St.prp. nr. 15 (1996-97)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1996 og andre saker under Nærings- og energidepartementet

Til innholdsfortegnelse

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og energidepartementet

Post 11 Varer og tenester

Rokkering og flytting i regjeringskvartalet har ført til ombyggings- og flytteutgifter som Nærings- og energidepartementet har måtta dekkje innanfor ramma av eige budsjett. Etter internflyttinga har Statsbygg lagt fram utkast til ny leigeavtale som inneber ein årleg husleigeauke for departementet på til saman ca. 2,9 mill. kroner, frå ca. 11,9 til ca. 14,8 mill. kroner, med verknad frå 1.7.1996. Det er lagt til grunn at husleigeauken vert kompensert og justert inn på budsjetta til dei departementa det gjeld ved nysalderinga av budsjettet for 1996. For Nærings- og energidepartementet som vil disponere heile arealet ut året utgjer budsjettverknaden for 1996 om lag 1,5 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om å auke løyvinga under post 11 Varer og tenester, med 1,5 mill. kroner for 1996.

Post 22 (ny) Utgifter ved forlik

Departementet har i ei årrekkje søkt å finne ei endeleg løysing på fleire uteståande saker med Amoco/Noco-gruppa. I alle sakene har selskapa enten saksøkt staten eller opplyst at dei vil saksøkje staten dersom ein ikkje finn ei løysing som er tilfredsstillande for selskapa.

Departementet og Amoco har ved ulike høve drøfta løysingar gjennom forlik i enkelte av dei uteståande sakene og at domstolane avgjer dei saker der forlik ikkje blir inngått. Ikkje alle dei uteståande sakene har nokon klar samanheng. Det har ikkje vore mogeleg å bli einige om «individuelle» løysingar. Eit samla forlik har derfor blitt det einaste alternativet for å unngå ein rettsleg tvist.

Den samla forlikssum for dei fem sakene er fastsett til 100 mill. kroner. Det totale kravet frå Amoco/Noco-gruppa var i utgangspunktet i overkant av 235 mill. kroner.

For Amoco/Noco-gruppa vil ei utbetaling bli handsama som ordinær særskattepliktig inntekt i utbetalingsåret.

Dei fem sakene er:

1. Frådrag for arealavgift for blokk 3/4

Utvinningsløyve nr. 006 er tildelt i medhald av 1965-resolusjonen. Etter § 27 - i 1965-resolusjonen - er hovudregelen at rettshavarane har krav på fullt frådrag for arealavgifta i produksjonsavgifta. I § 27 tredje ledd er det likevel opna for at departementet kan nekte frådrag.

I 1985, da petroleumslova tro i kraft, var føresegna om arealavgiftsfrådrag blant dei reglar som lovgjevar valde å oppretthalde. Den nye føresegna (§ 50 nr. 5) stiller på si side eit krav om at ein berre kan gi frådrag for dei blokker som dekkjer førekomsten.

På bakgrunn av at løyvet er tildelt i medhald av 1965-resolusjonen, har selskapa ikkje godteke at petroleumsføresegna § 50 nr. 5 tredje ledd er gyldig og krevd fullt frådrag i samsvar med 1965-resolusjonen § 27 første ledd.

Forliket inneber at rettshavarane går i frå kravet og aksepterer at petroleumsføresegna § 50 nr. 5 blir lagt til grunn for framtidige oppgjer.

2. Frådrag for arealavgift for blokk 2/5

Amoco/Noco-gruppa har krevd fullt frådrag for arealavgift for blokk 2/5 frå 1998 og så lenge løyvet gjeld.

Forliket inneber at rettshavarane går i frå kravet.

3. Justering av eingongsbeløp/«lump sum«

Bakgrunnen for denne saka/problemstillinga er det såkalla «Valhall-forliket» som vart inngått i 1991. I forliket vart det teke eit atterhald om at eingongsbeløpet som blei utbetalt skulle justerast dersom ikkje produksjonsavgifta vart satt til null både for olje og gass frå 1. januar 1992. Ettersom produksjonsavgifta for olje vart oppretthalde, er det klårt at eingongsbeløpet må justerast opp.

Forliket inneber at eingongsbeløpet for framtida ikkje kan krevast oppjustert.

4. NGL-tariff - frådrag for NGL-utgifter

Saka gjeld spørsmålet om frådrag for NGL-utgifter (Natural Gas Liquids) i produksjonsavgifta. I 1978 vart staten samd med oljeselskapa om at ein ved utrekning av produksjonsavgift i hovudsak skulle gi frådrag for transportrelaterte, men ikkje prosessrelaterte kostnader. Dette inneber at vi ikkje står over for eit fysisk utrekningspunkt, men ein funksjonell bruk av utrekningspunktet. Denne løysinga blir omtala som «Ekofisk-løysinga».

Som hovudregel skal alle transportrelaterte utgifter som kjem på etter «brønnhovud» trekkjast frå i produksjonsavgifta. Spørsmålet om frådrag for NGL-utgifter i produksjonsavgifta var ikkje tema i tida før 1992 i og med at ein betalte produksjonsavgift for all petroleum. I det såkalla «Valhall-forliket» mellom staten og Amoco/Noco-gruppa vart det fastsett ei frådragsfordeling mellom olje og gass på 35/65. Denne fordelinga er nå relevant sidan frådrag berre kan gjerast for den produksjonsstraum det blir betalt avgift for. Ettersom NGL transporterast i oljestraumen, er den flytande ved avskipingspunktet og reknast derfor som olje, jf. § 21 andre ledd. Ved at berre 35 pst. av kostnadene kjem til frådrag, blir det ikkje samsvar mellom avgifta og det frådraget som kan relaterast til avgifta.

Forliket inneber at Amoco/Noco-gruppa også for framtida aksepterer ein fordelingsnøkkel mellom olje og gass på 35/65. Ein skal derfor berre gjere frådrag for 35 pst. av transportrelaterte kostnader vedrørande produksjon av NGL sjølv om ein betaler produksjonsavgift for all NGL, jf. petroleumsføresegna av 14. juni 1985 § 21 andre ledd.

5. «Negativ» produksjonsavgift - spørsmål om frådrag

Før 1992 skulle Amoco/Noco-gruppa ha betalt 12,5 pst. i produksjonsavgift for gassen som blir produsert på feltet dersom gassen hadde hatt ein positiv verdi på produksjonsstaden. Ettersom gassproduksjonen gjekk med tap, meinte rettshavarane at dei hadde rett til å trekkje frå i produksjonsavgifta for olje eit beløp som svarer til 12,5 pst. av gassen sin verdi, såkalla «negativ produksjonsavgift». Staten har ikkje funne å kunne akseptere eit slikt frådrag.

Forliket inneber at Amoco/Noco-gruppa fråfell kravet om frådrag i produksjonsavgifta for såkalla «negativ produksjonsavgift».

Oppsummering

Forliket inneber at rettshavarane fråfell eventuelle ytterlegare krav i dei sakene som er omfatta av forliksavtalen. Staten betaler Amoco/Noco-gruppa eit kontant oppgjer pr. 1. november 1996 på 100 mill. kroner. Det vil komme rente på beløpet på 5,5 pst. pro anno etter 1. november 1996 inntil betaling finn stad.

Regjeringa ber Stortinget samtykke i godkjenning av samla forlik med Amoco/Noco-gruppa, jf. forslag til vedtak III. Dei innbetalte avgiftene som forliket gjeld er inntektsført i statsrekneskapen under kap. 5507, post 73 Produksjonsavgift. Det gjerast framlegg om at kontantoppgjeret med tillegg av renter, til saman med inntil 101 mill. kroner til Amoco/Noco-gruppa blir løyvd under kap. 900 Nærings- og energidepartementet, (ny) post 22 Ugifter ved forlik.

Kap. 923 Forsknings- og utviklingskontraktar

Post 70 Tilskot, kan overførast

Det er løyvd 183 mill. kroner til forskings- og utviklingskontraktar for 1996, fordelt med 145 mill. kroner til offentlege forskings- og utviklingskontraktar (OFU) og 38 mill. kroner til industrielle forskings- og utviklingskontraktar (IFU). I tillegg er det gitt ei tilsegnsfullmakt på 70 mill. kroner som hovudsakleg nyttast til OFU-kontraktar, men som i avgrensa omfang og kan nyttast til IFU-kontraktar.

