St.meld. nr. 50 (2000-2001)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2001 og fisket etter avtalene i 1999 og 2000

Til innholdsfortegnelse

3 Dei ulike fiskeriavtalene for 2001

I tråd med dei etablerte rammeavtalene fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste bilaterale forhandlingane for 2001 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. I tillegg har Noreg ført kvoteforhandlingar med Polen.

Noreg har også samarbeid om gjennomføring av trepartsavtala med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen, og med Island om kvotebytte og oppfølging i tråd med Smottholavtala.

Det er også gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland.

Noreg tek vidare del i forhandlingane om makrell både i forhold til trepartsavtala mellom Noreg, EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg er dessutan med i forhandlingane om etablering av eit forvaltningsregime for kolmule.

Noreg er medlemmer og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriorganisasjonane NAFO og NEAFC. Frå norsk side deltar ein også i IWC og NAMMCO i forhold til forvaltninga av kval. Ein dessutan engasjert seg for å få fjerna forbodet mot handel med produkter frå vågekval gjennom CITES (Convention on International Trade in Endangered Species of Wild Fauna and Flora). Som medlem i CCAMLR er Noreg representert på organisasjonen sine møter. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT som observatør. Noreg er dessutan medlem i den nyoppretta regionale forvatningsorganisasjonen SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organization).

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES (International Council for the Exploration of the Sea). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området. ICES har ein rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACFM (Advisory Committee on Fisheries Management). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i NordaustAtlanteren.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Figur 3.1 ICES - fiskeristatistiske områder

Figur 3.1 ICES - fiskeristatistiske områder

Figur 3.1 viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Til fiskeriforhandlingane utnemner Fiskeridepartementet forhandlingsdelegasjonar med representantar frå Fiskeridepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Utanriksdepartementet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund og Fiskerinæringens Landsforening.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeridepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta blir det gjort greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa blir drøfta. Her blir grunnlaget for kva som skal vere instruksen for forhandlingsdelegasjonen lagt. Denne instruksen blir endeleg klarert av fiskeriministeren. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeriministeren seg med resten av Regjeringa.

3.2 Kvoteavtalene for 2001

Avtaler om gjensidige fangstkvotar

3.2.1 Noreg - Russland

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde. Partane avtaler også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland, blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noreg si økonomiske sone (NØS) og 40 % til Russland si økonomiske sone (RØS). Avtala opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i den andre parten si sone. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland. Avtala inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.

Kvoteavtala for 2001 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Tromsø 17. november 2001. Ei hovudfordring i forhandlingane var å finne fram til løysingar på spørsmålet om torskeforvaltninga. Torskebestanden er utanfor føre-var grensene som er sett for fiskedødelegheit og gytebestand.

Partane vart samde om å fastsette ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 395.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk for dei tre neste åra (2001-2003). I tillegg kjem 40.000 tonn norsk kysttorsk for kvart av åra. Med den treårige kvoten forventar partane å redusere fiskepresset og byggje opp gytebestanden i perioden.

Torskekvoten for 2000 var på 390.000 tonn medrekna 40.000 tonn murmansktorsk, pluss 40.000 tonn norsk kysttorsk.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 55.900 tonn. Av dette kan 15.800 tonn fiskast i fiskevernsonen ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 23.300 tonn til NØS og 16.800 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg i 2001. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 195.550 tonn, medrekna 40.000 tonn norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk, er på 183.550 tonn.

For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland sett ein totalkvote på 85.000 tonn, medan kvoten var på 62.000 tonn i 2000. Det er sett av ei hysekvote til tredjeland på 4.400 tonn, som er delt med 2.640 tonn til NØS og 1.760 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk hyse til Noreg i 2001. Etter overføring er den norske kvoten på 46.300 tonn og den russiske på 34.300 tonn.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtala er Noreg og Russland for 2001 samde om lik høve til å fiske torsk og hyse i partane sine soner. I 2001 kan såleis Russland fiske 140.000 tonn torsk og 20.000 tonn hyse av sine kvotar i Noreg si økonomiske sone. Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russland si økonomiske sone.

I perioden 1993-1999 vart det ikkje fiska lodde i Barentshavet. I 1999 vart det opna opp for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80.000 tonn, og for 2000 vart kvoten auka til 435.000. For 2001 er det fastsett ein kvote på 630.000 tonn lodde. Den norske andelen er på 378.000 tonn og den russiske på 252.000 tonn. Fiskeridepartementet har for 2001 bestemt at norske konsumleveransar av rognlodde skal vere avgrensa til 45.000 tonn.

Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 2001, er Russland tildelt ein kvote på 2.000 tonn snabeluer (Sebastes mentella) for eit direkte fiske. Det er forbod mot eit direkte fiske av uer nord om 70°N. Russland har likevel høve til eit direkte fiske som ledd i ei vitskapleg kartlegging av uerbestanden. Vidare har Russland ein samla kvote på 1.500 tonn av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer som bifangst, 5.000 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse og 2.000 tonn steinbit for eit direkte fiske.

I tillegg kan Russland fiske 50.000 tonn kolmule i eit nærmare avgrensa område i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 4 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3.000 tonn andre artar som bifangst.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 2001. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskapar, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2001.

Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 2001, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3.000 tonn reker, 1.500 tonn steinbit, 1.000 tonn flyndre og 500 tonn andre artar som bifangst. Noreg kan også fange 5.000 grønlandssel i Austisen.

