St.meld. nr. 3 (1999-2000)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999

Til innholdsfortegnelse

6 Statens petroleumsfond

Inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond er definerte i lov 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond. Inntektene er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som vert overført frå statsbudsjettet, og avkastninga på formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet etter vedtak i Stortinget 1. Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomitéen ved behandlinga av loven om fondet, er det etablert som praksis at overføringa tilsvarar det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Tabellane 6.1 og 6.2 viser balansen og resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond. Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala vert her presenterte til orientering.

Rekneskapen for Petroleumsfondet vert ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen i Noregs Bank er fram til og med 1998 blitt ført etter prinsippet om lågaste verdi. Frå og med 1999 vert rekneskapen i banken ført etter prinsippet om marknadsverdi.

I 1999 hadde Statens petroleumsfond inntekter utanom omvurderingar på til saman 51 923 mill. kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjer den største delen av desse inntektene med 44 627 mill. kroner. Dei bokførde renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen mv. utgjorde til saman 7 296 mill. kroner i 1999. Etter vedtak i Nysaldert budsjett 1999, vart det overført 18 494 mill. kroner frå Petroleumsfondet til statsbudsjettet i 1999. Overskotet i fondet vart dermed 33 429 mill. kroner.

Omvurderingane i rekneskapen for Statens petroleumsfond i 1999 utgjorde i alt 22 838 mill. kroner. Av dette var 2 477 mill. kroner realiserte verdipapirvinstar, og 17 337 mill. kroner var urealiserte vinstar. Valutakursreguleringar utgjorde 2 630 mill. kroner medan resultatet frå terminhandel i valuta og vinst på handlar i futures-marknaden utgjorde høvesvis –5 og 399 mill. kroner. Overskotet i fondet, medrekna omvurderingar i 1999, vart dermed totalt 56 267 mill. kroner.

Av dei samla omvurderingane som vart ført i rekneskapen i 1999, var 4 143 mill. kroner vinstar som fondet hadde med seg frå 1998, men som ikkje vart tekne med i rekneskapen i 1998 på grunn av at rekneskapen då fylgde prinsippet om lågaste verdi. Auken i urealiserte vinstar i 1999 ville vidare ha vore endå 12 239 mill. kroner lågare enn det som faktisk vart ført, dersom rekneskapen framleis hadde vore ført etter prinsippet om lågaste verdi. Samla avkastning i 1999 ville etter lågaste verdis prinsipp ha vore på tilsaman 13 751 mill. kroner, dvs. 16 382 mill. kroner lågare enn når ein legg marknadsverdien til grunn.

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda fråtrekt overføringa til statsbudsjettet utgjer netto avsettinga til fondet over statsbudsjettet. Denne netto avsettinga var 26 133 mill. kroner i 1999. I tråd med omtalen i St.meld. nr.1 (1997-98) Nasjonalbudsjettet 1998 er overføringane frå statskassa til fondet i 1999 i all hovudsak vorte gjort ved utgangen av kvart kvartal. Fondet vart tilført 3 018 mill. kroner ved utgangen av 1. kvartal, 8 000 mill. kroner ved utgangen av 2. kvartal og 13 500 mill. kroner ved utgangen av 3. kvartal. I 4. kvartal vart tidspunktet for overføring sett til 30. november i staden for 31. desember av omsyn til tusenårsskiftet, jf. omtale i St.prp. nr.30 (1999-2000) Ny saldering av statsbudsjettet for 1999. Overføringa 30. november vart sett til 3 000 mill. kroner, som på det tidspunktet svara til skilnaden mellom den forventa netto avsettinga til fondet i 1999 og det som var overført tidlegare same året.

Overføringa i 1. kvartal svara nøyaktig til mellomrekninga med statskassa ved utgangen av 1998, jf. at overføringa til fondet i 1998 var høgare enn den rekneskapsførde netto avsettinga på statsbudsjettet. Desse midlane vart difor ført attende til statskassa samstundes med kvartalsoverføringa.

Til saman overførde ein altså 27 518 mill. kroner til fondet over statsbudsjettet 1999, noko som var 1 385 mill. kroner høgare enn netto avsetting til Petroleumsfondet etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 1999 er denne differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at denne mellomrekninga ikkje vert betalt attende til statskassa, men kjem til frådrag når ein gjer den fyrste overføringa til fondet i 2000.