Etterspørselen etter OFU- og IFU-tilskot i 1996 har vore svært stor, og per 1. oktober var den totale ramma for ordningane bunden opp i gitte tilsegn. For ordningane gjeld at sluttutbetaling til vanleg først skjer eitt til to år etter at det er gitt tilsegn om tilskot til eit prosjekt. Årsaka til at det tek så lang tid frå tilsegn blir gitt til tidspunkt for utbetaling, er at sluttutbetaling først kan gjerast når prosjektet er gjennomførd og kostnadane faktisk er realisert.

Det vart overførd om lag 154 mill. kroner frå 1995 til 1996 under denne løyvinga. Ein understrekar at midlane var bundne opp i tilsegn. Utbetalingstakten hittil i år kan tyde på at det overførde beløpet vil bli endå høgare frå 1996 til 1997.

Nærings- og energidepartementet gjer av den grunn framlegg om å trekkje inn likviditet ved å redusere løyvinga i statsbudsjettet for 1996 med 70 mill. kroner samstundes som tilsegnsfullmakta i 1996 aukast tilsvarande, jf. forslag til vedtak II. Som tidlegare er tilsegnsfullmakta i hovudsak knytt til OFU-ordninga. For at likviditetsinndraginga ikkje skal få konsekvensar for aktivitetsnivået (kva som kan gjevast av nye tilsegn) i for 1997 må også tilsegnsfullmakta for 1997 aukast med 70 mill. kroner. Forslag om dette vil bli innarbeidd i salderingsproposisjonen.

Kap. 930 Oljedirektoratet

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

I tillegg til eige personell nyttar Oljedirektoratet (OD) eksterne konsulentar i tilsynsverksemda. Endringar i opplegget for tilsynsverksemda gjer at bruken av eksterne konsulentar vil bli noko mindre enn ein tidlegare la til grunn i 1996. Såleis reknar OD med eit mindreforbruk på om lag 3,5 mill. kroner under post 21 i 1996.

Oljedirektoratet treng ymse utstyr og inventar til det nye tilbygget som skal takast i bruk i 1997, og har kostnadsrekna dette til 2,5 mill. kroner. OD vil ikkje ha rom for å dekkje desse kostnadane over drifts- og investeringsbudsjettet for 1997 fordi direktoratet da mellom anna får auka husleige og utgifter til ominnreiing og utbetring av dei kontora som blir fråflytta i hovudbygget.

Oljedirektoratet har i 1996 lagt til rette for at fagmiljøa skal kunne vidareutvikle informasjonsteknologien i direktoratet. Som ein ledd i dette ønsker OD å skifte til ny programvare for intern og ekstern informasjonshandtering og foreta nødvendig oppgradering av maskinparken til dette føremålet. Dette inneber ein kostnad på om lag 1 mill. kroner i tillegg til opphavleg budsjett.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om å auke løyvinga under post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast, med 3,5 mill. kroner på statsbudsjettet for 1996, mot tilsvarande reduksjon av løyvinga under post 21 Særskilde driftsutgifter.

Kap. 3930 Oljedirektoratet

Post 03 Refusjon av kontrollutgifter

Posten omfattar refusjon frå rettshavarane for utgifter Oljedirektoratet har hatt i samband med tryggings- og måleteknisk tilsyn med petroleumsverksemda. Refusjonsinntektene er venta å auke med ca. 11 mill. kroner i 1996. Meirinntektene skriv seg dels frå eit etterslep i innbetalingane frå rettshavarane frå 1995 og dels frå auka aktivitet på tilsynssida. Det er vanskeleg å gjere overslag over omfanget av tilsynsarbeidet på førehand. OD vil endre faktureringsrutinane slik at refusjonane i størst mogleg grad heretter blir innbetalt same året som tilsynet finn stad.

På bakgrunn av dette gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om at inntektsløyvinga under denne posten blir auka med 11 mill. kroner, frå 50 til 61 mill. kroner i statsbudsjettet for 1996.

Kap. 3931 Kartlegging av kontinentalsokkelen

Post 01 Sal av undersøkingsmaterial

Posten omfattar salsinntekter frå seismisk undersøkingsmaterial til oljeselskapa. Oljedirektoratet sel i dag seismiske datapakker frå Nordsjøen, Norskehavet, Barentshavet Sør, Barentshavet Nord og Jan Mayen. Dei to sistnemnde regionane er ikkje opna for seismisk innsamling i regi av oljeindustrien.

OD sine seismiske pakker frå Nordsjøen er ikkje obligatoriske for oljeselskap som vil tileigne seg anna seismikk. Desse pakkene kan såleis ikkje ventast selt i same omfanget som dei obligatoriske datapakkene frå dei andre regionane, og inntektene frå Nordsjøpakkane ventast å bli låge i 1996. I Norskehavet vart det nyleg tildelt lisensar i heilt nye leiteområde på djupt vatn. Sjølv om dei fleste av selskapa som er aktive i regionen har skaffa seg dei seismiske pakkene som er tilgjengelege, har enkelte valt å vente på resultata frå boringar før dei går inn i området. OD hadde planlagt at det ville liggje føre resultat frå boringer i ein eller fleire av lisensane som vart tildelte i 15. konsesjonsrunde i 1996, og at det ville føre med seg auka interesse frå dei selskapa som er avventande. Nå ser det ut til at nye resultat først vil liggje føre sommaren 1997. For Barentshavet Nord er to seismiske pakker ute på marknaden, og fleire er utarbeidd men ikkje gjort tilgjengeleg for industrien slik OD hadde rekna med ved utarbeidinga av budsjettet for 1996.

Det samla resultatet blir ein inntektssvikt på 26 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett for 1996.

På bakgrunn av ovannemnde gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om at inntektsløyvinga under denne posten blir redusert med 26 mill. kroner, frå 33 til 7 mill. kroner i statsbudsjettet for 1996.

Post 02 Inntekter frå samarbeidsprosjekt

Inntektene under denne posten er hovudsakleg knytt til ulike avgifter frå oljeselskapa som nyttar geodatabasen DISKOS. For 1996 ventar ein at desse inntektene vil auke med 2,5 mill. kroner på grunn av eit etterslep i innbetalingar av avgifter frå 1995. OD vil nå endre faktureringsrutinane slik at avgiftene i størst mogleg grad blir innbetalte same år som dei blir opptent.

Nærings- og energidepartementet gjer såleis framlegg om at inntektsløyvinga under denne posten blir auka med 2,5 mill. kroner, frå 2,0 til 4,5 mill. kroner i statsbudsjettet for 1996.

Kap. 932 Noregs geologiske undersøking

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Den heilt eller delvis eksternt finansierte verksemda til Noregs geologiske undersøking (NGU) varierer frå år til år, og eit omfattande prosjekt kan i stor grad påverke omfanget av verksemda og/eller rekneskapen for eit einskild år. Det er derfor vanskeleg å busjettere omfanget av oppdrags- og samarbeidsverksemda nøyaktig. Sjølv om inntekter og utgifter aukar, vil ikkje det automatisk innebere at omfanget av NGU sin eigen innsats aukar. For einskilde prosjekt kan det vere nødvendig å kjøpe tenester frå private firma, mellom anna fly-/helikopterleige, analysetenester og grunnboringar.

NGU har rekna ut at utgiftsløyvinga knytt til den eksterne prosjekt- og samarbeidsverksemda må aukast med 7 mill. kroner for 1996 på bakgrunn av dette. Nærings- og energidepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 932, post 21 med 7 mill. kroner, frå 27 til 34 mill. kroner, mot at dei tilhøyrande inntektspostane under kap. 3932, post 01 og 02 blir auka med 9 mill. kroner på statsbudsjettet for 1996.

