St.meld. nr. 3 (2002-2003)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

3 Omtale av utgifter under departementa

Nedanfor er det gjeve ein kort omtale av det einskilde departement og statsbankane, med sikte på å syne utviklinga under utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2000, 2001 og 2002 vist saman med nysaldert budsjett for 2002. Departementa og verksemder har budsjettfullmakter til mellom anna å overskride løyvingar mot meirinntekter og til å overføre unytta løyving til neste budsjettår. Utnyttinga av slike fullmakter kan medføra at rekneskapen vil avvike frå det nysalderte budsjettet.

3.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
00.10Det kongelege hus26,529,6100,198,6
00.20Slottsforvaltninga102,1108,3
00.30Regjering142,6180,3186,3187,2
00.40Stortinget og underliggjande institusjonar759,4848,3931,2938,3
Sum utgifter1 030,61 166,51 217,61 224,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Rekneskapen for område 00 for 2002 syner berre små avvik frå budsjett.

Trenden i rekneskapen

Med unntak av programkategori 00.10 høyrer programområdet inn under Finansdepartementet sitt ansvarsområde. Programkategori 00.10 Det kongelege hus vart overført frå Finansdepartementet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet frå 1.1.2002. Dei tilsette og forvaltninga av dei statleg eigde kongelege eigedomane vart fordelte mellom det Kongelege Hoff og Statsbygg. Som følgje av denne omorganiseringa har departementet fått heile ansvaret for løyvingane til kongehuset. Frå 2000 har utgiftene auka med 19 pst. frå 1 031 mill. kroner til 1 224 mill. kroner.

3.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har to budsjettområde, programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal hjelp.

Programområde 02 Utanriksformål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
02.00Administrasjon av utanrikstenesta1 230,91 345,71 401,91 440,5
02.10Utanriksformål678,6791,3836,5703,0
Sum utgifter1 909,52 137,02 238,42 143,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap, syner eit mindreforbruk på 95 mill. kroner

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert mindreforbruket redusera med om lag 61 mill. kroner, til 34 mill. kroner.

Dette programområdet omfattar driftsutgifter for utanrikstenesta (ekskl. administrasjon av utviklingshjelpa som inngår i programområde 03 Internasjonal hjelp), presse- og kulturtiltak og norske medlemskontingentar i internasjonale organisasjonar.

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 12 pst., frå 1 909 mill. kroner i 2000 til 2 143 mill. kroner i 2002. Avviket mellom disponibel løyving og rekneskap i 2002 var i hovudsak knytt til mindre utgifter til Noregs medlemskontingentar i internasjonale organisasjonar, her medrekna finansieringsordninga under EØS-avtalen.

Styrking av den internasjonale solidariteten

Programområdet omfattar den offisielle utviklingshjelpa (ODA) og støtte til Sentral- og Aust-Europa og internasjonale miljøtiltak, jf. oversikt nedafor:

Programområde 03 Internasjonal bistand (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
03.00Administrasjon av utviklingshjelpa555,6588,7630,5637,5
03.10Bilateral bistand2 180,92 301,22 371,52 384,2
03.20Globale ordningar2 055,92 160,16 017,16 136,4
03.30Multilateral bistand3 101,04 039,44 791,04 781,4
03.40Naudhjelp, menneskerettar m.v.3 266,93 222,5
SumOffisiell utviklingshjelp (ODA)11 160, 212 311,913 810,113 939,5
03.50Anna bistand297,0398,3405,0411,8
Sum utgifter11 457,212 710,214 215,114 351,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap, syner eit meirforbruk på 136 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 125 mill. kroner, til 11 mill. kroner.

Utviklingshjelpa

I 2002 vart det utbetalt 13 940 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp, ein nominell auke frå 2000 til 2002 på 2 780 mill. kroner eller om lag 25 pst. Ubrukte midlar i 2002, overført frå 2002 til 2003, utgjer 150 mill. kroner, tilsvarande om lag 1 pst. av disponibelt budsjett.

Utbetaling av ODA-godkjent utviklingshjelp i 2002 tilsvarar 0,91 pst. av bruttonasjonalinntekta (BNI). Vedteke budsjett for 2002 var basert på ei ramme tilsvarande 0,92 pst. av BNI, jf. Budjett.innst.S.nr.3 (2001-2002). Målt i pst. av BNI har utbetalingane auka frå 2000 til 2002, jf. Oversikt nedafor.

Viktige innsatsområde i 2002 var helse, utdanning, godt styresett og berekraftig utvikling. Gjeldsproblematikken for utviklingslanda var òg eit prioritert område.

Oversikta nedafor syner utbetalingar til offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2000 - 2002, i pst. av BNI og ubrukt løyving overført neste budsjettermin:

ÅrUtbetaltUtbet. iUbrukt løyving,Overført i pst.
  mill. krpst. av BNIoverført terminav budsjett
200011 1600,8094 mill. kr0,8 pst.
200112 3110,81272 mill. kr2 pst.
200213 9400,91150 mill. kr1 pst.

Anna hjelp (ikkje ODA-godkjent)

Løyvingane til anna hjelp omfattar tiltak i Sentral- og Aust-Europa (unnateke Balkan som inngår i utviklingshjelpa), internasjonale miljøtiltak og internasjonal strafferettargang. I 2002 vart det samla utbetalt 412 mill. kroner, ein auke på 3,5 pst. frå 2001. Av dette var 355. mill. kroner utbetalingar til atomtryggingstiltak, prosjektsamarbeid med Russland/SUS og handlingsplanen for søkjarlanda til EU. Vidare vart det i 2002 utbetalt 6 mill. kroner til fred og demokratitiltak, 31 mill. kroner til internasjonale miljø og klimatiltak og 18 mill. kroner til fredsbevarande operasjonar og internasjonal strafferettargang.

3.3 Utdannings- og forskingsdepartementet

Programområde 07 Utdannings- og forskingsformål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
07.10Administrasjon 1)476,6511,9393,2405,6
07.20Grunnskolen og vidaregåande opplæring3 215,73 401,13 019,63 047,9
07.40Anna tiltak i utdanninga2 076,12 181,72 366,22 461,4
07.50Vaksenopplæring1 355,51 633,21 701,41 713,9
07.60Høgare utdanning16 186,316 473,416 344,816 636,9
07.70Forsking2 651,87 571,219 022,319 022,5
07.80Utdanningsfinansiering14 915,815 850,017 225,518 059,6
Sum utgifter40 877,847 622,560 073,061 347,8

1)Administrasjon inkluderer utgifter til Kyrkja for 2000 og 2001.

Avvik mellom budsjett og rekneskap, syner eit meirforbruk på 1,275 mrd. kroner

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 480 mill. kroner, til 795 mill. kroner. Auken kan mellom anna forklarast med auka lån til studiefinansiering med om lag 700 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 50 pst., frå 40 878 mill. kroner i 2000 til 61 348 mill. kroner i 2002. Korrigerar ein for at Fondet for forsking og nyskapning i 2002 vart tilført 17 mrd. kroner mot 1 mrd. kroner i 2000, vert veksten om lag 11 pst.

Styrkje innsatsen innafor utdanning og forsking

Grunnskolen og vidaregåande opplæring

For å betre opplæringa i grunnskolen, med spesiell vekt på å styrkje lese- og skrivedugleiken blant elevane, vart timetalet auka med 1 time per veke i norskfaget for småskoletrinnet frå hausten 2002. Som følgje av dette vart rammetilskotet til kommunane auka med 100 mill. kroner i 2002.

Arbeidet med vedlikehald, opprusting og utbygging av skoleanlegg vart styrkt gjennom etablering av ei statleg finansieringsordning der kommunar og fylkeskommunar får kompensert renteutgifter knytt til nybygg, rehabilitering, opprusting og utbetring av skoleanlegg. For 2002 var låneramma 2 mrd. kroner. Løyvinga skjer over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.

Om lag 360 mill. kroner vart løyvd under kap. 226 til kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring i 2002.

IKT i utdanninga

På kapittel 248 vart det i 2002 løyvd om lag 183 mill. kroner til IKT-tiltak i utdanninga. Departementet gav Noregs Forskingsråd i oppdrag å administrere eit program for breiband til skolane under HØYKOM-ordninga med ei ramme på 48 mill. kroner. Vidaregåande opplæring hadde prioritet, i tråd med målsetjinga i eNoreg 2005.

Arbeidet med digitale læremiddel har halde fram i høve til Plan for digitale læremiddel 2001-2003. Dei prioriterte områda har vore engelsk, matematikk og naturfag.

Ei eiga satsing på etterutdanning for lærarar i pedagogisk bruk av IKT vart initiert i 2001 som ledd i satsinga på kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Hausten 2002 starta vel 15 000 lærarar med slik etterutdanning.

Vaksenopplæring - Realkompetanseprosjektet

Det 3-årige Realkompetanseprosjektet vart avslutta i august 2002. Totalt er det løyvd 64 mill. kroner til prosjektet. I tillegg er det løyvd 2 mill. kroner til evaluering.

I prosjektperioden har 24 000 personar teke del i utprøvinga av ordningar for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse i arbeidslivet, i tredjesektor og i utdanningssystemet. Dette har gjeve det faglege og administrative grunnlaget for å etablere eit nasjonalt system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse.

Vaksenopplæring - Kompetanseutviklingsprogrammet

Kompetanseutviklingsprogrammet for utvikling av marknaden for etter- og vidareutdanning vart til som eit resultat av tarifforhandlingane våren 1999. Til og med 2002 er det disponert 215 mill. kroner, og over 600 prosjekt har fått stønad gjennom programmet.

Høgare utdanning og forsking

I samband med gjennomføringa av kvalitetsreforma i høgare utdanning vart det i 2002 innført nye ordningar for å betre studiefinansieringa. Kostnadsnorma vart auka med 1000 kroner til 8000 kroner per månad frå undervisningsåret 2002-2003, og stipenddelen vart auka frå 30 til 40 pst. frå 1. november 2002. Samtidig vart delar av stipendet gjort avhengig av studiegjennomføring.

I 2002 vart det samla løyvd 290 mill. kroner til innføring av Kvalitetsreforma og omstilling, mot totalt 170 mill. kroner til omstilling i 2001. For å stimulere til kvalitet i utdanninga vart det i 2002 innført eit nytt finansieringssystem for statlege universitet og høgskolar. Det nye systemet inneber ei markert dreiing av fokus frå innsatsfaktorar og over mot resultat.

Samla sett vart løyvingane knytt til universiteta og høgskolane auka med 350 mill. kroner i 2002 i høve til 2001. Auken vart nytta til mellom anna. stipendiatstillingar, vitskapleg utstyr og strategisk forsking.

Frå alle departementa auka dei samla løyvingane til forsking med om lag 1 mrd. kroner frå 2001 til 2002. I tillegg vart det etablert ei ordning med skattefrådrag for FoU-investeringar frå verksemdene. Ordninga har i 2002 gjeve verksemdene eit samla skattefrådrag på om lag 900 mill. kroner. Dette er nær 400 mill. kroner meir enn Regjeringa rekna med då budsjettet for 2002 vart lagt fram. Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping vart auka med 3 mrd. kroner til 13 mrd. kroner ved salderinga av statsbudsjettet for 2002. I samband med at Stortinget vedtok å endre fordelinga av tippeoverskotet, vart fondet sin kapital styrkt med ytterlegare 14 mrd. kroner frå 1. juli 2002, slik at kapitalen i fondet per. 31.12.2002 er 27 mrd. kroner utanom kapitaliserte renter.

