St.meld. nr. 49 (2002-2003)

Breiband for kunnskap og vekst

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Regjeringa har som visjon for breibandsutviklinga at den elektroniske infrastrukturen skal dekkje alle delar av landet, gi konkurransefordelar for norsk næringsliv, gi veksthøve for kunnskapsbaserte næringar og medverke til modernisering av offentleg sektor. Private og offentlege verksemder må ha god tilgang til elektronisk infrastruktur og kunne utnytte dei moglegheitene som breiband gir. Innhald og tenester må utviklast i takt med marknadsutviklinga, og organisasjonar og enkeltbrukarar må ha kompetanse for å kunne ta ut gevinstane.

Informasjonsteknologien 1 har hatt ei rask utbreiing dei siste 20 åra, og er driven fram ikkje minst av marknadsmessige forhold og nye teknologiske gjennombrot. Ulike teknologiar konvergerer og har gjort det mogleg med nye bruksmåtar og tenester. Samtidig har brukarane hatt ønske om og behov for stadig nye, raskare og meir tilpassa tenester. Det har skapt etterspørsel etter, og gitt nye føresetnader for, utvikling av teknologi. IT har fått auka verdi for nyskaping, effektivisering og omstrukturering i næringsliv og offentleg verksemd. Auka kapasitet i den elektroniske infrastrukturen for kommunikasjon vil spele ei stadig viktigare rolle for innovasjon, effektivitet og verdiskaping i samfunns- og næringsliv. På same måte som veg, sjø- og lufttransport er den elektroniske infrastrukturen i ferd med å bli uunnverleg for dei fleste.

I e Norge 2005, som blei lagt fram i mai 2002, sette Regjeringa tre mål for IT-politikken:

  • Verdiskaping i næringslivet Utvikling og bruk av informasjonsteknologi skal gi verdiskaping gjennom auka innovasjon og konkurransekraft i norsk næringsliv.

  • Effektivitet og kvalitet i offentleg sektor Informasjonsteknologi skal brukast til å effektivisere offentleg sektor og tilby nye og betre tenester til brukarane.

  • Deltaking og identitet Alle skal kunne utnytte dei moglegheitene informasjonsteknologien gir, og IT skal hjelpe til å bevare og vidareutvikle kulturarven, identiteten vår og språka våre.

Regjeringa har som mål for breibandsutviklinga:

  • Det skal vere gode marknadstilbod om breiband i alle delar av landet.

  • Det skal vere god tilgang på mangfaldig elektronisk kvalitetsinnhald som er lagt til rette for norske forhold.

  • Verksemder skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å ta i bruk og realisere gevinstar ved breiband.

Dei konkrete måla i e Norge 2005 ligg fast: I løpet av 2005 skal alle grunnskular, folkebibliotek og kommuneadministrasjonar ha tilbod om breibandstilknyting til konkurransedyktige prisar. Innan utgangen av 2003 skal alle dei vidaregåande skulane ha slikt tilbod. I e Norge 2005 var det i tillegg eit mål at alle helseføretak skulle ha tilknyting til breiband i løpet av 2002. Dette målet er no nådd.

Regjeringa finn det ikkje føremålstenleg å avgrense denne meldinga til berre å omfatte infrastrukturen for breiband. Skal brukarane kunne utnytte den elektroniske infrastrukturen, må dei få tilbod om tenester og innhald, og dei må ha den nødvendige kompetansen til å nytte seg av breiband og breibandstenester. Utvikling og bruk av breiband er dessutan nær knytt til utvikling og bruk av annan informasjonsteknologi, som i dag blir utnytta til dei fleste formål i heile samfunnet.

Del av det næringspolitiske fundamentet for meldinga er uttrykt i St.prp. nr. 51 (2002/2003) om «Virkemidler for et innovativt og nyskapande næringsliv». Det regionalpolitiske fundamentet er uttrykt i «Redegjørelse for Stortinget 30.04.2002», der ein ønskjer å styrkje regionalpolitikken for å sikre busetjing, verdiskaping og levedyktige lokalsamfunn over heile landet. I «Redegjørelse for Stortinget av 24.01.02» la Regjeringa fram hovudprinsippa for modernisering, effektivisering og forenkling i offentleg sektor. Denne meldinga er ikkje meint å gi ei omfattande drøfting av telepolitikken, men ho handlar om telepolitiske spørsmål i den grad det er naturleg.

