St.meld. nr. 59 (1996-97)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 1996

Til innholdsfortegnelse

3 Forsvarssamarbeidet

3.1 ALLIERT SAMVIRKE

Heilt sidan alliansen vart etablert i 1949, har forsvarssamarbeidet vore ein sentral berebjelke i det allierte samvirket. Det landa først og fremst ønskte, var å stå saman for betre å kunne møte ein felles fiende. Den militære evna til kollektivt forsvar var limet som batt alliansen saman. For å gjere denne evna truverdig vart det etablert ei rekkje former for alliert samvirke. Militære strukturar vart etablerte i form av komitear med representasjon frå forsvaret i dei enkelte NATO-landa. Ein alliert felles kommandostruktur vart også etablert. Samstundes arbeidde NATO for felles forsvarsplanar. Her sette landa måla, og det einskilde landet vart så bede om å prioritere særskilde tiltak i samsvar med desse planane. Militære øvingar var ein særs viktig del av det allierte samvirket. På denne måten kunne landa måle kvaliteten på styrkane og gjere endringar i trening, planverk og utstyr.

Ei rekkje komitear vart oppretta for å drøfte det allierte forsvarssamarbeidet. Av desse kan nemnast forsvarsplanleggingskomiteen (DPC), den kjernefysiske planleggingsgruppa (NPG) og militærkomiteen (MC). NATO-rådet spelar ei viktig rolle for både det politiske samarbeidet og forsvarssamarbeidet. Då Frankrike i 1966 melde seg ut av forsvarssamarbeidet, møttest ikkje lenger forsvarsministrane på rådsnivå. Våren 1996 møttest forsvarsministrane på rådsnivå for første gong på tretti år.

Innhaldet i samvirket har utvikla seg med dei tryggingspolitiske tilhøva i Europa. Under den kalde krigen var verksemda i hovudsak retta mot militære planar, tiltak og øvingar for å kunne møte eit åtak mot NATO frå Sovjetunionen og Warszawapakta. Utviklinga dei siste åra har ført til ei endring i det allierte samvirket. Dei militære planane, tiltaka og øvingane femner ikkje berre om det kollektive forsvaret. Dei same militære strukturane skal kunne møte regionale kriser og konfliktar, hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen, gi støtte til partnarland i aust og gjere det mogeleg for andre å gjere seg nytte av allierte militære strukturar. I 1992 opna NATO for å leie operasjonar med mandat frå KSSE (no OSSE) og FN. I desse dagar freistar alliansen å legge forholda til rette for at VEU-leidde operasjonar skal kunne trekkje på NATO-ressursar.

Samstundes har dei allierte landa redusert innbetalingane til NATO. Dei mange oppgåvene NATO blir stilt overfor, og reduserte bidrag frå medlemslanda har gjort at NATO har sett i gang ein omfattande tilpassing av sine militære strukturar og rammene for forsvarssamarbeidet. Målet er å sette NATO i stand til å gjere meir til ein lågare pris. I 1996 tok den NATO-leia operasjonen i Bosnia, samvirket med partnerlanda og omforminga av Alliansen det meste av merksemda.

3.2 ARBEIDET I FORSVARSPLANLEGGINGSKOMITEEN (DPC)

Komiteen er normalt sett saman av ambassadørane frå NATO-landa, men møtest minst to gonger i året på forsvarsministernivå. Dei drøftar dei fleste saker som har med forsvarssamarbeidet å gjere, med særleg vekt på den kollektive forsvarsplanlegginga. Med unntak av Frankrike er alle NATO-landa med i komiteen. Komiteen pålegg militærkomiteen oppgåver og har innanfor sitt ansvarsfelt same rolla som NATO-rådet (NAC).

Forsvarsplanleggingskomiteen er det øvste organet for det forsvarspolitiske samarbeidet i NATO. Arbeidet i DPC i 1996 vart prega av at alliansen held fram med å tilpasse seg og iverksette dei styringsdokumenta som vart vedtekne i 1991. Vidare har alliansen halde fram med å klargjere korleis ein best kan handtere dei nye initiativa frå NATO-toppmøtet tidleg i 1994. Dette gjeld til dømes Partnarskap for fred og «Combined Joint Task Forces» (CJTF). Samstundes har ein innanfor alliansen halde fram med å greie ut korleis ein skal kunne løyse nye oppgåver, særleg innanfor krisehandtering og fredsoperasjonar. Forsvarsplanlegginga er no meir retta mot krisehandtering og situasjonar der allierte land blir truga.

Samstundes var verksemda i 1996 prega av at alle forsvarsministrane for første gong på tretti år møttest på rådsnivå. Mange av dei spørsmåla som hadde vore diskuterte i DPC, vart i staden diskuterte av Rådet og drøfta av forsvarsministrane når NATO-rådet kom saman i sine forsvarsministersesjonar.