3.4 Kultur- og kyrkjedepartementet

Programområde 08 Kultur- og kyrkjeformål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
08.10Administrasjon1)91,2137,1266,9263,3
08.20Kulturformål2 964,33 150,93 262,43 291,0
08.30Film- og medieformål515,7619,1694,8703,5
08.40Den norske kyrkja950,71 021,4931,2980,2
Sum utgifter4 521,94 928,55 155,35 237,9

1)utgifter til administrasjon av kyrkja låg under KUF i 2000 og 2001

Avvik mellom budsjett og rekneskap, syner eit meirforbruk på om lag 83 mill. kroner

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 102 mill. kroner til eit mindreforbruk på om lag 20 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 16 pst., frå 4 521 mill. kroner i 2000 til 5 238 mill. kroner i 2002.

Utgiftene til kulturformål under programkategori 08.20 var 3 291 mill. kroner i 2002. Dette er ein auke på 140 mill. kroner eller 4,5 pst. frå året før. Utgiftene til film- og medieformål under programkategori 08.30 auka med 84 mill. kroner til 704 mill. kroner. Pressestøtta auka med 30 pst. i 2002 som følgje av at avisene fekk kompensasjon for tap av inntekter på grunn av endra retningsliner for statleg annonsering av ledige stillingar.

Utgiftene over statsbudsjettet til kyrkja under programkategori 08.40 var i 2002 980 mill. kroner. Utgiftene til prestetenesta utgjer den største delen av løyvingane under denne programkategorien. Dei siste åra har det vore ei satsing på prestetenesta. I 2001 og 2002 vart det oppretta 35 nye prestestillingar kvart år. Driftsløyvinga til prestetenesta var på 562 mill. kroner i 2002.

I 2001 vart det gjort endringar i avtala som regulerer arbeidstida for prestane. Etter avtala skal prestane ha to dagar fri kvar veke. Realisering av intensjonane i avtala var eit hovudmål i 2002. I hovudsak er målet nådd, etter at det i 2001 og 2002 er oppretta i alt 70 nye prestestillingar med særleg bakgrunn i denne avtala.

Auka innsats til kultur

På kulturområdet syner statsbudsjettet for 2002 ein hovudsatsing innafor museumsområdet med større reformer, gjennomføring av byggjeprosjekt i samsvar med investeringsplan for kulturbygg, samt ekstra styrking av kulturinstitusjonar, jazz, dans, ballett og kulturformidling til born og unge.

Målsetjinga om å bidra til å lyfte, fornye og vitalisere norsk kulturliv vart følgd opp i 2002, m.a. ved betring av rammetilhøva for institusjonar og tiltak, moderniserings- og samordningstiltak og oppfølging av St.meld. nr. 22 (1999-2000) – ABM-meldinga. Muséumsreforma representerte ei styrking av meir enn 50 musé fordelt over heile landet. Distrikts- og regionoperaverksemda vart styrkt, som ledd i utviklinga av opera- og ballettformidlinga i Noreg, jf. Innst. S. nr. 213 (1998-99). Det vart óg gjennomført eit større arbeid med førebuing av Nasjonalmuséet for kunst som Stortinget har vedtatt oppretta i 2003. Eigedomen Nasjonalbiblioteket i Oslo vart i 2002 selt til Entra Eiendom AS og det vart inngått avtale om bygging av nytt magasin og rehabilitering av eksisterande bygning, der Nasjonalbiblioteket blir leigetakar. Arbeid med auka lagerkapasitet ved Nasjonalbibliotekets avdeling i Rana heldt fram i 2002.

Besøkstalet på norske filmar gjekk i 2002 noko ned samanlikna med året før. Det samla publikumsbesøket på norske filmar var 830 000. Det var 15 norske filmpremierer i 2002. På presseområdet var talet på dagsaviser som mottok pressestøtte om lag det same som året før. Det samla talet på aviser var om lag uendra samanlikna med 2001.

3.5 Justisdepartementet

Programområde 06 Justissektoren (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
06.10Administrasjon271,5217,8209,1215,0
06.20Rettsvesen1 169,81 240,01 356,01 366,1
06.30Kriminalomsorg1 593,61 685,41 748,11 783,6
06.40Politi- og påtalemakt6 471,76 926,67 169,87 603,6
06.50Redningstenesten, m.v.338,1681,3735,1731,3
06.60Andre verksemder568,7437,4514,6502,3
06.70Erstatningar, tilskot m.v.612,4589,9744,1805,5
06.80Svalbard budsjettet69,060,0106,0100,1
06.90Klagenemnd for utlendingssaker24,2
Sum utgifter11 119,011 838,512 582,813 107,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap, syner eit meirforbruk på om lag 525 mill. kroner

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 497 mill. kroner til 28 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 18 pst., frå 11 119 mill. kroner i 2000 til 13 107 mill. kroner i 2002.

Om lag 60 pst. av utgiftene på 06-området har gått til straffesakskjeda, dvs. til politiet, påtalemakta, domstolane og kriminalomsorga. Hovudmåla i Justissektoren for 2001-2002 har vore redusert kriminalitet, god og effektiv konfliktløysing og førebygging, auka tryggleik og rettstryggleik for enkeltpersonar og grupper, redusert sårbarheit i samfunnet og ei open og kvalitetsmedviten justisforvaltning. Sentralt i arbeidet står omorganisering og fornying av justissektoren. I 2002 vart det omfattande arbeidet med å slå saman og redusere talet på politidistrikt frå 54 til 27 gjennomført og ny domstolsadministrasjon i Trondheim vart oppretta 1. november 2002. Saman med etableringa av Politidirektoratet og dei seks kriminalomsorgsregionane som har vore i drift frå 1. januar 2001, ventar ein at dette skal medverke til eit meir effektivt departement, betre styring av sektoren og til betre måloppnåing og utnytting av dei samla ressursane.

Det har vore ei positiv utvikling både når det gjeld politiet si sakshandsamingstid og oppklaringsprosent.

Auka innsats innan politiet, anna tryggingsarbeid og beredskap

Etter terroråtaka 11. september 2001 vart behovet for å auke innsatsen innafor politiet, anna tryggingsarbeid og beredskap vurdert. Etter dette vart det hausten 2001 gjeve tilleggsløyvingar på til saman 159,3 mill. kroner. Samstundes vart løyvingar på til saman 53 mill. kroner flytt innafor Forsvarsdepartementet og Helsedepartementet sine eksisterande budsjett til same formål.

I justissektoren vart den auka innsatsen i politiet, anna tryggingsarbeid og beredskap ført vidare i 2002 samstundes med at også nye tiltak vart foreslått. Som følgje av dette vart løyvingane til dette formålet auka med 140 mill. kroner. Det vart samstundes varsla at Justisdepartementet ville vurdere det samla behovet for ressursar i politiet og heile den sivile beredskapen i 2002. Vurderingane og løyvingsforslaga vart fremma i St.prp. nr. 54

Til saman er det i 2001 og 2002 gjeve løyvingar på om lag 500 mill. kroner for å auke innsatsen innafor politiet og anna tryggingsarbeid og beredskap i sivil sektor. Dette omfattar også midlar som vart flytt frå Forsvarsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet sine eksisterande løyvingar.

Løyvingane i 2002 er mellom anna nytta til beredskapsfagleg opplæring innan naudetatane og dei statlege forsterkningsressursane Sivilforsvaret og Politireserven. Dette har auka innsatspersonellet sin kompetanse til å handtere kriser, også kriser der masseøydeleggingsmiddel vert nytta. Vidare er den kommunale beredskapen styrka gjennom auka bistand frå Direktoratet for sivilt beredskap.

Det er dessutan gjort omfattande investeringar i IKT og kommunikasjonsutstyr, varslingsutstyr, kontroll- og påvisingsutstyr slik at samfunnet har vorte mindre sårbart. Det er i denne samanheng søkt å tryggje dei mest kritiske samfunnsfunksjonane.

Ein stor del av tiltaka som er gjennomførte i 2002 er meint å styrke beredskapen mot masseøydeleggingsmiddel. Dette er tiltak som skal førebyggje samt redusere konsekvensane av ei hending der slike middel vert nytta. Det er sett i verk tiltak i justissektoren, helsesektoren, landbrukssektoren, samferdslesektoren, kraftforsyninga, tollvesenet, m.v.

3.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Innvandring, nasjonale minoritetar, distriktsutbygging m.v. (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
13.10Administrasjon196,4323,3216,8209,7
13.20Innvandring2 976,43 469,04 637,54 728,4
13.21Nasjonale minoritetar2,52,52,72,7
13.30Arbeidsmiljø505,49,2
13.40Samiske formål178,0110,3137,8137,8
13.50Regional- og distriktspolitikk2 266,33 507,81 429,81 575,5
13.70Overføringar gjennom inntektssystemet54 327,454 258,874 675,674 708,9
Sum utgifter60 452,461 680,981 100,281 363,0
Programområde 14 Bustad, bumiljø og bygningssaker (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
14.10Bustad- og bumiljø13 309,716 233,118 851,118 608,3
14.20Bygningssaker28,330,431,732,7
Sum utgifter13 337,916 263,518 882,818 640,9

Avvik mellom budsjett og rekneskap på område 13 og 14 syner eit meirforbruk på om lag 17 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 144 mill. kroner, til eit mindre forbruk på om lag 127 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 36 pst., frå i alt 73 800 mill. kroner i 2000 til 100 004 mill. kroner i 2002. Båe områda har om lag same prosentvise vekst.

Utgiftene under kategori 13.20 Innvandring dekkjer mellom anna integreringstilskotet, som vert betalt ut til kommunane når flyktningar vert busett, utgiftene til drift av statlege asylmottak og drifta av Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. Talet på asylsøkjarar har auka mykje dei siste åra, med 2002 som eit toppår. Dette året søkte 17 480 personar om asyl i Noreg, medan talet var 14 782 personar i 2001 og 10 842 personar i 2000. I tråd med at talet på asylsøkjarar har auka, har utgiftene og løyvingane på feltet blitt høgare. I tillegg har Utlendingsdirektoratet i ein overgangsperiode fått ekstra ressursar til omstillingsprosessar og eit prosjekt for å få ned restansar. Meirutgiftene på feltet kjem i hovudsak av ei overskriding i høve til drifta av statlege mottak.

Under programkategori 13.40 Samiske formål vart det i handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2000 vedteke av Stortinget å gje ei løyving på 75 mill. kroner til eit ”Samefolkets fond”. Avkastninga på fondet frå 1.7.2000 til 31.12.2001 er 7,119 mill. kroner som er teke til inntekt i rekneskapen for 2002.

Utgiftene til kategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk var i 2002 1 576 mill. kroner og storparten av midlane vart overførte til fond. Samla inntekter og utgifter vart lågare for programkategorien i 2002 enn i 2001. Dette har samband med at eigarskapet til SIVA vart overført frå Kommunal- og regionaldepartementet til Nærings- og handelsdepartementet, saman med to særskilde løyvingar på til saman 1,4 mrd. kroner til auka innskotskapital til SIVA i samband med etablering av eit statleg investeringsselskap (Argentum) og IT Fornebu i 2001.

