St.meld. nr. 49 (2002-2003)

Breiband for kunnskap og vekst

Til innhaldsliste

8 Stimulans for vidare utvikling

Som omtalt tidlegare, er utgangspunktet for meldinga at breiband kan gi auka konkurranseevne for norsk næringsliv, medverke til modernisering av offentleg sektor, redusere avstandsulemper og gjere informasjon, kulturtilbod og underhaldning lettare tilgjengeleg i alle delar av landet.

Noreg har i likskap med dei fleste andre OECD-land, og i tråd med OECD sine tilrådingar, valt ein marknadsbasert strategi for breibandsutbygginga. Marknadsaktørane skal stå for utbygginga av infrastrukturen for elektronisk kommunikasjon og tilhøyrande tenester, og val av teknologi. Regjeringa vil føre ein teknologinøytral politikk for å sikre verksam konkurranse innanfor og mellom ulike teknologiske plattformer.

Det samla biletet er at både dekninga og tilknytinga til breiband i dag – og forventa utvikling – synest rimeleg bra. Det er forventa at dekninga i privatmarknaden vil auke til om lag 85–90 prosent fram mot 2005, og kundeveksten i breibandsmarknaden i Noreg har om lag same raske fart som til dømes oppringt Internett. I så måte har Regjeringa sin strategi om marknadsbasert utbygging vore vellukka.

På grunn av uvisse knytt til teknologisk utvikling er det framleis uvisst kor store delar av landet marknaden kjem til å dekkje. Regjeringa vil på dette tidspunktet difor ikkje setje i gang omfattande og kostbare offentlege tiltak med sikte på å byggje ut dekning til heile landet. Regjeringa vil likevel setje i verk visse tiltak for å stimulere til vidare marknadsbasert breibandsutbygging i distrikta. Dessutan vil Regjeringa stimulere utvikling av innhald, tenester og kompetanse for å auke etterspørselen blant dei som allereie har eit tilbod.

Rammevilkår for verksam konkurranse blir omtalt i avsnitt 8.1. Avsnitt 8.2 tek for seg stimulering av breibandsutviklinga gjennom etterspørsel, tilrettelegging for teneste- og innhaldsutvikling og sikring av kompetanseutvikling og erfaringsspreiing. Regjeringa vil dessutan støtte opp om utviklinga i områder med tynnare busetjing. Dette blir omtalt i avsnitt 8.3.

8.1 Gode rammevilkår skal gi verksam konkurranse

Regjeringa sin breibandsstrategi byggjer på ein sterk og tydeleg konkurransepolitikk. Konkurransen i marknaden er styrkt sidan telemarknaden blei liberalisert i 1998, men er framleis ikkje tilstrekkeleg verksam. Noregs geografi, topografi, klima og folkemønster gir i utgangspunktet grunnlag for høgare kostnader enn land vi vanlegvis samanliknar oss med. Likevel viser internasjonale prissamanlikningar at Noreg har eit betre tilbod og lågare priser enn fleire land som ein skulle tru hadde ein betre utvikla marknad på grunn av fleire konkurrerande operatørar og langt større kundegrunnlag. Det er likevel mogleg å hente ut fleire gevinstar blant anna i form av betre tenester og lågare prisar dersom konkurransen blir styrkt ytterlegare. Ei utvikling i Noreg mot lågare prisar på teletenester og tilbod av nye tenester vil vere gunstig både for brukarar og for økonomien generelt sett. Forbrukarane vil difor nyte godt av auka konkurranse mellom operatørane sin kamp om å vinne marknadsdelar.

Regjeringa ønskjer gjennom telepolitikken å etablere ordinære marknader, som i framtida skal kunne klare seg på eiga hand utan omfattande statleg særregulering. Dette krev at hovudregelen er at den som tek risikoen ved ei investering, sjølv ber kostnadene og haustar gevinstane. Det er vidare viktig å lage eit reguleringsregime som verdset investeringsvilje og reflekterer balansen mellom risiko og gevinst i eit lengre tidsperspektiv. Det er dei private aktørane sjølv som må velje kva etableringsmåte og teknologi som er mest kostnadseffektiv for verksemda.

Eit sentralt tiltak for å styrkje konkurransen i telemarknaden er implementeringa av den nye lova om elektronisk kommunikasjon (ekom-lova), som avløyser den gamle telelova. Andre tiltak er å leggje til rette for betre utnytting av noverande og nye framføringsvegar for telenett, publisering av rapportar om pris- og konkurranseforhold i marknaden og å stille frekvensar for produksjon av radiobaserte kommunikasjonsnett til disposisjon for marknadsaktørar.

8.1.1 Ny lov om elektronisk kommunikasjon skal styrkje konkurransen

For å leggje til rette for berekraftig konkurranse i marknaden for elektronisk kommunikasjon har Stortinget i 2003 vedteke ei ny lov om elektronisk kommunikasjon (ekom-lova) med verknad frå 25. juli 2003. 1

Lova avløyser den tidlegare telelova og anna regulering som gjeld elektronisk kommunikasjon.

Den nye lova gir myndigheitene verkemiddel for å kunne styrkje konkurransen i marknaden. Lova inneheld samtidig styringsverktøy som er fleksible nok til både å stimulere til og regulere vekst i nye marknader. Den nye lova vidarefører ei sektorspesifikk regulering, men det blir lagt opp til ein gradvis overgang til å regulere sektoren med utgangspunkt i generell konkurranserett.

Sektorspesifikke plikter skal berre påleggjast på område av marknaden der det ikkje er oppnådd tilstrekkeleg konkurranse. EU-kommisjonen har laga ei tilråding om kva produktmarknader som kan vere gjenstand for særlege forpliktingar. Nasjonale tilsynsmyndigheiter kan avgjere korleis den geografiske inndelinga av marknader skal vere. Før sektorspesifikke tiltak kan bli iverksette, skal det lagast marknadsanalysar av aktuelle marknader for å kunne vurdere om det er verksam konkurranse, og om utsiktene til at slik konkurranse blir etablert. EU-kommisjonen har også laga retningslinjer om korleis marknadsanalysane skal gjennomførast. Særskilde forpliktingar kan berre påleggjast tilbydarar som blir vurderte å ha sterk marknadsstilling.

Nokre hovudpunkt i lova:

  • Tilgang. Føresegner som gir nye tilbydarar tilgang til gjeldande kommunikasjonsnett, blir vidareførte med visse justeringar frå den gamle telelova. Tilsynsmyndigheitene må ved eventuelt inngrep balansere netteigaren sin rett til å utnytte infrastrukturen sin, og den retten nye tilbydarar bør ha tilgang til gjeldande nett for å kunne tilby konkurrerande tenester.

  • Prisregulering. Prisregulering i form av krav om kostnadsorientering og maksimalprisar var eit sentralt verkemiddel i tidlegare regulering. I følgje den nye lova skal prisregulering nyttast med varsemd. Det skal nyttast verkemiddel som er enklare i bruk, og som i større grad tek omsyn til aktørane sine generelle investeringsmotiv og risikoen ved nettverksinvesteringar. Til dømes må det takast omsyn til at pålegg om tilgang ikkje må redusere nye tilbydarar sine incentiv til å investere i eige nett og utstyr som sikrar berekraftig konkurranse på lengre sikt.

