St.meld. nr. 50 (2000-2001)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2001 og fisket etter avtalene i 1999 og 2000

Til innholdsfortegnelse

4 Kontrollordningar

4.1 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde

I St prp nr 1 (1996-97) heiter det: «Innen området ressursforvaltning er hovedmålet å legge til rette for et forsvarlig ressursuttak som sikrer et høyt varig utbytte fra ressursene». For å kunne nå denne målsettinga for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving er fysisk kontroll med all fiskeaktivitet. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetjing av fiskefangstar.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen. Kontrollen blir utøvd av dei ulike fagavdelingane sentralt og direktoratet sin Ytre Etat med 9 regionkontor, inklusive eit inspektørkorps lang kysten.

Kystvakta, inklusive bruksvakttenesta, er underlagt Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for kontrollen på havet, i første rekkje utanfor 4 n. mil. Frå 1996 er Kystvakta utvida med ei Indre Kystvakt som skal gjennomføra fiskerioppsynet innanfor 4. n. mils grensa. Fiskerioppsynstenesta til Den indre kystvakta skal etter planen kombinerast med ei rekkje andre oppgåver, bla. for politi-, toll- og miljøstyresmakter.

Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i spesielle område og i spesielle fiskeri. Det er etablert lokale fiskerioppsyn langsmed kysten i regi av Fiskeridirektoratet. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetjing og eksport av fisk. Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i desse landa sine jurisdiksjonsområde.

Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. I denne fasen blir det kontrollert at fisket skjer med riktig reiskap, til rett tid og på rett område. Ein kontrollerer også fangstsamansetjinga og at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk. Når det gjeld fangst av sjøpattedyr (sel og kval) er det inspektørar på alle fartøy under heile fangstperioden. På sel- og kvalfartøya kontrollerer inspektørane om bord i fartøya også at avlivinga skjer i tråd med regelverket. I andre fiskeri har Fiskeridirektoratet iverksett ei ordning med å ha inspektørar og observatørar om bord på enkelte norske- og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar.

På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn, det vil seie innanfor 4 n. mil. Det er derfor sett i verk ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Kontrollverket er til stades på desse fiskefelta. Ved landing blir fangstsamansettinga kontrollert og oppfiska kvantum blir belasta kvoterekneskapen.

For å føre kontroll med utanlandsk fiske i NØS etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som er basert på bruk av edb. Databasen inneheld mellom anna opplysningar om fiske- og fangstaktiviteten til utanlandske fartøy og er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde.

Fartøy som vil fiske i norske jurisdiksjonsområde er pålagde å rapportere fangstane til Fiskeridirektoratet. Denne rapporteringsplikta inneber at når fartøya kjem inn i norsk sone skal dei melde frå om kor mykje fangst fartøyet har om bord (aktivmelding). Fangstane skal oppgjevast i kg rund vekt og i dei enkelte fiskeslag. I tillegg må fartøyet kvar veke rapportere kor mykje som er fanga i sona av dei ulike fiskeslaga (fangstmelding). Når fartøyet avsluttar fisket i NØS, må det før det seglar ut sende melding om dette til Fiskeridirektoratet og oppgi kor mykje fisk som er teken sidan siste fangstmeldinga vart sendt (passivmelding). Alle dei meldingstypane som er nemnt ovanfor blir samanhangande lagt inn i kvotekontrollsystemet og gir dermed Fiskeridirektoratet ein oppdatert oversikt over det utanlandske fisket i norske jurisdiksjonsområde, både om kor mange fartøy som deltek i fiske, kvar dei fiskar og opplysningar om fangst per fartøy og per nasjon. Systemet inneheld såleis også dei opplysningane som krevjast for å stanse utanlandsk fiske når dei tildelte kvotane er oppfiska.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra på databasen i kvotekontrollsystemet og opplysningane vil under kontroll på feltet bli halde opp mot opplysningane som går fram av fartøyet si fangstdagbok, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre, kan Kystvakta reagere med åtvaring, fartøyet kan haldast tilbake eller saka kan meldast til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet er såleis ein særs viktig reiskap i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.

For å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62°N og fordi ein var kjent med at det gjekk føre seg kvoteunndragingar frå utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62°N, vart det innført ei ordning i desse områda, der utanlandske fartøy skal melde seg til Kystvakta for kontroll på eit av sju kontrollpunkt ved avslutning av fiske. Ordninga tok til å gjelde 1. januar 1994. Som ein del av rapporteringsordninga i NØS nord om 62°N skal fartøya sende melding om framstilling for kontroll (kontrollpunktmelding) tjuefire timar før ankomsten til kontrollpunktet. Denne fristen er med verknad frå 2001 redusert til 12 timar. For ringnotfartøy er fristen 4 timar.

