St.meld. nr. 43 (1997-98)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg 1997

Til innholdsfortegnelse

2 Regelverket for eksportkontroll

Utanriksdepartementet har ansvaret for kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer 1

, teknologi og tenester, som det utøver på grunnlag av ei eiga eksportkontrollov, forskrifter, retningslinjer og varelister. Forsvarsprodukta som er omfatta av denne meldinga er spesifiserte i Liste I (vedlegg 2). Fleirbruksvarer er spesifiserte i Liste II.

Utførsle av varer og teknologi som er spesifisert i varelistene, krev utførslelisens frå Utanriksdepartementet. For tenester i tilknyting til varelista krevst skriftleg løyve.

Lovgrunnlaget

Utøvinga av eksportkontrollen skjer på grunnlag av Lov av 18. desember 1987 nr. 93 om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v. Denne lova dekkjer all eksportregulering på det strategiske området ved at varer og teknologi som kan vere viktige for andre lands utvikling, produksjon eller bruk av produkt til militære føremål, eller som direkte kan tene til å utvikle eit lands militære evne, ikkje må utførast frå norsk tollområde utan særskilt løyve. Dei aktuelle varene og teknologislaga er omtala i varelistene (Liste I for forsvarsmateriell og Liste II for fleirbruksvarer).

Lova set òg forbod mot at personar som bur eller har opphald i Noreg og norske verksemder, stiftingar og samanslutningar utan løyve driv handel med, formidlar eller på annan måte medverkar ved sal av forsvarsmateriell frå eit framandt land til eit anna.

Departementet har eit lovheimla krav på å få framlagt alle opplysningar som vert rekna som nødvendige for å kunne behandle ein søknad om eksportlisens. Ein slik rett til innhenting av informasjon har sitt motstykke i føresegner om teieplikt i lova.

Dersom tilhøvet ikkje vert ramma av strengare straffebod, vert brot på eksportkontrollova straffa med bøter eller fengsel inntil fem år eller begge delar. Dersom lova er broten av ein som handla på vegner av eit selskap med avgrensa ansvar, eit kommandittselskap eller anna samanslutning eller ei stifting, kan føretaket bøteleggjast. Det føretaket som gjerningsmannen har handla på vegner av, kan frådømmast retten til å drive næringsverksemd. Foreldingsfristen for dei nemnde forholda er 10 år.

Det er utferda to forskrifter i medhald av denne lova: Forskrift av 10. januar 1989 gjev nærare reglar om gjennomføringa av eksportreguleringa, og Forskrift av 10. mars 1989 med tillegg av 28. februar 1992 gjev nærare reglar om eksport av tungtvatn.

Lova og forskriftene var tekne med i St meld nr 57 (1996-97) om eksporten av forsvarsmateriell i 1996.

For gjennomføring av bindande vedtak i Tryggingsrådet i FN om fullstendig eller delvis handelsembargo mot visse land vert det utferda forskrifter med heimel i Lov av 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd. På denne måten vert vedtak i Tryggingsrådet gjorde til norsk rett.

Varelistene. Anna lisensplikt. Særlege unntak.

Varer som krev utførslelisens frå Utanriksdepartementet er spesifiserte i to varelister.

Liste I omfattar våpen, ammunisjon og anna militært materiell med tilhøyrande teknologi (vedlegg 2). Lista er ei nasjonal kontrolliste. Løyve til eksport av produkt på Liste I vert gjeve i samsvar med regjeringserklæring og stortingsvedtak av 11. mars 1959 og Utenriksdepartementets retningslinjer for behandling av søknader om eksport av våpen, militært materiell, samt teknologi og tenester for militære formål av 28. februar 1992.

Liste II omfattar sivile produkt og teknologi av strategisk verdi, som også kan ha stor militær verdi (fleirbruksvarer). Den norske varelista for fleirbruksvarer, Liste II, er i samsvar med EUs fleirbruksliste, som igjen er ei samanstilling av kontrollistene for dei internasjonale eksportkontrollregima.

Berre varer som er spesifiserte i Liste I, med tilhøyrande teknologi, er omfatta av tabellane i pkt. 7 i denne meldinga.

I tillegg til lisensplikta for varer, teknologi og tenester omtala i varelistene som er nemnde ovanfor, er det etablert reglar i forskriftene som i spesielle situasjonar tek sikte på å fange opp varer som ikkje er spesifiserte i varelistene. Det finst to såkalla «altomfattande» klausular:

  • Når det gjeld utførsle til militær bruk til område der det er krig eller krig trugar eller til land der det er borgarkrig, er alle varer, ytingar og tenester lisenspliktige sjølv om dei ikkje er omfatta av listene.

  • Det er lisensplikt for alle varer sjølv om dei ikkje er omfatta av Utanriksdepartementet sine lister i tilfelle der eksportøren er kjend med at vara er tenkt til eller vil bli brukt i samband med utvikling, produksjon, vedlikehald, lagring, deteksjon, identifikasjon eller destruksjon av kjernevåpen, kjemiske eller biologiske våpen. Tilsvarande reglar gjeld i samband med utvikling, produksjon, vedlikehald eller lagring av missilar som kan levere slike våpen.

Spesielle unntak frå den allmenne lisensplikta ved utførsle av forsvarsmateriell:

  • Forsvarsdepartementet kan utføre eige militært materiell til land tilslutta NATO utan framlegging av utførslelisens. Det er likevel eit vilkår at det ved kvar sending vert lagt fram erklæring for Tollvesenet frå Forsvarsdepartementet som stadfester at sendinga går til eit land tilslutta NATO.

  • Eige flymateriell som Luftforsvarets Forsyningskommando sender til land tilslutta NATO for reparasjon, kan utførast utan lisens.

  • Militært materiell som tilhøyrer amerikanske styresmakter, kan utførast utan framlegging av utførslelisens eller utførsledeklarasjon. For kvar sending skal det leggjast fram ei erklæring frå Forsvarsdepartementet om at sendinga omfattar militært materiell tilhøyrande amerikanske styresmakter.

Utanriksdepartementets retningslinjer

Utenriksdepartementets retningslinjer for behandling av søknader om eksport av våpen, militært materiell, samt teknologi og tjenester for militære formål (vedlegg 1) vart offentleggjorde 28. februar 1992 for å gjere det lettare for norske eksportørar å vurdere utsiktene for utførsleløyve.

Retningslinjene fastset kva prinsipp som skal leggjast til grunn når Utanriksdepartementet behandlar søknader om eksport av forsvarsmateriell med heimel i eksportkontrollova og forskriftene. I tillegg til det politiske utgangspunktet i regjeringerklæringa og stortingsvedtaket av 11. mars 1959, gjer retningslinjene greie for grupper av land som kan motta, eller som er avskorne frå å motta forsvarsmateriell frå Noreg i ulike varekategoriar (kategori A-materiell er våpen og ammunisjon, kategori B-materiell er anna militært materiell). Vidare vert det omtala prinsipp for behandling av søknader om løyve til eksport i samband med samarbeids- og utviklingsprosjekt, varer med sjølvstendig funksjon, teknologi, del-leveransar og tenesteytingar. Til slutt vert det gjort greie for aktuelle prosedyrereglar i samband med lisensieringa, mellom anna behandlingsfristar og tekniske og politiske vurderingar frå andre relevante styresmakter.

Fotnoter

1.

Fleirbruksvarer er varer som er konstruerte for sivile føremål, men som også kan ha viktige militære bruksområde. Eit eksempel på slike varer er svært avanserte datamaskiner.