St.meld. nr. 3 (2002-2003)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

5 Kapitalrekneskapen, kommentarar til finanspostar

Kapitalrekneskapen er eit oversyn med hovudvekt på staten sine finansielle eignelutar og gjeld. Dei viktigaste eignelutane er i spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir og kapital i staten sine sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemda er realkapital likevel ein del av balansen som syner eignelutar, eigenkapital og gjeld. Sjå vedlegg 5 der balansar er presentert for forretningsverksemdene.

I dette kapitlet er det gjeve ein omtale av staten sine finansielle eignelutar og gjeld.

5.1 Finansinntekter og finansutgifter

Renteinntektene vart om lag 15,6 mrd. kroner i 2002 og renteutgiftene vart vel 17,2 mrd. kroner. Netto renteutgifter vart vel 1,6 mrd. kroner.

Tabell 5.1 Renter (tal i mill. kroner)

  200020012002
1. Renteinntekter i alt14 76318 35615 578
Renter frå statsbankane9 83311 12211 963
Renter av kapital i statens forretningsverksemd9193104
Renter av innskot og andre krav3 8105 8522 773
Renter av lån til statsføretak31529285
Renter av lån til særlovselskap24329217
Renter av lån til aksjeselskap425665573
Renter frå folketrygda464064
Andre renteinntekter--
2. Renteutgifter i alt15 40218 21117 231
Av innanlandsk statsgjeld 1)14 97917 52116 908
Av utanlandsk statsgjeld423690323
Netto renteinntekter/ renteutgifter- 639145-1 653

1)Renteutgifter for innanlandsk statsgjeld omfattar både kontogruppe 80 og 81.

5.2 Garantiar

Staten hadde eit samla garantiansvar ved utgangen av 2002 på 52,4 mrd. kroner.

Tabell 5.2 Samla garantiansvar og garantiutbetalingar for staten per 31.12.2002 (tal i 1000 kroner)

  Garantiansvar per 31.12.2001Garantiansvar per 31.12.2002
Utanriksdepartementet31 20029 800
Kommunal- og regionaldepartementet22 876 45717 550 520
Helsedepartementet155 18369 254
Nærings- og handelsdepartementet24 000 93525 125 310
Landbruksdepartementet6 8875 625
Samferdsledepartementet1 308 6541 328 360
Miljøverndepartementet164 460110 857
Finansdepartementet8 596 8568 145 901
Olje- og energidepartementet1 9801 285
Sum57 142 61252 366 912

5.3 Balansekonto med noter

Staten sine eignelutar gjekk ned 6,9 mrd. kroner i 2002, frå 1 170,1 mrd. kroner til 1 163,2 mrd. kroner. Nedgangen må i hovudsak tilskrivast nedgang i verdien på Statens petroleumsfond. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedanfor.

Tabell 5.3 Eignelutar og gjeld (tal i mill. kroner)

TekstNote20012002Endring
Eignelutar
60. Bank174 64652 491-22 154
61. Spesielle fond og forsikringar2652 859638 758-14 101
62. Verdipapir inkl. kapital i statens sjølvstendige verksemder369 20271 8982 696
63. Utlån og uteståande fordringar4203 137215 56512 428
64. Ordinære fond515 04433 73218 688
65. Forskot69161 017101
66. Kapital i statsbankane73 3853 371-14
68. Fast kapital i statsverksemdene8152 691145 265-7 426
70-73. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar9- 3 310-3 349-39
76. Valutabyte10117-431-548
77. Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs112 0444 5802 536
78. Valutakursregulering, statens utanlandsgjeld12- 654255909
1 170 0771 163 152-6 924
Gjeld
80. Statsgjelda13278 692291 03912 347
81. Kontolån frå ordinære fond1417 29138 55321 262
82. Verksemder med særskilde fullmakter153 8804 840960
84. Deposita og avsettingar1620 9078 678-12 230
87. Overførte unytta løyvingar179 4267 069-2 356
99. Avslutningskonto18839 881812 973-26 908
1 170 0771 163 152-6 924

Noter til tabell 5.3:

Note 1.