På møte i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vart det gjort vedtak om å føre vidare forskingsfangsten etter kongekrabbe. Partane kan samla ta 200.000 krabbar fordelt med 100.000 krabbar til kvar i sesongen hausten 2001/vinteren 2002. Partane vart samde om å opne for kommersiell fangst av kongekrabbe frå sesongen hausten 2002/vinteren 2003.

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere «Det Permanent utvalg for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren». Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom dei to landa sine kontrollmyndigheiter, medrekna utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Under forhandlingane i Tromsø i november 2000 vart det underteikna eit memorandum om kontrollsamarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystvakta på norsk side og Murmanrybvod og Grensetenesta på russisk side. Dette dokumentet formaliserer i stor grad samarbeidet om utveksling av informasjon og inspektørar, og styrker kontrollen med fiskeria i begge land.

Utvalet vil i 2001 ta føre seg viktige arbeidsoppgåver mellom anna betring av rutinane for utveksling av informasjon om landingar av torsk og hyse, medrekna landingar i tredjeland. Utvalet skal også kome med konkrete forslag til regulering av ein ordinær kommersiell fangst etter kongekrabbe, mellom anna løysingar på problema med bifangst i andre fiskeri.

3.2.2 Noreg - EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalene

På grunnlag av rammeavtala med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtaler om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane samt EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtala inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsette største tillatne fangstmengd (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 fram til ei avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtala er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.

Etablering av forvaltningsstrategiar og betring av beskatningsmønsteret

Både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen, er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalene, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. I 2000 vedtok Noreg og EU forvaltningsstrategiar for sei, torsk, hyse og raudspette som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Det står att å få på plass ein forvaltningsstrategi for kviting.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det vidare ei hovudutfordring å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen.

I samanhang med arbeidet med betring av beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teke i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken («highgrading»). Resten blir kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Fisken som blir kasta ut går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedødelegheit og faktisk dødelegheit. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for alle kommersielt viktige fiskeslag. Ei løysing på utkastproblemet er ei hovudutfordring for Noreg og EU.

Situasjonen for botnfiskbestandane i Nordsjøen er svært dårleg, og situasjonen for torsken i Nordsjøen er særleg kritisk. Noreg og EU vart difor samde om ein vesentleg reduksjon av totalkvoten for torsk i 2001, i tillegg til at partane møttest i januar 2001 for å diskutere ytterlegare tiltak for å byggje opp att torskebestanden i Nordsjøen. Noreg og EU underteikna 24. januar 2001 ei avtale om stenging av eit større område i Nordsjøen i perioden 14. februar til 30. april 2001. Partane vart også samde om å fastsetje fleire tiltak, mellom anna tiltak for å betre seleksjonen i fiskereiskapane. Vidare vart dei samde om at det skal utarbeidast ein omfattande plan for å byggje opp att torskebestanden i Nordsjøen som skal setjast i verk seinast 1. januar 2002.

Makrell

Fram til 1999 fastsett Noreg og EU ein «referanse-TAC» for makrell i Nordaust-Atlanteren, som i tillegg til kvotar til Noreg og EU omfattar ein kvote avsett til Færøyane. Fisket i internasjonalt farvatn, som har vore oppe i relativt store kvanta, vart for første gong regulert i 1999 (sjå punkt 3.3.4).

Forvaltningsregimet for makrell har vore gjenstand for usemje mellom Noreg og EU ei lang rekke år. Hovudproblemet er deling av kvoten mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster, har ein på norsk side meint at et ein har eit rettkomme krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EU si side.

Det vert i dag sett makrellkvotar for tre forvaltningsområder. Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og beskatningsmønster, har Noreg foreslått overfor EU å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som fordelast mellom partane. Noreg har til no ikkje fått gjennomslag for dette. Eit tilleggsproblem er at EU fastsett ein særskilt makrellkvote i bestanden sitt sørlegaste utbreiingsområde (Biscaya).

Gjennomgang av sildeavtala i 2001

Noreg og EU vart i 1997 samde om ei avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. Avtala vart iverksett 1. januar 1988 og løyste eitt av dei tyngste problemkompleksa i fiskerisamarbeidet med EU.

Noreg har etter avtala ein fast del på 29 % av totalkvoten for sild i Nordsjøen, medan EU har 71 %. Avtala har som siktemål å sikre eit rasjonelt beskatningsmønster og stabile uttak. Ho inneber også mål for forvaltninga og sett grensar for fiskedødeligheit på dei ulike komponentane av bestanden, samt lågast akseptable nivå for gytebestanden.

Forskarane i ICES har gjennom offisielle tall vist at det over tid vart fiska store mengder ungsild i Nordsjøen. Det er i det heile særs uheldig å fiske ungsild, fordi denne silda skal rekruttere til den vaksne fiskbare delen av sildebestanden (gytebestanden). Fisket av ungsild medverkar til å utsette veksten i gytebestanden av nordsjøsild. Eit særleg viktig element i silderegimet er derfor at fisket etter ungsild blir redusert og kontrollert.

I samsvar med avtala, skal partane ha ein gjennomgang av sildearrangementet innan 31. desember 2001.

