St.meld. nr. 24 (2004-2005)

Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Bakgrunn

I dei seinare åra har det kome fram, mellom anna gjennom media, Stiftelsen Rettferd for taperne og søknader om rettferdsvederlag, at fleire personar i barndommen i 1950–1960-åra blei utsette for omsorgssvikt og overgrep under opphald i barneverninstitusjonar.

I juni 2003 slo eit granskingsutval fast at det skjedde fysiske og seksuelle overgrep ved barneheimar i Bergen i perioden 1954-1980. Det var svikt både i det kommunale tilsynet og i det statlege overtilsynet. Granskingsutvalet konkluderte med at ansvaret for forholda i hovudsak måtte plasserast hos Bergen kommune som systemansvarleg. Bergen kommune vedtok å etablere ei kommunal rettferdsvederlagsordning med erstatning på opptil kr 725 000.

Senter for Krisepsykologi utarbeidde på oppdrag frå Barne– og familiedepartementet ei evaluering av granskinga i Bergen. Dei konkluderte med at gransking av enkeltinstitusjonar kan vere forsvarleg, ettersom det i seg sjølv kan opplevast som ei form for oppreisning. Men det blir peika på at det er ei stor påkjenning for enkeltpersonar å skildre eigne opplevingar i detalj i ettertid. Det blir derfor sterkt tilrådd å sjå på andre løysingar.

Våren 2004 blei det sett i gang gransking i Oslo. Etter mandatet skal utvalet granske eventuelle ureglementerte forhold ved institusjonar der barnevernstenesta i Oslo plasserte barn i perioden 1954 til 1993. Rapport skal leggjast fram ved utgangen av 2005. I januar 2005 oppnemnde fylkesmannen i Rogaland på oppdrag frå Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune eit utval som skal granske eventuelle ureglementerte forhold ved institusjonar i Rogaland fylke. Granskinga gjeld institusjonar der barn blei plasserte av barnevernstenestene i kommunane i fylket i perioden 1954 til 1993. Utvalet skal leggje fram ein første rapport innan 1. april 2006 dersom sluttrapport ikkje kan leggjast fram innan denne datoen. Også andre kommunar vurderer å setje i gang granskingar.

Ei interdepartemental arbeidsgruppe har i ein rapport frå desember 2003 vurdert ei felles tilnærming og handtering av erstatningskrav frå ulike grupper i samfunnet. Regjeringa har slutta seg til konklusjonane i rapporten frå arbeidsgruppa, og oversende han til Stortinget i juni 2004 som vedlegg til St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener .

Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget stilte i oktober 2003 spørsmålet om barne- og familieministeren hadde oversikt over omfanget av overgrep mot barneheimsbarn i Noreg i perioden 1950–1980, og om årsakene til at overgrep eventuelt kunne skje. Komiteen blei informert om at statsråden ville setje ned eit utval med det formålet å kartleggje omfanget av og bakgrunnen for omsorgssvikt og overgrep mot barneheimsbarn i perioden 1945–1980. Statsråden uttalte at det etter dette ville bli vurdert korleis ein skulle gå vidare med den kunnskapen som blei henta inn. Kartleggingsutvalet, leidd av professor Edvard Befring, la fram rapporten sin 1. november 2004. Rapporten er trykt i NOU 2004: 23 Barnehjem og spesialskoler under lupen. Nasjonal kartlegging av omsorgssvikt og overgrep i barneverninstitusjoner 1945–1980.

Kunnskap om omfanget av og om årsakene til at det kunne skje overgrep i barneverninstitusjonar i perioden 1945–1980, finst no tilgjengeleg gjennom rapporten frå kartleggingsutvalet. Utvalet kjem også med tilrådingar om oppfølgjing.

1.2 Innhaldet i meldinga

Nedanfor vil omgrepet «spesialskular» bli brukt om skuleheimar/spesialskulane for barn og ungdom med tilpassingsvanskar/verneskular, som kartleggingsutvalet viser til.