Staten sin kontantbehaldning var 22,1 mrd. kroner lågare ved utgangen av 2002.

Note 2.

Nedgangen på 14,1 mrd. kroner kjem i hovudsak av nedgang i bokført verdi i Statens petroleumsfond på 14,7 mrd. kroner jf. kap. 6 i denne meldinga. Andre fond i kontogruppa syner ein auke på 0,6 mrd. kroner. Kapitalen i Statens banksikringsfond på 80,2 mill. kroner vart innløyst i 2002. Ansvaret for Statens bankinvesteringsfond vart i 2002 flytt frå Finansdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet og kapitalen på 8,7 mrd. kroner i fondet er no registrert på Nærings- og handelsdepartementet sin konto i kapitalrekneskapen.

Note 3.

Auken er på 2,7 mrd. kroner netto, fordelt med 10,0 mrd. kroner i auka behaldning av aksjar og ein nedgang på 7,4 mrd. kroner i kapital i statsføretak og selskap med særskilde fullmakter. Auka verdi av aksjar kjem av aktivering av aksjar under Samferdsledepartementet for Posten Noreg AS med 4,1 mrd. kroner og NSB AS med 6,0 mrd. kroner. Samstundes vart aktivert kapital for desse selskapa under statsføretak og selskap med særskilde fullmakter, redusert. Det har skjedd ei overføring av aksjar frå andre departement til Nærings- og handelsdepartementet verdt 1,9 mrd. kroner. Dette gjeld mellom anna Entra Eiendom AS, Bane Tele AS og SAS AB. Det har òg skjedd ei overføring av kapital i statsføretak frå andre departement til Nærings- og handelsdepartementet. Dette gjeld statsføretaka Statkraft SF frå Olje og energidepartementet og SIVA SF frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Note 4.

Auken er på 12,4 mrd. kroner. Av dette er 3,5 mrd. kroner auka utlån for Statens lånekasse, 6,3 mrd. kroner auka utlån for Husbanken og 3,6 mrd. kroner auka utlån til tilsette i staten gjennom Statens pensjonskasse. Det er òg aktivert 0,772 mrd. kroner i utlån til helseføretaka. Lån til Oslo lufthavn er redusert med 0,4 mrd. kroner og utlån til særlovsselskap under Samferdsledepartementet er redusert med 0,4 mrd. kroner ved omdanning av Posten Noreg til aksjeselskap. Lån til Statnett og Statkraft er redusert med til saman 0,8 mrd. kroner.

Note 5.

Auken er på 18,7 mrd. kroner. Av dette utgjer 17,7 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping. Niels Henrik Abels minnefond er etablert med 0,2 mrd. kroner, Konverteringsfondet i Statens lånekasse med 0,35 mrd. kroner og Norsk kulturminnefond med 0,2 mrd. kroner. Kontogruppe 64 Ordinære fond og 81 Kontolån frå ordinære fond må sjåast i samanheng, då kapital som fonda har ståande i Noregs Bank òg er ført opp som kontolån til staten.

Note 6.

Auken er på 0,1 mrd. kroner som i hovudsak gjeld forskot under Samferdsledepartementet for Statens vegvesen og Jernbaneverket.

Note 7.

Nedgangen i fast kapital på 14 mill. kroner kjem av nedgang i Statens miljøfond med 8 mill. kroner og risikofondet i Husbanken med 6 mill. kroner.

Note 8.

Nedgangen på 7,4 mrd. kroner kjem i hovudsak av bokført verdi ved sal av SDØE-eigedelar under kap. 5440.31. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

Note 9.

Nedgangen i mellomvære med statskassa er 39 mill. kroner. Av dette er 9,5 mill. kroner postert mot konto for forskyvingar i balansen, jf. fullmakt frå Stortinget til å postere differansar i rekneskapen mot konto for forskyvingar i balansen.

Note 10.

Som følgje av valutabyteavtalene er valutabytekontoen gått ned med 0,55 mrd. kroner. Sjå òg tabell 3.3 og 3.4 i vedlegg 3.

