St.meld. nr. 3 (1999-2000)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999

Til innholdsfortegnelse

4 Folketrygda for 1999

4.1 Sjukepengar

Dei samla utgiftene til sjukepengar frå folketrygda auka med 13,4 pst. frå 1998 til 1999 (nominelle kroner). For arbeidstakarar m.fl. (post 70) vart auken på 14,5 pst. (nominelle kroner).

I åra frå 1995 til 1999 var den prosentvise auken i talet på sjukepengedagar betalt av folketrygda per sysselsett lønnstakar litt sterkare for menn enn for kvinner, 35 pst. mot 32 pst. For menn var auken størst i aldersgruppa 16-29 år, mens auken for kvinner var størst i aldersgruppa 60 år og over.

Veksten i sysselsetjinga er ei viktig forklaring på at sjukefråværet i Noreg har auka kvart år sidan 1994. Ein strammare arbeidsmarknad fører mellom anna til at menneske med høgare sjukdomsrisiko kjem ut i arbeidslivet. Mange av dei vert gjengangarar på sjukepengar. Ein gjengangar er ein person som har fått sjukepengar frå folketrygda minst to gonger med mindre enn 6 månaders mellomrom. Førebels tal viser at gjengangarane stod for om lag 35 prosent av sjukepengedagane som folketrygda betalte i 1999, mot 31 prosent i 1995.

Analyser viser at dei som er nye på arbeidsmarknaden i ein konjunkturoppgang, har høgare sjukefråvær enn dei som har vore i arbeid i lengre tid. Analyser av data frå enkeltkommunar som Rikstrygdeverket (RTV) har gjort, styrkjer teorien om at gjengangarane sin del av det samla talet på sjukmelde aukar når sysselsettinga aukar. Men ein ny analyse av RTV-data frå 1994, 1996 og 1997 viser at fråværet òg aukar monaleg blant arbeidstakarar som har vore lenge i arbeid. Auken i sjukefråværet dei seinare åra kjem difor ikkje berre av at nye grupper med helseproblem har kome inn på arbeidsmarknaden.

Det er grunn til å tru at endringar i andre velferdsordningar på 1990-talet òg har hatt innverknad på sjukefråværet. Dette gjeld mellom anna innstramminga i uførepensjonsordninga i 1991, maksimaltid for rehabiliteringspengar frå 1993 og opptrapping av tiltak innafor yrkesretta attføring. Langtidssjuke som utan desse tiltaka truleg ville ha fått uførepensjon, har i større grad vorte ført inn i medisinsk rehabilitering eller yrkesretta attføring og vidare ut i arbeid for ei kortare eller lengre tid, før dei kjem attende på sjukepengar.

Samstundes har det òg vore ein sterk auke i talet på nye uførepensjonistar dei siste åra. Mange av desse har tidlegare vore arbeidstakarar med høgt sjukefråvær, og ein skulle tru at det store talet på nye uførepensjonistar skulle gje færre personar med høgt sjukefråvær i arbeidsstyrken. Men så langt har ein ikkje sett teikn til denne typen effekt i sjukepengestatistikken.

Det ligg føre eit opplegg for ein ny samla sentral sjukefråværsstatistikk som mellom anna vil gje betre høve til å vurdere effekten av ulike tiltak for å redusere behovet for sjukmeldingar. Ein kan ikkje seie sikkert når denne statistikken kjem i gang, fordi RTV framleis ventar på løyve frå Datatilsynet.

Talet på personar som brukte opp retten til sjukepengar gjennom eitt eller fleire sjukepengetilfelle auka frå 20 885 i 1995 til 36 880 i 1998. I dei tre første kvartala i 1999 voks talet på slike personar med over 10 prosent frå same periode året før. Analyser frå RTV viser at denne auken er med på å forklare den sterkare tilgangen på personar på rehabiliteringspengar og uførepensjon.

4.2 Uførepensjon

Utgiftene til uføre har auka dei siste åra. Frå 1998 til 1999 gjekk utgiftene opp med 9,5 pst. (nominelt). Dette har samanheng med auke i talet på uførepensjonistar, at grunnbeløpet i folketrygda har auka og at minstepensjonen vart auka med 12 000 kroner i året frå 1. mai 1998. I 1999 auka talet på uførepensjonistar med 4,6 pst. til 269 840. Tilgangsraten, dvs. talet på nye uførepensjonistar per 1 000 ikkje-uføre personar, var 12,8 promille, om lag det same som i 1998, då talet var 12,5 promille.