I kapittel 2 er det gjort greie for innhald, konklusjonar og tilrådingar i St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener. Det blir gitt ei oversikt over forslaget til tilnærming og handtering av erstatningskrav frå ulike grupper i samfunnet. Det blir òg presentert ei oversikt over Stortinget si rettferdsvederlagsordning, og ei oversikt over korleis rettferdsvederlagssakene som gjeld barneheims- og spesialskulebarn blir behandla i dag. Det blir kort gjort greie for tilpassingane i rettferdsvederlagsordninga som er foreslått for krigsbarn, romanifolk/taterar og eldre utdanningsskadelidne samar og kvener. Kapittel 3 presenterer sentrale konklusjonar i NOU 2004: 23 Barnehjem og spesialskoler under lupen (kapittel 1) og tilrådingane om sjølve erstatningsspørsmålet (punkt 12.4) i rapporten. Kapittel 4 presenterer innspel og krav frå Stiftelsen Rettferd for taperne og frå støttegruppene i Stavanger, Bergen og Oslo, frå Statens råd for funksjonshemma og innspel frå Bergen, Stavanger og Oslo kommune.

I kapittel 5 kjem Barne- og familiedepartementet med si vurdering av dei ulike innspela frå kartleggingsutvalet, interessegruppene og kommunane når det gjeld kvalitet og kontroll, dei generelle velferdsordningane og erstatningsrettslege ansvarsforhold. Desse spørsmåla blir vurderte på bakgrunn av dei gjeldande ordningane på området.

Kapittel 6 omhandlar nærare kartleggingsutvalet sine konklusjonar og tilrådingar når det gjeld tilpassingar av Stortinget si rettferdsvederlagsordning.

1.3 Oppsummering

Barne- og familiedepartementet vil understreke at det var mange tilsette i barneheimane og spesialskulane som gjorde ein stor innsats for at barna skulle få gode oppvekstvilkår. Mange av institusjonane fungerte som gode erstatningsheimar. Oppfølginga i denne meldinga rettar seg mot den gruppa som kartleggingsutvalet fann blei utsette for omsorgssvikt og overgrep, jf. NOU 2004: 23 Barnehjem og spesialskoler under lupen.

Forslaga i St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener , som også inneheld forslag om ei generell behandling av nye erstatningskrav frå ulike grupper i samfunnet, vil i hovudsak bli lagde til grunn. Meldinga ligg til behandling i Stortinget.

Kartleggingsutvalet hadde som mandat å skaffe fram kunnskap om omsorgssvikt og overgrep i institusjonar der barnevernet plassererte barn i tidsrommet 1945–1980. Formålet med kartlegginga var å få fram ei meir heilskapleg oversikt over omfanget av omsorgssvikt og overgrep, bakgrunnen for at dette kunne skje, og korleis tilsynsfunksjonane blei utførte.

Barne- og familiedepartementet legg til grunn konklusjonane til kartleggingsutvalet om at det skjedde omsorgssvikt og overgrep av til dels alvorleg karakter ved barneheimar og spesialskular i perioden 1945–1980.

Kartleggingsutvalet kjem med tilrådingar om å styrkje kontrollen med og kvaliteten i barneverninstitusjonar, og dei peikar på moglege modifikasjonar i den alminnelege erstatningsretten. Dei meiner vidare at ved sida av velferdsordningane i samfunnet vil Stortinget si rettferdsvederlagsordning vere den viktigaste ordninga for erstatning til dei som er omfatta av mandatet. Fordi denne gruppa allereie fell inn under ordninga, meiner kartleggingsutvalet at det bør vere aktuelt å gjere ei tilpassing av ordninga i desse sakene.

Krav og innspel frå Stiftelsen Rettferd for taperne og støttegruppene i Stavanger, Bergen og Oslo blir lagde fram. Støttegruppene ønskjer mellom anna tilpassingar i helse- og trygdeordningane, nasjonale retningsliner for kommunale granskingar, at statleg erstatning ikkje skal vere til hinder for kommunal erstatning, og at det blir utbetalt lik delerstatning til alle på kr 725 000. Stiftelsen Rettferd for taperne ønskjer lik erstatning til alle på kr 500 000. Statens råd for funksjonshemma ønskjer lik rettferdsvederlagsordning for alle barn som har vore plasserte utanfor heimen, uavhengig av heimelsgrunnlag og institusjonstype. Bergen, Stavanger og Oslo kommune reiser nokre spørsmål om samordningar mellom statleg og kommunal erstatningsordning.

Barne- og familiedepartementet er oppteke av at omsorgssvikt og overgrep ikkje må skje igjen. Denne meldinga viser til at kvaliteten i og kontrollen med barneverninstitusjonane er styrkt gjennom nytt regelverk og omorganisering innanfor barnevernet i samband med opprettinga av den nye Barne-, ungdoms- og familieetaten. Forholda ved barneverninstitusjonane blir nøye følgde, mellom anna gjennom styringsdialogen med etaten.