Kap. 3932 Noregs geologiske undersøking

Post 01 Oppdragsinntekter

Post 02 Tilskot til samarbeidsprosjekt

Ein viser til omtale under kap 932, post 21 ovanfor. Som følgje av auka oppdrags- og samarbeidsverksemd, gjer ein framlegg om å auke utgiftsløyvinga og inntektsløyvingane knytt til denne verksemda. På grunn av tidsforskyving mellom når utgiftene blir postert av NGU og når NGU får refusjon frå oppdragsgjevar, blir det sjeldan balanse mellom utgifter og inntekter på dei aktuelle postane i same budsjettermin. Rekneskapen for 1995 viste at utgiftene oversteig inntektene med om lag 5 mill. kroner. Det meste av etterslepet i refusjonane frå 1995 vil bli innbetalt i 1996. På den andre sida vil ein del av refusjonane for oppdragsverksemda i 1996 forskyvast til 1997.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om at post 01 Oppdragsinntekter, aukast med 4 mill. kroner, frå 7,5 til 11,5 mill. kroner, og post 02 Tilskot, aukast med 5 mill. kroner, frå 16,4 til 21,4 mill. kroner i statsbudsjettet for 1996.

Kap. 934 Noregs vassdrags- og energiverk

Post 71 Refusjon av dokumentavgift, kan overførast

På grunnlag av St.prp. nr. 1 for 1986-87 vart det etablert ei ordning med refusjon av dokumentavgift ved samanslåing av energiverk. Ved handsaminga av St.prp. nr. 82 for 1990-91 godkjende Stortinget ei utviding av ordninga til og å gjelde ved omdanning av energiverk frå kommunal verksemd til aksjeselskap. Utvidinga kom som følgje av energilova som vart sett i kraft 1. januar 1991.

I Nærings- og energidepartementet sin budsjettproposisjon for 1997 har Regjeringa kome med framlegg om ei utviding av ordninga med refusjon av dokumentavgift til og å gjelde ved oppdeling av energiverk. Dette gjeld ved oppdeling der nettverksemda vert skilt frå dei konkurranseutsette verksemdene produksjon og omsetting i sjølvstendige selskap i eit konsern eller som eit eige selskap direkte styrt av eigaren. Slike oppdelingar er i tråd med føremålet bak energilova og vil medverke til å lette monopolkontrollen. Føremålet med å gi refusjon av dokumentavgift er å redusere kostnadene ved slik selskapsmessig deling.

Departementet gjer ei særskild vurdering av kvar einskild søknad om refusjon av dokumentavgift ut frå om delinga av verksemda i monaleg grad verkar til å lette monopolkontrollen. Monopolkontrollen skal leggje til rette for effektiv konkurranse ved kjøp og sal av energi og regulere tariffane i nettet. For å gi konsesjon ved omdanning til konsern krev styresmaktene at konsernet omfattar eit morselskap med sjølvstendige dotterselskap. Dotterselskapa skal være aksjeselskap med eigne styre, eigne tilsette og eiga leiing. All nettverksemd skal samlast i selskap som i hovudsak driv med oppgåver som er monopolregulerte. Det er sentralt at den selskapsmessige løysinga og samansettinga av styra i selskapa faktisk fremjar sjølvstendig drift av nettverksemda.

I 1996 er det aktuelt å gi refusjon til følgjande saker som fell inn under den nye ordninga:

Kristiansand Energiverk

Kristiansand Energiverk søkte i september 1996 om refusjon av dokumentavgift til omdanning til eit konsern. Selskapet tek sikte på ei omdanning til eit morselskap som er eit aksjeselskap heileigd av Kristiansand kommune. Morselskapet vil ha tre sjølvstendige heileigde dotterselskap for produksjon, omsetting og nettdrift. Verdiane på eigedomane som skal overførast er 977,2 mill. kroner. Dokumentavgifta på 2,5 pst. av verdien utgjer 24,4 mill. kroner.

Omdanning av energiverk frå kommunale verksemder til konsern med tre separate heileigde dotterselskap er i tråd med føremålet med energilova. Dotterselskapa vil få eigne styre, eigne daglege leiarar og eigne tilsette og vil ha fullt ansvar innanfor områda til verksemda. Denne organiseringa av verksemdene vil gi ei driftsform som gjer det mogeleg å få til effektiv drift av selskapa og lette oppgåvene for monopolkontrollen.

Vilkåra for refusjon av dokumentavgift er såleis oppfylt, og Nærings- og energidepartementet gjer derfor framlegg om at Kristiansand Energiverk får refundert dokumentavgift for omdanning til konsern med 24,4 mill. kroner.

Oslo Energi AS

Oslo Energi AS søkte i oktober 1996 om refusjon av dokumentavgift i samband med omdanning av selskapet.

Nettverksemda skal skiljast ut som eit eige aksjeselskap, Oslo Energi Nett AS, heileigd av Oslo kommune. Samstundes blir den gjenverande verksemda omdanna til konsern. Selskapet tek sikte på ei omdanning med eit morselskap som er eit aksjeselskap heileigd av Oslo kommune. Morselskapet skal ha ei rekkje heil- og deleigde dotterselskap. Mellom anna skal vassdragsrettane og kraftproduksjon skiljast ut i eit dotterselskap kalla Oslo Energi Produksjon AS. Engrossal, omsetting til tariffkundar og omsetting av kraftkontraktar blir og organisert i kvar sine selskap.

I følgje Oslo kommune er det ønskjeleg å dele nettverksemda og den konkurranseutsette verksemda i to separate selskap. Vidare vert den konkurranseutsette verksemda delt opp etter ein konsernmodell som vil gi auka fleksibilitet.

Omdanning av energiverk frå kommunale aksjeselskap ved utskilling av monopolverksemda og omdanning av den konkurranseutsette verksemda til konsern er i tråd med føremålet bak energilova. Denne organiseringa av verksemdene gir ei driftsform som gjer det mogeleg å få til effektiv drift av selskapa og lettar oppgåvene for monopolkontrollen.

Verdien på eigedomane som skal overførast til Oslo Energi Produksjon AS og Oslo Energi Nett AS, er høvesvis 16,3 og 1,43 mrd. kroner. Dokumentavgifta på 2,5 pst. av verdien utgjer høvesvis 407,5 og 35,7 mill. kroner, totalt 443,2 mill. kroner.

Vilkåra for refusjon av dokumentavgift er såleis oppfylt, og Nærings- og energidepartementet gjer framlegg om at Oslo Energi AS får refundert dokumentavgift for omdanning til konsern med 443,2 mill. kroner.

Samla budsjettverknad

På bakgrunn av søknadene om refusjon av dokumentavgift frå Kristiansand Energiverk og Oslo Energi AS gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om at løyvinga under kap. 934, post 71 blir auka med 467,6 mill kroner for 1996, frå 35 til 502,6 mill. kroner. Framlegget om auka løyving til refusjon av dokumentavgift inneber inga svekking av budsjettbalansen, fordi utgiftsløyvinga blir motsvara av tilsvarande auka inntekt under kap. 5565 Dokumentavgift, post 70 Avgift.

Kap. 946 Støtte til skipsbygging

Statleg byggjetilskot for ferjer

Stortinget vedtok ved handsaminga av St.prp. nr. 97 (1981-82) at ferjer som blir bygd ved norske verft ikkje skal få statleg byggjetilskot dersom ferjene blir brukt til å trafikkere ferjesamband som nyt godt av statlege midlar som kompensasjon for å drive ferjerutene. Dette gjeld likevel ikkje for lokale ferjesamband når midlane blir utbetalt frå fylkeskommunen i samsvar med presiseringa som vart vedtatt av Stortinget ved handsaminga av Budsjett-Innst. S. II for 1983-84.

Regjeringa har kome til at det er blitt gjennomført endringar sidan 1983 som gjer det rimeleg å endre reglane for støtte til ferjer. Det er mellom anna ikkje lenger krav om at dei aktuelle fartya skal byggjast i Noreg, slik at utanlandske verft kan konkurrere om desse ferjekontraktane med tilbod som er baserte på statlege tilskot. Vidare er dei statlege kompensasjonsordningane for drift av ferjesambanda endra. Den gunstige finansieringsordninga for ferjer i Postbanken eksisterer ikkje lenger. Ut frå Stortinget sine føresetnader ved handsaminga av St.prp. nr. 97 for 1981-82 finn likevel Regjeringa ikkje å kunne endre reglane utan at saka har vore lagt fram for Stortinget.

Regjeringa går på denne bakgrunn inn for at ferjer skal kome inn under dei same reglane som andre skip sjølv om ferjeselskapet får offentleg kompensasjon for å drive det ferjesambandet ferja skal trafikkere. Regjeringa vil rå til at endringa trer i kraft for kontraktar som blir inngått frå og med 1. april 1996.