Kontroll

Generelt er arbeidet for å skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen ei viktig oppgåve: til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking, og satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000. Vidare er det eit hovudmål å sikre harmonisering av kontrollføresegnene. I denne samanhangen vil Noreg og EU føre vidare eit samarbeid om prosedyrar for veging av fangstar, vatntrekk og omrekningsfaktorar for å sikre lik kvoteavrekning.

2001-avtala

Etter to forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 1. desember 2000, ei kvoteavtale for 2001.

Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2001 (tonn):

FiskeslagTACKvote til NoregKvote til EU
Torsk48.6008.26040.340
Hyse61.0007.655*53.345
Sei87.00045.24041.760
Kviting29.7002.97026.730
Raudspette78.0001.460*76.540
Makrell71.42543.37023.190
Sild265.00076.850188.150

* Kvote til Noreg etter overføring av respektive: 6.375 tonn hyse, og 4.000 tonn raudspette til EU.

Kvoteavtalen for 2001 speglar den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Dette har ført til vesentlege reduksjonar i totalkvotene for torsk, hyse og raudspette, noko som reflekterast gjennom eit redusert kvotebyttet mellom Noreg og EU. Torskekvoten er redusert med 40 % i forhold til i 2000. Sildekvoten er på same nivå som i 2000, medan dei andre kvotene er omlag som året før. Det er sett ein bifangstkvote på 36.000 tonn Nordsjøsild i EU sitt fiske etter andre artar i Nordsjøen i 2001. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Totalkvoten for makrell er i 2001 sett til 556.065 tonn mot 542.545 i 2000. Av totalkvoten for 2001 kan 71.425 tonn fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 127.830 tonn i Noreg si økonomisk sone nord om 62°N og i internasjonalt farvatn og 356.810 tonn kan fiskast i EU sitt jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtala med EU på 174.200 tonn.

Tabell 3.2 Etter avtala kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2001 (tonn):

FiskeslagKvote til Noreg i EU-sonaKvotar til EU i norsk sone
Augepål10.00050.00
Tobis30.000150.00
Kolmule190.6401.00
Blålange500
Lange9.500
Brosme5.000
Kombinert kvote600
Pigghå200
Håbrann100
Reker100900
Hestmakrell1.600
Andre artar5.00011.000

Avtala inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane. EU sine kvotar nord om 62°N i 2001 er om lag på same nivå som i 2000.

Avtala for 2001 inneber at norske fiskarar får ein samla banklinekvote på 15.000 tonn (blålange, lange og brosme). Dette er ein liten reduksjon frå 2000 då kvoten var 17.000 tonn. Kolmulekvoten er redusert med 31.360 tonn. Den norske brislingkvoten er dobla frå 5.000 tonn i 2000 til 10.000 tonn i 2001, mens det ikkje er gjort reduksjonar i den norske kvoten for hestmakrell eller i den kombinerte kvoten.

Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62°N i 2001 (tonn):

FiskeslagKvote
Norsk arktisk torsk16.355
Norsk arktisk hyse1.850
Sei3.240
Uer1.500
Blåkveite (bifangst)100
Anna (bifangst)450

Kvotene av 2001 av torsk, hyse og sei har hatt ein svak auke, men er omlag på same nivå som i 2000. I tillegg til den uerkvoten som går fram av tabellen har EU, sidan 1986 då Portugal og Spania vart medlemer i EU, fått eit tilleggskvantum uer. I tråd med brevveksling av 2. mai 1992 pliktar Noreg å gje EU ein uerkvote på permanent basis, som er eit tilleggskvantum i høve til den uerkvoten EU vart tildelt som følgje av Spania og Portugal si tiltreding. Dette kvantumet er i 2001 på 1.500 tonn. Uerkvotane kan berre takast som bifangst nord om 70°N.

Tabell 3.4 Noreg er i 2001 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

FiskeslagKvote
Brisling (EU-sona)10.000
Blåkveite (EU-sona)950
Reker (Grønlands sone)2.500
Blåkveite (Grønlands sone)1.975
Uer (Grønlands sone)1.000
Kveite (Grønlands sone)400
Skolest og isgalt (Grønlands sone)1.000
Lodde (Grønlands sone)6.700

Dei kommersielt viktige kvotane for reker, uer og kveite ved Grønland er uendra frå 2000 til 2001. Bringslingkvoten er auka frå 5.000 tonn til 10.000 tonn og dei resterande kvotane har hatt ein svak auke som følgje av den svake auka i EU sine kvotar for torsk, hyse og sei i Barentshavet.

3.2.3 Noreg - Færøyane

Dei årlege avtalene mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i partane sine soner. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket.

Kvoteavtala mellom Noreg og Færøyane for 2001 vart inngått i Kirkjubø 13. desember 2000. Etter avtala er Færøyane tildelt kvotar i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.

I NØS nord om 62°N har Færøyane i 2001 høve til å fiske 1.700 tonn norsk arktisk torsk, 395 tonn norsk arktisk hyse, 250 tonn sei og 40 tonn andre artar (uer og blåkveite). Samanlikna med 2000, er torskekvota på same nivå, medan dei andre kvotene har hatt ei auke. Færøyane sin seikvote skal også dekkje bifangst i fiske etter torsk og hyse.

Færøyane har fått ein kvote på 1.690 tonn makrell nord om 62°N. Kvoten er 40 tonn høgare enn kvoten i 2000. Avtala opnar også for at makrellkvoten kan bli fiska i Nordsjøen nord om 57° 30» N.