Overføringar gjennom inntektssystemet under programkategori 13.70 var om lag 74,7 mrd. kroner i 2002. Dei samla inntektene til kommunesektoren i 2002 var om lag 238 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på om lag 16 mrd. kroner frå 2001. Årsaka til nedgangen er i hovudsak at staten i 2002 overtok ansvaret for spesialisthelsetenesta. I samband med dette vart inntektsramma til fylkeskommunane redusert.

Rammetilskot og øyremerkte overføringar frå staten til kommunesektoren utgjorde om lag 93,5 mrd. kroner i 2002. Av dette var om lag 53 mrd. kroner rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar, om lag 21,5 mrd. kroner øyremerkte tilskot til fylkeskommunane som eingongskompensasjon i samband med spesialisthelsetenestereforma, og 19 mrd. kroner andre øyremerkte tilskot.

I 2002 utgjorde rammetilskota om lag 56 pst. av samla statlege overføringar, om lag same andel som i 2001. Dersom ein ser vekk frå eingongsløyvinga til fylkeskommunane på 21,6 mrd. kroner, så var andelen rammetilskot om lag 74 pst . av dei samla overføringane i 2002.

Dei samla utgiftene under programområde 14 Bustad, bumiljø og bygningssaker var om lag 18 640 mill. kroner i 2002 mot om lag 16 263 mill. kroner i 2001. Dette er ein auke på 15 pst. Det har vore ein samla utgiftsauke på 40 pst. frå 2000 til 2002. På nokre av budsjettpostane på programområde 14 har det vore store overføringar frå eit år til det neste og departementet vil i 2003 sjå nærare på utbetalingsprofilane på dei tilskotsordningane i Husbanken som har dei største overføringane.

Målretta innsats innafor næringsutvikling og aktiv distriktspolitikk

Utvikling og etablering av verdiskapande og variert næringsliv med produktive og lønsame arbeidsplassar er det beste grunnlaget for å tryggje busetjinga i distrikta og levedyktige lokalsamfunn i heile landet. Derfor har satsinga innafor næringsutvikling i distrikta vore retta mot framvekst av eit konkurransedyktig regionalt næringsliv med spissa innsats mot kompetanseutvikling og nyskapingsevne.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2002 vart løyvingane til næringshagane auka til 30 mill. kroner som ei særskild satsing på dei regionale verdiskapingsmiljøa. Næringshagane legg til rette for framvekst av nye arbeidsplassar i kunnskapsnæringane i distrikta.

Løyvingane til inkubatorprogrammet vart auka til 34 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2002 for å auke nyskapinga og etableringsverksemda over heile landet i dei regionale verdiskapingsmiljøa. Inkubatorverksemda i regi av SIVA er knytt opp til dei regionale forskingsparkane, og er ei viktig satsing for utvikling av dei regionale verdiskapingsmiljøa.

3.7 Sosialdepartementet

Programområde 09 Sosiale formål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
09.00Administrasjon1)266,8308,469,071,7
09.10Førebygging398,4383,3282,6280,5
09.60Kontantytelsar1 658,11 706,91 773,61 758,0
09.70Eldre og funksjonshemma4 206,54 960,91 531,61 557,4
Sum utgifter6 529,77 359,53 656,93 667,5

1)Administrasjon inkluderer Helsedepartementet i 2000 og 2001

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 11 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag30 mill. kroner, til eit mindre forbruk på om lag 19 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Den store skilnaden mellom rekneskapen for 2002 og rekneskapa for 2000 og 2001, har samanheng med at Sosialdepartementet vart skild ut som eige departement i frå det tidligare Sosial- og helsedepartementet i 2002.

Utbygginga av eldreomsorga

Ved handsaminga av St.meld. nr. 50 (1996-97) vedtok Stortinget ein fireårig handlingsplan for eldreomsorga for perioden 1998-2001. Handlingsplanen har hatt som mål å setje helse- og sosialtenesta i kommunane i stand til å møte det veksande talet på eldre som treng pleie- og omsorgstenester. Dette krev både auke av kapasiteten og ei betring av kvalitet og standard på tenestetilbodet. Til saman skulle handlingsplanen gje rom for over 12.000 nye årsverk og bygging og utbetring av 24.400 sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar.

Resultata så langt syner at kommunane i stor grad har fylgt opp måla med handlingsplanen. Etter fire år var bemanninga i kommunane si pleie- og omsorgsteneste styrkt med over 12.000 nye årsverk. Frå 2002 vart dei øyremerka tilskota lagt inn i kommunane sitt inntektssystem. Kommunane sine frie inntekter vart og styrkt med sikte på ytterlegare personellvekst dei næraste åra. Etter dette er handlingsplanen utvida med ytterlegare 14.000 sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar.

Samstundes har Husbanken gjeve tilsegn til bygging/utbetring av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader i tråd med tilsegnsramme gjeve av Stortinget. I 2002 godkjende Husbanken 10.723 bueiningar, av desse var 4.934 omsorgsbustader og 6.668 sjukeheimsplassar. Dei siste 3.000 tilsegnene vil bli gjevne av Husbanken i 2003, med sikte på at utbygginga i hovudsak skal vera gjennomført innan utgangen av 2005. Handlingsplan for eldreomsorga er med dette avslutta.

Handlingsplan for eldreomsorg har m.a. ført til ei omfattande fornying og modernisering av sjukeheimane, eineromsreforma vert gjennomført og gamle aldersheimar vert erstatta med omsorgsbustader. Mange kommunar har òg bygd ut omsorgsbustader med fellesareal og tenestetilbod heile døgnet som alternativ til institusjonsomsorg. Samla sett har dekningsgraden for omsorgsbustader og sjukeheimsplassar vorte monaleg høgare i handlingsplanperioden, og personellveksten har vore raskare enn veksten i talet på eldre.

Auka innsats for dei vanskelegast stilte

Regjeringa har i 2002 sett i verk tiltak for dei vanskelegast stilte som eit ledd i gjennomføringa av ein målretta politikk for å redusera førekomsten av fattigdom. Stortinget løyvde i 2002 mellom anna 136 mill. kroner til ein auke i barnetillegget til uføre- og alderspensjonistar med barn under 18 år, 70 mill. kroner til auka barnesatsar i dei rettleiande retningslinene for økonomisk sosialhjelp, 20 mill. kroner til prisjustering av tilskotet til lys og varme i bustønadsordninga og 12 mill. kroner til ein auke i utgiftstaket i bustønadsordninga.

Regjeringa la i samband med budsjettframlegget hausten 2002 fram ein tiltaksplan mot fattigdom, jf. St.meld. nr. 6 (2002-2003). Tiltaksplanen inneheld målretta tiltak for å førebyggje fattigdom og hjelpe personar ut av ein situasjon med langvarige låginntekts- og levekårsproblem. Dei overordna måla med innsatsen er at flest mogleg i yrkesaktiv alder skal klare seg sjølve gjennom eige arbeid.

Innsatsen for dei vanskelegast stilte i 2002 omfatta også ei styrking av behandlingskapasiteten og helsetilbodet til rusmiddelmisbrukarar med 71,5 mill. kroner. Regjeringa la vidare fram ein handlingsplan mot rusmiddelproblem hausten 2002.

3.8 Helsedepartementet

Programområde 10 Helsevern (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
10.00Helsetilsyn m.v.1)551,8615,11 455,21 655,4
10.10Forebygging1 005,4930,0500,1545,5
10.30Somatiske spesialisttenestar19 967,121 908,753 152,052 925,8
10.40Psykisk helsevern1 652,62 210,22 490,02 506,1
10.50Legemiddel158,9173,8191,7203,2
10.90Beredskap21,315,430,2
Sum utgifter23 335,825 859,157 804,457 866,3

1)Administrasjon var under Sosialdepartementet i 2000 og 2001

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 62 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 392 mill. kroner, til eit mindre forbruk på om lag 330 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein sterk nominell utgiftsvekst på området. Dette har særleg samanheng med etableringa av regionale helseføretaka. Løyvingane til dei statlege sjukehusa og delen til sektoren av dei frie inntektene til fylkeskommunane vart tilført dei regionale helseføretaka då staten overtok spesialisthelsetenesta. Dei fleste øyremerkte midlane vart ført vidare til dei regionale helseføretaka, men nokre tilskot vart slått saman og lagt inn i ”basisløyvinga” til dei regionale helseføretaka.

Auka innsats til helse og pasientbehandling ved sjukehusa

Somatisk pasientbehandling ved sjukehusa

I St. prp. nr. 1, Tillegg nr. 4 (2001-2002) varsla Regjeringa at ressurssituasjonen til føretaka var usikker. Stortinget løyvde nye 2075 mill. kroner ved handsaminga av St. prp. nr. 59 (2001-2002). Tilleggsløyvinga førde med seg at nivået på pasientbehandlinga i 2002 kunne aukast. Auken i somatisk pasientbehandling i sjukehusa ser ut til å bli på om lag 6 pst. frå 2000 til 2002 (målt som vege gjennomsnitt av heildøgnsopphald og dagopphald).

Plan for investeringar i utstyr ved sjukehus

Stortinget har vedteke ein 5-årig plan for å betre utstyrssituasjonen i norske sjukehus, jf. St. prp. nr. 61 (1997-98) Om nasjonal kreftplan og plan for utstyrsinvesteringar ved norske sjukehus. 2002 er siste år i denne planen. Staten sin del av utstyrsplanen er på om lag 2,9 mrd. kroner. Resterande del på 2,4 mrd. kroner, er eigneluten frå fylkeskommunane/helseføretaka. Planen er med dette sluttført.

Opptrappingsplan for psykisk helse

Ved handsaminga av St. prp. nr. 63 (1997-98) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2006 vedtok Stortinget ein åtteårig handlingsplan for psykisk helse. Målet for satsinga er å styrkje tilbodet til personar med psykiske lidingar. Utviklinga er positiv, talet på vaksne som ventar på behandling er gått ned 16 pst. frå 2001 til 2002. For born og unge som ventar på behandling er nedgangen 8 pst.. Årsaka til den positive utviklinga innafor psykisk helsevern for vaksne og for born og unge er i nokon grad rydding i ventelistene, men først og fremst at fleire har fått tilbod om behandling.

Kreftplanen

Nasjonal kreftplan er ein 5-årig handlingsplan som er retta mot å fjerne flaskehalsane som hindrar effektiv kreftbehandling. Planperioden er åra 1999-2003. Samla skal det brukast 2 050 mill. kroner til å oppfylle den vedtekne kreftplanen. Av desse midlane er 1,7 mrd. kroner direkte statlege tilskot på statsbudsjettet. Fylkeskommunane hadde som føresetnad å dekkje 350 mill. kroner i planperioden til investeringar og bygg der det skal plasserast strålemaskinar. Dette er frå 2002 handsama i ramma til dei regionale helseføretaka. Strålemaskinar og bunkarane vert framleis dekt med tilskot frå kreftplanen. I 2001 vart det sett i drift 4 nye strålemaskinar og 3 nye i 2002.

Mammografiundersøking skal utvidast til å bli eit landsdekkjande tilbod til alle kvinner i alderen 50-69 år. Ved utgangen av 2002 var 16 fylke i gang med mammografiundersøking. I tillegg har ytterlegare 3 nye fylke starta planlegging med sikte på å starte opp med slik undersøking.

Det skal i 5-årsperioden løyvast 100 mill. kroner til å styrkje det helsefremjande og førebyggjande arbeidet. Innsatsen er særskild retta mot områda kosthald, tobakk og mosjon. Til og med 2002 er det samla sett av 77 mill. kroner til dette tiltaket.