Overføring av midlar mellom enkelte fond

Fond for støtte til skipskontraktar

Etter utbetaling av termin II 1996 står det igjen ca. 39,2 mill. kroner på 1990-fondet, ca. 11,1 mill. kroner på 1991-fondet og ca. 47 mill. kroner på 1992-fondet. Da det ikkje er fleire skipskontraktar med tilsegn om tilskot under desse fonda, kjem det ikkje fleire utbetalingar under fonda. Dei tre fonda kan derfor gjerast opp.

Samstundes viser rapportar frå tilsegnsgjevar at utbetalingar knytt til kontraktar som blei slutta i 1993 vert så høge at det ikkje er tilstrekkelege midlar på fondet til å dekkje komande utbetalingar. Nærings- og energidepartementet rår derfor til at 1993-fondet blir tilført dei midlane som står igjen på 1990-, 1991- og 1992-fondet, altså med ca. 97,3 mill. kroner. Ein har her lagt til grunn ei underdekking på 1993-fondet av minst denne storleiken. Om det skulle vise seg nødvendig å tilføre ytterlegare midlar til dette fondet, vil ein kome tilbake til dette ved eit seinare høve.

Fond for støtte til fiskebåtkontraktar

Etter utbetaling av termin II 1996 står det igjen ca. 1,5 mill. kroner på 1991-fondet, ca. 7,1 mill. kroner på 1992-fondet og ca. 5,7 mill. kroner på 1993-fondet. Samstundes reknar ein med at kr 370 000 er tilstrekkeleg til å dekkje komande utbetalingar under desse fonda (kr 106 000 frå 1992-fondet og kr 264 000 frå 1993-fondet). Når det gjeld dei resterande midlane under dei tre fonda, totalt 13,9 mill. kroner, foreslår ein at desse vert brukte til å styrkje 1994-fondet, der det samla trengst nærare 27 mill. kroner til å dekkje framtidige utbetalingar på gitte tilsegn. Forslag til dekking av resten av dei manglande midlane på 1994-fondet, ca. 13 mill. kroner, vil bli tatt opp i nysalderingsproposisjonen.

Ein kan i samsvar med dagens regelverk ikkje gjere overføringar mellom ulike skipsfond eller mellom ulike fiskefartyfond. Dette er ikkje føremålstenleg, da det òg i framtida kan bli aktuelt med slike overføringar mellom fond. Departementet vil derfor endre reglane slik at det er mogeleg å gjere overføringar mellom dei ulike årgangane av skipsfonda (dvs. mellom fond oppretta under post 50 i dette kapitlet) mot å melde frå til Stortinget i etterhand.

Post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar

Det vart under behandlinga av salderingsproposisjonen for 1996 løyvd 400 mill. kroner til eit fond for støtte til skipskontraktar inngått i 1996. Ein rekna den gongen med at avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien (OECD-avtalen) ville tre i kraft i løpet av 1. halvår 1996. Midlane var difor meint å dekkje støtteutbetalingar for skipskontraktar som vart inngåtte i løpet av dette halvåret.

Regjeringa tok i samband med Revidert nasjonalbudsjett i mai i år likevel atterhald om at det kunne verte naudsynt å kome attende til spørsmålet om tilleggsløyvingar til fondet for støtte til skipskontraktar som vert inngåtte i 1996 om OECD-avtalen ikkje trådde i kraft i løpet av juni. Avtalen har ikkje trådd i kraft, og det er framleis uvisst om og eventuelt når OECD-avtalen vil tre i kraft.Samstundes har EU vedteke å vidareføre det 7. skipsbyggingsdirektivet frå 1. oktober 1996 fram til utgangen av 1997, altså ikkje fram til utgangen av 1998 slik Kommisjonen opphavleg foreslo. Tilsvarande vedtak er fatta av EØS-komiteen om vidareføring av EØS-direktivet om skipsbyggingsindustrien. EU-kommisjonen og EFTA sitt overvakningsorgan (ESA) har etter dette vedteke å føre vidare dei same høgaste tillatne støttesatsane som gjaldt før 1. oktober 1996. Ein syner i denne samanheng til salderingsproposisjonen for 1996-budsjettet (St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 10 for 1995-96): «For å sikre norske skipsverft like konkurransevilkår som sine utanlandske konkurrenter, foreslår Regjeringen å forlenge dagens støtteordning for skipsbyggingsindustrien med någjeldende støttesatser eller de til enhver tid gjeldende maksimalsatser i henhold til EØS-bestemmelsene inntil OECD-avtalen iverksettes.» Stortinget slutta seg til dette framlegget under handsaminga av statsbudsjettet for 1996.

I 1. halvår 1996 har det vorte gitt tilsegn om tilskot til skipskontraktar som til nå er stadfesta overfor tilsegnsgjevar både frå verft og reiar, til ein verdi av 4,4 mrd. kroner. Når det gjeld utviklinga i 2. halvår, reknar ein med ein ordreinngang på omlag 5 mrd. kroner. Det svarar til ein kontraktsinngang på same nivå som i tilsvarande periode i fjor. Ein reknar difor med at det for heile 1996 vil verte inngått skipskontraktar for drygt 9 mrd. kroner.

Gitt dette overslaget legg Regjeringa til grunn eit tilskotsbehov på 800 mill. kroner for kontraktar som vert inngåtte i år. Støtteutbetalingane som vil følgje av forslaget om at ferjer skal kome inn under dei same reglane som andre skip sjølv om ferjeselskapet får offentleg kompensasjon for å drive det ferjesambandet som ferja blir sett inn i, er inkludert i utrekninga av støttebehovet på 800 mill. kroner.

Regjeringa gjer på denne bakgrunn framlegg om å løyve 400 mill. kroner ekstra til fondet for støtte til skipskontraktar som vert inngåtte i 1996, slik at det samla blir avsett 800 mill. kroner til dette fondet.

Post 70 Rentestøtte ved langtidsfinansiering av skip og mobile riggar, overslagsløyving

Opplysningar frå Eksportfinans om storleiken på utbetalingane i andre termin 1996 viser at samla utbetaling under ordninga blir om lag 198,7 mill. kroner i 1996. På denne bakgrunn gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om at rentestøtteløyvinga på statsbudsjettet for 1996 blir auka med 3,7 mill. kroner, frå 195 til 198,7 mill. kroner. Endringane gjeld utbetalingar av støtte til kontraktar som vart inngått før 1. januar 1990 (rentestøtteordninga for skip).

Post 72 Rentestøtte ved langtidsfinansiering av innanlandske leveringar av fiskebåtar, overslagsløyving

Opplysningar frå Statens Fiskarbank om storleiken på utbetalingane i andre termin 1996 viser at samla utbetalingar under ordninga blir om lag 12,3 mil. kroner i 1996. På denne bakgrunn gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om å auke rentestøtteløyvinga på statsbudsjettet for 1996 med 0,3 mill. kroner, frå 12 til 12,3 mill. kroner. Endringane gjeld utbetalingar av støtte til kontraktar som vart inngåtte før 1. januar 1990 (rentestøtteordninga for innanlandske fiskefarty).

Kap. 955 Norsk Koksverk

Post 71 Innfriing av garantiansvar for miljøtiltak

Det er fastsett ei statleg garantiramme på 130 mill. kroner for miljøtiltak på tomta til tidlegare Norsk Koksverk i Mo i Rana. Garantien gjeld utgifter til oppreinsking og andre miljøtiltak som blir gjennomført etter pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT).

Garantiramma vart opphavleg sett til 100 mill. kroner, men vart auka med 30 mill. kroner i statsbudsjettet for 1995, jf. St.prp. nr. 1 for 1994-95. Det er etablert ei ordning der Nærings- og energidepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførde rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskild utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av midlar til dekking av utbetalingane (innfriing av garantiansvar) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 1996 vart gitt av Stortinget 23. november 1995 ved handsaming av budsjettinnstillinga frå næringskomiteen, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 for 1995-96, vedtak VII.