Færøyane kan fiske inntil 2.000 tonn kolmule som forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område. Dette arrangementet er ført vidare frå 2000. Loddekvoten for 2001 vart sett til 7.000 tonn. Dette er ei auke på 2.000 tonn frå kvoten i 2000.

I avtala for 2000 har Færøyane høve til å fiske inntil 7.535 tonn makrell i NØS nord om 57°30'N av den nasjonale færøyske kvoten avtalt i trepartsforhandlingane mellom EU, Færøyane og Noreg.

I dei årlege avtalene mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar mellom anna på nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland, i Noreg si økonomiske sone. I 2001 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 2.600 tonn norsk arktisk torsk, 400 tonn norsk arktisk hyse og 300 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N. Færøyane kan også overføre eit kvantum på 7.000 tonn lodde tildelt av Russland for fiske i NØS nord om 62°N i 2001. Overføringane frå russisk til norsk sone går inn i balanserekneskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS, skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard.

I kvoteavtala pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

Av den samla kvoten av andre artar nord om 62°N på 40 tonn tildelt av Noreg og 300 tonn tildelt av Russland, kan Færøyane ikkje fiske meir enn 150 tonn uer. Uer og blåkveite kan berre takast som bifangst.

I Noreg si økonomiske sone sør om 62°N er Færøyane tildelt 25.000 tonn augepål, tobis, kolmule og brisling. Av dette kan 2.000 tonn vere brisling. Kvoten omfattar også bifangst av andre artar, utanom sei og sild. Vidare kan færøyske fartøy fiske 1.400 tonn sei og 1.200 tonn sild. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 3.000 tonn hestmakrell. Kvotene av håbrann/pigghå og hestmakrell kan også bli fiska nord om 62°N. Hestmakrellkvoten er redusert med 3.000 tonn i forhold til kvoten i 2000. Dei andre kvotene er tilsvarande kvotane i 2000.

I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 250 tonn kolmule, og 100 tonn reker som prøvefiske utanfor 4. n. mil. Begge kvotane er monaleg redusert samanlikna med 2000.

Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 818 tonn norsk arktisk torsk og inntil 197 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Færøyane pliktar å avgrense det færøyske rekefisket i fiskevernsona ved Svalbard i samsvar med gjeldande norske forskrifter.

I Færøyane si økonomiske sone er Noreg i 2001 tildelt ein kvote på 5.222 tonn botnfisk av artane lange, brosme, sei og blålange. Dette er ei auke på 222 tonn frå 2000. Innanfor botnfiskkvoten må kvantumet sei ikkje overstige 1.000 tonn. Kvoten på 5.222 tonn botnfisk omfattar 1.200 tonn bifangst av andre artar. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel bli fiska med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner. Dei lisensierte fartøya kan fiske i eit nærmare angitt område (Færøybanken) i inntil 10 dagar kvar tur, likevel ikkje ut over 30 dagar i løpet av 2001.

I Færøyane si økonomiske sone har Noreg i tillegg fått ein kvote på 47.000 tonn kolmule som er ei auke på 5.000 tonn. Noreg er også tildelt 4.100 tonn makrell, ei auke på 100 tonn. Noreg kan i tillegg fiske 300 tonn pigghå/håbrann som prøvefiske og drive eit direkte prøvefiske med garn på 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb. Hestmakrellkvoten er redusert frå 1.250 tonn i 2000 til 250 tonn i 2001.

Med referanse til trepartsavtala om makrell mellom Noreg, EU og Færøyane av 20. november 2000, var partane samde om at alt fiske etter Nordaust-Atlantisk makrell bør vere gjenstand for felles forvaltning og såleis inngå i totalkvoten for partane sine jurisdiksjonsområde (den såkalla referanse TAC).

3.2.4 Noreg - Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtaler mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg blåkveite frå EU i grønlandske farvatn.

Etter protokollen av 5. januar 2001 kan grønlandske fiskarar i 2001 ta følgjande kvanta i norske jurisdiksjonsområde:

I NØS nord om 62°N: 1.700 tonn norsk arktisk torsk, 280 tonn norsk arktisk hyse, 700 tonn sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsonen ved Svalbard. Dei grønlandske kvotane nord om 62°N er tilsvarande kvotane i 2000. Som ein del av avtala kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Seikvoten nord om 62°N kan nyttast til eit direkte fiske og til bifangst i Grønland si samla torskefiske i norsk sone i Barentshavet.

I avtala pliktar Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt i avtalene med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sine jurisdiksjonsområder.

I NØS sør om 62°N har Grønland 1.000 tonn torsk, hyse, sei og annan botnfisk. Av denne kvoten kan Grønland fiske maksimalt 900 tonn sei og maksimalt 100 tonn torsk.

Noreg har følgjande kvanta i Grønland si sone i 2001:

Ved Vest-Grønland: 600 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2001, kan trålfiske finne stad sør for 64°30'N eller nord om 68°N med inntil 6 trålarar i sona samstundes.

Ved Aust-Grønland: 300 tonn blåkveite kor inntil 100 tonn kan fiskast med trål eller line ved Vest-Grønland nord om 68°N etter fråsegn frå norske myndigheiter før 1.mars 2001, 200 tonn uer (oseanisk type) og 393 tonn kveite.

