St.meld. nr. 50 (2000-2001)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2001 og fisket etter avtalene i 1999 og 2000

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Kvoteavtalene for 2001, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

Ei hovudutfordring i fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2001 var å finne fram til løysing på spørsmålet om torskeforvaltninga i Barentshavet. Torskebestanden er utanfor føre-var grensene for fiskedødelegheit og gytebestand. Noreg og Russland har fastsett ein torskekvote på 395.000 tonn pluss 40.000 tonn norsk kysttorsk for kvart av årene 2001, 2002 og 2003. Partane ventar at den treårige torskekvoten vil redusere fiskepresset og medverke til å byggje opp gytebestanden i perioden.

Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 85.000 tonn og ein loddekvote på 630.000 tonn for 2001. Noreg og Russland er også for 2001 samde om eit kvotebytte på eksklusive bestandar.

Noreg og Russland har vedtatt at forskingsfangsten etter kongekrabbe skal førast vidare i 2001 med ei totalkvote på 200.000 krabbar delt likt mellom partane. Partane er samde om å opne for kommersiell fangst etter kongekrabbe frå sesongen hausten 2002/vinteren 2003.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2001 vil vere å betra rutinane for utveksling av informasjon om landingar av torsk og hyse inklusive landingar i tredjeland. Partane skal også finne fram til konkrete forslag til regulering av ein ordinær kommersiell fangst etter kongekrabbe, inklusive løysningar på problema med bifangst av kongekrabbe i andre fiskerier.

Kvoteavtalen med EU for 2001 speglar den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Dette har ført til ein reduksjon i totalkvotane og eit noko redusert kvotebytte mellom Noreg og EU. Situasjonen for torsken i Nordsjøen er særleg kritisk. Noreg og EU er difor samde om ein vesentleg reduksjon av torskekvoten i 2001. Noreg og EU har underteikna ei avtale om stenging av eit større område i Nordsjøen i perioden 14. februar - 30. april 2001, og partane er samde om mellom anna tiltak for å betre seleksjonen i fiskereiskapane. I tillegg arbeider Noreg og EU med ein omfattande plan med ytterlegare tiltak for å byggje opp att torskebestanden i Nordsjøen.

I 1997 vart EU og Noreg samde om ei avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. Avtala vart sett i verk frå 1. januar 1998 og den løyste eitt av dei tyngste problemkompleksa i fiskerisamarbeidet med EU. Innan 31. desember 2001 skal partane ha ein gjennomgang av sildearrangementet.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ei trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen.

Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane. Jamfør trepartsavtala har partane vedtatt ei totalkvote på 574.000 tonn makrell for 2001. Færøyane er tildelt ein kvote på 30.750 tonn makrell for 2001. I juni 2001 skal Noreg, EU og Færøyane møtast for å drøfte uteståande spørsmål i makrellforvaltninga.

Totalkvoten for makrell som vart vedtatt jamfør trepartsavtala, var utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2001. NEAFC har for 2001 for første gong vedteke ei regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn, med ein kvote på 65.000 tonn makrell for dette området. Reguleringa vart godteke av Russland som tidlegare har sett seg i mot ei slik regulering, medan Island har framsett ein formell reservasjon. No som ein har fått på plass ei regulering også for internasjonalt farvatn, er makrellen regulert i heile sitt ubreiingsområde.

Noreg har for 2001 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått bilaterale kvoteavtaler for 2001 med Færøyane, Grønland, og Polen. Det er for 2001 utveksla kvotar i tråd med trepartsavtala mellom Noreg, Grønland og Island om forvaltning av lodde og med Island i tråd med «Smottholavtala» og den tosidige avtalen som er knytt til.

EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk vårgytande sild i 2001 på 851.500 tonn. Dei fem landa vil avgrense sitt fiske til 850.000 tonn. Den norske kvoten er på 484.500 tonn. NEAFC har for 2001 sett ein kvote på 176.500 tonn norsk vårgytande sild for områda utanfor nasjonal jurisdiksjon. Kvoten er ein del av det totale uttaket av norsk vårgytande sild vedtatt i tråd med fempartsavtala for 2001.

NEAFC har fastsett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn i 2001. Kvoten er ikkje fordelt mellom medlemslanda i NEAFC. Partane er no samde om at ein må få etablert både eit kyststatsregime og ei regulering av kolmule i internasjonalt farvatn. Ein vil i første omgang prioritere å få på plass eit kyststatsregime, og kyststatane har sidan februar 2000 hatt fem drøftingar om makrellforvaltninga.

