St.meld. nr. 3 (1999-2000)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999

Til innholdsfortegnelse

3 Omtale av nokre område

3.1 Helse- og omsorgssektoren

Handlingsplan for funksjonshemma

Stortinget handsama i februar 1999 St.meld. nr. 8 (1998-99) Om handlingsplan for funksjonshemma 1998 – 2001. Handlingsplanen omtalar mål, strategiar og tiltak for å betre tilhøva for menneske med funksjonshemming. Stortingsmeldinga er ein del av Noreg sitt arbeid for å følgje opp FN sine standardreglar for like vilkår for funksjonshemma. Handlingsplanen har omtale av 161 tiltak som gjeld områda til ti departement. Viktige satsingsområde er tilgjenge, planlegging og brukarmedverknad, rettane til funksjonshemma og ein særskilt plan for tiltak for auka yrkesaktivitet for funksjonshemma.

I tråd med sektoransvarsprinsippet er ein stor del av tiltaka i handlingsplanen lagt inn i den ordinære verksemda til departementa. Konsekvensane av tiltaka for budsjettet vert innarbeida i dei årlege budsjettproposisjonane for kvart enkelt departement. Ved handsaming av statsbudsjettet for 1999 vart det over Sosial- og helsedepartementet sitt budsjett løyvd 51,9 mill. kroner over kap. 0674.21 – spesielle driftsutgifter - til å følgje opp ein del av tiltaka i Handlingsplanen for funksjonshemma.

Stortinget er gjort kjent med oppfølgjing av handlingsplanen gjennom rapportering i St.prp. nr. 1. Rapporteringa viser at dei fleste tiltaka vart starta i 1999.

Kreftplanen

Omtale av formålet med tiltaket

Nasjonal kreftplan er ein 5-årig handlingsplan som er retta mot dei særskilte flaskehalsane for å betre den spesifikke kreftbehandlinga. Handlingsplanperioden er frå 1999-2003, og er no inne i sitt andre år. Samla skal det brukast 2,050 mrd. kroner meir for å oppfylle den vedtekne kreftplanen. Av desse midlane er 1,7 mrd. kroner direkte statlege tilskot på statsbudsjettet. Fylkeskommunane skal dekkje 350 mill. kroner i planperioden til investeringar og bygg der strålemaskinene og bunkerane skal plasserast. Staten dekkjer utgiftene til strålemaskiner og bunkerar 100 pst.

Resultat så langt sett i forhold til verksemda dei siste 2-4 år

Nasjonal kreftplan starta opp i 1999, og 2000 er det andre året i handlingsplanen. Utbygging av stråleterapien er i rute, med i snitt ei utbygging på 2-3 maskinar årleg. Utbygginga av mammografiscreeningen er og godt i gjenge, ved at 16 av 19 fylkeskommunar vil vere i gang med planlegging/drift av screening i løpet av 2000. Planen er at dei tre resterande fylkeskommunane vil få midlar til oppstart neste år.

Utstyrsinvesteringar ved sjukehusa

Stortinget har vedteke ein femårig plan for å betre utstyrssituasjonen ved norske sjukehus, jf. St.prp. nr. 61 (1997-98) Om nasjonal kreftplan og plan for utstyrsinvesteringar ved norske sjukehus.

Planen er ei ordning der staten refunderar 60 pst. av dei fylkeskommunale utgiftene til medisinsk teknisk utstyr og IT utstyr i perioden 1998 til 2002 innafor ei maksimal ramme på 2 960 mill. kroner for heile perioden.

Planen har som utgangspunkt at mangel på utstyr og forelda medisinsk teknisk utstyr er ei årsak til dårleg effektivitet og kvalitet i behandlinga av pasientane. Omsynet til kapasiteten og kvaliteten ved sjukehusa ligg til grunn for det ekstraordinære tilskotet.