Verksemda vart i større grad enn tidlegare prega av spørsmål omkring forsvarsplanlegging og rammene for forsvarsplanlegging. Allianselanda har halde fram med å redusere og omprioritere sine forsvarsbudsjett i 1996. Dette følgjer av dei endra forsvars- og tryggingspolitiske tilhøva i Europa, der faren for ein omfattande krig ikkje lenger er særleg sannsynleg. Dette inneber at dei styrkane som nasjonane i dag set av til det kollektive forsvaret, ikkje lenger har det same omfanget som under den kalde krigen. Mot slutten av 1994 varsla Canada at landet ikkje lenger ville bidra til NATO sin samansette styrke (NATO Composite Force - NCF), som er øyremerkt for forsvaret av Noreg. Denne avgjerda sa ein seg svært lei for frå norsk side, og i samarbeid med NATO har norske styresmakter arbeidd med å finne ei erstatning for det kanadiske bidraget. Dette arbeidet vil halde fram. Canada har no trekt tilbake utstyret sitt frå Noreg. Som ein konsekvens av dei reduserte nasjonale forsvarsbudsjetta og omprioriteringane vil det i framtida nok kunne bli større konkurranse om dei attverande forsterkingsstyrkane. Ved ei utviding av alliansen vil problema kunne bli endå større. Dette vil kunne få følgjer for Noreg i ein krise- eller krigssituasjon.

Forsvarsministermøta i DPC vart haldne i juni og i desember. På møtet i juni understreka forsvarsministrane verdien av å halde fast ved planlegginga for eit kollektivt forsvar. Dei understreka òg at NATO måtte arbeide vidare med å endre forsvarsplanlegginga til å omfatte heile spekteret av oppgåver for alliansen.

Forsvarsministrane viste til at IFOR-operasjonen synte den nytten alliansen hadde av forsvarsplanlegging og dei langvarige røynslene frå militært samarbeid i allierte samøvingar. Dei peika også på at PFP hadde lagt tilhøva til rette for deltaking frå partnarlanda. Hendingane i Bosnia hadde også vist at NATO måtte vere budd på alle typar oppgåver. Ein måtte derfor søkje å trekkje lærdom frå Bosnia, slik at ein i nasjonal og alliert planlegging kunne styrkje den individuelle og kollektive evna til å vere med i framtida. Dei peika samstundes på vekta av den amerikanske deltakinga, og at ein på europeisk side måtte delta meir aktivt i NATO.

Alliansen har no redusert styrkane sine langt meir enn føresett i det strategiske konseptet frå 1991. Tilpassinga av alliansen vil måtte halde fram, i tråd med endringane i den tryggingspolitiske situasjonen i Europa. Forsvarsministrane la vekt på at dette viste seg i dei allierte styrkeplanar. Ministrane vart i tråd med dette samde om eit nytt sett med styrkemål for alliansen, og dei oppmoda NATO-landa om å endre sine planar i same retning.

Styrkemåla la i 1996 avgjerande vekt på evner NATO må skaffe seg for å kunne handtere heile spekteret av oppdrag. Særskilt vekt vart lagt på evna til å flytte styrker frå eitt område til eit anna, fredsoperasjonar og krisehandtering. Tiltak mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen var eit anna prioritert tiltak. Ministrane bad komiteane i NATO særskilt om å førebu nye styrkemål for å auke evna til å motverke slik spreiing.

Då forsvarsplanleggingsgruppa møttest på nytt i desember 1996, vart mange av dei same sakene diskuterte. Forsvarsministrane peika på at NATO-toppmøtet i juli 1997 ville bli særs viktig. Ein la òg større vekt på at NATO måtte halde fram med arbeidet for å etablere ein særskild europeisk tryggings- og forsvarsidentitet (ESDI). Denne identiteten måtte utformast på ein måte som tok vare på interessa til alle NATO-land. Ministrane støtta ei vidareføring av den NATO-leidde styrken i Bosnia. I arbeidet med dei allierte forsvarsplanane merka ministrane seg at nokre planar måtte utsetjast på grunn av dei rammene budsjetta sette. For framtida ønskte forsvarsministrane at ein særleg skulle leggje vekt på styrkje systema for kommando, kontroll og samband, den strategiske mobiliteten, evna for ein operasjon til å halde ut over tid, dessutan system for strategisk overvaking og etterretning. Samstundes godkjende ministrane nye styrkemål mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

3.3 ARBEIDET I NATO-RÅDET (NAC)

Frå Frankrike trekte seg frå forsvarssamarbeidet i 1966 og fram til 1996, arbeidde NATO-rådet i første rekkje med reint politiske saker. Forsvarssamarbeidet vart handtert av forsvarsplanleggingskomiteen (DPC) eller av gruppa for kjernefysisk planlegging (NPG). Endringa tok til i 1992, etter at NATO hadde opna for deltaking i fredsoperasjonar med mandat frå KSSE (no OSSE) eller FN. På utanriksministermøtet hausten 1992 sa den franske utanriksministeren at fredsoperasjonar var ei sak for alle dei 16 medlemslanda. I januar 1993 gjekk den franske ambassadøren inn for at den franske militærmisjonen til NATO måtte ha fulle rettar i militærkomiteen når fredsoperasjonar vart debatterte. Seinare deltok Frankrike på lik line med dei andre NATO-landa i militærkomiteen når situasjonen i det tidlegare Jugoslavia vart diskutert. På utanriksministermøtet desember 1995 opna så den franske utanriksministeren for at Frankrike kunne ta del i forsvarssamarbeidet i heile si breidd.

