St.meld. nr. 43 (1997-98)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg 1997

Til innholdsfortegnelse

4 Internasjonalt samarbeid på eksportkontrollområdet

Eksportkontrollen som vert utøvd i Noreg byggjer i en viss grad på det internasjonale samarbeidet på dette området og på dei plikter det inneber for deltakarlanda. Dei fleste industriland, inkludert Noreg, deltek i samarbeidet. Det internasjonale samarbeidet er vorte intensivert dei siste åra. Dette har samanheng med at eksportkontroll er vorte eit stadig viktigare element i ikkje-spreiingssamanheng og har politisk prioritet i industrilanda. Nokre av dei multilaterale eksportkontrollregima baserer seg på traktatar som har som føremål å avgrense bruken av eller forby ulike typar våpen: Traktaten om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT), Kjemivåpenkonvensjonen (CWC) og Konvensjonen om biologiske våpen (BWC). I motsetnad til traktatfesta plikter er det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet ikkje juridisk, men politisk bindande. Ved medlemskap i eit eksportkontrollregime vert det føresett at deltakarane gjennomfører dei vedtak som blir fatta gjennom tilpassing av nasjonale lover og reglar.

Det er etablert følgjande eksportkontrollregime: Australiagruppa (AG), Regimet for eksportkontroll av missilteknologi (MTCR), Nuclear Suppliers Group (NSG), Zangger-komiteen og Wassenaar-samarbeidet (The Wassenaar Arrangement, WA). Fellestrekk for dei internasjonale eksportkontrollregima er at dei er baserte på lister over produkt som er underlagde eksportkontroll, dei har felles krav til effektiv nasjonal eksportkontroll og baserer samarbeidet på ei omfattande informasjonsutveksling.

Varelistene inneheld i hovudsak fleirbruksvarer som kan nyttast i framstilling av våpen, men MTCR, NSG og WA har ei avgrensa liste over forsvarsmateriell. I det norske eksportkontrollsystemet er dette forsvarsmateriellet spesifisert på Liste I. Det er mellom 30 og 35 deltakarland i dei ulike regima, og blant desse finn ein dei store industrilanda. Føremålet er gjennom internasjonalt samarbeid å hindre spreiing av kjemiske og biologiske våpen (AG), kjernefysiske våpen (NSG og Zangger-komiteen) og missilar (leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen) (MTCR). Eit oversyn over deltakarlanda i dei ulike regima er vedlagd (vedlegg 3).

Frå norsk side støttar ein ei utviding av samarbeidet med sikte på opnare tilhøve rundt eksportkontroll og ikkje-spreiing som går føre seg i dei ulike regima. AG, MTCR og NSG har teke initiativ til ein dialog om desse spørsmåla med ikkje-medlemer, og arrangerer internasjonale seminar for å medverke til auka bevisstgjering om kva eksportkontroll har å seie for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Frå norsk side har ein ytt tosidig hjelp til nokre tidlegare SUS-statar og fleire sentral- og austeuropeiske land med å etablere høveleg lovgjeving og utvikle effektive system for gjennomføring av eksportkontroll og ikkje-spreiing, og dessutan medverka økonomisk til at representantar frå desse landa kan delta på internasjonale møte om eksportkontroll.

Når det gjeld eksport av fleirbruksvarer, krevst det òg tilfredsstillande dokumentasjon før det vert gjeve utførslelisens. Dokumentasjons- og sluttbrukarkontroll for fleirbruksvarer kan vere meir komplisert enn ved eksport av forsvarsmateriell, då det kan vere tvil om korleis vara til slutt vil verta brukt hos mottakaren. Fleire av dei internasjonale eksportkontrollregima drøftar no dokumentasjonskrav og sluttbrukarkontroll for fleirbruksvarer. Frå norsk side støtter ein desse initiativa, som medverkar til å etablere felles standardar for kontroll hos deltakarane i regima.

Wassenaar-samarbeidet

Wassenaar-samarbeidet (WA) kontrollerer eksport av konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi (fleirbruksvarer) og trådde i kraft 1. november 1996. WA har 33 medlemsland. Det er oppretta eit eige sekretariat i Wien.

Det er utarbeidd retningslinjer og varelister for å ta hand om eksportkontroll med konvensjonelle våpen og fleirbruksvarer som spelar ei rolle for utvikling, produksjon og bruk av slike våpen. Eit grunnlagsdokument fastset retningslinjer for arbeidet i WA i ein innleiande fase. Grunnlagsdokumentet etablerer omfattande prosedyrar for informasjonsutveksling mellom deltakarlanda om eksportkontrollpraksisen deira. Målet er å hindre at det blir bygd opp destabilisarende slagkraft i eit område. I tillegg til rapportering om faktisk eksport og lisensavslag vert det utveksla opplysningar om konkrete land eller område som det knyter seg særleg uro til i desse spørsmåla. I 1997 vart det m.a. utveksla informasjon om Afghanistan og Sentral-Afrika. Alle deltakarland har erklært at ein ikkje eksporterer våpen til desse områda. Også leveransar og omsetnad av handvåpen i desse områda, og dei konsekvensane slikt utstyr har i ei rekkje regionale konfliktar, har vore tema i diskusjonane. Informasjonsutvekslinga om land og regionar vil verta ført vidare.

Frå norsk side støttar ein utviding av informasjonsutvekslinga og arbeider aktivt for større innsyn på dette området. Det ligg føre framlegg om å utvide rapporteringsplikta til å gjelde fleire kategoriar våpen og militært materiell og særleg sensitive fleirbruksvarer enn det ein har i dag. Noreg er blant dei landa som vil delta i ei frivillig ordning med utvida rapportering basert på desse forslaga og arbeide for å oppnå konsensus om rapporteringsplikt for alle deltakarane i WA.

