018. I 2019 vart det betalt inn om lag 102 mill. kroner (regress) frå skadevaldar. Det er ein auke på 48 prosent samanlikna med 2018. KFV har prioritert å byggje ned restansar, samstundes som talet på behandla erstatningssaker har auka.

Figur 2.18 Erstatningsutbetaling, vedtak om regress og innbetalingar (2015–2019)

Figur 2.18 Erstatningsutbetaling, vedtak om regress og innbetalingar (2015–2019)

I 2019 kom det inn 1 187 klagesaker til KFV. Det er ein auke på 51 prosent frå året før, noko som må sest i samanheng med at det vart produsert fleire vedtak hos KFV i 2019. SRF tok imot 809 klagesaker, ein auke på 17 prosent frå 2018. I 2019 behandla SRF og ENV 770 av dei mottekne klagesakene. SRF gjorde vedtak i 75 prosent av klagesakene. Saksbehandlingstida på klagesaker i både SRF og ENV auka, frå høvesvis tre til fire månader og fem til seks månader i 2019. Talet på saker som fekk medhald i andre instans, vart ytterlegare redusert samanlikna med 2018, frå ti prosent til ni prosent. Dette tyder på at vurderingane som vart gjorde i førsteinstans, i større grad samsvarte med dei vurderingane som vart gjorde i andre instans.

NOU 2016: 9 Rettferdig og forutsigbar – voldsskadeerstatning har lege til oppfølging i departementet. Departementet vurderte forslaget frå utvalet til ikkje å innehalde dei nødvendige forenklingane og har derfor greidd ut andre og meir omfattande forslag til lovendringar. Forslag til ei ny lov om erstatning frå staten til dei som har blitt utsette for vald vart sendt på høyring 4. september. Høyringsfristen er 4. desember 2020. Forslaget til ny lov inneber ei meir effektiv ordning, der dei som er tilkjende erstatning frå skadevaldar for valds- eller seksuallovbrot, skal få tilbod om å få erstatninga utbetalt frå staten direkte og utan eigen søknad. Lova er òg forenkla slik at valdsutsette lettare kan vite kva for rettar dei har dersom dei blir utsette for vald eller seksuelle overgrep. Skadevaldar skal holdast ansvarleg ved at staten raskt krev regress. Departementet tek sikte på å leggje fram proposisjon med forslag til ny lov for Stortinget i 2021, jf. omtale av oppmodingsvedtak 10. april 2018 nr. 589 og 590, og vedtak 5. desember 2019 nr. 124.

Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll

Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll (KK-utvalet) er eit uavhengig organ som skal kontrollere at bruken av kommunikasjonskontroll i politiet, romavlytting og dataavlesing skjer innanfor ramma av lover og instruksar. Utvalet skal òg kontrollere sletting og bruk av overskotsinformasjon, og vurdere meldingar og rapportar som politimeistrane sender til Riksadvokaten. SRF er sekretariat for utvalet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker ordinære driftsutgifter til SRF. Dette omfattar godtgjersle og reise- og kursutgifter til medlemmer av Stortingets utval for rettferdsvederlag, ENV og KK-utvalet. Løyvinga dekker i tillegg dei ordinære driftsutgiftene til KFV, driftsutgiftene til den rettsmedisinske kommisjonen (DRK), medrekna sekretariatet til kommisjonen, driftsutgiftene til sekretariatet til KK-utvalet og driftsutgiftene til sekretariatet for konkursrådet og andre utgifter knytte til konkursrådet, medrekna godtgjersle og reiseutgifter til medlemmene av rådet. Bemanninga i SRF utgjorde 62 årsverk og KFV hadde 31 årsverk per 31. desember 2019.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 473, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3473, post 01, jf. forslag til vedtak.

Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 kan nettoføre som utgiftsreduksjon på kap. 473, post 01, inntektene frå å halde kurs og konferansar i regi av konkursrådet og dessutan inntekter frå anna verksemd som rådet driv, jf. forslag til vedtak.

Det blir foreslått å auke løyvinga med

  • 1,9 mill. kroner til saksbehandling som følgje av feil tolking av trygderegelverket

Det blir foreslått ei løyving på posten på 79 mill. kroner.

Post 70 Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning

Løyvinga på posten dekker erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med

  • 44,8 mill. kroner basert på forventa utvikling i utgifter til valdsoffererstatning

Det blir foreslått ei løyving på posten på 324,6 mill. kroner.

Kap. 3473 Statens sivilrettsforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

593

5

5

Sum kap. 3473

593

5

5

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgifter som den rettsmedisinske kommisjonen har i samband med kurs, og eventuelle andre inntekter.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 5 000 kroner.

Kap. 475 Bobehandling

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

113 730

147 999

149 853

21

Spesielle driftsutgifter, kan overføres

4 068

7 825

8 035

Sum kap. 0475

117 798

155 824

157 888

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker statens ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle der buet eller den som ber om konkurs (rekvirenten), ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73. Det blir foreslått ei løyving på posten på 149,9 mill. kroner. Dette er ei overslagsløyving.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til Justis- og beredskapsdepartementets særskilde garantiordning.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet under garantiordninga får fullmakt til å pådra staten forpliktingar med inntil 10 mill. kroner utover løyvinga som er gitt over kap. 475, post 21, slik at den totale ramma for nye tilsegner og gamalt ansvar ikkje overstig 33 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.

Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å nettoføre som utgiftsreduksjon over kap. 475, post 21, inntekter under garantiordninga som er betalte tilbake, jf. forslag til vedtak. Slik tilbakebetaling skjer når buet får inn pengar etter at tingretten har betalt ut garantibeløp til bustyraren.

Det blir foreslått ei løyving på posten på 8 mill. kroner.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m.

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–25

Driftsutgifter

56 108

50–59

Overføringer til andre statsregnskaper

305 834

385 808

377 978

-2,0

Sum kategori 06.80

305 834

385 808

434 086

12,5

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

480

Svalbardbudsjettet

305 834

385 808

377 978

-2,0

481

Samfunnet Jan Mayen

56 108

Sum kategori 06.80

305 834

385 808

434 086

12,5

Innleiing

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m. omfattar tilskotet til Svalbardbudsjettet (kap. 480) og løyvinga til Samfunnet Jan Mayen (kap. 481).

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for koordineringa av norsk politikk i polarområda, inkludert Svalbard og Jan Mayen.

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet, Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekking av underskotet på svalbardbudsjettet. For 2021 er det foreslått 570,2 mill. kroner i utgifter og 192,2 mill. kroner i inntekter på svalbardbudsjettet. Differansen på 378,0 mill. kroner dannar grunnlaget for tilskotet på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480 post 50. Løyvinga er foreslått redusert med 7,8 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2020, mellom anna som følgje av at anslaget for forventa skatteinntekter er auka.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette inneber blant anna verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og verksemder underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvinga over svalbardbudsjettet.

Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål som ikkje er finansierte over kap. 480, post 50. Desse utgiftene blir dekte på statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2021 er omtalte nærmare i Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet.

Frå 1. januar 2021 blir forvaltningssansvaret for Jan Mayen overført frå Samferdselsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet. I samband med overføringa blir løyvingane og kapitla 1361 Samfunnet Jan Mayen og 4361 Samfunnet Jan Mayen overførte til Justis- og beredskapsdepartementet. Kapitla blir plassert på kap. 481 Samfunnet Jan Mayen og kap. 3481 Samfunnet Jan Mayen. Sjå òg Prop. 1 S (2020–2021) for Samferdselsdepartementet for nærmare omtale.

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Tilskudd

305 834

385 808

377 978

Sum kap. 0480

305 834

385 808

377 978

Måla for svalbardpolitikken

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard blir lagde fram med nokre års mellomrom. Regjeringa la 11. mai 2016 fram Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Regjeringa stadfesta i denne meldinga at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • halde oppe norske samfunn på øygruppa

Behandlinga i Stortinget, jf. Innst. 88 S (2016–2017), viste igjen ei brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Regjeringa legg vekt på at forvaltninga av øygruppa er føreseieleg og ber preg av kontinuitet. Å halde fram med ei langsiktig forvaltning av Svalbard, i tråd med måla, vil både medverke til tryggleik for folk i Longyearbyen og medverke til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

Måla for svalbardpolitikken, saman med den auka aktiviteten på og rundt øygruppa og det at fleire aktørar er til stades, gjer det nødvendig med sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla. Polarområda er viktige politisk, noko som gjer det nødvendig å sjå verksemda til dei enkelte fagetatane i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk.

Utover måla som er fastsette i stortingsmeldinga, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse omhandlar mellom anna å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å oppretthalde eksisterande norske samfunn i desse områda.

Befolkning i Longyearbyen

Regjeringa har foreslått fleire tiltak for å bidra til at seriøse verksemder har gode rammetilhøve for å kunne klare seg gjennom perioden med mindre økonomisk aktivitet. For å byggje opp under målet om å halde oppe norske samfunn er det avgjerande at reiseliv og anna næringsliv på Svalbard kan halde fram gjennom perioden med redusert aktivitet.

Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani medfører ei stor omstilling for Longyearbyen. Samstundes har ikkje nedbemanninga hatt særleg innverknad på talet på sysselsette og talet på innbyggjarar i Longyearbyen, då andre næringar har vore i vekst. Samansetninga av befolkninga er derimot i endring på fleire måtar, mellom anna med ein større del utlendingar enn tidlegare år. Tal frå SSB syner at befolkningsauken i Longyearbyen og Ny-Ålesund til saman var 170 personar i 2019. 116 var nordmenn, mens 54 var utlendingar.1 Det er samstundes venta at virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka i 2020 vil ha ein effekt på både sysselsetjinga og på innbyggjartalet i Longyearbyen, både på kort og lengre sikt.

Longyearbyen er og skal vere eit levedyktig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig med ein god balanse mellom talet på norske og talet på utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Det er derfor grunn til å følgje med på utviklinga i Longyearbyen. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at folkemengda på Svalbard auka med 8 pst. i 2019, den største folkeveksten dei siste ti åra.

Tabell 2.11 Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2 115

2 158

2 100

2 185

2 152

2 145

2 214

2 258

2 428

Kjelde: SSB

Tal frå SSB viser at folketalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund i første halvår 2020 var 2 428 personar. 861 personar var utanlandske statsborgarar, noko som utgjer 35,5 pst. av befolkninga.

Regjeringa vil halde fram arbeidet for å sikre at Longyearbyen skal vere attraktiv for norske familiar. Det er nødvendig å leggje til rette for at folk er og kjenner seg trygge, og at bustadene held ein tilfredsstillande standard. Rammene for god samfunnsutvikling i Longyearbyen vart i si tid utvikla for å passe til eit gruvesamfunn. Både regelverk og rammer må tilpassast utfordringar i framtida.

Energiforsyning

Forsyningstryggleik for energi er grunnleggjande for alle samfunnsfunksjonar. Kolkraftverket i Longyearbyen forsyner innbyggarane med kraft og fjernvarme. Longyearbyen er ikkje knytt saman med eit større energisystem, og tilgang på energi er òg avgjerande for annan grunnleggjande infrastruktur i samfunnet. Forsyningstryggleik for elektrisitet er derfor spesielt viktig.

Forsyningstryggleiken for elektrisitet i Longyearbyen er ikkje god nok, og det er nødvendig med større kapasitet for reservekraft. Regjeringa har foreslått å løyve halvparten av kostnadene for å finansiere bygginga av eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen, jf. Prop 1 S (2018–2019) og Prop. 1 S (2019–2020). Stortinget slutta seg til forslaga, jf. Innst. 17 S (2018–2019) og Innst. 17 S (2019–2020). Reservekraftverket er venta å vere ferdig ved årsskiftet 2020–2021. Ein risiko- og sårbarheitsanalyse av kolkraftverket frå Longyearbyen lokalstyre som har vært fagleg vurdert av NVE viser at forsyningstryggleiken for kraft i Longyearbyen vil vere tilfredsstillande når det nye reservekraftverket er i drift.

Gruve 7 sørgjer for kolforsyninga til kraftverket som generer elektrisk kraft og fjernvarme til Longyearbyen, jf. Prop. 1 S (2019–2020).

I juli 2020 vart det oppdaga ei større vassinnstrøyming i indre del av Gruve 7 som ga strømutfall og tilhørande pumpestopp. Gruve 7 var på dette tidspunktet i planlagt produksjonstans som var venta å opphøyra medio august 2020. Som følgje av vassinnstrøyminga i gruva blei produksjonsstansen utvida og ein planlegg å starte opp produksjon i løpet av oktober 2020.

Med dagens kolprisar og eit rimeleg anslag på framtidige kolprisar ventar ein årlige underskot frå drift av Gruve 7 framover. Nærings- og fiskeridepartementet fremmar forslag om å løyve 40 mill. kroner i tilskot på kap. 950 post 71 for å møte likviditetsbehovet i Gruve 7. Storleiken på dei årlige underskota vil i stor grad avhenge av utviklinga i kolpris, samt kor lengje gruva skal halde fram.