Dette førte til to endringar: Fleire saker som vedkjem forsvarssamarbeidet i NATO, vart no drøfta i Rådet. Samstundes kunne no forsvarsministrane møtast innanfor ramma av NATO-rådet. Ein fekk med andre ord for første gong på tretti år ein eigen forsvarsministersesjon i tillegg til utanriksministersesjonen.

Dei allierte forsvarsplanane blir ikkje diskutert i Rådet. Frankrike tek enno ikkje del i samarbeidet om dette. Den nye situasjonen gjer det samstundes vanskeleg å trekkje eit klårt skilje mellom det politiske samarbeidet og forsvarssamarbeidet i NATO.

Rådet møttest for første gong på tretti år i ein eigen forsvarsministersesjon 13. juni 1996. Denne historiske hendinga stadfesta den vekt dei allierte legg på NATO som ein berebjelke for tryggingspolitisk stabilitet og samvirke i heile Europa. Sjølv om forsvarsministrane framheva det kollektive forsvaret, la dei òg vekt på at utfordringane i dag peikar i ulike retningar og er meir samansette enn tidlegare. For å møte desse utfordringane treng NATO styrkar, strukturar og prosedyrar som kan nyttast både til kollektivt forsvar og til fredsoperasjonar og krisehandtering. Ein la særleg vekt på at styrkane måtte vere effektive og fleksible på same tid.

Forsvarsministrane framheva særskilt arbeidet med CJTF-konseptet, som vil gjere NATO betre i stand til å settje opp styrkar på kort varsel. Det vil òg lette samarbeidet med VEU og partnarlanda. Dei bad ambassadørane, med råd frå militærkomiteen, om å finne fram til tal, storleik, lokalisering og struktur for moderhovudkvartera til CJTF-elementa, slik at dei kunne passe inn i den nye kommandostrukturen til NATO. Ein skulle i dette arbeidet leggje vekt på tidleg deltaking frå partnarland i CJTF. Arbeidet måtte òg samordnast med VEU. Ministrane bad samstundes om ei øving av konseptet til ein NATO-operasjon, og at VEU starta planlegging for ei øving av konseptet til ein VEU-leidd operasjon. Ministrane bad dessutan militærkomiteen om å etablere to faste arbeidsgrupper med utvikling av CJTF-konseptet som oppgåve.

Ministrane drøfta arbeidet med ein ny kommandostruktur for NATO. Dei gjekk gjennom ein rapport som vart utarbeidd i militærkomiteen. Forsvarsministrane bad militærkomiteen om å halde fram med arbeidet, og om at komiteen tok særleg omsyn til behovet for ein sams fleirnasjonal kommandostruktur med sams kommandoliner, med deltaking frå alle land i NATO, og med evne til kollektivt forsvar i tillegg til fleksibilitet til å handtere nye oppgåver. Her vart CJTF-konseptet framheva, saman med auka fleksibilitet og effektivitet, framhald av amerikansk deltaking i styrkestruktur og kommandostruktur, utviklinga av ein europeisk tryggings- og forsvarspolitisk identitet med deltaking av alle europeiske allierte, behovet for å fange opp den føreståande utvidinga av NATO og ein billegare struktur.

Særleg med tanke på utviklinga av ESDI innanfor NATO bad ministrane ambassadørane, med råd frå militærkomiteen, om å drøfte den allierte forsvarsplanlegginga for å sikre at den held fram med å utvikle styrkar som kan handtere heile spekteret av operasjonar NATO kan bli stilt overfor. Samstundes måtte planane få ei slik utforming at dei kunne støtte iverksetjinga av ein VEU-leidd operasjon.

Forsvarssamarbeidet for å motverke spreiing av masseøydeleggingsvåpen vart framheva. Dette arbeidet vil spele ei avgjerande rolle for styrking av evna og fleksibiliteten til NATO. Ministrane la særleg vekt på behovet for tiltak for skjerming av eigne styrkar. Det sentrale er framleis å hindre spreiing, men samstundes understreka forsvarsministrane at spreiing av kjernefysiske, kjemiske og biologiske våpen er ei utfordring og ein mogeleg trussel mot NATO. Ministrane vart samde om korleis NATO kan kjempe mot spreiing. Dei framheva særskilt hindring av spreiing ved diplomatiske middel, avskrekking, sikring av alliert område, befolkning og styrkar mot angrep.

Ministrane var særs nøgd med utviklinga av Partnarskap for fred, som styrkjer tryggleiken og stabiliteten i heile Europa. PFP har mykje å seie for land som ønskjer å førebu seg til medlemskap i NATO. Det opnar for nærare samarbeid med land som ikkje vil bli medlemmer, og det hindrar såleis etableringa av nye skiljeliner i Europa. Ministrane drøfta også arbeidsprogrammet for PFP for 1996 til 1998, som opna for ein sterk auke i PFP-aktivitetane. Auken i forsvarssamarbeidet omfattar militært materiell, luftvern, utvikling av forsvarspolitikk og sivil kriseberedskap.

Ministrane framheva dei positive røynslene frå den NATO-leidde operasjonen i Bosnia, som på ein god måte synte korleis PFP kunne gi positive og konkrete resultat. Lærdomen frå Bosnia måtte no innarbeidast i den vidare utviklinga av samarbeidet om forsvarsplanane i partnerlanda i den såkalla PARP-prosessen. Ministrane ønskte å gi partnarlanda større ansvar i utarbeidinga av tiltak for å auke regional stabilitet og regionalt samvirke.

