St.meld. nr. 59 (1996-97)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 1996

Til innholdsfortegnelse

1 Einskilde spørsmål i det politiske og forsvarsmessige samarbeidet

1.1 MATERIELLSAMARBEIDET I NATO - CONFERENCE OF NATIONAL ARMAMENTS DIRECTORS

Konferansen til dei nasjonale materielldirektørane (CNAD) har i 1996 ført vidare førebuingane til eit mogeleg kjøp av eit system for luftboren overvaking av aktivitet på bakken. Dette kan sjåast som ein parallell til den allierte flåten av AWACS-fly som utfører luftromsovervaking og -kontroll. Konferansen har vidare engasjert seg i arbeidet for å styrkje evna til forsvar mot langtrekkande rakettar og missil. CNAD har gitt høg prioritet tilarbeidet med å utvikle modellerings- og simuleringsverktøy til bruk under planlegging, øvingar, trening og operasjonar. Slike verktøy vil venteleg spele ei stadig viktigare rolle i arbeidet med å redusere kostnader og auke effektiviteten i verksemda til dei allierte militære styrkane. Samarbeidet innanfor Partnarskap for fred blir tillagt stor vekt, og fleire arbeidsgrupper under konferansen blir no opna for deltaking frå interesserte partnarland.

1.2 SIVIL BEREDSKAP

Det overordna samarbeidet mellom medlemslanda på dette området skjer i Seniorkomiteen for sivil beredskapsplanlegging, the Senior Civil Emergency Planning Committee (SCEPC). Dei nasjonale leiarane for den sivile beredskapen i allianselanda møtest to gonger årleg i SCEPC - Plenary Session for å godkjenne strategidokument og førebu saker for endeleg vedtak i Rådet. Det er ni fagkomitear under SCEPC som dekkjer samarbeid mellom anna innanfor transportplanlegging, kommunikasjonar, forsyningsberedskap og sivilforsvarssamarbeid. Noreg er representert i alle av fagkomiteane.

I 1996 vart ein ny Ministerial Guidance for 1997-1998 utarbeidd og godkjend. Dei overordna måla for det sivile beredskapssamarbeidet i NATO er å støtte ordningar i NATO for kriseførebygging og krisehandtering, støtte og samarbeid med dei militære i fred, krise og krig, sikre styresmaktene, verne innbyggjarane og sikre eit akseptabelt nivå på det økonomiske og sosiale livet i krise og krig og gi råd til alliansen i saker som har innverknad på den sivile beredskapen.

Den nye Ministerial Guidance peikar ut tre prioriterte område i denne perioden: effektive ordningar for krisehandtering, sivil-militært samarbeid og samarbeid med landa i Partnarskap for fred.

Når det gjeld krisehandtering, planlegg ikkje alliansen lenger for eit massivt åtak, men for eit spekter av uoversiktlege kriser. På sivil side er konsekvensen av dei nye planleggingsføresetnadene ei nedprioritering av den sivile krigstidsorganisasjonen og ei utvikling av eit nytt krisehandteringsopplegg retta mot fredstidskriser. I dette opplegget er den sivile krisecella eit sentralt ledd. Denne cella er sett saman av ekspertar frå næringsliv, forskingsinstitusjonar og offentlege styresmakter, og kvar av dei ni fagkomiteane har sine ekspertar i cella.

Det sivil-militære samarbeidet er det andre prioriterte området. Støtte til militære operasjonar er ein av kjernefunksjonane i den sivile beredskapen, og no har dette vorte utvida til ikkje berre å gjelde tradisjonelle militære operasjonar, men òg fredsoperasjonar. Militær støtte til sivile operasjonar er òg eit område som blir diskutert, og då særleg militær støtte til sivile og humanitære aspekt ved fredsoperasjonar. Ein ønskjer å utvide bruken av dei ressursane sivile ekspertar representerer, mellom anna ved å trekkje dei meir inn i planlegginga av militære operasjonar.

