St.meld. nr. 49 (2002-2003)

Breiband for kunnskap og vekst

Til innhaldsliste

Ord og uttrykk

802-standard

802-standard er eit sett standardar for lokale nettverk for datakommunikasjon utvikla gjennom IEEEs Prosjekt 802. Sjå også IEEE.

ADSL

(Assymetric Digital Subscriber Line) er ein transmisjonsmetode for breibandsoverføring på eksisterande telefonlinjer (koparkabel) til abonnentane. Ei asymmetrisk datalinje har ulike overføringshastighetar for sending og mottak.

Aksessnett

(Tilknytingsnett) er den siste delen av sambandet i nettet mellom den einskilde sluttbrukaren (kommuneadministrasjon, bedrift, husstand) ut til eit knutepunkt med tilkopling til eitt eller fleire transportnett.

Bandbreidde

Angir overføringskapasitet for ei kommunikasjonslinje i løpet av en viss tidsperiode. Vanlegvis måler ein bandbredde for digitale linjer i biter pr. sekund. Stor båndbredde gir for eksempel rask nedlasting av innhold fra Internett.

Bit/s

Står for mengden informasjon som overføres pr. tidsenhet i et digitalt system. Angis normalt i kbit/s og Mbit/s.

Digital dekodar

Også kalla set-top-boks. Apparat som mottek og dekodar digitale signal til analoge signal. Dekodaren inneheld vidare eit system for tilgangskontroll. Dekodaren kan også romme ein lagringsfunksjon, slik at han kan ta opp program for seinare avspeling.

DSL

(Digital Subscriber Line) er eit generisk namn for breibandsoverføring over eksisterande telefonlinjer (koparkabel), sjå xDSL.

DSLAM

Digital Subscriber Line Access Multiplexer – eining som samlar fleire digitale abonnement linjer, og dermed mogleggjer at eit stort tal datastrømmar kan delast på ein felles dataforbinding.

DTT-IP

(Digital Terrestrial Television – Internet Protocol) er Internett/breiband ved hjelp av kringkastingsteknologi, kombinert med returkanal til dømes via ISDN.

DVB

(Digital Video Broadcasting), dvs. digitalt fjernsyn.

Frekvensband

Uttrykket vert brukt for å beskrive ulike områder av radiofrekvensspekteret. Radioens «langbølge» er eit frekvensbånd, mens «mellombølge» er eit anna. Måleeininga er Hertz.

FWA

(Fixed Wireless Access) Nemning for trådlaust radioaksess system.

Geodata

Data om objekt (vatn, hus og veger, fyr, med meir), hendingar og forhold der posisjonen (ein stad på jorda) er ein vesentlig del av informasjonen.

GHz

(Giga Hertz) Milliardar svingingar per sekund.

GPS

(Global Positioning System) Satellittbasert posisjoneringssystem som kan angi posisjon (høgde, lengde- og breiddegrad) kor som helst i verda med ein meters nøyaktigheit.

Grunndata

Data som er registrert i systemets grunndataregister, og er felles for alle systemdelar – til dømes data frå kunderegister, postnummerregister, register over tilsette m.m.

GSM

(Global System for Mobile Communications). Felleseuropeisk digitalt mobiltelefonsystem.

GSM-R

(GSM-Rail) Standard for mobil togkommunikasjon.

Høykom

Offentleg finansiert program for tilskot til høgkapasitetssamband. Ordninga skal, ved å stimulere offentlige verksemders etterspørsel etter infrastruktur og næringsutvikling knytte til etatane sine behov, gi marknaden incentiv for å bygge ut infrastrukturen, men ikkje direkte finansiere denne. Høykom-Skole er eit delprogram under Høykom-programmet. Det skal gis støtte til prosjekter knyttet til bredbåndstilknytning (infrastruktur) for grunnskoler og videregående skoler, samt innholdstjenester for de samme skoleslaga.

IEEE

(IEEE – Institute of Electrical and Electronics Engineers) er ein organisasjon med 320 000 medlemmar I 147 land. IEEE arrangerar symposier og konferansar samt publiserar avhandlingar om tema som IT og telekommunikasjon. IEEE er også eit betydeleg standardiseringsorgan.

Internett

Er eit stort og ope internasjonalt datanettverk, som består av tusenvis av mindre nettverk over heile verda. Kommunikasjon over Internett føregår ved hjelp av IP-protokollar. Ei rekkje ulike tenester blir tilbodne via Internett, m.a. overføring av datafiler (FTP), elektronisk post, World Wide Web etc.

Internett-leverandør

Verksemd som tilbyr Internett-tenester, sjå ISP.

ISDN

(Integrated Service Digital Network). Digitalt nett som integrerer fleire typar tenester: tale, tekst, data og bilete.