Ved utgangen av 1995 var det samla utbetalt om lag 120 mill. kroner under garantifullmakta. Det sto igjen om lag 10 mill. kroner av garantiramma. Til nå i 1996 er det betalt ut ca. 3 mill. kroner for utført rehabiliteringsarbeid på tomta. Nærings- og energidepartementet reknar med at det vil bli aktuelt å betale ut ytterlegare ca. 1 mill. kroner under miljøgarantien i 1996, slik at samla utbetaling på garantien maksimalt vil vere 124 mill. kroner pr. 31. desember 1996.

På dette grunnlag gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om ei løyving på 4 mill. kroner til innfriing av garantiansvar på statsbudsjettet for 1996 under kap. 955 Norsk Koksverk, post 71 Innfriing av garantiansvar for miljøtiltak.

Når det gjeld vidareføring av rehabiliteringsarbeidet i 1997, viser ein til omtale og ny utbetalingsfullmakt i St.prp. nr. 1 for 1996-97.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Forenkla styremaktshandsaming

Stortinget har samtykt i at Kongen under visse fastlagde føresetnader kan godkjenne nye prosjekt på kontinentalsokkelen, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 for 1995-96. Budsjettmessige verknader for Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) av slike beslutningar er budsjettert under kap. 2440, post 31 Prosjekt under vurdering. Av dei totale avsetningane under denne posten på 3 200 mill. kroner i St.prp. nr. 1 for 1995-96, vurderte ein kostnader som følgje av forenkla styremaktshandsaming til å utgjere om lag 1 500 mill. kroner. Anslaget under kap. 2440, post 31 Prosjekt under vurdering, vert auka i St.prp. nr. 50 og nr. 58 for 1995-96. Netto utgiftsauke for SDØE som følgje av prosjekt som har blitt avgjort ved forenkla styremaktshandsaming hittil i 1996, utgjer om lag 1 815 mill. kroner. Nedanfor følgjer ei orientering om prosjekt som er vedtekne under ordninga etter at St.prp. nr. 17 for 1995-96 vart fremja. I forslag til endring av overslaget for kap. 2440/5440 er det tatt omsyn til prosjekta som er omtala nedanfor.

Eit fleirtal av planane gjeld felt i nærleiken av felt i produksjon der ein vil utnytte eksisterande innretningar.

Utbygging av Balder

Nærings- og energidepartementet fekk 31. oktober 1995 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Balder. Utvinningsløyvet for Balder vart tildelt i 1965 som det første på norsk sokkel. Feltet er lokalisert i den midtre delen av Nordsjøen, om lag 190 km vest for Stavanger. Esso er operatør for funnet og har ein eigarandel på 100 prosent.

Dei utvinnbare reservane i Balder er av operatøren vurdert til 27,2 mill. m3 olje. Produksjonsstart er planlagt i 1997, og produksjonsperioden er planlagt fram til 2011. Utbyggingsløysinga er eit produksjonsskip med undervassbrønnar. Oljen skal handsamast og lagrast på skipet for vidare lasting til tankskip. Dei samla investeringane for Balder-utbygginga er vurdert til om lag 4,7 mrd. 1995-kroner. Av dette beløpet vil 1,9 mrd. kroner bli investert i 1996. Basert på utbyggingsplanen vil oljeproduksjonen på Balder vere på platå i 1998 og 1999. Feltet vil då produsere om lag 75 000 fat per dag.

Prosjektet har god lønsemd og er robust for endringar i føresetnadene. Prosjektet kan tåle oljeprisar på om lag 71 kroner per fat før det blir ulønsamt. Med dei føresetnadene departementet har lagt til grunn gir utbygging av Balder ein nåverdi (ved 7 pst. reell diskonteringsfaktor) på om lag 3,6 mrd. 1996-kroner før skatt.

Plan for utbygging og drift av Balder blei vedtatt ved kgl. res. 2. februar 1996. Utbygginga av Balder gir ingen budsjettmessige verknader for SDØE.

Utbygging av Varg

Nærings- og energidepartementet fekk 29. januar 1996 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Varg. Feltet er lokalisert i utvinningsløyve 038, blokk 15/12 sør for Sleipner.

Rettshavarar er Statoil og Saga. Saga er operatør. Samla statleg deltaking er 65 pst. Av dette utgjer SDØE 30 pst.

Dei utvinnbare reservane er vurderte til om lag 10,7 mill. m3 olje, inkludert 5,4 mill. m3 olje som ennå ikkje er påvist, men rekna som sannsynlege reservar. Produksjonsstart er planlagt til mai 1998. Planlagt platåproduksjon er 52 000 fat per dag i om lag to år. Produksjonen vil med departementet sine føresetnader vere lønsam i 4-7 år, avhengig av reservane.

Utbyggingsløysinga er ei brønnhovudplattform i stål knytt til eit produksjonsskip med integrert oljelager. Oljen vil bli handsama og lagra på skipet før vidare lasting til skytteltankarar gjennom eit lossesystem på produksjonsskipet. Dei samla investeringane er vurdert til mellom 2,8 og 3,1 mrd. 1995-kroner.

Prosjektet har tilfredsstillande lønsemd og er robust for endringar i føresetnadene. Prosjektet kan tåle oljeprisar ned mot 70 kroner per fat før det blir ulønsamt. Med dei føresetnader departementet har lagt til grunn har utbygginga av Varg ein nåverdi (ved 7 pst. reell diskonteringsfaktor) på 340- 1 700 mill. kroner før skatt, avhengig av dei endelege reservane.

Plan for utbygging og drift av Varg vart vedteke ved kgl. res. 3. mai 1996. Utbygginga inneber 365 mill. kroner i auka investeringar, 15 mill. kroner i auka driftsutgifter og 15 mill. kroner i auka kalkulatoriske renter for SDØE i 1996.

Utbygging av Oseberg Aust

Nærings- og energidepartementet fekk 30. april 1996 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Oseberg Aust. Feltet er lokalisert i utvinningsløyve 053, blokk 30/6, nordaust for Oseberg hovedfelt.

Rettshavarar er Statoil, Hydro, Saga, Elf, Mobil og Total. Hydro er operatør. Samla statleg deltaking er 59,4 pst. Av dette utgjer SDØE 45,4 pst.

Dei utvinnbare reservane er vurdert til om lag 22,4 mill. m3 olje og 0,84 mrd. m3 gass. Produksjonsstart er planlagt til oktober 1998. Planlagt platåproduksjon er 66 000 fat per dag i om lag to år. Produksjonen vil med departementet sine føresetnader vere lønsam i 13 år.

Utbyggingsløysinga er ei plattform med boligkvarter, utstyr for boring og delvis handsaming av oljen. Brønnstraumen vil bli ført over til Oseberg A i ei ny røyrleidning for vidare handsaming og transport via Oseberg Transportsystem til Stureterminalen i Øygarden kommune. Dei samla investeringane er vurdert til om lag 3,3 mrd. 1996-kroner.

Prosjektet har særs god lønsemd og er robust for endringar i føresetnadene. Prosjektet kan tåle oljeprisar ned mot 51 kroner per fat før det blir ulønsamt. Med dei føresetnader departementet har lagt til grunn, har utbygginga av Oseberg Aust ein nåverdi (ved 7 pst. reell diskonteringsfaktor) på om lag 5,5 mrd. kroner før skatt.

Plan for utbygging og drift av Oseberg Aust vart vedtatt ved kgl. res. 11. oktober 1996. Utbygginga inneber 220 mill. kroner i auka investeringar, 5 mill. kroner i auka driftsutgifter og 10 mill. kroner i auka kalkulatoriske renter for SDØE i 1996.

Utbygging av Gullfaks Sør

Nærings- og energidepartementet fekk 22. desember 1995 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Gullfaks Sør. Feltet er lokalisert i utvinningsløyve 050, blokk 34/10 sør for Gullfaks hovedfelt, 150 km vest for Sognefjorden i Tampenområdet.

Rettshavarar er Statoil, Hydro og Saga. Statoil er operatør. Samla statleg deltaking er 85 pst. Av dette utgjer SDØE 73 pst.

Dei utvinnbare reservane er vurdert til om lag 20,7 mill. m3 olje. Produksjonsstart er planlagt til oktober 1998. Planlagt platåproduksjon er 60 000 fat per dag i om lag to år. Produksjonen vil med departementet sine føresetnader vere lønsam i 14 år.