Det er i planperioden sett av 100 mill. kroner til kreftforsking i regi av Noregs Forskingsråd og Senter for medisinsk metodevurdering. Til og med 2002 er det samla løyvd 71,6 mill. kroner.

Programområde 30 Helsevern, folketrygda (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
30.10Diverse tiltak i spesialisthelsetjenesten m.v.2 453,42 662,12 891,22 928,7
30.50Legehjelp, medisin m.v.13 256,214 754,515 934,215 880,5
30.90Andre helsetiltak386,8538,7556,5971,8
Sum utgifter16 096,317 955,319 381,919 780,9

Avvik mellom budsjett og rekneskap, syner eit meirforbruk på 399 mill. kroner.

Tek ein omsyn til endring i overførte løyvingar på om lag 572 mill. kroner og at 125 mill. kroner av desse ikkje skal nyttast, jf. omtale nedanfor, vert meirforbruket redusera til eit reelt mindreforbruk på om lag 50 mill. kroner.

Den største utgiftsposten under programområdet er refusjonar til legemiddel. Under kap. 2751, post 70 auka utgiftene frå 6,2 mrd. kroner i 2001 til 7,1 mrd. kroner i 2002, dvs ein auke på meir enn 15 pst. Veksten i utgiftene til legemiddel har vart i fleire år. Frå 1. oktober 2002 vart det innført fritak for eigenbetaling for alders- og uførepensjonistar ved kjøp av medisin på blå resept. Dette kan forklare noko av utgiftsveksten mot slutten av året.

Ordninga med fastlege vart innført frå 1. juni 2001, slik at full årleg effekt av reforma kom i 2002. Utgiftene til refusjonar til allmennlegar auka frå 2,1 mrd. kroner i 2001 til 2,5 mrd. kroner i 2002. Denne auken må mellom anna sjåast på bakgrunn av at fastlegereforma førte til at fastlønnstilskotet til allmennlegar og turnuslegar som var 205 mill. kroner i 2000, vart erstatta med trygderefusjonar og at det vart gjeve eit påslag i takstane ved innføring av reforma.

Utgiftene til refusjon av eigendelar for pasientar med frikort auka frå 1,7 mrd. kroner i 2001 til 2,0 mrd. kroner i 2002. Det vart i 2002 utferda 881 000 frikort.

Utgiftene til sjuketransport auka frå 1,4 mrd. kroner i 2001 til 1,5 mrd. kroner i 2002.

Det vart overført 0,6 mrd. kroner i løyving frå 2001 til 2002 knytt til eit prosjekt for pasientbehandling i utlandet. I samband med behandlinga av St.prp. nr 63 for 2001-2002 (jf. Innst. S. nr 255 for 2001-2002) vart det vedtatt å ikkje disponere 125 mill. kroner av overført løyving. Det vart i 2002 bruka om lag 415 mill. kroner til pasientbehandling i utlandet. Kapittel 2790, post 72 syner eit reelt mindreforbruk på 53,6 mill. kroner. Mindreforbruket knytt opp mot prosjektet er rekna til 62,7 mill. kroner. Differansen kjem av ei samtidig overskriding knytt til ei anna ordning under same post (bidrag til behandling i utlandet) på 9,1 mill. kroner.

3.9 Barne- og familiedepartementet

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
11.00Administrasjon81,584,982,888,6
11.10Tiltak for familie og likestilling15 755,217 940,017 702,618 027,1
11.20Tiltak for barn og ungdom4 826,45 347,36 493,06 300,1
11.30Forbrukarpolitikk116,4126,1131,5136,9
Sum utgifter20 779,423 498,224 410,024 552,8

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 143 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 8 mill. kroner, til eit meirforbruk på om lag 134 mill. kroner. Av dette er ein auke på vel 300 mill. kroner kontantstøtte, og om lag 150 mill. kroner ein nedgang i driftstilskotet til barnehagar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 18 pst., frå 20 779 mill. kroner i 2000 til 24 553 mill. kroner i 2002.

Betre oppvekstvilkår for barn og unge

Eit godt barnehagetilbod er viktig for borna sine oppvekstvilkår. Regjeringa legg opp til ei brei satsing på barnehagar i perioden 2002- 2005 for å nå målet om full behovsdekking og redusert foreldrebetaling. Innføring av stimuleringstilskot til nye barnehageplassar og auka driftstilskot per barn i barnehage er verkemiddel for å stimulere kommunar og private aktørar til auka utbygging. Satsane for tilskot til ordinære barnehagar og familiebarnehagar auka med 10,5 % frå 1.8.2002. Intensjonen med satsauken var å leggje grunnlag for barnehageeigarar til å redusere foreldrebetalinga.

Målet om auka offentleg finansiering av barnehagane gjer det naudsynt å få betre kunnskap om kostnadsbildet i barnehagesektoren. Frå 2001 leverer alle kommunar rekneskapsrapport via KOSTRA. Standardisert rekneskapsrapportering frå kommunane og eit nytt oppsett for innhenting av rekneskap frå private barnehagar vil gje betre kunnskap som grunnlag for analyse av kostnadsutviklinga i sektoren.

Kontantstøtte

Tal for 2002 syner ingen store endringar i bruk av kontantstøtte samanlikna med tidlegare år. Meirutgiftene på vel 300 mill. kroner til kontantstøtte i 2002 kjem av at det er fleire born med kontantstøtte og av høgare tilskot per barn enn lagt til grunn i budsjettet.

Talet på born med kontantstøtte avheng av talet på eitt- og toåringar og barnehageplassar til denne aldersgruppa. Anslaget for løyvinga til kontantstøtte byggjer derfor på måltal for nye barnehageplassar både i budsjettåret og året før. Tilveksten av nye barnehageplassar i 2001 og 2002 har vore langt lågare enn måltala på 6 000 plassar båe desse åra, om lag 1 900 og 2 350. Meirutgiftene til kontantstøtte i 2002 kjem derfor fyrst og fremst av svikt i barnehageutbygginga.

Barnehagar

Rekneskapstala for 2002 syner at dei samla utbetalingane til driftstilskot var på 5 663,469 mill. kroner. Dette er ei mindreutgift på 146,476 mill. kroner. Mindreutgifta har samanheng med at færre born i kontantstøttealder har brukt barnehage enn det som vart lagt til grunn i budsjetteringa. Mindreutgifta dekkjer inn delar av meirbehov under kap. 844, post 70 (kontantstøtte).

Måltalet for etablering av nye barnehageplassar i 2002 var 10 000 plassar. Under Stortinget si handsaming av Revidert nasjonalbudsjett i 2002, Innst. S. nr.255 (2001- 2002) vart det løyvd 84 mill. kroner på post 61 Stimuleringstilskot til nye barnehageplassar som vart etablert i perioden 1. juli til 31. desember 2002.

Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar

I nysaldert budsjett for 2002 var løyvinga på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, 214 mill. kroner. Løyvinga dekkjer det særskilde tilskotet som vert betalt ut til kommunane når ein einsleg mindreårig asylsøkjar eller flyktning vert busett der. Tilskotet var i 2002 93 000 kroner per barn per år. Tilskotet vert utbetalt til og med det året den einslege mindreårige fyller 20 år. I tillegg omfattar løyvinga statsrefusjon av utgifter til barnevern gjennom fylkeskommunane.

I 2002 vart det ytt tilskot for 1543 einslege mindreårige asylsøkjarar eller flyktningar. I tillegg kjem noko etterslep i stønadsutbetalingar frå 2000 og 2001. I 2002 var talet på einslege mindreårige som vart busett i Noreg 389. I 1999 var talet 561, i 2000 423 og i 2001 444. Dette syner at tala svingar og gjer prognosane usikre. Auken i statsrefusjonen fortel òg at stadig fleire einslege mindreårige må ha tiltak frå barnevernstenesta.

Fødselspengar og adopsjonspengar

Programområde 28 Fødselspengar (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
28.50Stønad ved fødsel og adopsjon7 8548 2578 6078 511
Sum utgifter7 8548 2578 6078 511

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på om lag 96 mill. kroner.

Av dette kjem det meste av at utbetalingar av fødselspengar til yrkesaktive vart lågare enn budsjettert.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein nominell utgiftsvekst på vel 8 pst., frå 7 854 mill. kroner i 2000 til 8 511 mill. kroner i 2002.

Fedrane har auka uttak av fødselspengar i tidsrommet 1999 til 2002. Trass i årleg nedgang i fødselstalet var det nesten 1 900 fleire menn som tok ut fødselspengar i 2002 enn i 1999. I 2002 var det likevel 660 færre menn (33 019) som avslutta fødselspengeperioden sin enn i 2001, hovudsakleg som fylgje av langt færre fødslar i 2002. Utviklinga med auke i uttak for fedrane kjem til dels av innføring av sjølvstendig oppteningsrett til fødselspengar for fedrane frå 1.7.2000. I 2002 tok 85,8 pst. av fedrane med fødselspermisjon ut 20 dagar eller meir. 11 prosent av fedrane tok ut 40 dagar eller meir i 2002. Sidan fedrane som regel har høgare lønn enn mødrene fører auka uttak for fedrane til at gjennomsnittleg beløp per forelder aukar meir enn det elles ville ha gjort.

Svangerskapspengar vert gjeve til kvinner som etter reglar i lov og forskrift må slutte i arbeidet på grunn av fare for å skade fosteret, når det ikkje er mogleg med omplassering til anna høveleg arbeid. Svangerskapspengar vert gjeve fram til 3 veker før fødselen. Det har i dei seinare åra vore ein kraftig auke i bruken av stønadsordninga, etter kvart som den har blitt kjent gjennom målretta informasjon frå trygdeetaten. I 2002 fekk 1293 kvinner utbetalt svangerskapspengar, som er nesten 2 ½ gong så mange som i 1999, trass i årlege reduksjonar i fødselstalet.

3.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsformål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
17.00Administrasjon153,3237,8189,5185,2
17.10Informasjonsteknologi, infrastruktur m.v.373,4538,61 251,21 256,2
17.20Forsking, nyskaping og internasjonalisering1 552,52 007,032 605,232 014,3
17.30Statleg eigarskap145,1145,272,563,6
17.40Sjøfartsforvaltning520,1531,8
17.50Aksjeselskap214,3392,5
17.60Næringsutvikling, finansiering m.v.28 272,640 897,6
17.70Eksportfremme og internasjonalisering907,3
17.80Beredskap20,9
Sum utgifter31 231,245 678,734 118,433 519,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på om lag 599 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert mindreforbruket redusera med om lag 6 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 593 mill. kroner.

Arbeidsområdet omfattar forvaltning og tilrettelegging av politikk for næringsverksemd, handel og skipsfart. For 2002 vart det løyvd 34,1 mrd. kroner under programområdet, medan rekneskapen syner 33,5 mrd. kroner. Avviket kjem først og fremst av at finansieringa av innlånsordningane til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vart noko lågare enn budsjettert.

Trenden i rekneskapen

Over dei siste fire åra syner rekneskapstala for programområde 17 betydelege svingingar, frå 31,2 mrd. kroner i 2000 som lågaste nivå til 45,7 mrd. kroner i 2001 som høgaste. Endringane kjem i all hovudsak av måten SND finansierer sine innlånsordningar på. SND kan skifte mellom kort- og langsiktige innlån frå statskassa ut frå det som tener verksemda. Svingingar i låneopptaka har tilsvarande verknad på inntektssida i budsjettet til departementet. NHD har vidare teke over eigaransvaret for fleire selskap. Samla utbyte har derfor auka, samstundes som det òg er teke ut ekstraordinært høge utbyte frå nokre av dei.