Ved Vest- og Aust-Grønland: 700 tonn torsk. I tillegg kjem 150 tonn av andre arter som bifangst. Bifangsten var før regulert med ein prosentsats. Blåkveitekvoten ved Vest-Grønland er på same nivå som i 2000, medan blåkveitekvoten ved AustGrønland er auka med 100 tonn.

Uerkvoten ved Aust-Grønland er auka med 100 tonn, medan kveitekvoten ved Aust-Grønland er auka med 29 tonn. Den norske torskekvoten ved Grønland har ikkje vore utnytta, og er i avtalen for 2001 redusert med 250 tonn. Ved fiske etter blåkveite var det i 2000 eit krav om at berre 85% av kvoten kunne bli fiska med trål. Denne grensa er no oppheva.

Det var semje om at partane skal inngå ei avtale om kontrollsamarbeid i løpet av 2001, og at ein skal inngå avtale om satellittsporing av fiskefartøy ved fiske i partane sine soner innan 1. februar 2001.

3.2.5 Noreg - Island

Gjennom den trilaterale avtala av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholsavtala), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet (Smottholsavtala er gitt ei omtale i St meld nr 49 (1998 - 1999)). Den bilaterale avtala mellom Noreg og Island også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den bilaterale avtala kan Island i 2001 fiske 3.660 tonn norsk arktisk torsk i NØS nord om 62°N. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Island si økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For 2001 er loddekvoten sett til 13990 tonn.

3.2.6 Noreg - EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalene om fisket i Skagerrak/Kattegat vert inngått på grunnlag av trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastsett totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på tradisjonelt fiskemønster i området. Fordelingsmønstret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 1. desember 2000 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2001.

Tabell 3.5 Følgjande kvotar gjeld for 2001 (tonn):

FiskeslagTACKvote til NoregKvote til EU
Torsk7.0002306.770
Hyse4.0001703.830
Kviting2.500452.455
Raudspette9.4001909.420
Reker10.1504.7305.420
Sild80.00010.67069.330
Brisling50.0003.75046.250

Totalkvoten for torsk er redusert med 4.000 tonn i forhold til kvoten i 2000. Dei andre kvotene forutan sild og brisling har gått noko ned samanlikna med 2000.

Etter den tosidige fiskeriavtalen mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen, også i Skagerrak. Etter same avtalen kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1.865 tonn makrell i Skagerrak og i EU-sona av Nordsjøen i 2001.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidligare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskap i Skagerrak er dei siste åra vesentlig redusert i forhold til tidlegare. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 21.000 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2001.

Avtaler om einsidige fangstkvotar

3.2.7 Noreg - EU (Sverige)

Strukturen i avtala med Sverige har vore stabil og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i norsk del av Nordsjøen i 2001 vart underskriven av Noreg og EU i Brussel 1. desember 2000.

Svenske fiskarar fekk følgjande kvotar i norske farvatn i 2001:

I NØS sør for 62°N: 380 tonn torsk, 710 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 140 tonn reker, 850 tonn sild, 240 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Rekekvoten er auka med 10 tonn, medan alle dei andre kvotane er ført vidare samanlikna med 2000.

3.2.8 Noreg - Polen

Tildelingane til Polen omfattar ein avgrensa kvote på konsumfiskartar i Nordsjøen og eit mindre kvantum kolmule ved Jan Mayen og i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N. Dei polske kvotane er i løpet av åra reduserte i takt med den negative utviklinga i konsumfiskbestandane i Nordsjøen. Det er hovudsakleg fisket i Nordsjøen som er av interesse for polske fiskarar, og då særleg fisket etter sei.

Kvoteavtalen med Polen vart skriven under i Gdynia 5. februar 2001. Polske fiskarar kan etter avtalen ta følgjande kvanta fisk i norske jurisdiksjonsområde i 2001:

I NØS nord om 62°N: 3.000 tonn kolmule og 100 tonn bifangst av andre artar.

I NØS sør om 62°N: 825 tonn torsk, hyse, kviting og sei. Av dette kvantumet kan maksimum 750 tonn utgjere sei og maksimum 75 tonn bifangst av torsk, hyse og kviting.

I fiskerisonen rundt Jan Mayen: 5.000 tonn kolmule.

Alle kvotane er på same nivå som i 2000.

Avtalen inneheld ei formulering om at kvotetildelingane til Polen i norske farvatn er avhengige av at polsk fiske i Svalbardsona skal avgrensast i samsvar med den biologiske bestandssituasjonen og behovet for ei rasjonell forvaltning av dei ulike fiskebestandane i området. Polen pliktar også ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er fastsette for bestanden.

Når det gjeld fisket etter norsk arktisk torsk i fiskevernsona rundt Svalbard, er den polske kvoten fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekning av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. I samsvar med dette kan Polen i 2001 fiske eit kvantum norsk arktisk torsk i Svalbardsona på 1.225 tonn basert på ein totalkvote av torsk på 395.000 tonn. Dette er ei svak auke frå 2000.

Tildelinga til Polen i fiskevernsonen ved Svalbard går utanom kvoteavtala og fisket blir regulert etter ei årleg norsk forskrift om regulering av torskefisket i fiskevernsona ved Svalbard.

Partane er samde om å få på plass gjensidig satellittovervaking for fartøy over 24 meter i løpet av 2001.