Det tredje prioriterte området er samarbeidet med partnarlanda. Dette har dei siste åra vore ein stadig viktigare del av det sivile beredskapssamarbeidet. Sivil beredskap er det største ikkje-militære programmet innanfor Partnarskap for fred, og alle individuelle partnarskapsprogram som er inngått til no, har omfatta sivil beredskap. Talet på aktivitetar har auka frå 4 i 1994 til 36 i 1996, og til no har om lag 4000 personar delteke i dei ulike aktivitetane. Det er planlagt 45 aktivitetar i 1997, og aktivitetar med PFP-landa utgjer no nesten halvparten av ressursane til avdelinga for sivil beredskap i NATO-sekretariatet.

PFP-samarbeidet har utvikla seg frå informasjonsutveksling til meir praktisk samarbeid, og desse tre områda blir prioriterte: lovgiving og sivile sider ved krisehandtering, katastrofeførebygging og -handtering, humanitær bistand og sivil-militært samarbeid.

Katastrofehjelp i fredstid er ein viktig komponent i PFP-samarbeidet, og i 1995 vart det opna for at partnarlanda kunne be om katastrofehjelp gjennom alliansen sine kanalar, på lik line med NATO-landa. Denne prosedyren vart nytta for første gong under flaumkatastrofen i Ukraina, der assistanse vart gitt av fleire NATO-land og partnarland.

I samsvar med den vekt det blir lagt på praktisk samarbeid, er NATO-kursa om sivil beredskap og sivil-militært samarbeid (CEP/CIMIC-kursa) opna for deltakarar frå partnarlanda. SCEPC har òg utvikla eit dokument for godkjenning av Rådet om gradvis å opne arbeidet i fagkomiteane for partnarlanda, eit framlegg Noreg har støtta. I mars vart eit «Memorandum of Understanding» om sivil beredskapsplanlegging og katastrofeberedskap innanfor rammene av Partnarskap for fred underskrive av generalsekretæren i NATO, Javier Solana, og minister Sergej K. Sjojgu frå EMERCOM (det russiske departementet med ansvar for beredskap).

Også innanfor lovgiving har PFP-samarbeidet gått framover i 1996. På ein PFP-konferanse i Stockholm i november nådde deltakarane fram til semje om dei såkalla «Stockholm Proposals», som inneheld retningsliner og prinsipp for lovgiving i beredskapssektoren.

Vidare var ein av fagkomiteane under SCEPC, Civil Protection Committee, det første NATO-organet nokosinne som har halde møte og seminar i eit tidlegare Warszawapakt-land. Haustmøtet og -seminaret til Civil Protection Committee vart halde i september i Lvov i Ukraina.

Fagkomiteane under SCEPC og dei nasjonale styresmaktene i allianselanda er oppmoda om å yte hjelp til oppbygging av dei sivile beredskapsorganisasjonane i partnarlanda. Direktoratet for sivil beredskap følgde denne oppmodinga ved å sende 20 tonn brann -og redningsutstyr til Estland hausten 1996. I samband med denne og tidlegare gåver har direktoratet òg dekt kostnadene med opplæring av estisk brann- og redningspersonell ved den regionale sivilforsvarsskulen på Starum.

1.3 DEN NORSKLEIDDE PILOTSTUDIEN UNDER NATO/NACC/CCMS OM GRENSEOVERSKRIDANDE MILJØPROBLEM FRÅ FORSVARSRELATERT VERKSEMD OG FORSVARSRELATERTE INSTALLASJONAR

Noreg tok i 1992 initiativ til og leier ein pilotstudie om grenseoverskridande kjemisk og radioaktiv ureining frå forsvarsrelatert verksemd og installasjonar i Barentshavet og Karahavet, Austersjøen og Svartehavet. Denne pilotstudien vart vedteken av miljøkomiteen i NATO (CCMS) i november 1992 som ein del av arbeidsplanen til Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC). Deltakarane er dei fleste NATO-landa (mellom anna USA, Frankrike og Storbritannia), Russland og ei rekkje sentral- og austeuropeiske samarbeidspartnarar i NACC. Gjennom internasjonalt samarbeid er målet å identifisere, kartleggje og vurdere og gjennom dette hjelpe til å hindre grenseoverskridande, forsvarsrelatert ureining.