Forsvarsministrane stadfesta at NATO ville bli utvida, og dei peika på at den intensiverte dialogen med partnarane var særs viktig. I arbeidet med å tilpasse NATO måtte ein vurdere konsekvensane av ei utviding.

NATO-rådet møttest på nytt til forsvarsministersesjon i desember 1996. Tre tema vekte særleg interesse: den NATO-leidde operasjonen i Bosnia, den interne tilpassinga av alliansen og den eksterne tilpassinga av alliansen.

Ministrane gjekk inn for å halde fram med ein redusert styrke i Bosnia, og opna for at øvstkommanderande i Europa, SACEUR, kunne aktivisere den nye styrken 20. desember 1996. Den nye styrken fekk i oppgåve å hindre nye krigshandlingar, stabilisere og konsolidere freden i Bosnia og leggje tilhøva til rette for den sivile oppfølginga av fredsplanen for Bosnia. Operasjonen vil vare i 18 månader, med vurdering av styrkenivå etter 6 og 12 månader.

Forsvarsministrane var samde om at det avgjerande no var framgangen i dei politiske prosessane i Bosnia. Den NATO-leidde styrken ville støtte dei politiske og sivile delane av fredsprosessen. Samstundes streka dei under at det var det opp til partane om ein skulle få varig fred i Bosnia.

Den interne tilpassinga av alliansen er i ein avgjerande fase. Forsvarsministrane peika på tre faktorar som var særs viktige: å bevare militær effektivitet, halde fast ved det transatlantiske sambandet og utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) innanfor alliansen.

Ministrane støtta arbeidet i militærkomiteen med å sikre den militære effektiviteten i alliansen. Dei la særleg vekt på diskusjonane om kommandostrukturen, og bad militærkomiteen om å arbeide vidare med denne saka fram mot ministermøtet våren 1997. Militærkomiteen skulle leggje særleg vekt på den relative effektiviteten ved dei ulike alternativa, dei politiske og militære elementa, ressursimplikasjonane, forholdet mellom dei ulike nivåa i kommandolina, type, storleik og plassering av hovudkvarter på det subregionale nivå, ansvar og rolle for dei ulike hovudkvartera, dessutan fordeling av leiarstillingar i den nye strukturen.

Iverksetjinga av CJTF-konseptet er ein viktig del av tilpassinga i NATO. CJTF-hovudkvarter vil i hovudsak handtere operasjonar som ikkje gjeld det kollektive forsvaret. Partnarland kan ta del i slike operasjonar, og også VEU kan nyttiggjere seg CJTF-hovudkvarter. Tre hovudkvarter i NATO er peika ut som moderhovudkvarter for CJTF-elementa: Strike Fleet Atlantic, Allied Forces Central Europe og Allied Forces Southern Europe.

Forsvarsministrane ønskte velkomen framdrifta i arbeidet med å utvikle ESDI innanfor alliansen. Desse tiltaka vil opne for europeiske kommando-ordningar som kan førebu og setje i verk operasjonar under leiing av VEU, om NATO-rådet vedtek dette. Samstundes skal kommandostrukturen ivareta det ansvaret som alliansen allereie har. Tiltaka opnar vidare for identifisering av NATO-ressursar som kan gjerast tilgjengelege for VEU i ein VEU-leidd operasjon. Tiltaka omfattar òg eit nærare samarbeid mellom NATO og VEU.

Ministrane bad på sitt første møte NATO-rådet om å sjå nærare på dei prosedyrane NATO har for forsvarsplanlegging. Dette arbeidet vart stogga i påvente av ei avklåring i VEU av kva VEU vil gjere med europeiske NATO-land som ikkje er fulle medlemmer i VEU.

Ministrane gav òg uttrykk for at den interne tilpassinga av alliansen må setje NATO betre i stand til å møte dei farane som ligg i spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Medan NATO helst vil unngå at slike våpen blir spreidde, må ein førebu seg på at spreiing kan skje. Ministrane gjekk difor inn for at NATO utarbeider særskilde tiltak for å møte dei risikoar som ligg i spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen. Slike planar er særs viktige om NATO skal kunne handtere heile spekteret av operasjonar. Forsvarsministrane bad dei militære styresmaktene i NATO leggje særleg vekt på tiltak mot spreiing i utviklinga av styrkemål for 1998.

Ministrane la vidare stor vekt på tre sider ved den eksterne tilpassinga av NATO: førebuinga av ei utviding av alliansen, styrkinga av PFP-programmet og ønsket om eit nærare samvirke med nokre av partnarlanda, særleg med Russland og Ukraina.

Forsvarsministrane understreka at eitt eller fleire partnarland ville bli invitert til medlemskapstingingar på Madrid-toppmøtet i juli 1997. NATO-rådet er bede om å fremme forslag om kven som skal inviterast. For at alliansen skal vere best mogeleg førebudd på utvidinga, bad ministrane ambassadørane om å sette i gang ein serie studiar for kvart av dei landa som ønskjer NATO-medlemskap, av dei militære og ressursmessige følgjene av ei utviding.

Samstundes tok forsvarsministrane opp att fråsegna frå utanriksministermøtet den 10.12.96 om at NATO ikkje hadde planar, ønske eller behov for å stasjonere kjernevåpen i nye medlemsland, og at ei utviding ikkje vil endre på kjernevåpenstrategien i NATO.