  • Tilbydarar med sterk marknadsstilling. I dagens regelverk er nokre større tilbydarar pålagde særskilde forpliktingar. Desse blir omtalte som aktørar med sterk marknadsstilling. Denne ordninga blir vidareført i den nye lova. Innhaldet i omgrepet sterk marknadsstilling blir endra, og forståinga av kva sterk marknadsstilling er, blir nært lagt opp til konkurranseretten sitt omgrep «dominerande stilling». I praksis vil dette bety at det skal brukast konkurranserettslege metodar for å identifisere tilbydarar med sterk marknadsstilling.

  • Plikter for tilbydarar med sterk marknadsstilling. Tilbydar med sterk marknadsstilling kan påleggjast plikter som skal leggje forholda til rette for at nye aktørar kan konkurrere med dei etablerte. Den nye lova legg opp til at den nasjonale tilsynsmyndigheita skal kunne setje i verk formålstenlege vedtak baserte på grundige vurderingar av behovet i kvart enkelt tilfelle. Kva plikter som blir pålagde, vil difor variere frå sak til sak. Lova gir heimel for ei rekkje verkemiddel som kan brukast av tilsynsmyndigheita, medrekna pålegg om tilgang, samtrafikk, ikkje-diskriminerande vilkår, offentleggjering av leveringsvilkår og pris- og rekneskapsregulering.

  • Klageordning. Den nye lova legg opp til at det blir innført ei toinstans klageordning, som inneber at Statens teleforvaltningsråd blir nedlagt. Klager over avgjerder som blir vedtekne av Post- og teletilsynet med heimel i ekom-lova med tilhøyrande forskrifter, vil difor bli avgjorde av Samferdselsdepartementet. Overgang til to-instans klageordning vil føre til ei meir effektiv klagesaksbehandling. Det vil bli utarbeida rettleiande fristar for saksbehandling for dei ulike klageinstansane, med sikte på å oppnå reduksjon av saksbehandlingstidene.

Med sikte på å klårgjere nokre av reglane i ekom-lova, er det med heimel i den nye lova sendt på høyring ei eigen forskrift (ekom-forskrifta). Forskrifta vil avløyse gjeldande offentlignettforskrift som er fastsett med heimel i telelova. Ekom-forskrifta er venta å tre i kraft i løpet av hausten 2003.

8.1.2 Marknadsinformasjon skal bli lettare tilgjengeleg

Konkurransen skal styrkjast ved publisering av rapportar om pris- og konkurranseforhold i marknaden.

Post- og teletilsynet publiserer jamleg informasjon om pris- og konkurranseforhold i marknaden. Tilsynet utarbeider halvårlege rapportar om situasjonen i den norske telemarknaden og har etablert ei nettbasert teneste der forbrukarar kan samanlikne prisar for fast- og mobiltelefoni og Internett (www.telepriser.no). Sidene gir også råd om kva forbrukarar bør tenkje på når dei skal velje leverandør. I tillegg har både Nærings- og handelsdepartementet og Samferdselsdepartementet fått utarbeidd særskilde rapportar om den norske og nordiske breibandsmarknaden. 2

8.1.3 Prisen på leigde samband skal vurderast

Post- og Teletilsynet vil vurdere om prisforskjellane mellom ulike delar av landet på leigde samband er basert på faktiske forskjellar i kostnadene.

Leigde samband blir selde både til operatørar som nyttar desse sambanda som innsatsfaktorar i produkta sine og direkte til sluttbrukarar. I avsnitt 3.3.2 blei det i korte trekk gjort greie for Telenors nye prisstruktur for leigde samband. Den nye prisstrukturen har medført at leigde samband er blitt dyrare i nokre distrikt som ligg langt frå hovudsentera. Dette biletet blir forsterka dersom ein leiger samband med relativt liten overføringskapasitet.

Konsekvensane av denne utviklinga kan vere at distrikta får ei ulempe når det gjeld tilgang til – og auka bruk av – breibandskommunikasjon, i og med at leigde samband eller overføringskapasitet er ein nødvendig innsatsfaktor i framskaffinga av breiband.

Regjeringa ser det som viktig at prisane for tilgang ikkje skal gi større kostnadsulemper for breibandsbruk i distrikta. Samferdselsdepartementet har bedd Post- og teletilsynet om at leigde samband spesielt, og breiband generelt, blir eit prioritert innsatsområde i tilsynet framover. Eit av spørsmåla som tilsynet er bedd om å vurdere vidare, er om forskjellane i pris for leigde samband mellom ulike delar av landet oppstår fordi det er dei faktiske underliggjande kostnadsforskjellane mellom regionane som gjer ein slik prisstruktur nødvendig, eller om utviklinga er resultat av at prisstrukturen blir tilpassa graden av konkurranse i dei ulike delane av landet.

8.1.4 Generelle frekvensløyve forenklar etablering av lokale trådlause nett

Regjeringa vil gjennom frekvensforvaltinga leggje til rette for enkel etablering av trådlause breibandsnett.

Som omtalt i avsnitt 3.2.1 og 3.2.2 er trådlause nett godt eigna for tynnare befolka område, og har i tillegg den fordelen at slike nett ofte kan etablerast raskt og med relativt låge investeringar. Frekvensar i det elektromagnetiske frekvensspekteret er ein grunnleggjande innsatsfaktor i produksjon av all radiokommunikasjon. For bruk av frekvensar blir frekvensløyve kravd frå Post- og teletilsynet.

Frekvensløyve blir anten gitt som generell (forskrift) eller individuelle løyve. Målsetjinga er å sikre effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Spørsmålet om frekvensar skal forvaltast som generelle (fri bruk) eller individuelle eksklusive løyve, er avhengig blant anna av omsynet til harmonisering og effektiv bruk av samfunnsressursane.

EU-kommisjonen tilrådde 20. mars i år medlemsstatar å leggje til rette for etablering og bruk av radiobaserte aksessnett (R-LAN, W-LAN eller Wi-Fi) utan sektorspesifikke vilkår og på grunnlag av generell løyve. Noreg har følgt denne tilrådinga.

I den norske forskrifta om tillaten bruk av frekvensar (20. desember 2000 nr. 1399) er det tillate å bruke frekvensane i 2,4 og 5 GHz etter generelle løyve (jf.§ 7). 3 Post- og teletilsynet har gjort tilpassingar i forskrifta slik at kommersielt tilgjengeleg radioutstyr i 5 GHz-bandet kan nyttast. I Noreg er det difor lagt godt til rette for etablering av lokale trådlause nett.

8.1.5 Framføringsvegar for telenett skal utnyttast betre

Kommunane har eit planleggingsansvar for infrastruktur, som også omfattar breiband. Regjeringa vil i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund vurdere å utarbeide retningslinjer for lokal planlegging og koordinering av infrastruktur for breiband. I samarbeid med Kommunenes Sentralforbund skal det utarbeidast konkret rettleiingsmateriale til kommunane om framføringsvegar, medrekna kva for ei rolle kommunane bør ha, og korleis utbygginga kan skje.