Våren 1995 vart den første fasen av denne pilotstudien avslutta med publisering av ein kort samlerapport og to omfattande delrapportar frå den radioaktive og den kjemiske delen av studien.

Ved plenarmøtet i CCMS i april 1995 vart fase II av pilotstudien lansert og formelt akseptert av medlemslanda. Målet med fase II er mellom anna å skaffe meir informasjon om miljøspørsmål knytte til dekommisjonering av atomubåtar og handsaming og lagring av radioaktivt avfall som følgjer av denne verksemda. Dessutan blir den vellukka nettverkbygginga frå fase I ført vidare. Arbeidet i fase II er organisert rundt fire tema. Innanfor kvart tema har eitt land ansvaret for framdrift og rapportering:

  • Miljøfarlege komponentar i forsvarsrelatert verksemd (USA)

  • Transport av ureining gjennom elver, delta og estuarium (Frankrike)

  • Sikker lagring av radioaktivt og blanda avfall (Noreg)

  • Vurdering av miljørisiko knytt til bestemte forsvarsrelaterte problem, mellom anna ubåtar som er tekne ut av teneste (Noreg)

Forsvarets Forskingsinstitutt spelar ei sentral rolle i studien. Noreg arrangerte det første møtet i fase II i Oslo i september 1995. Deltakinga var omfattande. I 1995 stadfesta tjue land at dei ville delta i fase II, og av desse er åtte frå Sentral- og Aust-Europa. I 1996 vart det halde møte i Roma, Praha, Umeå og Reykjavik.

Noreg har ved fleire høve streka under at det er naudsynt med eit breitt internasjonalt samarbeid for å setje i verk miljøopprydding etter den kalde krigen. Det er viktig at NATO engasjerer seg i dette. Samarbeidet i NATO/NACC om miljøspørsmål er naudsynt på grunn av dei alvorlege problema med ureining frå militær verksemd som vi alt kjenner til, og fordi andre problem kan kome til syne seinare. Det omfanget og den grenseoverskridande karakteren desse problema ofte har, gjer det naudsynt med eit breitt multilateralt samarbeid for å løyse dei.

Det er særleg viktig å fokusere på militærrelaterte miljøspørsmål innanfor NATO/NACC sidan andre internasjonale organisasjonar til no i hovudsak har konsentrert seg om ureining frå sivil verksemd. Deltaking frå kjernevåpenmaktene er avgjerande for å få betre innsyn i problema med radioaktiv ureining frå militærrelatert verksemd. Samarbeid på dette feltet kan verke til å styrke samkvemmet mellom tidlegare militære motstandarar og utvikle stabilitet og tillit, og ikkje minst førebyggje miljøskadar i framtida. Pilotstudien skal etter planen avsluttast ved utgangen av 1997.

1.4 MILJØKOMITEEN

Miljøkomiteen i NATO, «Committee on the Challenges of Modern Society» (CCMS), vart oppretta i 1969 etter initiativ frå USA og var den første internasjonale miljøkomiteen Noreg vart medlem av. I dei seinare åra har samarbeidet i komiteen òg vore ope for dei sentral- og austeuropeiske landa.

CCMS er orientert mot konkrete prosjekt med det føremålet å løyse problem som er knytte til sosiale og miljømessige utfordringar i det moderne samfunnet. Aktivitetar i CCMS blir normalt finansierte ved at medlemslanda dekkjer sine eigne kostnader, og arbeidet er i første rekkje konsentrert om pilotstudiar som varer i to til fem år. Noreg har teke initiativ til å innføre nye samarbeidsformer i regi av CCMS, nemleg korte adhocprosjekt og faglege temamøte, der ein ønskjer å oppnå ei målretta overføring av erfaring og kunnskap, spesielt frå NATO-land til partnarland.

CCMS er sentral i NATO sitt arbeid på det ikkje-militære området og er alliansen sitt forum for å ta opp miljø- og samfunnsutfordringar som er felles for medlemslanda. Det er naudsynt å løyse miljøproblema i dei tidlegare Warszawapakt-landa, og CCMS er ein viktig reiskap for NACC-samarbeidet om desse problema.

