St.prp. nr. 12 (2004-2005)

Om samtykke til ratifikasjon av avtale av 19. mai 2004 mellom Norge og Sverige om endring av protokoll av 25. mars 1981 om opprettelse av et fond for svensk-norsk industrielt samarbeid

Til innhaldsliste

4 Vurdering

Endringsavtalen inneber ei avvikling av SNI og oppretting av eit nytt program som får overført til seg alle midlane i SNI. Avviklinga av SNI har si årsak i at stiftinga ikkje sit inne med dei ressursane som trengst for å vidareføre arbeidet, og at det ikkje er ønskjeleg å tilføre stiftinga så store summar som ei vidareføring vil krevje. Dei resterande midlane i stiftinga vil bli forvalta på ein meir effektiv måte gjennom den alternative bruken, ved at det norske og det svenske verkemiddelapparatet får i oppgåve å administrere pengane.

Opprettinga av det nye programmet inneber ei vidareføring av det svensk-norske samarbeidet gjennom ei betre organisering og forvaltning av midlar som alt er løyvde. Det nye programmet vil medverke positivt til samarbeidsprosjekt mellom norske og svenske næringslivsaktørar. Vidare vil det kunne stille midlar til rådvelde for næringslivsprosjekt til markering av unionsoppløysinga. Det kan nemnast som særleg viktig å ikkje nedprioritere det svensk-norske samarbeidet ved inngangen til 2005.

Nærings- og handelsdepartementet tilrår at avtalen vert ratifisert. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.