St.meld. nr. 3 (2002-2003)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

2 Utval av inntekter og utgifter

2.1 Skattar og avgifter frå fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2002 syner at samla skattar og avgifter frå fastlands-Noreg var 459,8 mrd. kroner, ein auke på 30,2 mrd. kroner eller 7 pst. frå året før (sjå tabell 2.1). Som ei følgje av overføring av spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunane til staten i 2002, er skatteinntektene til fylkeskommunane reduserte med om lag 21,6 mrd. kroner gjennom reduserte fylkeskommunale skattøyre, mot ein tilsvarande auke i satsen for fellesskatten til staten. Dersom ein held dette utanom, var det ein auke i skatteinntektene i 2002 på 2 pst. Dette er lågare enn frå 2000 til 2001 (5,6 pst.) og også lågare enn for perioden 1996-2001, då skatte- og avgiftsinntektene frå fastlands-Noreg steig med drygt 7 pst. i årleg gjennomsnitt.

Statsrekneskapen for 2002 syner at samla skattar og avgifter frå fastlands-Noreg til staten vart om lag 2,7 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett for 2002 og om lag 7,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2002.

Inntektene frå skattlegging av føretak vart lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

Ein stor del av denne reduksjonen, om lag 2,4 mrd. kroner, har samband med ein tvist i skattlegginga av føretak. Inntektene frå meirverdi- og investeringsavgifta har også blitt monaleg lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2002, om lag 3,4 mrd. kroner. Reduksjonen kan ha samanheng med at det dei siste åra er gjennomført fleire store endringar i momssystemet, mellom anna utviding av moms på tenester, halvering av moms på matvarer og fjerning av investeringsavgifta. Føretak med under 1 mill. kroner i avgiftspliktig sal kunne velje å levere årleg oppgåve (innan 10. februar 2003) i staden for terminoppgåver gjennom 2002. Endringa kan ha medverka til å forskuve inntekter frå meirverdiavgifta frå 2002 til 2003. Ei anna mogleg forklaring på reduksjonen i inntektene frå meirverdiavgifta kan vere at det har teke lengre tid før halveringa av moms på matvarer har verka inn på innbetalte avgifter.

Reduksjonen er òg påverka av at investeringsavgifta vart fjerna hausten 2002.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 459,8 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2002 utgjorde skatt på inntekt og formue 127,6 mrd. kroner, ein auke på drygt 22 mrd. kroner frå året før. Dersom ein korrigerer for auken i skatteinntekter på grunn av overføringa av ansvaret for sjukehusa frå fylkeskommunane til staten, var auken på 1,6 pst.

Skatt og avgifter til folketrygda, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift, utgjorde 137,1 mrd. kroner i 2002, og svarar til ein auke på 6,8 pst. frå året før.

Meirverdi- og investeringsavgifta, som er av dei viktigaste inntektskjeldene til staten, vart redusert med 1,5 pst. til 128,3 mrd. kroner i 2002.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 66,8 mrd. kroner i 2002. Dette er 0,4 pst. meir enn i 2001.

2.2 Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda i 2002, utan CO2-avgifta, vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 88 000 mill. kroner. Rekneskapstala for 2002 er 86 689 mill. kroner.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 1 178 mill. kroner lågare enn ein venta i nysalderingsproposisjonen.

Betalt produksjonsavgift og betalt arealavgift vart høvesvis 80 mill. kroner og 53 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen. Reduksjonen i produksjonsavgifta kjem i hovudsak av lågare produksjon enn forventa, medan den lågare arealavgifta kan tilskrivast fritak frå avgift og tilbakelevering av areal.

Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 3 000 mill. kroner, medan rekneskapstala for 2002 er 3 012 mill. kroner.

2.3 Inntekter frå Statens direkte deltaking i petroleumsverksemda

Inntektene frå Statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE) er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. I 2002 er i tillegg inntekt frå sal av delar av SDØE inkludert. Inntektene frå SDØE vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 91 260 mill. kroner. Rekneskapstala for 2002 er 90 374 mill. kroner. Nedgangen i inntektene kjem mellom anna av auking i ikkje-innbetalte inntekter knytt til sal av gass i desember 2002 og lågare sal av olje enn venta.

2.4 Samla oversikt over utgiftene

Sjå tabell 2.2.

Tabell 2.1 Statens inntekter 1998 – 2002 (tal i mill. kroner)