Meldinga har blitt utarbeidd med innspel blant anna frå ei referansegruppe med representantar frå Kommunenes Sentralforbund, Abelia og IKT-Norge. Nærings- og handelsministeren har dessutan gjennomført tre opne høyringskonferansar i tilknyting til meldingsarbeidet – i Kristiansand 28. mars, Tromsø 1. april og Oslo 23. juni 2003.

1.1 Breiband er nyttig

Utgangspunktet for meldinga er at elektroniske kommunikasjonsnett med tilstrekkeleg kapasitet blir ein stadig viktigare faktor i den globale økonomien. Bruk av informasjonsteknologi generelt og breiband spesielt kan gi auka konkurranseevne for norsk næringsliv, blant anna ved å medverke til innovasjon og auka produktivitet. Breiband gjer det mogleg å organisere produksjon på nye måtar og utvikle nye produkt og tenester mellom anna fordi automatisering og kommunikasjon med kundar og leverandørar blir lettare. Eit døme på dette er GRESS-gruppen, som er eit innkjøpssamarbeid mellom ulike hotell- og restaurantkjeder. I 2002 valde GRESS å etablere det som i dag er ein av Noregs største elektroniske marknadsplassar, og som i dag omfattar 365 brukarstader og 1000 brukarar. Dette gir konserna i GRESS-gruppen store gevinstar ved betre kjøpsvilkår, mindre feil og mistydingar i bestillingsprosessen, auka fleksibilitet i forhold til når på døgnet ein kan bestille, betre utnytting av ledig arbeidskapasitet, gjenbruk av data og meir effektiv bestillingsprosess, jf. boks 2.5, side 17.

Vidare kan breiband leggje grunnlaget for nye og meir effektive arbeidsmåtar i offentleg sektor og betre offentlege tenester med fleksible løysingar for å tilfredsstille lokale behov. Til dømes meiner Den norske lægeforening at om lag ein fjerdedel av tida til allmennlegane, om lag 800 legeårsverk, går med til blankett- og meldingsproduksjon slik som rekningar, epikrisar, tilvisingar, rekvisisjonar, sjukemeldingar og legeerklæringar, jf. boks 2.12, side 22. Det meste av dette skjer i dag manuelt og med papirskjema. Elektronisk kommunikasjon utan flaskehalsar kan frigjere tid for legane og samstundes betre kvaliteten på dokumentasjons- og informasjonsoverføringa.

Ved å redusere avstandsulemper kan breiband føre til betre balanse mellom næringar og samfunn i distrikta og byane, med ein breiare økonomisk aktivitet og betre høve for variert arbeid i distrikta. Bedrifter som ikkje er lokaliserte på same stad, kan samarbeide nært og effektivt ved hjelp av breiband. Spesielt for konkurranseutsett næringsliv vil denne forma for direkte kommunikasjon vere viktig for konkurranseevna, og kan være ein del av verksemdene sin internasjonaliseringsstrategi. Eit døme på dette er Eurofoto AS i Breim i Sogn og Fjordane, som har investert i ei breibandsløysing for å kunne framkalle digitale bilete til kundar over heile verda. Kundane sender dei digitale bileta sine via Internett, og dei fleste av kundane får varene sine i postkassa dagen etter. Bedrifta starta opp i april 2000 og har allereie 130 000 registrerte brukarar, jf. boks 2.18, side 27.

Breiband kan dessutan gjere informasjon, kulturtilbod og underhaldning lettare tilgjengeleg i alle delar av landet, og kan spele ei viktig rolle i forhold til sosial kontakt og deltaking i demokratiske prosessar. Til dømes er det innført digital distribusjon av kinoreklame til ei rekkje kinoar, og det er fleire lokale ekino-initiativ, mellom anna i Lillesand. Med digital formidling kan ein ny film få premiere over heile landet samtidig, noko som inneber at mindre stader ikkje treng vente på filmkopiar i fleire månader mens filmane blir spelte i dei store byane, jf. boks 2.20, side 29.