Utbyggingsløysinga er installasjoner på havbotn med brønnar for produksjon og injeksjon. Brønnstraumen, som ikkje er handsama, vil bli ført over til Gullfaks A for handsaming, lagring og lasting. Dei samla investeringane er vurdert til om lag 2,7 mrd. 1995-kroner.

Prosjektet har god lønsemd og er robust for endringar i føresetnadene. Prosjektet kan tåle oljeprisar ned mot 44 kroner per fat før det blir ulønsamt. Med dei føresetnader departementet har lagt til grunn, har utbygginga av Gullfaks Sør ein nåverdi (ved 7 pst. reell diskonteringsfaktor) på om lag 5,3 mrd. kroner før skatt.

Plan for utbygging og drift av Gullfaks Sør vart vedtatt ved kgl. res. 29. mars 1996. Utbygginga inneber 300 mill. kroner i auka investeringar, 10 mill. kroner i auka driftsutgifter og 10 mill. kroner i auka kalkulatoriske renter for SDØE i 1996.

Utbygging av Rimfaks

Nærings- og energidepartementet fekk 22. desember 1995 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Rimfaks. Feltet er lokalisert i utvinningsløyve 050/050B, blokk 34/10 om lag 10 km sørvest for Gullfaks hovedfelt.

Ein mindre del av ressursane i Rimfaks strekk seg inn i blokk 33/12 i utvinningsløyva 037 og 152. Rettshavarane i utvinningsløyve 050/050B har kjøpt retten til å produsere desse ressursane frå rettshavarane i utvinningsløyve 037.

Rettshavarar er Statoil, Hydro og Saga. Statoil er operatør. Samla statleg deltaking er 85 pst. Av dette utgjer SDØE 73 pst.

Dei utvinnbare reservane er vurdert til om lag 17,8 mill. m3 olje. Produksjonsstart er planlagt til oktober 1998. Planlagt platåproduksjon er 60 000 fat per dag i om lag to år. Produksjonen vil med departementet sine føresetnader vere lønsam i 14 år.

Utbyggingsløysinga er installasjonar på havbotn med brønnar for produksjon og injeksjon. Brønnstraumen, som ikkje er handsama, vil bli ført over til Gullfaks A for handsaming, lagring og lasting. Dei samla investeringane er vurdert til om lag 3,3 mrd. 1995-kroner.

Prosjektet har god lønsemd og er robust for endringar i føresetnadene. Prosjektet kan tåle oljeprisar ned mot 57 kroner per fat før det blir ulønsamt. Med dei føresetnader departementet har lagt til grunn, har utbygginga av Rimfaks ein nåverdi (ved 7 pst. reell diskonteringsfaktor) på om lag 3,9 mrd. kroner før skatt.

Plan for utbygging og drift av Rimfaks vart vedtatt ved kgl. res. 29. mars 1996. Utbygginga inneber 595 mill. kroner i auka investeringar, 10 mill. kroner i auka driftsutgifter og 20 mill. kroner i auka kalkulatoriske renter for SDØE i 1996.

Utbygging av Gullveig

Nærings- og energidepartementet fekk 22. desember 1995 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Gullveig. Feltet er lokalisert i utvinningsløyve 050, blokk 34/10 sør for Gullfaks hovedfelt, 150 km vest for Sognefjorden i Tampenområdet.

Rettshavarar er Statoil, Hydro og Saga. Statoil er operatør. Samla statleg deltaking er 85 pst. Av dette utgjer SDØE 73 pst.

Dei utvinnbare reservane er vurdert til om lag 2,3 mill. m3 olje. Produksjonsstart er planlagt til januar 1999. Planlagt platåproduksjon er 6 000 fat per dag i om lag fem år. Produksjonen vil med departementets føresetnader vere lønsam i 6 år.

Utbyggingsløysinga er installasjonar på havbotnen med brønnar for produksjon og injeksjon. Brønnstraumen vil bli ført over til Gullfaks A for handsaming, lagring og lasting. Dei samla investeringane er vurdert til om lag 0,5 mrd. 1995-kroner.

Prosjektet har god lønsemd og er robust for endringar i føresetnadene. Prosjektet kan tåle oljeprisar ned mot 60 kroner per fat før det blir ulønsamt. Med dei føresetnader departementet har lagt til grunn, har utbygginga av Gullveig ein nåverdi (ved 7 pst. reell diskonteringsfaktor) på om lag 0,5 mrd. kroner før skatt.

Plan for utbygging og drift av Gullveig vart vedtatt ved kgl. res. 29. mars 1996. Utbygginga inneber 90 mill. kroner i auka investeringar og 5 mill. kroner i auka kalkulatoriske renter for SDØE i 1996.

Ekofisk omløp

I desember 1995 la Statoil fram plan for anlegg og drift av ei ny gassrøyrleidning for å knyte saman Statpipe og Norpipe. Dette er nødvendig for å etablere ei ny transportløysing i samband med etablering av det nye feltsenteret på Ekofisk.

Basert på ei samla vurdering av investeringar og driftskostnader konkluderte ein med at eit omløp på om lag 22 km gir den beste samfunnsøkonomiske løysinga. Dei samla investeringane er vurdert til om lag 402 mill. 1995-kroner.

Ekofisk omløp er organisert som ei utviding av eigargruppa for transportsystemet NorFra.Rettshavarar er Statoil, Norsk Hydro, Saga, Esso, Mobil, Total, Elf, Agip, Shell, Neste og Conoco. Statoil er operatør. Samla statleg deltaking er på 69,79 pst, og av dette utgjer SDØE 60 pst.

Plan for anlegg og drift av Ekofisk omløp vart vedtatt ved kgl. res. 15 mars 1996. Utbygginga fører til auka investeringar på 80 mill. kroner, auka driftsutgifter på 25 mill. kroner og auka kalkulatoriske renter på 5 mill. kroner for SDØE i 1996.

Tilleggsplan for utbygging og drift av oljen i Troll vest gassprovins

Plan for utbygging og drift av oljen i Troll vest gassprovins vart vedtatt ved kgl. res i mai 1994. Departementet fekk 28. juni 1996 søknad om godkjenning av tilleggsplan for utbygging og drift.

Rettshavarar er Statoil, Norske Shell, Hydro, Saga, Elf, Conoco og Total. Samla statleg deltaking er på 74,576 pst. Av dette utgjer SDØE 62,696 pst.

Trollfeltet blei bygd ut i fleire faser. Troll fase I, som vart vedtatt utbygd i 1986, omfattar utbygginga av gassreservane i Troll aust.

Den nåværande utbygginga er ei vidareføring av Troll fase II i Troll vest, som Norsk Hydro er operatør for. Produksjon av olje under Troll fase II fra Troll B-plattforma starta opp 19. september 1995. Produksjonserfaringa frå olje- og gassprovinsane og operatøren sitt arbeid for å optimalisere utvinninga av olje har ført til ein auke av estimatet for oljereservar i Troll vest gassprovins. Sidan mai 1994 har operatøren sitt reserveoverslag for oljen i Troll vest gassprovins auka med om lag 78 mill. m3, frå 40 mill. m3 til om lag 118 mill. m3.

Ubyggingsløysinga er to undervassinstallasjonar for utvinning. Den uhandsama brønnstraumen vil bli førd over til Troll B-plattforma for prosessering. Oljen er planlagt ilandført gjennom Troll Oljerøyr til Mongstad. Den assosierte gassen vil bli transportert via Troll A-plattforma og terminalen på Kollsnes til kontinentet. Planlagt produksjonsstart er 1. oktober 1997.

Operatøren vurderer dei utvinnbare reservane til å vere om lag 11 mill. m3 olje og 6,2 mrd. m3 gass. Platåproduksjonen av olje vil kunne bli om lag 38 000 fat per dag. Produksjonen er estimert å vare fram til og med 2014.

Operatøren har vurdert investeringskostnadene til om lag 1,4 mrd. 1996-kroner. Både operatøren og departementet sine rekningar viser at prosjektet har god lønsemd. Prosjektet kan tåle oljeprisar ned mot 40 kr per fat før det blir ulønsamt. Etter operatøren sine vurderingar vil prosjektet ha ein nåverdi (ved 7 pst. reell diskonteringsfaktor) før skatt på om lag 3,1 mrd. 1996-kr. Med departementet sine oljeprisføresetnader gir prosjektet ein nåverdi på om lag 3,4 mrd. 1996-kroner.