Tiltak

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad Stortinget regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Utgreiinga vart lagd fram i juli 2018. Gjennom 2019 og 2020 har Olje- og energidepartementet og NVE arbeidde med å kvalitetssikre utgreiinga og innspela som har kome.

Olje- og energidepartementet gjer no grundigare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknader for nokre få alternative energiløysingar, og kombinasjonar av løysingar. Det er viktig at ein finn ei god felles løysing for energiforsyninga slik at energikostnadene ikkje blir høgare en nødvendig. Kunnskap om dei lokale forholda på Svalbard er viktig. Longyearbyen lokalstyre er involvert i arbeidet.

I 2019 og 2020 vart det løyvt til saman 27,8 mill. kroner over svalbardbudsjettet som statleg tilskot til Longyearbyen lokalstyre for å dekke om lag halvparten av utgiftene til eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen. Det nye reservekraftverket vil medverke til at det blir nok reservekraft i Longyearbyen. Det er venta at reservekraftverket vil vere ferdigstilt ved årsskiftet 2020/2021.

Beredskap og skredsikring

Det har vore ein nedgang i talet på seglingar med fiskefartøy i farvatna ved Svalbard i 2019 samanlikna med åra før. Tendensen er samstundes at den maritime aktiviteten i farvatna rundt Svalbard aukar.

Figur 2.19 Fiske- og fangstfartøy i fiskevernsona ved Svalbard, seglingar i året.

Figur 2.19 Fiske- og fangstfartøy i fiskevernsona ved Svalbard, seglingar i året.

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

Tenestefartøyet til Sysselmannen, M/S «Polarsyssel», er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng blant anna ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, m.m. M/S «Polarsyssel» har helikopterdekk som er tilpassa Sysselmannens helikopter. Det er særs viktig at helikopter og fartøy kan samverke på ein god måte.

I 2019 vart sesongen M/S «Polarsyssel» seglar, utvida frå ni til ti månader i samband med Prop. 114 S (2018–2019) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2019. Frå 2020 disponerer Sysselmannen «Polarsyssel» heile året, jf. Innst. 17 S (2019–2020). Utvida seglingssesong inneber ei styrking av beredskapen hos Sysselmannen. M/S «Polarsyssel» er òg viktig for evna og moglegheita Sysselmannen har til å drive oppsyn og utøve myndigheit.

Arbeidet med skredsikring i Longyearbyen har komme langt, men nokre tiltak står att. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har frå 2016 gjennomført regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. I tillegg vart det etablert lokal varsling for Longyearbyen. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar.

Skredsikring i Lia

Sikringstiltak i området Lia under fjellet Sukkertoppen består av støtteforbygningar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. NVE ferdigstilte første del av sikringstiltak under Sukkertoppen i 2018 til ein kostnad på 32,5 mill. kroner. Nye skredvurderingar frå 2018 viser at skredfaren er vesentleg, og at fleire bustader under Sukkertoppen ikkje lar seg sikre med fysiske tiltak som vollar, skjermar eller liknande.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet å løyve 61,2 mill. kroner til ytterlegare skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Arbeidet med skredsikring inneber mellom anna prosjektering og grunnundersøkingar.

Dei nye klimaframskrivingane fører med seg utfordringar innanfor geoteknikk, fundamentering og bygging av fysiske tiltak i område med permafrost. Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke svalbardbudsjettet med 10 mill. kroner for å framskunde arbeidet med skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen. Regjeringa foreslo vidare ein bestillingsfullmakt på inntil 60 mill. kroner i 2021 på kap. 0007 post 30 Skred og bustadtiltak på svalbardbudsjettet med same formål. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Olje- og energidepartementet nyttar midlane. NVE har rekna samla kostnad for skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen til 140 mill. kroner. Det ligg an til at arbeidet vil bli ferdig i 2022.

Tiltak

Regjeringa foreslår å løyve 61,1 mill. kroner til skredtiltak i Longyearbyen i 2021 på kap. 0007 post 30. Olje- og energidepartementet vil kunne bruke løyvinga gjennom ei fullmakt til å belaste. Løyvinga skal nyttast til skredsikringstiltak under fjellet Sukkertoppen.

Fram til skredsikringstiltak og nye bustader er på plass, er dei viktigaste tiltaka varsling og evakuering. Den lokale varslinga blir vidareført vinteren 2020/2021. Longyearbyen lokalstyre skal etter planen overta denne varslinga når sikringstiltaka er ferdige.

Post 50 Tilskot

Løyvinga skal nyttast til å dekke underskotet på svalbardbudsjettet, for å sikre at inntektene på svalbardbudsjettet er like store som utgiftene. Bortsett frå tilskotet er skattar og avgiftar på Svalbard den største inntektsposten.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 378,0 mill. kroner.

Kap. 481 Samfunnet Jan Mayen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

56 108

Sum kap. 0481

56 108

Justis- og beredskapsdepartmentet koordinerer frå 1. januar 2021 drifta av, og har budsjettansvaret for Samfunnet Jan Mayen. Budsjettposten Samfunnet Jan Mayen låg tidlegare hos Samferdselsdepartementet. Den daglege drifta vert utført av Forsvaret.

Norsk nærvær på Jan Mayen blir halde oppe. Plasseringa gjer øya godt egna for referansestasjonar for satellittbaserte navigasjonssystem. Bygningsmassen på øya er av eldre dato, og arbeidet med prosjektering av nytt hovudbygg blei avslutta i 2019. Forsvarsdepartementet er ansvarleg for prosjektet med nytt hovudbygg.

I 2021 vil aktiviteten på Jan Mayen vere knytt til normal drift.

Post 01 Driftsutgifter

Samfunnet Jan Mayen omfattar all felles infrastruktur på øya og personellet som driv denne. Samfunnet yter i dag tenester til Meteorologisk institutt, bakkestasjonane for EGNOS og Galileo, Telenor Maritim Radio og seismiske stasjonar. Samferdselsdepartementet har hatt avtaler med dei institusjonane som har ansvaret for desse tenestene. Avtalene omfattar mellom anna arbeidsoppgåver som skal utføres av personellet på øya og inndekning av fellesutgifter. Løyvinga skal dekke utgiftene til drifta av fellesfunksjonane på Jan Mayen. Sjå elles Prop. 1 S (2020–2021) Samferdselsdepartementet for utfyllande informasjon.

Regjeringa foreslår ei løyving på 56,1 mill. kroner på posten.

Kap. 3481 Samfunnet Jan Mayen

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Refusjoner og andre inntekter

6 502

Sum kap. 3481

6 502

Post 01 Refusjonar og andre inntekter

Inntektsposten omfattar refusjonar for deler av fellesutgiftane knytte til Samfunnet Jan Mayen. Desse betales av Meteorologisk Institutt, Kongsberg Satellite Services AS, Telenor Maritim Radio og andre som kjøper tenester på Jan Mayen. Inntekter frå kioskdrifta på Jan Mayen føres på denne posten.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2021 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 481 post 01 mot tilsvarende meirinntekter på kap. 3481 post 07 jf. forslag til vedtak.

Regjeringa foreslår at det blir budsjettert med 6,5 mill. kroner i inntekter

Programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring

Utgifter under programkategori 06.90 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–25

Driftsutgifter

1 964 718

1 980 706

1 954 060

-1,3

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

130 676

66 972

56 199

-16,1

60–69

Overføringer til kommuner

162 840

163 510

149 329

-8,7

70–89

Overføringer til private

197 790

253 246

219 380

-13,4

Sum kategori 06.90

2 456 024

2 464 434

2 378 968

-3,5

Utgifter under programkategori 06.90 fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

490

Utlendingsdirektoratet

2 173 077

2 166 493

2 085 365

-3,7

491

Utlendingsnemnda

282 947

297 941

293 603

-1,5

Sum kategori 06.90

2 456 024

2 464 434

2 378 968

-3,5

Innleiing

Programkategorien omfattar utforming og iverksetjing av innvandringspolitikken som Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for, med unntak av oppgåver som høyrer til ansvarsområdet til politiet. Kategorien omfattar blant anna utvikling og forvaltning av utlendingslovgivinga, drift av Utlendingsdirektoratet (UDI) og klageorganet Utlendingsnemnda (UNE), drift av asylmottak og tiltak for retur. Oppgåvene som politiet har med utlendingskontroll og gjennomføring av returar m.m., er nærmare omtalte under programkategori 06.40. Sjå elles del I for omtale av dei delane av migrasjonskjeda som andre departement har ansvar for. Justis- og beredskapsdepartementet har ifølgje kgl.res. av 18. desember 2009 det overordna ansvaret for å utforme og samordne innvandringspolitikken.

Kontrollert og berekraftig innvandring er det overordna målet for innvandringspolitikken, jf. omtale i del I.

Asylsøkarar har dei siste åra stått for ein mindre del av innvandringa til Noreg enn tidlegare. Dei største innvandringsgruppene utanom EØS-borgarar er no familieinnvandrarar og arbeidsinnvandrarar. Blant dei som fekk opphaldsløyve i familieinnvandring i 2019 (både førstegongs- og fornying) er dei største gruppene søkarar frå Syria, India, Filippinane og Thailand. Regjeringa legg vekt på å regulere familieinnvandringa for å sørge for berekraftig innvandring. Det er særleg viktig for regjeringa at familiar er i stand til å forsørge seg sjølv, og at regelverket ikkje blir misbrukt. Regjeringa legg òg vekt på å leggje til rette for ønskt arbeidsinnvandring, sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Arbeids- og sosialdepartementet for nærmare omtale. Dei største gruppene av personar som fekk arbeidsløyve i 2019 (både førstegongs- og fornying) var søkarar frå India, Ukraina, Vietnam og Serbia.

Som omtalt i del I har virusutbrotet ført til at innvandringa til Noreg har gått noko ned samla sett i 2020, og vi vil truleg sjå ein effekt av dette òg i 2021. Løyvinga under programkategorien er nær knytt opp til talet på søknader om opphaldsløyve, og særskilt av kor mange personar som søker asyl. I tillegg til at utlendingsforvaltninga har store oppgåver med saksbehandling, har Utlendingsdirektoratet ansvar for å tilby innkvartering til asylsøkarar. I forslaget frå regjeringa blir det foreslått å løyve om lag 790 mill. kroner i tilknyting til asylmottak (kap. 490, post 21, 60, 70 og 71) i 2021. Til samanlikning vart det brukt om lag 6,4 mrd. kroner på desse postane i 2016, som følgje av det store talet på bebuarar i mottak i 2015 og 2016.

Under følgjer omtale av hovudprioriteringar i budsjettet for 2021, omtale av utviklinga i dei ulike delane av verksemdene og omtale av budsjettforslaga til UDI og UNE for 2021.

Budsjettprioriteringar

For 2021 foreslår regjeringa å redusere budsjettet under programkategorien med 168,6 mill. kroner. Dette inkluderer ein prisvekst på 37,7 mill. kroner. Reduksjonen heng hovudsakleg saman med at det er færre asylsøkarar og færre bebuarar i mottak. Vidare er løyvinga til returarbeid redusert.

Regjeringa foreslår blant anna desse prioriteringane i budsjettet for 2021 for programkategori 06.90:

  • redusere løyvinga knytt til asylmottak med til saman 111 mill. kroner som følgje av forventa færre innkomstar og færre bebuarar i mottak enn i 2020

  • redusere løyvinga til returarbeid og forebygging av irregulær migrasjon med 14 mill. kroner, blant anna sidan målgruppa for retur over tid har blitt mindre

  • løyve ytterlegare 18,6 mill. kroner til UDI og UNE for å vidareføre arbeidet med å byggje ned restansar og styrke rettstryggleiken i saker om tilbakekall av statsborgarskap (vedkjem òg budsjetta til politiet og domstolane)

  • auke løyvinga til UDI med 25 mill. kroner for å behandle fleire saker om statsborgarskap (vedkjem òg budsjettet til politiet)

  • vidareføre det vedtatte nivået på 3000 kvoteplassar. Plassane kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller annan type byrdedeling mellom EU/Schengen-land som relokalisering av asylsøkarar

  • leggje til rette for at alle barn i asylmottak frå eittårsalderen får tilbod om gratis heildagsplass i barnehage

  • leggje til rette for innføring av ein eingongsløysing for utlendingar med lang opphaldstid i Noreg. Det blir i samband med dette foreslått å løyve 4 mill. kroner til nødvendig saksbehandling i UNE, samt å redusere løyvinga til mottak med 0,1 mill. kroner knytt til reduserte stønader. Sjå òg løyvingsforslag knytt til ordninga under Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet

Asyl/vern

Asylsøkarar blir registrerte av politiet og får søknaden sin behandla av UDI. Klagar på vedtaka blir retta til UNE. I tillegg tek Noreg imot overføringsflyktningar, som har fått utgreidd av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) at dei treng asyl. Utviklinga i talet på asylsøkarar og overføringsflyktningar, og endringar i regelverk og/eller praksis på feltet, påverkar løyvingsforslaget på dei fleste av postane under programkategori 06.90 (UDI og UNE). For UNE vil talet på innkomne saker variere både med talet på asylsøkarar og med utfalla i vedtaka hos UDI. Under blir utviklinga i sentrale rammer og i talet på asylsaker skildra.

