St.meld. nr. 24 (2004-2005)

Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar

Til innhaldsliste

6 Nærare gjennomgang av tilrådingane frå kartleggingsutvalet om tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning

6.1 Innleiing

Sitatet under er henta frå St.meld. nr. 44 (2003–2004) punkt 3.2:

«I de tilfeller der statlige myndigheter finner det rimelig å tilkjenne økonomisk kompensasjon til personer i en gruppe som ikke har rettslig krav på erstatning, kan billighetserstatningsordningen tilpasses slik at den imøtekommer disse kravene. Dette kan gjøres ved at Stortinget benytter seg av sin mulighet til å gi nye retningslinjer.»

Kartleggingsutvalet, jf. NOU 2004: 23, meiner at rettferdsvederlag vil vere den viktigaste forma for erstatning til dei som kjem inn under mandatet til utvalet. Vidare peikar utvalet på at sidan desse gruppene allereie kjem inn under rettferdsvederlagsordninga, bør det vere aktuelt å gjere ei tilpassing av denne ordninga for desse sakene.

Barne- og familiedepartementet meiner også at rettferdsvederlag er ei viktig form for vederlag for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn som ikkje har rettsleg krav på ordinær erstatning. Det må understrekast at rettferdsvederlagsordninga er subsidiær. Det er likevel ikkje eit vilkår for å søkje om rettferdsvederlag at ein først har fremma erstatningsrettsleg krav. I dei fleste tilfelle vil Stortinget si rettferdsvederlagsordning vere aktuell for denne gruppa.

Barneheims- og spesialskulebarna er etter Barne- og familiedepartementet si vurdering i ei mellomstilling i forhold til forslaga til framgangsmåte for behandling av framtidige erstatningsrettslege krav, slik dette går fram av vedlegg 1 til St.meld. nr. 44 (2003–2004). Gjennom fleire år har det vore reist krav om gransking og erstatning frå denne gruppa. Dette er såleis ikkje «nye» krav. Kontroll- og konstitusjonskomiteen peika overfor statsråd Dåvøy på at det var nødvendig å få ei samla oversikt over situasjonen, og etterspurde i oktober 2003 ei oversikt over omfanget av overgrep og årsakene til at overgrep kunne skje i perioden 1950–1980. Gjennom rapporten frå kartleggingsutvalet har ein no fått faktakunnskap om omfanget av og årsakene til omsorgssvikt og overgrep. I tillegg har utvalet kome med tilrådingar mellom anna når det gjeld erstatningsrettslege spørsmål. Den politiske prosessen og den etterfølgjande utgreiinga var såleis sett i gang før St.meld. nr. 44 (2003–2004) blei lagd fram.

Regjeringa har derfor funne det tenleg å leggje ein nærare gjennomgang av tilrådingane frå kartleggingsutvalet om tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning fram for Stortinget til vurdering.

Barne- og familiedepartementet vil understreke at det i tråd med forslaga i vedlegg 1 i St.meld. nr. 44 er Stortinget som må ta endeleg stilling til om, og eventuelt korleis, rettferdsvederlagsordninga kan tilpassast for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn.

6.2 Avgrensingsspørsmål

Denne stortingsmeldinga omhandlar dei gruppene og den tidsperioden som var omfatta av mandatet til kartleggingsutvalet. Av omsyn til rettferd og likebehandling finn Regjeringa det rimeleg at eventuelle tilpassingar i rettferdsvederlagsordninga blir gjorde gjeldande for alle barn som var plasserte i barneheimar og skuleheimar/spesialskular for barn og ungdom med tilpassingsvanskar/verneskular, uavhengig av plasseringsgrunnlaget.

Det er reist spørsmål frå fleire hald om ikkje ei tilpassing av rettferdsvederlagsordninga må gjelde alle barn som har vore plasserte på institusjon, uavhengig av heimelsgrunnlag og institusjonstype. Regjeringa meiner at i den grad barn i andre statlege spesialskular eller institusjonar for funksjonshemma har vore i same situasjon som det kartleggingsutvalet har avdekka, vil Stortinget kunne ta stilling til om ei tilpassing av rettferdsvederlagsordninga for barneheims-/spesialskulebarna òg skal gjelde for desse.

Det vil vere valdsoffererstatningsordninga, ikkje rettferdsvederlagsordninga, som vil gjelde for overgrep som har skjedd etter 1975. Valdsoffererstatninga er avgrensa til kr 150 000 for overgrep som skjedde før 1994. Barne- og familiedepartementet stiller spørsmål ved om ikkje omsynet til likebehandling må tilseie at alle som budde på dei aktuelle institusjonane heilt fram til 1980, bør bli omfatta av ei eventuelt tilpassa rettferdsvederlagsordning.