Regjeringa legg dei generelle velferdsordningane til grunn og foreslår ingen endringar særleg tilpassa gruppa av tidlegare barneheims- og spesialskulebarn. I tråd med St.meld. nr. 44 (2003–2004) blir det vist til at gjeldande velferdsordningar framleis skal gjelde alle borgarar som har behov for slike tenester. Tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som har behov for hjelp og stønad, må få dette gjennom dei gjeldande ordningane. Barne- og familiedepartementet viser til rettleiingstenesta i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, som gjev informasjon om rettferdsvederlagsordninga. Tenesta gjev også ved behov rettleiing i å finne fram til rett hjelp og stønad innanfor det ordinære velferdssystemet, og med å etablere kontakt med det lokale hjelpeapparatet. Tenesta blei styrkt ved utgangen av 2004.

NOU 2004: 23 har vist at det var fleire og samansette årsaker til at overgrep og omsorgssvikt kunne skje i barneheimar og spesialskular. Forholda ved institusjonane der det skjedde omsorgssvikt og overgrep, var dels fagleg, pedagogisk og etisk kritikkverdige, dels direkte ulovlege. Det er ikkje mogleg å peike på ei generell ansvarsfordeling mellom staten, kommunane og private i desse sakene. Ansvarsforholda må vurderast konkret i forhold til enkeltsaker. Det kommunale sjølvstyret gjer at det vil vere opp til kommunane å vurdere på sjølvstendig grunnlag korleis dei vil stille seg til krav om kommunal gransking eller erstatning. Det følgjer av dette at det også vil vere kommunane som må bere ansvaret for dei eventuelle økonomiske kostnadene. Erstatningsrettslege krav retta mot staten på bakgrunn av overgrep eller omsorgssvikt under opphald i barneheimar eller spesialskular vil bli behandla på ordinær måte av det enkelte fagdepartement.

Barne- og familiedepartementet viser til at det er gjort endringar i § 9 i lov om foreldelse av fordringer. Ved lovendringa blei det gjort unntak frå den absolutte foreldingsfristen på 20 år ved personskade dersom skaden blei valda medan den skadelidne var under 18 år. Lovendringa gjeld også krav som ikkje var forelda då endringa blei sett i kraft. Etter Regjeringa sitt syn er det ikkje behov for andre endringar i den alminnelege erstatningsretten. Det er vidare generelt ikkje ønskjeleg å lage nye særreglar avgrensa til å gjelde for enkeltgrupper.

Barne- og familiedepartementet meiner at rettferdsvederlagsordninga er ei viktig form for vederlag for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som ikkje har rettsleg krav på erstatning. Rettferdsvederlagsordninga er subsidiær. Det er likevel ikkje eit vilkår for å søkje om rettferdsvederlag at ein først har fremma eit ordinært erstatningsrettsleg krav. I dei fleste tilfella vil Stortinget si rettferdsvederlagsordning vere aktuell. Vurderinga av om det skal gjerast ei tilpassing av rettferdsvederlagsordninga for denne gruppa, må – jf. forslaget i St.meld. nr. 44 (2003–2004) vedlegg 1 – gjerast av Stortinget.

Barneheims- og spesialskulebarna er etter Barne- og familiedepartementet si vurdering i ei mellomstilling i forhold til forslaga til framgangsmåte for behandling av framtidige erstatningsrettslege krav, slik dette går fram av vedlegg 1 til St.meld. nr. 44 (2003–2004). Den politiske prosessen om erstatning til barneheims- og spesialskulebarn og den etterfølgjande utgreiinga var sett i gang før St.meld. nr. 44 (2003–2004) blei lagd fram. Regjeringa har derfor funne det tenleg å leggje ein nærare gjennomgang av tilrådingane frå kartleggingsutvalet om tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning fram for Stortinget til vurdering.

Kartleggingsutvalet meiner at det må vere mogleg å gje klare retningsliner og visse føringar i forhold til det som blir praktisert i dag. Dette kan også føre til noko større grad av standardisering i tildelingskriteria. Utvalet meiner vidare at deira forslag vil kunne føre til at saksbehandlinga kan forenklast og dermed vere mindre ressurskrevjande.