3.1 Rammer – nasjonalt og internasjonalt

Rammene for Noregs handtering av flukt og migrasjon (asylrelaterte saker) blir i stor grad utvikla i samarbeid med FN og EU. Nokre av utfordringane kan bli løyste ved nasjonal regulering i utlendingslova og -forskrifta, men fordi migrasjonen er internasjonal, må Noreg i stor grad finne løysingar saman med andre. Noreg deltar ikkje i EUs asylpolitikk, men vi har slutta oss til Dublin- og Schengen-avtalane og er dermed bundne av dette regelverket.

Dei aller fleste asylsøkarane kjem til Noreg etter å ha reist gjennom andre europeiske land. For å hindre sekundærrørsler av asylsøkarar i Europa, er Noreg tent med eit harmonisert regelverk. Dublin-samarbeidet er her sentralt, og det same er deltaking i EUs støttekontor for asyl EASO (European Asylum Support Office) og EUs grense og kystvakt Frontex. EU-landa diskuterer endringar i både Dublin-samarbeidet og andre typar asylsamarbeid, basert på Europakommisjonens forslag til ny pakt om migrasjon og asyl som blei lagt fram 23. september 2020. I pakta er det mellom anna foreslått nytt rammeverk for jamnare fordeling av asylsøkarar som kjem til Europa. Dette framlegget vil det nå bli forhandlingar om i EU. Revisjonen av dei andre delane av asylregelverket kan påverke Noreg indirekte gjennom domstolsavgjerder eller gjennom anna praksis- og regelverksutvikling.

Europakommisjonen har òg lagt fram eit fornya forslag om å utvikle det nåverande støttekontoret for asyl – EASO – til eit asylbyrå, European Agency for Asylum (EUAA). Formålet er å få byrået til å bidra meir til at asylsystemet i Europa fungerer godt, og å setje byrået betre i stand til å hjelpe i situasjonar med høgt migrasjonspress i landa. Det er usikkert når det reviderte regelverket vil bli vedteke. Når forslaget blir vedteke vil endringane ha konsekvensar for Noregs deltaking i samarbeidet. Dette omfattar òg økonomiske konsekvensar.

Regjeringa støttar det pågående arbeidet med ei reform av ulike rettsakter som har som formål å førebyggje ukontrollerte sekundærrørsler og sikre jamnare fordeling av asylsøkarar i Europa. Regjeringa vurderer det slik at det i utgangspunktet er i norsk interesse at dei europeiske landa einast om ein permanent og bindande fordelingsmekanisme der alle europeiske land deltek. Norske styresmakter vil vidare halde fram med å hjelpe europeiske land som har særleg migrasjonspress. Gjennom EØS-midlane har Noreg bidratt til å styrke asyl- og migrasjonsfeltet i land som Hellas, Romania og Bulgaria. Vi viser til omtalen av EØS-midlane i Prop. 1 S (2020–2021) for Utanriksdepartementet. I tillegg støttar Noreg europeiske land, blant anna ved å sende ut ekspertar gjennom EASO og Frontex.

3.2 Asylsaker – utvikling

Sidan 2016 har talet på innkomne asylsøknader vore historisk lågt (sjå figur under og omtale i del I). I 2019 kom det 2 305 asylsøkarar til Noreg. I tillegg til at det kjem få asylsøkarar, er det ein tendens til at fleire av dei som kjem får vern. Talet på klagesaker til UNE har dei siste åra gått ned som følgje av dette. Prosentdelen realitetsbehandla2 asylsøknader der UDI har gitt løyve, har vore på eit relativt høgt nivå dei siste åra, og var første halvår 2020 på 74 prosent. Dette tilseier at ein større del av asylsøkarane som kjem til Noreg, faktisk har behov for vern. Det er sannsynleg at innstrammingar i det norske regelverket i 2015 og 2016, og signaleffektar av desse endringane, kan ha bidratt til at det framleis er få personar som søker asyl.

Det har per 31. august bare komme 976 asylsøkarar til Noreg i 2020. Dette kjem truleg av restriksjonane som er sette i verk globalt som følgje av virusutbrotet, blant anna grensekontrollar internt i Schengen. Årsprognosen er på bakgrunn av dette justert frå 3 000 til 1 200 personar, sjå omtale i del I. Norske tiltak for å hindre smitte av covid-19 i 2020, blant anna bortvising av bestemte grupper utlendingar som kjem til norsk grense, har ikkje omfatta asylsøkarar.

I 2021 og framover er det sannsynleg at det kjem rundt 3 000 asylsøkarar årleg, men det er framleis uvisst kor mange som likevel kan komme innanfor eit kort tidsrom. Det er usikkert i kva grad grensekontrollane og reiserestriksjonane frå 2020 vil vere gjeldande i 2021, men ei planleggingsprognose på 3 000 asylsøkarar er likevel lagt til grunn for berekningane for 2021 i fall tiltaka i stor grad blir oppheva.

Figur 2.20 Innkomne og behandla asylsaker UDI (ekskludert klagesaker) og UNE (vanleg klagesak og omgjeringsoppmodingar), 2014 til 31. august 2020

Figur 2.20 Innkomne og behandla asylsaker UDI (ekskludert klagesaker) og UNE (vanleg klagesak og omgjeringsoppmodingar), 2014 til 31. august 2020

Kjelde: UDI

UDI og UNE har dei siste åra behandla fleire asylsaker enn det som har komme inn til verksemdene. Slik har dei redusert talet på eldre søknader som ventar på svar. Vidare har UDI og UNE som følgje av færre søknader om asyl, nedbemanna den delen av verksemdene som arbeider med asylsaker. UDI nedbemanna frå rundt 1 200 årsverk3 i 2016 til rundt 900 i 2018, og har sidan vidareført organisasjonen omtrent på det nivået. UNE reduserte storleiken frå om lag 300 årsverk i 2016 til 214 ved utgangen av 2019. Nedbemanninga i UNE har halde fram gjennom 2020.

Omstilling og nedbemanning reduserte produksjon og produktivitet i UDI ein periode, men i 2019 har UDI komme nærmare ambisjonen om at ein større del av førstegongsvedtaka i asylsaker skal behandlast innan 21 dagar. Dette er knytt til arbeidet i UDI og politiet med å innføre ny saksflyt i den innleiande asylfasen for å forbetre asylsaksbehandlinga.

Nasjonalt ankomstsenter (tidlegare Ankomstsenter Østfold) vil bli ferdigstilt ultimo 2020. Her vil alle asylsøkarar bli innkvarterte i den første fasen samstundes som dei får behandla asylsøknaden sin. Det er nødvendig med god kapasitet til å saksbehandle i den innleiande asylfasen, då det er særleg viktig å ha kontroll på søkarane og å ha gode system for å kartleggje identitet, gjennomføre nødvendige helsetestar og kunne handtere svingingar i asylinnkomstar.

Politiet og UDI-tilsette vil vere samlokaliserte ved senteret. Samarbeidet mellom etatane vil gi betre saksbehandling, særleg i samband med avklaring av identitet, og dermed fleire riktige vedtak. Dette vil på sikt kunne føre til at færre personar som søker om vern får opphald på feil grunnlag. Potensielt fleire riktige asylvedtak vil på sikt òg redusere behovet for å opprette tilbakekallssaker i samband med fornya eller permanent opphaldsløyve. Det vil dermed òg kunne gi færre tilfelle der det blir gitt løyve til familieinnvandring til ein referanseperson som ikkje burde ha fått opphald i første omgang.

3.3 Overføringsflyktningar og annan byrdedeling – utvikling

Løyving til administrasjon og uttak av overføringsflyktningar og eventuelt relokalisering av asylsøkarar for å fordele byrden mellom EU/Schengen-land blir i hovudsak budsjettert over kap. 490 Utlendingsdirektoratet. Som hovudregel deltar òg Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og politiet i uttak, og løyving til dette blir ført over kap. 290 og kap. 440. Når overføringsflyktningane kjem til Noreg, skal dei som hovudregel bli busette direkte i ein kommune, sjå omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet. Relokaliserte blir plasserte i asylmottak, og i nokre tilfelle blir og overføringsflyktningar plasserte i mottak før dei blir busette. Noreg har dei siste åra hatt ein kvote på 3 000 plassar. Dette er fleire per capita enn alle andre europeiske land. I 2018 og 2019 kom det fleire overføringsflyktningar enn ordinære asylsøkarar til Noreg.

Justis- og beredskapsdepartementet fastsett kvotesamansetninga i samråd med Utanriksdepartementet og Kunnskapsdepartementet etter forslag frå UDI og IMDi, som igjen byggjer på forslag frå UNHCR og innspel frå norske frivillige organisasjonar. UDI gjer vedtak for uttaka av dei enkelte flyktningane i samsvar med fordelinga som er vedteken, og i tråd med gjeldande rundskriv. Figuren under viser talet på vedtak om overføring og det faktiske talet på innkomne overføringsflyktningar til Noreg i åra 2014–2020 (per august).

Figur 2.21 Overføringsflyktningar 2014–2020 (per 31. aug)

Figur 2.21 Overføringsflyktningar 2014–2020 (per 31. aug)

Kjelde: UDI

I 2019 hadde Noreg ein kvote på 3 000 plassar. Plassane vart hovudsakeleg fordelt på syriske flyktningar i Libanon og Jordan, flyktningar av ulike nasjonalitetar i Uganda og Etiopia, og flyktningar som vart evakuerte frå Libya via Romania. Det vart overført 115 plassar frå 2018 på grunn av vanskar med Libya-situasjonen.

UDI gjorde vedtak for 3 100 flyktningar i 2019, inkludert flyktningane som fylte dei overførte plassane. Det kom 2 803 overføringsflyktningar til Noreg i 2019, og syrarar var den største gruppa med 1 306 personar. Hovudårsaka til at det ikkje er samsvar mellom talet på vedtak og kor mange flyktningar som kjem til landet eit bestemt år, er at det går tid frå vedtaket er gjort, til det blir funne ein busetjingskommune.

I 2020 er det per 31. august gjort vedtak om overføring for totalt 967 flyktningar. Dei låge tala for både vedtak og innreise er direkte konsekvensar av virusutbrotet.

I 2020 er det 3 015 plassar for overføringsflyktningar på kvoten, inkludert 15 plassar som vart overførte frå 2019. I tillegg til dei nemnde gruppene vil dei andre hovudgruppene være flyktningar som oppheld seg i Kenya og Rwanda. Kvoten omfattar òg plassar som er opne for alle nasjonalitetar, og 60 medisinske plassar som blir rekna mot dei ulike delkvotane. Flyktningane frå Libya blir no evakuerte ikkje berre via Romania, men òg via Rwanda, der det er etablert ein ny evakueringsmekanisme. Noreg gav 50 mill. kroner til dette i 2019. Kvoten vil måtte bli justert i løpet av året som følgje av virusutbrotet. Det vil bli vanskeleg å nå målet om å fylle 3 000 plassar i 2020. Ubrukte plassar kan overførast til 2021.

Regjeringa meiner at talet på kvoteplassar skal ses i samanheng med talet på asylsøkarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg. Plassane kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller annan type byrdedeling mellom EU/Schengen-land som relokalisering av asylsøkarar. På grunn av det låge talet på asylsøkarar og ein venta nedgang i familieinnvandringa foreslår regjeringa å vidareføre ein kvote i 2021 på same nivå som i 2020. Virusutbrotet vil ha konsekvensar for arbeidet med uttak i heile 2020 og i 2021.

Hellas opplevde ein sterk auke i talet på asylsøkarar hausten 2019 og bad då andre europeiske land om å relokalisere asylsøkarar frå Hellas. Regjeringa meiner det er nødvendig med ei varig og langsiktig løysing for byrdedeling, og ikkje adhoc initiativ knytte til enkeltland. Det er viktig at ei løysing for byrdedeling ikkje oppmuntrar fleire til å migrere. På grunn av den særskilt pressa situasjonen Hellas er i beslutta Regjeringa i haust å bidra til relokalisering frå landet. Regjeringa vil relokalisere 50 asylsøkarar frå Hellas. Vi vil prioritere sårbare familiar med barn frå Syria som med stor sannsynlighet vil få opphaldsløyve i Noreg, og kor det ikkje er grunn til å anta at det finnast eksklusjonsgrunner eller andre forhold som kan få følgjer for grunnleggjande nasjonale interesser. Det er ikkje mogleg å fylle kvoten for overføringsflyktningar i 2020. Asylsøkarar som blir relokaliserte til Noreg vil medføre ein reduksjon i tal på overføringsflyktningar i 2021.