Når ein held lånetransaksjonar og andre 90-postar (aksjekapital osb.) utanom, har NHD sine utgifter auka frå om lag 4,1 mrd. kroner i 1999 til om lag 5,5 mrd. kroner i 2001 og 2002. Dette har mellom anna samanheng med overføring av løyvinga til EU sine rammeprogram for forsking frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i 2000 og store sluttutbetalingar til verftsstøtteordninga i 2001 og 2002. Den generelle verftsstøtteordninga vart avvikla ved utgangen av 2000, men kravde omfattande etterløyvingar dei to neste åra.

Målretta innsats innafor næringsutvikling

Internasjonalt forskingssamarbeid – EU sine rammeprogram for forsking og teknologi

Deltakarlanda, medrekna Noreg, sine innbetalingar til EU sine rammeprogram for forsking og teknologi auka monaleg frå 2001 til 2002. Programmet medverkar til å heve kvaliteten innan norsk forsking og kunnskapsbasert nyskaping i nærings- og samfunnsliv. Norske verksemder synest å hevde seg godt i konkurransen om desse midlane.

Endring av ordningar under SND

Frå 2002 vart SND sine tidlegare ordningar for utviklingstilskot, landsdekkande risikolåneordning, landsdekkjande garantiordning og SND si programverksemd slått saman til ei ny landsdekkjande innovasjonsordning. Målsetjinga med samanslåinga var å gje SND auka fleksibilitet i bruken av løyvinga.

Stimulering av næringslivet sin forskingsinnsats

01.01.02 vart tilskotsordninga FUNN erstatta med ei ny ordning med skattefritak for bedriftene. Skattefritak vert gjeve etter at prosjektet på førehand er godkjent av Noregs forskingsråd. Ordninga gav i 2002 skattefritak på inntil 20 pst. av utgiftene til forsking og utvikling for små- og mellomstore verksemder (inntil 100 tilsette). Noregs forskingsråd godkjende i 2002 om lag 2 600 søknader, med eit totalt prosjektvolum på omlag 4,5 mrd. kroner.

Tilskot til høgfartskommunikasjon(HØYKOM)

NHD si løyving til HØYKOM i 2002 vart forvalta av Noregs forskingsråd. Av løyvinga på 53,5 mill. kroner er det meininga at 7,5 mill. kroner er innretta mot Finnmark.

Om lag halvparten av HØYKOM-prosjekta som er støtta i 2002, omfattar samarbeid mellom offentlege verksemder ut over eigne organisasjons- eller etatsgrenser. 75 av i alt 171 prosjekt har som siktemål å skape nytt eller kvalitativt betre tilbod av tenester til publikum og/eller næringsliv. 20 prosjekt har som hovudfokus å spreie informasjon om oppnådde røynsler på HØYKOM-feltet. 52 prosjekt er innretta mot skole, læring og vidareutdanning. Ein fylkesoversikt over samla tildelingar er synt i tabellen under.

Etter måla i eNoreg 2005 og HØYKOM sin programplan er helse- og omsorgstenester, skole og utdanning, opplæring og kommunal forvaltning blitt prioritert.

Ny refusjonsordning for ferjereiarlag

Regjeringa foreslo for 2002 å opprette ei særskild ordning for ferjereiarlag registrert i NOR som går i utanriksfart. Målsetjinga med ordninga var å gje desse reiarlaga jamgode rammevilkår med reiarlag i dei andre nordiske landa gjennom ei ordning med tilskot til sysselsetjing av sjøfolk.

Ordninga opnar for at reiarlaga kan få refundert inntektsskatt, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift. Dei får refusjon både til maritimt mannskap og passasjerbetening. Ordninga omfattar sjømenn som er busette i Noreg, uavhengig av bustad, og som har krav på sjømannsfrådrag. Nettolønsordninga vart sett i kraft 1. juli 2002 og er vedteke vidareført i statsbudsjettet for 2003.

NHD si forvaltning av statleg eigarskap

Nærings- og handelsdepartementet er eit kompetansesenter for statleg eigarskap. Departementet forvaltar eigarskap i selskap som ikkje er ein del av sektorpolitikken. Departementet si portefølje omfattar 23 selskap. Porteføljen gjeld sju selskap der staten eig alle aksjar (Kings Bay AS, A/S Bjørnøen, Grødegaard AS, SND Invest AS, Entra Eiendom AS, Electronic Chart Centre AS og Bane Tele AS), sju majoritetseigde selskap (Cermaq ASA, Kongsberg Gruppen ASA, NOAH Holding AS, A/S Olivin, Raufoss ASA, Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S og Telenor ASA), seks minoritetspostar (Arcus-Gruppen ASA (tidlegare Arcus ASA), Norsk Hydro ASA, SAS AB, Eksportfinans ASA, Moxy Trucks AS og Nammo AS), eitt fond (Statens Bankinvesteringsfond) og to statsføretak (SIVA SF og Statkraft SF).

Aksjane i seks av selskapa: Norsk Hydro ASA, Telenor ASA, DnB Holding ASA (vert forvalta av Statens Bankinvesteringsfond), SAS AB, Kongsberg Gruppen ASA og Raufoss ASA, er børsnoterte.

Departementet har i 2002 fått overført aksjar i ei rekkje selskap frå andre departement, for å medverke til å auke fokus på profesjonell eigarutøving og redusere moglege rollekonfliktar i statleg forvaltning.

3.11 Fiskeridepartementet

Programområde 16 Fiskeri, havbruks og kystforvaltning (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
16.10Administrasjon62,270,877,980,6
16.20Forsking og utvikling699,3773,91 100,11 121,7
16.30Fiskeri- og havbruksforvaltning506,2516,0412,9448,4
16.60Kystforvaltning1 015,71 102,71 124,21 137,8
Sum utgifter2 283,52 463,52 715,12 788,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 73 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 79 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 22 pst., frå 2 283 mill. kroner i 2000 til 2 789 mill. kroner i 2002. Veksten er ulikt fordelt, 16.30 syner ein nedgang på om lag 11 pst, medan forsking og utvikling syner ein vekst på 60 pst.

Løyvingane under programkategori 16.10 Administrasjon har auka dei siste åra, for å dekkje behovet for auka utgreiingskapasitet og auka kontingentar i internasjonale organisasjonar. Marin forsking er eit prioritert område, og programkategori 16.20 Forsking og utvikling har auka over fleire år. I 2002 er det utbetalt 284,545 mill. kroner til bygging av nytt havforskingsfartøy. Det er ein nominell reduksjon i løyvingane under programkategori 16.30, som først og fremst er knytt til redusert ramme for fiskeriavtalen og avvikling av tilskotsordningar i SND. Utviklinga i løyvingane under programkategori 16.60 Kystadministrasjon har vore relativt stabil.

Visjonen Verdier fra havet – Noregs framtid er retningsgjevande for Fiskeridepartementet sitt arbeid. Arbeidet under Regjeringsutvalet for marin verdiskaping tek sikte på å samordne og styrkje ressursane i sentralforvaltninga som har relevans på området.

Hovudprioriteringane i budsjettet til Fiskeridepartementet er å leggje til rette for auka lønnsemd, ein enklare kvardag for næringsutøvarane og styrka sjøtryggleik. Effektiv bruk av ressursane gjennom prioritering av arbeidsoppgåver, delegering til underliggjande etatar og god, målretta organisering av den samla verksemda er viktig for å nå desse måla. Det vert arbeidd for å redusere saksbehandlingstida både i departementet og i underliggjande etatar.

Eit reint hav er ein føresetnad for å bevare og utvikle det produksjons- og haustingspotensialet som er grunnlaget for fiskeri- og havbruksnæringa. St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav (Havmiljømeldinga) ligg til grunn for Fiskeridepartementet sine prioriteringar knytt til havmiljø og sjøtryggleik.

Det er dei siste åra gjennomført fleire store omorganiseringar. Opprettinga av eitt mattilsyn frå 1. januar 2004 og utskiljing av Ernæringsinstituttet frå 1. januar 2003 får store konsekvensar for Fiskeridirektoratet. Bortfallet av oppgåvene knytt til sjømattilsyn gjer det nødvendig med ei omorganisering av direktoratet for å sikre optimal ressursutnytting tilpassa dei framtidige oppgåvene til etaten.

Kystdirektoratet vart flytta til Ålesund frå 1. januar 2002. I løpet av 2002 vart ei rekkje av oppgåvene som tidlegare har vorte utført i direktoratet lagt til distriktskontora. Samtidig vart produksjonseining og rederi skilt ut som eigne einingar. Det blir arbeidd med å konkurranseutsetje produksjonseininga. Frå 1. januar 2003 har Kystverket overteke ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt ureining.

For å dekkje behovet for budsjettmessig fleksibilitet og gi Kystverket høve til å leggje opp til ei intern styring basert på bedriftsøkonomiske prinsipp, vart løyvingane til Kystverket samla på eitt utgifts- og inntektskapittel frå 1. januar 2002. Kystverket vart samtidig pilotverksemd for eit forenkla system for konvertering av internrekneskapen til kontaktprinsippet på saldonivå.

Frå 1. januar 2002 overtok Statsbygg forvaltningsansvaret for Matre og Austevoll havbruksstasjonar, Flødevigen forskingsstasjon, havbruksstasjonen i Kårvika og forskingsbygget i Breivika.

3.12 Landbruksdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
15.00Mat og landbruksforvaltning m.v.421,6135,3113,4113,6
15.10Matvarekvalitet, dyrehelse m.v.626,7722,2791,5814,4
15.20Forsking og utvikling255,5267,6279,7279,7
15.30Næringsutvikling og miljø og arealforvaltning14 154,512 923,713 251,913 547,6
15.40Forretningsdrift1 353,62,02,6
Sum utgifter16 811,914 050,814 436,514 758,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 321 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 353 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 31 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det samla sett vore ein nominell nedgang i utgifter på 11 pst., frå 16 812 mill. kroner i 2000 til 14 758 mill. kroner i 2002.

Det er ei hovudoppgåve for Landbruksdepartementet å sikre borgarane trygge matvarer av god kvalitet. Utviklinga dei siste åra syner ein auke i løyvingane knytt til dette arbeidet. Løyvinga over kategori 15.10 Matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse syner ein auke frå rekneskap 2001 til 2002. Denne auken er i stor grad finansiert med auka gebyr og avgifter langs heile produksjonskjeda av mat.

Det er dei siste åra gjennomført fleire store omorganiseringar. Arbeidet med omorganiseringa av matforvaltninga med sikte på oppretting av nytt mattilsyn frå 1.1.2004, er ein stor og gjennomgripande reform som vil krevje store ressursar i ein omstillingsperiode. Forvaltninga av fleire av verkemidla i landbrukspolitikken vart samordna i Statens landbruksforvaltning medan oppgåver knytt til næringsutvikling vart overført til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. I tillegg er Jordskifterettane omorganisert. Departementet vil følgje opp i høve til verksemdene slik at ein får god effekt av omorganiseringane som er gjennomførte.

Det er òg gjort endringar i landbrukspolitikken gjennom strukturelle tilpassingar som skal stimulere til auka effektivitet og konkurransekraft.