Kommunane si rolle ved effektiv utnytting av framføringsvegar er omtalt i avsnitt 7.2.3. Planlegging av infrastruktur for breiband inngår som ein del av kommunane sitt planansvar i samsvar med plan- og bygningslova. Regjeringa vil stimulere til løysingar som kan leggje grunnlaget for godt utbygde føringsvegar som stimulerer til effektiv bruk – utan at det på lengre sikt er nødvendig med stor grad av statleg styring og tilsyn. Teleoperatørar kan ha kommersielle grunnar for ikkje å gi ein konkurransedyktig pris for tilgang til infrastrukturen sin, når dei sjølv tilbyr tenester i konkurranse med selskap som ønskjer tilgang. Eit kortsiktig verkemiddel som kan nyttast for å betre desse forholda, kan vere å etablere ei aktiv prisregulering av tilgang til framføringsvegar (samlokalisering). Men eit slikt tiltak vil etter alt å dømme føre til eit behov for vedvarande statleg regulering på dette området, i staden for å stimulere til etablering av «nøytrale aktørar» eller alternative føringsvegar. Prisregulering av framføringsvegar kan gi negative signal til operatørar som kan byggje eigne føringsvegar og hemme ei utvikling mot at kommunane sjølv kan etablere eigarskap til føringsvegar som kan brukast av alle tilbydarar på like vilkår.

Regjeringa si vurdering er at det fyrst og fremst er viktig å rette innsatsen mot å få til auka kommunalt engasjement i forhold til framføringsvegar. Kommunane har gode moglegheiter til å gjere seg sjølv meir attraktive for breibandsoperatørar gjennom at dei reduserer kostnadene ved breibandsutbygging, særleg i forhold til jordkabel. Dette kan gjerast anten ved å ta ei aktiv samordnande rolle, til dømes ved å informere operatørar om graving for anna formål, eller ved sjølv å leggje eigne trekkrøyr når det blir grave for andre formål. Utan store kostnader vil det då vere mogleg å etablere alternativ infrastruktur. Kommunane kan då sjølv eige framføringsvegar som ulike operatørar på like vilkår kan nytte for eigne kablar.

Kostnadene for kommunane ved å byggje framføringsvegar er moderate, mens gevinstane på noko lengre sikt (5–15 år) kan bli store. I tillegg meiner Regjeringa at kommunane må vise varsemd med å pålegge gebyr og avgifter for framføringsvegar, fordi dette påverkar planlegginga og lønnsemda for breibandsutbyggjarar.

For å leggje til rette for at kommunane tek eit aktivt ansvar på dette området, er det behov for meir rettleiing på fleire område, som til dømes prisar, samordna gravemelding, koordinering og påvising av framføringsvegar, sikkerheits- og sårbarheitsaspekt, mobilisering av kommunale aktørar, og anna.

8.2 Breibandsutviklinga skal stimulerast

Offentleg sektor har hand om ein omfattande tenesteproduksjon og mange tilhøyrande aktivitetar som forvaltning av grunndata og informasjon overfor publikum. Regjeringa ønskjer at den samla tyngda i den offentlege etterspørselen skal utnyttast systematisk for å modernisere offentleg forvaltning, blant anna gjennom bruk av breiband. Slike bruksmåtar kan forbetre kvaliteten på tenestene og gi moglegheiter for effektivisering og samarbeid.

Regjeringa legg også opp til å forbetre vilkåra for privat utvikling av innhald og tenester som er baserte på offentleg eigde grunndata. Formålet med skattefritaket for heime-PC er å auke den generelle IT-kompetansen. Fritaket omfattar breibandtilknyting.

8.2.1 Tyngda i offentleg etterspørsel skal utnyttast

Kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar utgjer samla den største brukargruppa av informasjonsteknologi og elektroniske tenester i samfunnet. Regjeringa har prioritert modernisering av offentleg sektor. IT er i den samanhengen eit viktig verkemiddel for å nå Regjeringa sitt mål for moderniseringsarbeidet. Offentleg bruk av breiband og andre IT-løysingar utgjer ein stor etterspørselskraft, og kan medverke til større og raskare utbreiing av infrastruktur og tenester for breiband. Det offentlege bør likevel basere sin eige bruk av IT-løysingar på nytte- og kostnadsvurderingar i forhold til dei tenestene og tilboda dei skal levere. Helse- og sosialsektoren og skulesektoren er spesielt aktuelle for etterspørsel etter breiband og bruksmåtar for breiband. Desse to sektorane er spesielt omtalte nedanfor. Utnytting av tyngda i offentleg etterspørsel er normalt ikkje konkurransehindrande og er i tråd med generelle tilrådingar frå OECD.

Vidare utvikling av Nasjonalt Helsenett er eit viktig bidrag til bruk av breiband

Nasjonalt helsenett skal vidareutviklast, og meldingar og kodeverk i helse- og sosialsektoren skal oppdaterast. For å forenkle og automatisere meldingsutvekslinga må journalleverandørar og andre leverandørar tilpasse systema sine til meir standardiserte løysingar.

Som omtalt i avsnitt 2.2.3 vil det i 2003 bli etablert eit eige lukka Nasjonalt helsenett, som er eit logisk nett som nyttar gjeldande fysisk teleinfrastruktur. Nettet vil gi breibandskapasitet som gjer det mogleg å få til betre samhandling mellom helseinstitusjonane. Dei fleste legekontor i Nord-, Midt-, og Vest-Noreg var i februar 2003 allereie knytte til nettet. I samarbeid mellom Helsedepartementet, dei regionale helseføretaka og Sosial- og helsedirektoratet skal det i løpet av 2003 utarbeidast ein strategi for vidareutvikling av Nasjonalt helsenett.

Oppkopling av kommunal sektor til helsenettet vil krevje store ressursar på sikkerheitsområdet. Mange kommunar kjem til å trenge hjelp til sikkerheitsarbeidet. Helse- og sosialsektoren må leggje stor vekt på tryggleik og personvern, og Datatilsynet er ein viktig premissgivar. Det er utarbeidd rettleiingar for dette formålet. Rikstrygdeverket har i januar 2003 inngått ein rammeavtale med ein leverandør om tilbod på elektronisk signatur/PKI-tenester overfor helsesektoren og statlege trygdesektor. Dette tilbodet blir teke i bruk i stort omfang i tida framover. Sosial- og helsedirektoratet vil i løpet av eitt års tid utvikle ei bransjenorm for IT-tryggleik i den institusjonaliserte helse- og sosialsektoren. Den skal gi føringar for tilknyting til – og sikkerheitsstrategi i – Nasjonalt helsenett.

I dei kommunale helse- og omsorgstenestene blir kompetanseheving av leiarane eit grunnleggjande verkemiddel. Manglande kompetanse hos leiarar når det gjeld både IT og organisasjonsendringar fører til at tiltak på dette feltet blir nedprioriterte når budsjetta i kommunen er tronge.