3.3 Fleirsidig fiskerisamarbeid

3.3.1 Regulering av norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren

Ei avtale inngått mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island vart underskriven i Skagen 18. oktober 2000. Partane fastsette ein totalkvote på 851.500 tonn i 2001. Dette er ein reduksjon i uttaket av sild samanlikna med i 2000 då kvoten for dei fem partane var på 1.252.000 tonn. Innanfor totalkvoten for 2001 skal fisket til dei fem partane samla avgrensast til 850.000 tonn i 2001, fordelt med 71.260 tonn til EU, 46.420 tonn til Færøyane, 132.080 til Island, 484.500 tonn til Noreg og 115.740 tonn til Russland.

Partane stadfesta forvaltningsstrategien for norsk vårgytande sild som dei vart samde om i 1999. Strategien er basert på føre var prinsippet og ein tar sikte på å hindre eit nytt samanbrot i sildebestanden. Eit hovudelement i strategien er at ein bind seg til å leggje til grunn lave nivå for fiskedødeligheit i forvaltninga av silda. Totalkvoten for 2001 vart satt for høgt i forhold til den avtalte strategien, men partane vart samde om at forvaltningsstrategien skal være fullt ut implementert frå 2002.

I samband med protokollen har Noreg inngått bilaterale avtaler med EU, Færøyane, Island og Russland om løyve til å fiske i partane sine fiskerisoner:

EU kan fiske 22.920 tonn sild i NØS nord om 62°N eller i fiskerisona rundt Jan Mayen. Av dette kvantumet kan inntil 17.000 tonn bli fiska i NØS nord om 62°N. Noreg kan fiske 5.920 tonn sild i EU-farvatn nord om 62°N.

Færøyane kan fiske inntil 20.900 tonn sild av sin kvote i NØS nord om 62°N eller i fiskerisona ved Jan Mayen. Av dette kvantumet kan maksimalt 17.000 tonn bli fiska i NØS nord om 62° N. Etter avtala kan norske fiskarar fiske 20.900 tonn sild i færøysk sone i 2000. Noreg skal overføre 1.300 tonn av sin sildekvote til Færøyane. Island kan fiske 131.100 tonn sild i fiskerisonen ved Jan Mayen eller i NØS nord om 62°N. Maksimum 5.900 tonn av dette kvantumet kan bli fiska i NØS nord om 62°N. Norske fartøy kan fiske 94.200 tonn sild i Island si økonomiske sone.

Russland kan fiske 85.000 tonn sild i NØS nord om 62°N og 7.200 tonn i fiskerisona rundt Jan Mayen. Russland vil gi 1.300 tonn sild av sin kvote til Noreg.

3.3.2 Regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart første gong underskriven 12. juni 1989. Rammeavtala om reguleringane i loddefisket er reforhandla tre gonger, 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalene omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i dei andre partane sine soner kvar loddesesong.

Siste trepartsavtala varer i tre år og kan etter dette forlengjast med to år om gongen. Noreg sin prosentdel er på 8 % av totalkvoten, Island har 81 % og Grønland 11 %. Noreg kan fritt fiske lodde i grønlandske farvatn. I Island si økonomiske sone kan norske fiskarar ta inntil 35 % av den norske kvoten fram til 15. februar kvar sesong.

Den endelege totalkvoten vart sett til 1.090.000 tonn loddesesongen 2000/2001.

Noreg har ein kvote på 87.200 tonn lodde (8 % av TAC), i tillegg kjem 6.700 tonn tildelt av EU for kalenderåret og loddekvoten tildelt av Island på 13.990 tonn for eit fiske fram til 15. februar 2002 jamfør den bilaterale avtala mellom Noreg og Island.

3.3.3 Forhandlingar om eit forvaltningsregime for kolmule

Med sikte på å få på plass ei totalregulering av fisket etter kolmule i Nordaust-Atlanteren er det sett ned ei arbeidsgruppe i regi av NEAFC (sjå punkt 3.4.2). På møte i arbeidsgruppa i mai i 1999 vart det klart at ein måtte sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar, eit kyststatsregime og ein separat NEAFC regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Partane er såleis samde om at for å få til ein NEAFC regulering av kolmulefisket i internasjonalt farvatn, må ein først etablere eit kyststatsregime. Kyststatane hadde sitt første møte i Brussel 9.-10. februar 2000, og ein har førebels hatt fem slike forhandlingar.

3.3.4 Forvaltning av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt, fremja Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget ble vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei to partane kunne begynne forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttført 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ei avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust - Atlanteren i 2000. 17. november 2000 vart det inngått ei tilsvarande avtale for 2001. Avtalen for 2001 fastsett ein totalkvote på 574.000 tonn for sonene til kyststatane. Dette er ei auke på 14.000 tonn i forhold til kvoten i 2000.

Kvoten ligg likevel klart innafor eit biologisk forsvarleg uttak, og vil kunne medverke til å sikre et høgt bestandsnivå. Avtalen innebær ein kvote på totalt 30.750 tonn til Færøyane, inkludert ein del på 10.950 tonn generert frå internasjonalt farvatn. Dei tre partane har avtalt å møtast 11.-12. juni 2001 for å drøfte uteståande spørsmål i makrellforvaltninga. Fordelinga mellom Noreg og EU er gjenstand for bilaterale forhandlingar. Dette er følgt opp i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU for 2001 (sjå punkt 3.2.2).