Forsvarsministrane peika på at PFP er ein viktig del av den europeiske tryggingspolitiske strukturen. Derfor la dei òg avgjerande vekt på å styrkje programmet. Dei opna for deltaking frå partnarland i fleire typar operasjonar og øvingar. Partnarlanda vil òg bli trekte meir inn i planlegginga av PFP-aktivitetane. Forsvarsplanane til partnarlanda vil dessutan bli trekte nærare prosedyrane i NATO, slik at dei kan bli betre tilpassa PFP-aktivitetane.

Ministrane slutta seg til vedtaket om å søkje støtte hos partnarlanda for å etablere eit Atlantisk partnarskapsråd (APC) som ein samlande og overordna overbygnad for det praktiske samarbeidet i PFP.

I drøftinga av tilhøvet til Russland ønskte ministrane å få i stand eit charter mellom NATO og Russland. Eit slikt charter kunne omfatte utveksling av permanent militært nærvær ved allierte og russiske hovudkvarter. Ministrane gjekk òg inn for å etablere eit særskilt samarbeid med Ukraina.

3.4 ARBEIDET I GRUPPA FOR KJERNEFYSISK PLANLEGGING (NPG)

NPG (Nuclear Planning Group) drøftar spørsmål knytte til kjernevåpenstyrkar og kjernevåpenstrategi i alliansen, inkludert kjernefysisk rustingskontroll. Alle NATO-landa med unntak av Frankrike er med i NPG-samarbeidet (Island er observatør). Det kontinuerlege samarbeidet mellom deltakande land går føre seg i NPG-stabsgruppa i NATO-hovudkvarteret.

Det blir halde to møte i året i NPG på forsvarsministernivå, og også i 1996 vart desse møta haldne i Brussel. Ministermøta i NPG dei siste tre åra har vore korte, og dette er eit uttrykk for den reduserte rolla kjernevåpna har fått. Ministermøta i NPG i dag er likevel ikkje uttrykk for anna enn at NATO på det kjernefysiske området har tilpassa seg den nye tida med omsyn til doktrine og styrkestruktur. Dette rokkar likevel ikkje ved den vekt kjernevåpna har i NATO-strategien og når det gjeld tryggleiken til medlemslanda. Også ved det siste NPG-møtet understreka forsvarsministrane den unike og viktige rolla som kjernevåpen framleis har for tryggleiken til medlemslanda i alliansen.

Arbeidet i NPG har også i 1996 i hovudsak vore sikring av kjernevåpna og betring av overlevingsevna til både våpen og leveringsmiddel. Alliansen har sterkt redusert talet på kjernefysiske stridshovud i Europa, og alle sjø- og bakkebaserte kjernevåpen med kort rekkevidd er trekte bort frå kontinentet. NATO har, i tråd med den eksisterande strategien, framleis flybaserte kjernevåpen med kort rekkevidd i Europa, men også her har det dei siste åra skjedd ein kraftig reduksjon.

På ministermøta i NPG vart forsvarsministrane orienterte om status i det pågåande arbeidet for å sikre overlevingsevna til dei kjernevåpna NATO framleis har i Europa. Dei understreka då at det er naudsynt å halde fram med å sikre høgste standard for tryggleik og sikring av våpna. Ministrane vart òg informerte om framgangen i dei bilaterale samtalene mellom USA og Russland om tryggleik, sikring og nedbygging av kjernevåpen. Dei helsa den amerikanske ratifiseringa av START II i januar velkomen, samstundes som dei sterkt oppmoda den russiske Dumaen om å ratifisere.

Ministrane sa seg nøgde med at alle kjernevåpna no er trekte ut av Kviterussland. På den andre sida uttrykte ministrane uro over det store talet på taktiske kjernevåpen som framleis finst i Russland, samstundes som dei allierte har skore radikalt ned på sine kjernevåpenstyrkar. Russland vart såleis oppmoda til å fullføre dei nedskjeringane som var varsla i 1991 og 1992, og til seriøst å vurdere ytterlegare reduksjonar i samsvar med dei tiltaka alliansen hadde sett i verk. I denne samanhengen understreka ministrane nytten av assistansen frå ei rekkje allierte land til trygg transport og destruksjon av masseøydeleggingsvåpen i Russland, Kasakhstan, Kviterussland og Ukraina.

Ministrane vart òg orienterte om den vellukka gjennomføringa av START I-avtala, og uttrykte sterk støtte til arbeidet med å ratifisere START II. Alliansen uttrykte støtte til avtala om ein universell og verifiserbar prøvestans, som eit viktig verkemiddel mot vidare spreiing av kjernevåpen.

Alliansen ser det som særs viktig at nedbygginga av kjernevåpen i det tidlegare Sovjetunionen blir gjennomført i samsvar med inngåtte nedrustingsavtaler og einsidige erklæringar. I takt med nedbygginga av kjernevåpen framstår tryggingsaspektet, spesielt i det tidlegare Sovjetunionen, som ei av dei største utfordringane på det kjernefysiske området. USA og Russland har i fleire år hatt eit omfattande bilateralt program, og assistanse til kjernefysisk tryggleik og nedbygging i Russland er framleis høgt prioritert.