Det er behov for å gi kommunehelsetenesta tilgang til nødvendig infrastruktur. I gjeldande tiltaksplan for elektronisk samhandling i helse- og sosialsektoren har breibandstilkopling for sjukehusa vore prioritert. I den neste tiltaksplanen, som skal gjelde frå 2004, blir det venteleg lagt meir vekt på helse- og omsorgstenesta i kommunal sektor.

Sosial- og helsedirektoratet har gitt økonomisk stønad til dei regionale helseføretaka til oppkopling av legekontor til det respektive helsenett (ISDN og ADSL). Ved utgangen av 2003 kjem det framleis til å vere mange legekontor utan slik tilknyting. Eit viktig tiltak for auka og trygg informasjonsutveksling er standardisering av meldingar og eit oppdatert kodeverk. I sosial- og helsesektoren blir dette arbeidet utført av Kompesenter for IT i helsesektoren (KITH), under leiing av Sosial- og helsedirektoratet. Dette arbeidet, sett i samanheng med dei funksjonskrava som Den norske lægeforening nyleg har fått utarbeidd i sitt ELIN-prosjekt, medfører at journalleverandørar og andre leverandørar i helsesektoren tilpassar systema sine til meir standardiserte løysingar. Dette vil etter kvart forenkle og delvis også automatisere meldingsutvekslinga vesentleg, noko som igjen vil bety behov for auka nettkapasitet.

Utdanningssektoren er ein viktig brukar av breibandstenester

Regjeringa vil leggje til rette for standardisering og bruk av digitale læringsressursar og etablere eit nasjonalt læringsnett. Oppgraderinga av forskingsnettet Uninett skal halde fram. Ordninga med rentekompensasjon for lån til opprusting av skulebygg er utvida, og kan også omfatte kostnader for breibandstilknyting for skulane.

Innanfor utdanningssektoren skal det setjast i verk ei rad tiltak for å stimulere etterspurnad etter breiband, kompetanse og innhald. Nokre av tiltaka som blei sette i verk under handlingsplanen for IKT i utdanninga (2000–2003), blir førte vidare. Dei viktigaste tiltaka er:

  • Regjeringa vil hausten 2003 ta stilling til om programmet Høykom Skole (sjå avsnitt 8.3.3) skal vidareførast for ein periode på to eller fire år.

  • Det vil bli utvikla ein strategi for digitale læringsressursar. Eit viktig element i strategien er å sikre at marknaden for digitalt innhald får høve til å fungere på ein god måte.

  • Arbeidet med standardisering av læringsressursar og læringsadministrative system held fram. Dette arbeidet er nødvendig for å gjere det mogleg å utvikle, gjenbruke og dele innhald.

  • Heving av lærarane sin kompetanse har framleis høg prioritet. Tilbodet om etterutdanning i pedagogisk bruk av IT held fram til våren 2004.

Utdanningsportalen utdanning.no skal leggje til rette for og presentere digitale læringsressursar til bruk i utdanninga. Dette skal dels vere læringsressursar som er fritt tilgjengelege for alle, og dels marknadsbaserte læringsressursar. Gjennom eit systematisk samarbeid mellom det offentlege og private tilbydarar vil ein etablere eit forum for Offentleg og Privat Samarbeid (OPS) som kan gi bidrag og premissar for utvikling av digitale læringsressursar til utdanninga. Ein viktig premiss er at både det offentlege og private medverkar organisatorisk og finansielt.

Forskingsnettet Uninett blei omtalt i avsnitt 3.2. I 2000 starta ei satsing for oppgradering av forskingsnettet. Ei slik satsing inneber oppgradering og utbygging av lokale og regionale fibernett, og ei opprusting av den interne infrastrukturen og terminalutstyret i institusjonane, slik at brukarane får tilgang til gigabit-kapasitet heilt fram til kvar enkelt arbeidsstasjon. Det er i dag underskot på overføringskapasitet i forskingsnettet. Ved å oppgradere forskingsnettet vil ein unngå flaskehalsar i nettet. Dette kan gjere det mogleg å utvikle neste generasjons applikasjonar. Dei vil først og fremst bli nytta i universitets- og høgskolesektoren, men kan også nyttast til dømes i helsesektoren, kultursektoren og offentleg forvaltning.

Regjeringa vil etablere eit nasjonalt læringsnett som skal leggje til rette for ein fleksibel undervisningssituasjon der sjølvbetening over nett, distribuert samarbeid og «fri flyt» av studentar mellom institusjonane blir ein realitet. Som eit ledd i arbeidet med å gjennomføre e Norge-planen sine mål om breibandstilknyting for grunnskule og vidaregåande skule har Uninett stifta selskapet Uninett ABC som skal utforme og tilrå arkitektur og strategi for utbygging av infrastruktur, tenester og læringssystem til heile utdanningssektoren i heile utdanningsløpet.

Med verknad frå 1. januar 2002 har Stortinget vedteke ei statleg finansieringsordning der kommunar og fylkeskommunar skal få kompensert renteutgifter knytte til nybygg og utbetring av skuleanlegg. Kommunesektoren skal gjennom ordninga stimulerast til å rehabilitere, ruste opp og leggje til rette gjeldande skuleanlegg, og til å oppføre nye skulebygg der det er behov for det. Finansieringsordninga kan også dekkje kostnader ved breibandstilknyting til skulane dersom dette inngår i eit aktuelt byggjeprosjekt. Aktuelle prosjekt som det blir søkt tilsegn om rentekompensasjon for, må vere vedtekne av kommunestyret eller fylkestinget. Finansieringsordninga gjer det mogleg for kommunesektoren å ta opp rentefrie lån på til saman 15 milliardar kroner, der fem av åra er avdragsfrie og kvart lån har ei samla løpetid på 20 år. Tilsegn om stønad vil bli fordelt over ein 8-årsperiode etter søknad. Staten dekkjer rentekostnadene for heile 20-årsperioden utrekna med utgangspunkt i eit tilsvarande lån med flytande rente i Husbanken. Per 06.03.03 er det registrert søknader frå 672 prosjekt over heile landet. Breiband inngår i 175 av desse.

8.2.2 Utviklinga av tenester og innhald skal stimulerast

Tilgang på offentleg eigde grunndata skal stimulere tenesteutviklinga

Regjeringa vil sikre innhaldsprodusentar tilgang til offentleg grunndata. Regjeringa tek sikte på å etablere klare retningslinjer på feltet i 2004, også for konkurransemyndigheitene si rolle, og vil gjennomføre eventuelle påkravde endringar i finansieringa av innteningsgrunnlaget for dei statlege verksemdene innan 2007.

Som omtalt i avsnitt 4.3.1 eig offentleg sektor store mengder grunndata, mellom anna arkivmateriale, kartdata, eigedomsinformasjon med meir. Slike data er av aukande kommersiell interesse. Klare rammevilkår for tilgang på desse data er ein føresetnad for auka verdiskaping i privat sektor, utskiljing av marknadsdivisjonar i relevante statlege verksemder og auka samarbeid mellom offentlege og private aktørar for løysing av sentrale samfunnsoppgåver. Regjeringa vil arbeide for at det blir god tilgang på slike data til samfunnsøkonomisk riktige prisar. I arbeidet vil ein vurdere forholdet til relevant lovgiving, til dømes på personvernområdet.

