St.meld. nr. 3 (2002-2003)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

6 Statens petroleumsfond

Inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond er definerte i lov 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond. Inntektene er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som vert overført frå statsbudsjettet, og avkastinga på formuen i fondet. I 2001 vart petroleumsfondslova endra, slik at inntekter frå sal av aksjar i Statoil vart inntektsført i Petroleumsfondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet etter vedtak i Stortinget 1. Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomitéen ved handsaminga av lova om fondet, er det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Tabellane 6.1 og 6.2 syner balansen og resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond. Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala vert presenterte her til orientering.

Rekneskapen for Petroleumsfondet vert ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Frå 1999 vert rekneskapen ført etter prinsippet om marknadsverdi.

I 2002 hadde Statens petroleumsfond inntekter utan omvurderingar på til saman 191 807 mill. kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 169 234 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen m.v. utgjorde til saman 22 573 mill. kroner i 2002. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2002 vart det overført 53 406 mill. kroner frå Petroleumsfondet til statsbudsjettet i 2002. Overskotet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar vart dermed 138 401 mill. kroner.

Omvurderingane i rekneskapen for Statens petroleumsfond i 2002 utgjorde i alt -153 143 mill. kroner. Av dette var 19 934 mill. kroner realiserte verdipapirtap, og 27 072 mill. kroner var urealiserte tap. Resultatet frå terminhandlar i valuta og resultat frå handlar i futures-marknaden utgjorde –2 028 mill. kroner. Valutakurstapet var 104 110 mill. kroner, dvs. fallet i verdien til fondet målt i norske kroner som følgjer av styrkinga av kronekursen i 2002. Medrekna omvurderingar vart det dermed eit underskot i fondet i 2002 på til saman 14 742 mill. kroner.

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda fråtrekt overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. Denne netto avsetjinga var 115 828 mill. kroner i 2002. Overføringane frå statskassa til fondet vart fordelte slik:

  • 12,1 mrd. kroner 31. januar,

  • 12,2 mrd. kroner 28. februar,

  • 12,0 mrd. kroner 2. april,

  • 12,9 mrd. kroner 30. april,

  • 15,6 mrd. kroner 31. mai,

  • 13,0 mrd. kroner 28. juni,

  • 15,5 mrd. kroner 31. juli,

  • 12,5 mrd. kroner 30. august,

  • 9,6 mrd. kroner 30. september og

  • 10,3 mrd. kroner 30. november.

Av overføringa 31. januar vart 1 mrd. kroner tilført Miljøfondet. Overføringa 2. april inneheld ei korrigering på 6 017 mill. kroner som var for lite overført i 2001.

Fråtrekt det for lite overførte beløp i 2001, vart det til saman overført 119 710 mill. kroner netto til fondet over statsbudsjettet 2002, noko som var 3 882 mill. kroner meir enn netto avsetjing til Petroleumsfondet etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2002 er denne differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det vert korrigert for denne mellomrekninga saman med ei overføring til fondet tidleg i 2003.

Når ein korrigerer for mellomrekninga med statskassa og fråtrekt forvaltningskostnadene til Noregs Bank, syner rekneskapen at den bokførte verdien av fondet ved utgangen av 2002 var på 608 475 mill. kroner. Dette svarte også til marknadsverdien, jf. at rekneskapen no vert ført til marknadsverdi.

Midlane i Petroleumsfondet vert plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Petroleumsfondet etter oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i brev til banken definert nærare retningsliner for forvaltninga. I forskrifta om forvaltninga av fondet som tok til å gjelde frå 1. januar 1998, heiter det at Finansdepartementet skal definera ein såkalla referanseportefølje som dannar grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representera ein nøytral investeringsstrategi innafor dei retningslinene Finansdepartementet har gitt. Vidare har Finansdepartementet fastsett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastinga til den såkalla differanseporteføljen som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St. meld. nr. 1 (1997-98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 prosentpoeng sidan målet vart innført i 1998. Referanseporteføljen er sett saman av 60 pst. renteberande verdipapir og 40 pst. eigenkapitalinstrument.

Den 3. mars 2003 offentleggjorde Noregs Bank årsrapporten for Statens petroleumsfond. Årsrapporten følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. I dokumentasjonsdelen i den vedlagte årsrapporten for fondet er det gitt ei samla liste over fondet sine eignelutar, delt på aksjar, aksjefutureskontraktar, obligasjonar, rentefutures og rentebytteavtaler, bankinnskot, valutaterminkontraktar, gjenkjøps- og gjensalsavtaler og andre fordringar. For alle aksjeinvesteringane er det oppgitt namn på selskapet, marknadsverdi av aksjeposten og eigardel i selskapet. For dei andre eignelutane er det oppgitt namn på utferdaren eller motparten og marknadsverdi av plasseringa. Alle investeringane er fordelte etter land.