Komiteen arbeider stort sett med miljøsaker og har stor spennvidd på dette området. Det blir lagt vekt på å utnytte den største føremonen CCMS har, nemleg den nære koplinga til forsvarsmiljøa i medlemslanda. Noreg er aktivt med i fleire studiar med aktiv deltaking frå både sivile og militære kompetansemiljø. I tilslutnad til arbeidet med pilotstudiane administrerer komiteen reise- og studiestipend, som i første rekkje set partnarlanda i stand til å delta, men som òg kjem deltakarar frå NATO-land til gode.

Mellom dei tolv eksisterande pilotstudiane i regi av CCMS får den norskleidde pilotstudien om grenseoverskridande miljøproblem frå forsvarsrelatert verksemd og installasjonar særleg mykje merksemd og omtale frå NATO. Arbeidet med pilotstudien har synt at det er viktig med kommunikasjonskanalar mellom ulike land og organisasjonar om miljøproblem som er knytte til militær verksemd. I 1996 er det arbeidd med å etablere ei samarbeidsavtale (MoU) mellom NATO og Russland på miljøområdet. Det er også teke initiativ til betre koordinering mellom CCMS og vitskapskomiteen på miljøområdet.

Utanriksdepartementet leier den nasjonale samordninga av aktivitetane i CCMS i nært samarbeid med Forsvarsdepartementet, Miljøverndepartementet, Noregs forskingsråd og ulike forskingsinstitusjonar.

1.5 SAMARBEID OM VITSKAP

I meir enn 35 år har vitskapskomiteane i NATO arbeidd for å styrkje vitskapeleg forsking og utdanning innanfor alliansen. For fem år sidan vart denne oppgåva utvida til også å omfatte Sentral- og Aust-Europa og landa i det tidlegare Sovjetunionen. Ved omlegginga er det lagt stor vekt på å utvikle eit aktivt og forpliktande samarbeid om spørsmål som gjeld vitskap, teknologi og miljø.

Samarbeidet går føre seg innan ramma av arbeidsplanen for NACC og er inndelt i fem programområde: nedrustingsteknologi, miljø, avanserte teknologiar, menneskelege ressursar og datanettverk. I tillegg vil dei landa som tek del i samarbeidet, kunne vere med i dei tradisjonelle programma til viskapskomiteen.

Tiltaka har fått stor respons, og ei rekkje konkrete prosjekt er starta innanfor alle programområde. På same måten som det opphavlege vitskapsprogrammet var eit viktig bidrag til solidaritet og stabilitet innanfor alliansen, vil nyorienteringa kunne gjere sitt til å styrkje stabiliteten i Europa.

Vitskapskomiteen har derfor lagt vekt på å gjere vitskapsprogrammet attraktivt og tenleg også for forskarar frå dei sentral- og austeuropeiske landa. Arbeidet har i 1996 følgt eit etablert mønster med denne fordelinga:

- Stipendprogrammet 28,9 %

- Forskarsamarbeid 10,1 %

- Forskarutdanning 12,9 %

- Stønad til Hellas, Portugal og Tyrkia 15,6 %

- Særskilde fagprogram 2,3 %

- NACC-samarbeid 30,2%

Programmet var i 1995 på i alt 254 millionar norske kroner. Av desse vart 76,9 millionar nytta til samarbeidet med dei tidlegare austblokklanda.

Det er særleg programmet for forskarutdanning, forskingssymposium (Advanced Study Institutes/Advanced Research Workshops), som har gitt vitskapskomiteen internasjonal status. Innanfor dette programmet vert det årleg publisert meir enn 120 monografiar. Bøkene blir sende til sentrale bibliotek i medlemslanda og i samarbeidslanda. Komiteen har sett det som særleg viktig å gi ein vid distribusjon til dei bøkene som blir skrivne for forskarkursa, og som representerer den mest avanserte framstillinga på desse områda.

I 1996 vart det gitt 1200 stipend, av desse 600 transatlantiske, til i hovudsak yngre forskarar. Vel 500 forskingsbidrag vart gitt for å stimulere samarbeid over landegrensene, og ca. 55 forskarkurs med om lag 5000 deltakarar vart arrangerte. Transatlantisk samarbeid blir prioritert sidan dette ikkje er ein del av EUs ulike forskingsprogram.