Eit EU-direktiv om bruksmåte og kommersiell utnytting av informasjon frå den offentlege sektoren vil truleg bli vedteke i 2003. Eit forarbeid for implementeringa av direktivet er starta i samarbeid mellom Nærings- og handelsdepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet, med sikte på å behandle prinsippa for tilgang til og sal av data til ulike aktørar i offentleg og privat sektor, medrekna avgjerder om likebehandling, svarfrist, dataformat og opplysning om prisar. Det er viktig at prisprinsippa som blir lagde til grunn, ikkje medfører vriding i konkurransen, og samtidig legg til rette for oppretting av nasjonale infrastrukturar på relevante felt. Tilrettelegging for konkurranse og næringsutvikling må bli sett i samanheng med behovet for kostnadsdekning i offentlege etatar.

Innhaldsprodusentar skal ha dei same rammevilkåra som andre aktørar

Det skal gjennomførast ei utgreiing om rammevilkåra for produsentar av elektronisk innhald. Utgreiinga skal gi ei oversikt over rammevilkår som verkar vridande på konkurransen i forholdet mellom tradisjonelle innhaldskanalar og elektronisk innhald.

Regjeringa gjennomførar no ei utgreiing om rammevilkåra for produsentar av elektronisk innhald. Regjeringa si strategi for elektronisk innhald blei lagd fram i april 2002. Strategien omhandla ei rekkje forhold med verdi for produksjonen av elektronisk innhald i Noreg. Sjølv om det kom inn ei rekkje innspel i samanheng med utarbeidinga av strategien, er det behov for ein samla analyse av rammevilkår for produsentar av elektronisk innhald, med vekt på rammevilkår som verkar vridande på konkurransen. Prosjektrapport ligg føre hausten 2003. Analysene skal munne ut i forslag til tiltak.

Utgreiinga skal gi ei mest mogleg fyldig oversikt over rammevilkår som verkar vridande på konkurransen i forholdet mellom tradisjonelle innhaldskanalar og elektronisk innhald. Rammevilkår omfattar her alle element i politikken til dei offentlege myndigheitene som har med innhaldsfeltet å gjere, medrekna regulering (lovverk, forskrifter, retningslinjer), verkemiddel (refusjonsordningar, tilskotsordningar) og skatte- og avgiftsforhold, men også verknader av eigenproduksjon i det offentlege, mellom anna med tanke på digitale læremiddel.

Pilotprosjekt skal medverke til produksjon av elektronisk innhald

Regjeringa vil vidareføre pilotprosjekt for å gi framdrift i særleg samfunnsnyttig produksjon av elektronisk innhald og kaste lys over relevante problemstillingar.

Regjeringa sin strategi for elektronisk innhald trekte opp sentrale problemstillingar på innhaldsfeltet og definerte fem pilotprosjekt. Nokre av desse er allereie avslutta.

  • Auka tilgang til stadfesta informasjon. Statens kartverk har organisert og leia eit prosjekt der hovudmålet har vore å auke tilgangen til geografisk informasjon for eit vidt spekter av brukarar. Prosjektet har vore konsentrert om finansieringsmodellar og prising. Rapporten frå prosjektet var med og danna grunnlag for St.meld. nr. 30 (2002–2003). Rapporten vil òg bli nytta i arbeidet med tilgang til offentleg eide data. Statens kartverk arbeidar òg vidare med desse problemstillingane.

  • Språkteknologi. Kultur- og kyrkjedepartementet og Nærings- og handelsdepartementet gav Norsk språkråd v/Sekretariat for språkteknologi i oppdrag å koordinere ei utgreiing av sentrale problemstillingar innanfor feltet «Samling og tilgjengeleggjering av norske språkteknologiske ressursar». Forskingsmiljø og næringsinteresser har medverka i prosjektet. Endeleg rapport var ferdig 24. oktober 2002 og utgjer eit viktig grunnlag for vidare arbeid med språkteknologi i Noreg. Regjeringa vil arbeide for at norske aktørar medverkar aktivt i relevante utviklingsaktivitetar innanfor EU på dette området.

  • Kunnskapskjelder på norsk – brukarundersøking . Det vil bli gjennomført ei brukarundersøking som skal gi ein peikepinn til myndigheiter og produsentar både om kva kjeldebehov det er ønske om å få dekt gjennom digitale medium i skule- og biblioteksektoren, og kva teknologisk plattform løysingane bør presenterast på. Utgreiinga blir eit viktig innspel til portalarbeidet i utdanningssektoren og arbeidet med å utvikle eit norsk digitalt bibliotek. Ho skal vere klar hausten 2003.

  • Gjenbruk og utnytting av elektronisk informasjon i helsesektoren . Pilotprosjektet vil føre arbeidet med metadatabasen «Volven» vidare og medverke til at målgruppene tek ressursane i bruk. Volven skal gi oversikt over og tilgang til det felles metadatagrunnlaget i helsetenesta, slik som kodeverk, klassifikasjonar, termar, omgrepsdefinisjonar, datadefinisjonar og anna. Tilgang og bruk av metadata er ein viktig føresetnad for å realisere det potensialet for effektivisering av helsesektoren som ligg i auka bruk av informasjonsteknologi. Prosjektrapport ligg føre.

  • eSápmi-koordinator og somme utviklingsprosjekt . Prosjektet og eSápmi-planen meir generelt har utfordringane knytte til samisk teiknsett som eit viktig satsingsområde, og vil dessutan prøve ut aktuelle administrative løysingar for Noreg som heilskap i avgrensa skala. Rapport er motteken, og prosjektet blir vidareført.

8.2.3 Skattefritak via arbeidsgivar skal auke den generelle IT-kompetansen

Ordninga med skattefritak for datautstyret til arbeidsgivaren i heimen vil bli vidareført, og omfattar også utgifter til breiband.

Ordninga med skattefritak for innkjøp av PC gjennom arbeidsgivar blei formelt etablert i 1997. Gjennom ei endring i forskrifta til skattelova blei det formelt innført skattefritak for arbeidstakars private bruk av datautstyr utlånt frå arbeidsgivar. Bakgrunnen for skattefritaket var eit ønske om å byggje opp den generelle IT-kompetansen hos arbeidstakarane. Etter ein gjennomgang av det aktuelle regelverket avgjorde Finansdepartementet 16. oktober 2001 at praksisen med skattefritak for trekk i lønn til å finansiere tilsette sin heime-PC skulle avviklast. Etter regjeringsskiftet 19. oktober 2001 blei brevet trekt tilbake, slik at ordninga med skattefritak for trekk i lønn til finansiering av tilsette sin heime-PC gjennom arbeidsgivar heldt fram. Per 6. mai 2003 er forskrifta justert.