ISP

(Internett Service Provider) er ein Internett-teneste tilbyder. I nokon samanhenger kan det være fruktbart å skille mellom dei som berre tilbyr Internett aksess (tilknyting til nettet), og andre som tilbyr verdiaukande tenester i tillegg.

Koaksialkabel

Overføringskabel med høg kapasitet som m.a. blir nytta i kabel-TV-nettet.

Komprimering

Ein teknikk som reduserer informasjonsmengda og dermed sparer lagerplass eller overføringskapasitet ved å eliminere hol, tomme felt og overflødige data.

Leigde linjer

Ei leigd linje er eit fast samband (til dømes telefonlinje eller fiber) som ein abonnent (kommune eller bedrift) har til disposisjon 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka.

LLUB

(Local Loop UnBundling) førekjem når tilbyder med sterk marknadsstilling i det faste nettet vert pålagt å la konkurrentane leige dei faste aksesslinjene frå abonnentsida av endesentralen og fram til abonnenten.

LMDS

(Local Multipoint Distribution System), dvs. lokal mikrobølgjedistribusjon. Metode for distribusjon av signal via mikrobølgjer med rekkjevidde ca. 2–5 km.

Metadata

Data som definerer, gir informasjon eller dokumenterer anna data handtert innanfor ein applikasjon eller eit maskinmiljø.

MMS

(Multi-Media Messaging) er «ein ny versjon» av SMS, som gjer det mulig å sende tekst, foto, lyd og animasjonar med mobiltelefon.

Modem

(Modulator-DEModulator). Maskinutstyr som omset digitale signal frå datamaskiner til analoge signal (modulasjon) slik at signalet kan sendast over ei vanleg telefonlinje. Det analoge signalet blir så endra til digital form (demodulasjon), slik at ei anna datamaskin skal kunne forstå signalet.

Mørk fiber

Mørk fiber er optisk fiber utan endeutrusting, dvs. at nettleverandøren leverer fiber til kundane utan mellomliggjande utrusting.

Naudnett

Lukka nett for kommunikasjon mellom naudetatar (til dømes brann, politi)

Node

Knutepunkt i eit nettverk der to eller fleire kommunikasjonslinjer møtest og blir kopla saman.

Optisk fiber

Fiber laga av glas. Kan nyttast til høgkapasitets overføring av signal over lange avstandar, med minimale tap av signalstyrke og utan nemneverdig forvrenging.

PKI

(Public Key Infrastructure) Infrastruktur for bruk av digital signatur i stor skala.

PSTN

(Public Switched Telephone Network) betegner det vanlege, analoge telefonnettet.

SDSL

(Symmetrical Digital Subscriber Line) er ein transmisjonsmetode som nyttar eksisterande koparkabelnett (telefonnettet) til breibandskommunikasjon. Tenesten gir same breibandskapasitet inn som ut. Tenesten er i hovudsak retta mot offentlege og private verksemder som har behov for høg kapasitet både oppstraums og nedstraums.

SMS

(Short Message Service) Ein måte å sende eller motta, korte tekstbaserte beskjedar til eller frå mobiltelefonar.

Telemedisin

Medisinske tenester utført over telenettet ved hjelp av systemer og løsninger basert på informasjonsteknologi. Telemedisin omfatter blant anna fjernkonsultasjon og fjerndiagnose, fjernundervisning og kompetanseoverføring, helsetorgtenester, naudmeldings- og beredskapstenester.

TETRA

TErrestrial Trunked RAdio (TETRA) Standard for naudnettskommunikasjon.

Transportnett

Nett beståande av transmisjonssystem for den fysiske overføringa av informasjon og dei logiske funksjonane som er nødvendige for ruting av informasjon for ulike tenester gjennom nettet.

UMTS

(Universal Mobile Telecommunications System) er eit av systema for tredje generasjons mobiltelefoni og skal kunne gi datakapasitet opp til 2 Mbit for stasjonære brukarar (teoretisk), og 384 kbps for brukarar i bevegelse. I tillegg til å overføre tale og data vil UMTS gjere det mogleg å sende og ta imot bilete, grafikk, video og annan breibandskommunikasjon via mobiltelefon.

VDSL

(Very high speed Digital Subscriber Line) er ein transmisjonsmetode for breibandsoverføring på eksisterande telefonlinjer (koparkabel) til abonnentane. VDSL opnar for tenester med behov for svært stor overføringskapasitet opptil 52 Mbit/s.

WLAN

Wireless Local Access Network (Trådlaust lokalnett) gir trådlaus tilgang til eit nettverk frå ein PC eller anna kommunikasjonsutstyr via eit tilgangspunkt. Ofte basert på standarden 802.11.

xDSL

xDSL (DSL, Digital Subscriber Line) er eit uttrykk for ulike standardar for breibandsoverføring på eksisterande telefonlinjer (koparkabel) til abonnentane. Bokstaven x står for ulike variantar. Sjå ADSL, SDSL og VDSL.

Til forsida