3.13 Samferdsledepartementet

Programområde 21 Innlands transport (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
21.10Administrasjon227,9241,5235,6213,4
21.20Luftfartsformål1 067,31 070,21 185,21 252,2
21.30Vegformål10 180,210 578,911 248,611 995,2
21.40Særskilde transporttiltak631,6326,6190,0212,2
21.50Jernbaneformål12 392,98 349,36 061,06 229,4
21.60Samferdselsberedskap44,544,1
Sum utgifter24 499,920 566,418 964,819 946,4
Programområde 22 Post og telekommunikasjonar (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
22.10Post og telekommunikasjonar703,1716,52 207,82 210,4
Sum utgifter703,1716,52 207,82 210,4

Avvik, for område 21, mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 981 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar under område 21, vert meirforbruket redusera med om lag 846 mill. kroner, til eit meirforbruk på om lag 135 mill. kroner. For område 22 er det berre små avvik.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det for område 21 vore ein nominell netto nedgang i utgifter på 20 pst., frå 24 499 mill. kroner i 2000 til 19 946 mill. kroner i 2002. Nedgangen er ulikt fordelt. Jernbaneformål er gått ned nesten 50 pst. og kjem av særskilde utgifter i 2000 til avskriving av lån til gardermobanen med 6,7 mrd. kroner. For område 22 kjem den store auken i løyving av omdaning av Posten BA og NSB BA til aksjeselskap i 2002.

På samferdsleområdet har det dei siste åra skjedd store endringar med omsyn til organisering av verksemder og dei oppgåvene dei har. Forvaltningsverksemda Posten og transportdelen av NSB vart i 1996 særlovselskap. Desse særlovselskapa vart 1. juli 2002 omdanna til aksjeselskap – Posten Norge AS og NSB AS. Delar av verksemder har også blitt skilde ut som eigne selskap, t.d. BaneTele frå Jernbaneverket i 2001 og måle- og sertifiseringsverksemda i Post- og teletilsynet i 2002. I 2002 vart det dessutan arbeidd med å gjere om forvaltningsverksemda Luftfartsverket og produksjonsverksemda i Statens vegvesen til aksjeselskap frå 1. januar 2003.

Slike organisasjonsmessige endringar har store konsekvensar for statsbudsjettet og statsrekneskapen ved sjølve etableringa av selskapa og ved at utgiftene til drift og investeringar ikkje lenger vert løyvde over statsbudsjettet. Det påverkar også statsrekneskapen ved utbytteinnbetalingar og endringar i eigenkapitalen, jf. at det i 2002 vart løyvd til saman 2,1 mrd. kr for å auke eigenkapitalen i NSB AS og Posten Norge AS.

På Samferdsledepartementet sitt område går det meste av løyvingane til veg, jernbane og kjøp av ulike samferdsletenester. Løyvingane til vegformål låg på om lag same nivå i åra 1997-2001 målt i faste prisar, men fekk ein auke i 2002 som er første året i ein ny vegplanperiode. Rekneskapen har dei siste åra vist eit mindreforbruk med unntak av i 2002 kor det var eit meirforbruk samanlikna med løyvinga. For Jernbaneverket har løyvingane dei siste åra vore på om lag same nivå. Samanlikna med løyvingane har ikkje rekneskapen vist store avvik.

Inntektssida på samferdsleområdet er påverka av betaling av rentar og avdrag på lån gjevne til selskap som Samferdsledepartementet forvaltar. Dei store samferdsleetatane Jernbaneverket og Statens vegvesen har inntekter frå m.a. sal av utstyr og ulike tenester og er vanskelege å budsjettere nøyaktig, noko som kan føre til store avvik mellom budsjett og rekneskap. Den einaste av etatane som stort sett er sjølvfinansiert er Post- og teletilsynet, og fram til og med 2002 forvaltningsverksemda Luftfartsverket. Post- og teletilsynet har eit reguleringsfond som handterer rekneskapsmessige avvik frå budsjettet. Luftfartstilsynet finansierer også ein del av verksemdene sine med gebyr.

Auke innsats for kollektivtransport

I byområda er det i første rekkje viktig å finne gode alternativ til bruk av privatbil for å redusere trafikken og dei ulempene biltrafikken har for miljø, helse og arealbruk. Kollektivtransport skal medverke til å realisere Regjeringa sine mål i transportpolitikken knytt til framkomst, tryggleik og miljø. Slik transport er viktigast i byområda der det er marknadsmessig grunnlag for buss og bane, samstundes som kapasitetsproblema på vegnettet tilseier alternativ til bruk av privatbil. Eit godt kollektivtilbod i byområda gjev eit betre bymiljø og vil gjere det lettare for næringstransporten å kome fram.

Regjeringa la våren 2002 fram St.meld. nr. 26 (2001-2002) Betre kollektivtransport. Meldinga foreslår tiltak som gjev grunnlag for betre kapasitet, auka frekvens, meir effektiv organisering og prisreduksjonar i kollektivtransporten. Regjeringa satsa i budsjettet for 2002 på kollektivtrafikk med m.a. midlar til oppgradering av linenettet på T-banen i Oslo. Regjeringa ønskjer å skape gode reisevanar hjå dei unge. Det vart derfor hausten 2002 etablert ei ordning med ungdomskort retta mot all ungdom i alderen 16-19 år. Samstundes vart det innført ei ordning med 40 pst. skole- og studentrabatt for studentar og elevar under 30 år. Det er m.a. satt i verk forsøk med alternativ organisering av forvaltninga av transportsektoren i større byområde og det er etablert ”Forum for kollektivtransport” med deltaking frå m.a. transportetatane, representant for samferdslesjefane i fylka og AS Oslo Sporveier.

3.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
12.10Fellesoppgåver, regional planlegging m.v.667,7482,5699,9722,4
12.20Biomangfold og friluftsliv512,0837,1641,0579,6
12.30Kulturminne og kulturmiljø184,9200,2413,7422,0
12.40Forureining767,2917,3733,4756,7
12.50Kart og geodata394,6373,6367,3384,2
12.60Nord- og polarområde195,5190,3114,4109,0
Sum utgifter2 721,82 801,12 969,62 973,9

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar, vert meirforbruket redusera med om lag 23 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 19 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2000 – 2002 har det vore ein auke i utgifter på 9 pst., frå 2 722 mill. kroner i 2000 til 2 974 mill. kroner i 2002. I perioden 2000-2002 er det gjennomført større endringar i programkategoriane på budsjettet til Miljøverndepartementet. Dei viktigaste endringane omfattar opprettinga av ein ny programkategori 12.30 for kulturminne og kulturmiljø i 2002 og samling av alle "fagkapitla" til departementet under kap. 1400 under programkategori 12.10 same året.

Hovudårsaka til reduksjonen frå 2000 til 2001 under programkategori 12.10 er at kap. 1406 Miljøvernavdelinga hjå fylkesmannsembeta post 01 Driftsutgifter på om lag 171 mill. kroner vart overført til budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Auken frå 2000 til 2001 under programkategori 12.40 Forureining har særleg samanheng med auka utbetaling av tilskot til kommunale avløpstiltak og aksjonane mot akutt forureining i samband med forlisa til fartøya "Green Ålesund" og " Jon R".

Auken under programkategori 12.10 frå 2001 til 2002 kjem i hovudsak av samling av alle fagkapitla under kap. 1400. Første tilskotet til modernisering av nikkelverket på Kola med om lag 18,8 mill. kroner vart òg utbetalt i 2002. Under programkategori 12.30 vart Norsk kulturminnefond oppretta med ein fondskapital på 200 mill. kroner. Reduksjonen under programkategori 12.20 har særlig samanheng med at gjennomføringa av verneplanane trekk ut i tid fordi mange saker vert førde til retten for å avgjerde summane for tileigning. Det har òg vorte utbetalt mindre som tileigningar for rovviltskader.

Sikre eit betre miljø, reinare energi, og trygg mat

Artsdatabanken vil bli oppretta i 2003. I 2002 har ein arbeidd med å tilretteleggje og leggje inn stadfesta informasjon om artar i databasar som vil bli knytt til artsdatabanken. I tillegg fekk fleire kommunar tilskot for å kartleggje sitt eige biologiske mangfald.

Regjeringa Stoltenberg gjorde framlegg om å opprette ei ny tilskotsordning under kap. 1429 Riksantikvaren post 70 Tilskotsordning for samfinansiering av kulturminneprosjekt mellom offentleg og privat sektor innafor kulturminnefeltet. Ordninga skulle vere mellombels for å undersøkje kor mykje frivillige midlar ei slik ordning kunne utløyse i eit samarbeid mellom offentleg sektor og privat næringsliv. Regjeringa Bondevik II gjekk inn for å erstatte tilskotsordninga med eit fond utan å redusere dei samla løyvingane til kulturminneformål.

Løyvinga til undersøkjingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i gamle avfallsdeponi, forureina grunn og forureina sediment og for å hindre forureiningar frå gamle skipsvrak under kap. 1441 post 39 vart styrka for å kunne opp-prioritere arbeidet med forureina sediment. I 2002 vart midlane på dette feltet i hovudsak brukt til å dekke utgifter til undersøkjingar og oppryddingstiltak knytt til pilotprosjekt og kartleggingsarbeid.

Av løyvinga på 12 mill. kroner under kap. 1441 Statens forureiningstilsyn post 77 Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB er 3 mill. kroner nytta til ein mellombels kampanje i regi av Norsk Renholdsverksforening. Vidare inngjekk Miljøverndepartementet 30. april 2002 ei avtale med bransjen der bransjen tek på seg ansvaret for å opprette eit varig retursystem for PCB-haldige isolerglasruter. Bransjen fekk 9 mill. kroner i tilskot til å etablere og starte drifta av dette retursystemet.

Det vart bestemt i 2002 at det statlege ansvaret for beredskapen mot akutt forureining skulle overførast frå Statens forureiningstilsyn til Kystverket frå 1. januar 2003. Dette inneber at ansvaret for førebyggjande tiltak mot ulykker på sjøen og aksjonar og opprydding etter forureiningsulykker er samla i Kystverket.

I 2002 vart det gjennomført ei rekkje tiltak for å styrke beredskapen. Øvingsaktiviteten vart auka med spesielt fokus i Nord-Noreg, og utplassering av ytterlegare oljevernutstyr på mellomdepot i samarbeid med kommunane Honningsvåg, Sortland, Skjervøy og Båtsfjord vart sett i gang. I tillegg vart nytt utstyr kjøpt inn til eksisterande depot i Tromsø, og depotet på Svalbard vart styrka. Det vart også investert i meir utstyr for oljeopptaking.

For å følgje opp Stortinget sitt vedtak om å dekkje behovet for elektroniske sjøkart langs norskekysten innan år 2006 er det sett i gang eit forseringsprosjekt. Det er også etablert tenestekjøp for produksjon av digitale kart. Sjøkartverket rapporterar at alle viktige skipsleier vil vere dekt med elektroniske sjøkart i 2006, og området frå svenskegrensa til og med Trøndelag vil vere dekt i 2003. Prognosen er at det vil gjenstå nokre nymålingar for grunne område etter 2006, og for lite trafikkerte område. Dei elektroniske karta vil bli oppdatert etter kvart som det føreligg nye målingar, men dei karta som vil bli utgjevne fram til 2006 vil ha naudsynt kvalitet for sikker ferdsel.