Den gjeldande ordninga med skattefritak for arbeidsgivar sitt datautstyr i heimen omfattar på visse vilkår også utgifter til breiband. Ordninga med skattefritak for heime-PC har vore ein suksess. Tal frå IKT-Norge viser at det blir selt totalt 500 000–600 000 PC-ar per år i Noreg, og at over 400 000 arbeidstakarar har gjort bruk av skattefritaksordninga i perioden 1998–2002, med 80 000–100 000 per år. Det er noko uvisse knytt til tala.

På same måte som ordninga med skattefri PC har vore ein suksess, er det venta at mange vil utnytte moglegheita til også å få skattefritak for breiband. Regjeringa ønskjer å stimulere næringslivet og offentlege verksemder til å ta i bruk ny teknologi og bruksmåtar for breiband. Det vil gi fleksibilitet og effektivisering i næringslivet, samtidig som kompetansen i å bruke teknologi blir heva for arbeidstakarane.

Gjeldande skatteregler for heime-PC omfattar på visse vilkår utgifter til breiband. 4 Hovudpunkta i ordninga er:

  • Fordel ved privat bruk av datautstyr utplassert hos arbeidstakar av arbeidsgivar blir ikkje rekna som skattepliktig inntekt når utplasseringa er knytt til jobbrelatert bruk.

  • Skattefritaket omfattar også utgiftene knytt til bruk av Internett.

  • Internett-utgiftene kan omfatte månadlege utgifter til dømes til ADSL eller breibandstilgang gjennom kabel, men skal ikkje omfatte utgifter til TV-signal eller telefoni.

  • For å kunne få dekt Internett-abonnementet skattefritt gjennom ei lønnstrekkordning er det eit vilkår at den tilsette også deltek i ei heime-PC-ordning.

  • Avtalen om dekning av Internett gjennom lønnstrekk kan ikkje begynne før eller vare ut over perioden for heime-PC-ordninga.

  • Ordninga gjeld både når utstyret blir finansiert ved reduksjon i brutto lønn og ved trekk i brutto lønn.

Eit samla overslag over skatteutgifta knytt til heime-PC-ordninga er svært usikkert. Det finst ikkje ei god oversikt over talet på arbeidstakarar som har heime-PC-avtale eller omfanget av tilleggsutstyr i avtalane. Dette inneber at overslaget både på verdien av utstyret og den private fordelen er usikre. I Nasjonalbudsjettet for 2003 blei skatteutgifta knytt til heime-PC vurdert til 530 millionar kroner påløpt i 2002, jf. St.meld. nr. 1 (2002–2003). I dette overslaget blei det skjønnsmessig lagt til grunn at den årlege private fordelen (eller inntektspåslaget) utgjer 10 prosent av ein PC til 15 000 kroner. Det blei vidare lagt til grunn at om lag 600 000 arbeidstakarar nyttar seg av heime-PC-ordninga, dvs. som anten er finansiert med trekk i bruttolønn eller som blir lånt av arbeidsgivar vederlagsfritt. Overslaget i Nasjonalbudsjettet 2003 for skatteutgifta for ordninga kan verke for lågt.

I Revidert nasjonalbudsjett 2003 blei staten sitt provenytap for ordninga med breibandstilknyting gjennom heime-PC-avtale vurdert til 200 millionar kroner påløpt og 150 millionar kroner bokført i 2003. Provenytapet som følgje av breibandstilknyting er venta å auke ytterlegare i takt med auka utbreiing av breiband og heime-PC-avtalar. Regjeringa tek sikte på å presentere eit nytt overslag på skatteutgifta i Nasjonalbudsjettet for 2004.

8.3 Det vil bli støtta opp om utvikling i område med tynnare busetjing

Som omtalt i avsnitt 3.1 er marknaden for breiband framleis i ein tidleg fase, både globalt og i Noreg. Utbyggingstakten har vore høg dei siste åra, og talet på abonnentar har det siste året vakse kraftig. Om lag 19 prosent 5 av husstandane kjem til å vere brukarar ved utgangen av 2003, og det er venta at auken held fram.

Venteleg kjem om lag 59 kommunar til å vere utan marknadsbasert breibandstilbod ved utgangen av 2005. Dekninga i privat- og bedriftsmarknaden er vurdert til å bli om lag 85–90 prosent i 2005. 6

Som omtalt i avsnitt 3.1, gir norsk geografi og folketettleik utfordringar i utbygginga av moderne infrastruktur. Det er forventa at vidare vekst i dekningsgraden ut over 85–90 prosent kjem til å ta tid, og det er i særleg grad avhengig av den teknologiske utviklinga, etterspørselen etter breiband blant dei som allereie har eit tilbod, og utvikling av attraktive tenester og innhald. Det er eit mål for Regjeringa at heile landet skal ha eit tilbod om breiband.

Analysar frå Teleplan 7 viser at meirkostnaden 8 er høg ved å oppgradere dei resterande offentlege institusjonane som er omfatta av e Norge-måla, og som ikkje vil få eit marknadsbasert tilbod. For å berekne meirkostnadene har Teleplan estimert behovet for bandbreidd for ulike offentlege institusjonar (kommuneadministrasjon, bibiliotek, skule). Det er estimert bruk av ulike Internett-tenester, som bruk av nett, e-post, filoverføring, videokonferanse og såkalla video-on-demand. Teleplan har utrekna oppgraderingskostnader for både høgt og middels ambisjonsnivå. Figur 8.1 illustrerer samanhengen mellom akkumulert meirkostnad for å oppgradere dei offentlege institusjonane som ikkje vil få eit marknadsbasert tilbod om breiband. Figuren refererer til middels ambisjonsnivå.

Figur 8.1 Akkumulert meirkostnad for å oppgradere offentlege
 institusjonar som ikkje vil få eit marknadsbasert tilbod
 om breiband

Figur 8.1 Akkumulert meirkostnad for å oppgradere offentlege institusjonar som ikkje vil få eit marknadsbasert tilbod om breiband

Kjelde: Teleplan AS 2003

Vi ser at nesten 40 prosent av Noregs befolkning bur i kommunar der ingen institusjonar treng særskilde tiltak. Etter dette kjem mange kommunar der somme, men ikkje alle institusjonar treng oppgradering. Dei «dyraste» 10 prosent av befolkninga bur i kommunar som representerer om lag 250 millionar i meirkostnader. Dette utgjer 50 prosent av totale meirkostnader, som er på litt over 500 millionar kroner. I desse kommunane vil så å seie alle institusjonar trenge særskilde tiltak. I dei dyraste kommunane er tovegs satellitt ein viktig aksessmetode: Dersom vi ekskluderer denne aksessmetoden frå kostnadsmodellen, vil kostnaden for å dekkje dei dyraste 10 prosent av befolkninga auke med 15 millionar kroner. Tilsvarande meirkostnad for høgt ambisjonsnivå er 975 millionar kroner.

For å framskunde utviklinga i distrikta vil Regjeringa styrkje rettleiingsinnsatsen og Høykom-ordninga.