I 1999 var det 528 mill. kroner disponibelt for utstyrsinvesteringar. Av dette var 244 mill. kroner overført frå 1998. Om lag 154 mill. kroner vart refundert på grunnlag av rekneskapen for 1998 frå fylkeskommunane. Om lag 374 mill. kroner er overført til 2000.

Midlane vert betalt ut på grunnlag av revisorattesterte rekneskap frå fylkeskommunane. Frist for framlegg av rekneskap for investeringar i 1999 er 1. mars 2000. Det er venta at heile løyvinga for 1999 då vil bli utbetalt. Investeringsaktiviteten synes godt i samsvar med planføresetnadene.

Innsatsstyrt finansiering

Innsatsstyrt finansiering vart innført i 1997 med sikte på å stimulere til auka behandling ved norske sjukehus, og å redusere ventetida for naudsynt behandling. Finansieringsordninga byggjer på DRG-metoden (ein refusjon etter pasientaktivitet). I 1999 vart den aktivitetsavhengige delen auka til 50 pst. For å få ei enklare finansiering og for å stimulere til auka behandling utan innlegging, vart dagkirurgi og nokre dagmedisinske prosedyrer frå 1. januar 1999 inkludert i ordninga på same måten som innlagde pasientar. Målsetjinga for 1999 var å auke pasientbehandlinga med 0,75 pst. frå 1998 til 1999. Aktivitetstal for dei 8 første månadene viste ein auke på 2,5-3 pst. På denne bakgrunn vart det ved Stortingets behandling av St.prp. nr. 67 (1998-99) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1999 i tillegg løyvd 448 mill. kroner. Ved Stortingets behandling av St.prp. nr. 13 (1999-2000) Endringer under enkelte kapitler på statsbudsjettet under Sosial- og helsedepartementet, vart det vedteke å auke løyvinga med ytterlegare 343 mill. kroner til 11 091 mill. kroner for 1999.

Frå 1996 til 1998 har aktivitetsauken i sjukehusa vore på 5 pst. målt ved innlagte pasientar. Samstundes har det vore ein monaleg nedgang i talet på garantibrot. Det er rimelig å tru at delar av denne nedgangen skuldast aukinga i behandlingskapasiteten.

3.2 Oppfølgjing av handlingsplan for eldreomsorga

Ved handsaminga av St.meld. nr. 50 (1996-97) Handlingsplanen for eldreomsorga, vedtok Stortinget ein fireårig handlingsplan for eldreomsorga for perioden 1998-2001. Målet for satsinga er å auke kapasiteten i den kommunale pleie- og omsorgstenesta for å møte det veksande talet på eldre over 80 år dei nærmaste åra. Til saman skal handlingsplanen gje rom for 24 400 nye sjukeheimsplassar/omsorgsbustader og 12 030 nye årsverk. Til saman er dette kostnadsrekna til 4 mrd. kroner i auka driftsutgifter i løpet av planperioden og vel 19 mrd. kroner i investeringar målt i 1997-kroner.

I 1999 vart det løyvd i alt 2 111 mill. kroner til drift av tenestene, og ei tilsegnsramme for investeringane på 5 800 einingar.

Dei rapportane og planane Sosial- og helsedepartementet så langt har fått inn frå kommunane viser at handlingsplanen så langt har utløyst stor aktivitet i kommunane. 1999–resultata viser at det er gjeve tilsegn til 6 167 sjukeheimsplassar/omsorgsbustader knytta til handlingsplanen for eldreomsorga og at kommunane har oppretta i underkant av 3 000 nye årsverk i pleie- og omsorgstenesta. Dette er godt i samsvar med det som er rekna med.

I 1999 var det eit mindreforbruk på i overkant av 26 mill. kroner på løyvinga til handlingsplanen. Grunnen til dette var at Oslo kommune ikkje fekk utbetalt heile tilskotet avdi kommunen ikkje fylte vilkåra med tanke på måloppnåinga som var sett for å få utbetalt heile tilskotet. Løyvinga er gjort overførbar frå 1999, og kommunen vil få utbetalt resten av tilskotet når kommunen har fylt måltala som var sett for 1999.