6.3 Gjennomgang av tilrådingane om tilpassing av Stortinget si rettferdsvederlagsordning

Kartleggingsutvalet har hatt tilgang til alle avgjerder om rettferdsvederlag for tidlegare barneheimsbarn, jf. NOU 2004: 23 punkt 11.3. Det totalinntrykket av sakene utvalet sit att med, er at det ikkje alltid er lett å sjå av saksframstillinga og grunngjevinga kvifor somme har fått og andre ikkje har fått rettferdsvederlag. Dei seier vidare at det er mykje mogleg at praksis er konsekvent i sine vurderingar, men at med eit så vagt kriterium som at ein må ha kome «spesielt uheldig ut» i forhold til andre i tilsvarande situasjon, må avgjerda i mange saker vere vanskeleg. Dei seier at sakene likevel viser at det blir gjort grundige og langvarige saksførebuingar, som også må vere sterkt ressurskrevjande for det offentlege.

Kartleggingsutvalet viser til at generelle trekk i samfunnet og kva ein kunne forvente av omsorga for barn i den perioden søkjaren var under barnevernet si omsorg, har vore viktig i vurderinga av rettferdsvederlagssaker. Dei viser til enkeltsaker der det ikkje er tilkjent rettferdsvederlag med den grunngjevinga at søkjaren ikkje kom mindre heldig ut enn andre som voks opp på barneheimar eller spesialskule, eller samanlikna med andre barn som var tekne hand om av barnevernet i same perioden. Utvalet peikar på at korkje styresmakter eller ansvarshavande personar kunne seiast å ha «handla i god tru» ut i frå førestillingar som gjorde seg gjeldande i samfunnet på den tida når det gjeld omsorgssvikt og overgrep ovanfor denne gruppa. Det bør også leggjast til grunn at dette handla om alvorlege krenkingar både etter etiske, pedagogiske og rettslege vurderingar.

Kartleggingsutvalet foreslår at det ved alvorlege fysiske og seksuelle overgrep i mindre grad enn i dag bør leggjast vekt på kva for følgjer desse overgrepa har hatt for den enkelte. Dette for å understreke det uakseptable i sjølve det å bli utsett for overgrep når ein som barn var plassert på institusjon av det offentlege.

Kartleggingsutvalet peikar på at det kan vere vanskeleg å dokumentere omsorgssvikt og fysiske og seksuelle overgrep. Årsakene er mellom anna at arkivmaterialet har vesentlege manglar, dels som følgje av dårlege rutinar, dels fordi det er blitt sletta. Utvalet foreslår at krava til bevis for alvorlege fysiske og seksuelle overgrep må kunne senkast noko, ved at ei eigenerklæring om slike forhold blir tillagd stor vekt. Kartleggingsutvalet peikar på at forsking viser at forklaringar om overgrep i stor grad er pålitelege. Dei reknar med at 95 % av dei som har vore utsette for alvorlege overgrep, fortel ei truverdig historie.

Kartleggingsutvalet meiner at det må vere mogleg å gje klare retningsliner og visse føringar i forhold til det som blir praktisert i dag. Dette kan også føre til noko større grad av standardisering i tildelingskriteria. Utvalet meiner vidare at deira forslag vil kunne føre til at saksbehandlinga kan forenklast og dermed vere mindre ressurskrevjande.

Det vil vere Stortinget og eventuelt Billighetserstatningsutvalet som må vurdere og ta stilling til om, og eventuelt korleis, rettferdsvederlagsordninga kan tilpassast for tidlegare barne- og spesialskulebarn.

6.4 Utmåling av rettferdsvederlag

Både interessegrupper og enkeltpersonar har understreka at eit økonomisk vederlag for omsorgssvikt og overgrep under opphald på barneheim/spesialskule må vere av ein slik storleik at det reelt blir oppfatta som rimeleg. Støttegruppene har fremma forslag om at det skal utbetalast eit likt beløp til alle på kr 725 000 etter søknad. Stiftelsen Rettferd for taperne krev at det blir utbetalt eit likt erstatningsbeløp på kr 500 000. Barne- og familiedepartementet viser til det standpunktet regjeringa tok i St.meld. nr. 44 (2003–2004) om utmåling av rettferdsvederlag:

«Når det gjelder størrelsen på billighetserstatningen etter en utvidet ordning, foreslår regjeringen at den øvre grense på 200 000 kroner skal gjelde også etter en billighetserstatningsordning for krigsbarn. Samme beløpsgrense har også vært lagt til grunn i særordninger, for eksempel jødebo-oppgjøret. Regjeringen finner det i denne sammenheng relevant å vise til erstatningsnivået domstolen har fastlagt for oppreisning for seksuelle overgrep på maksimum 150 000 – 200 000 kroner. Veiledende nivå for oppreisningserstatning fastsatt av domstolene til voldtekstofre er 100 000 kroner.»