Årsrapporten til Noregs Bank for Petroleumsfondet skildrar korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir som svarer til fondet sin konto i banken, vart forvalta i 2002. Den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 608 475 mill. kroner ved utgangen av 2002. Avkastinga på dei utanlandske investeringane i fondet vart på -4,7 pst. for heile 2002 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastinga på aksje- og obligasjonsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane (ordinær portefølje) gav ei avkasting på –24,38 pst. medan avkastinga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 9,90 pst. Den vekta summen av avkastinga i dei to aktivaklassane svarar ikkje nøyaktig til totalavkastinga. Årsaka er at avkastingstala av året er bygd opp ved å kjede månadlege avkastingstal for aktivitetsklassane og for totalen kvar for seg. Verdien av den norske krona styrka seg mot valutakorga til Petroleumsfondet i 2002. Dette førte til at fondet sine utanlandske eignelutar vart tilsvarande mindre verd målt i norske kroner. For heile året var totalavkastinga –19,09 pst. målt i norske kroner (medrekna Miljøfondet). Det er likevel avkastinga i utanlandsk valuta som er mest relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Reell avkasting målt i utanlandsk valuta er utrekna til –6,48 pst. 2

Det var variasjon i avkastinga mellom kvartala i 2002, særleg for aksjeporteføljen. I 1. og 4. kvartal var avkastinga for Petroleumsfondet (utan Miljøfondet) positiv med 0,59 pst. og 2,83 pst. målt i utanlandsk valuta. I 2. og 3. kvartal var avkastinga negativ med -2,9 pst. og -5,1 pst. målt i utanlandsk valuta.

Tala for avkasting er bruttotal på den måten at forvaltningskostnadene ikkje er trekte ifrå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 6.2 er forvaltningskostnadene trekte ifrå. Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastinga til fondet i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2002 var kostnadene 0,130 pst. av den kapitalen som etter referanseporteføljen kunne plasserast i eigenkapitalinstrument, og 0,047 pst. av den kapitalen som kunne plasserast i renteberande verdipapir. Desse tala omfattar ikkje avkastingsavhengige honorar til eksterne forvaltarar. Samla utgjorde godtgjeringa til Noregs Bank 560 mill. kroner i 2002. Ein viser til den vedlagte årsrapporten for fondet for nærare omtale.

Ei viktig oppgåve for Finansdepartementet er å evaluera korleis Noregs Bank forvaltar midlane i fondet. Departementet har i 2002 nytta det britiske konsulentselskapet Hewit, Bacon & Woodrow til å utarbeida rapport om forvaltninga av fondet. Rapporten er offentleg, og er tilgjengeleg på internettsidene til Finansdepartementet (www.odin.dep.no/fin). Frå og med 2003 vil konsulentselskapet Mercer ta over dette arbeidet.

Noregs Bank si forvaltning av Petroleumsfondet vert Revidert av revisjonen til Noregs Bank, men Riksrevisjonen utfører også eigne kontrollhandlingar. Han er underlagt representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender ut om Petroleumsfondet, er stadfesta av revisjonen til Noregs Bank. Den overordna revisjonen av Petroleumsfondet er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer sin revisjon på det arbeidet som vert utført av revisjonen til Noregs Bank.

Tabell 6.1 Balanse for Statens petroleumsfond (tal i mill. kroner)

Aktiva   Passiva  
Konto i Noregs Bank1)2)608 475Eigenkapital604 592
Mellomrekning med statskassa3)3 882
Sum608 475Sum608 475

1)I samsvar med forskrifta for forvaltning av Statens petroleumsfond av 3. oktober 1997 er fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank skal plassera desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta per 31.12.02. (tal i mill. kroner)

Kortsiktige fordringar inkl. innskot i utanlandske bankar9 878
Pengemarknadsplasseringar i utanlandske finansinstitusjonar mot tryggleik i verdipapir188 230
Innlån frå utanlandske finansinstitusjonar mot tryggleik i verdipapir-209 804
Utanlandske renteberande verdipapir394 254
Utanlandske aksjar226 354
Regulering av terminkontraktar123
Samla portefølje før forvaltningsgodtgjering609 035
Påløpt forvaltningsgodtgjering 4)-560
Samla portefølje, rekneskapsført verdi608 475

2)Per 31.12.02 hadde fondet kjøpskontraktar i futuresmarknaden med ein samla marknadsverdi på 30 575 mill. kroner og futureskontraktar for sal av verdipapir på 22 829,5 mill. kroner. Ved utgangen av 2002 hadde fondet kontraktar om kjøp og sal av valuta på termin for til saman 11 423,0 mill. kroner.