Zangger-komiteen vart nedsett i 1971 for å sikre ei mest mogeleg lik forståing av dei generelle føresegnene om eksportkontroll i ikkje-spreiingsavtalen (NPT). Kina vart i 1997 medlem i Zangger-komiteen, og det er knytt stor forventning til om landet også vil søkje medlemsskap i NSG. Dette vil i tilfelle vere endå eit viktig politisk steg i retning av ikkje-spreiing av kjernevåpen, kjernefysisk materiale og tilknytt teknologi.

Kjemivåpenkonvensjonen (CWC).

Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen og om destruksjon av slike våpen vart ratifisert av Noreg i april 1994 og trådde i kraft 29. april 1997. Ved utgangen av 1997 hadde 106 land ratifisert konvensjonen, medan ytterlegare 62 land hadde underteikna, men ikkje ratifisert. Den internasjonale organisasjonen for gjennomføring av konvensjonen, Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons (OPCW), har sete i Haag.

Kjemivåpenkonvensjonen inneheld omfattande forpliktande føresegner om korleis visse kjemikaliar skal kontrollerast og spreiing avgrensast gjennom nasjonal lovgjeving og andre kontrolltiltak. I Noreg er Utanriksdepartementet ansvarleg styresmakt for gjennomføringa av konvensjonen, som også omfattar innhenting av informasjon om all befatning med kjemikaliar som er omhandla i konvensjonen. Denne informasjonen dannar grunnlaget for ein årleg nasjonal deklarasjon til OPCW om produksjon, forbruk, import og eksport av spesifiserte kjemikaliar som kan nyttast til framstilling av kjemiske stridsmiddel, men som også har vesentlege sivile bruksområde. Gjennom omfattande og systematisk kontakt med norsk kjemisk industri og næringsliv har Utanriksdepartementet informert om gjeldande eksportkontrollreglar og varelister i tilknyting til konvensjonen.

Noreg var eitt av dei første landa der det vart gjennomført inspeksjon frå OPCW i juli 1997. Inspeksjonen gjekk utan vanskar, og viste at ein frå norsk side var godt førebudd på å ta imot inspeksjon då konvensjonen trådde i kraft. Noreg har sidan 1997 delteke aktivt i OPCW som medlem av det regulære styringsorganet for organisasjonen, Eksekutivrådet. Noreg var òg blant dei første til å yte tilskot til OPCWs stønadsfond til vern mot kjemiske våpen. I 1998 vil det vere spesielt viktig for OPCW å gjennomføre det omfattande verifikasjonsregimet for konvensjonen og sikre at alle medlemslanda deklarerer dei opplysningane som konvensjonen krev om kva kjemiske våpen dei rår over og anna befatning med kjemikaliar som kjem inn under konvensjonen.

Internasjonal åtferdskodeks

Etter eit fransk/britisk initiativ arbeider EU med å utvikle ein åtferdskodeks («Code of Conduct») for våpenhandel. Drøftingane tek utgangspunkt i den såkalla Luxembourg-erklæringa som stilte opp åtte felles kriterium som det er meininga at EU-landa skal basere seg på ved eksport av våpen. Desse punkta er svært generelt utforma, t.d. at internasjonale ikkje-spreiingskrav skal etterlevast, at det skal fokuserast på respekten for menneskerettane og den innanrikspolitiske situasjonen i mottakarlandet, at regional fred, tryggleik og stabilitet skal vurderast, og at det skal leggjast vekt på mottakarlandet si haldning til terrorisme og respekt for internasjonale lover og normer. Den føreslegne åtferdskodeksen tek sikte på å presisere og byggje ut dei åtte kriteria. Frå norsk side følgjer ein diskusjonen med interesse, og vil nøye vurdere verknaden for norsk praksis ved eksport av forsvarsmateriell dersom EU vedtek den føreslegne åtferdskodeksen.

FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar

Generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane vedtok i desember 1991 ein resolusjon som oppmoda medlemslanda om frå og med 1992 å rapportere årleg om sin eksport og import av tyngre konvensjonelle våpen til eit FN-register over slike våpenoverføringar. Registeret skal innehalde opplysningar om følgjande sju våpenkategoriar: stridsvogner, pansra stridskøyrety, tungt artilleri, jagarfly, angrepshelikopter, krigsskip og missilar/missilplattformer.

Noreg deltek i svært lite omfang i verdshandelen med tyngre våpen. For 1997 rapporterte Noreg til FN-registeret at det ikkje var eksportert våpen i nokon av dei sju kategoriane frå Noreg, medan det var importert 58 AMRAAM-missilar og seks 227 mm artelleri-systemar frå USA og 468 MLRS AT-2 missilar frå Tyskland, forutan nokre pansra personnellkjøyrety for innsats i teneste i Bosnia. Frå norsk side støttar ein dei initiativ som er tekne for å utvide FN-registeret til å omfatte fleire våpenkategoriar.

Internasjonale våpenembargoar

Vedtak i Tryggingsrådet i FN om heilt eller delvis å innføre handelssanksjonar mot eit land er bindande for medlemslanda. Pr. 31. desember 1997 er det utarbeidd norske forskrifter basert på sanksjonsvedtak i Tryggingsrådet om hel eller delvis handelsembargo for følgjande land: Irak, Somalia, Libya, Liberia, Angola, Den føderale republikken Jugoslavia og Sierra Leone. I tillegg respekterer Noreg krava som følgjer av våpenembargoar som OSSE har sett i verk, og likeins dei EU-vedtak som Noreg har slutta seg til.