Det går fram av presentasjonen i vedlegget til St.meld. nr. 44 (2003–2004) at rettferdsvederlag ikkje tek sikte på å dekkje det samla økonomiske tapet søkjaren har hatt. Erstatninga er meint som ei «handsrekking», der beløpet blir utmålt skjønnsmessig basert på kva som er rimeleg. Den øvre grensa for erstatning er kr 200 000. Billighetserstatningsutvalet gjer vedtak i dei fleste sakene, men det er Stortinget som tek avgjerda i saker der det kan vere aktuelt å tilkjenne erstatning med meir enn kr 200 000, og i saker av «særleg politisk art». Når det gjeld saker av «særleg politisk art», er det vist til at dette i første rekkje vil dreie seg om saker der fleire fremmar søknader innanfor problemområde som kan samanliknast, eventuelt saker som reiser prinsippspørsmål som gjer det ønskjeleg med ei meir omfattande politisk behandling. Kartleggingsutvalet meiner at det offentlege hadde eit særskilt ansvar for barn som vart plasserte i institusjonar, og som det offentlege hadde teke omsorgsansvaret for. Forholda ved institusjonane der barna var utsette for omsorgssvikt og overgrep, var både fagleg, pedagogisk og etisk kritikkverdige, dels var dei direkte ulovlege, også etter dåtidas normer og lov- og regelverk. Vidare meiner utvalet: «De fleste av barna hadde et dårlig utgangspunkt da de kom til barnehjemmet, noe som i realiteten var det essensielle utgangspunktet for institusjonsplassering. Dersom forholdene ved institusjonen ikke var lagt til rette på en akseptabel måte, ville heller ikke de tidligere problemene kunne bli rettet opp. I stedet ville institusjonslivet bidra til å forsterke den utviklingen som allerede var i gang.»

Kartleggingsutvalet seier at rettferdsvederlag som i dag kan tildelast etter ei individuell vurdering, men det kan også vere ein tanke å innføre ein større grad av standardisering når det gjeld storleiken på rettferdsvederlaget.

Det vil vere opp til Billighetserstatningsutvalet og Stortinget å vurdere storleiken på rettferdsvederlag gitt gjennom Stortinget si rettferdsvederlagsordning for gruppa tidlegare barneheims- og spesialskulebarn.

6.5 Forholdet til andre økonomiske ordningar

Som påpeika tidlegare, må Stortinget si rettferdsvederlagsordning oppfattast som ein «siste utveg». Det er likevel ikkje eit vilkår for å søkje om rettferdsvederlag at ein først har fremma erstatningsrettslege krav.

Tidlegare barn i barneheimar/spesialskular kan oppebere trygdeytingar, sosiale ytingar osv. med bakgrunn i dei same forholda som dei søkjer om rettferdsvederlag for. Dette vil ikkje kome til frådrag i eit eventuelt rettferdsvederlag.

Utbetaling av erstatning etter domstolsbehandling eller gjennom kommunale erstatningsordningar for dei same forholda vil kunne føre til at ein søknad om rettferdsvederlag blir avvist. Det kan likevel søkjast om rettferdsvederlag på grunnlag av andre forhold.

Dersom Stortinget gjer tilpassingar for behandlinga av søknader frå gruppa av barneheims- og spesialskulebarn, kan Stortinget vurdere om dei som har søkt tidlegare og anten fått avslag eller fått utbetalt eit mindre rettferdsvederlag, skal kunne søkje på nytt. Tidlegare utbetalt vederlag må i så fall gå til frådrag.

6.6 Saksbehandling av søknader om rettferdsvederlag frå tidlegare barneheimsbarn

Barne- og familiedepartementet viser til at ein allereie har styrkt saksbehandlingskapasiteten i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og at ein i tildelingsbrevet for 2005 til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har sett som mål at saksbehandlingstida skal kortast kraftig ned i 2005.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har vidare sett av ekstra midlar for å sluttføre arbeidet med å framskaffe og systematisere relevant arkivmateriale påbegynt av kartleggingsutvalet. Dette gjer at det etter kvart vil finnast meir materiale som både kan fungere som generell dokumentasjon, og som kan føre til ytterlegare effektivisering av behandlinga av enkeltsaker i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Til forsida