På grunn av behovet for betre kontroll med makrellfisket i NØS sør om 62°N, vart ei tilsvarande ordning vedteken 19. juli 1995 for makrellfisket i Nordsjøen. Av omsyn til råstoffet må eit kontrollregime i Nordsjøen utformast noko annleis enn ordninga nord om 62°N. Etter regelverket skal utanlandske fartøy med makrellisens melde seg for kontroll i eit av tre nærmare definerte område, med ei varslingstid på fire timar før fartøyet kjem til kontrollområdet, eller før fartøyet kjem til landingsstad i Noreg. Ordninga gjeld også når eit fartøy med makrellisens fiskar annan pelagisk fisk, så som nordsjøsild.

Erfaringane syner at ordningane med sjekkpunkt sør og nord om 62°N i NØS har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.

Ved endring av 17. juli 1998 i § 4 bokstav s) i lov av 3. juni 1983 «om saltvannsfiske m.v», vart Fiskeridepartementet gitt heimel til ved forskrift, å kunne krevja at fiskefartøy har ombord og bruker satellittsporingsutstyr. Innføringa av satellittsporing av fiskefartøy vil kunne effektivisere Kystvakta og Fiskeridirektoratet sin kontrollverksemd monaleg, idet ein til ei kvar tid vil ha eit oppdatert bilete over kor fartøy med sporingsutstyr oppheld seg.

I same endringslov av 17. juli 1998 til «saltvannsfiskeloven» vart det i § 45 gitt høve til å kunne påby at fartøy skal ha observatørar ombord i fiskefartøy. Bruk av observatørar ombord i fiskefartøy vil kunne effektivisere kontrollen med fisket.

4.2 Kontrollsamarbeid

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar forutset eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med, Russland og EU. Noreg har også inngått avtaler om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre statar. Noreg har kontrollavtaler med Irland, Danmark, Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike, og Tyskland. I tillegg har Noreg inngått kontrollavtaler med Russland, Færøyane, Island, Polen og Canada.

Eit viktig nytt framsteg i kontrollsamanheng er etablering av satellittsporing av fiskefartøy.

Noreg og Russland innførte satellittsporing av fiskefartøy i kvarandre sine soner frå 1.september 2000. Noreg er samde med EU og Færøyane om gjensidig satellittsporing frå 1. januar 2001. Medan Noreg er samde med Grønland og Polen om å sette i verk gjensidig satelittsporing i løpet av 2001. Utanlandske fartøy som fiskar i Noreg si økonomiske sone vil vere underlagt satellittsporing frå det tidspunkt som vert avtalt i tråd med dei ulike tosidige avtalene.

Frå 1. januar 2000 vart det sett krav til satellittsporing av alle fartøy over 24 meters lengde i NEAFC området. Frå 1. januar 2001 krevjast det 100 % dekning av satellittsporing og bruk av observatørdekning i NAFO sitt reguleringsområde.

Fiskeridepartementet har frå 1. juli 2000 innført satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i områder både under norsk og utenlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn.

4.3 Tiltak mot uregulert fiske

I avtala mellom Noreg og Russland er partane samde om å setje visse vilkår til dei kvotane dei gir til tredjeland. Som vist til i avtalene med Færøyane og Grønland, har dei to landa plikta å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar tildelte av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanom Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde i Barentshavet. Også Island har plikt til å halde seg til den kvoten som går fram av «Smottholavtala». I avtala med Polen har Polen forplikta seg til ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er sette for bestanden.

Noreg og Canada underteikna 30. juni 1995 ei avtale om bevaring og handheving på fiskeriområdet, jfr. Ot prp nr 3 (1995-96). Både for Noreg og Canada som kyststatar er spørsmålet om effektiv regulering av fiskebestandar som vandrar mellom nasjonale soner og det opne hav særs viktig. Avtala føregreip på mange måtar FN-avtalen om fiske på det opne hav, av 4. august 1995. Etter avtala kan Noreg og Canada borde, inspisere og ransake eit fartøy som fører flagget til den andre parten, i nærmare avgrensa område på det opne hav. Partane kan også bringe opp fartøy og innleie rettsforfølging dersom det ligg føre prov på at fartøy har teke del i fiskeri aktivitetar som undergrev gjeldande verne- og forvaltningstiltak.

Det kan nemnast at norske myndigheiter dei seinare åra har innført ei rekkje tiltak for å angripe ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i områder utanfor norsk jurisdiksjon. Dette gjeld fartøy som fører utanlandsk flagg, då det i forhold til norske fartøy finst andre moglegheiter for sanksjonar. Fiskeridirektoratet ser til at fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn blir nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Vidare kan slike fartøy nektast å føre norsk flagg og ein kan nekte landing av fangst i Noreg. Også når det gjeld brot på regelverket som har vore gjort av utanlandske fartøy i norske farvatn, har ein klare moglegheitene for sanksjonar.

Til forsiden