8.3.1 Det er framleis behov for kompetanseutvikling og kunnskapsspreiing

Kunnskapsnivået om breiband og bruksmåtar er svært ulikt i norske kommunar. I mange kommunar er det ei utfordring å formidle verdien av breiband og illustrere bruksmåtar og nytten, mens andre kommunar treng rettleiing om både tekniske og organisatoriske spørsmål knytte til sjølve utbygginga. Mange kommunar vil gjerne ha rettleiing om prosjektutvikling og gjennomføring av større prosjekt. Kommunar og verksemder som har gjennomført prosjekt, kan ha behov for rettleiing i arbeidet med å setje i verk dei nye løysingane og utvikle nye arbeidsmåtar som sikrar at gevinstane av satsingane kan hentast ut.

Offentleg initierte rettleiingstiltak vil spele ei viktig rolle når det gjeld å formidle kunnskap og erfaringar på tvers av offentleg sektor. Hovudformålet med rettleiingsaktivitetane er å få politikarar og dei viktigaste avgjerdstakarane til å sjå verdien av å leggje til rette for bruksmåtar av breiband. Etter kvart som breibandsinfrastrukturen er på plass, må rettleiinga handle meir om vidareutvikling av bruksmåtar og endring av praksis og arbeidsmåtar slik at breiband gir ein betre tenesteproduksjon.

Ansvaret for kompetanse og nytte-/kostnadsanalysar ligg hos prosjekteigar (kommunar, private aktørar), men staten kan ha ei rolle i å initiere rettleiings- og informasjonstiltak. Sentrale myndigheiter skal ikkje gå lenger enn det som blir kravd i forhold til å etablere normsetjande krav eller tilrådingar. Det er eit mål at rettleiingsaktivitetane i størst mogleg grad skal vere sjølvfinansierte.

Det er behov for meir spreiing av kompetanse mellom lokale aktørar

Regjeringa vil styrkje rettleiingsinnsatsen gjennom betre samordning av rettleiingstenestene.

Dagens omfang av rettleiing vil sannsynlegvis ikkje vere tilstrekkeleg i forhold til den store kompetanse- og rettleiingssutfordringa lokale aktørar står overfor. Særleg i ein tidleg fase av breibandsutbygginga vil kapasitetane i rettleiingsapparatet vere viktige. Dei mest passive kommunane vil ikkje etterspørje rettleiing, og det vil difor vere behov for å oppsøkje dei for å auke forståinga for verdien av breiband.

Regjeringa ser difor eit behov for ei moderat opptrapping av rettleiingsinnsatsen i perioden fram til 2005. Grunnlaget for og innretninga av ei slik opptrapping vil bli vurdert nærmare i løpet av 2003, og sett i samanheng med Høykom (jf. avsnitt 8.3.2).

Auka satsing på kompetansespreiing kan truleg organiserast mest formålstenleg etter dagens modell, der Nasjonalt Kompetansesenter for Bredbåndsanvendelser (NKBA) og Uninett ABC inngår i nettverk med fleire høgskular. Nettverket bør utvidast etter kriterium knytte til geografi og kompetanse, med aktørar frå andre kompetansemiljø som til dømes Kompetansesenter for IT i helsevesenet (KITH), Kommunenes Sentralforbund (KS), Sosial- og helsedirektoratet (SHDIR) og Nasjonalt Senter for Telemedisin (NST).

Erfaringane hittil har vist at det i hovudsak er naturleg å utvikle ei arbeidsdeling basert på geografiske kriterium. Det blir over eit tidsrom knytt sterke band mellom dei regionale høgskulane og andre aktørar i høgskuleregionen. Det vil difor vere naturleg at kvar enkelt høgskule har ei rolle som rettleiar i sin region. Gjennom utvikling av faglege nettverk kan fagpersonar frå andre høgskular som er med i nettverket, assistere i rettleiingsarbeidet.

For å styrkje tilgangen på kompetanse er det behov for samarbeid mellom ulike kompetansemiljø som NKBA, NST, KITH, andre høgskular, Uninett med fleire. I ei vidare satsing på kunnskapsspreiing vil Regjeringa vurdere å leggje rettleiingsoppgåvene ut på anbod.

Uninett og Post- og Teletilsynet kan gi rettleiing om bygging av kommunikasjonsnett

Regjeringa vil leggje til rette for at Uninett ABC si rettleiingsrolle blir vidareførd. I tillegg vil Regjeringa vurdere å be Post- og teletilsynet styrkje rolla si som rettleiar på nettsida.

Det blir no i aukande omfang bygd regionale og lokale breibandsnettverk, der ein eller fleire kommunar, e-verk og lokale IT-selskap står for utbygginga. Offentleg initierte rettleiingsstiltak kan spele ei rolle ved etablering av slike nett ved at det blir gitt råd og rettleiing av teknisk, økonomisk og juridisk karakter. Sentrale myndigheiter bør ha ei rolle i å medverke til at slike lokale nett lettare skal kunne knyte seg til «omverda» og gi innhaldsleverandørar enklare tilgang til netta.

Det er viktig å sikre god kvalitet på dei nettverka som blir bygde. Samferdselsdepartementet gav i 2001 ut ein rettleiar som legg vekt på kommunane si rolle som tilretteleggjar av framføringsvegar for breiband. Det er likevel mykje som tyder på at det er behov for konkrete rettleiingstiltak for å sikre god kvalitet på sjølve nettverka. I dag har Uninett ABC ei slik rettleiarrolle overfor skulane når det gjeld nettutbygging, og denne satsinga vil også føre med seg at ein del kommunar blir rettleidde om infrastruktur og nettarkitektur. Vidare har Post- og teletilsynet utarbeidd ein strategi om breiband som omtaler informasjonstiltak. Regjeringa vil vurdere å utvide tilsynet si rolle som rettleiar på nettsida, som eit supplement til Uninett. Post- og teletilsynet har god kompetanse på området, og kan til dømes yte hjelp med å informere og rettleie kommunar og lokale aktørar om ulike tekniske standardar, kvalitet på teletenester, oversikt over nettutbygging, kartlegging mellom anna av tilgang til fiberkapasitet i marknaden.

Systematiske opplegg kan medverke til stimulering av etterspørsel

Regjeringa vil leggje til rette for at rettleiingsapparatet kan assistere i samling av lokal etterspørsel etter breiband.

Ei kostnadseffektiv løysing for å stimulere utbygging i område utan marknadstilbod er å samle eller «aggregere» etterspørsel etter breiband, for på den måten å fordele kostnadene på fleire brukarar. Ved at tilstrekkeleg mange breibandsbrukarar forpliktar seg til å knyte seg til nettet når det er utbygd, vil risikoen bli mindre for utbyggjarane, og terskelen for å etablere eit tilbod i område med elles usikker lønnsemd bli lågare. Opplegg for samling av etterspørsel kan variere i ambisjonsnivå frå «folkeaksjonar» for å få bygd ut ein lokal sentral til større systematiske opplegg der lokale, regionale eller nasjonale myndigheiter initierer og leier prosessar for å samle etterspørsel i stor skala slik at kostnadseffektiv utbygging blir mogleg. Felles for desse tilnærmingane er at det kan vere behov for rettleiing om korleis ein best går fram for å etablere eit effektivt system for stimulering av etterspørsel. I tillegg må nokon ta seg av den praktiske gjennomføringa av sjølve samlingsprosessen. Det vil i mange tilfelle vere formålstenleg at fylkesmennene eller fylkeskommunane har denne koordinerande rolla.