Det er ikkje sjølvsagt at investeringar i breiband og breibandsbruksmåtar fører til gevinstar i næringslivet, offentleg sektor eller forbrukarmarknaden. Ein viktig føresetnad er at organisasjonar og enkeltbrukarar har kompetanse til å kunne bruke teknologien og realisere gevinstane. Dette gjeld både teknologisk spisskompetanse i forhold til val av løysingar, kunnskap om bruksområde for breiband og nye organisasjonsløysingar og arbeidsmåtar. Leiarar i privat og offentleg sektor må vite om og kunne utnytte moglegheitene som blir gitt. Dessutan tek det ofte tid å realisere større gevinstar. Breibandsutviklinga er ledd i den allmenne teknologiske utviklinga og inngår i ein prosess som vil strekkje seg over fleire år, og som handlar om auka kapasitet og dermed auka moglegheiter til å utnytte den elektroniske infrastrukturen. Nytte og innsparingar for kvar einskild, og for alle brukarar samla, vil auke etter kvart som fleire knyt seg til netta, og når fleire funksjonar kan utførast elektronisk over nett. OECD har peikt på at Noreg hentar ut små, men aukande gevinstar frå IT. 2

Nytte av breiband er omtalt i kapittel 2.

1.2 Både breibandsmarknaden og behova er i utvikling

Norsk geografi og busetting gir utfordringar når det gjeld utbygginga av moderne infrastruktur. Dagens økonomiske situasjon i IT-bransjen innbyr dessutan i avgrensa grad aktørane til å gjere strategiske investeringar når det gjeld utbygging av nett. Dette er ikkje berre situasjonen i Noreg, men eit mønster i dei fleste industrialiserte land.

I internasjonal samanheng har Noreg i 1990-åra hatt eit lågt prisnivå og eit godt utval av tradisjonelle teletenester over heile landet. Dei vanlegaste formene for breibandstilknyting i forbrukarmarknaden i dag er via telenettet (xDSL 3 ) og kabel-TV. Prisane for desse produkta er dei same i alle område der dei blir tilbodne. Men prisen for leigde samband, 4 som for mange private og offentlege verksemder i distrikta er den mest aktuelle forma for tilknyting, og prisen på transportnettet, varierer med avstand og kapasitet. Dette kan verke avgrensande for utbygging og bruk i distrikta.

Per september 2002 hadde 65 prosent av bedriftene, 47 prosent av kommunale institusjonar og 61 prosent av husstandane eit tilbod om breibandstilknyting. 5 I mai 2003 var tilsvarande dekningstal 55 prosent for kommunale institusjonar og 64 prosent for husstandane. 6 Det er rimeleg å tru at også dekninga i bedriftsmarknaden har auka sidan september 2002. Det er forventa at dekninga i privatmarknaden vil auke til om lag 85–90 prosent fram mot 2005. Vidare vekst i dekningsgraden er uviss, og venteleg tek det tid. Det er i særleg grad avhengig av den teknologiske utviklinga, etterspørselen etter breiband blant dei som allereie har eit tilbod, og utvikling av attraktive tenester og innhald. I tillegg vil det i åra framover bli bygd ut eit tredjegenerasjonsmobilnett (UMTS). Kapasiteten i dette nettet vil truleg vere såpass låg at det ikkje er tale om noko reelt alternativ til andre breibandsteknologiar.

Sjølv om kundeveksten i breibandsmarknaden i Noreg har om lag same raske fart som til dømes oppringt Internett, er delen som er knytt til breibandsnettet, framleis relativt låg. I august 2003 var om lag 16 prosent av husstandane og 15 prosent av bedriftene tilknytte breiband. 7 Dette er omlag som gjennomsnittet av EU- og OECD-landa. I offentleg sektor er tilknytinga høgare. Per mai 2003 var om lag 90 prosent av rådhusa, i underkant av 80 prosent av biblioteka og 53 prosent av skulane tilknytte breiband. 8

Forrester Research Inc. identifiserte for nokon år sidan tre hindringar for utbreiing av breiband i forbrukarmarknaden i Europa: høg pris, låg dekning og mangel på innhald. Forrester meiner i dag at utbygginga av ADSL har kome så langt i dei fleste land i Europa at dekning ikkje lenger representerar ei hindring. Forrester sine prognosar fram mot 2008 viser at Noreg vil ha om lag 45 prosent av husstandane tilknytt breiband. I følgje prognosane vil dette være den høgaste tilknytingsdelen i Europa, jf. figur 6.1.