Totalkvoten for makrell i 2001 på 574.000 tonn var utgangspunkt for drøftingane på årsmøtet i Den Nordaust - Atlantiske fiskerikommisjon om en regulering i 2001 av makrellfisket i internasjonalt farvatn. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane for første gong ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 65.000 tonn. Av denne kvoten vart det sett av 38.000 tonn til Russland, 22.000 tonn til kyststatane og 5.000 tonn til tredjeland. Denne reguleringa er for første gong akseptert av Russland. Island har framsett ein formell reservasjon. Den formelle reservasjonen frå Island si side, er ein protest på at Island ikkje har fått aksept for sitt krav om å bli godkjent som kyststat til makrellen. No som partane har fått på plass ein regulering for makrell også i internasjonalt farvatn, er makrellen regulert i heile sitt utbreiingsområde.

3.4 Regionale forvaltningsorganisasjonar

3.4.1 1 NAFO

Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen («Northwest Atlantic Fisheries Organization») fastsett kvotar i internasjonalt farvatn i området mellom Grønland, Canada og USA. Konvensjonen som NAFO er grunnlagd på omfattar i prinsippet alle bestandar i området, utanom laks, tunfisk, sverdfisk og kval. For bestandar som vandrar mellom kanadisk sone og NAFO-området fasett NAFO reguleringar og kontrolltiltak i samråd med Canada.

Figur 3.2 viser NATO sitt reguleringsområde.

Figur 3.2 NAFOs reguleringsområde

Figur 3.2 NAFOs reguleringsområde

Noreg har kvoterettar i NAFO sitt reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Vidare kan Noreg fiske på ein mindre felleskvote av blåkveite i område 3. Noreg har sidan 1993 fiska reker i 3M (Flemish Cap). Grunna den dårlege bestandssituasjonen for torsk og lodde er det sett forbod mot eit direkte fiske av desse artane i NAFO-området. Rekebestanden ved Flemish Cap er ikkje kvoteregulert, men blir regulert med innsatsbegrensningar (tal på fartøy og fiskedøgn). Island har som einaste medlem i NAFO reservert seg mot vedtaket og har i 2001 sett ein autonom kvote på 27.800 tonn.

NAFO sin vitskapskomité gav i 1998 for fyrste gong ei kvoteanbefaling for rekefisket ved Flemish Cap. Fangstratane i rekefisket er i dag langt høgare enn dei kvotene vitskapskomiteen anbefaler for fisket i 2001.

Spørsmålet om å innføre kvoteregulering i staden for å regulere talet på deltakande fartøy og fiskedøgn i rekefisket ved Flemish Cap vart difor drøfta på eit ekstraordinært møte 28.-30. mars 2001. Reduksjonar i talet på fiskedøgn vart vedtatt. Drøftingane om dette spørsmålet vil førast vidare på neste årsmøte hausten 2001. Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1.655 fiskedøgn i 2001 mot 1.985 fiskedøgn i 2000. 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Det vart sett ein totalkvote på 6.000 tonn reker i 3 L i 2001. Kvoten er fordelt med 5.000 tonn til Canada og 1.000 tonn til dei resterande NAFO-medlemane. Noreg har ein kvote i 3L på 67 tonn i 2001.

Frå 1. januar 2001 krevjast det 100 % satelittovervaking og 100 % observatørdekning i fisket i NAFOs reguleringsområde.

Meir informasjon finst på NAFO sine heimesider: http://www.nafo.ca/

3.4.2 NEAFC

NEAFC sitt myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak blir sett i verk. Av bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar det opne hav, er mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.

Figur 3.3 viser NEAFC sitt reguleringsområde.

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

NEAFC har for 2001 fastsett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn. Dette er same totalkvoten som i 2000. Kvoten er ikkje fordelt mellom medlemslanda (sjå punkt 3.3.3).

NEAFC gjorde i 1996 første gongen vedtak om eit avgrensa uttak på oseanisk uer i Irmingerhavet. Det er sett ein totalkvote for uerfisket i 2001 på 95.000 tonn. Dette er ein reduksjon av kvoten på 25.000 tonn frå i 2000. Island har reservert seg mot denne reguleringa i NEAFC. Etter vedtaket i NEAFC har Noreg ein kvote på 3.596 tonn uer i Irmingerhavet i 2001.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet som forvaltast av NEAFC har den seinare tid vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Dette problemet har no fått ei løysing for 2001 gjennom at NAFO har etablert reguleringar tilsvarande NEAFC si regulering av fisket etter uer i internasjonalt farvatn (ICES statistikkområder XII og XIV). Dette inneber at den norske uerkvoten for 2001 er ein totalkvote for begge områdene, og at kvotar tatt i eit område skal reknast mot kvotar teke i det andre området.

NEAFC har gjort vedtak om at fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon, skal avgrensast til 76.500. Dette er ein reduksjon som reflekterer reduksjon i totalkvoten i forhold til kvoten på 102.000 tonn i 2000. Kvoten er sett saman av kvotar kyststatane også kan fiske i eigne jurisdiksjonsområde, pluss ein kvote på 1.500 tonn til Polen. Kvantumet på 76.500 tonn utgjer ein del av totalkvoten for norsk vårgytande sild i 2001 som er vedteke i tråd med fempartsavtala for 2001 (sjå punkt 3.3.1).

NEAFC har vedteke å betre kartlegging og overvakinga av djyphavsressursane utanfor kyststatane sine jurisdiksjonsområde. Eit eige møte skal holdast om dette temaet i mars 2001.