3)Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til Petroleumsfondet i 2002 vart 3 882 mill. kroner lågare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet i 2002. Denne differansen utgjer per 31.12.02 ei fordring for statskassa på fondet som vert innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av ein reduksjon i overføringa til fondet i 2003.

4)Påløpt forvaltningsgodtgjering for Noregs Bank for 2002 er korrigert for faktiske kostnader til avkastningsavhengig godtgjering i 2001. Talet for den avkastingsavhengige godtgjeringa til eksterne forvaltarar for 2002 var ikkje endeleg ved avsluttinga av statsrekneskapen. Skilnaden mellom faktiske kostnader til avkastingsavhengige forvaltarar og kostnader som vart rekneskapsførte for 2002 vil bli korrigert for ved neste års statsrekneskap. Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved den modifiserte durasjonen, var 5,3 per 31. desember 2002.

Tabell 6.2 Resultatrekneskap for Statens petroleumsfond (tal i 1 000 kroner)

KapPostTekst20012002
INNTEKTER:
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum:
71Ordinær skatt på formue og inntekt41 464 39732 511 988
72Særskatt på oljeinntekter64 316 03352 410 312
73Produksjonsavgift2 481 3721 320 013
74Arealavgift m.v.982 600446 599
Sum kap. 5507109 244 40286 688 912
550870Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen2 861 5583 012 054
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
01Pro- et kontra-oppgjeret0347 881
24Driftsresultat *84 905 01460 225 626
30Avskrivingar17 892 24114 571 337
31Sal av SDØE-delar38 979 8898 521 000
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond565 862284 885
80Renter7 487 5976 362 820
81Renter, sal av SDØE-delar1 247 806248 773
85Renter på mellomrekneskapen-29 2290
Sum kap. 5440151 049 18090 562 323
568580Utbyte STATOIL5 668 0005 044 981
81Renter, ansvarleg lån66 1420
82Renter m.m. Sal av aksjar12 3250
Sum kap. 56855 746 4685 044 981
UTGIFTER:
2440SDØE
22Fjerningsutgifter086 578
25Pro- et kontra-oppgjeret8 448 9891 977 575
30Investeringar16 569 09912 807 833
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond592 000905 000
Sum kap. 244025 610 08815 776 987
2442Disponering av innretningar på norsk kontinentalsokkel:
21Spesielle driftsutgifter00
70Tilskot5 96247 715
2443Forvaltningsselskap for SDØE
70Administrasjon50 000250 000
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda:
Overført til Statens petroleumsfond frå statsbudsjettet243 235 558169 233 567
Renteinntekter og utbyte m.v. 1)17 228 82722 572 961
Sum inntekter Statens petroleumsfond260 464 385191 806 528
UTGIFTER:
Overført frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet409 10853 406 000
Overskot i Statens petroleumsfond260 055 277138 400 528

* Netto overskotsavtaler vert førte under kapitlet for driftsinntekter og -utgifter for Statens direkte økonomiske engasjement (kap. 5440, post 24). I 2002 utgjorde netto overskotsavtaler følgjande (i tusen kroner):

Inntekter476
- utgifter0
= Netto476

Dette talet utgjer i 2002 summen av desse postane (tal i tusen kroner):

Renteinntekter18 705 159
Utbyte4 428 514
Kurtasje-877
Forvaltningsgodtgjering-559 835
Sum22 572 961
KapPostTekst20012002
MEMO:
Overskot260 056 277138 400 528
Resultat sal av Statoilaksjar m.v.14 190 6180
Valutakursvinst-16 242 683-104 109 677
Urealiserte verdipapirvinstar/tap-19 308 721-27 071 528
Realiserte verdipapirvinstar-4 190 744-19 934 100
Resultat terminhandel valuta1 4774 681
Resultat futures-kontraktar- 1 816 099-2 032 369
= Overskot inkl. omvurderingar232 690 125- 14 742 465
Inngåande saldo386 645 429619 335 554
Saldo i Statens petroleumsfond per 31.12.619 335 554604 593 089<"Note Idn=2>1)

1)Saldoen er 1 mill. kroner høgare enn det som kjem fram under tabell 6.1. Dette kjem av avrundingar.

Fotnoter

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.

2.

I berekninga av realavkastinga har Noregs Bank deflatert med ein vekta sum av konsumprisauken i dei landa som var i fondet sin referanseportefølje i 2002.

Til forsiden