Tilleggsplan for utbygging og drift av oljen i Troll vest gassprovins vart vedtatt ved kgl. res. 11. oktober 1996. Utbygginga inneber 100 mill. kroner i auka investeringar og 5 mill. kroner i auka kalkulatoriske renter for SDØE i 1996.

Andre utbyggingssaker som kan bli handsama innan utgangen av 1996

Over har ein omtala dei prosjekta som er vedtatt ved kgl. res. fram til 1. november 1996. Etter det ein kjenner til kan det vere aktuelt å handsame ytterlegare fire prosjekt innan utgangen av året. Det kan og vere at desse prosjekta først blir handsama neste år. I forslaget til ny løyving på post 31, Prosjekt under vurdering, er det tatt høgde for at dei fire prosjekta kan bli handsame innan utløpet av året.

Vederlagsfri overføring av eigedomsrett

Stortinget har gitt Nærings- og energidepartementet fullmakt til å godkjenne vederlagsfri overføring av eigedomsrett frå ei rettshavargruppe der SDØE er ein av rettshavarane til ei anna rettshavargruppe, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 for 1995-96. Fullmakta gjeld for dei prosjekt der Kongen har fått fullmakt til å godkjenne plan for utbygging/anlegg og drift, og ved mindre endringar for prosjekt der plan for utbygging/anlegg og drift alt er godkjend. Fullmakta er gitt under føresetnad av at overføringa av eigedomsrett ikkje har prinsipielle eller samfunnsmessige sider av vekt, og at SDØE er sikra tilstrekkeleg bruksrett.

I samband med nysalderinga kvart år, skal departementet gi Stortinget ei samla orientering om siste års overføringsprosjekt. I St.prp. nr. 7 for 1994-95 vart det informert om at departementet for framtida ville rapportere overføringane etter at avtalane er godkjende av departementet.

Departementet har ikkje godkjent nye avtaler som inneber vederlagsfri overføring av statleg eigedomsrett sidan nysalderinga av statsbudsjettet for 1995 vart lagt fram.

Forlik i rettstvistar knytt til havariet av Sleipner A plattforma

Ein viser til tidlegare omtale av denne saka i Nærings- og energidepartementet sin budsjettproposisjon for 1995, 1996 og 1997.

Etter at understellet til Sleiper A plattforma havarerte 23. august 1991 utbetalte selskapa som hadde forsikra plattforma 2,325 mrd. kroner til rettshavarane på Sleipner aust. Staten har gjennom Staten sitt petroleumsforsikringsfond utbetalt nær 700 mill. kroner i samsvar med at SDØE utgjer 29,6 pst i Sleipner aust-feltet.

26. september i år vart det inngått forlik i dei rettstvistar som er knytt til Sleipner-havariet.

I regressaka mellom Forsikringsgruppa der Staten sitt petroleumsforsikringsfond var ein av deltakarane, og Aker/NC er det inngått eit forlik på 340 mill. kroner og at kvar av partane ber sine eigne sakskostnader. Oppgjeret for dette forliket vil finne stad i 1997. Staten sitt petroleumsforsikringsfond sin andel av forliket på i overkant av 100 mill. kroner vil bli innbetalt direkte til petroleumsforsikringsfondet.

I saka mellom rettshavargruppa på Sleipner aust-feltet og Aker/NC om erstatning for manglar er det inngått eit forlik på 45 mill. kroner og at partane dekkjer sine eigne sakskostnader. Oppgjeret for dette forliket finn stad i 1996. SDØE sin del av dette oppgjeret (29,6 pst.) på 13,32 mill. kroner er innarbeidd i forslaget til ny løyving for SDØE i 1996. Oppgjeret vil bli ført som ei inntekt for SDØE under kap. 5440, ny post 84 Erstatningsoppgjer, og bokførde investeringar for Sleipner aust-feltet vil bli nedskrive med eit tilsvarande beløp i årsrekneskapen for SDØE. Statoil har som forretningsførar for SDØE tatt seg av SDØE sine interesser i denne saka.

I saka mellom forsikringsgruppa og Dr. Techn. Olav Olsen, ein underleverandør til NC, er det inngått eit forlik som inneber at dei to partane kvar ber sine eigne sakskostnader.

Forliket inneber at alle krav mot Aker og NC frå forsikringsgruppa og rettshavarane på Sleipner aust-feltet som gjeld havariet av Sleipner A plattforma er endeleg avgjort.

Budsjettendringar

Gjeldande løyving for 1996 under kap. 2440 og kap. 5440 er basert på Budsjett-innst. S. III for 1995-96 og seinare endringar i 1996:

  • Ved St.vedt. 29. mars 1996 der kap. 2440, post 24 Driftsresultat, vart svekka med 35 mill. kroner og post 30 Investeringar, vart auka med 695 mill. kroner og post 31 Prosjekter under vurdering, vart redusert med 705 mill. kroner. Under kap. 5440 vart post 80 Renter, auka med 25 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 32 og Innst. S. nr. 161 for 1995-96 om utbygging og drift av Visund-funnet.

  • Ved St.vedt. 10. juni 1996 der kap. 2440, post 24 Driftsresultat, vart redusert med 165 mill. kroner, post 30 Investeringar, vart auka med 1 320 mill. kroner og post 31 Prosjekter under vurdering, vart redusert med 970 mill. kroner. Under kap. 5440 vart post 80 Renter, auka med 50 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 50 og Innst. S. nr 251 for 1995-96.

  • Ved St.vedt. 21. juni 1996 der kap. 2440, post 24 Driftsresultat, vart betra med 3 130 mill. kroner, post 30 Investeringar, vart auka med 2 330 mill. kroner, post 31 Prosjekter under vurdering, vart redusert med 455 mill. kroner og post 50 Overføring til Staten sitt petroleumsforsikringsfond, vart auka med kr 116 148 000. Under kap. 5440 vart post 30 Avskrivingar, auka med 1 600 mill. kroner og post 80 Renter, auka med 255 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 58 og Innst. S. nr. 283 for 1995-96.

Til grunn for forslag til ny løyving ligg oppdatert prognose frå Statoil etter tredje kvartal. Prisføresetnaden er basert på realiserte prisar til og med tredje kvartal og ein forventa pris for fjerde kvartal.

Det nye overslaget for driftsinntekter er basert på ein gjennomsnittleg oljeprisføresetnad for alle felt på sokkelen på 134 kroner per fat. Dette er ei auke på 19 kroner per fat i høve til gjeldande løyving. SDØE har varierande partar i felt i produksjon. Det kan derfor vere avvik mellom dei prisar SDØE realiserer i høve til gjennomsnittleg pris for alle felt på sokkelen. I 1996 er gjennomsnittleg pris for SDØE noko lågare enn gjennomsnittsprisen for alle felt på sokkelen. Det er tatt omsyn til dette i forslaget til ny løyving for SDØE sine driftsinntekter.

Nytt overslag for kap. 2440, underpost 24.1 Driftsinntekter, er på 67 700 mill. kroner, ein auke på 9 455 mill kroner i høve til gjeldande løyving. Hovudårsaka til auken er høgare prisar. Dessutan forventar ein ein mindre auke i oljeproduksjonen og ein større auke i gassal i høve til det som låg til grunn for gjeldande løyving.

Overslaget for kap. 2440 underpost 24.2 Driftsutgifter, er auka med 915 mill. kroner. Hovudårsaka til auken er auka transportkostnader på grunn av høgare gassal, og ei rekke mindre endringar knytt til ulike felt.

Overslaget for kap. 2440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter, er redusert med 200 mill. kroner. Dette skuldast endringar i samansetting av leiteaktiviteten på sokkelen, noko som fører til lågare utgifter for SDØE i 1996.

Kap. 2440, underpost 24.4 og kap. 5440, post 30 Avskrivingar, er auka med 600 mill. kroner. Auken i avskrivingar skuldast høgare produksjon og at løyvinga er vurdert på nytt.

Kap. 2440, underpost 24.5 og kap. 5440, post 80 Renter, er redusert med 130 mill. kroner. Hovudårsaka til reduksjonane er lågare investeringar som gir lågare utrekningsgrunnlag for kalkulatoriske renter.