Opptrappingsplan psykisk helse

Ved handsaminga av St.prp. nr. 63 (1997-98) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2000 - endringer i statsbudsjettet for 1998, vedtok Stortinget ein åtteårig handlingsplan for psykisk helse for perioden 1999-2006. Målet for satsinga er å styrke tilbodet til menneske med psykiske lidingar. Handlingsplanen skal gje 3 400 nye omsorgsbustader, monaleg større kapasitet i andrelinjetenesta og 9 158 nye årsverk. Vidare er etterutdanning, informasjon om psykisk helse og styrking av brukarorganisasjonar prioriterte område. Til saman er planen kostnadsrekna til om lag 4,5 mrd. kroner i auka driftsutgifter i løpet av planperioden og om lag 6,3 mrd. kroner i investeringar. I budsjettet for 1999 vart det sett av 400 mill. kroner meir til psykisk helsevern samanlikna med 1998 og av det 65 mill. kroner for å auke fylkeskommunane sine frie inntekter.

Førebels rapportar frå kommunar og fylkeskommunar viser ei positiv utvikling i 1999. Dei øyremerka midla til drift i kommunesektoren på 254 mill. kroner ser ut til å vere ein viktig stimulans til å styrke og utvikle det psykiske helsefeltet, sjølv om det framleis er ein del variasjonar dei enkelte fylkeskommunar og kommunar i mellom. Det vart gitt ei tilsegnsramme for investeringar på 81 mill. kroner i 1999. Rapportane Sosial- og helsedepartementet har fått inn så langt viser at investeringsprosjekta i kommunesektoren vart seinare igangsett enn rekna med, noko som gjer at ein del av investeringsmidlane vart overført til 2000.

3.3 Kontantstøtta, barnehagar

Kontantstøtte

Kontantstøtte til småbarnsforeldre er heimla i lov av 24. juni 1998 som vart sett i kraft frå 1. august same år. Ordninga omfattar born mellom 1 og 3 år som bur i Noreg dersom barnet ikkje har heiltidsplass i barnehage som mottek statleg driftstilskot. Dersom barnet har deltidsplass i barnehage, har familien rett på delvis kontantstøtte i samsvar med skriftleg avtala redusert opphaldstid.

Ordninga vart innført gradvis og omfatta 1-åringar frå 1. august 1998 og 2-åringar frå 1. januar 1999, og inneheldt ei overgangsordning for born som fylte 2 år hausten 1998.

Trygdeetaten forvaltar kontantstøtta og kommunane er pålagde å føre register over born i barnehage for kontrollformål. Dei kommunale kontrollregistra skal innehalde opplysningar om dei borna i alderen 1 år til 3 år som har barnehageplass og kva opphaldstider dei har. Desse opplysningane vert sende trygdeetaten som nyttar dei i samband med sakshandsaming og utbetaling av kontantstøtte. Formålet er å unngå feilutbetalingar av kontantstøtte.

Under handsaminga av statsbudsjettet for 1999 vedtok Stortinget at det skulle gjelde nye satsar for barnehagetilskotet og kontantstøtta frå 1. august 1999, for å auke fleksibiliteten. Stortinget vedtok 15. juni å innføre fem satsar for kontantstøtte, mot tidlegare fire, med verknad frå 1. august 1999. Dei nye satsane er 20, 40, 60, 80 og 100 prosent av fullt stønadsbeløp. Heiltidsplass i barnehage vart etter overgangen til fem satsar definert som 33 timar eller meir per veke, mot tidlegare 31 timar eller meir per veke. Samstundes vart satsane for det statlege tilskotet til barnehagane harmonisert med den nye satsstrukturen for kontantstøtta med omsyn til opphaldstid og kategoriar.