Andre saker om opphald

Søknader om opphaldsløyve blir leverte til politiet eller ein utanriksstasjon. UDI fattar vedtak om løyve i dei fleste sakstypane, men i nokre få saker er det politiet eller utanriksstasjonane som gjer dette. Klagar på vedtaka blir retta til UNE. Utviklinga i talet på opphaldssaker og endringar i regelverk og/eller praksis har stor påverknad på drifta av UDI og UNE. Prognosar for innkomne saker, og planlagde endringar i regelverk eller praksis, er derfor sentrale føresetnader for løyvingsforslaget på fleire av postane under programkategori 06.90 (UDI og UNE). For UNE vil talet på innkomne saker variere både med talet på søknader om ulike løyve og med utfalla i vedtaka hos UDI. Under blir utviklinga i sentrale rammer og i talet på opphaldssaker skildra.

4.1 Rammer – nasjonalt og internasjonalt

På opphaldsområdet er Noreg bunden av EØS-regelverk når det gjeld innvandring frå EU/EØS-landa. Det er Arbeids- og sosialdepartementet som har ansvar for EØS-regelverket, sjå omtale under Prop. 1 S (2020–2021) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Når det gjeld familieinnvandring, er Noreg bunden av Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK), som pålegg statar ei plikt til å respektere retten til familieliv og privatliv. Inngrep i denne retten kan berre skje dersom det er i samsvar med lov, og blant anna er påkravd av omsyn til nasjonal eller offentleg tryggleik eller den økonomiske velferda i landet.

Ved familieinnvandring til Noreg meiner regjeringa at innvandraren anten må kunne forsørge seg sjølv, eller bli forsørgd av den personen vedkommande blir gjenforeint med. Regjeringa vil kjempe mot tvangsekteskap og fleirkoneri og hindre at reglane om familieinnvandring blir undergravne gjennom misbruk. Regjeringa vil stramme inn regelverk og praksis, og fremme tiltak for å forhindre omgåelsesekteskap, fleirkoneri og gjentakande familieinnvandring. Departementet vurderer no endringar på desse områda. Regjeringa vil òg vurdere endringar i regelverket for familieetablering for å kjempe mot fleirkoneri. Departementet vurderer no kva tiltak som kan vere hensiktsmessige.

I mars i år sende regjeringa på høyring eit forslag til endringar i utlendingsforskrifta. Dette forslaget vil stramme inn unntaket frå kravet til å kunne forsørge seg sjølv for å få permanent opphaldsløyve for vaksne som får opplæring i grunnskule eller vidaregåande skule.

Bruk av falske dokument for å få opphald i Noreg er ikkje uvanleg. For mange søkarar er det vanskeleg å skaffe papir som i tilstrekkeleg grad kan dokumentere identitet og familierelasjon. DNA-testing skal sikre at personen som bur i Noreg, og den som søker om gjenforeining med vedkommande, verkeleg er i slekt. Tidlegare har det berre vore høve til å be om DNA-test i saker der slektskapet er avgjerande for opphaldsløyvet. I mai 2020 vedtok Stortinget endringar i utlendingslova som tillèt å påleggje DNA-testing i saker der det ikkje er tilstrekkeleg med dokumentasjon på slektskapen i sakspapira.

UDI har sidan 2003 lagra og søkt med biometri (fingeravtrykk) frå asylsøkarar. Eit forslag om ei rekkje regelendringar knytta til opptak og lagring av biometri var på høyring hausten 2019, og blir følgt opp. Dei foreslåtte regelendringane inneber blant anna at det skal takast fingeravtrykk av alle som søker om opphaldsløyve, inkludert dei som søker ved ein utanriksstasjon. Fingeravtrykka som blir lagra i utlendingsregisteret, vil etter forslaget òg kunne bli lagra i lengre tid enn etter dagens regelverk. Dette vil styrke arbeidet med å avklare identitet.

Tiltaka regjeringa har sett i verk for å avgrense smitta av covid-19 har verka inn på moglegheita utlendingar har til å reise inn i Noreg. Det har vore fastsett mellombelse reglar om innreiserestriksjonar for utlendingar av omsyn til folkehelsa. Då reglane vart fastsette 15. mars 2020 var retten utlendingar har til innreise i Noreg, strengt avgrensa. Det vart fastsett unntak for ulike grupper utlendingar som vart rekna for å ha ei særleg tilknyting til Noreg eller eit viktig formål med besøket sitt her. Reglane er endra fleire gonger, i hovudsak i form av oppmykingar, der det har vore forsvarleg ut frå smittevernfaglege vurderingar. Til dømes er det opna for innreise for EØS-borgarar, for dei fleste nære familiemedlem til norske borgarar eller til utlendingar som bur i Noreg, og for dei fleste utlendingane som har fått opphaldsløyve for å arbeide eller studere. Sjølv om det er opna for innreise gjeld som hovudregel føresegner om innreisekarantene.

4.2 Søknader om opphald – utvikling

Talet på opphaldssaker som blir behandla hos UDI, har dei siste åra vore på rundt 90 000 i året, med noko høgare tal i 2016 og 2017 fordi det var mange saker om familiegjenforeining som gjaldt asylsøkarar som kom i den store asyltilstrøyminga i 2015. Saksinngangen hos UNE er på veg ned, med kring 5 000 innkomne saker dei siste åra. Figurane under viser utviklinga i innkomne opphaldssaker og talet på behandla saker i UDI og UNE. Merk at aksane er ulike.

Figur 2.22 Utvikling i talet på innkomne saker og behandla saker i UDI og UNE, 2014–juni 2020

Figur 2.22 Utvikling i talet på innkomne saker og behandla saker i UDI og UNE, 2014–juni 2020

Kjelde: UDI og UNE

Som vist i del I er størsteparten av opphaldssakene relaterte til familieinnvandring og arbeid når det gjeld nye søknader. Det kjem òg inn mange søknader om permanent opphald og statsborgarskap.

I 2018 og 2019 behandla UDI færre opphaldssaker enn det som kom inn, noko som hang saman med at UDI hadde problem med produktiviteten som følgje av nedbemanning og omstilling (sjå omtale under asyl). Det same var tilfellet for UNE i 2019. Før virusutbrotet hadde produktiviteten i 2020 byrja å ta seg opp i UDI. Totalt behandla UDI 91 600 opphaldssaker i 2019, mot om lag 79 000 i 2018. Det er forventa at UDI vil behandle enda fleire saker i 2020.

UDI forventar å ta imot færre søknader om opphald i 2020 enn i 2019. Dette er i stor grad på grunn av tiltak for å hindre spreiing av covid-19. Utanriksstasjonane og politiet sine publikumstenester har delvis vore stengde og delvis hatt redusert opningstid. Dette gjer at det blir registrert færre saker i førstelinja, og at færre saker blir sende til UDI for vedtak.

For 2021 er det lagt til grunn at covid-19-tiltak som reiserestriksjonar og stengde publikumsmottak i politiet og ved utanriksstasjonane vil bli avvikla. UDI forventar likevel ein nedgang i reiser og med det færre søknader om visum. Det er òg lagt til grunn færre søknader om arbeidsløyve og studieløyve som resultat av virusutbrotet. Det er vidare forventa ein nedgang i søknader om familieinnvandring fordi det no er færre som får vern etter søknad om asyl. Det blir òg færre søknader om permanent opphald som følgje av at det var ein nedgong i talet på personar som fekk vern tre år tidlegare. Samanlikna med 2019 vil derfor den samla mengda saker bli mindre i 2021, men noko større enn det som forventast i 2020.

I prognosen for 2020 og 2021 er det ein stor auke i talet på søknader om statsborgarskap. Dette heng saman med at prinsippet om eitt statsborgarskap vart avvikla frå 1. januar 2020, jf. Prop. 111 L (2017–2018) Endringer i statsborgerloven. Samla er det forventa 60 000 fleire søknader om norsk statsborgarskap i perioden 2020–2022 som følgje av endringa. Den reduserte saksinngangen til UDI i 2020 gjer at UDI vil ha færre ubehandla saker totalt sett ved inngangen til 2021 og vil derfor auke innsatsen på søknader om statsborgarskap. For å hindre at saksbehandlingstida blir altfor lang foreslår regjeringa å auke løyvinga til politiet og UDI med til saman 61,5 mill. kroner i 2021 for å auke kapasiteten til å handtere sakene, sjå òg omtale under kap. 440, post 01, og kap. 490, post 01. Auken i søknader medfører òg auke i gebyrinntekter over kap. 3440, post 06.

4.3 Tilbakekall av opphaldsløyve – utvikling

Betre ID-arbeid har ført til at utlendingsstyresmaktene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve basert på feil identitet eller på andre urette opplysningar, noko som gir grunnlag for å kalle tilbake opphaldsløyvet etter utlendingslova § 63 eller statsborgarskap etter statsborgarlova § 26. Samstundes kan ein med heimel i utlendingslova § 37 kalle tilbake flyktningstatus og opphaldsløyve når det ikkje lenger er behov for vern, og også andre opphaldsløyve kan ein kalle tilbake når opphaldsgrunnlaget ikkje lengre er til stades, sjå utlendingslova § 63.

Figurane under viser utvikling i oppretta og behandla saker (for alle paragrafar) sidan 2017, samt utfall av vedtaka i 2019. I 2019 vart det oppretta rundt 2 400 tilbakekallssaker, og UDI behandla cirka 2 700. Kring 1 500 av desse fekk eit vedtak om tilbakekall. Om lag 20 prosent av sakene som får vedtak om tilbakekall er knytt til feil eller urette opplysningar, nokre få er knytt til betra forhold i heimlandet, mens dei resterande i hovudsak er knytt til forvaltningsmessige grunner som til dømes at dei ikkje lengre fyller vilkåra for løyvet.

Dei kring 20 prosent av sakene som er knytt til feil eller urette opplysningar er typisk saker der personen har oppgitt uriktig identitet. Fleire får nye opphaldsløyve basert på andre grunnlag, til dømes sakar kor personen fyller vilkåra for beskyttelse i Noreg med den nye identiteten (sjå til dømes instruks GI-08/2015-8 Utlendinger som har rett til internasjonal beskyttelse, men som tidligere har hatt oppholdstillatelse under falsk identitet), eller kor barna har ei særleg tilknyting til Noreg og får løyve etter utlendingslova § 38.

Vedtak om tilbakekall knytt til betra forhold i heimlandet er altså få. Samla sett har det kun blitt fatta 42 vedtak om tilbakekall etter denne heimelen sidan instruks GI-03/2019 (tidligare GI-14/2016) først blei gitt i 2016 (tall per 30. juni 2020). Dei fleste av dei oppretta sakene er blitt henlagd. Årsaka til dette er at det har vore grunn til å gi nytt opphaldsløyve av andre årsaker – til dømes at dei fyller vilkåra for permanent løyve, at barn har budd lenge i Noreg eller at saksbehandlingstida har vore for lang. I nokre saker er det også slik at personen framleis har eit individuelt behov for vern sjølv om dei generelle forholda i eit land er betra.

Ein stor del av tilbakekallsakene er knytt til opphaldsløyve til arbeidstakarar og studentar. Desse løyva vert hovudsakleg kalla tilbake når utlendingen ikkje lenger fyller vilkåra for løyvet, men årsaka kan òg vere at utlendingen har gitt urette opplysningar til dømes om utdanninga frå heimlandet eller andre vilkår for løyvet. Ein stor del av vedtaka om tilbakekall av løyve til au pairar er grunna i at au pairen har søkt om og får opphaldsløyve hos ein ny vertsfamilie. Då vert den gjenståande perioden av det føregåande løyvet som gjeld for den førre vertsfamilien kalla tilbake.

I sum er det altså slik at fleire av dei som får eit løyve kalla tilbake, både på grunn av urette opplysningar og opphør av behovet for vern, arbeid eller anna opphald, får eit nytt løyve på anna grunnlag.

Figur 2.23 Tal tilbakekallssaker og vedtak 2017–2020 (juni) og fordeling av vedtak i 2019.

Figur 2.23 Tal tilbakekallssaker og vedtak 2017–2020 (juni) og fordeling av vedtak i 2019.

Kjelde: UDI

Det har vore lang saksbehandlingstid på mange av tilbakekallssakene, særskilt knytt til feil eller urette opplysningar og betra forhold i heimlandet. Tilbakekallssakene krev mykje ressursar, og det er utfordrande å byggje ned restansar.

Den lange saksbehandlingstida har hatt konsekvens òg for søknader om permanent opphald knytt til dei same personane og saker knytt til familiemedlemmar. UDI har fått kritikk av Sivilombudsmannen for den lange saksbehandlingstida for slike tilknytte søknader (sjå SOM-2020-326).

Per 30. juni 2020 er det om lag 3 500 tilbakekallssaker totalt som ikkje er ferdig behandla, kor kring 90 er knytt til mogleg betra forhold i heimlandet (sjå instruks GI-03/2019). UDI prioriterer tilbakekallsaker og har redusert restansar i løpet av 2019 og 2020, og dei vil halde fram med dette i 2021.

