St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

12 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei gjennomgåande verkemidla i den nye språk­politikken som blir skissert i denne meldinga, vil vera av informativ, rådgjevande, organisatorisk og prosessuell karakter.

Innanfor det statlege forvaltningsapparatet dreier det som om å innarbeida større merksemd og medvit om språkpolitiske omsyn, slik at desse blir fanga opp og tekne med i vurderinga i relevante saker og prosessar.

Føresetnaden for den nye politikken er at Kultur- og kyrkjedepartementet på ein tydelegare måte enn til no definerer eit overordna språkpolitisk fagansvar og fremjar språkpolitiske omsyn.

Det meir detaljerte og operative fagansvaret vil liggja til Språkrådet, statens fagorgan i språkspørsmål. Språkrådet skal ha ei nøkkelrolle i det informative og rådgjevande arbeidet.

Den heilskaplege og sektorovergripande språkpolitikken som denne meldinga legg grunnlaget for, byggjer difor på den føresetnaden at Språkrådet blir tilført både nye ressursar og ny kompetanse. Dette er nødvendig for at institusjonen skal kunna vareta både nye og utvida oppgåver.

Desse og enkelte andre ressursbehov på Kultur- og kyrkjedepartementet sitt område vil vera av avgrensa omfang.

Det må likevel takast atterhald om kor raskt ulike tiltak av denne karakter kan gjennomførast. Dette vil på vanleg måte bli vurdert i dei ordinære budsjettførebuingane.

Det same gjeld det einaste større enkelttiltaket som blir foreslått i denne meldinga, nemlig etableringa av ein norsk språkbank. Men oppbygginga av den språkteknologiske infrastrukturen det her er tale om, vil etter føresetnaden skje over fleire år, og dette vil gjera det lettare å løysa denne oppgåva innanfor tilgjengelege budsjettrammer.

Jamvel om ein språkbank må byggjast opp til eit visst nivå for å vera eit meiningsfullt tiltak, kan prosjektet likevel realiserast på ulike ambisjonsnivå. Prosjektet vil dermed kunna tilpassast ulike ressursrammer.

Eit viktig element i den nye språkpolitikken vil elles vera utarbeiding av ei overordna språklov og enkelte andre lovendringar.

Dette vil likevel ikkje ha eit innhald som fører med seg nemneverdige nye økonomiske utteljingar utover det som følgjer av gjeldande lovgjeving. Til dels vil det også kunna bli tale om administrative forenklingar. Eventuelle kostnader eller administrative konsekvensar elles vil bli vurderte som ledd i det vidare arbeidet.

Det er i alle høve føresetnaden at alle tiltak som er varsla i denne meldinga, skal kunna dekkjast innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene.

Til forsida