På statsbudsjettet for 1999 var det løyvd 2 178 mill. kroner til post 70 Tilskot til kontantstøtte. Rekneskapstala for 1999 viser at dei samla utbetalingane av kontantstøtte for 1999 var på 2 348 mill. kroner, dvs. eit meirforbruk på 169 mill. kroner (7,8 pst.), som vart dekt inn av deler av mindreutgiftene på kapittel 856, post 60 Tilskot til barnehagar. Meirutgiftene tilsvarar kontantstøtte til vel 6 500 born når ein legg det gjennomsnittlege stønadsbeløpet for 1999 til grunn. Dette kan forklarast med at det var ein lågare andel av eitt- og toåringane i barnehage enn lagt til grunn for løyvinga.

Tala frå Rikstrygdeverket viser at det gjennomsnittleg per månad var 87 679 familiar og 91 651 born som mottok kontantstøtte i 1999. Talet på born med kontantstøtte gjekk ned med 8 840 frå august til september på grunn av hovudinntaket i barnhagane. Talet på born med full stønad vart redusert med 15 659 medan talet på born som mottok gradert stønad auka med 6 819, som til dels kan forklarast med overgang til ny satsstruktur og nye opphaldstidskategoriar i barnehagane frå 1. august 1999.

Som eit ledd i evalueringa av kontantstøtteordninga, gjentok Statistisk sentralbyrå våren 1999 ei spørjeundersøking frå våren 1998 om bruken av kontantstøtte, kva tilsynsordningar småbarnsforeldra valde og verknader på deltaking i arbeidslivet. I tillegg gjennomfører Norges forskningsråd eit miniprogram med forskningsprosjekt som ser på ulike problemstillingar knytta til kontantstøtteordninga.

Barnehagar

Staten yter tilskot til drift av barnehagar. Tilskotet er øyremerka og vert gitt til alle godkjende barnehagar, både private og offentlege. Satsane for tilskotet varierar etter alderen til barnet og etter opphaldstida.

Det er fylkesmannen som fattar vedtak om tildeling av driftstilskot til barnehagane. Etablerte barnehagar får tilskotet berekna på grunnlag av talet på born, alderen deira og opphaldstid per 15. desember året før. Nye barnehagar får tilskot frå måneden barnehagen opnar. Vidare kan etablerte barnehagar søkje om auka tilskot dersom barnehagen tek inn fleire born enn det som vart opplyst på årsmeldinga per 15. desember.

1999 var det første heile budsjettåret etter at kontantstøtteordninga trådte i kraft. Det var ein viss usikkerheit knytt til om den nye ordninga ville gje endra bruk av barnehage for dei yngste borna. Statistisk Sentralbyrå sin barnehagestatistikk for 1999 vert først publisert tidleg på sommaren 2000. Dermed er det vanskeleg å seie noko sikkert om korleis barnehagebruken for dei yngste borna har utvikla seg. Barnehagestatistikken frå utgangen av 1998 viser likevel at det totalt sett var ein nedgang i løpet av 1998 på 1200 born i kontantstøttealder som hadde barnehageplass. 1998-statistikken viser også at det var ein auke i talet på born i denne aldersgruppa som har deltidsplass.

Det er truleg at denne utviklinga heng saman med innføringa av kontantstøtteordninga. Evalueringa av kontantstøtta vil kunne seie noko meir om korleis dei ulike ordningane og kombinasjonsmoglegheitene vert tekne i bruk.

1. august 1999 vart opphaldstidene og satsane for driftstilskot til barnehagar endra. Dette vart gjort mellom anna for å få til ei betre harmonisering med satsane for gradert kontantstøtte. Formålet var å gjera det enklare å kombinera dei to ordningane.

I statsbudsjettet for 1999 vart det løyvd 4 466, 9 mill. kroner til driftstilskot til barnehagar. Måltalet for etablering av nye barnehageplassar i 1999 var 2 500 plassar. I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 1999 vedtok Stortinget å auke måltalet for 1999 til 7 500 plassar.