Note 11.

Som følgje av over/underkurs på statsobligasjonslån, er bokført verdi auka med 2,5 mrd. kroner.

Note 12.

Som følgje av valutakursregulering av utanlandsgjelda, er utanlandsgjelda målt i norske kroner gått ned med 0,9 mrd. kroner.

Note 13.

Statsgjelda er auka med 12,3 mrd. kroner i 2002. Sjå tabell 3.5 i vedlegg 3 for nærare spesifikasjon av endring i statsgjelda.

Note 14.

Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa. Dei fonda der staten utover å kunne nytta likviditeten i fonda òg eig fondskapitalen, er også aktivert i kontogruppe 64 Ordinære fond. Auken for 2002 er på 21,3 mrd. kroner. Av dette utgjer 17,7 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping. Gjeldsbrevordninga i Utanriksdepartementet er etablert som fondsordning frå 2002 med 2,2 mrd. kroner, Niels Henrik Abels minnefond er etablert med 0,2 mrd. kroner, Konverteringsfondet i Statens lånekasse med 0,35 mrd. kroner og Norsk kulturminnefond med 0,2 mrd. kroner. Kontogruppe 81 omhandla tidlegare også fleire offentlege fond som var plassert under forvaltning av Finansdepartementet. Disse fonda er overført til dei einskilde departementa. I 2002 vart det siste fondet i denne gruppa avslutta. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

Note 15.

Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å bruttoføre utgifter og inntekter utanfor statsrekneskapen. Verksemdene sine likvide midlar er plasserte i Noregs Bank. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

Note 16.

Deposita og avsetjingar syner ein nedgang på 12,2 mrd. kroner. Av dette er det vesentligaste avsetjinga til Statens petroleumsfond som har gått ned med 9,9 mrd. kroner og gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet med 2,7 mrd. kroner som er flytt til kontogruppe 81 Kontolån for ordinære fond.

Note 17.

Unytta løyvingar som vert overført til neste budsjettår vert registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane til 2003 er 2,356 mrd. kroner lågare enn overført løyving frå 2001. I talet er overførte løyvingar på 90-post (lånetransaksjonar) med og talet ligg derfor noko høgare enn nedgangen i overførte løyvingar som er omtalt i kapittel 1.

Note 18.

Avslutningskontoen med staten sin eigenkapital vart redusert i 2002 med 26,9 mrd. kroner frå 839,9 mrd. kroner til 812,9 mrd. kroner, jf. note 1-17 ovanfor. Sjå òg tabell 1.11 i vedlegg 1.

5.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Følgjande hovudprinsipp ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Staten sin løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i tråd med Stortinget sitt løyvingsvedtak.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Oversyn over tilsegnsfullmakter og tingingsfullmakter utover 31. desember vert presenert som informasjon i statsrekneskapen.

  • Løyvingsrekneskapen følgjer den inndelinga som Stortinget har fastsett i vedtatt budsjett og vert sett opp fullstendig etter denne.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien vert sett til historisk nyskaffingsverdi på transaksjonstidspunktet med unntak for Statens petroleumsfond.

  • Transaksjonar på post 90, lån, tilbakebetalingar m.v. i løyvingsrekneskapen vert ført i Staten sin kapitalrekneskap som auke/nedgang i staten sine eignelutar og gjeld.

  • Statsrekneskapen vert sett opp basert på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterar til statsrekneskapen og rapportering frå det einskilde departementet. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sitt mellomvære med statskassa er stadfesta av det einskilde departement.

  • Rapporterte betalingar over verksemdas bankkonto er avstemt mot staten sitt konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Staten sin løyvingsrekneskap vert gjort opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3 i kap. 1. Brutto finansieringsbehov vert sikra ved låneopptak og ved trekk på kontantbehaldninga i Noregs Bank, jf. løyvingsrekneskapen sitt kapittel 5999. Finansieringsbehovet vert ført mot staten sin eigenkapital, jf. avslutningskontoen i kapitalrekneskapen.

Til forsiden