Regjeringa fremma i St.prp. nr. 84 (2000-2001) forslag om ei norsk løyving til modernisering av nikkelverket i Petsjenga på inntil 270 mill. kr, som òg skulle dekkje kostnadene ved forvaltning av midlane i Den nordisk investeringsbanken ( NIB). Moderniseringsprosjektet er tredelt. Det går ut på å byggje eit briketteringsanlegg i Zapoljarny og ein ny smelteomn og ny svovelsyrefabrikk i Nikel. Miljøverndepartementet legg til grunn at utslepp av svoveldioksid, støv og tungmetall vil bli redusert med minst 90 % undervegs i år 2006. Dette vil venteleg gje merkbar betring av helse og miljø lokalt og for miljøet i Finnmark. Prosjektet er nokre månader forseinka fordi det tok noko lengre tid enn føresett å avklare dei tekniske sidene av tilskotsavtala mellom NIB og den russiske part. Ein reknar med å ta forseinkinga igjen i den vidare framdrifta av prosjektet.

3.15 Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
01.00Administrasjon m.v.356,2427,8442,6446,9
01.10Fylkesmannembeta531,91 221,8758,61 016,6
01.20Forvaltningspolitikk m.v494,8485,0503,2537,7
01.30Partistøtte230,8241,7256,0255,2
01.40Pensjonar m.v.8 580,910 926,89 828,210 079,8
01.50Konkurranse- og prispolitikk234,7224,9106,2109,9
01.60Statsbygg5 926,21 913,21 577,02 157,0
Sum utgifter16 355,515 441,213 471,814 603,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 1 131 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar under området, vert meirforbruket redusera med om lag 649 mill. kroner, til eit meirforbruk på om lag 482 mill. kroner. Av dette kan 230 mill. kroner forklarast med ei særskild forskotteringsordning under fylkesmannsembeta som motsvarast av meirinntekter. Om lag 250 mill. kroner kjem av netto auke til pensjonar m.v. som følgje av auka utbetaling av bustadlån for medlemmer av Statens Pensjonskasse og nedgang i utbetalte pensjonar.

Trenden i rekneskapen

Frå 2000 har utgiftene under programområdet gått ned med 10 pst. frå 16 355 mill. kroner til 14 603 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av Statsbygg som i 2000 hadde særlege utgifter på 3,2 mrd. kroner på 90-post ved etablering av Statens Utleiebygg AS. Ser ein bort frå dette syner programområde ein auke på om lag 11 pst.

For fylkesmannsembeta var det inntil 2000 bidrag frå tre departementsområde som dekte verksemda. Budsjettkapitla låg under Landbruksdepartementet, Miljøverndepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Frå og med 1.1.2001 vart dei tre kapitla slått saman under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt kapittel 1510. Formålet har vore å gje fylkesmannen høve til å disponere dei tildelte budsjettmidlane på ein meir heilskapleg måte.

Statens informasjonsteneste vart slått saman med Statskonsult til eit nytt direktorat Statskonsult med verknad frå og med 01.07.2001. Formålet har vore å få eit samla og meir effektivt operativt organ for utvikling og iverksetjing av forvaltningspolitikken.

Statens Utleiebygg AS vart etablert i samband med St.prp. nr.1 (1999-2000). Selskapet vart med verknad frå og med 01.07.2000 skilt ut i eit eige statsaksjeselskap under namnet Entra Eigedom AS. Eigedomane utgjorde om lag 2.9 mrd. kroner eller ¼ av Statsbygg sin samla eigedomsportefølje.

Statens Pensjonskasse vart endra frå ordinært forvaltningsorgan til forvaltningsbedrift 1.1.2001. Omdanninga varetek omsynet til nødvendig effektivitet, handlefridom og omstillingsevne i SPK.

Programområde 19 ArbeidslivRekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
19.00Arbeidsmarknad5 673,06 492,06 095,86 100,2
19.10Arbeidsmiljø og tryggleik505,4527,1565,0583,2
Sum utgifter6 178,47 019,16 660,86 683,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 23 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar under området, vert meirforbruket redusera med om lag 221 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 198 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Frå 2000 har utgiftene auka under programområde 19 med om lag 8 pst., frå 6 178,4 mill. kroner til 6 683 mill. kroner.

Under programkategori 19.00 Arbeidsmarked kan overflyttinga av ventelønskapitlet frå programområde 01 Fellesadministrasjon m.v. i 2002 forklare ein vesentleg del av utgiftsaukinga frå 5 673 mill. kroner i 2000 til 6 100 mill. kroner i 2002. I tillegg har ein hatt ei opptrapping av tiltaka for yrkeshemma frå om lag 19 200 plassar til 20 300 plassar. Dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka vart redusert frå eit middelmål på vel 13 200 plassar i 2000 til om lag 9 900 plassar som middelmål for 2002. Den gunstige situasjonen på arbeidsmarknaden, reduksjonen i dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka, og gjennomførte effektiviseringstiltak i Aetat gav grunnlag for å redusere bemanninga i Aetat frå om lag 3 700 årsverk i 2000 til om lag 3 200 årsverk i 2002.

Ansvaret for arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet (programkategori 19.10) vart i 2001 overført frå Kommunal- og regionaldepartementet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet, som etter dette har eit samla ansvar for arbeidslivet. Samstundes vart verksemdene Arbeidstilsynet, Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern, Produkt- og Elektrisitetstilsynet, Statens arbeidsmiljøinstitutt, Arbeidsforskingsinstituttet, Produktregisteret og budsjettansvaret for forsking og utgreiing (kap. 1575) overført til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Dei to verksemdene Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern og Produkt- og Elektrisitetstilsynet vart 1.1.2002 slått saman til Direktoratet for brann og eltryggleik. Produktregistret vart overført til Miljøverndepartementet 1.1.2002. Frå same tidspunkt vart Noregs brannskole overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Skolen er fagleg og administrativt underlagd Direktoratet for brann og eltryggleik.

Arbeidsforskingsinstituttet vart 1.7.2002 omgjort til aksjeselskap med ein eigenkapital på om lag 7,5 mill. kroner.

Programområde 33 Arbeidsliv Folketrygda (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
33.10Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn37,733,540,837,5
33.20Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs296,9369,4
33.30Arbeidsliv under folketrygda11 534,413 105,716 295,016 502,4
Sum utgifter11 869,013 508,616 335,816 540,4

Ansvaret for programområde 33 er delt mellom Fiskeridepartementet (programkategori 33.10) og Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Frå 2002 vart programkategori 33.20 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs lagt inn i programkategori 33.30 Arbeidsliv under folketrygda.

Avvik mellom budsjett og rekneskap, syner eit meirforbruk på 205 mill. kroner.

Dei samla utgiftene under programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda var i 2002 16,3 mrd. kroner. Frå 2000 til 2002 auka utbetalingane til dagpengar (kap. 2541.70) frå 6,2 mrd. kroner til 8,2 mrd. kroner. Utgiftsauken kjem i hovudsak av at tala på ledige med dagpengerett auka. Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs har i perioden 2000 til 2002 dobla seg frå 0,3 mrd. kroner til 0,6 mrd. kroner. Årsaka er auken i talet på konkursar og storleiken på kvart konkursbu. Dei ti største konkursbua utgjorde nesten 20 pst. av utbetalingane i 2002. Frå 2000 til 2002 auka utbetalingane til attføringsytingane (kap. 2543.70/71) frå 5,3 mrd. kroner til 7,7 mrd. kroner. Utgiftsauken forklarast i hovudsak av auken i den gjennomsnittlege behandlinga av yrkeshemma, omlegginga av berekningsreglane for yrkesretta attføring med verknad frå 1. januar 2002 og auka utgifter til einskilde stønader til attføring.

3.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
23.10Finansadministrasjon309,6330,2439,4444,9
23.20Skatte- og avgiftsadministrasjon4 094,54 403,54 729,34 752,5
23.30Offisiell statistikk433,5501,7463,2509,2
23.40Andre formål1 174,71 643,81 532,41 498,9
Sum utgifter6 012,36 879,27 164,37 205,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 41 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar under området, vert meirforbruket auka med om lag 2 mill. kroner, til eit meirforbruk på om lag 39 mill. kroner.

Utviklingstrekk

Frå 2000 har utgiftene under programområde 23 auka med om lag 20 pst. frå 6 012 mill. kroner til 7 205 mill. kroner. Under programkategori 23.10 er veksten i rekneskapen for 2002 i høve til tidlegare år ei løyving på 90 mill. kroner til eit Finansmarknadsfond.

Under programkategori 23.20 er veksten i rekneskapen for 2002 i høve til tidlegare år større prosjekt for omorganisering og kostnader knytt til utvikling av IT-prosjekt i skatteetaten.

Under programkategori 23.30 er veksten i rekneskapen for 2001 og 2002 i høve til 2000 i hovudsak Statistisk sentralbyrå si folke- og bustadteljing.

Under programkategori 23.40 er veksten i rekneskapen for 2001 i høve til 2000 at Statens innkrevingssentral vart ført over frå Justisdepartementet til Finansdepartementet. Veksten kjem også av oppgjer knytt til skattefordelingstvist på om lag 300 mill. kroner. Dersom ein ser bort i frå oppgjeret knytt til skattefordelingstvisten, er veksten i rekneskapen i 2002 i høve til tidlegare år under programkategori 23.40 i hovudsak knytt til auke i kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar, samt innføring av kompensasjon for meirverdiavgift til frivilliget organisasjonar.

Programområde 24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag m.v. vert omtalt under kap. 5 Finanspostar og kapitalrekneskapen i denne stortingsmeldinga. Inntektene frå skattar og avgifter vert omtalt i kap. 2.

Redusert nivå på skattar og avgifter

Ein sentral del av Regjeringa sin økonomiske politikk er å redusere nivået på skattar og avgifter. I Sem-erklæringa har Regjeringa lova å redusere dei samla skattane og avgiftene med 31 mrd. kroner i løpet av stortingsperioden 2001-2005. Allereie i 2002 vart det vedteke ei rekkje viktige endringar:

  • Innslagspunktet i toppskatten i klasse 1 vart auka med over 10 pst. til 320 000 kroner.

  • Satsen for berekning av minstefrådrag vart auka frå 22 til 23 pst. og den øvre grensa for frådraget vart auka til 43 000 kroner.

  • Innslagspunktet for fordelsskatten av eigen bustad vart auka med over 50 pst. til 80 000 kroner.

  • Skatten på utbetalt utbytte vart fjerna frå 1. januar 2002.

  • Arbeidsgjevaravgifta for alle på 62 år og eldre vart redusert.

  • Fleire avskrivingssatsar vart auka frå 1. januar 2002 slik at dei betre skal avspegle faktisk, økonomisk verdifall på driftsmidlane.

  • Det vart innført eit frådrag i skatt for selskapa sine utgifter til FoU.

  • Avgifta på investeringar vart fjerna frå 1. oktober 2002.

  • Avgifta på flyging av passasjerar vart fjerna frå 1. april 2002.

  • Avgifta på elektrisk kraft vart redusert med 2 øre pr. kWh frå 1. januar 2002.

  • Avgifta på brennevin vart redusert med 15 pst. og avgifta på andre alkoholhaldige og alkoholfrie drikkevarer vart redusert med 5 pst. frå 1. januar 2002.

Samla vart det vedteke ei skatte- og avgiftslette som i pålaupte tal var om lag 13,4 mrd. kroner i 2002. Dette inkluderer òg ei vidareføring av regelendringar som vart vedteke i 2001.