Rekneskapstala for 1999 viser at dei samla utbetalingane til driftstilskot var på 4 213 mill. kroner. Dette er ei mindreutgift på vel 253,8 mill. kronar. Barne- og familiedepartementet legg til grunn at mindreutgifta skuldast to ting. Det vart etablert færre barnehageplassar enn føresett i 1999. Vidare var utgiftene knytt til omlegginga av tilskotet 1. august 1999 lågare enn føresett. Barnehagestatistikken for 1999 vil kunne gje betre grunnlag for å vurdere dette.

3.4 Distriktspolitiske tiltak

I statsbudsjettet for 1999 vart det vedteke ei auking i løyvingane til distrikts- og regionalpolitiske tiltak på til saman 260 mill. kroner. Totalt vart det løyvd 2 117,5 mill. kroner, medan vedteke operasjonsramme vart 1 789,5 mill. kroner. I tillegg vart 300 mill. kroner fordelte på departementa etter ei heilskapleg distriktspolitisk vurdering.

Det var i 1999 ei ekstra løyving på 100 mill. kroner til samarbeidstiltak mellom fylkeskommunar, regionale statsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar for å betre vilkåra for sysselsetjing og levevilkår i distrikta.

Fylkeskommunane fekk tilsegner for til saman om lag 46 mill. kroner til samordningsprosjekt der offentlege etatar og andre regionale aktørar deltok i samarbeid om felles prosjekt. Det vart også løyvd til saman om lag 6 mill. kroner til samordningsprosjekt der fleire departement gjekk saman om å finansiere regionale prosjekt. 25 pst. av dei prosjekta som fekk støtte involverte utdanningssektoren, ofte i samarbeid med næringslivet.

Tiltak for utvikling av arbeidsplassar i distrikta vart finansiert ved at løyvingane til SND og fylkeskommunane vart auka med 138,3 mill. kroner i 1999. I tillegg vart tilskot til program for kompetanseutvikling auka med 18,5 mill. kroner og ordninga med etablererstipend auka med 14,5 mill. kroner.

3.5 Internasjonal bistand og hjelpetiltak i samband med krisa i Kosovo

I 1999 vart det under Utanriksdepartementet sine ansvarsområde utgiftsført 10 788 mill. kroner til offisiell utviklingshjelp (ODA), tilsvarande 0,92 pst. av bruttonasjonalinntekta (BNI) for 1999. Vedteke budsjett for utviklingshjelp for 1999 vart rekna til 0,88 pst. av anslaget på BNI for 1998 i St.meld. nr. 1 (1998-99), jf. Nasjonalbudsjettet 1999.

Tabell 3.1 Utbetalingane til utviklingshjelp og overførte beløp for perioden 1990 – 1999 (Tal i mill. kroner)

ÅrUtbetaltUtbetalt i pst. av BNIOverført neste terminOverført i pst. av disp. bevilg.
19907 576 mill.1,16421 mill.6 pst.
19917 649 mill.1,13249 mill.3 pst.
19927 921 mill.1,16158 mill.2 pst.
19937 203 mill.1,01503 mill.7 pst.
19948 033 mill.1,05479 mill.6 pst.
19957 923 mill.0,87*415 mill.5 pst.
19968 492 mill.0,85481 mill.6 pst.
19979 327 mill.0,87375 mill.4 pst.
199810 183 mill.0,93203 mill.2 pst.
199910 788 mill.0,92418 mill.4 pst.

* Dette året vart utrekningsmåten for BNI lagt om. Dette innebar at utviklingshjelpa målt i prosent av BNI vart lågare enn om tidlegare metode vart nytta.

3.5.1 Bistand over Utanriksdepartementet sitt budsjett i samband med krisa i Kosovo

Nedanfor er gitt ei utgreiing om løyvingar i 1999 under Utanriksdepartementet (kap. 192, post 71) til hjelpetiltak i samband med krisa i Kosovo.

