St.meld. nr. 40 (2000-2001)

Om ILOs 88. internasjonale arbeidskonferanse i Geneve, 31. mai - 15. juni 2000

Til innhaldsliste

1 Arbeidskonferansen, mai-juni 2000

Innleiing

Departementet legg med dette fram ei melding om ILOs 88. internasjonale arbeidskonferanse i Geneve, 31. mai - 15. juni 2000 og om Noregs stilling til konvensjon nr. 183 om mødrevern i arbeidslivet, som blei vedteken på konferansen.

Saklista for konferansen, kven som var med i den norske delegasjonen og korleis desse blei fordelte på komiteane, går fram av rapporten frå den norske statlege delegasjonen (vedlegg 1). Rapporten gir eit oversyn over behandlinga av sakene og vedtaka som blei gjort.

Mødrevern i arbeidslivet

I år vedtok konferansen ein ny konvensjon og ei tilråding om mødrevern i arbeidslivet.

Generaldebatten

Mange ministrar frå medlemsstatane i ILO deltok som vanleg i denne debatten.

Statssekretær Sverre Bugge heldt det norske hovudinnlegget i generaldebatten om «Den globale rapport». Førstesekretær Evy Buverud Pedersen, LO, deltok med eit innlegg i samband med drøftingane av rapporten frå Generaldirektøren.

Menneskerettar

Konferansen vedtok ein særskild resolusjon som sterkt fordømmer Myanmar (Burma) for grove brot på dei mest grunnleggjande prinsippa som organisasjonen står for.

Sudan blei ført opp under ein særskild paragraf for grove brot på konvensjon nr. 29 om tvangsarbeid.

Kamerun blei ført opp under ein særskild paragraf for grove brot på konvensjon nr. 87 om foreiningsfridom og vern av organisasjonsretten.

Venezuela vart òg kritisert for grove brot på konvensjon nr. 87.

HIV/AIDS og arbeidslivet, utvikling av menneskelege ressursar og tryggleik og helse i jordbruket

Konferansen vedtok også ein særskild resolusjon om HIV/AIDS og arbeidslivet.

Det blei vidare vedteke særskilde konklusjonar om utvikling av menneskelege ressursar, opplæring og utvikling.

Konferansen behandla eit utkast til ein ny konvensjon og ei tilråding om tryggleik og helse i jordbruket for første gong. Dei skal behandlast ferdig på ILOs arbeidskonforanse i juni 2001.

Besøk av statsoverhovud

Presidentane Sam Nujoma, Namibia, og Jorge Fernando Blanco de Sampaijo, Portugal, var i år særskilt inviterte til konferansen, og dei heldt kvart sitt innlegg i plenum.