St.meld. nr. 3 (2002-2003)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

4 Folketrygda for 2002

Dei samla utgiftene under folketrygda i 2002, programområdet 29, sosiale formål, var 160 438 mill. kroner. Av dette utgjorde administrasjonsbudsjettet til trygdeetaten 4 813 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2001, var 147 921 mill. kroner, av dette utgjorde administrasjonsbudsjettet til trygdeetaten 4 392 mill. kroner. Det gjev ein nominell vekst i utgiftene på om lag 8,5 pst. Samla inntekter til folketrygda i 2002 var 3 357 mill. kroner. I 2001 var tilsvarande tal 3 213 mill. kroner. Det gjev ein nominell auke i inntektene på vel 4 pst.

Sjukepengar

Dei samla utgiftene til sjukepengar frå folketrygda auka nominelt med 10,3 pst. frå 2001 til 2002, frå 23 697 mill. kroner til 26 133 mill. kroner. For arbeidstakarar (kap. 2650 post 70 ) var auken på 10,2 pst. medan den for sjølvstendige (kap. 2650 post 71) var på 9,6 pst. Veksten i sjukepengeutgiftene frå 2001 til 2002 er høgare enn frå 2000 til 2001 under kap. 2650. Frå 2000 til 2001 var den på 8,8 pst.

Det har vore ein monaleg auke i sjukefråværet i alle år frå 1994. Utviklinga har nær samanheng med utviklinga på arbeidsmarknaden. I periodar med høg arbeidsløyse har veksten i sjukefråværet vore låg, medan låg arbeidsløyse har gått saman med sterk vekst i sjukefråværet.

Ei medverkande årsak til det aukande sjukefråværet er knytt til demografiske endringar i arbeidsstyrken. Gjennom heile 1990-talet og fram til i dag har det vore ein auke i talet på sysselsette i dei eldste aldersgruppene. Auken har vore særleg stor for aldersgruppa 50-59 år. Fordi sjukefråværet aukar med alderen, vil demografiske endringar i befolkninga gje endringar i fråværsnivået. Utrekningar syner at i perioden 1998-2002 kan auke i sysselsetjing og alderssamansetninga til dei sysselsette forklare om lag 20 pst. av auken i alle sjukefråværsdagane som trygda har betalt. Om ein ”reindyrkar” effekten av endringar i alderssamansetjinga til dei sysselsette og ser på auken i den gjennomsnittlege mengd av alle sjukepengedagar per sysselsett, syner utrekningar at alderssamansetninga til dei sysselsette isolert sett berre kan forklare om lag 10 pst. av auken i fråværsnivået i perioden 1998-2002.

Nyare undersøkjingar syner at mange fleire står for sjukefråværet enn det ein har trudd tidlegare. Av om lag 1,6 mill. arbeidstakarar som var sysselsett gjennom heile perioden 1.kvartal 2000 til 3.kvartal 2002, har om lag 65 pst. hatt eit eller fleire legemeldte fråvær.

Uførepensjon

Frå 2001 til 2002 gjekk utgiftene opp med 9.4 pst. (nominelt) frå 32 601 mill. kroner til 35 662 mill. kroner. Viktige årsaker er at det har vorte fleire uførepensjonistar og at grunnbeløpet i folketrygda har auka. I 2002 auka talet på uførepensjonistar med 2,4 pst. til 292 224 personar. Tilgangsraten i 2002 var om lag 10,4 per 1000 ikkje-uføre mot 9,8 i 2001. I perioden 1999 –2001 var det ein nedgang i tilgangsraten, medan det i perioden 1993-99 var ein auke nesten kvart år.

Auken i talet på uførepensjonistar dei siste åra heng saman med at dei store etterkrigskulla nå er komne opp i aldersgrupper der tilgangen til uførepensjon relativt sett er høgast. Delen av dei som har brukt opp sjukepengerettane sine og som har fått uførepensjon, har auka dei siste åra.

Talet på søknader om uførepensjon gjekk opp frå 34 235 i 2001 til 36 484 i 2002. Frekvensen i avslag ved søknad om uførepensjon var 21,9 pst. i 2002 mot 23,6 i 2001. I 2000 vart 23,1 pst. avslått. I åra 1994-99 vart mellom 15 og 18 pst. av søknadene avslått.

Ved handsaming av Revidert nasjonalbudsjett våren 2000, vedtok Stortinget at ein skal setje i verk reaktivisering av uførepensjonistar. Om lag 1 900 uførepensjonistar har kome i arbeid på heiltid eller deltid eller auka arbeidsinnsatsen som følgje av tiltaket. Om lag 2 500 vil freiste å kome tilbake til arbeid, men treng bistand frå Aetat.