Det særskilde programmet til støtte for Hellas, Portugal og Tyrkia (Science for Stability Programme) er no i tredje og siste fase. Hellas og Portugal får no monaleg støtte frå EU-program. Vitskapskomiteen har fremma forslag om eit tilsvarande program (Science Programme) retta mot samarbeidslanda. Programmet vil bli testa i 1997 og igangsett i 1998.

Ei første reorientering av vitskapsprogrammet er no gjennomført. I 1997 må komiteen klårgjere den rolla vitskapsprogrammet skal ha innanfor den nyordninga av NATO-strategien som no går føre seg. Det har vore halde regelmessige møte mellom komiteen og representantar for samarbeidslanda. Desse møta har vore særleg nyttige for å finne fram til dei beste formene for det vitskaplege samarbeidet. Høg fagleg kvalitet har vore ein føresetnad for den suksessen som vitskapsprogrammet har hatt. Etter vitskapskomiteen sitt syn er dette ein avgjerande føresetnad også i høve til det utvida samarbeidet.

1.6 INFORMASJONSVERKSEMD OM NATO-SAMARBEIDET

Den norske Atlanterhavskomiteen skipa til 24 større og mindre konferansar i 1996. Leangkollseminaret vart halde for 31. gong med 13 forelesarar over tre dagar. Komitéen arrangerte vidare 3 etterutdaningskurs for lærarar i den vidaregåande skulen i Oslo-området, Bergen og Trondheim. Det årlege Tromsøseminaret fann stad i oktober, og som vanleg vart forelesarane teke med på ein studietur til Kirkenes og grenseområdet i Sør-Varanger. Atlanterhavskomiteen skipa to større seminar med Javier Solana og Richard C. Holbrooke på Nobelinstituttet. Dertil vart det halde 17 mindre seminar der det vart kasta lys over ulike tryggings- og utanrikspolitiske emne. Oppslutninga om seminara var også i 1996 særs god med deltakarar og innleiarar frå ulike miljø.

I august/september arrangerte Atlanterhavskomiteen, i samarbeid med Folk og Forsvar og Kystvakta, ei studiereise til Svalbard og Barentshavet. Det var til saman 16 deltakarar frå ulike offentlege og private institusjonar. Saman med Folk og Forsvar gjennomførte komiteen også to studieturar til Brussel og SHAPE for politikarar, journalistar og lærarar i den vidaregåande skulen, dessutan ein studietur til Berlin, Bonn og Brussel for journalistar og representantar frå offentlege institusjonar. Atlanterhavskomiteen arrangerte også to studieturar til AFNORTHWEST ved High Wycombe. Komiteen vart også ansvarleg for å sette saman ein norsk delegasjon til eit trilateralt flankeseminar i Ankara, der delegatar frå Tyrkia, Noreg og USA var til stades.

I 1996 ga Atlanterhavskomiteen i dei to skriftseriane sine ut 22 nye titlar - 12 i Det tryggingspolitiske biblioteket og 10 i den nummererte skriftserien. Fire av desse hefta var engelskspråklege, og eitt var på dansk. Hefta har eit opplag på omlag 5000. Presseklippsamlinga «Bakgrunn» kom også i 1996 ut med 5 nummer, og artikkeltenesta til regionalpressa heldt fram. Medarbeidarar i komiteen skreiv til saman 12 artiklar om ulike tryggings- og utanrikspolitiske emne. For 22. gongen vart «Militærbalansen» omsett og utgitt på norsk i samarbeid med Det internasjonale instituttet for strategiske studiar i London (IISS). I den norske utgåva er det ei eiga vurdering av situasjonen i Nord-Europa. Eit særtrykk av den «norske» analysedelen vart omsett og gitt ut på engelsk. Vidare distribuerte komiteen fleire publikasjonar frå NATO, mellom anna tre utgåver av «NATO-nytt». Ei ny utgåve av NATO-handboka vart omsett og utgitt i 1996.