At små kommunar går saman og byggjer breibandsnett, gjer det også mogleg med ei deling av sentrale funksjonar som økonomi og rekneskap, bibliotektenester og felles tilrettelegging for næringsliv og forbetra publikumstenester.

8.3.2 Høykom-programmet har stor utløysande effekt

I statsbudsjettet for 2004 blir det foreslått ei utviding, Høykom-distrikt, retta mot breibandsutviklinga i distrikta.

Høykom-programmet, som er på Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett, er inne i sin andre treårsperiode med siste virkeår 2004. Programmet har hittil hatt stor utløysande effekt, god geografisk spreiing, og gitt opphav til omfattande samarbeid i det offentlege og med private. Prosjektporteføljen med erfaringar frå fleire hundre bruksorienterte prosjekt er eineståande, også i internasjonal samanheng. Etableringa av eit nasjonalt kompetansesenter og eit rådgivarnettverk medverkar til kunnskapsdanninga i Distrikts-Noreg. Programmet skal støtte opp om realiseringa av e Norge 2005 ved å gi stønad til utvalde prosjekt i offentleg sektor som:

  • er retta mot behov og bruksmåtar og legg vekt på verdiskaping og gevinstar,

  • har omfattande potensial for betra samhandling i og mellom verksemder og

  • kan utnytte IT – med vekt på breibandskommunikasjon som «mogleggjerar».

Figur 8.2 Breibandsdekning i privatmarknaden mai 2003 og virkeområde
 for dei distriktspolitiske verkemidla

Figur 8.2 Breibandsdekning i privatmarknaden mai 2003 og virkeområde for dei distriktspolitiske verkemidla

Kjelde: ECON Senter for Økonomisk Analyse 2003

Frå og med 2002 er det etablert eit skuleprogram (Høykom-skole) i regi av Utdannings- og forskningsdepartementet som operativt er knytt til Høykom-programmet. Dette programmet skal arbeide langs tre linjer:

  • Utgreiing om framtidig behov/kravsspesifikasjon for breiband i utdanningssektoren.

  • Stimuleringstiltak for infrastruktur, det vil seie tilskot til kommunar og fylkeskommunar til infrastrukturutbygging og pedagogisk bruk av breiband på grunnlag av søknader.

  • Stimuleringstiltak for innhalds- og tenesteutvikling.

Tabell 8.1 Årlege tilskot over statsbudsjettet til Høykom-programma (millionar kroner)

  1999 2000 2001 2002 2003
Høykom (NHD) 12 20 38,5 53,5 51,5
Høykom-skole (UFD) 48 23
SUM 12 20 38,5 101,5 74,5

Ved utløpet av programperioden i 2004 kjem Høykom-programma til å ha støtta tilnærma 400–500 prosjekt. Av desse er om lag 100 innanfor delprogrammet Høykom-skole. Då er det gitt tilskot på om lag 250 millionar kroner til ein prosjektportefølje med ei samla prosjektramme på bortimot 1 milliard kroner. Programmet har altså hatt god utløysande verknad. Høykom-programma har frambringa ei rekkje pilotar og løysingar med omfattande potensial, som til dømes nye eller forbetra tenester i offentleg sektor. Høykom har i tillegg ført til betre samhandling innanfor prioriterte sektorar, særleg helsesektoren, delar av kommunal tenesteyting og interkommunalt samarbeid om til dømes kartverk. Etableringa av eit nasjonalt kompetansesenter for breibandsbruk ved Høgskolen i Finnmark og Høgskolen i Lillehammer er finansiert ved hjelp av Høykom-midlar, og medverkar til å dekkje det omfattande rettleiingsbehovet i kommunane.

Nærings- og handelsdepartementet sitt Høykom-program skal evaluerast i 2003, og evalueringa skal etter planen vere avslutta i desember 2003. Den vil vise kva for resultat ein har oppnådd. Evalueringa vil også peike på eventuelle målsetjingar som ikkje er nådde, og gi råd om vidare oppfølging. Det blir særleg lagt vekt på samarbeidsløysingar mellom statlege etatar, fylkeskommunar, kommunar og bedrifter. Vidare blir det lagt vekt på planar for iverksetting av bruksmåtar for breiband, der kostnader og gevinstar blir adresserte.

Ei tidleg vurdering av Høykom-skole har vist at dette har vore ei etterspurd ordning hos skuleeigarane. Dette heng både saman med at det er gitt tilskot til utbygging og at det er gitt god rettleiing til søkjarane. Regjeringa vil foreslå å føre Høykom-skole-ordninga vidare.

Høykom-programmet har, med unnatak av ei særskild løyving på 7,5 millionar kroner til Finnmark i 2002, ikkje hatt midlar som er særskilt øyremerkte for distrikta. Samtidig er det utfordringar knytt til utbreiing og bruk av breiband i distrikta. Econ/Teleplan har på oppdrag av Samferdselsdepartementet kartlagt breibandsmarknaden i Noreg. Kartlegginga viser at dei områda som ikkje har eit breibandstilbod, samsvarer ganske godt med sonene A til C i det distriktspolitiske virkeområdet, sjå figur 8.2. Området A til C representerer om lag 1,1 millionar innbyggjarar.

Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2004 foreslå eit nytt delprogram, Høykom-distrikt. Høykom-distrikt bør truleg innrettast slik at midlane støttar prosjekt som omfattar fleire kommunar, og det er aktuelt å stille krav om regional planlegging av breibandsutbygging. Det kan vere naturleg å knyte Høykom-distrikt til utvalte soner i det distriktspolitiske virkeområdet.

Fotnotar

1.

Ot.prp. nr. 58 (2002–2003) og Innst.O. nr. 121 (2002–2003)

2.

Mellom anna rapportar frå Econ, Teleplan og Norsk Telecom.

3.

Forskrift om tillaten bruk av frekvensar er i samsvar med EØS-retten.

4.

Forskrift om endring i forskrift av 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14. Nærmare informasjon finst også på heimesidene til Skattedirektoratet, http://www.skatteetaten.no/personer/sos/pc/sospc/

5.

Norsk Telecom, august 2003

6.

ECON Senter for Økonomisk Analyse 2003: Oppdatering av status for bredbånddekning og tilknytning i Norge

7.

Teleplan 2003: Bredbånd til offentlige institusjoner – kostnadsestimater og ringvirkninger

8.

Meirkostnad er skilnaden mellom berekna inntekter og kostnader. Meirkostnaden er eit uttrykk for kva Teleplan vurderer som nødvendig kapital for at operatørane si utbygging skal gå i pluss for dei aktuelle institusjonane. Meirkostnaden er basert på ei rimeleg forventa avkastning på kapitalen (12 prosent) over ein gitt tidsperiode (sju år).

Til forsida av dokumentet