Regjeringa har sidan 2020 gitt auka løyve til å bygge ned restansar og for å styrke rettsvernet i saker om tilbakekall av statsborgarskap, noko som blir vidareført i 2021.

4.4 Utvising – utvikling

Den som bryt norsk lov, kan bli utvist. Det er ikkje berre kriminelle handlingar som kan danne grunnlag for eit vedtak om utvising, men òg brot på utlendingslova, slik som til dømes å opphalde seg i Noreg utan løyve eller å gi feil informasjon om identiteten sin. Den som blir utvist, må forlate Noreg, og som oftast òg Schengen-området, og vil ikkje kunne reise inn igjen før innreiseforbodet er utgått. I dei grovaste tilfella kan innreiseforbodet vere varig. Sjølv om vilkåra for utvising er oppfylte, skal det alltid vurderast om ein så alvorleg reaksjon samsvarer med tilknytinga personen har til Noreg, slik som familie og lang butid i landet. I saker som råkar barn, skal omsynet til kva som er best for barnet, vurderast særskilt. UDI har dei siste åra fått inn og behandla rundt 5 000 saker om utvisning årleg, og saksinngangen er forventa omtrent på same nivå i 2021. Figuren under viser talet på utviste dei siste åra fordelt på årsak.

Figur 2.24 Tal på utviste årleg 2014–2020 (juni) fordelt på årsak.

Figur 2.24 Tal på utviste årleg 2014–2020 (juni) fordelt på årsak.

Kjelde: UDI

Retur

Den som får endeleg avslag på ein søknad om vern eller anna opphald, får ein frist til å forlate landet, normalt tre veker. Vedkommande kan rette seg etter dette ved å returnere til heimlandet innan denne fristen, anten på eiga hand (sjølvorganisert retur) eller med hjelp frå norske styresmakter (assistert retur). Alternativet til dette er tvungen retur med politiet. Sjølvorganisert retur frå Noreg blir ikkje registrert (løyving knytt til assistert retur er ført over kap. 490, postane 01, 21, 72 og 75). Retur har òg ein indirekte påverknad på andre postar under programkategori 06.90, til dømes ved at raskare retur kan bidra til lågare utgifter til asylmottak og lågare saksinngang til UNE.

5.1 Rammer – nasjonalt og internasjonalt

Noreg er knytt til EUs retursamarbeid blant anna gjennom Schengen-samarbeidet. EU har utvida samarbeidet om retur med både transitt- og opphavsland og har styrkt det operative retursamarbeidet. Regjeringa støttar opp om ei slik tilnærming. Det bidrar til å halde oppe asylinstituttet og avgrense talet på personar i Europa utan lovleg opphald. Regjeringa vil òg at Noreg skal kople seg tett til EUs returavtalar og -ordningar, der dette er naturleg. Å inngå avtalar tek ofte lang tid og krev mykje ressursar, og Noreg er derfor tent med å inngå tilsvarande avtalar som EU gjer. Dette gjer òg at Noreg kan samarbeide med EU om oppfølging av avtalane når dei er likelydande, noko som er ein stor fordel. Etter at EUs grensebyrå Frontex i 2019 fikk styrkt sitt mandat på returfeltet, kan Frontex nå gje utvida støtte til medlemslandas returarbeid, både kva gjeld frivillig og tvungen retur. Noreg tek òg del i prosessen med å revidere EUs returdirektiv. Regjeringa støttar EUs kopling av returarbeid til visumpolitikk, som inneber at manglande samarbeid om retur frå opphavslanda kan resultere i innstrammingar i visumprosedyrane hos alle EU/Schengen-land.

Regjeringa ønskjer velordna og trygg internasjonal migrasjon. For å få til betre ordningar for retur gir departementet tilskot til tiltak i land som Noreg treng å returnere personar til. Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider elles for å styrke samarbeidet om retur og migrasjon bilateralt med sentrale transitt- og opphavsland. Gjennom dialog med, og tiltak overfor slike land, prøver Noreg å fremme ei samordna tilnærming til migrasjonsutfordringane. Eit viktig verkemiddel for å lukkast med dette er å bruke Noregs posisjon blant anna som bistandsgivar. Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet vurderer felles tiltak og har blant anna utvikla felles landstrategiar for retur til enkelte opphavsland. Desse strategiane inneber at retur og tilbaketaking av eigne borgarar er integrert i det bilaterale samarbeidet. Dei felles landstrategiane gjeld ut 2020, og vidareføring til 2021 er under planlegging. Per juli 2020 har Noreg 14 spesialutsendingar for utlendingssaker i viktige transitt- og opphavsland. Formålet med desse stillingane er å hjelpe utlendingsforvaltninga med spørsmål som gjeld fastsetjing av identitet og gjennomføring og tilrettelegging av returar.

Ved assistert retur gis det tilskot til reise og reintegrering. I 2020 forskriftsfesta Justis- og beredskapsdepartementet ordninga med tilskot til assistert retur, som UDI forvaltar. Hensikta var å ha eit tydelegare regelverk som er enklare å forstå både for dei som søker, og for dei som behandlar søknaden om assistert retur.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å sikre ei heilskapleg og samordna tilnærming til migrasjon og retur. Målet er å styrke samarbeidet med dei landa som har ansvar for personar i Noreg utan lovleg opphald, for å sikre effektiv retur av desse. Her må vi ta i bruk ulike verkemiddel.

5.2 Assisterte returar – utvikling

Dei siste åra har talet på assisterte returar gått ein god del ned. Det same har talet på utreisepliktige personar i mottak. Nedgangen er dels eit resultat av at regjeringa har satsa på fleire returar dei siste åra og at det dermed er færre att i målgruppa, men hovudårsaka er at det har komme færre asylsøkarar til Noreg. Samstundes med at målgruppa for retur har blitt mindre, har personane blitt meir krevjande å motivere til retur. Ein større del av sakene gjeld no personar som har vore lenge i Noreg, og personar med særskilde behov. Fleire har uavklart identitet og statsborgarskap, og desse er vanskelege å handtere utan å samarbeide med styresmaktene i heimlandet. Dei fleste i målgruppa for assistert retur oppheld seg truleg utanfor mottak, og det er vanskeleg å nå desse med effektive returtiltak. I løpet av 2019 reiste 213 personar med assistert retur. Det er om lag 11 prosent færre enn i 2018. Figuren under viser utviklinga i talet på assisterte returar og utviklinga i talet på personar som er i asylmottak og har utreiseplikt.

Figur 2.25 Assisterte returar og personar i mottak med utreiseplikt, 2014–30. juni 2020.

Figur 2.25 Assisterte returar og personar i mottak med utreiseplikt, 2014–30. juni 2020.

Kjelde:  UDI

Det er ikkje berre talet på returar som er viktig, men òg kven som reiser. UDI og Politiets utlendingseining (PU) heldt i 2019 fram med den styrkte innsatsen for å få til returar av utreisepliktige personar som fører til store kostnader for samfunnet. Dette gjeld personar som bur i særskilde butilbod, tilrettelagde avdelingar i mottak, og i fengsel. I 2019 returnerte tolv personar, assistert eller med tvang, frå slike spesielle butilbod, mot seks i 2018. Sjølv nokre få slike returar kan gi store innsparingar. Returen av dei tolv personane har gitt ei innsparing på minimum 18,8 mill. kroner i året berre til losji. Arbeidet med denne gruppa vil halde fram i 2021.

Både ved assistert retur og ved tvangsretur er det eit stort problem at personen som skal returnerast, har ukjend identitet. Få asylsøkarar legg fram identitetsdokument når dei kjem til Noreg. For meir omtale av utfordringar og tiltak som gjeld avklaring av identitet, sjå omtalane under programkategori 06.40.

I 2019 tildelte Justis- og beredskapsdepartementet nærmare 29 mill. kroner i tilskot til tiltak i land som Noreg treng å returnere personar til og til førebygging av irregulær migrasjon, sjå nærmare omtale under kap. 490, post 72. Det blir foreslått å kutte tilskotsmidlane i 2021 med 8 mill. kroner. Bakgrunnen er at målgruppa for retur har blitt mindre over tid utan at tilskotsmidlane har vore justert deretter. Talet på returar, både assisterte returar og tvangsreturar (i kategoriene Dublin og asyl), har gått ned med om lag 60 prosent første halvår 2020 samanlikna med same periode i 2019. Nedgangen heng i stor grad saman med dei globale reiserestriksjonane som vart sette i verk frå mars 2020.

Asylmottak

Alle asylsøkarar har rett til innkvartering i asylmottak etter utlendingslova § 95. Mottakstilbodet er differensiert etter behova til utlendingsforvaltninga og mottaksbebuarane, blant anna med Nasjonalt ankomstsenter (tidlegare kalla Ankomstsenter Østfold), transittmottak, ordinære mottak, integreringsmottak og mottak for bebuarar med særskilde behov, og dessutan eigne mottak for einslege mindreårige mellom 15 og 18 år. Aktiviteter i mottaka vil vere retta både mot retur og mot integrering. Behovet for innkvarteringskapasitet er avhengig av talet på asylsøkarar og kor lenge asylsøkarane blir buande i mottaka. Utgifter til UDIs arbeid med asylmottak, drift av asylmottak, vertskommunar og bebuarar i mottak er førte over kap. 490, post 01, 21, 60, 70 og dels 71. Storleiken på utgiftene til mottak heng likevel tett saman med saksbehandlinga og andre aktivitetar under heile programkategori 06.90.

6.1 Rammer – nasjonalt og internasjonalt

Det er ingen internasjonale konvensjonar Noreg er bunden av som uttrykkeleg pålegg Noreg å tilby innkvartering til asylsøkarar, men utlendingslova § 95 gir asylsøkarar som kjem til Noreg, rett til innkvartering. Retten til innkvartering gjeld ikkje for personar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden sin. I Noreg har ein likevel sett seg tent med å tilby innkvartering òg til denne gruppa. Ordninga er grunngitt ut frå kontrollomsyn og bidrar samstundes til at kommunane ikkje får ein uhøveleg stor auke i utgiftene sine for personar med endeleg avslag.

Dei viktigaste krava til mottak er nedfelte i GI-13/2017- Instruks til Utlendingsdirektoratet om innkvartering av asylsøkere. UDI arbeider blant anna med å styrke oppfølginga av kontraktar og å sikre god økonomisk kontroll med mottaksdrifta.

Regjeringa ønskjer å bruke mottakssystemet til å fremme integrering for personar som har fått opphaldsløyve, og til å stimulere til retur for personar med utreiseplikt. Regjeringa har derfor etablert integreringsmottak med formål om å leggje til rette for at nykomne innvandrarar som har vore på flukt, kan komme seg raskare ut i arbeid og delta i samfunnet. Prøveordninga med integreringsmottak er evaluert, og regjeringa vil vidareføre den. Sjå nærmare omtale av integreringsmottak i Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet.

For at mottaka skal følgje krav og råd om smittevern under virusutbrotet, har dei i 2020 blitt pålagde ei rekkje ekstraordinære tiltak knytte til isolasjons- og karantenefasilitetar og meir spreidd busetjing. Ein del av desse tiltaka vil truleg halde fram i 2021. Nasjonalt ankomstsenter vil vere i drift med full kapasitet frå seint på hausten 2020. Det vil kunne gjere at alle asylsøkarar får eit tilbod om innkvartering allereie frå før dei er registrerte av politiet, noko som gir ein monaleg betre beredskap dersom talet på asylsøkarar skulle auke sterkt på kort tid.

6.2 Utvikling

Talet på bebuarar i asylmottak har variert frå å vere rekordhøgt ved utgangen av 2015 til svært få så langt i 2020, jf. figur under. At det er så få bebuarar i dag, kjem i hovudsak av at det er færre asylsøkarar enn i tidlegare år. Mange har òg flytta ut av mottak i den same perioden, blant anna som følgje av at busetjingstakta har auka dei siste åra, sett bort frå noko forsinkingar i busetjingsarbetet etter virusutbrotet. At regjeringa over tid har satsa på retur, har også medverka til at det er færre bebuarar i mottaka, sjå også omtalen under pkt. 4. Dette har resultert i at det er markant færre personar som ventar på busetjing eller retur, enn i tidlegare år. Figuren under viser utviklinga i talet på bebuarar i mottak sidan 2014.

Det gjennomsnittlege talet for 2019 på bebuarar i mottak for ordinære asylsøkarar var om lag 3 100. Mottak for einslege mindreårige hadde i 2019 i gjennomsnitt 60 bebuarar. Ved utgangen av juni 2020 var det omtrent 2 250 bebuarar i mottak, og det er forventa at dette vil gå ned til om lag 1 800 ved slutten av året.

Sjølv om det har komme færre asylsøkarar i 2020 på grunn av virusutbrotet, har talet på bebuarar i mottak halde seg som planlagt. Det heng saman med at retur og utflytting av mottak i stor grad har blitt forsinka.