  RekneskapSaldert budsjett (Blå bok)Nysald. budsjettRekneskap
  1998199920002001200220022002
Skattar på formue og inntekt81 15888 66798 144104 358127 392130 996127 576
Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift107 297115 603122 006128 374136 171137 800137 085
Tollinntekter2 5892 4092 0291 7841 7891 6611 672
Meirverdiavgift og avgift på investeringar110 615114 076121 710130 306130 535131 700128 318
Avgifter på alkohol7 6878 6358 7118 4918 3838 2828 230
Avgifter på tobakk6 5586 6446 9147 1107 5016 9706 975
Avgifter på motorvogner30 96328 91430 51330 28932 83432 03532 227
Andre avgifter10 53814 76016 63818 85317 83617 87817 704
Sum skattar og avgifter357 405379 709406 666429 565462 441467 322459 789
Renter av statens forretningsdrift17120391946765103
Avskrivingar, avsetjingar til investeringsformål og inntekter av statens forretningsdrift3 3375 1663 5502 7722 2332 1172 472
Sum inntekter av statens forretningsdrift3 5085 3703 6412 8652 3002 1822 576
Renter frå statsbankane7 94610 77110 25811 57912 95611 97712 423
Renter av kontantbehaldninga i statskassa og andre krav4 1183 1764 3696 4356 5284 5713 814
Utbyte ekskl. Statoil3 3033 9863 6034 56059097 3447 479
Renteinntekter og utbyte ekskl. statens forretningsdrift og Statoil15 36717 93318 23022 57425 39323 89223 717
Inntekter under departementa18 20517 56719 62319 49915 37916 40319 602
Overføring frå Noregs Bank3 8113 40110 68510 6858 857
Tilbakeføring av midlar frå Statens banksikringsfond3821401824 3508282
Sum andre inntekter22 39821 10830 49034 53424 23616 48519 684
Sum inntekter ekskl. oljeskattar, petroleumsverksemd og tilbakebetalingar398 678424 120459 027489 538514 369509 881505 766
Inntekter frå statleg petroleumsverksemd42 10956 718121 466151 04991 30091 26090 562
Skatt og avgift på utvinning av petroleum27 60018 73661 455112 106107 30091 00089 701
Aksjeutbyte frå Statoil2 9401351 7025 7464 6005 0455 045
Sum petroleumsinntekter72 64975 589184 623268 902203 200187 305185 308
Tilbakebetalingar43 11954 70951 02490 72554 57942 16641 983
Overføring frå Statens petroleumsfond17 05918 4949 46840936 90053 40653 406
Sum inntekter531 505572 911704 141849 574809 048792 758786 463

Tabell 2.2 Samla utgifter etter departement 1998-2002 (tal i mill. kroner)

DepartementRekneskapSaldert budsjett (Blå bok)Nysald. budsjettRekneskap
  1998199920002001200220022002
Det kongelege hus og Slottsforvaltninga79801291388710099
Regjering m.m.109118143180177186187
Stortinget og underliggjande institusjonar701806759848892931938
Høgsterett44454748505150
Utanriksdepartementet12 77812 72313 36714 84716 28016 45316 495
Utdannings- og forskingsdepartementet22 75327 45526 91332 79427 99442 84843 288
Kultur- og kyrkjedepartementet3 2483 5183 5743 9075 0785 1555 238
Justis- og politidepartementet9 79310 72411 38111 79111 92712 53213 058
Kommunal- og regionaldepartementet53 54357 11063 45965 19781 89285 90386 009
Sosialdepartementet24 65127 94129 87733 2193 6763 6573 667
Helsedepartementet54 15157 80457 866
Barne- og familiedepartementet18 71420 28820 77923 49824 24124 41024 553
Nærings- og handelsdepartementet5 4683 9634 5415 6755 2045 2415 204
Fiskeridepartementet1 9482 0312 2082 3772 6682 7142 766
Landbruksdepartementet14 21714 41916 48714 01914 10214 43714 758
Samferdsledepartementet24 34117 95124 76420 84818 20720 70221 622
Miljøverndepartementet2 5112 6572 6542 7302 8082 9292 934
Arbeids- og administrasjonsdepartementet16 11420 50321 08221 48718 41919 53720 154
Finansdepartementet69 11644 95525 21768 26471 48771 66472 010
Forsvarsdepartementet25 53626 13825 81826 84227 65729 93230 986
Olje- og energidepartementet1 2005 6161 15722 5031 3911 4681 584
Ymse utgifter202425297 0955018
Statsbankane53 79661 63251 88368 52970 74060 19060 404
Statleg petroleumsverksemd27 60931 06223 30025 73616 43017 00516 075
Statens forretningsdrift2 6383 9442 0141 6341 3891 1071 703
Statens petroleumsfond45 04144 627161 373257 426186 770170 300169 234
Sum statsbudsjettet435 968440 330532 950724 566670 813667 307670 898
Folketrygda150 848162 289175 357187 642197 056204 671205 271
Samla utgifter med lånetransaksjonar586 816602 619708 307912 208867 869871 978876 169
Lånetransaksjonar1)98 03590 98356 715152 128113 650121 861122 702
Statens petroleumsfond45 04144 627161 373243 235186 770170 300169 234
Samla utgifter utan lånetransaksjonar og statens petroleumsfond2)443 740467 009490 219516 845567 449579 817584 233

1)I rekneskapen for 2001 er 14,191 mrd. kroner i lånetransaksjonar knytt til Statens petroleumsfond i samband med sal av aksjar i Statoil ASA, aksjeteikning, utlån m.v.

2)I saldert budsjett 2002 er 250 mill. kroner til pasientbehandling i utlandet ikkje med, jf. tabell 1.4.

Til forsiden