Tabell 3.2 Løyvingar i 1999 under Utanriksdepartementet (kap. 192, post 71) til hjelpetiltak i samband med krisa i Kosovo (Tal i mill. kroner)

VedtakLøyving
Av ordinær løyving på posten30,0
St.prp. nr. 56 (1998-99), Innst. S. nr. 149 (1998-99) Om humanitær hjelp i samband med krisa i Kosovo195,0
St.prp. nr. 59 (1998-99), Innst. S. nr. 175 (1998-99) Tilleggsløyvingar på statsbudsjettet for 1999 i samband med krisa i Kosovo48,0
St.prp. nr. 88 (1998-99), Innst. S. nr. 242 (1998-99) Om humanitær hjelp i samband med krisa i Kosovo350,0
Omdisponering ved kgl. res., jf. fullmakt gitt i St.prp. nr. 59 (1998-99), Innst. S. nr. 175 (1998-99)150,0
Omdisponering, jf. St.prp. nr. 30 (1999-2000), Innst. nr 87 (1999-2000) Ny saldering av statsbudsjettet medrekna folketrygda for 1999237,5
Samla løyving til hjelpetiltak i samband med krisa i Kosovo1 010,5

Av den samla løyvinga vart om lag 750 mill. kroner utbetalt i 1999, og det resterande beløpet vart overført til 2000 til bruk i regionen. Midlane vart hovudsakleg kanalisert gjennom norske organisasjonar og FN-systemet.

I mai 1999 oppheldt 800 000 flyktningar seg utanfor Kosovo sine grenser, hovudsakleg i leirar i Makedonia og Albania, grunna krigshandlingane inne i provinsen. I tillegg var det 200 000 – 300 000 internt fordrivne i Kosovo.

Det høge nivået på løyvinga til tiltak i Kosovo har samanheng med dei store kostnadene som Noreg i lag med andre land tok på seg i samband med dei store flyktningestraumane frå Kosovo til Noreg og nabolanda i Søraust-Europa. NATO sine luftoperasjonar pågjekk til 10. juni 1999, og den internasjonale fredsstyrken KFOR gjekk inn i Kosovo 12. juni 1999. Dei kosovoalbanske flyktningane vende tilbake frå nabolanda medan serbarar i Kosovo flykta for å koma unna hemnaksjonar frå kosovalbanarane. Dei store øydeleggingane i Kosovo og i Serbia førde for det fyrste til at behovet for naudhjelp auka i Serbia. For det andre vart det behov for snarleg attreising av hus, skular, sjukehus og infrastruktur som vatn- og straumforsyning i Kosovo.

Takka vere fredsløysinga vende mange flyktningar heim frå Noreg og midlar avsette til arbeid for flyktningar i Noreg vart difor omdisponerte til tiltak i regionen. Behova for naudhjelp var framleis store. Midlane vart omdisponerte til tiltak for å avhjelpe den humanitære stoda før vinteren, særleg i Serbia, Kosovo og Montenegro der behova var størst.

3.5.2 Bistand over Forsvarsdepartementet sitt budsjett i samband med krisa i Kosovo

KFOR er no oppsett med om lag 45 000 personar, der om lag 6 000 er stasjonerte i Makedonia og Albania. Styrken er godt etablert i Kosovo og har militær kontroll over situasjonen, sjølv om det framleis finn stad etnisk uro og spreidd valdsbruk mellom kosovoalbanerar og serberar. I påvente av at internasjonale organisasjonar skal ivareta ein større del av den sivile attreisinga, har KFOR utvida sitt mandat til også å omfatte grensekontroll, tiltak mot kantonisering og auka vern av minoritetar. KFOR si oppgåve består i tillegg til å gje humanitær assistanse til flyktningar og internt fordrevne, oppretthalde lov og orden, rydding av miner og eksplosivar, samt oppgåver påkrevd i forhold til FN, OSSE og andre som har ansvaret for den sivile attreisinga.

