St.meld. nr. 3 (1999-2000)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999

Til innholdsfortegnelse

2 Utval av inntekter og utgifter

2.1 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 1999 viser at samla skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 379,7 mrd. kroner, som er om lag 2,1 mrd. kroner høgare enn i vedteke budsjett for 1999, og om lag 3,7 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 1999.

Tabell 2.1 viser at dei samla skatte- og avgiftsinntektene i statsrekneskapen har auka frå 357,4 mrd. kroner i 1998 til 379,7 mrd. kroner i 1999, ein auke på 22,3 mrd. kroner eller 6,2 pst. På grunn av mindre auke i den økonomiske aktiviteten og i sysselsettinga, har auken i skatte- og avgiftsinntektene vorte avdempa i høve til åra før. I perioden 1996-1998 steig dei samla skatte- og avgiftsinntektene med vel 9 pst. i årleg gjennomsnitt.

Skattar på formue og inntekt utgjorde 88,7 mrd. kroner i 1999, ein auke på 9,3 pst. eller 7,5 mrd. kroner frå året før. Skattar og avgifter til folketrygda, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift, utgjorde 115,6 mrd. kroner i 1999, og svarar til ein auke på 7,7 pst. frå året før.

Inntektene frå meirverdi- og investeringsavgifta utgjer ei av dei viktigaste inntektskjeldene til staten og steig med 3,1 pst. til 114,1 mrd. kroner i 1999. Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 61,4 mrd. kroner i 1999, som svarar til ein auke på 5,2 pst. frå 1998.

Tabell 2.1 Statens inntekter 1995 – 1999 (Tal i mill. kroner)

  RekneskapSaldert budsjett (Blå bok)Nysald. budsjettRekneskap
  1995199619971998199919991999
Skattar på formue og inntekt41 25648 74166 77781 15887 07388 22088 667
Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift85 46891 53198 192107 297112 530114 200115 603
Tollinntekter2 6472 4552 4372 5892 2062 3162 409
Meirverdiavgift og avgift på investeringar87 59294 691102 902110 615115 200113 400114 076
Avgifter på alkohol6 5196 8887 4057 6878 7648 6978 635
Avgifter på tobakk5 3165 4305 9886 5587 2856 7006 644
Avgifter på motorvogner24 84126 97229 35030 96329 37527 93028 914
Andre avgifter10 10211 10911 93410 53815 21614 55214 760
Sum skattar og avgifter263 741287 817324 985357 405377 649376 015379 709
Renter av statens forretningsdrift484520170171164164203
Avskrivingar, avsettingar til investeringsformål og inntekter av statens forretningsdrift3 1133 3492 6893 3374 6254 8685 166
Sum inntekter av statens forretningsdrift3 5973 8692 8593 5084 7895 0325 370
Renter frå statsbankane14 85113 1649 4197 94610 98110 83910 771
Renter av statskassa sin kontantbehaldning og andre krav7 1646 9785 6834 1186 7722 5713 176
Utbyte ekskl. Statoil1 4802 9244 1973 3033 6413 8013 986
Renteinntekter og utbyte ekskl. statens forretningsdrift og Statoil23 49523 06619 29915 36721 39417 21217 933
Inntekter under departementa10 03218 83018 01118 20514 10314 93317 567
Overføring frå Noregs Bank14 3407 2394 2363 8113 4013 4013 401
Tilbakeføring av midlar frå Statens banksikringsfond6 9694 2169753823 120140140
Sum andre inntekter31 34130 28523 22222 39820 62418 47421 108
Sum inntekter ekskl. oljeskattar, petroleumsverksemd og tilbakebetalingar322 174345 037370 365398 678424 456416 733424 120
Inntekter frå statleg petroleumsverksemd20 93326 18223 32642 10956 28955 43556 718
Skatt og avgift på utvinning av petroleum27 63733 07844 89827 60024 37019 11018 736
Aksjeutbyte frå Statoil1 6141 8501 6002 9401 000135135
Sum petroleumsinntekter50 18461 11069 82472 64981 65974 68075 589
Tilbakebetalingar42 11954 78946 13143 11949 77053 67454 709
Overføring frå Statens petroleumsfond36 52925 67322 78917 0595 48318 49418 494
Sum inntekter451 006486 609509 109531 505561 367563 582572 911

Overføring frå Skattefordelingsfondet til statsbudsjettet er inkludert i tala fram til 1996. Frå 1997 er fellesskatt inkludert.