Når ein korrigerer for mellomrekninga med statskassa, viser rekneskapen at den bokførde verdien av fondet ved utgangen av 1999 var på 220 892 mill. kroner. Dette svarte også til marknadsverdien. Dersom ein framleis hadde ført rekneskapen etter lågaste verdi sitt prinsipp, ville den bokførde verdien av fondet ha vore 205 895 mill. kroner ved utgangen av 1999, jf. over.

Midlane i Petroleumsfondet vert plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Petroleumsfondet etter oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i brev til banken definert nærare retningsliner for forvaltninga. I forskrifta om forvaltninga av fondet som tok til å gjelde frå 1. januar 1998, heiter det at Finansdepartementet skal definere ein såkalla referanseportefølje som dannar grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at den representerer ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinene Finansdepartementet har gitt. Vidare har Finansdepartementet fastsett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastninga til den såkalla differanseporteføljen som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St.meld. nr. 1 (1997-98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 prosentpoeng sidan målet vart innført i 1998. Referanseporteføljen omfattar av 60 pst. renteberande verdipapir og 40 pst. eigenkapitalinstrument.

Den 7. mars 2000 offentleggjorde Noregs Bank årsrapporten for Statens petroleumsfond. Årsrapporten følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. I dokumentasjonsdelen i den vedlagde årsrapporten for fondet er det gitt ei samla liste over fondet sine eignelutar, fordelt på aksjar, aksjefutureskontraktar, obligasjonar, obligasjonsfutureskontraktar, bankinnskot, tredjepartsavtaler, valutaterminkontraktar, gjenkjøps- og gjensalsavtaler og andre fordringar. For alle aksjeinvesteringane er det oppgitt namn på selskapet, marknadsverdi av aksjeposten og eigarandel i selskapet. For dei andre eignelutane er det oppgitt namn på utferdaren eller motparten og marknadsverdi av plasseringa. Alle investeringane er fordelte etter land.

Noregs Bank sin årsrapport for Petroleumsfondet skildrar korleis den særskilte porteføljen av utanlandske verdipapir som svarar til fondet sin konto i banken, er forvalta i 1999. Den bokførde verdien av den særskilte porteføljen var 222 278 mill. kroner ved utgangen av 1999. Avkastninga på dei utanlandske investeringane i fondet vart på 12,44 pst. for heile 1999 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansettinga til referanseporteføljen. Når ein fordelar avkastninga på aksje- og obligasjonsporteføljene, viser tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 34,81 pst. og obligasjonsinvesteringane –0,99 pst. Det at den vekta summen av avkastninga for dei to aktivaklassane ikkje samstemmer med totalavkastninga, kjem av at utrekninga av avkastninga for kvar enkelt aktivaklasse, i motsetnad til totalavkastninga, ikkje tek omsyn til at fordelinga mellom aksjar og obligasjonar i nokon grad har endra seg gjennom året. Verdien av den norske krona svekte seg med vel 1 pst. mot valutakorga til Petroleumsfondet i 1999. Dette førte til at fondet sine utanlandske eignelutar vart tilsvarande meir verdt målt i norske kroner. Difor steig verdien av fondet i 1999 med vel 1 pst. meir når ein måler avkastninga i norske kroner enn i utanlandsk valuta. For heile året var totalavkastninga 13,85 pst. målt i norske kroner. Det er likevel avkastninga i utanlandsk valuta som er mest relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Reell avkastning målt i utanlandsk valuta er berekna til 11,01 pst. 2

Det var til dels stor variasjon i avkastninga mellom kvartala i 1999, særleg for aksjeporteføljen. I 1. og 2. kvartal var totalavkastninga høvesvis 2,93 pst. og 2,01 pst. målt i utanlandsk valuta. Aksjeinvesteringane i 1. og 2. kvartal hadde ei avkastning på 6,62 pst. og 6,99 pst. I 3. kvartal var totalavkastninga –0,79 pst. Avkastninga var negativ både for aksjeinvesteringane (-1,78 pst.) og obligasjonsporteføljen (-0,13 pst.) i 3. kvartal. Avkastninga til totalporteføljen tok seg så kraftig opp i 4. kvartal, med ein avkastning på 7,95 pst. målt i utanlandsk valuta. Dette hadde bakgrunn i den gode avkastninga på aksjar på 20,32 pst i dette kvartalet, medan obligasjonsavkastninga var 0,05 pst.