Figur 2.26 Bebuarar i mottak og delen einslege mindreårige bebuarar per 31. desember i perioden 2014–30. juni 2020 (total avrunda til nærmaste 100)

Figur 2.26 Bebuarar i mottak og delen einslege mindreårige bebuarar per 31. desember i perioden 2014–30. juni 2020 (total avrunda til nærmaste 100)

Kjelde: UDI

Figur 2.27 viser ein kraftig nedgang i talet på mottak dei siste åra. Talet på mottak var redusert til 30 ved utgangen av juni 2020.

Figur 2.27 Tal på mottak og vertskommunar ved slutten av året 2014–2019, og per 30. juni 2020.

Figur 2.27 Tal på mottak og vertskommunar ved slutten av året 2014–2019, og per 30. juni 2020.

Kjelde: UDI

UDI har dei siste åra redusert talet på mottaksplassar i raskt tempo for å tilpasse kapasiteten til eit stadig mindre behov. Dette gir reduserte offentlege utgifter. Samstundes gir færre mottaksplassar redusert kapasitet til å handtere rask og uventa auke i talet på asylsøkarar. Det er også utfordrande å halde oppe kostnadseffektiv drift av mottak tilpassa eit lågare innkomstnivå og samstundes halde oppe kapasitet i marknaden. UDI vurderer fortløpande ulike løysingar for å sikre beredskap for innkvartering, og har blant anna inngått fleire rammeavtalar for akuttinnkvartering og andre former for innkvartering. Det nye nasjonale innkomstsenteret vil òg bidra til betre beredskap, sjå omtale over. Vidare jobbar UDI kontinuerleg med beredskapsplanar for ein ekstraordinær auke i talet på asylsøkarar. Krav og råd frå helsestyresmaktene i samband med virusutbrotet, blant anna om at færre bebuarar deler rom, bad og kjøkken, gjer i 2020 og 2021 at behovet for mottakskapasitet er større enn kva prognosar og kostnadseffektiv drift i ein normalsituasjon skulle tilseie.

Uvisse kring talet på asylsøkarar skaper utfordringar for tilpassinga og planlegginga i forvaltninga, spesielt i tilknyting til kostnadseffektiv drift og nedskalering av plassar i asylmottak. Mottakskapasiteten må tilpassast behovet for mottaksplassar for å vere kostnadseffektiv, men det er likevel viktig at UDI har eit minimum av kapasitet sjølv ved svært låge innkomstnivå, då situasjonen raskt kan endre seg. Det er behov for beredskap til å handtere raske aukar i asylinnkomstane, særleg i den innleiande innkomstfasen.

I 2021 er det forventa 3 000 asylsøkarar og om lag 1 800 bebuarar i mottak i gjennomsnitt. Av dei 1 800 bebuarane er om lag 60 personar i mottak for einslege mindreårige mellom 15 og 18 år. Det forventa talet på bebuarar i mottak er noko lågare enn det som ligg til grunn for det salderte budsjettet for 2020. Årsaka til det er at det har komme færre asylsøkarar i 2019 og 2020 enn prognosane tilsa. Regjeringa foreslår å vidareføre ein basiskapasitet i mottak på rundt 2 850 plassar for å halde oppe kvalitet og konkurranse i marknaden, medrekna moglegheita til å skalere opp ved behov.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

1 036 192

1 012 202

1 060 401

21

Spesielle driftsutgifter, asylmottak

633 734

643 848

581 433

22

Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse

7 689

22 083

13 867

23

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overføres

4 156

4 632

4 756

30

Ombygginger, ankomstsenter for asylregistrering og mottak, kan overføres

21 588

45

Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

109 088

66 972

56 199

60

Tilskudd til vertskommuner for asylmottak

162 840

163 510

149 329

70

Stønader til beboere i asylmottak

86 131

85 374

50 800

71

Tilskudd til aktivitetstilbud til barn i asylmottak, og veiledning for au pairer

18 832

8 217

8 480

72

Internasjonalt migrasjonsarbeid, og assistert retur og reintegrering i hjemlandet, kan overføres

53 992

73 078

51 205

73

Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak, kan nyttes under kap. 291 post 60

21 066

21 920

18 448

74

Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overføres

36 424

55 400

75

Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres

17 769

28 233

35 047

Sum kap. 0490

2 173 077

2 166 493

2 085 365

Innleiing

Utlendingsdirektoratet (UDI) skal setje i verk flyktning- og innvandringspolitikken på ansvarsområdet til Justis- og beredskapsdepartementet. Hovudoppgåvene til UDI er å behandle søknader etter utlendingslova og statsborgarlova, blant anna søknader om visum, opphaldsløyve, statsborgarskap og asyl, å etablere, drifte og leggje ned innkvarteringstilbod til asylsøkarar og å leggje til rette for assistert retur av personar som har søkt asyl. UDI skal vidare gi fagleg baserte bidrag til utviklinga av regelverk og politikk på dette området. Som direktorat skal UDI støtte førstelinja gjennom fellesløysingar for IKT og gjennom andre tiltak som gjer utlendingsforvaltninga effektiv samla sett. UDI skal òg bidra til å realisere integreringsmål som ligg under ansvarsområdet til Kunnskapsdepartementet.

Justis- og beredskapsdepartementet har fastsett målet «kontrollert og berekraftig innvandring», som UDI skal bidra til å nå. Det er også ei overordna føring at UDI skal sikre effektiv og forsvarleg saksbehandling, vere open, tilgjengeleg og brukarorientert i verksemda si, og samhandle godt med andre aktørar på feltet. Sjå omtale under programkategori 06.90 over for omtale av dei viktigaste innsatsområda til utlendingsforvaltninga, der både UDI og Utlendingsnemnda (UNE) bidrar.

Postomtale

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UDI. Første halvår 2020 var bemanninga i UDI på 905 årsverk.

I 2020 har regjeringa fremma ein lovproposisjon om styrkt saksbehandling knytt til tilbakekall av statsborgarskap på grunn av urette opplysningar m.m. UDI fekk i 2020 løyvd 12 mill. kroner på kap. 490, post 01, for å byggje ned restansar og gjennomføre tilpassa saksbehandling. For 2021 blir det foreslått å tilføre ytterlegare 5,6 mill. kroner til dette arbeidet i UDI, mot reduksjon på politiets budsjett.

Nasjonalt ankomstsenter i Råde er i full drift frå ultimo 2020, og huser både kontorlokale til saksbehandlinga til UDI og politiet og fasilitetar til innkvartering av asylsøkarane. Løyving til drift av senteret har vore ført over kap. 490, post 21, men det blir foreslått å flytte delen som utgjer leigeutgifter til kontorlokala, over til driftspostane til UDI og Politidirektoratet (POD). Det blir derfor foreslått å auke post 01 med 2,3 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon over kap. 490, post 21.

UDI har lenge hatt ein avtale med International Organisation for Migration (IOM) om ei rekkje tenester knytte til uttak av overføringsflyktningar. Utgiftene til desse tenestene har blitt førte over post 73. Avtalen har blitt reforhandla for første gong sidan 2005 og har blitt noko dyrare. Dessutan har ein del utgifter blitt rekna som administrative utgifter. Det blir derfor foreslått å flytte 4,2 mill. kroner frå post 73 til post 01, og å auke løyvinga på posten med ytterlegare 6,3 mill. kroner for å dekke alle dei administrative utgiftene.

UDI tek imot refusjonar for deltaking i samarbeid under EØS-finansieringsmekanismane over kap. 3490, post 05. Refusjonane skal brukast til å dekke driftskostnader UDI har i samband med deltakinga. I tidlegare år har ikkje UDIs driftskostnader blitt justerte i samsvar med refusjonsinntektene. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 2,1 mill. kroner for at utgiftene samsvarer med refusjonane over kap. 3490, post 05.

I prognosen for 2020 og 2021 er det ein stor auke i talet på søknader om statsborgarskap. Dette heng saman med at prinsippet om eitt statsborgarskap vart avvikla frå 1. januar 2020, jf. Prop. 111 L (2017–2018). Regjeringa foreslår å auke løyvinga til UDI med 25 mill. kroner i 2021 for å auke kapasiteten til å handtere sakene, sjå òg omtale under kap. 440, post 01.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 01, blir rapporterte som bistandsutgifter iht. OECDs retningslinjer om Official Development Aid (ODA), og blir førte som inntekter på kap. 3490, post 01 og post 03, jf. nærmare omtale under posten.

Løyvinga på kap. 490, post 01, kan bli overskriden mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3490, post 05.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1 060,4 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av mottak for asylsøkarar, inkludert integreringsmottak.

Forutan losji skal tilbodet om innkvartering omfatte visse nødvendige sosial- og omsorgstenester, blant anna mat, klede og omsorgstenester for bebuarar med særskilde behov. Løyvinga dekker òg opplærings- og informasjonstiltak, ulike organiserte sosiale aktivitetar som dagtilbod for barn, nødvendig helsehjelp til nykomne asylsøkarar og returfremmande tiltak for bebuarane i mottak. Vidare dekker posten utgifter til blant anna særskilde tiltak som vakthald, tilrettelegging av buforhold og plassering utanfor mottak for personar med særskilde behov, aldersundersøkingar av asylsøkarar som oppgir å vere einslege mindreårige, reise og kost for asylsøkarar i samband med asylintervju, og transport for asylsøkarar til og frå norskopplæring.

Posten omfattar òg midlar til lokala og mottaksdrifta på Nasjonalt ankomstsenter (tidlegare Ankomstsenter Østfold). Dei ekstra utgiftene kommunen har til lovpålagde kommunale tenester fordi han er vertskommune for eit innkomstsenter, kan dekkast over posten.

Behovet for løyving på posten er som hovudregel avhengig av kor mange bebuarar det er i mottak, og dette blir bestemt av talet på asylsøkarar og kor lenge dei blir buande i mottaka. Som vist i omtalen av asylmottak er det venta at det i gjennomsnitt vil vere rundt 1 800 bebuarar i mottak i løpet av 2021. Blant desse vil det vere om lag 60 personar i mottak for einslege mindreårige. I løyvinga er det lagt til grunn at mottaka skal halde oppe ein basiskapasitet på 2 850 plasser for å innkvartere asylsøkarane, og for å ha ein beredskap for å handtere svingingar i innkomstar. Dette er om lag 750 færre plasser i gjennomsnitt samanlikna med 2020, og det blir foreslått å redusere løyvinga med 102,9 mill. kroner i samband med dette.

Nokre smittevernstiltak som vart innførte i 2020 i samband med virusutbrotet, vil bli vidareførte i delar av 2021. Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,4 mill. kr i tilknyting til desse tiltaka.

Det er venta at behovet for å kjøpe inn spesialiserte mottaksplassar i tilbodet «særskild bu- og omsorgsløysing» og institusjonsplassar i helsevesenet berre vil bli marginalt lågare enn det som ligg til grunn for saldert budsjett 2020, sjølv om talet på bebuarar totalt sett er venta å vere betydelig lågare i 2021 enn i 2020. Årsaka er at fleire mottak melder om at det har blitt meir utagering og krevjande åtferd i mottaka, og dermed større behov for særskilde tiltak. Dette er dyre plassar, med ein årspris på rundt rekna 2–3 mill. kroner4 per plass. Det er sannsynleg at ein større del av bebuarane har særskilde behov dels som ein konsekvens av covid-19 og meir utfordrande forhold i mottaka, og at det til dels er ein tilfeldig variasjon. I sum blir det foreslått å redusere løyvinga til dei spesialiserte plassane med 3,8 mill. kroner.

Nasjonalt ankomstsenter i Råde er i full drift frå ultimo 2020, og huser både kontorlokale til saksbehandlinga til UDI og politiet og fasilitetar til innkvartering av asylsøkarane. Drifta av senteret har vore fullt finansiert over post 21, men det blir foreslått å flytte delen som utgjer leigeutgifter til kontorlokala, til driftspostane til UDI og POD. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på post 21 med 8,1 mill. kroner. 5,8 mill. kroner blir overførte til kap. 440, post 01, og 2,3 mill. kroner til kap. 490, post 01.

Samla går utgiftene ned med 62,4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2020.

Det er svært usikkert kor mange asylsøkarar som faktisk vil komme gjennom året, og den faktiske kapasiteten gjennom året kan derfor avvike frå det som blir lagt til grunn ved inngangen til året. Sjå òg forslag til romartalsvedtak om fullmakt om mellombels drift av asylmottak.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 21, blir førte som ODA-godkjende utgifter og blir førte som inntekter under kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 581,4 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse

Posten skal dekke tolking og omsetjing i kommunikasjonen mellom søkarar og UDI i første instans. Løyvinga skal òg dekke kvalitetssikringsarbeid i samband med intervju og omsetjingar. Vidare dekker løyvinga utgifter til nødvendig omsetjing av originaldokument. Løyvinga kan òg dekke tolking og omsetjing for overføringsflyktningar som takast ut frå transittleirar der det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg med tolkar.

Det er forventa at UDI i 2021 vil behandle færre intervju i samband med behandling av søknader om vern enn i 2020. Dette var allereie tilfellet før virusutbrotet, men grensekontrollen og færre asylinnkomstar har gjort at det vil bli endå færre intervju, og dermed også mindre behov for løyving. Regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 8,2 mill. kroner.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 22 kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 07, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 07.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 13,9 mill. kroner.