Det samla biletet er dermed at breibandsdekninga (tilbodet) i dag og forventa utvikling fram mot 2005 synest rimeleg bra. I så måte har Regjeringa sin strategi om marknadsbasert utbygging vore vellukka. Dei faktiske tilknytingane har derimot hange etter i privat sektor og i delar av offentleg sektor, men synest no å utvikle seg raskare. På grunn av uvisse knytt til teknologisk utvikling er det framleis uvisst kor store delar av landet marknaden kjem til å dekkje. Regjeringa vil på dette tidspunktet difor ikkje setje i gang omfattande og kostbare offentlege tiltak med sikte på å byggje ut dekning til dei aller siste prosentane. Regjeringa vil likevel setje i verk visse tiltak for å stimulere til vidare marknadsbasert breibandsutbygging i distrikta. Dessutan vil Regjeringa stimulere utvikling av innhald, tenester og kompetanse for å auke etterspørselen blant dei som allereie har eit tilbod.

Forståinga av kva som er breibandskapasitet, er avhengig av behova. Til dømes vil skular og private og offentlege verksemder, som har mange samtidige individuelle brukarar og behov for ulike typar bruksmåtar, ha bruk for større overføringskapasitet enn private hushald. Mange av dagens elektroniske tenester krev ikkje høg kapasitet kvar for seg, men når mange brukarar nyttar slike tenester samtidig, er det behov for høg overføringskapasitet. Naturleg nok blir det kravd større kapasitet i transportnetta , eller «motorvegnettet» som betener mange, enn i det såkalla aksessnettet ut til den einskilde sluttbrukaren.

Breibandsteknologiane er i ein tidleg fase, og behovsmønstra er på mange måtar uavklara. Ein ventar at behova vil endre seg i retning av

  • meir utstrekt bruk av tenester og bruksmåtar baserte på multimedia og levande bilete som krev høgare overføringskapasitet,

  • fleire samtidige brukarar og

  • brukarar som i aukande grad ønskjer å sende informasjon, ikkje berre motta.

Dermed aukar også behovet for kapasitet i netta. Noko av behovet for auka kapasitet blir truleg dekt ved nye teknologiar for komprimering, som fører til at meir informasjon kan overførast med same overføringskapasitet.

På grunn av uvisse i utviklinga av kapasitet og behov er breiband i denne Stortingsmeldinga ikkje definert med ei spesifikk grense for overføringskapasitet. Det er lagt til grunn at breiband er tovegs kommunikasjonsnett som kan overføre ulike former for data som tekst, lyd og levande bilete. Nettet må kunne bere nye tenester og tillate at mange nyttar nettet samtidig.

Ut frå dagens tilbod av tenester og innhald vil ein kapasitet tilsvarande dei fleste av dagens tilbod over kabel eller telelinje (512–1024 kbit/s nedlasting til brukaren og 128–512 kbit/s opplasting frå brukaren) vere tilstrekkelege for dei fleste husstandar, men situasjonen kan endre seg raskt. Private og offentlege verksemder vil derimot ofte ha behov for større kapasitet for både nedlasting og opplasting.

1.3 Nett, innhald og kompetanse må sjåast i samanheng

Breibandsutviklinga må sjåast i lys av fleire forhold enn nettinfrastrukturar som tele- og kringkastingsnetta. På den eine sida blir det stilt store krav til investeringar for å leggje til rette for utrulling av breibandinfrastruktur , og utbyggjarane ønskjer å vente til etterspørselen er tilstrekkeleg høg. På den andre sida tek det tid å skape tenester med innhald ,og det tek tid før brukarane har sett seg inn i moglegheitene og definert sine behov slik at dei etterspør nye tenester. Vidare må næringslivet og offentleg sektor ha tilstrekkeleg kompetanse om moglegheiter og bruksmåtar for å investere i breibandsløysingar. Det er viktig at infrastruktur blir sett i samanheng med utvikling av tenester, innhald og kompetanse.