Ovannemnde endringar fører til at kap. 2440, post 24 Driftsresultat, samla blir auka med 8 270 mill. kroner, frå eit overskot på 20 530 mill. kroner til eit overskot på 28 800 mill. kroner i 1996.

Kap. 2440, post 30 Investeringar, er foreslått redusert med 545 mill. kroner, frå 17 045 til 16 500 mill. kroner i 1996. Årsaka til reduksjonen er tidsforskyving i framdriftsplanane for ei rekkje felt.

Overslaget for kap 2440, post 31 Prosjekt under vurdering, blir foreslått redusert med 1 000 mill. kroner. Utbygging og drift av Oseberg aust og tilleggsplan for oljeutvinning i Troll vest gassprovins er vedtatt av Kongen etter at gjeldande løyving vart fastsett. I tillegg blir det i denne proposisjonen gjort framlegg om anlegg og drift av Europipe II. Det medfører at løyvinga for SDØE må omgrupperast frå post 31 til dei relevante postane under kap. 2440 og 5440 for prosjekt som er vedtatt. I tillegg til denne omgrupperinga skuldast reduksjonen på post 31 at ein forventar færre prosjekt vedtatt innan utgangen av året.

Under kap 5440, (ny) post 31 Sal av direkte økonomiske eigarpartar, er det foreslått ei løyving på 28,5 mill. kroner. Denne løyvinga knyter seg til salet av SDØE-partane i Smørbukkfeltet og Smørbukk sør-feltet i 1995. I vedtaket om sal av desse partane la ein til grunn at dersom Smørbukk-, Smørbukk sør- og Midgardfelta (nå Åsgardfeltet) vart peikt ut som leveransefelt ved neste allokering av gassalskontraktar, skulle SDØE motta ytterlegare 28,5 mill. kroner for partane, jf. St.prp. nr. 36 for 1994-95. Åsgardfeltet vart peikt ut som leveransefelt i den påfølgjande allokeringsrunda, jf. St.prp. nr. 50 for 1995-96.

På bakgrunn av oppgjer for skadar som alt har funne stad og venta skadeutbetaling for resten av året, gjer ein framlegg om ei løyving på 190 mill. kroner i 1996 under kap. 5440, (ny) post 50 Overføring frå Staten sitt petroleumsforsikringsfond. Løyvinga under kap. 5440, post 50 tilsvarar Statoil sine skadeerstatningar frå forsikringsmarknaden justert for forskjellar i eigarpartar.

På kap. 5440, ny post 81 Renter mellomrekneskap, inntektsfører ein renteinntekter på uteståande beløp mellom Statoil som forretningsførar for SDØE og staten. På bakgrunn av den store positive netto kontantstraumen for SDØE i 1996, vil det vere renteinntekter på denne posten til fordel for staten. Ein gjer derfor framlegg om ei inntektsløyving på 180 mill. kroner under denne posten knytt til alt realiserte inntekter ved utgangen av 3. kvartal og venta renteinntekter for resten av året.

På kap. 5440, ny post 84 Erstatningsoppgjer, er det inntektsført 13,32 mill. kroner som SDØE sin del av forliksoppgjeret i samband med havariet av Sleipner A plattforma, jf. omtalen over.

Tabell 2.1 Endringar på statsbudsjettet for 1996 under kap. 2440/5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i 1000 kr):

Kap,Post/UnderpostNemningGjeldande løyvingForslag til ny løyvingEndring
244024,1Driftsinntekter-58 245 000-67 700 000-9 455 000
24,2Driftsutgifter11 585 00012 500 000915 000
24,3Leite- og feltutviklingsutgifter1 900 0001 700 000-200 000
24,4Avskrivingar14 600 00015 200 000600 000
24,5Renter9 630 0009 500 000-130 000
24Driftsresultat-20 530 000-28 800 000-8 270 000
30Investeringar17 045 00016 500 000-545 000
31Prosjekter under vurdering1 070 00070 000-1 000 000
50Overføring til Staten sitt petroleumsforsikringsfond1 216 1481 216 1480
Sum kap. 2440-1 198 852-11 013 852-9 815 000
544030Avskrivingar14 600 00015 200 000600 000
31Sal av direkte økonomiske eigarpartar28 50028 500
50Overføring frå Staten sitt petroleumsforsikringsfond190 000190 000
80Renter9 630 0009 500 000-130 000
81Renter mellomrekneskap180 000180 000
84Erstatningsoppgjer13 32013 320
Sum kap. 544024 230 00025 111 820881 820
Kontantstraumen til SDØE:
Innbetalingar58 245 00068 111 8209 866 820
Utbetalingar32 816 14831 986 148-830 000
Nettoinntekt frå SDØE:25 428 85236 125 67210 696 820

Kap. 2800 Staten sitt petroleumsfond

Forslag til endringar av løyvingar under kap. 2440/5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda. inneber ein netto auke av staten sin samla kontantstraum frå petroleumsverksemda med kr 10 696 820 000.

I samsvar med dette blir det foreslått å auke kap. 2800. post 50 Overføring til fondet med kr 10 696 820 000. frå kr 51 772 352 000 til kr 62 469 172 000.

Kap. 3933 Bergvesenet

Post 01 Produksjonsavgifter

Etter at Løkken Gruber AS & Co avvikla gruvedrifta på Løkken i 1987. heimfall Moshaugen Industritomt gnr. 2 bnr. 13 i Meldal kommune til staten. Påståande bygningar som ikkje heimfall til staten. vart kjøpt av Løkken Industripark AS som samstundes fekk ein festeavtale med staten på 25 år for den aktuelle eigedomen.

I ettertid har Løkken Industripark AS framleigd eigedomen til Noregs geologiske undersøking (NGU) og Norwegian Ammunition Disposal Company AS (NAD). NGU kjøpte i 1990 i tillegg Løkken Industripark AS sine bygningar på tomta. NGU sine bygningar er seinare overført til Statsbygg.

På grunn av avvikling av gruvedrifta på Løkken. heimfall og Astrup Gruve til staten. Sidan 1993 har NAD leigd Astrup Gruve med tilhøyrande anlegg av staten. Leigeavtalen går ut 31. desember 1998.

Både NAD og Statsbygg er interessert i å kjøpe kvar sin parsell av eigedomen av staten. I tillegg ønskjer NAD eigedomsretten til Astrup Gruve.

Leigeinntektene frå Løkken Industripark utgjer kr 7 000 pr. år. medan leigeinntektene frå NAD for Astrup Gruve utgjer kr 20 000 pr. år. Eigedomen og gruva har liten verdi på staten si hand. Nærings- og energidepartementet fremjer derfor forslag om å selje nemnde eigedom og gruve til dei to interessentane på grunnlag av takst over eigedomen. Statsbygg skal etter dette opplegget betale ca. kr 70 000 for den eine parsellen og NAD ca. kr 30 000 for den andre parsellen og ca. kr 50 000 for Astrup Gruve med tilhøyrande anlegg. jf. forslag til vedtak VI. Ein gjer framlegg om sal dersom Meldal kommune gir samtykke til at eigedomen blir delt. og at staten og dei to partane blir samde om ein avtale. Salssummen vil bli inntektsført under kap. 3933. Bergvesenet. post 01 Produksjonsavgifter.

På dette grunnlag fremjer Nærings- og energidepartementet forslag om auke av inntektsløyvinga under kap. 3933. post 01 med kr 150 000 kr. frå kr 1 075 000 til kr 1 225 000 i statsbudsjettet for 1996.

Kap. 5608 Renter av lån til statsforetak under Nærings- og energidepartementet

Post 80 Statnett SF

I St.prp. nr. 1 for 1995-96 er det ført opp 370 mill. kroner i forventa renteinnbetaling frå Statnett SF i 1996. Løyvinga gjeld renter på serielånet og fastlånet frå staten bygd på opphavleg nedbetalingsplan. På grunnlag av at føretaket i 1996 har nedbetalt 1 750 mill. kroner av fastlånet før forfall. blir renteinntektene lågare enn budsjettert under kap. 5608. post 80. På dette grunnlag gjer Nærings- og energidepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5608. post 80 med 49 mill. kroner frå 370 til 321 mill. kroner for 1996.

Fastlånet har endeleg forfall 15. desember 1996 og den førtidige nedbetalinga får dermed ikkje nokon innverknad på budsjetterte avdrag under kap. 3960. post 90.