Ein grunn til at talet på nye uførepensjonistar veks, er at dei store etterkrigskulla no er komne opp i aldersgrupper der tilgangsratane til uførepensjon relativt sett er høgast. Auken i talet på nye uførepensjonistar sidan 1997 er påverka av veksten i sysselsetjinga på 1990-talet. Forklaringar på at uførepensjoneringa har gått opp samtidig med at sysselsetjinga har vore høg, kan vere at fleire personar med helseproblem har fått plass i arbeidslivet og at dei etter ei tid går over på sjukepengar og til slutt søkjer uførepensjon. Delen av nye uførepensjonistar som kjem direkte frå sjukepengar ser ut til å vere noko aukande, i 1997 var det 31 pst., i 1998 32 pst. og auken ser ut til å halde fram i 1999. Høgare sysselsetjing blant kvinner kan òg føre til at fleire vert vurderte som yrkesaktive når dei søkjer om uførepensjon og difor lettare kunne få uførepensjon enn om dei hadde vore vurderte i forhold til arbeid i heimen. Høg aktivitet og høgt arbeidstempo kan føre til auka press på arbeidstakarane, noko som òg kan føre til helseproblem.

Det er store skilnader mellom fylka i talet på uførepensjonistar. Førebels resultat frå RTV-prosjektet »Geografiske variasjoner i tilgang på uførepensjon 1980-1997» viser at tilgang til uførepensjon er høgare i kommunar med lågt utdanningsnivå og høge døyingstal. For menn tyder eit høgt gjennomsnittstal for arbeidsløyse i kommunen også på høg uføretilgang. For kvinner er uføretilgangen høg der det over tid foregår ei nettoutflytting. Resultata viser at det i gjennomsnitt går 5-6 år frå tidspunktet då arbeidsløysa er på det høgaste til ein ser toppen av uføretilgangen. Om dette er riktig, burde toppen av uføretilgangen som følgje av at talet på gjennomsnittleg arbeidsløyse var på det høgaste i 1993-1994 no vere over, men søknadstala for 1999 viser ikkje tydelege teikn til at det er tilfelle.

Auka innsats i trygdeetaten for å byggje ned restansar og raskare behandling av uførepensjonssaker førte spesielt i 1997 og 1998 til ein auke i talet på uføre. Om lag 20 pst. av auken i talet på uføre frå 1997 til 1999 skreiv seg frå endringar i saksbehandlingstid. I 1999 har nedbyggjinga av restansar vore noko mindre.

I 1997 vart det innført fleire regelendringar for å motivere uførepensjonistar til å utnytte restarbeidsevna si betre. Friinntektsgrensa vart heva frå ein ½ G til 1 G, det vart innført ei prøveordning med lågare gradering av uførleik enn 50 pst., og utviding av »kvilande pensjonsrett» frå maks. 1 år til maks. 3 år om ein prøver seg i arbeidslivet (Kvilande pensjonsrett inneber at om ein ikkje lukkast i arbeidslivet, får vedkomande attende den tidlegare uførepensjonen utan å måtte søkje på nytt). Dette ser ikkje ut til å ha ført til endringar i talet på uførepensjonistar, men gjennomsnittsinntekta blant uførepensjonistar har venteleg auka isolert sett.

4.3 Medisinsk rehabilitering

Attføring omfattar både yrkesretta attføring (under Arbeids- og administrasjonsdepartementet) og medisinsk rehabilitering (under Sosial- og helsedepartementet). Talet på mottakarar av rehabiliteringspengar auka frå 26 523 ved utgangen av 1998 til 28 961 eit år seinare. Det er ein auke på 9,2 pst. Utgiftene heng nært saman med talet på stønadsmottakarar. Utgiftene på post 70 auka med 12,1 pst. (nominelt) frå 1998 til 1999. Utgiftene i 1999 vart 3 328 mill. kroner. Post 71 Rehabiliteringspengar i påvente av attføring er eit formål under avvikling, og utgiftene i 1999 låg på om lag 1 mill. kroner. Ved utgangen av året var det 1 304 personar som hadde denne ytinga.