Kommunikasjonsnetta må vere dimensjonerte for å kunne transportere både dagens tenester og vere fleksible nok til å kunne gi rom for framtidige tenester som krev større kapasitet. Breiband vert levert gjennom mange konkurrerande teknologiar, og det er ei rask utvikling med introduksjon av nye teknologiar og vidareutvikling av dei som er i marknaden i dag. Det er viktig for myndigheitene å føre ein politikk som ikkje favoriserer ein teknologi framfor andre, og som legg til rette for konkurranse både mellom og innanfor ulike teknologiar. Utvikling av nye teknologiar innan til dømes radio og satellitt kan opne for at større delar av folket får eit breibandstilbod på kommersielt grunnlag. Utbygging av breiband inneber at samfunnet sitt behov for informasjonsteknologi vil auke ytterlegare i høve til dagens nivå. Kommunikasjonssamband som alltid er oppkopla, skaper dessutan større sårbarheit. Sikkerheit, dimensjonering, tilgjengelegheit og behov for tilleggskapasitet (redundans) må planleggjast godt. Det er planar om utbygging av ulike kommunikasjonsnett for ulike formål, blant anna for naudkommunikasjon. Ved utbygging av offentlege nett bør samordningsgevinstar realiserast.

Breibandsnett er omtalt i kapittel 3.

Etterspørselen etter breiband blir for ein stor del driven av veksten i kapasitetskrevjande tenester og innhald som både privatmarknaden, bedriftsmarknaden og offentleg sektor tilbyr. Utviklinga er likevel ikkje eintydig. Det er i dag mangel på gode forretningsmodellar for inntektsfordelinga mellom innhalds- og tenesteleverandørar og nettoperatørar. Verdikjedene er komplekse og blir utvikla og endra etter kvart som nye produkt kjem på marknaden, og etter kvart som teknologiane konvergerer og bransjane blir omstrukturerte. Mange næringsaktørar har problem med å finne fram til gode forretningsmodellar. I verdikjeda for produksjon og distribusjon av elektronisk innhald og tenester er det dessutan flaskehalsar der det kan oppstå monopolliknande tilstandar. Det kan vere krav om bruk av programvare frå ein dominerande leverandør, krav om å selje innhaldet gjennom bestemte betalingsordningar eller krav om å få kvaliteten på innhald og opphav godkjent av bestemte kontrollinstansar.

Offentleg sektor har ei viktig rolle i utviklinga av tenester og innhald, både ved å tilby offentlege tenester og ved å skape gode rammevilkår for produksjon av innhald. På mange område forvaltar offentleg sektor grunndata som er viktige for dei private aktørane når dei utviklar tenester og innhald. Det er viktig å sikre at desse aktørane også i framtida har tilgang på offentlege grunndata, og at statleg organisering ikkje verkar avgrensande for forretningsverksemda til dei private aktørane.

Tenester og innhald er omtalte i kapittel 4.

Kompetanse er ein viktig føresetnad for å realisere gevinstane ved breiband. Dette gjeld både brukarkompetanse og spisskompetanse. Mange opparbeider seg IT-kompetanse på arbeidsplassen. Dei som ikkje har tilgang til Internett heime eller gjennom arbeidet, kan få problem når stadig fleire nødvendige gjeremål som t.d. bank- og posttenester, informasjonsinnhenting og levering av sjølvmeldinga blir utførte elektronisk.

Skular og bibliotek er sentrale i arbeidet for å styrkje IT-kompetansen i befolkninga og for å sikre at elevane får nødvendig bakgrunn når det gjeld å tileigne seg ny kunnskap på nye måtar. Det er ein føresetnad at ny teknologi blir sett i samanheng med organisasjonsendringar, nye arbeidsformer og kompetansenettverk. Det er behov for kompetanse med vekt på blant anna organisasjon, teknologi og nye forretningsstrategiar. Noreg har nokre av dei fremste miljøa i Europa på e-læring. Breiband skaper heilt nye moglegheiter for interaktiv e-læring, noko som i sterk grad kan medverke til at den vaksne befolkninga får utvikla IT-kompetansen sin. Universitet og høgskular blir heilt sentrale partnarar når det gjeld å utvikle spisskompetanse og bruksområde. Med det offentlege som krevjande kundar når det gjeld målretta opplæring og undervisning, har Noreg moglegheiter for å skape ein sterk og vekstkraftig e-læringsbransje med eit internasjonalt potensial.

Kompetanse er omtalt i kapittel 5.

