St.meld. nr. 43 (1997-98)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg 1997

Til innholdsfortegnelse

5 Norsk forsvarsindustri og internasjonalt industrisamarbeid

Forsvarsbudsjetta er reduserte i alle allierte og nærståande land de siste åra, og som ein konsekvens av dette er marknadene for materiell blitt mindre. Samtidig har den teknologiske utviklinga gjort materiellet dyrare å utvikle, og nærare samarbeid om utvikling og produksjon av nytt materiell er blitt nødvendig. For å overleve må norsk forsvarsindustri delta i internasjonalt samarbeid og vere konkurransedyktig i marknaden både nasjonalt og internasjonalt. Rammevilkåra for eksport av norsk forsvarsmateriell spelar òg inn her. Ein viser elles til St. prp. nr. 59 av 8. mai 1998 frå Forsvarsdepartementet.

Norsk forsvarsindustri er relativt nisjeprega, med høg kompetanse og avansert produksjonskapasitet innanfor visse område, m.a. kommunikasjons- , kontroll- og informasjonssystem, missilteknologi, krut og høgeksplosivt sprengstoff. På slike område vert norske bedrifter rekna som interessante samarbeidspartnarar. Noreg deltek difor aktivt i internasjonalt samarbeid på forsvarsmateriellsektoren, i første rekkje innanfor NATO og med andre nærståande land.

Norske produsentar av forsvarsmateriell utviklar og produserer også sivile produkt. Ved å delta i internasjonale samarbeidsprosjekt om utvikling av forsvarsmateriell får norsk industri tilgjenge til ny teknologi som kjem sivil industri og produktutvikling til gode. Deltaking i samarbeid om utvikling av forsvarsmateriell medverkar til at ein kan oppretthalde høg teknisk kompetanse, både for militære og sivile produkt. For norsk industri er potensialet størst innanfor IT/kommunikasjons- og materialteknologi, og på utvikling av systemkompetanse som er ein føresetnad for vekst i industrien. Både frå eit tryggingspolitisk og eit næringspolitisk synspunkt ser Regjeringa det som eit mål å halde oppe den avgrensa produksjonen Noreg har av forsvarsmateriell i dag. Omsynet til arbeidsplassane som forsvarsindustrien representerer, i tillegg til den sivile verksemda som oppstår i kjølvatnet av denne, er òg viktig.

Det norske forsvaret kjøper omlag. 50 prosent av materiellet sitt frå norsk industri, resten vert importert. Det er eit overordna mål at norsk industri skal kunne stå for ein størst mogeleg del av framtidige leveransar til det norske forsvaret. Regelverket for innkjøp av forsvarsmateriell frå utanlandske leverandørar føreset gjenkjøp dersom innkjøpet overstig 50 millionar kroner. Gjenkjøpskravet er eit viktig næringspolitisk verkemiddel ved at det er med på å skaffe norsk forsvarsindustri innpass i ein marknad som er dominert av nasjonale preferansar ved kjøp av materiell.

Marknadsføring av forsvarsmateriell er eit langsiktig arbeid. Regelverket stiller ikkje krav om innhenting av løyve frå Utanriksdepartementet for marknadsføring. Men slike framstøytar er ofte så ressurskrevjande at bedriftene vel å søkje om førehandstilsegn ved større engasjement. Utanriksdepartementet behandlar slike søknader i samsvar med retningslinjene, og eventuell tilsegn om eksportlisens vert gjeven med ei presisering av at spørsmålet om seinare løyve til faktisk eksport til det aktuelle landet vil måtte vurderast i lys av situasjonen på det tidspunktet ein søknad måtte liggje føre. Norske styresmakter og utanriksstasjonar hjelper eksportørar av forsvarsmateriell på tilsvarande måte som ein hjelper annan norsk industri.