Det har vore ei ganske sterk auke på posten medisinsk rehabilitering dei seinaste åra. Auken frå 1998 til 1999 er likevel lågare enn for perioden 1996 –1998, då utgiftene til dømes auka med om lag 23 pst. for kvart av åra. Auken dei siste åra har samanhang med veksten i talet på langtidssjukmelde, i tillegg til ein strammare arbeidsmarknad. Veksten i talet på langtidssjukmelde inneber meir presist, med omsyn til rehabiliteringsordninga, at fleire har brukt opp sjukepengeretten sin. I perioden 1995 til 1998 auka dette talet med om lag 77 pst. og for dei tre første kvartala i 1999 fekk vi endå ein auke med 11 pst. samanlika med dei tre første kvartala året før. Fleire og fleire kjem relativt sett direkte frå sjukepengar til rehabilitering. I 1994 var delen 54,5 pst., medan den i dei tre første kvartala i 1999 var auka til noko over 64 pst. Om lag 70 pst. av alle med rehabiliteringspengar er under 50 år og meir enn 60 pst. er kvinner. Dei vanlegaste diagnosane for rehabiliteringspengemottakarar er muskel- og skjelettlidingar og mentale lidingar.

Sidan 1993 har ein større del av dei som avslutta rehabiliteringspengeperioden vorte uførepensjonistar. Denne auken til uførepensjon heng truleg saman med at maksimal stønadstid vart innskrenka til 52 veker frå 1. juli 1993.

4.4 Alderspensjon

Talet på alderspensjonistar ved utgangen av 1999 var 631 220 personar. Det er om lag 700 fleire enn på slutten av 1998. Alderspensjonistane utgjer no 14,1 pst. av folket i Noreg. Utgiftene har gått opp med 6,5 pst. (nominelt). Auken i utgifter er større enn auken i talet på alderspensjonistar. Dette har primært si årsak i at fleire av alderspensjonistane no har rett til tilleggspensjon, at gjennomsnittleg tilleggspensjon har auka, og at ein i 1999 har fått heilårsverknaden av auken i særtillegget frå 1.mai 1998.

Mange pensjonistar er allereie pensjonerte gjennom avtalefesta pensjon (AFP) når dei tek ut alderspensjon frå Folketrygda ved 67 år. Ved utgangen av 1999 var det 25 628 personar med AFP. Det var ein auke på 18,8 pst. frå året før. Hovudårsaka til denne auken i talet på AFP-mottakarar er at aldersgrensa har vorte senka.

4.5 Einsleg mor eller far

Utgiftene til overgangsstønad gjekk ned med 5,1 pst. (nominelt) frå 1998 til 1999. Talet på einslege forsørgjarar med overgangsstønad var ved utgangen av 1999 vel 41 400, om lag 3 200 færre enn året før. Nedgangen i talet på stønadsmottakarar har i stor grad samanheng med regelendringa frå 1. juli 1999. Endringa inneber at stønadene i folketrygda til einslege forsørgjarar ikkje vert gjeve når den einslege forsørgjaren lever i eit sambuarskap som har halde fram i meir enn 12 av dei siste 18 månadene.

Talet på einslege forsørgjarar med overgangsstønad gjekk ned med 10,7 pst. frå 1994 til 1999. Hovudårsakene til dette er i) omlegginga av stønadsordninga frå 1. januar 1998 kor målet var å betre økonomien til einslege forsørgjarar med små born og å stimulere til auka sjølvforsørgjing etter ein overgangsperiode og ii) regelendringa om sambuarskap frå 1. juli 1999.

I 1999 var delen »aktive» forsørgjarar 74,9 pst. Dette var det same som i 1998. Med aktive einslege forsørgjarar meiner vi dei som er heilt sjølvforsørgjande (berre stønad til barnetilsyn), dei som er delvis sjølvforsørgjande (redusert overgangsstønad p.g.a. forventa inntekt) og dei som er under utdanning (full overgangsstønad og stønad til barnetilsyn). Til samanlikning var delen aktive einslege forsørgjarar 66,4 pst. i 1995.

Auka krav til aktivitet har gitt auka utgifter til utdanningsstønad. Høgare satsar for stønad til barnetilsyn har òg gitt auka kostnader. Utviklinga tilseier no at utgiftene til utdanningsstønad er på veg til å stabilisere seg. Ved utgangen av 1999 var 17,5 pst. av stønadsmottakarane under utdanning, om lag det same som i 1998. 57,4 pst. av dei som fekk overgangsstønad hadde i 1999 redusert stønad avdi dei hadde arbeidsinntekt over 1 ½ G eller 68 055 kroner.

4.6 Helsestønader og hjelpemiddel

Utgiftene til legemiddel på blå resept auka med 2,6 pst. frå 1998 til 1999. Den låge veksten heng saman med at eigendelen for eldre, uføre og born vart sett opp til same nivå som for andre pasientar frå 1. januar 1999.