1.4 Lokale initiativ er viktig for breibandsutviklinga

I ulike delar av landet er det eit mangfald av gode prosjekt i bedrifter, kommunar og offentlege etatar for å framskunde breibandsutviklinga. Slike lokale initiativ kan gi utbygging og finansiering av breiband, og gi auka konkurranse i område der teleoperatørane i utgangspunktet ikkje finn det lønnsamt å byggje ut. Finansieringa er primært lokal (kommune, fylkeskommune, lokalt næringsliv, organisasjonar), eventuelt med noko ekstern stønad til finansiering av førebuingsprosjekt.

Fleire stader har ulike offentlege verksemder i ein region, gjerne i samarbeid med næringslivsaktørar, gått saman om å kjøpe breibandstenester på regionalt nivå. Dette gir grunnlag for å dele kostnadene ved infrastruktur og skaper ein større kundemasse for utbyggjarane. Kommunar og fylkeskommunar kan og ta initiativ til å samordne og planleggje infrastruktur i kommunen eller regionen og styre utbygginga ved å stille krav til framføringsvegar som grøfter, røyrsystem og anna. Kommunane og fylkeskommunane kan anten involvere seg direkte i leveranse av tenester, eller overlate tenesteleveransen til kommersielle aktørar i marknaden.

Regjeringa stiller seg positiv til desse lokale initiativa, under føresetnad av at utbygginga blir organisert slik at konkurransen i marknaden i minst mogleg grad blir forstyrra.

Verdien av lokale initiativ i form av kommunale og interkommunale prosjekt for breibandsutviklinga er truleg undervurdert. Kostnadene til breiband i ein kommune eller eit distrikt kan synast uoverkomeleg høge. Men førebels overslag frå enkeltprosjekt tyder på at kostnadene kan reduserast dersom fleire kommunar saman med fylkeskommunen og utbyggjarane i distriktet planlegg utbygging ut frå lokale føresetnader og med eit realistisk ambisjonsnivå. Modellen som Det Digitale Distriktsagder har nytta, synest å vere eit godt eksempel på dette, jf boks 7.7, side 84.

Lokale modellar for utbygging og finansiering av breiband er omtalte i avsnitt 7.3.

1.5 Fleire aktørar må medverke i ei marknadsbasert utbygging

Det er bedriftene sitt eige ansvar å oppgradere kompetanse og innrette seg slik at dei kan bruke teknologien effektivt og hauste størst mogleg gevinstar ved bruk av breiband. Kontinuerleg opplæring, nye moglegheiter og effektivisering er viktig også for andre delar av privat sektor.

Noreg har i likskap med dei fleste andre OECD-land valt ein marknadsbasert strategi for breibandsutbygginga. Ei slik tilnærming er i tråd med OECD sine tilrådingar. Marknadsaktørane skal stå for utbygginga av infrastrukturen for elektronisk kommunikasjon og tilhøyrande tenester, og val av teknologi. Regjeringa vil føre ein teknologinøytral politikk for å sikre verksam konkurranse innanfor og mellom ulike teknologiske plattformer. Staten har ikkje føresetnader for, og skal difor heller ikkje velje mellom teknologiar. Regjeringa sin strategi for breibandsutviklinga er:

  • Leggje til rette for verksam konkurranse i utbygging av kommunikasjonsnett og utvikling av tenester og innhald.

  • Stimulere offentleg etterspørsel etter breiband og leggje til rette for teneste- og innhaldsutvikling, kompetanseutvikling og spreiing av erfaringar.

  • Vurdere tiltak i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging.

Eit sentralt tiltak for å styrkje konkurransen i telemarknaden er den nye lova om elektronisk kommunikasjon (ekom-lova), som avløyser den tidlegare telelova. Den nye lova gir myndigheitene verkemiddel for å kunne styrkje konkurransen i marknaden. Lova inneheld samtidig styringsverktøy som er fleksible nok til både å stimulere til og regulere framvoksteren av nye marknader. Den nye lova vidarefører ei sektorspesifikk regulering, men det blir lagt opp til ein gradvis overgang til å regulere sektoren med utgangspunkt i generell konkurranserett. Andre tiltak er å leggje til rette for betre utnytting av gjeldande og nye framføringsvegar for telenett, publisering av rapportar om pris- og konkurranseforhold i marknaden og å stille frekvensar for produksjon av radiobaserte kommunikasjonsnett til disposisjon for marknadsaktørar.