Når det gjeld norsk deltaking i KFOR, gjer Telemark bataljon (TMBN) teneste, initielt forsterka med eit ingeniørkompani totalt om lag 1 300 personar, utanfor Pristina som ein del av den britisk leia brigaden (MNB-C) i det sentrale Kosovo, der også Finland, Sverige og Canada stiller styrkebidrag. Forutan TMBN deltek Noreg med informasjonsoffiserar, sambandselement og stabsoffiserar i hovudkvarter. Den norske bataljonen opererar i eit uroleg og etnisk samansett operasjonsområde der krava til eige vern og mobilitet er svært strenge. TMBN er gjevne gode skussmål for innsatsen så langt, m.a. av at styrken kan disponerast relativt fritt av sjef-KFOR over teig-grensene. Denne fleksibiliteten vil bli endå meir verdifull når det i løpet av våren vert utarbeidd ein forsvarsplan for Kosovo, der behovet for strategiske forflyttingar med eldstøtte og pansring er eit sentralt element.

Som følgje av den norske satsinga i Kosovo, har den norske infanteribataljonen vi hadde i Bosnia vorte redusert til ein mindre styrke på om lag 140 personer. Den nye styrken består i hovudsak av ei logistikkeining innanfor ei nordisk-polsk bataljonsgruppe, samt stabspersonell i hovudkvarter.

Forsvaret si deltaking i Kosovo og Bosnia har for 1999 kosta om lag 2 mrd. kroner som i hovudsak er løyvd i tillegg til den ordinære forsvarsramma.

3.5.3 Bistand over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett i samband med krisa i Kosovo

I mai 1999 vart det vedteke at Noreg etter oppmoding frå og i samarbeid med FN sin Høgkommissær for flyktningar kunne ta imot inntil 6 000 flyktningar frå Kosovo. Under handsaminga av St.prp. nr. 59/Innst. S. nr. 175 (1998-99) Om tilleggsløyvingar på statsbudsjettet i tilknyting til mottak av flyktningar frå Kosovo, vedtok Stortinget ei tilleggsløyving på 1 218 mill. kroner til utgifter i tilknyting til flyktningane. Utgiftene til tiltak vart løyvde over budsjetta til fleire departement. Stortinget vedtok òg at Kongen i tilfelle eit mindreforbruk til flyktningutgifter i Noreg, kunne gje samtykke til å omdisponere frå tilleggsløyvinga på dei gitte postane og kapitla til auka innsats i nærområdet over Utanriksdepartementet sitt budsjett.

Situasjonen vart ein annan enn det som vart lagt til grunn i St.prp. nr. 59 (1998-99). Totalt 6 092 flyktningar vart evakuerte frå Kosovo og om lag 140 personar fekk familiesameining med desse og kom til Noreg i 1999. Om lag 3 600 vende tilbake til Kosovo med stønad i 1999. Auke i flyktningar som vende tilbake, færre familiesameiningar og lågare busetjing enn rekna med gjorde at det var mogleg å omdisponere eit beløp kalkulert til om lag 388 mill. kroner til auka innsats i nærområdet i 1999. Av dette er om lag 295 mill. kroner knytt til mindreforbruk på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett, medan om lag 33 mill. kroner er mindreforbruk på budsjettkapitla under Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet, om lag 16 mill. kroner på budsjettkapitla under Sosial- og helsedepartementet og om lag 45 mill. kroner på budsjettkapitla under Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Utanriksdepartementet har bruka si løyving, medan Justisdepartementet i tilknyting til ny saldering av statsbudsjettet fekk ei ekstraløyving på om lag 10 mill. kroner.

I kgl. res. av 22. oktober 1999 vart det gitt fullmakt til å omdisponere 150 mill. kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til Utanriksdepartementet. Det resterande mindreforbruket på om lag 238 mill. kroner vart under handsaminga av St.prp. nr. 30/ Innst. S. nr. 87 (1999-2000) om nysaldering av statsbudsjettet omdisponert til auka innsats for flyktningar i nærområdet over Utanriksdepartementet sitt budsjett.

Til forsiden