Med verknad frå 1996 vedtok NEAFC ei multilateral avtale for fiske av uer i Irmingerhavet. Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 3.596 tonn i 2001. Delar av uerbestanden i Irmingerhavet som forvaltast av NEAFC har den seinare tid vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Dette er eit problem som no har fått ei løysing gjennom at NAFO har etablert reguleringar tilsvarande NEAFC si regulering av fisket etter uer i internasjonalt farvatn. Den norske uerkvoten i Irmingerhavet for 2001 blir såleis ei totalkvote for begge områdene, og kvotar tatt i eit område skal reknast mot kvotar teke i det andre området.

Rekefisket ved Flemish Cap (NAFO område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for talet på fartøy som kan delta i fisket og grenser for det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Det vurderast no om ein skal gå over til å kvoteregulere dette fisket. Noreg har sidan 1993 fiska reker i dette området.

Noreg har også i 2001 vore representert i ulike møte i regionale forvaltningsorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CCAMLR og ICCAT. Noreg er no medlem i SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organsation) ein regional fiskeriorganisasjon som vart formelt oppretta 20. april 2001.

Kontrollordningar

Noreg har no fått på plass kontrollavtaler og avtaler om gjensidig satelittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren mellom anna med Russland og EU.

Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i områder både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy vert underlagt krav om satellittsporing i Noreg si økonomiske sone i tråd med det tidspunkt som er avtalt i de ulike tosidige avtalene.

Norske myndigheiter har dei seinare åra har innført ei rekkje tiltak for å gripe ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i områder utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan bli nekta lisens i Noregs økonomiske sone, ein kan vidare nekte fartøyet å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte slike fartøy å lande fangst.

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62°N fullt ut i 1999 og 2000. I tillegg til Noreg sine ordinære kvotar på torsk og hyse nord om 62°N, har norske reiarlag kjøpt kvotar på desse artane frå Russland både i 1999 og 2000.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane på fellesbestandane makrell, sild og sei oppfiska i 1999 og 2000. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane vart ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman vart det i 1999 fiska 217.000 tonn kolmule i internasjonalt område, eit kvantum som er noko lågare enn i 1998 då det vart fiska 253.000 tonn. I 2000 rapporterte norske fartøy inn 197.000 tonn kolmule frå internasjonalt område. I 1999 utnytta ikkje norske fartøy kolmulekvotane i EU-sona fullt ut, medan dei i Færøy-sona fiska heile kvoten. I 2000 vart kvotene i både Færøy-sona og EU-sona nytta fullt ut.

Norske linefartøy utnytta omlag 68 % av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EU sine farvatn i 1999, mens graden av utnytting var om lag 77 % i 2000. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska heile botnfiskkvoten i både 1999 og i 2000.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir godt utnytta.

Korkje i sesongane 1999/2000 og 2000/2001 har dei norske fartøya fiska heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 1999 og 2000.

Den norske deltakinga i 1999 og 2000 er monaleg redusert i høve til 1996, då rekefisket ved Flemish Cap vart innsatsregulert. Rekefisket ved Flemish Cap er likevel eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfelle for Grønlandsrekeflåten.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtaler med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med omlag 14.600 tonn begge åra. I 2000 vart det fiska omlag 4.300 tonn.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62°N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. I følgje offisiell fangststatistikk har EU likevel i dei seinare åra hatt relativt låg utnytting av kvotane sine av torsk, hyse og sei i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var derimot gjennomgåande høg for EU.

Når det gjeld EU sitt fiske i NØS i Nordsjøen var utnyttinga av kvotane låg med unntak for makrell der kvoteutnyttinga var høvesvis 74 % og 78 % i 1999 og 2000.

I 1999 fiska Færøyane omlag 2/3 av seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, medan dei fiska heile kvoten i 2000. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 1999 og 2000. Eit unntak var i 1996 då makrellkvoten vart dårleg utnytta.

Grønland har sidan kvoteavtalen vart inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 1999 fiska ikkje grønlandske fartøy i NØS i Nordsjøen, medan det i 2000 har vore aktivitet frå eitt fartøy. I hovudsak utnyttar Sverige godt dei svenske bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen, og Polen har tradisjonelt nytta seikvoten sin godt.

Til forsiden