Regjeringa oppnemnde i januar 2002 eit ekspertutval som vart bedne om å vurdere endringar i skattlegginga av inntekt og formue. Omsyna til effektiv ressursbruk, fordeling og enkle reglar skulle vektleggjast. Utvalet leverte si utgreiing i februar 2003, og Regjeringa vil presentere utgreiinga i ei eiga melding til Stortinget.

Regjeringa oppnemnte også i januar 2002 eit utval som skulle vurdere regelverket i meirverdiavgifta med sikte på at regelverket skal virke nøytralt for kommunane sine avgjerder om å kjøpe tenester frå private eller produsere dei sjølve. Utvalet la fram sin rapport i desember 2002. Regjeringa tek sikte på følgje opp arbeidet ved å fremje eit forslag for Stortinget hausten 2003.

3.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
04.10Militært forsvar25 863,326 797,029 932,530 985,5
Sum utgifter25 863,326 797,029 932,530 985,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit meirforbruk på om lag 1053 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar under området, vert meirforbruket redusera med om lag 945 mill. kroner, til eit meirforbruk på om lag 108 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Frå 2000 har utgiftene under programområde 04 auka med om lag 20 pst. frå 25 863 mill. kroner til 30 986 mill. kroner.

Rekneskapen for heile Forsvaret syner eit mindreforbruk på om lag 2,5% av samla disponibel løyving for Forsvaret i 2002 medrekna overføringar frå 2001. Dette er til saman 762 mill. kroner som fordelar seg med 226 mill. kroner på driftsmidlar (1% av driftsbudsjettet) og 535 mill. kroner på investeringsmidlar (6% av investeringsbudsjettet). Dette vert overført til 2003, I tillegg kjem ei planlagd og naudsynt overføring av 366 mill. kroner i samband med Forsvaret sitt engasjement i Afghanistan, slik at dei totale overføringane til 2003 vert 1 128 mill. kroner. Resultatet av rekneskapen i 2002 syner ei positiv utvikling i høve til tidlegare år og det er ein klar nedgang i behovet for overføringar frå 200½002 til 2002/2003.

Auka satsing på Forsvaret

Den viktigaste oppgåva for Forsvaret i 2002 var å følgje opp den omfattande og naudsynte omlegginga av Forsvaret, som vart fastsett av Stortinget ved handsaming av Innst. S. nr. 342 (2000–2001), jf. St.prp. nr. 45 (2000–2001), og seinare justeringar som vart vedteke ved handsaming av Innst. S. nr. 232 (2001–2002), jf. St.prp. nr. 55 (2001–2002).

Målet med omlegginga av Forsvaret er å etablere eit moderne forsvar med ei tydeleg forbetra operativ evne. I tillegg skal Forsvaret kunne løyse fleire ulike oppgåver, oftast saman med allierte styrkar, raskare og meir effektivt enn i dag. Etter den kalde krigen har utviklinga i tryggingspolitikken gjort sitt til at det er større samanfall mellom nasjonale og internasjonale tryggingsutfordringar. Dette gjeld også med omsyn til kva slags styrkar ein treng. Omlegginga vil også generelt gje eit bidrag til å styrkje Forsvaret si evne til å kjempe mot terror.

Ein føresetnad for å få dette til er å gjennomføre strukturtiltak som skal redusere nivået på dei årlege driftsutgiftene til Forsvaret med minimum 2 mrd. kroner, samanlikna med eit alternativ utan omlegging (nivå per 1. september 2000).

År 2002 er det første i omleggingsperioden 2002-2005. Omlegginga av Forsvaret følgjer den oppsette planen og er i rute med omsyn til strukturtiltak - oppstartar og nedleggingar – og andre tiltak for å spare driftskostnadar.

Styrka internasjonal solidaritet

Norsk militær deltaking i internasjonale operasjonar

I kjølvatnet av åtaka på USA 11. september 2001 sette NATO i verk ei rekkje tiltak for å verne USA og gjere alliansen mindre sårbar for nye åtak. NATO vedtok å styrkje etterretningssamarbeidet innafor alliansen, og sette i tidsrommet september 2001 – mai 2002 i verk operasjonen Eagle Assist, kor amerikansk luftrom vart overvaka av AWACS-fly frå NATO. Fleire nordmenn gjekk inn i desse flya sine fleirnasjonale mannskap. Samstundes forsterka alliansen sitt nærvære i Middelhavet, med operasjonen Active Endeavour. Noreg har teke del med tre fregattar og to undervassbåtar som har avløyst kvarandre. Noreg har òg teke del i operasjonane Active Endeavour og ISAF i Afghanistan i heile 2002. Norske militære bidrag på landsida har inkludert spesialstyrkar, ei transportkontrolleining, mine- og eksplosivryddarar, og eit element for sivil-militært samarbeid. På luftsida har Noreg, innafor ramma av eit samarbeid med Danmark og Nederland, delteke med eit C-130 transportfly og seks F-16 kampfly.

I 2002 har Noreg halde fram med verksemda innan NATO sine operasjonar på Balkan. Vi har hatt ei bataljonstridsgruppe i Kosovo, eit lite antal stabspersonell i Makedonia og etterretningspersonell i Bosnia-Hercegovina. NATO sine militære bidrag er slik utforma at dei støttar sivile organisasjonar sitt arbeid for å leggje til rette for varig fred og utvikling i dette området.

Noreg er positiv til at EU tek ei meir sentral rolle i arbeidet for europeisk tryggleik, og ser at unionen kan spele ei fin støtterolle til NATO i dette arbeidet. Noreg har derfor meldt Forsvarets innsatsstyrke (FIST) som ein styrkebrønn på inntil 3 500 soldatar for å styrkje EUs evne til krisehandtering.

Noreg støtta i 2002 FN sine fredsoperasjonar med personell i Kongo, Etiopia og Eritrea, Aust-Timor og Kroatia, og på Golan-høgda. Vi stilte óg militært personell på tosidig basis i Sudan og innan MFO-operasjonen i Sinai-ørkenen.

Det er ei sentral målsetjing for Noreg å knyte Russland nærast råd opp til resten av Europa. Derfor støtta Noreg opprettinga av NATO-Russlandsrådet (NRC). Rådet vil vere særs nyttig for Noreg, ved at fleire saker som vi no handsamar direkte med Russland, kan løftast inn i ei fleirnasjonal ramme. Dette gjeld særleg hjelp til omlegging av den russiske forsvarssektoren, og samarbeid om leite- og redningsteneste til havs. Noreg har òg gjort framlegg om at NRC skal omfatte sikring av kjernefysisk materiale. Frå norsk side er det ei generell målsetjing å gje så mange bidrag til NRC som mogleg, for slik å støtte den vidare utviklinga av samarbeidet.

3.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiformål (tal i mill. kroner)Rekneskap 2000Rekneskap 2001Budsjett 2002Rekneskap 2002
18.00Administrasjon137,9568,2175,2227,3
18.10Petroleumsforvaltning311,214 367,0338,4351,7
18.20Energi- og vassdragsforvaltning488,3857,3697,6746,6
18.30Forskningsformål193,8200,2263,1264,8
18.60Statsføretak6 520,2
18.70Petroleumsverksemda23 300,225 736,017 005,016 074,7
Sum utgifter24 431,448 249,018 479,217 665,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner eit mindreforbruk på om lag 814 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og endring i overførte løyvingar under området, vert mindreforbruket auka med om lag 115 mill. kroner, til eit mindreforbruk på om lag 929 mill. kroner. Under programkategori 18.00, 18.10 og 18.30 syner rekneskapen for 2002 samla, relativt små avvik i høve til budsjettet. Under programkategori 18.20 er det eit mindreforbruk, som i hovudsak heng saman med at det under kap.18.25, post 74 Naturgass ikkje vart utbetalt midlar i 2002. Disponibel løyving på posten var i 2002 på 43,7 mill. kroner. Det vart gjeve tilsegn om stønad for 18,7 mill. kroner, og OED har til behandling søknader for til saman 115 mill. kroner. Søknadene vil bli sluttbehandla etter at St.meld. nr. 9 (2002-2003) Om innanlands bruk av naturgass m.v. er behandla av Stortinget. Mindreutgifta under programkategori 18.70 er i all hovudsak relatert til lågare investeringar for SDØE på Grane, Troll Gass, Heidrun og Åsgard enn budsjettert.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 18.00 og 18.10 skil 2001 seg ut i høve til dei andre åra. Dette kjem av at det i 2001 vart gjeve eit ansvarleg lån til Statoil ASA ifm. sal av om lag 15 pst. av SDØE-eigardelane til Statoil (programkategori 18.10), samt utgifter knytt til sal av SDØE- eigardelar og delprivatiseringa av Statoil ASA (programkategori 18.00) som vart utbetalt i 2001 og 2002.

Under programkategori 18.20 er storleiken på overførde midlar mellom budsjetterminar for ein stor del løyst ved etableringa av Energifondet. Ordninga inneber at løyvd sum vert overført til Energifondet, i motsetning til tidlegare kor gjevne tilsegn over statsbudsjettet kunne kome til utbetaling fyrst fleire år seinare. Vidare har avvikling av ordninga med refusjon av dokumentavgift for kraftselskap medført at mindreforbruk ift. rekneskap i 2001 og 2002 er vesentleg lågare enn i 2000.

Utgiftene under programkategori 18.60 i 2001 heng saman med ekstraordinære kostnader saman med kompensasjon for avvikling av Beiarn, Bjellågen og Melfjord, kompensasjon for langsiktige avtaler med kraftkrevjande industri og innskotskapital i Statkraft SF.

Under programkategori 18.70 har blant anna nedsal av SDØE-eigardelar gjeve reduksjon i utgiftene, medrekna investeringar.

3.19 Statsbankane

Statens lånekasse for utdanning

Samla uteståande fordringar for Statens Lånekasse for utdanning var per 31. januar 2002 72,6 mrd. kroner, ein auke på om lag 3 mrd. kroner frå 31. januar 2001. Det samla beløpet gjeld lån til utdanning, renter og gebyr. Av lån til utdanning er i overkant av 18 mrd. kroner ikkje renteberande, medan dei resterande beløpa er renteberande.

Det er i 2002 – som i 2001 – i overkant av 3 mrd. kroner uteståande i renteberande rente. Elles har Statens Lånekasse for utdanning uteståande 59,5 mill. kroner i ikkje betalte gebyr, ein auke på om lag 5 mill. kroner frå 2001.

Den Norske Stats Husbank

Samla var uteståande fordringar i Husbanken på 102,2 mrd. kroner ved utgangen av 2002, fordelt på om lag 125 800 lån. Av desse uteståande fordringane utgjer 71,7 mrd. kroner oppføringslån, 20,6 mrd. kroner etableringslån og kjøpslån, 7,6 mrd. kroner utbetringslån, og 2,3 mrd. kroner gamle låneordningar. Uteståande fordringar har auka med 6,3 mrd. kroner frå 2001 til 2002. Kjøpslån- og etableringslånportjeføljen har auka mest.

Husbanken hadde i 2002 eit tap på 15,4 mill. kroner. Med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar/inngåtte avtaler som utgjorde 3,9 mill. kroner, var netto tap på utlån 11,5 mill. kroner. Av samla brutto tap er 13,5 mill. kroner knytt til personlege låntakarar.

Til forsiden