Tala for avkastning er bruttotal i den forstand at forvaltningskostnadene ikkje er trekte ifrå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 6.2 er forvaltningskostnadene trekte ifrå. Dei samla kostnadene med forvaltninga vert dekte av fondet si avkastning i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 1999 var satsane for godtgjering 0,14 pst. av den kapitalen som etter referanseporteføljen kunne plasserast i eigenkapitalinstrument, og 0,055 pst. av den kapitalen som kunne plasserast i renteberande verdipapir. Totalt mottok Noregs Bank 161,6 mill. kroner som godtgjering i 1999. Ein viser til den vedlagde årsrapporten for fondet for nærare omtale.

Ei viktig oppgåve for Finansdepartementet er å evaluere korleis Noregs Bank forvaltar midlane i fondet. Departementet nyttar det britiske konsulentselskapet Bacon & Woodrow til å utarbeide kvartalsvise rapportar om forvaltninga av fondet. Desse rapportane er offentlege. Årsrapporten frå Bacon & Woodrow er også tilgjengeleg på Finansdepartementet sine sider på internett (www.finans.dep.no).

Bacon & Woodrow si evaluering tek utgangspunkt i referanseporteføljen for fondet. Selskapet analyserer kor stor del av den samla avkastninga til fondet som har samanheng med samansettinga av referanseporteføljen, og kor mykje som kjem av Noregs Bank si forvaltning. Generelt oppstår skilnaden i avkastning fordi fondet ikkje til ei kvar tid inneheld nøyaktig dei same verdipapira som referanseporteføljen. Slikt samsvar ville vere både praktisk vanskeleg og ville medføre høgare transaksjonskostnader. Bacon & Woodrow splittar opp og analyserer skilnaden i avkastning mellom den faktiske porteføljen og referanseporteføljen. I årsrapporten for 1999 finn dei at fondet i 1999 hadde ei totalavkastning på 13,86 pst. målt i norske kroner, medan avkastninga til referanseporteføljen var 12,60 pst.

Tala frå Bacon & Woodrow viser at Petroleumsfondet i 1999 hadde ei avkastning som var 1,26 prosentpoeng høgare enn referanseindeksen 3. Det var meiravkastninga på 0,83 prosentpoeng i 4. kvartal som bidrog mest til den positive differansen til referanseporteføljen for året samla sett. Det var særleg dei eksterne aktive aksjeforvaltarane som hadde høgare avkastning dette kvartalet i forhold til referanseindeksen. I dei tre fyrste kvartala var skilnaden samla sett for totalporteføljen høvesvis –0,02, 0,15 og 0,22 prosentpoeng.

Noregs Bank si forvaltning av Petroleumsfondet vert revidert av Noregs Banks revisjon. Han er underlagt representantskapet som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender ut om Petroleumsfondet, er stadfesta av Noregs Banks revisjon. Den overordna revisjonen av Petroleumsfondet er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer sin revisjon på det arbeidet som vert utført av Noregs Bank sin revisjon.

Tabell 6.1 Balansen per 31.12.1999 for Statens Petroleumsfond (Tal i mill. kroner)

Aktiva   Passiva  
Konto i Noregs Bank 1) 2)222 278Eigenkapital220 892
Mellomrekning med statskassa 3)1 385
Sum222 278Sum222 278

1)I samsvar med forskrifta for forvaltning av Statens petroleumsfond av 3. oktober 1997 er fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank skal plassere desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta per 31.12.99 (i mill. kroner):

Bankinnskot/utlån i utlandet16 829
Utanlandske statskassevekslar611
Utanlandske ihendehavarobligasjonar125 705
Aksjar i utlandet93 115
Utlån i utlandet22 289
Opptente, ikkje forfalne renter3 128
Opptent dividende inkl. kjeldeskatt88
Terminkontraktsreguleringar-2
Innlån utanlandske bankar[*]-39 330
Påløpne, ikkje forfalne renter-
Diverse gjeld[**]-155
Sum222 278

*  Tryggleik for verdipapir som er lånte bort

** I hovudsak påløpt forvaltningsgodtgjering for Noregs Bank

Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved den modifiserte durasjonen, var 5,31 per 31.desember 1999.