Meir informasjon finst på NEAFC sine heimesider: http://www.neafc.org/

3.4.3 IWC OG NAMMCO

Som medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen IWC er Noreg med på årsmøter og andre møter om forvaltning av kval. IWC har vedtatt et moratorium for fangst av vågekval. Noreg har reservert seg mot moratoriet og har for 2001 autonomt sett ein norsk kvote på 549 dyr. Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurderinga av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Den norske kvoten er basert på desse prosedyrane. Ein viktig grunn til at kvoten for 2001 er mindre enn kvoten for 2000 som var 655 dyr, er omsynet til kjønnsfordeling i fangstane i tråd med prosedyren. Det er ikkje høve til å overføre ubrukte kvotar frå året før.

Den Nord-Atlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO) skal ta avgjerder om sjøpattedyrbestander i det Nord-Atlantiske området og arbeidet konsentrerer seg om småkval og sel. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen.

Konvensjonen om internasjonal handel med trua dyre- og planteartar (CITES) regulerer internasjonal handel med artar frå vill fauna som enten er trua av utrydding eller som kan bli det om ikkje handelen blir regulert. I 1993 vart vågekval ført opp på liste I under CITES. Dette inneber eit forbod mot handel med produkt av vågekval. Noreg har reservert seg mot denne listinga fordi vågekvalen ikkje fyller kravet om å vere trua med utrydding. Noreg har arbeidd for å få opna for kontrollert handel, ved å få endra listinga av vågekval. Dette vart for tredje gong søkt oppnådd på CITES sin partskonferansen i april 2000, utan at ein fekk det nødvendige 2/3 fleirtal. Etter ei samla vurdering vart det frå norsk side i januar 2001 bestemt at ein likevel vil opne for eksport av norske produkter av vågekval under bestemte vilkår.

3.4.4 CCAMLR

CCAMLR-kommisjonen vedtar årleg anbefalingar av totalkvotar for dei ulike artane i kommisjonen sitt område, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemene. I utgangspunktet er det såleis ope for eit «olympisk» fiske, men til ein viss grad blir kvotane fordelte etter avtale mellom dei statane som driv det konkrete fisket.

Norske fartøy fiskar for tida ikkje i dette området, men norske interesser kan stå bak noko av fisket i kommisjonen sitt område. Noreg fastsette den 13. mars 1998 ei forskrift om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området).

Forskrifta gjeld for norske statsborgarar og personar bosett i Noreg og som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta tillating frå norske styresmakter.

Noreg deltok på CCAMLR sitt årsmøte i 2000. På dette møtet vart det fokusert på det ulovlege og uregulerte fisket etter Patagonsk tannfisk i dei økonomiske sonene og uregulert fiske på det opne hav innan konvensjonsområdet. Fisket blir utøvd både av fartøy som fører flagg til CCAMLR-medlemmer og fartøy under framandflagg. CCAMLR har i løpet av dei siste åra etablert ei rekke tiltak for å motvirke denne aktiviteten, men problemet med uregulerte fisket er ikkje løyst. Noreg presenterte i 1999 eit dokument som gjorde greie for det norske systemet for «svartelisting» av fartøy som har drive uregulert fiske innanfor forvaltningsområdet til regionale fiskeriorganisasjonar. Dette innspelet vart behandla og vedteke einstemmig på CCAMLR sitt årsmøte i 2000. CCAMLR-sekretariatet vil utarbeide ei oppdatert «svarteliste» som blir gjort kjent for medlemmane.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å vise at Patagonsk tannfisk som importerast til eit medlem av organisasjonen, er tatt i samsvar med CCAMLR sitt regelverk eller tatt utanfor CCAMLR - området. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Ei viktig oppgåve vil være å få også ikkje-medlemer av CCAMLR til å delta i ordninga, og oppmode medlemmer av CCAMLR til ikkje å lande fangst i statar som opererer utanfor systemet for fangstdokumentasjon.

Meir informasjon finst på CCAMLR sine heimesider http://www.ccamlr.org

3.4.5 ICCAT

Noreg er ikkje medlem av organisasjonen ICCAT, men deltar som observatør. Bakgrunnen for norsk deltaking er særleg interessa for Aust-Atlantisk makrellstørje.

På årsmøte i Marokko i november 2000 vart det vedtatt ein totalkvote på 29.500 tonn for makrellstørje i Nord-Atlanteren og Middelhavet i 2001. Totalkvoten er basert på dei aktuelle medlemsstatane sine fangstar rapportert til ICCAT i åra 1993/1994, valfritt kva år som blir lagt til grunn. Noreg hadde eit omfattande fiske etter makrellstørje på femti- og sekstitalet, men fisket tok slutt i 1986. Noreg har såleis ikkje rapportert fangstar til ICCAT i åra 1993/1994 og får difor ikkje tildelt kvote. Det er tekn som tyder på at makrellstørja kan ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster i norske farvatn.

3.4.6 SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organisation, SEAFO) vart etablert 20. april 2001.

Målet med organisasjonen er langsiktig vern og berekraftig bruk av marine ressursar i området. Noreg har underteikna konvensjonen som SEAFO er oppretta under og er medlem. Dei andre medlemmane er Angola, Sør-Afrika, Namibia, Storbritannia, EU, Sør-Korea og USA. Dei norske kommersielle interessene i SEAFO - området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i for området i framtida.

Til dokumentets forside