Einskilde tal kan tyde på at uførepensjonistar i noko større grad enn tidlegare har arbeid ved sida av uførepensjonen. Det har vore ein auke i arbeidsdeltaking blant uførepensjonistar med gradert uførepensjon, særleg blant kvinner. Delen av dei uføre med full uførepensjon som har inntekt ved sida av pensjonen, auka frå 21,3 pst. i 1997 til 26,1 pst. i 2000.

Medisinsk rehabilitering

Talet på mottakarar av rehabiliteringspengar var i alt 47 678 i 2002 (gjennomsnittleg tal på mottakarar). Veksten frå året før var i 2002 på 11,9 pst., medan den i 2000 og i 2001 var på 14,0 og 17,7 pst. Auken i talet på mottakarar i perioden 1997-2002 har vore 86,7 pst. Den sterke auken heng nære saman med auken i langtidssjukefråværet og talet på sjukemelde som har bruka opp retten til sjukepengar.

Det har vore ein sterk auke på utgiftene medisinsk rehabilitering dei seinaste åra. Utgiftene i 2002 vart 6 288 mill. kroner, ein auke på 28,9 pst. (nominelt) frå 2001. I perioden 1997-2002 har utgiftene auka med 123,7 pst. målt i nominelle kroner og 98,7 pst. målt i fast grunnbeløp. Når auken i utgiftene i 2002 ikkje samsvarer med veksten i talet på mottakarar, så heng det saman med innføring av nye berekningsregler frå 1. januar 2002, som medførte ein auke i gjennomsnittleg pengeyting ved rehabilitering på om lag 9,6 pst.

Den sterke auken i langtidssjukefråværet dei siste åra er ein viktig årsak til den sterke auken i utgiftene og talet på mottakarar av rehabiliteringspengar. Ein stigande del av tilgangen dei siste åra har derfor kome rett frå sjukepengar. I tillegg har og utvidinga av unntaksreglane for kor lenge ein kan ta i mot rehabiliteringspengar og innskjerpinga i praksis for å få uførepensjon, vore viktige årsaker til veksten dei siste to åra. Dei vanlegaste diagnosane for mottakarar av rehabiliteringspengar er muskel- og skjelettlidingar samt mentale lidingar.

Utviklinga på rehabiliteringspengeområdet vil i stor grad avhenge av utviklinga på sjukepengeområdet.

Attføring

Utgifter til attføringsytingane under programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda auka frå 2000 til 2002. Utbetalingane under kap. 2543.70/71 auka frå 5,3 mrd. kroner til 7,7 mrd. kroner. Utgiftsauken forklarast i hovudsak av auken i den gjennomsnittlege behandlinga av yrkeshemma, omlegginga av berekningsreglane for yrkesretta attføring med verknad frå 1. januar 2002 og auka utgifter til einskilde stønader til attføring, jf. 3.15.

Alderspensjon

Talet på alderspensjonistar ved utgangen av 2002 var 624 000 personar. Det er 2 578 færre enn på slutten av 2001. Alderspensjonistane utgjer no om lag 13,5 pst. av folket i Noreg. Talet går ned, fordi det no er dei små førkrigskulla som vert pensjonistar. Frå 2001 til 2002 auka utgiftene med 5,8 pst. nominelt frå 68 697 mill. kroner til 72 685 mill. kroner. Utgiftene aukar sjølv om talet på pensjonistar går ned, fordi folketrygda er under oppbygging, og delen med alderspensjonistar med rett på tilleggspensjon har auka. Den gjennomsnittlege tilleggspensjonen har òg auka. Mange pensjonistar er allereie pensjonerte gjennom avtalefesta pensjon (AFP) før dei tek ut alderspensjon frå folketrygda ved 67 år. Ved utgangen av 2002 var det i alt 33 475 AFP-pensjonistar, ein auke på snautt 2,8 pst. frå året før.

Einsleg mor eller far

Frå 2001 til 2002 auka utgiftene med 0,7 pst. nominelt frå 2 062,4 mill. kroner til 2 077,8 mill. kroner. Talet på einslege forsørgjarar med overgangsstønad var ved utgangen av 2002 vel 25 400, om lag 500 færre enn året før. Utgifter og talet på stønadsmottakarar har stabilisert seg etter den kraftige nedgangen frå 2000 til 2001, som kjem av at reforma i 1998 fekk full effekt frå 1.1.2001. Målet med omlegginga i 1998 var å betre økonomien til einslege forsørgjarar med små barn, og å stimulere til auka sjølvforsørging etter ein overgangsperiode. Evalueringa syner at måla langt på veg er nådd, men at einskilde grupper treng meir oppfølgjing. Delen ”aktive” av personar med overgangstønad og/eller stønad til barnetilsyn var 79,0 pst. ved utgangen av 2002. Av einslige forsørgjarar med yngste barn under tre år var 49,2 pst. aktive i 2002. Med aktive einslege forsørgjarar meinar vi dei som er heilt sjølvforsørgjande (berre stønad til barnetilsyn), dei som er delvis sjølvforsørgjande (redusert overgangsstønad pga. forventa inntekt) og dei som er under utdanning (full overgangsstønad og stønad til barnetilsyn).