Noreg har teke aktivt del i arbeidet med nedrusting og rustingskontroll, og har, som dei andre allierte, lagt stor vekt på arbeidet med å gjere alliansen mindre avhengig av kjernevåpen. NATO er i dag mindre avhengig av kjernevåpen enn nokon gong, og talet på slike våpen er markant lågare enn det var under den kalde krigen.

Like viktig som å redusere mengda av noverande kjernevåpen er arbeidet for å hindre spreiing av massøydeleggingsvåpen til nye statar eller ikkje-statlege aktørar. Alliansen har gjennom Senior Defence Group on Proliferation (DGP) vurdert kva for risikoar ein står overfor når det gjeld spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen. DGP har også kome fram til kva for militær evne som ein ser som naudsynt for å møte den risikoen ein står overfor. Desse tilrådingane vart i 1996 gitt ei meir konkret form og innarbeidde som såkalla styrkemål i forsvarsplanleggingsprosessen i NATO. Av spesiell verdi er her utviklinga av varslings- og vernetiltak som vil auke overlevingsevna til allierte styrkar i eit NBC-ureina miljø, også i moglege fredsoperasjonar utanfor territoriet til NATO.

3.5 DET UFORMELLE FORSVARSMINISTERMØTET I BERGEN

Kvart år sidan 1993 har dei allierte forsvarsministrane hatt eit uformelt møte om hausten. I september 1996 var det Noreg som var vert for det uformelle forsvarsministermøtet. Møta har ingen fast dagsorden, men forsvarsministrane kjem med framlegg om tema som dei ønskjer å innleie om. På møtet blir dei ulike tema drøfta, men vedtak blir ikkje gjort. Forsvarsministermøtet kan likevel nå fram til ei felles forståing i saker som kan bli følgde opp av andre organ i NATO. Fire tema vart debatterte: den NATO-leidde operasjonen i Bosnia, tilhøvet mellom NATO og Russland, den interne tilpassinga av alliansen og den eksterne tilpassinga av alliansen. Ministrane vart samde om at dei ulike NATO-organa kunne byrje å planleggje for ei mogeleg forlenging av den NATO-leidde operasjonen i Bosnia, og at ein måtte trekkje Russland med i planlegginga på eit tidleg stadium.

3.6 ARBEIDET I MILITÆRKOMITEEN

Militærkomiteen er den øvste militære styresmakta i NATO. Han er samansett av forsvarssjefane i dei medlemslanda som er med i det integrerte militære samarbeidet. I 1996 tok Frankrike sete i komiteen, etter at landet igjen slutta seg nærare til den integrerte militære strukturen i alliansen. I det daglege er forsvarssjefane representerte av ein fast militær representant. Militærkomiteen spelar ei sentral rolle i forsvarsplanlegginga og i det generelle militære samarbeidet. Han gir militære råd til NATO-rådet (NAC) og forsvarsplanleggingskomiteen (DPC) og tek imot ordre frå desse politiske organa.

Militærkomiteen er støtta av ein integrert, internasjonal, militær stab (IMS). Som stab for militærkomiteen har IMS oppgåva å sakhandsame militærfaglege spørsmål i samråd med medlemslanda og øvstkommanderande for dei allierte styrkane i Atlanterhavskommandoen og Europakommandoen (SACLANT og SACEUR) og leggje desse spørsmåla fram for militærkomiteen. IMS utviklar planar, set i gang studiar og anbefaler retningsliner for den militære verksemda i NATO etter oppdrag gitt av nasjonale eller allierte styresmakter.

Hovudområda for verksemda i militærkomiteen har i 1996 vore den internasjonale fredsstyrken i Bosnia-Hercegovina (IFOR) og seinare skipinga av den etterfølgjande stabiliseringsstyrken (SFOR). Vidare har militærkomiteen behandla den interne og eksterne tilpassinga av NATO. Her har langtidsmeldinga om ny kommandostruktur og utgreiinga om utviding av alliansen vore hovudtema. Militærkomiteen har òg arbeidd med utgreiinga om vidareutviklinga av det militære samarbeidet i Partnarskap for fred, CJTF-konseptet, ESDI og tilhøvet til VEU.

Gjennom intensiveringa av samarbeidet med landa tilslutta Partnarskap for fred har militærkomiteen - medrekna stabar og underkomitear - hatt omfattande konsultasjonar med partnarlanda i ulike fora, både samla og enkeltvis.

3.7 FORSVARSRELATERT SAMARBEID MED SAMARBEIDSPARTNARANE

PFP-samarbeidet har gjennom tre år vorte særs omfattande, både når det gjeld mengda av deltakarland og aktivitetsnivå. Alle europeiske NACC- og/eller OSSE-medlemmer er inviterte til å delta i eit konkret og praktisk retta militært og forsvarspolitisk samarbeid med NATO. Tilslutning til PFP foregår først ved at partnarlanda skriv under på eit rammedokument som dreg opp hovudprinsippa og grunnlaget for samarbeidet. Rammedokumentet inneheld fem hovudmålsetjingar for PFP-samarbeidet:

  • Betre innsyn i nasjonal forsvarplanlegging og nasjonale budsjettprosessar.

  • Sikring av demokratisk kontroll over væpna styrkar.

  • Oppretthalding av kapasitet og beredskap for å bidra til FN- eller OSSE-operasjonar.