Kartleggingsutvalet foreslår at det ved alvorlege fysiske og seksuelle overgrep i mindre grad enn i dag bør leggjast vekt på kriteriet om kva for følgjer desse overgrepa har hatt for den enkelte. Dette for å markere det uakseptable i at slike overgrep kunne skje overfor barn som var under omsorg av det offentlege. Kartleggingsutvalet peikar på at det kan vere vanskeleg å dokumentere omsorgssvikt og fysiske og seksuelle overgrep. Utvalet foreslår mellom anna at krava til bevis for alvorlege fysiske og seksuelle overgrep må kunne senkast noko ved at ei eigenerklæring om slike forhold blir tillagd stor vekt.

Stiftelsen Rettferd for taperne og støttegruppene har fremma forslag om likt beløp på høvesvis kr 500 000 og 725 000 til alle tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som har vore utsette for omsorgssvikt og overgrep. Barne- og familiedepartementet viser til regjeringa sitt standpunkt i St.meld. nr. 44 (2003–2004) punkt 10.1 om at den øvre grensa på 200 000 kroner skal gjelde for dei gruppene som er omhandla der. Rettferdsvederlag tek ikkje sikte på å dekkje det samla økonomiske tapet søkjaren har hatt. Erstatninga er meint som ei «handsrekking», der beløpet blir utmålt skjønnsmessig basert på kva som er rimeleg. Billighetserstatningsutvalet gjer vedtak i dei fleste sakene, men det er Stortinget som tek avgjerda i saker der det kan vere aktuelt å tilkjenne erstatning med meir enn 200 000 kroner, og i saker av «særleg politisk art». Når det gjeld saker av «særleg politisk art», er det vist til at dette i første rekkje vil dreie seg om saker der fleire fremmar søknader innanfor problemområde som kan samanliknast, eventuelt saker som reiser prinsippspørsmål som gjer det ønskjeleg med ei meir omfattande politisk behandling. Kartleggingsutvalet meiner at det offentlege hadde eit særskilt ansvar for barn som vart plasserte i institusjonar, og som det offentlege hadde teke omsorgsansvaret for. Forholda ved institusjonane der barna var utsette for omsorgssvikt og overgrep, var både fagleg, pedagogisk og etisk kritikkverdige, dels var dei direkte ulovlege, også etter dåtidas normer og lov- og regelverk.

Kartleggingsutvalet seier at rettferdsvederlag som i dag kan tildelast etter ei individuell vurdering, men det kan også vere ein tanke å innføre ein større grad av standardisering når det gjeld storleiken på rettferdsvederlaget.

Det vil vere opp til Billighetserstatningsutvalet og Stortinget å vurdere storleiken på rettferdsvederlag gitt gjennom Stortinget si rettferdsvederlagsordning for denne gruppa.

Av omsyn til rettferd og likebehandling finn Regjeringa det rimeleg at eventuelle tilpassingar i rettferdsvederlagsordninga blir gjorde gjeldande for alle barn som var plasserte i barneheimar og skuleheimar/spesialskular for barn og ungdom med tilpassingsvanskar/verneskular, uavhengig av plasseringsgrunnlaget. Regjeringa meiner at i den grad barn i andre statlege spesialskular eller institusjonar for funksjonshemma har vore i same situasjon som det kartleggingsutvalet har avdekka, vil Stortinget kunne ta stilling til om ei tilpassing av rettferdsvederlagsordninga for barneheims-/spesialskulebarna òg skal gjelde for desse.

Barne- og familiepartementet viser elles til at ein har styrkt Barne-, ungdoms– og familiedirektoratet, som arbeider med innstilling i saker om rettferdsvederlag. Det er vidare sett av midlar for å sluttføre arbeidet med å skaffe fram og systematisere relevant arkivmateriale, eit arbeid som blei starta av kartleggingsutvalet. Dette gjer at det etter kvart vil finnast meir materiale som både kan fungere som generell dokumentasjon, og som kan føre til ytterlegare effektivisering av behandlinga av enkeltsaker i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Barne- og familiedepartementet kjem i denne meldinga ikkje med framlegg om ei ny erstatningsordning. Tilrådingar frå kartleggingsutvalet om tilpassingar i Stortinget si rettferdsvederlagsordning blir lagt fram. Stortinget må ta avgjerd om dette. Meldinga vil derfor ikkje i seg sjølv ha administrative og økonomiske konsekvensar.

Til forsida