Hjelpemiddel

Utgiftene til hjelpemiddel til betring av funksjonsevne har auka relativt sterkt i perioden 1997 –2001. Frå 2001 til 2002 auka utgiftene med 9,9 pst. nominelt frå 2 273 mill. kroner til 2 500 mill. kroner. For enkelte typer hjelpemiddel var det ein ekstra sterk auke i utgiftene frå 2001 til 2002 mellom anna gjeld det: behandlings- og treningshjelpemiddel, elektriske rullestolar og telefon- og lydforsterkarutstyr.

Underhaldsbidrag til barn og ektefelle

Ved utgangen av 2002 var det registrert 145 420 bidragssaker kor bidraget skal betalast gjennom Trygdeetatens Innkrevjingssentral (TI). Dette er ein auke på om lag 700 (0,5 pst.) frå utgangen av 2001. Den samla uteståande bidragsgjelda utgjorde 3 005 mill. kroner ved utgangen av 2002. Inkludert i talet er også saker der dei bidragspliktige er busette i utlandet (523 mill. kroner) og uteståande i gamle gjeldssaker ved Statens Innkrevjingssentral (SI) (180 mill. kroner). Tilsvarande tal ved utgangen av 2001 var 3 051 mill. kroner, der bidragspliktige busette i utlandet skulda 484 mill. kroner og gamle gjeldssaker ved SI var 196 mill. kroner.

Samla vart det kravd inn 3 465 mill. kroner i 2002. Dette er ein auke på 129 mill. kroner nominelt (3,7 pst.) frå 2001. Prosentdelen av bidragspliktige som betaler det bidraget dei er pålagt å betale er nesten den same i 2002 som i 2001, 68,1 pst. og 68,7 pst.

Forskotering av underhaldsbidrag

Statens forskotering av bidrag utgjorde brutto 1 680 mill. kroner i 2002. I dei tilfella der det fastsette bidraget er mindre enn forskotsbeløpet, skal ikkje differansen krevjast inn. Beløpet skal førast som utgift. Denne differansen vert nemnd som ”løyvd forskot”. Løyvd forskot utgjorde 506 mill. kroner. Det vil seie at forskotsbeløpet som kan krevjast inn for 2002 var 1 174 mill. kroner. Av dette beløpet vart 1 076 mill. kroner dekt av innbetalingane frå dei bidragspliktige.

Vurdering av innanlandsgjelda til innkrevjing ved Trygdeetatens innkrevjingssentral

Heimel til å gjere avskriving av bidragskrav i rekneskapen, vart gjeve av Sosial- og helsedepartementet 9. januar 2001. Forskrifta er nytta frå og med rekneskapsåret 2001.

Samla uteståande krav innanlands er 2 481 mill. kroner. Ut frå kriteria i høve til forskrifta av 9. januar 2001, er 1 041 mill. kroner (42 pst.) klassifisert som gode fordringar, 764 mill. kroner (31 pst.) som usikre og 358 mill. kroner (14 pst.) som forventa tap og 321 mill. kroner er rekneskapsmessig avskrivne. Fordringar som er klassifiserte som forventa tap, er fordringar som ikkje kan krevjast på grunn av manglande betalingsevne til den bidragspliktige.

Bidragspliktige busette i utlandet

Det er styresmaktene i kvart einskild land som krev inn når bidragspliktig bur i utlandet. Trygdeetaten er såleis avhengig av inngåtte avtaler, og av samarbeid frå kvart einskild land. Samla uteståande fordringar var 523 mill. kroner. Av dette gjeld 196.6 mill. kroner bidragspliktige i Norden. Sverige åleine står for 125,9 mill. kroner.

Av samla uteståande er 94,8 mill. kroner rekna som sikre krav, 51,6 mill. kroner (10 pst.) som usikre krav og 376 mill. kroner (73 pst.) som forventa tap. I Norden er forventa tap rekna til 104,6 mill. kroner (53 pst. av uteståande i Norden).

Frå 2001 til 2002 er gjelda auka med i overkant av 39 mill. kroner. Størst netto gjeldsauke var det i Sverige (24 pst. av auken).USA (11,9 pst.), Danmark (9,4 pst.) og Storbritannia (9,4 pst.)

Det vart til saman innbetalt 52 mill. kroner. I Norden vart det innbetalt 27,1 mill. kroner. I høve til 2001 er dekningsprosenten samla gått opp frå 60 pst. til 61,2 pst. og for Norden sin del er dekningsprosenten auka frå 68,6 pst. til 69,7 pst.

Til forsiden