Post 23 Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overføres

Løyvinga skal brukast til å støtte oppgåveløysinga i UDI ved å utvikle kunnskap om innvandring. I 2019 publiserte UDI fem studiar ved hjelp av midlar frå post 23. Alle rapportane er tilgjengelege på heimesida til UDI:

  • Asylsøkeres digitale hverdag

  • Søk i åpne kilder – hva er lov?

  • Bruk av søk i åpne kilder i UDI og UNE

  • Losing the right to stay

  • Hvem arbeider i asylmottakene? Bemanning og kompetanse ved asylmottakene 2003–2017

I tillegg har posten blitt benytta til evalueringar.

I 2021 planlegg UDI FoU-aktivitetar på same nivå som i 2020, og legg blant anna opp til å vidareføre FoU-studiar som starta opp i 2020. Desse undersøker:

  • faglært arbeidsinnvandring

  • heving av kompetanse om barn i UDI, PU og UNE

  • representantordninga

  • kompetanse hos ansatte i asylmottak om vald i nære relasjonar

  • kvaliteten på asylintervjua i UDI

I tillegg planlegg UDI heilt nye prosjekt som skal starte opp i 2021. Desse vil bli utvikla på grunnlag av kunnskapsbehov som blir identifiserte i siste del av 2020.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 4,8 mill. kroner.

Post 30 Ombygginger, ankomstsenter for asylregistrering og mottak, kan overføres

Det har i perioden 2018-2019 samla vore løyva 162,7 mill. kroner på posten til investeringar i og vidareutvikling av Nasjonalt ankomstsenter (tidlegare Ankomstsenter Østfold). Ankomstsenteret skal stå klar til full drift med ny og meir effektiv innleiande asylsakhandsaming ultimo 2020. Regjeringa foreslår at det ikkje bevilges midler på posten i 2021.

Post 45 Større utstyrsansanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Posten dekker utgifter til blant anna systemutvikling, iverksetjing og installering i tillegg til utstyrskjøp og bruk av interne ressurspersonar i involverte etatar i samband med større investeringar i systemløysingane til utlendingsforvaltninga.

Moderniseringa av IKT-systema til UDI starta i 2017. Tiltaka som er sluttførte eller starta i 2019 og 2020, skal bidra til høgare effektivitet og betre kontroll og styring i heile migrasjonskjeda, inkludert på mottaksområdet.

I 2021 vil UDI gjennomføre tiltak for å betre det underliggjande grunnsystemet, Utlendingsdatabasen (UDB). Ved å byrje å modernisere datastrukturen i UDB vil UDI på sikt redusere manuelle feil i saksbehandlingssystemet, gjere framtidig automatisering mogleg og leggje til rette for at det blir enklare å tilpasse datasystema til regelverksendringar. Det er planlagt at 26,3 mill. kroner av det samla løyvingsforslaget på posten skal brukast til modernisering av IKT-løysingane i 2021.

I forslaget til løyving på posten inngår 29,9 mill. kroner i utgifter til nasjonal utvikling og iverksetjing av IKT-system for grense- og migrasjonskontroll, som Noreg har forplikta seg til gjennom medlemskap i Schengen og andre internasjonale samarbeid. Systema der UDI vil ha større investeringsutgifter i 2021, er visumsystema «VIS» og «Visa Code Recast», systemet for innreise- og utreiseregistrering «Entry/Exit System (EES)» og systemet for registrering av visumfrie tilreisande til Noreg «European Travel Authorisation System (ETIAS)».

Sidan det er usikkerheit kring den sentrale planlegginga, er posten gitt stikkordet «kan overførast».

Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 56,2 mill. kroner.

Post 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak

Vertskommunetilskotet skal dekke utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak og omsorgssenter i kommunen. I tillegg til det ordinære vertskommunetilskotet omfattar ordninga eit særtilskot ved omsorgsplassering og tilskot til kommunar som tek imot og følgjer opp personar med alternativ mottaksplassering (AMOT). UDI forvaltar tilskotsordninga og betaler ut tilskot kvartalsvis når det ligg føre kontrakt med ein driftsoperatør i den respektive kommunen. Kommunane treng ikkje å søke om tilskot.

For 2021 vil desse satsane gjelde:

  • grunnsats per kommune: 700 962 kroner per år

  • sats per ordinære mottaksplass: 10 758 kroner per år

  • sats per plass for einslege mindreårige asylsøkarar: 16 568 kroner per år

  • sats per tilrettelagd plass: 152 318 kroner per år

  • sats per plass i omsorgssenter: 40 864 kroner per år

Vertskommunar for omsorgssenter tek ikkje imot grunntilskot. AMOT inneber at UDI gir tilskot til ein kommune mot at kommunen gir ein person utan opphaldsløyve eller ein flyktning eit butilbod i kommunen i staden for opphald i asylmottak. I tilskotsbrevet blir det stilt krav til korleis kommunen skal bruke tilskotsmidlane. Kommunen skal vurdere individuelt kva for oppfølging personen i AMOT har bruk for. I 2021 vil satsen for AMOT vere 15 697 kroner per plass per månad.

Eigne satsar gjeld for å bidra til å dekke særleg høge barnevernsutgifter i samband med at kommunen får eit auka ansvar for ein mindreårig asylsøkar etter barnevernlova kap. 4. For 2021 vil desse satsane gjelde:

  • særtilskot for barn som har komme til Noreg i følgje med føresette: 29 874 kroner per månad

  • særtilskot for einslege mindreårige: 14 936 kroner per månad

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020 vart det vedteke å innføre gratis heildagsplass i barnehage for eittåringar i asylmottak, med verknad frå august 2020. Regjeringa foreslår å vidareføre dette tilbodet for eittåringane i 2021. Gratis heildagsplass for 2- og 3-åringar blir òg vidareført. Dermed vil det i 2021 bli gitt tilskot heile året for heildagsplass i barnehage for alle barn i mottak frå eitt år og oppover. Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 8,3 mill. kroner mot tilsvarende reduksjon over kap. 231, post 21 under Kunnskapsdepartementet i tilknyting til dette.

Satsane for 2021 er som følgjer:

  • 1- og 2-åringar heildagsplass: 295 970 kroner per år

  • 3–5-åringar heildagsplass: 164 428 kroner per år

  • SFO: 30 076 kroner per år

Behovet for løyving på posten er avhengig av talet på mottak og omsorgssenter, talet på vertskommunar og talet på plassar. Behovet vil derfor kunne endre seg i løpet av budsjettåret.

I 2019 var det totalt 33 kommunar som fekk tilskot for delar av eller heile året. I løpet av året gjekk talet frå 33 kommunar i første kvartal til 29 i fjerde kvartal. Kommunane får betalt ut vertskommunetilskot òg for plassar som ikkje er i bruk.

Løyvingsforslaget er basert på at basiskapasiteten på kring 2 850 mottaksplassar skal haldast oppe i 2021. Det er noko lågare behov for mottaksplassar enn det som vart lagt til grunn for 2020, jf. omtale av kap. 490, post 21, og dette gir forventa mindreutgifter på 14,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2020.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 60, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 149,3 mill. kroner.

Post 70 Stønader til beboere i asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til stønadsordninga som omfattar økonomiske ytingar til livsopphald for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv, og andre nødvendige ytingar. Driftsoperatøren for asylmottaket betaler ut ytingar for bebuarar i asylmottak og får dei refunderte av UDI.

Behovet for løyving på posten er avhengig av talet på bebuarar i mottak og samansetninga av bebuargruppa. Løyvingsforslaget for 2021 er basert på ein prognose på i overkant av 1 800 bebuarar i mottak. Dette er kring 1 100 færre enn det som vart lagt til grunn for 2020. Dette er i hovudsak knytt til lågare innkomstar føregåande år. Vidare vil regjeringas tilrettelegging for å gjennomføre ei eingongsløysing for utlendingar med lang opphaldstid i Noreg redusere talet på bebuarar i mottak noko. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 34,6 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2020. Dette inkluderer 0,1 mill. kroner knytt til fleire utflyttinger frå mottak knytt til eingongsløysinga.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 70, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 50,8 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak, og til veiledning for au pairer

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til ei tilskotsordning til aktivitetstilbod for barn i mottak, og utgifter til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak for au pairar.

Formålet med tilskot til aktivitetstilbodet er å bidra til at barna får ein meiningsfull kvardag og ein så normalisert barndom som mogleg innanfor rammene av eit asylmottak. UDI lyser ut og forvaltar tilskotsordninga i tråd med regelverk som Justis- og beredskapsdepartementet fastset. Tiltaka har bidratt til at barn i mottak har fått fleire moglegheiter til å vere med på sportslege og kulturelle aktivitetar. Sjå nettsidene til UDI for utdjupande opplysningar om tilskotsmottakarane.

Talet på bebuarar i mottak, inkludert barn, er redusert, og opphaldstida er korta ned for dei fleste mottaksbebuarane. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga til tilskotsordninga på 5,2 mill. kroner.

Regjeringa foreslår vidare å løyve 3,3 mill. kroner til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak til au pairar i 2020.

Delar av utgiftene som er knytte til tilskot til aktivitetstilbod på kap. 490, post 71, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 8,5 mill. kroner.

Post 72 Internasjonalt migrasjonsarbeid, og assistert retur og reintegrering i hjemlandet, kan overføres

Formålet med posten er å bidra til:

  • at personar med endeleg avslag på søknad om vern og andre personar utan lovleg opphald i Noreg, returnerer til heimlandet

  • at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet når det er trygt

  • at migrasjon går føre seg på ein velordna, trygg og regulert måte, og at det blir mindre irregulær migrasjon frå enkelte land og regionar

Desse tilskotsordningane til enkeltpersonar blir finansierte over denne posten:

  • reisetilskot ved assistert retur

  • reintegreringstilskot ved assistert retur

  • reintegreringstilskot til utlendingar som er særleg kostnadskrevjande for samfunnet

  • reintegreringstilskot for personar som blir tvangsreturnerte til land UDI har eit returprogram for

  • tilbakevendingstilskot for personar med opphaldsløyve

Justis- og beredskapsdepartementet forskriftsfesta i 2020 ordninga med tilskot til assistert retur. Forskrifta har reglar om reisetilskot og reintegreringstilskot for personar som vel assistert retur, og reintegreringstilskot ved tvangsretur av utlendingar som enten er særleg kostnadskrevjande for samfunnet eller blir returnerte til land UDI har eit særskilt returprogram for. I 2019 vart det gjennomført 213 assisterte returar, og 10 personar fekk tilbakevendingstilskot.

Tabellen under viser talet på returar innanfor kvar ordning og summen som vart brukt til desse ordningane i 2019. Éin retur kan ha fått tilskot frå fleire ordningar.

Tabell 2.12 Returar og rekneskapstal per ordning, 2019

Rekneskap 2019 (i 1 000 kr)

Talet på returar og tilbakevendingar

Voluntary Assisted Return Programme («VARP») – avtale med International Organization for Migration (IOM)

14 966

162

Assistert retur, reintegreringstilskot

308

Assistert retur, reintegreringstilskot til sårbare personar

586

Assistert retur med politiet, reintegreringstilskot

464

51

Landprogram, assistert retur, Somalia

3 069

3

Landprogram (pilot), retur, Marokko

342

15

Landprogram (mellombels), retur, Afghanistan

1 171

431

Verifiseringsavtale, Afghanistan

Tilbakevending, reintegreringstilskot

150

10

Totalt

21 056

1 Omfattar både assisterte returar og tvang

UDI kjøper òg tenester frå organisasjonar for at dei skal bidra med informasjons- og motiveringsarbeid som kan få personar som er busette utanfor mottak, til å returnere til heimlandet. Tilskotsordningane blir forvalta av UDI. Søknadsskjema og informasjon om dei finst på nettsidene til UDI.

Tabell 2.13 Namn på organisasjonar UDI har inngått rammeavtalar med i 2019

Namn

Beløp

NOAS (Norsk organisasjon for asylsøkere)

1 500 000

Caritas

1 400 000

NOMKUS (Norges multikulturelle senter)

1 100 000

Pireus

1 290 000

Totalt

5 290 000

I tillegg blir posten brukt til prosjekt som støttar opp om dialog og forhandlingar med viktige opphavs- og transittland og om velordna, trygg migrasjon, blant anna returavtalar, retursamarbeid og styrking av migrasjonsforvaltninga i opphavs- og transittland. Det kan bli gitt slike prosjekttilskot til tiltak i land Noreg har, eller ønskjer å ha retursamarbeid eller migrasjonspartnarskap med. Justis- og beredskapsdepartementet tildelte 28,5 mill. kroner til slike prosjekttilskot i 2019. Det vart i 2019 gitt tilskot blant anna til eit migrasjonssenter i Sudan, til styrking av migrasjonsforvaltninga i Somalia og til styrking av retur- og grensekontroll i land i Midtausten.