Utgiftene til sjukepleieartiklar auka frå 1998 til 1999 med 1,3 pst. Dette er ein langt mindre auke enn for åra før. Det er framleis utgiftene til diabetesutstyr som har den sterkaste auken. Rikstrygdeverket sine prisforhandlingar held fram, og dei er med på å dempe utgiftsveksten.

Refusjonsutgiftene til legespesialistar auka med 8,8 pst. og til almenlegar med 5,7 pst. frå 1998 til 1999.

Utgiftene til sjuketransport auka frå 1998 til 1999 med 4,7 pst. Dette er lågare enn for åra før. Det er særleg utgiftene til drosje som auka mindre enn for åra før.

Refusjonane av eignelutar for personar med frikort auka med 66,4 pst. frå 1998 til 1999. Auken heng saman med auken i eigendelar dei siste åra, særleg for legemiddel. Utgiftstaket for eignelutar har ikkje vorte auka vesentleg.

I 1996 kom digitale høyreapparat på marknaden, og dette har ført til ein sterk vekst i utgiftene. Prisgrensa for dei digitale apparata er høgare enn for dei analoge. Utgiftene auka i 1999 med 17,2 pst. nominelt.

Posten for tekniske hjelpemiddel auka sterkt nominelt i 1997 (15,8 pst.) og 1998 (16,4 pst.). Dette hang saman med endringar i regelverket for skulehjelpemiddel, som førte til at langt fleire datahjelpemiddel vart formidla. Frå 1998 til 1999 er auken lågare (8,9 pst.). Det har samanhang med at utgiftene til datahjelpemiddel no er lågare.

4.7 Underhaldsbidrag til barn og ektefelle

Ved utgangen av 1999 var det registrert 126 000 bidragspliktige som var pålagt å betale bidrag gjennom Trygdeetatens innkrevjingssentral (TI). Dette er ein auke på 4 200 (3,4 pst.) frå utgangen av 1998. Den samla uteståande bidragsgjelda utgjorde 3 063 mill. kroner ved utgangen av 1999. På grunn av omlegging til nytt innkrevjingssystem ved TI er bidrag for januar 2000 med 252 mill. kroner inkludert i bidragsgjelda for 1999. Inkludert i talet er også saker der bidragspliktige er busette i utlandet (431 mill. kroner) og uteståande i gamle gjeldssaker ved Statens innkrevjingssentral (SI) (238 mill. kroner). Tilsvarande tal ved utgangen av 1998 var 2 820 mill. kroner, av det skulda bidragspliktige busette i utlandet 413 mill. kroner og restgjeldssaker ved SI var 264 mill. kroner.

Totalt vart det kravd inn 2 987 mill. kroner i 1999. Det er ein auke på 251 mill. kroner (9,2 pst.) frå året før. I 1999 er påløpet auka med 500 mill. kroner (18,9 pst.) samanlikna med i fjor. Påløp er det bidragsbeløpet som bidragspliktig er pålagt å betale. Dersom påløp for januar 2000 vert trekt ut, har påløpet auka med 249 mill. kroner (9,4 pst.). Ein god måleindikator for innkrevjingsarbeidet og gjeldsutviklinga er forholdet mellom bidragsgjelda og dei oppsamla årlege bidragspliktene. Gjeldstalet i høve til påløpet er i 1999 redusert med 10 prosentpoeng.

Prosentdelen av bidragspliktige som er á jour eller har gjeld under 10 000 kroner er nesten den same i 1999 som i 1998, om lag 69 pst. (86 700).

Statens forskotering av bidrag utgjorde brutto 1 513 mill. kroner i 1999. I dei tilfella der det fastsette bidraget er mindre enn forskotsbeløpet, skal ikkje differansen krevjast inn. Beløpet skal utgiftsførast. Denne differansen nemnast som »løyvd forskot». Løyvd forskot utgjorde 456 mill. kroner. Det vil seie at forskotsbeløp som kan krevjast for 1999 var 1 057 mill. kroner. Av dette beløpet vart 1 006 mill. kroner dekt av innbetalingane frå dei bidragspliktige.

Dei vilkåra som er nytta no er ikkje tidlegare nytta ved noka vurdering av fordringane. Noverande vurdering av fordringar er førebels. Kommande år vil vi halde fram med arbeidet med å analysere bidragsgjelda og skaffe fram ytterlegare materiale. Etter kvart vil det føre til ei sikrare analyse av høvet til å krevje inn bidragsgjeld og samstundes vise eventuelle svingingar i forholdstala.