  • Utvikling av samarbeidsordningar med NATO for felles planlegging og øving med sikte på fredsbevaring, søk og redning, humanitære operasjonar og eventuelle andre operasjonar.

  • Utvikling over tid av styrkar som er betre i stand til å operere saman med styrkar frå NATO-land.

Deretter må kvart enkelt partnarland leggje fram eit presentasjonsdokument som skisserer dei nasjonale målsetjingane med PFP-programmet. Basert på dette blir det utvikla eit individuelt tilpassa samarbeidsprogram for kvart partnarland, eit såkalla IPP (Individual Partnership Programme).

Ein viktig del av det forsvarsrelaterte samarbeidet går føre seg innanfor den militære planleggingsprosessen PARP (Planning and Review Process) for partnarlanda, som vart sett i verk i 1994 etter mønster av forsvarsplanlegginga i NATO. Denne prosessen tek i første rekkje sikte på å auke interoperabiliteten mellom allianse- og partnarlanda ved ein rutinemessig gjennomgang av forsvarsstrukturar, -budsjett og -planar i partnerlanda. I den inneverande planleggingssyklusen er det innført utvida og meir detaljerte interoperabilitetsmål, som blant anna byggjer på røynslene frå IFOR. I tillegg tener PARP til å styrkje dialogen mellom NATO og partnarlanda om forsvarspolitikk og strategi, mellom anna når det gjeld tilhøvet mellom sivile og militære styresmakter.

Som ein del av det praktiske samarbeidet har NATO også oppretta ei militær koordinerings-celle ved SHAPE i Belgia (PCC - Partnership Coordination Cell), dit partnarlanda sender sine liaisonoffiserar. Tilsvarande er det oppretta ei ordning for permanent representasjon for alle partnarland ved det sivile NATO-hovudkvarteret i Brussel. Arbeidet med å etablere og iverksetje PFP har hatt god framdrift. PFP har vorte endå viktigare for Noreg, i og med at både Russland, alle nordiske land og dei baltiske landa deltek. Dette gjer det mogeleg å etablere nye samarbeidsrelasjonar i nord som både inkluderer PFP-land og våre NATO-allierte. PFP kan også bli ei plattform for auka nordisk tryggingspolitisk samarbeid. Ein har dei seinaste åra blant anna fått meir vektige nordiske forsvarsministermøte og ein styrkt bilateral tryggingspolitisk kontakt med Sverige og Finland.

PFP-øvingar med nordisk deltaking på nordisk territorium vil vere eit viktig signal om vilje og evne til ny tilnærming også på dette området.

Sett frå norsk side var det svært viktig at også Russland kom med i PFP. Dette legg ei god ramme for eit utvida norsk-russisk samarbeid innanfor ei breiare multilateral ramme. Vårt naboskap til Russland gir i dag interessante perspektiv for utvida kontakt og samarbeid i nord. Slik kontakt er ein viktig del av norsk tryggingspolitikk, og dette samarbeidet har interesse også for fleire av våre allierte. Gjennomføring av øvingar innanfor ramma av PFP er eit aktuelt område for norsk engasjement. Ein legg stor vekt på russisk deltaking i PFP-aktivitetar på norsk jord. Dette kan ha ein viktig tillitsskapande effekt i våre nærområde. I tillegg kjem samarbeid mellom USA, Russland og Noreg om handtering av ureining frå militær verksemd.

Noreg legg også vekt på kontakt og samarbeid med dei baltiske statane. Desse landa har eit stort behov for assistanse, og det er i norsk interesse å medverke til ei demokratisk og stabil utvikling i Baltikum. Dette vil vere ein føresetnad for ei stabil og fredeleg utvikling i det nordlege Europa elles. Som ei følgje av dei bilaterale samarbeidsavtalene som vart inngåtte med dei baltiske landa i 1995, vart det i 1996 halde bilaterale samtaler på embetsmannsnivå med alle dei baltiske statane. Som eit resultat av Noregs tryggingspolitiske interesser i Baltikum vart det i august 1995 gjort bilaterale samarbeidsavtaler på forsvarsområdet med Estland, Latvia og Litauen. Avtalene tek sikte på å regulere framtidig samarbeid både bilateralt og innanfor ei PFP-ramme.

I 1996 vart det inngått bilaterale samarbeidsavtaler med Polen og Ungarn. Vidare vart det halde bilaterale samtaler på embetsmannsnivå mellom Noreg og Den tsjekkiske republikken. Talet på PFP-øvingar og -aktivitetar auka i 1996. Blant anna vart øvinga Cooperative Venture 1996 gjennomført. I 1997 skal øvinga Cooperative Banners 97 gjennomførast i Skagerrak og til lands i det sørvestlege Noreg. Norske einingar vil dessutan ta del i PFP-øvingar i utlandet. Forutan PFP-øvingar er einingar frå Noreg med i såkalla «in the spirit of PFP»-øvingar. Ei av desse øvingane, Nordic Peace, skal haldast i Nord-Noreg i juni 1997. Her tek berre dei nordiske landa del. Planlegging er i gang for nye øvingar i åra framover, og det vil bli stadig meir aktuelt å samkøyre tradisjonelle NATO-øvingar med PFP-ramma for å effektivisere øvingane og samstundes halde kostnadene nede.