Innanfor ramma til budsjettposten kan departementet endre desse tre typane tilskotsordningar: tilskot til personar som returnerer, tilskot til informasjonstiltak i Noreg og tilskot til prosjekt i andre land.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 72, kan bli førte som ODA-godkjende utgifter og bli førte som inntekter på kap. 3490, post 01 og post 08, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 01 og post 08.

I budsjettforslaget er det tatt utgangspunkt i at det vil bli 250 assisterte returar i 2021.

Det blir foreslått å kutte tilskotsmidlane i 2021 med 14 mill. kroner, sidan målgruppa for returar har blitt mindre over tid utan at løyvingane har vore justert deretter. Av dette er 0,9 mill. kroner knytt til å redusere tilskotssatsane knytt til personar som returnerer slik at dei blir meir på nivå med satsar i andre europeiske land, 5,2 mill. kroner er knytt til kutt i UDIs returfremjande arbeid og 8 mill. kroner blir foreslått kutta i departementet sine internasjonale prosjekter.

Frå 2019 til 2020 vart budsjettføresetninga for assisterte returar justert frå 300 til 250 assisterte returar, og ved ein inkurie vart ikkje løyvinga justert ned tilsvarande. Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten i samband med dette med 9,8 mill. kroner (midlane vil òg bli foreslått trekte ut av 2020-budsjettet).

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 51,2 mill. kroner.

Post 73 Beskyttelse av flyktningar utanfor Noreg m.m., støttetiltak, kan nyttes under kap. 291, post 60

Formålet med posten er å finansiere støtte til arbeidet som FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og eventuelt andre organisasjonar, som International Organization for Migration (IOM), gjer med overføring av flyktningar. Dersom midlar på posten ikkje blir brukte til slik støtte, vil dei bli brukte til å overføre flyktningar til Noreg. Midlane vil bli brukte i nært samarbeid med UNHCR og eventuelt andre organisasjonar. Løyvinga bidrar til å auke kapasiteten UNHCR har til å arbeide med overføringssaker med tanke på både kvantitet og kvalitet. Tilskot blir gitt direkte frå departementet utan utlysing.

I 2019 vart det rekneskapsført 21,1 mill. kroner på posten. Heile løyvinga vart overført til UNHCR. Av dette vart 12,8 mill. kroner løyvde til UNHCRs operative arbeid, blant anna knytt til gjennomføring av norske uttakskommisjonar. Uttakskommisjonar inneber at UDI, IMDi, PU og i nokre høve PST, reiser til vertsland og intervjuar flyktningane som er aktuelle for overføring til Noreg. Det gjekk 8,3 mill. kroner til bruk av personell frå samarbeidsorganisasjonar som inngår i ei ordning med utplassering av personell til aktuelle land (International Catholic Migration Commission, RefugePoint, Dansk Flygtningehjælp og International Refugee Assistance Project).

I tråd med den nye strukturen i avtalen med IOM om uttak av overføringsflyktningar (jf. omtale under post 01) blir det for 2021 foreslått å flytte 4,2 mill. kroner frå post 73 til post 01.

Utgiftene på kap. 490, post 73, kan bli førte som ODA-godkjende utgifter og bli førte som inntekter på kap. 3490, post 06, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 06.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 18,4 mill. kroner.

Post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter m.m., kan overføres

Løyvinga gjeld internasjonale forpliktingar på migrasjonsområdet og dekker kontingentar og andre innbetalingar til det internasjonale samarbeidsorganet European Asylum Support Office (EASO), IKT-systemet VIS, som er eit system for grensekontroll som Noreg er forplikta til å ta i bruk som følgje av at vi deltek i Schengen-samarbeidet, og Eurodac, som er eit biometrisystem for asylsøkarar.

Noregs delinnbetaling blir rekna som ein del av budsjetta til dei ulike organa. Det er venta at Noregs innbetalingar vil auke som følgje av aukingar i budsjetta til EASO og systema VIS og Eurodac.

Innbetalinga knytt til EASO er forventa å auke frå 24,6 mill. kroner i 2020 til 41,8 mill. kroner i 2021. Auken har si årsak i at EASO får fleire aktivitetar, i tillegg til at kronekursen er svekt, og at finansieringa frå Storbritannia ventes å falle bort etter Brexit. Vidare er det venta at kontingentar til IKT-systema for grensekontroll vil auke med 0,4 mill. kroner i 2021, knytt til endringar i valutakurs. Samla blir det derfor foreslått å auke løyvinga på posten med 19 mill. kroner.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 55,4 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres

Løyvinga dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og eventuelt mottak av asylsøkarar for å fordele byrde mellom EU/Schengen-land, og reiseutgifter for flyktningar som vender tilbake til heimlandet sitt. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar.

Løyvinga på posten varierer med storleiken på den norske kvoten for overføringsflyktningar.

Det er lagt til grunn at det vil komme 3 500 overføringsflyktningar til Noreg i 2021. Årsaka til auken samanlikna med 2020 er at det er venta at ein del av flyktningane frå kvoten i 2020 vil ha forseinka innkomst på grunn av covid-19, slik at dei kjem i 2021 i staden for i 2020.

Eit anna forhold som medfører auka utgifter, er Noregs reforhandling av avtalen med International Organization for Migration (IOM) knytt til administrasjon av reisa til overføringsflyktningar, jf. omtale under post 01.

Delar av utgiftene på kap. 490, post 75, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 03, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 03.

Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 35 mill. kroner.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter

786

769

1 170

03

Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter

21 852

31 094

49 927

04

Asylmottak, ODA-godkjente utgifter

308 351

343 876

264 914

05

Refusjonsinntekter

5 716

7 018

4 623

06

Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter

21 066

21 982

22 624

07

Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter

8 840

20 635

13 212

08

Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter

37 834

113 692

26 783

Sum kap. 3490

404 445

539 066

383 253

Innleiing

Visse utgifter under Utlendingsdirektoratets (UDI) kap. 490 kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (Official Development Assistance, «ODA») og inntektsførast under kap. 3490. Desse utgiftene blir altså rekna som ein del av Noregs bistandsbudsjett. Under følgjer ei oversikt over dei ulike postane og delane av verksemda til UDI som kan reknast som utviklingshjelp, i tillegg til omtale av post 05, som består av refusjonsinntekter UDI mottek.

Etter OECD/DACs (Development Assistance Committee) retningslinjer kan visse flyktningutgifter knytte til opphald i Noreg og tilbakevending til heimlandet klassifiserast som offisiell internasjonal bistand (ODA). Kva for utgifter som skal reknast som bistand, er regulert i retningslinjene til OECD. På bakgrunn av nye presiseringar frå OECD gjer Noreg frå og med 2019 fleire endringar i rapporteringa, jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Justis- og beredskapsdepartementet og for Utanriksdepartementet. Den nye praksisen er lagd til grunn for berekninga av løyvingsforslaga for 2021.

Postomtale

Post 01 Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter

Utgifter til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og utgifter til at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell internasjonal bistand. Regjeringa foreslår at deler av utgiftene på kap. 490, post 01 og 72, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 1,2 mill. kroner på kap. 3490, post 01, i 2021.

Post 03 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter

Reiseutgifter til og frå utlandet for flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at 14,9 mill. kroner av utgiftene på kap. 490, post 01 og utgiftene på post 75, knytte til administrative tenester i samband med at flyktningar reiser, blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 49,9 mill. kroner på kap. 3490, post 03, i 2021.

Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at deler av utgiftene på kap. 490, post 01, post 21, post 60, post 70 og post 71, blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 264,9 mill. kroner på kap. 3490, post 04, i 2021.

Post 05 Refusjonsinntekter

Posten består av refusjon for at andre verksemder har brukt IKT-systemet DUF, refusjon for deltaking i europeiske samarbeidsprosjekter og andre mindre refusjonar. På bakgrunn av erfaringstal blir det foreslått å løyve 4,6 mill. kroner i 2021. Det blir foreslått at løyvinga på kap. 490, post 01, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3490, post 05, jf. forslag til vedtak.

Post 06 Beskyttelse av flyktninger utenfor Norge m.m., ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til overføring av flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at utgiftene på kap. 490, post 73, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 22,6 mill. kroner på kap. 3490, post 06, i 2021.

Post 07 Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter

Utgifter til tolk, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Det blir foreslått at utgiftene på kap. 490, post 22, blir rapporterte som bistand. I samband med dette blir det foreslått å inntektsføre 13,2 mill. kroner på kap. 3490, post 07, i 2021.

Post 08 Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til eit tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og/eller transittland, og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC. Regjeringa foreslår at relevante utgifter under kap. 490, post 72, og kap. 400, post 23, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 26,8 mill. kroner på kap. 3490, post 08, i 2021.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

(i 1 000 kr)

Post

Betegnelse

Regnskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter, kan nyttes under post 21

275 245

285 316

277 709

21

Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under post 1

7 702

12 625

15 894

Sum kap. 0491

282 947

297 941

293 603

Innleiing

Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstans for vedtak UDI har gjort, og skal bidra til ei samstemd, effektiv, rettssikker, føreseieleg og brukarvennleg utlendingsforvaltning som brukarane har tillit til. UNE fungerer som eit uavhengig forvaltningsorgan når dei gjer vedtak i klagesaker. UNE vurderer både asylsaker og opphaldssaker etter utlendingslova, i tillegg til saker om statsborgarskap. UNE saksbehandlar òg krav om omgjering av eigne vedtak. UNE har ei eiga prosedyreeining som prosederer ein del av UNE sine saker i rettssystemet i samarbeid med Regjeringsadvokaten.

Justis- og beredskapsdepartementet har fastsett målet «Kontrollert og berekraftig innvandring», som UNE skal bidra til å nå. Sjå omtale under programkategori 06.90 over for ein omtale av dei viktigaste innsatsområda der både UDI og UNE bidrar.

Postomtale

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 491, post 21

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UNE. Per 30. juni 2020 var bemanninga i UNE på 210 årsverk. Dette er om lag 17 færre årsverk enn i 2020, noko som bidrar til redusert løyvingsbehov på posten. Som følgje av nedbemanning og effektiviseringstiltak har UNE og redusert driftsutgiftene sine. Regjeringa foreslår derfor å redusere posten med 25 mill. kroner i 2021.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 491, post 01, med 10,6 mill. kroner for å gjennomføre lovendringane knytte til tilbakekall av statsborgarskap og for å byggje ned talet på ubehandla saker, jf. omtale ovanfor.

Regjeringa foreslår å løyve 3,7 mill. kroner til å handtere saker knytt til eingongsløysinga for utlendingar med lang opphaldstid i Noreg.

Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 277,7 mill. kroner. Når ein tek omsyn til dei gjeldande prognosane og samansetninga av saker, legg løyvingsforslaget til rette for å halde ved lag situasjonen med relativt korte saksbehandlingstider.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under kap. 491, post 01

Løyvinga på posten skal dekke utgifter i samband med avvikling av nemndmøte. Det er den enkelte nemndleiaren som, ut frå regelverket, avgjer om det skal setjast nemnd i den enkelte saka. Nemndutgiftene omfattar blant anna godtgjersle for reise og opphald for nemndmedlemmer og tolkar i tillegg til reise- og opphaldsutgifter for advokatar og klagarar. UNE utsette nemndmøte frå mars til mai 2020 som følgje av utbrotet av covid-19 og restriksjonar knytte til dette. I mai 2020 vart det vedteke mellombelse endringar i utlendingslova for å avhjelpe konsekvensar av covid-19-utbrotet. Desse gjorde blant anna at det vart mogleg for UNE å halde fjernmøte. Lova blir oppheva 1. november 2020, men regjeringa har eit forslag på høring om forlenging frem til 1. juni 2021.

Posten skal òg dekke sakskostnadene til klagaren ut frå forvaltningslova § 36 og i tillegg reise- og opphaldsutgifter for sakføraren i samband med tvunge verneting for utlendingssaker.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 491, post 21, med 2,5 mill. kroner for å gjennomføre lovendringane knytte til tilbakekall av statsborgarskap og for å byggje ned talet på ubehandla saker, jf. omtale ovanfor.

Regjeringa foreslår å løyve 0,4 mill. kroner til å handtere saker knytt til eingongsløysinga for utlendingar med lang opphaldstid i Noreg.

Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 15,9 mill. kroner.

Fotnotar

1.

SSB Befolkningen på Svalbard

2.

Ein del asylsøknader blir ikkje realitetsbehandla i Noreg, men blir avslått etter Dublin-regelverket.

3.

Årsverk er her definert som gjennomsnitt for året, og inkluderer alle grupper av tilsette (faste, midlertidige og ekstrahjelp/sommervikarer). Berekninga utelèt dei som er i korte eller lange permisjonar, men inkluderer dei som er i korte eller lange sykefråvær.

4.

Basert på dagens avtala. Avtalane for begge plasstypane vil bli reforhandla i løpet av 2020, så prisane kan bli endra.

Til forsida av dokumentet