Ei meir systematisk oppfølgjing av bidragsgjelda over tid, vil truleg føre til at vi endrar den noverande kategoriseringa. Kategoriseringa vil spegle høvet til innkrevjing, og prioritering av innkrevjingstiltak.

Totalt uteståande fordringar, innanlands (bidragspliktige med laupande bidrag og bidragspliktige med restgjeld – utan laupande bidrag), er 2 417, 5 mill. kroner. Basert på dei omtala mellombels analysane, kan 1 292,4 mill. kroner av dette vurderast som gode fordringar, 515,3 mill. kroner som usikre og 610,7 mill. kroner som ei fordring som ikkje kan krevjast inn.

Ei god fordring er ei fordring vi reknar med å kunne krevje inn utan andre tvangstiltak enn trekk i lønn og ytingar. Usikre fordringar er fordringar som kanskje kan krevjast inn ved hjelp av ytterlegare tvangstiltak. Fordringar som ikkje kan krevjast inn, er fordringar som ikkje kan krevjast uansett tvangstiltak på grunn av den bidragspliktige si betalingsevne.

Bidragspliktige med laupande bidrag

Totalt uteståande fordringar for bidragspliktige med laupande bidrag er 1 868,1 mill. kroner. Av dette er 1 083,7 mill. kroner å vurdere som gode fordringar, 371,3 mill. kroner som usikre fordringar og 414 mill. kroner som fordringar som ikkje kan krevjast inn.

Usikre fordringar er rekna ut frå ei vurdering av dagens dekningsprosent (innbetalt i høve til årleg påløp) og kva for tvangstiltak som allereie er sett i verk. Fordringar som ikkje kan krevjast inn er vurdert ut frå innbetalingsevna til skuldnaren og sist det vart registrert ei innbetaling på saka.

Grupperinga som er nytta er bidragspliktige med betalingsordning, trekk i lønn eller ytingar, gjeldsordningar og dødsbu, sporadisk innbetaling i 1999, ikkje innbetalt siste 3 år, ikkje innbetalt siste 5 år, ukjend adresse, inga betalingsevne og ikkje innbetalt etter 1995. Dekningsprosenten variera frå 2,2 pst. for bidragspliktige med ukjend adresse eller manglande betalingsevne til 107 pst. for dei med trekk i lønn eller yting.

På bakgrunn av noverande dekningsprosent er det rimeleg å rekne med ein årleg auke av gjeld for dagens bidragspliktige med laupande bidrag, på meir enn 240 mill. kroner dersom innkrevjingstiltaka ikkje vert meir effektive.

Bidragspliktige med restgjeld (utan laupande bidrag)

Sum uteståande fordringar er 549,4 mill. kroner for bidragspliktige med restgjeld. Av dette er 208,7 mill. kroner å sjå på som gode fordringar, 144 mill. kroner som usikre og 196,7 mill. kroner som fordringar som ikkje kan krevjast inn.

Vurderinga og kategoriseringa av dei bidragspliktige er gjort i høve til dei same vilkåra som for bidragspliktige med laupande bidrag. Det er likevel teke omsyn til at det ikkje vert produsert nye månadlege krav. Dekningsprosenten (innbetalt i forhold til restgjeld) variera frå 0,4 pst. for dei som ikkje kan krevjast til 45,4 pst. for dei med trekk i lønn og ytingar.

På bakgrunn av noverande dekningsprosent kan ein vente ein årleg reduksjon på om lag 96 mill. kroner av gjeld for dagens bidragspliktige med restgjeld.

Bidragspliktige busette i utlandet

Det er myndigheitene i kvart enkelt land som står for innkrevjinga når bidragspliktig bur i utlandet. Trygdeetaten er såleis avhengig av inngåtte avtaler og samarbeidsvilje frå kvart enkelt land. Totalt uteståande fordringar var 431 mill. kroner. Av dette gjeld 160 mill. kroner bidragspliktige i Norden. Sverige åleine står for nesten 99 mill. kroner.

Det vart til saman innbetalt 40,7 mill. kroner med ein dekningsprosent (innbetalt i prosent av påløp) på 58,7. I Norden vart det innbetalt 23 mill. kroner med ein dekningsprosent på 71,1.

Frå 1998 til 1999 er gjelda auka med i overkant av 18 mill. kroner. Størst netto gjeldsauke var det i Sverige (46 pst. av auken), USA (13 pst.), Frankrike (6 pst.) og Danmark (5 pst.).

Ved å leggje samla bidrag minus innbetalt i 1999 til grunn, kan det venteleg verte ein gjeldsauke på 28 mill. kroner årleg for dagens bidragspliktige.

Til forsiden