Selje kommune - fylkeslandbruksstyret si motsegn mot forslag til reguleringsplan for Stavset (jordvern)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn frå Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane til reguleringsplan for bustadområde på Stavset i Selje kommune. Departementet legg vekt på omsynet til jordvern, kulturlandskap og at det ikkje er mangel på ledige bustadtomter i denne delen av kommunen.

Selje kommune - Fylkeslandbruksstyret si motsegn mot forslag til reguleringsplan for Stavset


Vi viser til brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane datert 7.april 2008. Saka er i samsvar med plan- og bygningslova § 27-2 nr.2 sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd, etter motsegn frå Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane. Motsegna er grunngjeve med omsyn til jordvern og kulturlandskap.

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn frå Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane til reguleringsplan for bustadområde på Stavset i Selje kommune. Departementet legg vekt på omsynet til jordvern, kulturlandskap og at det ikkje er mangel på ledige bustadtomter i denne delen av kommunen.

Bakgrunn for saka
Perly Bye har lagt fram privat reguleringsforslag for delar av gbnr 25/8 på Stave i Selje kommune. Planområdet er på ca. 10 daa og legg til rette for byggeområde med 5 nye bustader. Innanfor planområdet er i tillegg til dei nye bustadtomtene, ei tidligare frådelt og utbygd bustadtomt, eksisterande opparbeidde vegar (ny tilkomst frå hovudveg for fleire eigedomar) og eit mindre areal lagt ut til fellesområde – felles leikeplass. Det aktuelle arealet er i gjeldande kommuneplan frå 1995 lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF), og om lag 6 daa er klassifisert som fulldyrka A-jord. Området ligg 600-700 meter frå sentrum med skule.

Fylkeslandbruksstyret vedtok i møte 14.desember 2007 motsegn til reguleringsplan for bustadområde på Stavset i Selje kommune av omsyn til nasjonale mål om vern av jordbruks-areal. Fylkeslandbruksstyret viste til at areala ligg midt i eit større samanhengande område med fulldyrka jord, og at kommunen ikkje har utførd overordna planprosess der behovet for å omdisponere jordbruksareala er dokumentert. Etter deira vurdering framstår planframlegget som tilfeldig arealdisponering, motivert ut frå grunneigar sitt ønskje om å omdisponere delar av landbrukseigedomen til bustadføremål. Fylkeslandbruksstyret viser til at det er eit godt arealforvaltningsprinsipp å legge ut nye byggjeområde enten som utviding av eksisterande bustadfelt, eller som naturleg utviding av eit sentrum – ikkje midt i eit jordbruksområde.

Mekling er drøfta med kommunen og fylkeslandbruksstyret, men fylkesmannen kom fram til at det ikkje var føremålstenleg i denne saka.

Kommunestyret i Selje vedtok planforslaget i møte den 25.februar 2008.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tilrår i oversendingsbrevet at motsegna vert teken til følgje. Det vert vist til at motsegna er godt og sakleg grunngjeve og basert på den nasjonale landbrukspolitikken. Arealet er høgt klassifisert jordbruksland, og omdisponering av arealet vil hindre framtidig jordbruksproduksjon og bryte opp eit samanhengande jordbruksareal. I vurderinga av planforslaget opp mot jordbruksinteressene har fylkesmannen lagt vesentlig vekt på at det i denne delen av kommunen ikkje er mangel på ledige bustadtomter. Omdisponeringa vert vurdert å vere klart i strid med den nasjonale arealpolitikken på området, og fylkesmannen påpeikar at kommunen bør revidere den gamle arealdelen i kommuneplanen frå 1995 før nye bustadsområde vert lokalisert. Kommunen bør gjennom ein slik overordna planprosess utpeike kjerneområde for landbruk.

Synfaring skjedde 16.juni 2008 med representantar for kommunen, fylkesmannen i Sogn og Fjordane,  Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet. Grunneigaren var representert under møtet og til stades under synfaring.

Landbruks- og matdepartementet (LMD) meiner omsynet til langsiktig vern av land-brukets produksjonsareal må tilleggjast størst vekt i denne saka, og tilrår i brev av 2.oktober 2008 at motsegna frå Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane vert teken til følgje.

Departementet viser til Soria-Moria-erklæringa, som understrekar at norsk matjord er ein knapp ressurs som det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på for dei neste generasjonane. LMD viser og til målsetjinga om å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle jordressursane innan 2010. Det vert vidare vist til St.prp. nr.1 (2007-2008) for LMD, der det blir understreka at vern av ikkje-fornybare arealressursar er høgt politisk prioritert, og at regjeringa skal arbeide for ”ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet”.

LMD viser til at det ved synfaringa vart opplyst om at tilsvarande planar frå Selje kommune er under handsaming. LMD påpeikar at dei finn det uheldig at kommunen ikkje er meir medviten sitt ansvar og sjølv tek grep for å styra arealbruken. LMD framhevar at det er viktig at kommunen fyljer opp nasjonale mål om vern av verdfulle jordressursar. Vedtak av private reguleringsframlegg som er i klar motstrid med nasjonale mål er lite heldig planpraksis. Departementet finn at allereie frigjevne areal til bustadføremål må kunne utnyttast, og at det sterke presset på omdisponering av viktig landbruksareal i Noreg i dag tilseier ein lojalitet til langsiktig planlegging.

 
Miljøverndepartementet si vurdering
Regjeringa meiner norsk matjord er ein ressurs som det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på for våre etterkomarar. Det er fastsett eit nasjonalt mål om å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle ressursane innan 2010. Regjeringa forventar strengare praksis i kommunane når det gjeld jordvern og minske i omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord, jf. brev 21.februar 2006 frå Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet og St.meld. nr. 26 (2006-2007) om Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand.

Arealet på Stave er 10 dekar, og av dette er 6 dekar dyrka mark som inntil nyleg har vore i drift. Området inngår i eit større samanhengande ope kulturlandskap med spreidd bustad-bygging (gardstun), prega av lang tids kultivering. Vidare bustadbygging vil endre området og auke presset mot tilgrensande jordbruksareal. Det er allereie oppført ein bustad i området det er reist motsegn til. Departementet er og kjent med at det ligg føre motsegn til eit tilgrensande privat planframlegg med 5 nye bustader og ein eksisterande bustad.

Etablering av nye bustadområde på Stave vil bidra til eit utflytande utbyggingsmønster og skape press mot resten av jordbruksareala. Omdisponering av verdfullt jordbruksareal bør avgrensast til område der dette er heilt nødvendig for å oppnå gode og framtidsretta utbyggingsmønster. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre sterke grunnar for at jordvern- og kulturlandskapsomsyn skal måtte vike for utbygging av bustader ved Stave. Kommunen bør avvente utlegging av ytterlegare areal til bustader til kommuneplanens arealdel er revidert, slik at nye byggjeområde vert lokalisert i ein overordna planprosess med eit langsiktig perspektiv.

Departementet finn etter dette ikkje grunnlag for å godkjenne reguleringsplan for bustader på Stavset, og motsegna vert såleis teken til følgje.


Vedtak

I medhald av § 27-2 nr.2 i plan- og bygningslova finn departementet ikkje å kunne godkjenne reguleringsplan for bustadområde på Stavset i Selje kommune.
Motsegn frå Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane er dermed teken til følgje.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.


Med helsing


Erik Solheim

 

Kopi:
Selje kommune, 6740 Selje
Landbruk- og matdepartementet, Pb. 8007 Dep, 0030 Oslo
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger
Perly Bye, 6750 Stadlandet