Offentleg sektor har hand om ein omfattande tenesteproduksjon og mange støttande aktivitetar som forvaltning av grunndata og informasjon overfor publikum. Regjeringa ønskjer at den samla tyngda i den offentlege etterspørselen skal utnyttast meir systematisk for å effektivisere offentleg forvaltning, blant anna gjennom bruksmåtar som krev breiband. Slike bruksmåtar forbetrar tenestekvalitet og gir rom for effektivisering og samarbeid. Helse- og skulesektoren er to av dei viktigaste sektorane.

Regjeringa legg også opp til å forbetre vilkåra for privat utvikling av innhald og tenester som er baserte på grunnlagsmateriale som det offentlege eig. Geodata i form av elektroniske kart er eit eksempel på grunnlagsmateriale med stort potensial for samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Formålet med skattefritaket for heime-PC er å auke den generelle IT-kompetansen. Fritaket omfattar også breibandtilknyting.

Regjeringa vil styrkje rettleiingsinnsatsen gjennom ei opptrapping og betre samordning av rettleiingstenestene. Uninett si rettleiingsrolle skal vidareførast, og det blir vurdert å styrkje Post- og teletilsynet si rolle som rettleiar på nettsida. Regjeringa vil leggje til rette for at rettleiingsapparatet kan hjelpe til i prosessar som har til formål å samle lokal etterspørsel etter breiband.

Høykom-programmet, som er inne i sin andre treårsperiode med siste virkeår 2004, har hittil hatt stor utløysande effekt. Sidan etableringa i 1999 har programmet, med ein samla ramme på om lag 250 millionar kroner, støtta 400–500 prosjekt som har utløyst totale investeringar på bortimot 1 milliard kroner. Programmet har god geografisk spreiing og gitt opphav til omfattande samarbeid i det offentlege og med private. Programmet skal evaluerast hausten 2003.

Frå og med 2002 er det etablert eit skuleprogram for utgreiing om framtidig behov og kravspesifikasjon for breiband i utdanningssektoren, stimuleringstiltak for infrastruktur og stimuleringstiltak for innhalds- og tenesteutvikling. Ei tidleg vurdering av Høykom-skole har vist at dette har vore ei etterspurd ordning hos skuleeigarane. Regjeringa vil foreslå å vidareføre Høykom-skole-ordninga i 2004.

Marknaden for breiband er framleis i ein tidleg fase. Det er ei utfordring å løyse ut investeringar i dei tynt befolka delane av landet. I statsbudsjettet for 2004 vil det bli foreslått ei utviding, Høykom-distrikt , retta mot breibandsutviklinga i distrikta.

Breibandspolitikk og status i andre land er omtalt i kapittel 6 og mål, strategi og roller er drøfta i kapittel 7. Stimulans for vidare breibandsutvikling er gjennomgått i kapittel 8, og økonomiske og administrative konsekvensar er omtalte i kapittel 9.

Fotnotar

1.

Omgrepa informasjonsteknologi (IT), informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og informasjonssamfunnsteknologiar (IST) er vurderte som synonyme. I meldinga brukar ein omgrepet informasjonsteknologi.

2.

OECD 2003: Seizing the benefits of ICT: Comparative country performance and policies for review

3.

xDSL er eit uttrykk for ulike standardar (DSL, Digital Subscriber Line) for breibandsoverføring på eksisterande lokale telefonlinjer (koparkabel) til abonnentane. Den mest brukte i Noreg idag er ADSL.

4.

Leigde linjer er ikkje ein eigen teknologi, men eit produkt for tilbod om overføringskapasitet, jf avsnitt 3.2.1.

5.

ECON/Teleplan 2002: Rapport 92/02, Bredbånd – kartlegging

6.

ECON 2003: Oppdatering av status for bredbåndsdekning og -tilknytning i Norge (inkluderer ikkje tal for bedriftsmarknaden)

7.

Norsk Telecom AS, august 2003

8.

Breibandsteknologi er i rapporten frå ECON/Teleplan definert som ADSL, SDSL, leigde linjer, fiber eller trådlaus (radio, eventuelt satellitt). I tala er det inkludert overføringskapasitet som ein normalt ikkje reknar for breiband, men som likevel er teken med fordi institusjonane lett kan oppgradere tilknytinga til breiband dersom ein ønskjer det. Sjå avsnitt 3.1.2

Til forsida av dokumentet