Undervisningsutvalet i Atlanterhavskomiteen arbeidde også i 1996 med å oppdatere den undervisningsmappa som vart send ut til alle vidaregåande skular i 1992. Ei ny supplementspakke med reviderte kart, avtaletekstar og illustrasjonar vart send ut til skulane tidleg i 1996. Atlanterhavskomiteen tok i 1996 imot ti grupper med elevar frå vidaregåande skular og gav dei orienteringar om ulike utanriks- og tryggingspolitiske emne.

Som ein del av informasjonsarbeidet om norsk utanriks- og tryggingspolitikk overfor utlandet følgde Atlanterhavskomiteen også i 1996 opp arbeidet i Den atlantiske traktaten sitt forbund (ATA), Den atlantiske undervisningskomiteen (AEC) og Det atlantiske forbundet av yngre politiske leiarar (AAYPL). I april inviterte den norske gruppa av AAYPL ei gruppe franske politikarar til ein studietur til Noreg som eit ledd i eit fransk-norsk utvekslingsprogram. Vidare inviterte den norske gruppa av AAYPL yngre politikarar frå Russland, Tsjekkia og Ungarn til eit åtte dagars studiebesøk i Noreg i september. Dertil var komiteen representert på rådsmøtet og hovudforsamlinga i ATA, AAYPL-rådsmøtet og vårseminar og undervisningskonferanse i AEC.Folk og Forsvar skipa i 1996 til 26 kontaktkonferansar om totalforsvaret og internasjonal forsvars- og tryggingspolitikk, deriblant NATO. I alt 1301 personar frå den vidaregåande skulen og frå medlemsorganisasjonar tilslutta Folk og Forsvar deltok. Desse konferansane varte i to dagar, og det deltok også representantar frå kommunane, fylka og staten. Ein har i 1996 hatt ein auke i deltakartalet på eindagskonferansar frå 1948 til 2292. Det har i alt vore avvikla 49 slike konferansar, der tema har vore forsvarskonseptet, medlemskapet i NATO og dei store endringsprosessane i Europa.

I tillegg til dette har Folk og Forsvar i 1996 hjelpt 24 skuleklassar både praktisk og økonomisk med studieturar til Brussel, med besøk mellom anna til NATO, SHAPE og EU. Til saman har 606 deltakarar fått stønad til slike studieturar. Ved sida av studieturane til Brussel har ein gitt økonomisk stønad til elevar og lærarar som har besøkt Berlin, USA, Moskva, Dublin/Belfast, Polen og Praha. Alle grupper som får økonomisk stønad til studieturar, får informasjon om NATO og norsk forsvars- og tryggingspolitikk før reisa. I samarbeid med DNAK har Folk og Forsvar stått for einskilde fellesarrangement til Berlin, Bonn, Brussel, Washington og High Wycombe, London, der det var med 170 personar.

Ein har delteke med foredragshaldarar på 39 arrangement haldne av medlemsorganisasjonar og andre. Folk og Forsvar har støtta studieturar for journaliststudentar og folkehøgskuleelevar som ønskte å studere tryggingspolitikk i inn- og utland, mellom anna vårt tilhøve til NATO. Likeins vart det i 1996 utdelt eit pressestipend.

Kontaktbladet til Folk og Forsvar har eit opplag på 12 500, og kom i 1996 ut med fire nummer. Etterspurnaden etter informasjonsmateriell om NATO og forsvars- og tryggingspolitikk har også i 1996 auka. Ein har eit godt samarbeid med DNAK også når det gjeld informasjonsmateriell. Interessa for Folk og Forsvar sine meiningsmålingar om oppslutninga om forsvaret og norsk medlemskap i NATO er framleis særs stor. Meiningsmålingane blir spreidde til media og organisasjonar som er tilknytte Folk og Forsvar. Av dei spurde svara 72 % at medlemskap i NATO medverkar til å tryggje landet. Folk og Forsvar fekk i 1996 fem nye medlemsorganisasjonar: Luftmilitært Samfund, Grenselosers og Kurerers Forening, Avd. 112 av NTL (Norsk Tjenestemannslag), Europeisk Ungdom og Politiets Pensjonistforbund.

Til forsiden