2)Per 31.12.99 hadde fondet kjøpskontraktar i futuresmarknaden med ein samla marknadsverdi på 4 717,5 mill. kroner. På same tid hadde fondet ingen futureskontraktar for sal av verdipapir. Ved utgangen av 1999 hadde fondet vidare kontraktar om kjøp av valuta på termin for til saman 40,2 mill. kroner og kontraktar om sal av valuta av same storleik.

3)Statsrekneskapen viser at netto avsetninga til Petroleumsfondet i 1999 vart 1 385 mill. kroner lågare enn det som vart overført til fondet i 1999. Denne differansen utgjer ei fordring for statskassa som vert innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av eit frådrag i den fyrste overføringa til fondet i 2000.

Tabell 6.2 Resultatrekneskap for Statens petroleumsfond (Tal i 1 000 kroner)

Kap.PostTekst19981999
INNTEKTER:
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum:
71Ordinær skatt på formue og inntekt9 089 1045 540 017
72Særskatt på oljeinntekter11 001 0666 151 347
73Produksjonsavgift3 754 9093 221 858
74Arealavgift m.v.526 548561 284
Sum kap 550724 371 62615 474 505
5508Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen:
70Avgift3 228 9463 261 474
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda:
24Driftsresultat*18 993 86032 451 859
30Avskrivingar14 443 22115 343 330
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond182 298517 086
80Renter8 535 8518 419 943
85Renter på mellomrekneskapen-46 554-19 798
Sum kap. 544042 108 67556 712 419
5542Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen:
80Tilbakeføring av tilskot05 316
5685Aksjer i Den norske stats oljeselskap a.s.:
80Utbyte STATOIL2 940 000135 000
2440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda:
22Fjerningsutgifter0-20 001
30Investeringar-27 250 755-30 336 998
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond-285 984-586 000
2442Disponering av innretningar på norsk kontinentalsokkel:
21Spesielle driftsutgifter-1 767-3 494
70Tilskot-69 888-15 374
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda:
Overført til Statens petroleumsfond frå statsbudsjettet45 040 85444 626 847
Renteinntekter og utbyte m.v. 4)6 182 5277 296 118
Sum inntekter Statens petroleumsfond51 223 38151 922 965
UTGIFTER:
Overført frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet-17 059 00018 494 000
Overskot i Statens petroleumsfond34 164 38133 428 965

* Netto overskotsavtaler vert ført under kapitlet for driftsinntekter og –utgifter for Statens direkte økonomiske engasjement (kap. 5440, post 24). I 1999 utgjorde netto overskotsavtalar følgjande (i tusen kroner):

- inntekter 9 867

- utgifter 24

- netto9 843

4) Dette talet utgjer i 1999 summen av desse postane (tusen kroner):

Renteinntekter6 319 779
Utbyte1 150 698
Kurtasje12 789
Forvaltningsgodtgjering161 570
Sum7 296 118

Kap.PostTekst19981999
MEMO:
Overskot34 164 38133 428 965
Valutakursvinst13 149 3142 630 182
Urealiserte verdipapirvinstar-60 96917 336 929
Realiserte verdipapirvinstar857 5592 476 599
Resultat terminhandel valuta-4 158- 4 912
Vinst på futures-kontraktar1 369 864398 999
Overskot inkl. omvurderingar49 475 99156 266 762
Inngåande saldo115 149 630164 625 621
Saldo i Statens petroleumsfond per 31.12164 625 621220 892 383

Fotnoter

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vart fastsett i samband med Stortinget si behandling av nysaldert budsjett i desember.

2.

I berekninga av realavkastninga har Noregs Bank deflatert med ein vekta sum av konsumprisstigninga i dei landa som var i fondet sin referanseportefølje i 1999. Den vekta auken i konsumprisane er berekna til 1,18 pst.

3.

Noregs Bank opererer i årsrapporten sin med ei meiravkastning på 1,11 prosent. Skilnaden i forhold til Bacon & Woodrow sitt tal på 1,26 prosentpoeng skuldast at Noregs Bank og Bacon & Woodrow legg til grunn ulike metodar i berekninga av forskjellen i avkastning mellom faktisk portefølje og referanseporteføljen. Medan Noregs Bank i sin berekning legg til grunn eit geometrisk avvik ((1+13,85 pst.)/(1+12,60 pst.)-1=1,11), legg Bacon & Woodrow eit aritmetisk avvik til grunn ((13,86 pst. – 12,60 pst.) = 1,26)).

Til forsiden