PFP er enno i utvikling, og aktivitetsnivået og engasjementet aukar stadig. Same korleis utviklinga blir, vil PFP halde fram med å vere eit viktig verkemiddel for utforminga av europeisk tryggingspolitikk. Ulike land har ulike siktemål med PFP-medlemsskapet, men det overordna prinsippet for alle deltakarar er å styrkje tryggleiken og redusere faren for konflikt og krig.

3.8 ALLIERT ØVINGS- OG TRENINGSAKTIVITET

Mønsteret for alliert trening i Noreg i forhold til 1995 er lite endra dei siste åra. Det vart registrert ein svak auke i talet på avdelingar som øvde i 1996. Interessa for vintertrening i Noreg er særleg stor hos spesialstyrkane i deltakarlanda.

Omfanget av allierte øvingar ligg på om lag same nivå som tidlegare år. Den allierte øvingsverksemda følgjer stort sett den plan og syklus som er gitt av SACEUR og SACLANT. Samstundes kan ein registrere at det på øvingskonferansen til NATO i 1995 vart hevda av fleire nasjonar at øvingsprogrammet vart «overcrowded, overheated and underfunded». Årsaka er mellom anna at pågåande operasjonar gjer bruk av ein ressurs som normalt kunne vere tilgjengeleg for øvingsverksemd, at PFP-øvingar og anna PFP-aktivitet har vist kraftig vekst, at dei militære styrkestrukturane er reduserte, og at forsvarsbudsjetta, og særleg løyvingane til driftsføremål, har vist stagnasjon og nedgang i dei fleste landa.

Det vart derfor vedteke at det skulle setjast i gang ein «NATO Exercise and Mix Study» som skal utarbeide og tilrå minimumsstandardar for frekvens, nivå og omfang for øvingar som grunnlag for framtidige MNC-øvingsprogram. Denne studien blir ferdig våren 1997 og vil først få følgjer for planlegginga frå 1998.

For Noregs del er det avgjerande å føre vidare øvingsmønsteret med ei stor alliert øving på norsk jord kvart år.

3.9 SAMARBEID OM DEI FELLESFINANSIERTE RESSURSPROGRAMMA

Rådet godkjende i 1996 ressursplanen for NATO for åra 1997-2001. Planen omfattar dei tre militære ressursområda personell, det militære budsjettet som finansierer drifta av den militære delen av alliansen, og investeringsprogrammet for tryggleik. Planen fastset eit øvre tak for militærbudsjettet tilsvarande omlag 5,2 milliardar kroner for 1997 og åra etter. Budsjettet er om lag uendra frå 1996 når ein ser bort frå prisauken. På investeringsprogrammet for tryggleik vart det fastsett eit øvre tak tilsvarande om lag 5,4 milliardar kroner for 1997 og 5,3 - 5,4 milliardar kroner for åra etter. Dette er uendra i høve til planen frå i fjor.

Noreg har uttrykt uro over at militærbudsjettet ikkje har fått kompensasjon for prisauken sidan byrjinga på 90-talet. Det har alltid vore viktig for Noreg at det finansielle grunnlaget for kjernefunksjonane i alliansen er godt. Det er naudsynt for at ein skal kunne gjennomføre både dei tradisjonelle oppgåvene knytte til den kollektive forsvarsgarantien, og dei nye oppgåvene NATO har teke på seg dei seinare åra. Den militære budsjettkomiteen har i samband med handsaminga av budsjettet sagt at det ikkje ser ut til å være naudsynt med kompensasjon for prisauken, sjølv om det har vore ein reell reduksjon av budsjettet sidan byrjinga på 90-talet. Ei av dei sakene Noreg har prioritert i ressursamarbeidet, er integrert ressursforvaltning. I dag er dei militære ressursane spreidde på tre ulike program, som blir forvalta av tre ulike iverksetjingskomitear. I tillegg blir dei ulike programma handsama av ulike avdelingar i NATO-hovudkvarteret. Frå norsk side har ein teke til orde for å slå saman programma og iverksetjingskomiteane. Då ville det vil bli lettare å sjå alle ressursane i samband med kvarandre. Til no har vi ikkje lukkast fullt ut. Generalsekretæren har kome med eit framlegg om ein ny organisasjon i hovudkvarteret som eit stykke på veg tek vare dei omsyna Noreg legg vekt på.

3.10 SAMARBEID INNANFOR KOMMUNIKASJON, KOMMANDO OG KONTROLL

I 1996 vart det oppretta ein høgnivåkomite som skal arbeide med spørsmål innanfor kommunikasjon, kommando og kontroll, det såkalla C3-Board. Komiteen arbeider med prinsipielle sider ved sambands- og informasjonssystema i alliansen. Opprettinga av denne komiteen er eit ledd i rasjonaliseringa av ein sektor i NATO som legg beslag på store ressursar.

Det har også vore gjennomført andre naudsynte omorganiseringstiltak innanfor denne sektoren. Organet for sambands- og informasjonssystem (NACISA) er slått saman med det tekniske senteret i SHAPE. Dette vil gi store innsparingar. Det er også gjennomført omorganiseringar i NATO-hovudkvarteret.

Utgreiingsarbeidet har vore gjennomført av eit såkalla restruktureringslag leidd av Noreg.

Til forsiden