2.2 Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda i 1999, utanom CO2 avgifta, vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 15 850 mill. kroner. Det tilsvarande rekneskapstalet for 1999 er 15 475 mill. kroner. Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 309 mill. kroner lågare enn forventa i nysalderingsproposisjonen, medan betalt produksjonsavgift vart 22 mill. kroner høgare enn forventa. Betalt arealavgift vart 89 mill. kroner lågare enn forventa. Avviket skuldast mellom anna fråfall og tilbakelevering av areal, og for sein innbetaling av avgift. Tala i nysalderingsproposisjonen var utarbeidd på grunnlag av innbetalingane dei ni fyrste månadene av 1999 og forventa innbetalingar dei tre siste månadene.

Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda var i nysalderingsproposisjonen rekna til 3 260 mill. kroner. Rekneskapstalet for 1999 er 3 261 mill. kroner.

2.3 Inntekter frå Statens direkte deltaking i petroleumsverksemda

Inntektene frå Statens direkte deltaking i petroleumsverksemda er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter, og vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 55 435 mill. kroner. Det tilsvarande rekneskapstalet for 1999 er 56 718 mill. kroner.

2.4 Totaloversikt over utgiftene

Tabell 2.2 gjev eit oversyn over utviklinga av dei samla utgiftene under dei enkelte departementa for åra 1995 –1999. Det har vore endring i strukturen på departementa i perioden, slik at tala ikkje kan samanliknast direkte.

Tabell 2.2 Samla utgifter etter departement 1995 – 1999 (Tal i mill. kroner)

DepartementRekneskapSaldert budsjett (Blå bok)Nysald. budsjettRekneskap
  1995199619971998199919991999
Det kongelege hus og Slottsforvaltninga54586079717380
Regjering m.m.10188108109106111118
Stortinget og underliggjande institusjonar626595670701734797806
Høgsterett34484244434445
Utanriksdepartementet10 97311 40411 54512 77811 93812 65412 723
Kyrkje-, utdannings- og
forskningsdepartementet18 60719 93422 36622 75323 28526 79627 455
Kulturdepartementet2 8253 9843 0273 2483 4233 4403 518
Justis- og politidepartementet8 1708 9569 3109 7939 97010 52710 724
Kommunal- og regionaldep.46 67444 68458 55153 54356 16857 44257 110
Sosial- og helsedepartementet14 74416 82619 22924 65126 34627 83527 941
Barne- og familiedepartementet16 30417 36517 82518 71420 32220 35420 288
Nærings- og handelsdepartementet4 7208 0955 0105 4683 3743 8583 963
Fiskeridepartementet1 7351 7451 8711 9481 9422 0152 031
Landbruksdepartementet16 01616 62313 78114 21714 22114 56214 419
Samferdsledepartementet17 77232 99621 91924 34117 21617 83117 951
Miljøverndepartementet2 7133 4492 8172 5112 4722 6042 657
Arbeids- og administrasjondep.7 6087 4697 19916 11415 61419 03120 503
Finans- og tolldepartementet37 12370 39349 30469 11665 00243 99944 955
Forsvarsdepartementet22 96324 09425 44325 53624 43926 30226 138
Olje- og energidepartementet1 5841 2001 1135 4425 616
Ymse utgifter846229205 2715024
Statsbankane36 99943 35052 45753 79661 92061 01161 632
Statleg petroleumsverksemd11 674- 8 776-16 98327 60925 51730 22031 062
Statens forretningsdrift3 4614 0142 7542 6384 0473 7123 944
Statens petroleumsfond38 51069 88686 80845 04156 14244 56044 627
Sum statsbudsjettet320 490395 342396 726435 968450 697435 268440 330
Folketrygda126 199132 535139 359150 848159 235161 937162 289
Utgifter i alt446 689527 877536 085586 816609 932597 205602 619

Løyvingsrekneskapen for 1999 viser at dei totale utgiftene har vore 602,6 mrd. kroner mot 597,2 mrd. løyvd i nysaldert budsjett. Dette gjev ei meirutgift på 5,4 mrd. kroner.

Til forsiden